1 ste BOKA

«Den som får sig en Hustru, får sig en god Ting.»

Ungdommen rasar

I

[7] Det var sommarkvelden og finvêre, vollane låg snauklipte og mjuke av hå, bjørkeskogen låg og tagde i djupaste helg, skuggane tok til og vart lange, og gravølsfolke på Håberg baud farvel og fór kvar til seg. Ein såg dem i godforlikte flokkar, nedover til sjøen og innetter båe vegane; nokre var ridande inn-imillom, men dei heldt lag med dei andre; dei hadde høgtida med seg der dei fór. Det hadde vore eit gilde som det var tak i.

Anders stod ute på Stallbakken, han hadde vore med nokre kjendingar eit stykke. Han tenkte ikkje på noko større, vart berre ståande lel; mora var død, han mintes det som snarast og slepte tanken; gjestebode sat han i hovude som ein langvarig song. Ja ha, det var overstått no. Så lenge skal ein vera i lag, når ein er kommen i veg, at ein er glad når ein bli for seg sjøl att. Det og det hadde den sagt, og slik gjorde no ho, og han; Anders stod og smilte utan han gådde det.

[8] Men kva var no det der? Det var han Petter som var fram att, han og eit par andre gutpåkar. Det var ei fattigkjerring dei hadde for seg, ei halvvori finntøykje, som fór og smått tagg; finn var ho no ellers ikkje, men ho var kona til han Halt-Andrias inni Engdalsmarka. Ho kom smettande om stallnova, hadde vore i kjøkene hoss forgongsfolke og fått i panken sin, og no hadde dei fanga førkjungen hennar i eit taug og vilde draga av med henne. Dei skulde berre skure av henne finnhammen, let dei, ho gjorde ikkje vera rædd. Mora snakka vislig til dem, men sistpå saud det over for henne; det var vel det at gjentungen gret. Det var det i alle fall som vekte Anders.

Han var bortmed dem litt fort og skulde til å smøre opp dem, men kom så i tankar om at dette var forgale til åtferd, av han Petter da, han måtte heller snakke til dem. Dei slakna, straks dei såg han, så han sa ikkje mange orda, og desutan hadde kjerringa fått opp måle no og sa det som trongs. Dei to andre rann vekk som orm i lyng, men Petter vart ståande og flire like skyldlaust som han pla gjera.

«Finn, finn!» ropa han, til kjerringa var nær på å ryke i lufta; snudde seg så til broren, liksom han strauk ut alt som gale var. – «Det e da berre finn, Anders!»

«A sjå, Petter,» sa kjærringa, «du bli ikkj gift, stakkar, før du bli gift med a Solvi.»

«Kom dæg heim med possin din du,» sa [9] Anders rolig. Han leita enda i lomma etter eitkvart han kunde gi veikjungen, men ikkje fann han noko, og ikkje gav han seg om det heller; dei var alt på vegen. Han snudde seg til Petter: «E du hund, du, hell e du folk?»

Petter lo enno, men han vart forandra i andlete, så han kunde sjå det hadde bite på han.

No først gjekk det opp for Anders, at han heldt på og tukta broren, stod her og sette han oppetter veggen. Det var ein annan ting enn å flyge på han og banke opp han, som han ofte hadde gjort. Ja, og heretter var det ingen annan til det enn han. Han snudde seg tvert og gjekk ifrå han. – Han tenkte på den litle finnveikja: Det var no vel hunden til liv å vera finnunge slik, når ein kom fram i bygda. Kanskje dei hadde eitkvart heime å trøste seg med; ein kattunge eller ei gjeit; men lel så. Ho kunde få ein liten speiel av han, kom ho slik eingong; han hadde enda arva han etter ho faster Beret, som datt i brunnen, og ho hadde fått han av farbror Jens, han som fór oppi ville Finnmarka og reiste og ingen hørte orde meir ifrå; – så vilde han sette foten i golve til henne, at ho fór ikkje slik i garane og tagg, så mykje ho visste det. Men som sagt: han Petter var det ikkje greit med. Morlaus og styrlaus i verda, og berre han til å holde seg i age. – Tanken var så ny for Anders, han tok mest ut sveitten.

Han gjekk og sette seg på stubrua. Det var visst berre forgongsfolke att no, som ståka [10] i kjøkene. Han tok seg for og tenkte på grannane sine. Han hadde vorte vâr dem i det siste, litt med kvart; dei var der, og dei vilde innpå han. – Her kom Kristian Lauvset i gårkveld, så godlidande han kunde bli: det var no dette valdskifte millom Lauvset og Håberg inni marka, det vart kanskje likast dei såg til og fekk opp gar? Anders hadde kosta etter krøtera hans her i sommar, dei låg innpå i slåttenge. Den garen vart lang, ei syndstraff for Anders, som måtte halde halvparten åleine. – Så var det Engdalsgubben; der råkte han skyldfolk. Han kom enda med mora låg på det siste, forhørte seg så vakkert om pengane han hadde i garen her. – Ein skulde no vel med rettan vita korles dei stod. Og litt rente kanskje, som eit tegn eller kva ein vilde kalle det? Med Per levde og var sjuk, og med ho Valborg sat her som enke, det var eit anna mål; det vart som ein annan skilna når det nye styre tok til, sa han. Anders kom i hug dei hadde gått seg på einannan i neverskogen inni fjelle. Anders sa gjerne eit par ord for mykje den gongen; men kor skal ein gjera av munnen sin når ein har rett? Kor tok han no renta ifrå? – Og så desse armods husmennene. Dei vilde klive over han. Berre for det han hadde vore godslig og likeglad med dem, hadde stole til dem både eit og anna. – Du Elias kjenner no merke inni fjelle, millom Engdalen og her? sa han til den eine kroken i dag. – Mja, merke og det – eg vil no helst at kvar skal ha sitt eg, [11] mumla han, og da han såg på han, så glatt han unna med tjuveauga: Eg veit så lite – det er best å ha fred med folk. Den andre, han Pål, visste heller ingen ting; han stod med sju snurar på sjæla, og da han kom borttil dei andre, mumla han eitkvart som ikkje var godt: For det om ein er slave – for det så –.

Anders reiste seg. Han tykte han skulde ha retta seg i vêre, tøyd seg opp i full høgd. Han skulde visst ha vore vaksen snart. Her var ikkje så lite å greie med; det bars for han, at han kunde komme til å snu på mange ting i kring seg. Men det hasta ikkje.

Men der kom ho faster Åsel ifrå Juvika. Henne vilde han snakke med. Ho kom ikkje til å reise heim likevel i kveld, sa ho, og sette seg på brua breiddmed han. Dei sat beint imot kveldsola, ho stod nedpå fjellaksla og skulde til å gå ned, strålane nådde hitover som lange mjuke hender, strauk over all ting ikring ein.

Åsel var som ho hadde vore, Anders hadde aldri set henne ansles. Når han tenkte seg om, syntes han ho var den einaste som hadde eit godt andlet; og han syntes han og ho hørte i hop. Det vart ellers ikkje stort snakke i millom dem. Først da ho reiste seg, sa ho noko som var.

«Du Anders ò!» sa ho. Så stod ho litt. «No e du vaksin kar. No e det du som – han far din kom no ikkj så langt, veit du.»

«Han far?» Anders såg på henne som ein tunghørd ein.

[12] «Jau, du veit!» skyndte ho seg og la til, «det e langt dit han kom. Men lel så – det ska bli arti å sjå , Anders.»

Andlete hennar opna seg imot han, heilt inn til hjarte, kom det for han, han stod opp utan han visste det; ja, og no såg han faren for seg, det seig på han som ei bør med ålvor og tunge dagar.

«Å ja men – det hasta ikkj!» Han retta ut armane liksom han vilde gjeispe, men det var eit vêr med liv og mot som sette inn på han. «Det hasta ikkj, faster. Det e no-føst – æg ska te å vara ung. Retteli spell-kåt og ung ja, i ti år og eit bitterliti eitt.»

Åsel lo, opp og ned over han, liksom det der ôg hadde gjort henne godt å høre. Ho tok borti aksla hans, rugga litt på han:

«Det var rett, Anders! – Men der du, der kjem det ei som du val sjå på. Hm?»

Det var Massi Lines som kom, Massi Prestgaren dei kalla, det var henne han berga ifrå oksen eingong; ho og ei gjente til var no først på heimveg, dei hørte til hjelpesfolke. Massi var lyshærd og blåøygd framfor alle andre, Anders fekk ein varm styng i det same auga hennar rann over han, dei var så himlande blåe og levande; – ho var visst finare i klæane òg enn anna folk, men det fekk han ikkje set på. Ho kom og baud farvel i handa, snakka nokre ord med Åsel, og så gjekk ho. Så gjekk dei ja.

[13] «Du frys ikkj no, Anders, det sjer æg,» sa Åsel. – «Ja ja. Den dag og den sorg,» la ho til.

Anders undra seg, at han ikkje vart med og følgde på vegen. Ja vel, det var no det, at her var sorg i garen, for ellers kunde no vel ikkje føtene sette seg så fast i jorda? Og så det da, at det hasta ikkje, verda stod blå og full med god tid, austom fjelle.

Massi var i prestgaren no, hadde vore der alt sea ho mista foreldra sine, presten hadde vorte så glad i henne den tid ho gjekk og las, og ho var reint som ei dotter i husa sea frua døde og døtterne hans gifta seg.

Dei gjekk seg ein sving rundt husa, Åsel og han; og ho gjekk og snakka om dette. – Ja, sjøl veit, sa han, ein vakker dag slo han vel kleppen i henne – det var lenge tart enda. – Ho skjønna han så godt, sa ho. Det var det, at han hadde mest ikkje havt nokon ungdom hittil, han måtte ta vaksenmanns-rom med han var berre ungen. Han måtte vel ha si tid. «Berre slå deg laus, du Anders. Det hi du godt tå, all din dag.»

Ho såg på han att, – det var rart ho kunde løfte augelokka så høgt, for dei var på jamnan så tunge; det levde og rørtes i dei fine rukkene under auga når ho gjekk ein over slik; Anders vart mest sjuk når han kom i hug at ein annan ein, og det han Mikkal enda, skulde eiga det andlete. Men, forresten: ho Massi var ikkje ulik [14] henne, og det kunde så mangt hende i verda, ho var full av det som rart var.

«Ho mor di var så bra eit kvinnfolk ho vara kund,» sa Åsel. «Men det va no berre du som forstod 'om Per da.»

Anders svara ikkje, og straks etter gjekk Åsel.

Han gjekk og sette seg for seg sjøl. Kvifor sa ho det der om ho mor! Han kom til å sakne mora så hardt. Her hadde han gått i årevis og ikkje vorte vâr henne, gått ut og inn i lag med henne og knapt hørt orde av det ho sa. Så sterk som ho måtte ha vore! Derfor var ho så still. Ingen ein vann over henne; og ingen ting. Han kjente det bergfast i denne stunda, at han likna på henne vel så mykje som på faren. Han drogst med så mange ting, Vårherre veit kor han hadde samla i hop det alt samman. – «Det henda ikkj!» sa Anders best han sat. Legge det på seg, at det sprang ein tjuv på sjøen! Ligge og talmast og skal ha greie på kva som er og ikkje er – nei! Ta meg tjuven hit, så skal eg jaga han på sjøen ein gong til! Anders reiste seg og gjekk inn.

Petter tok seg ei stund og lo att, da han såg Anders gjekk over garen, – det hadde vorte slik vaksenmanns-skapnad på gutskiten, jøss, det var odelsmanns-skrev på han alt, om det så var i buksebaken så kunde ein sjå det. Men han merka godt det var ein tom flir han stod med; slik fekk han seg til å flire før, når han hadde [15] fått dengt. Det var den tida. Det var eitkvart som var slutt og hadde fare sin veg. Han fekk aldri tak på broren meir. Dei hadde stengt døra framfor nasen på han; han var berre Petter, han, og resten var Anders. Men det var no ikkje alle som kunde stå slik og le til det og vera like god og glad. Det måtte ein vel kunne kalle nåde ? Og da ønska ein ikkje vondt over nokon, kor som var.

Kva var det for slag Anders humra og song på?

«Den som får sig en hustru, får sig en god ting.» Gu gi du fekk to , Anders!

II

Det var tomt på Håberg etter Valborg, men Anders og Petter lest som dei ikkje merka det. Anders vilde rive ned stuelona til næste sommar, så gjekk det over. Og desutan hadde han Petter å tenke på. Petter var eit par år yngre, men vaksen nok for det, Anders var alt eit par å tjuge. Men det var ikkje noko til emne i Petter, det var for mykje av kjeften og bakbeina, som dei sa, og ein fliropp og ein godtull til kar. Eiande snil var han, men ei bør å ha på seg, han kunde sjå reint vondt på ein stundom, og kva skulde det bli av han? Korles kom det til å gå han?

[16] Men den ny-stua som skulde opp, tok hardt i Anders. Han låg og let att auga ofte, og da hadde han henne så klårt og berrt framfor seg; ho vart meir og meir lik seg sjøl, eit levandes hus, ho stod der frampå bakken, hadde haugen på eine sida, uthusa på den andre, fjelle attom seg når ein såg henne sunnant, breie gjorde framfor seg og nedetter; ho voks seg stilt og lukkelig fram utor det, grodde opp, slik han sjøl hadde gjort det, tala både til han og til bygda, – nei ikkje Juvik-stua, likna henne mest ikkje! det var stua hans dette, eit levandes hus, som sagt, der han og framtida hans heldt til.

Det vart som ei lita jul å gå i skogen og sjå seg ut tømmer til henne; og før han vardest, heldt han på og hogg, med både tre og fire mann. I Håberg-marka var det smått om tømmere, det var mest berre bjørk der, men han leita dit det var, i Vestmarka, for den hørte òg Håberg til, det såg ein på heile landskape, og det hadde husmenne fortalt. Prestgaren og Lauvsetgarane hadde eigna til seg gjætlemarka der, og dei hadde hogge der òg, han visste det. Men det vart no ikkje deira for det. Det gjekk saa vidt, at dei kom 4 mann sterk og vilde stoppe han, dei kunde fortele han at dei hadde bytta åt seg den marka for slåtten inni Døllin.

Hadde dei noko skriftlig på det? spurte Anders. – Skriftlig? Det var eit harskt ord, rettelig eit kjeltringsord, dei såg både på han og på kvarandre. – Dei har gjerne som ein slags [17] rett, tenkte Anders, for dei vart så slakke i andlete, så reint tomme i kjakane. Men kva skal ein gjera når dei kjem her 4 mann sterk og meiner dei skal vinne over meg? Nei, eg er no den sterkaste lel. – Dei fekk slå så mykje dei vilde i Døllin, men no kunde dei gå utor vegen så han fekk arbeide, sa han; han sa det longt og utan odd på.

Og dei måtte ta og gå heim att. Men dei hadde no varskudd han, let dei.

Anders var litt forundra etterpå: at han kunde snu ryggen til retten deira slik. Og at han kunde sjå så fritt på dei andre, – på han Petter, han gjekk der og hadde det trøysamt med seg sjølv, og på husmennene, som berre såg vekk og togg flis. Men dei skulde ikkje komma trampande slik beint på ein, det gjorde så lite godt. Og så var det denne skigaren dei plaga han med; den kom til å ta heile sommaren ifrå han. – Han hogg snaut der han fór, han spurte ingen og ræddast for ingen.

Elles glømte han snart denne striden, han kasta det ifrå seg som barne og tok til med noko nytt. Først rådde han til børenskap og sendte 4 mann å være på halvlott. Deretter reiste han opp i bygda og kjøpte seg ny hest, garfór til han fann den han vilde ha, selde han straks og kjøpte seg ein ny, som var enda likare; og i lang tid no tenkte han berre på hestar, det var slik ein rikdom å ha, han vilde ale opp den eine større og meir velskapt enn den andre, og så [18] kap-ri med heile bygda, om han kunde få dem med.

Somtid kom det over han, at han rett og slett vilde leike seg, han vilde vera i lag med den andre ungdommen og ha litt trøyheit. Det var som ho faster Åsel sa, at han hadde vorte snytt for det, han hadde gått og stomla heime i garen som ein utlevd ein, og no kjentes det granngivelig som han var liten att og skulde til å vekse. Han fekk til den eine dansinga etter den andre, ungdommen hadde aldri rørt på seg slik dei gjorde no eit tak, og det var Anders Håberg som dansa dem inn , som han sa. Han kunde danse dem av golve, somtid; men aldri at dei kunde bli arg på han, han var ikkje slik, det var berre so altfor mykje liv i han. Venner hadde han i grunnen ingen av, det kom ikkje for han at han skulde ha nokon heller, men dei var gasta karar å vera i lag med, alle i hop, og dei sakna han når han ikkje var til stades.

Dei naus i hop og sloss eit par av gutane ein gong, det var enda Jonsok-natta og dei var på Leira og dansa, ein stor flat voll, som ungdommen hadde brukt til samlingsstad frå gammalt av. Anders stod litt og tykte det var trøyheit å sjå på; men da det vart naseblod av det, og såg ut til meir enn det, gjekk han i millom: var det ikkje nok no snart? Det meinte ikkje dei, og den eine tok på Anders med ein fæl munn, Anders smilte berre, men det gjorde karen rasande, og så visste Anders ikkje av før han hadde [19] blanke kniven framfor seg og hørte dei skreik borti gjenteflokken. – Massi var der òg, la han merke til, og ho var bleik. Da fór han attlenges nokre steg, rann so fram og spente kniven utor handa på den andre, fekk tak i han og hivde han på sjøen: «Så, spellmann, klem på!» Og det hendte seg verkelig, midt på lysblanke natta, at dei dansa alle par liksom det ikkje hadde vore kniv og blod fram; og godvêrs-båra sukla og skvala innover sandstranda så fredelig som dei aldri hadde hørt henne før. Da dei stod der sveittlagte og pusta ut og smått såg på kvarandre, kom det ein og slo Anders tungt på aksla:

«Det der, Anders, det va karavori gjort; takk og ære, det sei æg dæg ifrå all i hop!»

Det var Ola Engdalen, søskenbarne hans.

Anders likte det ikkje. Det var ikkje skryt, han hadde rett for seg, men han skulde ikkje komma på aksla til ein slik, som ein far og ein stor formyndar. Ola Engdalen var ein totre år eldre, og enkemann alt med barn og full greie. Det var mange gifte her i natt, og velkomne var dei, men Anders likte ikkje at Ola var her. Og det vart ikkje rettare for det om Ola no gjekk i veg og vilde danse med Massi. Ola var ein stor, høg kar, og såg godt ut, enda han var noko mørklett, – Massi såg opp på han da dei sveiv i veg. Straks etter såg ho hitover til Anders. Ja, den som får ho der, tenkte han, [20] han får seg ein – god ting. Men den dag og den sorg.

Det var elles ikkje så lett å seie det. Det drog etter seg. Han var på vegen mange gonger og vilde gå radt fram til prestgaren og snakke frampå til henne. Men han sette det ut. Han vilde ikkje enno. Han bles det ifrå seg, og så gjekk han heller og såg på prestgars-stua. Han sette seg oppå ein haug og augemålte henne.

Lang som ein vinter var ho, og lundar med store tre gjømte bort båe endane på henne, – og slike breie, breie vindauga! Jau, ho var god nok for seg, var visst som ho skulde vera; men eitt var vissare, og det var at hans skulde ikkje bli slik. Nei, mangdubbel takk! sa han, og reiste seg og kosta mosen av buksa si; – nei, hans ho var som alle dei andre ho, berre det at ho var mektigare enn dei og hadde meir liv. Men han hadde ikkje hjartelage til å rive den gamle enno. For der heldt liksom mor til enda, og det var så mangt anna, det var umulig å ta til med henne.

Det hadde bite seg fast det Ola Engdalen sa. Anders såg godt dei var enig med han nokon kvar. Enten han kom riande til kirka, eller han var i lag med ungdommen, så hadde han auga deira på seg. Dei kom og helsa, om dei så var mykje til folk i bygda. Han vart verken tjukk eller tynn av det, kunde enda gjera litt med eine aksla og lea det av seg. Men det voks seg meir og meir fram i han, at bygda [21] var full med bra folk. Han mjukna til litt med kvart av det, og ein vakker dag tykte han at han måtte avstad og forlike seg med dem han hadde imot seg. Han var no ingen varg heller; når han kjente etter. Han gjekk til Lauvsetmennene og spurte dei, om dei verkelig åtte skogen i Vestmarka? For da vilde han betale tømmere. Da kom dei på det slik, at den gongen hadde han hogge, og næste gong vart det deira tur, ein kunde vel seie det så på lag? Og denne valdskift-garen og det: Visst dei fekk ta han beint, slik som dei vilde, så kunde dei vel ta likt i han, – dei var tre, og Anders fekk fjerdeparten? Anders lo, at det var eit vakkert ord å høre. Han gjekk fornøgd heim. Han var fornøgd både med dem og seg sjøl.

Og så levde han som han likte det best. I alt arbeide var han med og gjekk føre, og da var det gjernast på spreng. Men så kunde han kaste ljåen midt i kveldsøkta og fara sin veg, somtid på sjøen og somtid innetter bekken. Om hausten gjekk han mykje etter fuglen. Somtid strauk han over fjorden til Juvika og snakka med Åsel.

Åsel sat der som velstandskone no. Gutane dreiv garen, og ho rettleidde dem, og mannen hadde vorte skipper og låg ute mest åre rundt. Åsel kunde fortele nøgda om gammalkarane, og om far hans; det var frå henne han hadde det han visste. Ho fekk faren so levande fram for [22] han, slik han var med han var her i Juvika, og med han låg heime og døde.

Det kom for han, at det var tanken på faren som fekk han til å gå til prestgaren og gjera ålvor av det med Massi. Han gjorde kanskje ikkje å dryge lenger no.

III

«Lad mig tage mig en hustru,» song han. «Til ægte,» la han til, og så pynta han seg og gjekk. Men da hadde våren komme alt.

Det var full vår i lufta, og kvelden var så spellande vakker, ein kunde ønske ein var gauk og fór frammed lia og gol.

Men best ein gjekk, var det slutt, og natta hadde tatt til. Ein gjekk midt i henne, og allting hadde skifta og død bort. Troll-skrauggen hadde gått over tretoppane, kro-kro-kvist! sa han, og så var det ingen fugl som song lenger, og dagslyse hadde slokna ut. Einast orhanen bles innpå myrhaugane, men det var ein trollblåster å høre på, han vekte opp nattlive i all skogen og marka; ikkje ei dagsens låt å høre meir.

Anders grøste eit grand der han gjekk. Han var aldri rædd, han møtte ikkje den tingen han steig til sides for; det var berre huda på ein [23] som kolna litt, som snarast. Heldt dei fred, så gjorde han det.

Prestgaren låg og sov, så stor og grå han var. Men Anders sette seg på Lystbakken og bia litt enno. Han visste ikkje kva han hadde sete og tenkt på, – da tok han kvast til sliren, for det trødde i marka attmed han, han merka eitkvart levande tett innmed seg. Det var Ola Engdalen.

Dei snakka litt att og fram først. Så kom dei til å sjå på einannan, inn til beine, og så gav dei seg over og lo.

«Det var no hund til treff lel,» sa Ola. «He?» Jau, Anders kunde ikkje anna seie. «Men ka i søtten gjer vi så, Ola?»

Dei saumfór einannan med auga att. Dei lo enda, men dei var elles ålvorsame nok. Anders blunka fort og ungt. Ola såg ned, med små auga. Men så opna han dem stort og godslig:

«Ja, sei du det ? Ryggtak da, rygspenning? Hell ståle?» Han nikka åtvarande, men så bar det i fliren med han att, og Anders vart med. Det var reint som Ola løfta han med seg, så han såg ned på to små kjemper som stod ferdig til å bruse fjøra. Han retta ut handa:

«Du hi evig rett. Lætt oss slåss, nar vi får inkvart å slås om».

Ola tok handa, og så var det fred. Så gav dei seg til å gå austover. Heilt til Engdals bar det med dem; dei kom dit ved midnattsleite. Dei gjekk åt bure og fann seg mat, og sea var dei [24] i kjellaren og tappa øl. Ola gjorde som han vilde heime, for faren hadde falle ifrå i fjor haust.

Det fossar ned ein stor bekk ved Engdalen, han var som ei elv den tida.

«No veit eg det» sa Ola, da dei stod utpå reina. «Den som kjem lavandes nedgjenon fossen her, han ska ha a Massi!»

«Enn æg som stod og tenkt' på det!» sa Anders, og dermed bar det til å renge av seg klæane.

Anders var først ferdig og fór i veg. Han fann att seg like levande nedi hølen, blødde berre nokonstad i andlete og på eine skarpleggen. – Ola vart borte litt lenger, men kom opp han òg.

«Tvi!» sa han og rista vatne utor andlete. «Det gjekk skit, det her! Vi val finn på indkvart anna. Visst førkja e vard di da.»

Det ranns så underlig for Anders i det same Ola sa det, at no låg ho og sov, som ein annan gudsengel, og her var dei, og dei snakka ikkje vakkert om henne. Slik hadde han aldri tenkt på henne før, og han beit hardt ihop kjakane.

«Ti still og nemn a ikkj! Det e ulovlig i din munn. Og ikkj som æg gi mæg fer det her. Før ska det avgjerast med kalt stål.»

Det bar ihop. Og dei brautst lenge. Anders hadde aldri trudd det fanns nokon han måtte røyne seg slik imot. Ola er blå og stygg i andlete, han brenner Anders med den råe heite pusten [25] sin, – Anders bannar og slær Ola midt i syna. Ola svell berre ut i svart og stillt raseri, og Anders trør på ei sleip vedskie og går i kne.

«Det der va ikkj med,» seier Ola, han slepper og tørkar av seg blode.

Va det ikkje med?

Neida, var det likt. Det var vedskia som avgjorde det.

Anders skjanglar bort og skolar seg imot ei bjørk. Ola set seg tvert ned. Å, det var velsigna å få ta i eit menneske slik! sukkar han.

Anders kunde ingen ting seie. Han visste berre at no var dei venner, for live langt; det var ikkje berre liksom to hundar som hadde gjort opp seg imillom attmed ein stein.

Ola vart med han mest heim; og der snudde Anders og vart med eit stykke austover att. Det var lyse dagen da dei skildest, fuglen heldt på som han var galen, i kvart eit holt og kvar ei telle, og skya raudna og forgyltes innover fjella, der vart bordar og band og dagblå himmel; det kjølte imot ein som av ærlig manns ferd.

Dei sa ingenting større, før dei gjekk, men det var som ein blank lovnad, at for det første, før dei vart forlikte om det, skulde ingen av dem gå til Massi.

– – – Dei møttest ofte utover sommaren, og det gjekk segner om alt dei fann på. Ein sundagen, vart det fortalt, sømte dei heilt midfjords ut for Engdalen, og den som kom levande [26] i land skulde først gå til Massi. Dei kom i land levande båe to.

Likevel var Anders på vegen til henne ein kvelden. Det var utpå haustparten, og mørkt, men elles finnt vêr; han la i veg å gå med full tyngd, han kunde ikkje late vera. Han skaut beinveg over Døllin, ein totre myrdalar med engslått, og han gjekk berføtt, med skone i handa, som dei ofte gjorde den tid både i kirkevegen og på gjentestig.

Da vart han for at det piska han på føtene. Ikkje eingong berre, og som snarast, det kvista og slo kor han så trødde og steig, og best det var, stod han i kol stappande mørkre.

Han var ikkje rædd, men han snudde og gjekk heim; han banntes enda stubb og annan med han gjekk. Men dei hadde rett: Han burde snu. Kven dei var for nokon, visste han ikkje, gav seg ikkje større om det heller, han hadde aldri tvila på at dei var til, og dei var ikkje å bitast med.

Men det var det, at han skulde ha havt ho Massi. Han vart sjuk mest, straks ho var i lage, og ikkje stort friskare når ho var borte heller. Ein kvelden var det dans på Lauvset, og Massi kom ikkje. Det var ikkje støtt ho fekk lov. Slik ein armodslig dans det vart; spelle let om seg som ei utplaga gjeit.

Da stal Anders seg avstad. Og det var ingen som snudde han den gongen. Det var brennklår himmel og høgmåneskin, og klinkande berrfrost. [27] Berge svara for kvart eit føtt han tok. Alt i eitt måtte han sjå att. Nei, der var ingen etter han. Men åleine var han ikkje. Det er ein vel aldri, kom det for han; når dei berre tek vekk dagen og al sjauen i kring ein.

Kirkegaren sov, og alle som der låg. Den var han urlite rædd, – dei hadde visst så vore, alle i ætta hans.

Han kom opp på lofte til henne, og ho tok vel imot han. Han såt på senggavlen og heldt i handa hennar og var hjartans fornøgd. – Men forresten så var det no vågsamt at han kom hit til sjølve prestgaren, nattens tid, syntes ho. Kvifor ikkje heller om dagen? – Om dagen? – Ja. I prestgaren så. – Skit i heile prestgaren! Om dagen? Æh! han var no vel inge klavenaut heller!

Ho likte ikkje at han misakta prestgaren, merka han, ho kom med mange små ord. Han lest som han ikkje hadde det vette at han forstod . Kanskje ho vilde han skulde gå, på timen? spurte han.

«Du veit, æ vil du ska vara. Enten dæ hel så ingen.» Orda kom så trygge liksom frå ein barnemunn. Men så var ho der att: Han far, presten, ho visste ikkje kva han vilde seie til det. Ho måtte spørre, trudde ho. For det var no ho som stod for her da.

«Pytt san, du ska få stå for nok når du kjem åt mæg!»

Syntes han kanskje det var ingen ting, han, at ho var her, at ho – –

[28] Ho var tynn i måle no; han burde ikkje gå lenger den der vegen, merka han.

«Ja, ja, men så bli det no du og æg da, Massi?»

«Ja, men kofor e du så hasti, Anders?»

«For det æg e skaft slik.» Han tok reint og beint og kyste henne, og så reiste han seg: «Ja hell nei, Massi!»

Ho snakka vakkert med han, og sa at berre han vilde vente ein ottedags tid til, så kunde han få komma att og høre svare; det skulde vera slik. Og han var i grunnen så lettliva da han leita seg ned, at dei gamle dørene kunde vera storglad han ikkje tok dem med seg. For slik ei kjerring ho skulde bli! «Ska ikkj bli mjolklaus åt smågutan min, ikkj, så mykji e det!» kvad kan innvortes. Enn han kunde sitte der i mørkre og kjenne seg kor vakker ho var!

Først da han stod og tok i ytterdørsklinka, fór det i han, at dette var ikkje så vel i stand enno. Og dertil så var det ein farlig lang veg heim, for han var ulovlig.

Ola Engdalen stod utom døra. Visste det! tenkte Anders. Dei tagde båe. Anders såg ut i vêre. Det var som ei hån at månen stod og gjorde seg rund vestpå himmelen og smilte.

«Ja, ja,» sa Ola. «Der fór no du. I en hunds lignelse.»

Anders kunde ikkje svara eller slå her innmed husveggen. Han gjekk, og Ola kom etter. Det var ein endelaus-veg bortetter vollane; det [29] vart aldri så Ola slo. Endelig var dei ved bekken og skulde over. Der stana Ola. Han var stygg der han stod. Anders gjekk først over stokken. Han merka at Ola tok etter kniven. – Javel, no tjuvstikk han meg, tenkte Anders. Det fekk han i gudsnamn gjera; så var dei jamgode att. Men når han kjente ståle, da bar det laust for siste gongen.

Da hørte Anders eit plums i vatne. Han snur seg til Ola:

«Ta opp kniven din.»

«Ti still og gang du. Og takk Vårherre.»

Anders gjekk og tagde enno ei stund. Så snur han seg, midt i måneskine, han var varm i måle, visste knapt kva han gjorde, men han retta fram handa, til venskap eller kva det kunde bli:

«Tak for lagje, Ola!»

Ola tagde som veggen, med hendene på ryggen.

Anders manna seg opp alt han kunde; men han kjente han var lågbeint som ei huta hundbikkje der han gjekk.

Han hadde aldri prøvd å vera mindre enn ein annan ein.

IV

Det leid ikkje langt utpå vinteren, så kom dei og fortalde Anders at Ola skulde ha ho Massi. Ein dagen kom Petter og visste det han med, så [30] der var ikkje veg utanom: han hadde ringfesta henne ja, og presten sjøl hadde sagt ja og amen til det, og skulde lyse for dem til preka kommande. Så han hadde kleppen i henne, han Ola ja, alt oppund' skafte, sa Petter truverdig, og han tok seg ei flis og stikka tennene sine med, – fanns ikkje vondt i det han hadde sagt.

Anders kom til å sjå seg sjøl da det leid om litt, at han stod her og var toskut, han såg ut liksom han hadde gjætt bort gjeitene sine, og slik stod han lenge.

«Du val da lyg' så folk trur dæg, gut!» sa han.

Men det var da elles sant nok, for det var så rispande gale og meiningslaust; han undrast at han ikkje tok og gjekk sin veg.

Han hadde snakka med henne i jula, men det var ikkje mange orda. Ho nemte han Ola, han kom godt ihug det. Eg bryd meg ikkje om han, men han har så halvvori fria åt meg, sa ho. Trur så gjerne det, hadde han svara. Og litt etter sa ho, at han Ola han heldt det ikkje for nokon ringe ting at ho var i prestgaren og stod for, han var ikkje viss på at ho vilde hive det og fara i veg og gifte seg. Han seier ikkje som du, Anders. – Lukka på reisa! sa han, for han likte ikkje dette, – han kom i hug kvar tingen no. Slik var det orda fall; og dei fall henne tungt for bringa. Dei kom av seg sjøl, det var det. Og så var han så viss på han hadde henne, ho hadde hørt han til all sin dag.

[31] «Ka slags bestemmelse e det her det?» sette han i. Han vilde i veg straks og gjera eitkvart, ho fekk dyrede veta hut! Dei fortalte om farfar hans, at han fór i veg oppgjenom bygda og trua seg til den veikja han vilde ha, slo i borde til dem så dei vart kalde i klæane. Anders hadde aldri trudd det, dei var no just ikkje så lettskræmte karar der oppe, og folk spann ut og nøsta på alt dei hørte. Men no trudde han det, hardt og beiskt, – visst fanken var det sant ja, og rettno la han i veg, han òg!

Han hadde kanskje gjort det, men så kom han i hug at Ola Engdalen hadde nyst bryte av eine foten sin og låg til sengs; dei tvila på han vart meir. Men kva var det så ho hadde komme på?

Var ho ikkje fullt med seg sjøl, he!

Han gav seg til og song utover dagen, han heldt på og temte ein gælnhest. Det vart berre som ein bannskap å kalle, han hørte det godt, men det letta likevel. Og da han hadde gått og brunne med det eit tak, så hadde han det inni seg korles det hadde bore til. For når ein låg slik nedfor i ulukka og hjelpeløysa som han Ola no, og så sendte bud på henne, – når ein hadde ein morlaus kryp å syne henne, og ein gar som stod vanstelt og nauventa på henne –, så vart det ikkje ho som sa nei. Serlig når ein annan ein ikkje vilde det grand på knea for henne. Hadde han ikkje visst det all sin dag, kan hende? At når ein berre let dem vera mor for seg, så kom dei og var det. Han lo, på ein måte. Ein såg [32] no den gongen han vart så stordrykkjen i jula og datt og slo seg. Da kom ho mor og sat på senggavlen hoss han, og la handa på panna hans så han skjemdest. Ho la omslag på andlete hans, og så kom ho med spekekjøt og alt som godt var for ein som hadde drukke; og etterpå fekk han ein heil anker med godt øl, å halde eit skikkelig lag for kammeratane sine på. – For eg vil ikkje det at du skal ha det langsamt her heime, sa ho. Ho sa ikkje slik for ofte.

Det vart lyst for dem både to og tre gonger, og om våren, straks etter vårsmess, stod brylloppe. Anders sa ja takk og kom. Han stod sjøl for og la i beningskorgja, og ho var dryg, og brurgaven han gav, var ein han hadde lagt hjarte til. Det var sjølve bruresålen. Han hadde gjort han sjøl, og han såg det no, at han var ein meister med hendene sine. Dei snudde han og augefór han, mann for mann og heile lyden i hop, han var mest ikkje til å sleppe. Han var utskoren med hender som heldt i kvarandre, og lertye var sauma åt med skinande massingnagler –, forgylte renner vatt seg rundan i kring, smøygde og smetta seg i roser og blad, med hender inn-imillom der òg, som leita seg tak i kvarandre og heldt. Han Anders måtte ha meint mykje med den der, mumla dei.

Brura vart raud som blod, da han flidde henne sålen. Det vart ikkje så ho takka, og Anders venta heller ikkje det. – Eg har lagt så pass arbeid på han, at du kan gjera meg det at [33] du ri åt kirka i han i morgo, sa han. Tykte det var så arti å sitte og prikle med det der; du skulde ha så pass av meg til du skulde vera brur.

Ho skjønna ikkje kvifor han stod her og sa slike ting, ho gjekk ikkje så djupt eingong, såla, – kva hunden stod han her så og prata etter? Han snudde seg ifrå henne. Han snudde seg for ålvor.

Brurgommen var ikkje vidfarug, just, men han hinka og gjekk utrulig lel. Oppover til altere skreid dei som to lys; men på dansargolve kom han ikkje. – Om eit halvtårs tid er han fullgod kar att, meiner eg? sa Anders. – Eg trur mest han held no, svara Ola, og han var goddæmd i måle liksom ingen ting hadde vore dem imillom.

Folk tykte Anders tok dette som det skal takast. Han merka det på dem, slik dei såg etter han og snakka til han. Og kvifor kunde han ikkje tilstå det: Det gjekk bra! «Liksom æg kann det ifrå gammelt av,» sa han. Om det så var dansen med brura, så gjekk det. Javisst var ho rar å halde omkring ja; og mangt kunde det fara igjennom ein, kanskje så hang det berre i ein brennt tråd at han ikkje gjorde det og det; men han sette henne vakkert ifrå seg.

Andre brylloppsdagen fann han att seg i vedskotte, og der stod ei gjente over han og snakka vakkert med han, vilde ha han oppatt og inn, han hadde vorte full. Han trur det er Massi og skapar seg rang, han bannest som som ein [34] ugudelig ein; men så sig det frå auga på han ein blink og så rettar han seg opp med si siste makt og står stø. Slik vil han ikkje svangle, er han ikkje Anders Håberg, som dei snur seg og ser etter, alle i hop?

Brura og eit par til kom og gjekk framom døra med han stod der. Da stappar han tollkniven sin i stokken over døra, så han sig langt inngjenom veden, og bryt han tvert av:

«Å, de e blodi hardt – at ein berre ska ha ein stokk å stapp kniven ti!»

Presten var i det brylloppe, og det var kanskje han å takke for at det gjekk så bra det gjorde. Det fall slik ro over den han såg på. Han såg ut, så still han var, liksom han hadde røynt allting sjøl. Han var tynn i andlete, og skjegglaus, og under auga hadde han tett med små rukker; det måtte vera dei som gjorde auga hans så sterke til å sjå på folk. Om Anders og brurfolke visste han det meste, frå Massi. Han hadde hørt Anders var ein godslig og stilfarande gut; men straks han såg han her i går, hadde han fått ilt i seg: der var emne til allting der.

Anders hadde gått og sett seg attmed han da ha kom inn. Han kunde ha gjort mangt anna, han kjente det som små kvasse straumkvervlar inni seg; enno kunde for resten ingen vita kva han fann på. Jau, han var da ein dei venta seg eit tak av, og no tok han eit tak – men tru kor lenge det kunde gå? Men presten hadde blunka til han, visst, eller gjort mine med [35] andlete, – dette rare, tungsame andlete, og dei grå auga som visste allting. Presten studde ålbogen på stolryggen og hovude i handa, litlefingeren streka opp og ned over panna og dei fine rukkene.

«Det var rett, Anders?» sa han da det leid om litt.

Dei var gull verd, dei orda, syntes Anders. Både for han og for andre her i huse.

Og dei var det. Ola var ufarug og lite å ta etter, han skulde vita seg trygg slik. Men det var det, at best Anders sat og var Anders på Håberg, så seig natta innpå han, og så var han ein annan ein, eit lodde dyr inni marka, som gjekk og villtuta og skræmte folk, – som ikkje visste seg noko likare enn å gjera det som stemte blode i dem. Og Ola visste ikkje meir, enn at han flirte til han gjenom ei skodd av velvære og vondskap, da han og brura stod og skulde gå tilsengs: «Godnatt da, Anders!»

Massi såg bort og ned. Det var slik fin runding på kinna hennar, og enno hadde ho denne måten å klippe med auga, som støtt hadde bite Anders så rart. Og no var ikkje presten der lenger, Anders måtte stå der åleine og klare det. Han stod still som veggen bakom seg. Og Massi ho såg bort og ned, og Ola han flirte med halvfulle gammalmannen i måle:

«Den som finder sig en hustru, han finder sig en god ting!»

– – – – – Petter gjekk og heldt auga [36] med broren. Han såg kor Anders voks seg i vêre for kvar tingen han levde seg framgjenom. No stod han der likbleik, med ein liten smil som Petter aldri hadde set hoss han før; det vart aldri å nå opp til Anders meir. – Nei, men han lo til heile stasen, han, å, han var så like hendt med kor det gjekk. Og kor mange var dei som var vaksne nok til å vera det, tru?

Solvi

I

[37] Det var høgsommarstid, og eit vidunders vêr; dagandes dag med blåna og sol, så eit jamdøgers regn så det søya i jorda, og dermed stod sola der att og stråla og mana, det var liksom det strauma signing ned frå eit stort og godt hjartelag. Jorda låg og anda varme, ein takksam og grotung varme, det vilde ein vel kor ein snudde seg; når vinden strauk over småbjørklia eller grasvollen, susa det djupt imot bringa på ein, og så kom han berande med fangan full av lauvlukt og blomsterdåm og alt det dyraste han visste, myrgrase og porsen kom og minte seg, og strandblommane og tangfjøra og mange andre små kjendingar.

Petter Håberg var ute og gjekk ein kvelden. Han var ikkje den som gav seg for og glåmte i kring seg, han hadde for mangt slag å tenke på til det; men da han kom sørpå Brekka ikveld, sette han seg lel og såg attende. Han vilde berre sjå litt på nystua heime, korles ho vart når ein kom hit. Og sittande vart han.

[38] Ho var ikkje ferdig enno, ho skulde ha både bordklæding og måling, men han kunde sjå det for seg likevel korles ho kom til å bli. Han kunde sjå det same han som Anders, når han vilde. Ho vart storveges, det såg han snart. Han Anders hadde late att auga og set rett, denne gongen, sa han. Litt mindre kunde ho ha vore, ho hadde døyvd dei andre likevel, og ho hadde havt godt av det for seg sjøl. Men det var eit hus, det var ikkje å seie anna om det. Så var det no tre års arbeid òg.

Petter syntes heile grenda omkring hadde snudd seg til Håberg i kveld, låg og ørta og glåmte dit, plassar og små garar omeinannan. I millom dem var det lauvskogen, og han var livsalig grøn å sjå til, kollute haugar lenger innetter, snauberga og sjøen i vest. Fjelle stod attom, og det var høgt og bratt, – derfor kunde Håbergstua yve seg så formastelig i vêre; ho visste kva ho gjorde.

Han måtte mest le. For somtid med han sat her, var han Petter og broren til Anders, og da ønskte han Hågbergstua skulde ta dem i kragen, kvar og ein som kom denne vegen, og be dem stå still urlite; men best det var, så var han bygda, og da tyngde denne stua på han, så han ønskte det kom eit stakarsting til kar og sette varme på henne ei natt til hausten. Att ho ikkje brann !

Petter stakk av frå vegen og tok austover. Han skulde slett ikkje sørover kleiva, han tenkte seg både aust og nord, og det skulde Anders bli like slug på; han hadde seg som ei gjente [39] ein stad. Han smatt skoglendes som tjuven, og stana ikkje før han var i Engdalen.

Ja, det var no ikkje dit han skulde, men lat meg sjå inn, tenkte han; det gjorde ikkje noko om Anders fekk høre kor han fór, seinare ein gong.

Engdalen ligg imot sjøen på austkanten, det var nærpå mila dit, men ikkje mange garane imillom. Husa var småvorne etter garen, men dei var tålig velstelte, og jorda var både dryg og god. Tømmerskogen stod tett innpå, og nedanfor skar vågen seg inn; han blinkå i kveldsola millom trea som eit fjellvatn.

Han tok inn om kjøkene, og der stod Massi og stappa grauten.

Ho vart eit grann forandra, bars det for han. Han hadde merka det same før, når ho såg han, og det var gjerne derfor han kom dit av og til. Ho spurte aldri korles det stod til på Håberg, men når han fortalte, hørte ho vel etter, og i kveld kom dei fort i praten. Ola hadde rodd ut på seisjøen; og Petter vart bedt til bords. Han fortalte han var ute og leita etter hestane. Massi drog på munnen, men sa ikkje noko.

Jau, Anders hadde vore oppi bygda og rådd seg ny hest att; det var så. Og elles låg han i det som ei spekesild i laken, veka lang. «Det får æg vætta,» la han til.

Petter var berre barne å sjå til enno, så stor og lang han var. Han kunde legge hovude litt på skakk, eine foten over den andre og handa kring [40] knea; håre fekk han gjerne fram i panna, og det var mjukt og mørkvore, og fint så ein kunde få hug til å stryke det, auga var grå i leten, men blanke og glade. Truhjarta, vilde ein helst seie om han. Ein som kjente folk bedre, sa heller at han var av dem som ein ikkje bli stø på. Det han sa, var mest berre skøy og gap, men det låg eitkvart under som glødde og smått brente.

Å ja ja, sa han best det var. Det var han som fekk kjenne han Anders ja, no for tida. For når bjønnen vart gåande enkling slik, da vart det slagbjønn av han.

Var han ugrei, han Anders da?

– Nå-å, han var no så midt i lage. Det var mest som han ikkje likte verda lenger. Petter såg på Massi og lo, forundra, – han vilde ha tak i auga hennar, dei var så gode og mjuke, og så blåe . Veikja hans, ho hadde brune auga ho, og det var knapt som det skulde.

«Du Massi: Det va æg som fekk svi for at du gjord' nar tå 'om Anders. Det vart mæg det vart synd ti.»

«Du? – – – Æg, sei du? Ka du forteli no?»

«Han hi gått som ein folkful hund her no i 3 år og vel det; han bit snart både i fork og fot.»

Massi gav seg til og vogga litlebarne. Han vekte opp ungen for henne, sa ho. Men ho vart så gild å sjå til; dette var eitkvart ho vilde ha meir av.

Da han skulde gå, stana ho for og såg på han. [41] – Kor han hadde tenkt seg ikveld? A, han skulde ikkje vøre å nekte, ho visste meir enn han trudde. «Gå beinast heim, du Anders – du Petter vil æg sei – så e du gromgut da. Og læt så finn vara finn, om dem e aldri så vakker!»

Han gjekk da heim han! Han hadde berre fare og preintes urlite med han Anders, han skulde no støtt vera som ein gu-far for bror sin, han. «Og du som ei gu-mor,» la han til. «Det maa no bli folk tå mæg.»

Ho såg han pekte til heimover i det minste. Ho såg lenge etter han. Ho kom til å halde så av han for det han sat her og sa, enda det var berre tull og vas; ho syntes halvt han var bror hennar.

Og hadde ho meir havt stunda til, så hadde ho meir halde tå meg, tenkte Petter; for han kjente på seg at ho gjorde det. Men elles kasta han snart krok og fór nordetter. Han vilde sjå til ho Solvi lel. Ho fekk vera finn så mykje ho vilde. Finn var ho elles ikkje, faren var halvfinn berre, og mora var garmannsdotter ovant sjølve Grong, det hadde Anders fått greie på med han var der og handla hest. Hadde dei nokon gong set finn med lyst hår? Mora var død no. Det var ho som spådde at Petter ikkje vart gift før han gifta seg med Solvi.

Petter tverstana, da han kom i hug det. Den eine kjensla jaga den andre, hovude og kroppen rundt, syntes han. Kjerringa skulde no ha spådd gale denne gongen, – og for resten hadde det [42] vore tysing åt han Anders om det slo til. Og gjenta hadde han ingen ting gale gjort, enda, ho var ikkje så lett å komma innåt – ikkje har eg fria, og ikkje har eg fått ja, sa han. Men ho var ein augestein til gjente, og korles det kom til å gå, det fekk ein no sjå sea.

Han kom til å tenke paa at ho kanskje venta han i kveld, og så sprang han eit stykke. Det var store blanke hjul millom trea med konggrovev, og dei fór han tvert igjenom, myrsikl og dike trødde han tvert uti, men han bar sokkar og sko i handa, så det hadde inga nød.

Halt-Andrias budde i marka nordmed fjorden, der Prestgaren og Engdalen valdar saman, eit lite, bortgjømt rom. Stua var berre hytta å kalle, og ein omkvelvd båt med tørv i kring var alle uthusa. Det lukta brenntørv her som i alle husmanns-plassane, heilt opp til lee, og sea lukta det allslag armod. Han merka elles det hadde git seg mykje i det siste. Solvi gjorde visst det ho vann for å få det folkelig; vanen gjorde vel òg sitt.

Petter gjekk aldri så langt at Andrias fekk sjå han. Han var rædd kallen. Hundetassen kom gneldrande oppover, men da han kjente kven det var, tagde han og kraup. «Du gjer dæg finnblid no,» sa Petter, «tynn som'n Gammel-Sjur, når dem mana'n utgjenom nøkkelhole. Ja, vâr dæg fer folk , det sei æg dæg.» Hunden vilde ha klapp, men Petter herde ikkje ta i han.

Solvi kom ovant fjelle med gjeitene i det [43] same. Ho kom springande så lita og lett ho var, berrføtt og snauklædd så ho ikkje vilde syne seg for folk. Ho hadde hørt på hunden her var einkvan, og no vart ho ståande brennheit og glad, såg hastig nedover seg, retta litt på skjørte sitt og smilte: ho fekk vera som ho var. Ho hadde eit lite raudt snørliv, som ikkje gjekk att, og eit lite stubbskjørt med bot i bot, og elles berre serken, men han var uventandes kvit. Ho kunde ikkje ha funne på likare buna, om ho hadde tenkt på det; ho var det mest velskapte kvinnfolkemne Petter hadde set, og han hadde set på dem alle i hop. Kring hoftene og midja var ho teinrund, og føtene slikt slag, – når ho sprang måtte ein tru ho hadde fjører under dem; halsen og den vesle barmen kunde ta sømnen ifrå ein, ansles visste ikkje han å seie det. Andlete var eit grand vérbare, men elles var ho kvit i holde som det gildaste kristenmenneske. Auga dei var brune, to kvikke, blanke dropar, som undra seg og blunka og såg midt imot ein, det eine litt mindre enn det andre, slikt eit par underlige auga under lyse bruner og lyst hår. Dei var så innerlig truhjarta, og så gode, men dei visste ei mengd likevel, og fulle av lått og trøyheit var dei. Petter meinte det måtte vera godt som umulig å gjera dem noko større vondt. Og slikt eit hår da, til å henge i eit tre etter.

«Kom hit da, veit æg; så får æg tak ti dæg.»

«Vil du ha gjeitmjolk?» spurte ho.

Han gjorde til andlete og grøste, og ho lo, [44] hjartans lukkelig, for gjeitmjølk var han rædd som synda, ho hadde narra han til å smaka det ein einaste gong, og da lo ho mest i hel seg åt han. Ho måtte ut med ein kyss for å få han blid att, den einaste òg han hadde fått godviljes.

Var han heime? spurte han og viste med hovude nedover.

«Han far, mein du?» Ho fekk sneven av ein skugge over åsyna; dei kunde fara så langt bort i blånaen, auga hennar, kunde rømme tusen mil unna; ho smilte att, men det var ansles enn før: «Kann du ikkj bli med inn fer di da? Han renni da ikkje ti dæg. – Nei nei, for resten. Han e no så skrøpeli radd fer mæg; liksom æg skuld vara den einast gjeita hans.»

«Ja, det e du no ò det, veit æg?»

«Ja, men æg e no ikkj tå postelin hell. Men kom in lel, ska du sjå: æg hi strødd osplauv pa golvi, og krita muren, osså hi vi fått omn – ka?»

Nei Petter vilde ikkje. Ho fekk skynde seg og mjølke gjeiteteksene, så låg han her så lenge.

Men da krydde han full av orm og øle, her var tjukt av det slage.

Gjorde ikkje far hennar åt for slikt da? Han som var så grov til å ganne?

«lkkj å sei det der!» bad ho.

«Få mæg ein litin kyss da!»

Da lo ho att, det eine auge vart urande lite, og smilehola synte seg som to opkomme med lått og kåtheit: – Det var ikkje eingong sagt [45] ho kom att meir, han var så hardhendt og så sjølvis. «Du gjer både du klemmi og du kløni!» Dermed tok ho gjeitene og fór med, dei hang etter henne liksom det aldri skulde finnast gjeit i dem. – Ho snudde seg i lee, og han såg kor ubergelig glad i han ho var, det stod liksom mjuke strålar frå auga hennar, leita så vârhendt på han: «Vent da, så får vi sjå.»

Ho var der lenge før han hadde venta det, og no var ho meir påklædd. Han visste elles om kor brennsnar ho kunde vera når det stod om, reint som ho trolla det til; denne snuen i kroppen hennar, det var liksom du såg oteren i straumen. Petter var rædd han kom til å bite henne forderva ein vakker dag, og så bera henne med seg, som katten med musa.

Han stal seg ein kyss eller to; men tok han etter henne, stakk ho og kitla han, så han mista både låtten og håtten.

II

Massi såg ut etter sola over nordfjella; det var sengtid, og ho skulde just til å klæ av seg. Da stod Anders Håberg uti garen. «I gudsnamn rett?» sa ho, og kasta auga kringom i stua. Kom her enno fleir i kveld? No kom han inn.

Han hadde vore innom her eit par gonger sea ho vart gift, men da var Ola heime, så ho [46] hadde lite og inkje snakka med han. Han helsa godkveld og takk for sist, og han tok henne så truverdig i handa. Ho hadde glømt han var så høg og mjukvaksen; og auga var sterkare enn ho mintes dem. Og så hadde han fått små rukker i panna alt, og nasen hadde visst vorte høgare og kvassare.

No såg han beint på henne, drog enda litt på smilen, hørte visst ikkje ho bad han leite frå døra.

– Jaså, ho var oppe enda? Og det stod til berre bra? Der hadde ho ein i vogga, det var vel hennar sjøleigande det? To? hadde ho alt to? Fy da, fy da! Nei du Massi òg! Men det var det: om ho hadde set han Petter noko på denne kanten?

Var han bortkommen?

Hå ja, medkvart så. Ålvor snakk: ho hadde ikkje set han her?

Nei, kor trudde han ho hadde han da? Guten fór da vel aldri her? Anna enn når han vår her og hjelpte til.

«Men i kveld, spør æg?» sa Anders tålmodig.

«Jau, forresten: han var her ista.» Ho kunde ikkje anna, så tålmodsam han stod; enda ho tykte ho skulde ha vore skikkelig bakvendt imot han.

Det var det, sa Anders, at Petter fór her og ràk og vasa seg av til denne finntøykja inni marka.

Hm-hm! Ja kvifor ikkje det? Ho Solvi var [47] ei gromtaus det; ho hadde vore her mange gonger og hjelp til, og nokon likare hadde Massi aldri havt. Og slik vakker unge da – vakker som synda.

«Tøv åt mæg!» Anders tok etter døra.

«Du skuld ikkj vara så – vara så stangvis støtt, Anders.»

«Ja godnatt da, Massi, og hels'n Ola. E'n ikkj heim han? – På seisjøn no. Ja godnatt.»

Ho sette seg på senggavlen, da han var ute. Ho sat som ho ikkje tenkte det slag. Men så kvakk ho opp og såg framfor seg med hålvopen munn: «Baud æg 'om skjenk, hell gjord' æg det ikkj?»

Straks etter kom Ola heim, og ho fortalte at Anders hadde vore der. – At ho ikkje bad han vente! sa Ola. Det hadde vore så arti å snakke med han. – Han var olm, sa ho, han kunde stange for eit halvdrege ord. – Ola lo: Du veit det vart no ikkje han som fekk deg. – Massi såg på han både heit og skjemd, og så snudde ho seg og gjekk ut. – Og aldri vart du no vaksen heller, mumla ho.

– – – Anders langa på og gjekk, og han tok same vegen som Petter. Dér hadde han fâre etter skarvlaupen òg; – «æg kjenni no kua mi på kløyve, og gjeita mi på pralen,» sa han. Men det her skulde dei bli to om. Om hån sa skulde leie han heim i klave og band, og sette han på bås! Han tørka sveitten og gjekk, for [48] det var varmt som i bakaromnen, og ikkje kunde han få til å gå makje heller, han syntes han kom for seint. Kvistar som kom i vegen for han, braut han tvert av. «Finnlus og fark!» murra han.

Forresten, det vilde han ikkje seie. Veikja var bra nok. Ho var alt for god åt han, trasen. Han hadde set henne med kirka; det var ei gulldokke. Men han visste kva veg det bar. At Petter gjerne vilde gjera tvert imot han, visste han vel. Ikkje det at han var vond i seg, det var berre gutungen som regjorde i han. Slik måtte ein vel bli når ein ikkje kom seg i veg med noko slag arbeid eller slikt. Det gjekk over.

Han fann dem oppi bjørkhaugen, dei sat og snudde ryggen til han og småprata, og Anders visste først ikke kva han skulde gjera. Sjøen blikka svart nedanfor dem, og skogen sov omkring dem, og dei prata og var toeina, som to små søsken; kva triv ein til da? No lo dei, ho lo som blanke barne, tullhovude, dei visste dyrede ikkje kva dei var eller kor dei var. Anders sa det sea, at han hadde gjerne snudd snyta heimover, hadde ikkje hundlerva flyge opp og komme, – ho hadde ligge nedfor føtene deira. Dei tversnudde seg, og Anders såg tydelig kor Solvi tok etter Petter med det same ho vart skræmt; han var alt den ho treiv etter i nøda.

Anders gjekk beint på dem. Petter såg årane kom fram i panna på han, det vart som ein raud kamm oppetter tynningane, og da var det [49] rådelig å gjera som hunden. Men for det første såg han berre opp i under på broren.

«Ka du gjer her?» sa Anders.

«Det e liti og ingenting det.» Han kosta lynge av buksa si. «To smått og eitt liti ja.» «Du får komma og bli med heim no da.»

«Ja. Gjern det. Visst æg ikkj skuld vara med a Solvi ne-åt lee føst.»

«Ti still og komm no. – Ka du mein ho mor ha sagt, visst a ha levd?»

«Ja, det e no så det, men.»

Dei var alt på gonga, og Solvi og hunden stod att.

«Læt mæg slepp å sei meir, Petter.»

«Ja, kjære – –. Ska vi gang bein-vein?»

Petter var ovanpå no når han hadde føyd seg; og Anders tagde. Men så kom han i tankar.

«Ho e no eit folkmenniskj ho Solvi ò, ska du hus-på.»

«Du store min!» sa Petter.

Men Anders hadde stana, og no snudde han. Han gjekk etter Solvi med lange steg, reint som han var rædd han skulde miste henne, og nådde att henne nedi skogen. – «Vent urliti!» bad han,

Nei, ho hadde ikkje gråte; ho var berre litt forandra, og no såg ho halvvore forskræmt på han. Jau, du veit, han var ein villbysting og kunde skræmme fleir enn henne, og det folk som slett ikkje hadde så snar-rædde auga som ho. Kva i guds namn tenkte ho no, tru? «Vent urliti Solvi,» bad han, enda ho stod tett attmed han [50] og bia. Ho bøyde hovude liksom ho skulde hoggast. Dei tok til og gjekk nedetter.

«Han Petter e brorin min, Solvi, men det vil æg sei dæg: det e berreste ein skarv. Det va fer di skyld æg kom hit i kveld. Hi'n fria åt dæg, sei mæg det?»

Nei? Fria hadde han da ikkje gjort? Ho var mest på fliren att.

Ja men – – var ho ikkje litegrand glad i han da?

Det svara ho ikkje på, ho gjekk berre og beit borken av ein kvist.

Ho måtte bie ein aug-blink! Han såg han kom gale ifrå dette, men no kunde han ikkje snu. Det var over tre år sea han snakka med ei gjente på tomannshand, han hadde liksom ikkje snakka til nokon sea.

«Nei for han e ikkje å tru, Solvi. Og du finn dæg altid ein som e likar.»

No fekk ho små rukker i panna, – javisst, han var fienden for henne, som kom og vilde vondt.

«Æg veit det e dæg å takk fer det, Solvi, at det hi gått så bra hiten-te; og det villa æg sei dæg.»

Han venta ikkje noko rettelig svar på det heller, og slett ikkje da han spurte om kva dei levde av her inni marka. Men ho svara stilt og beintfram på det. Faren gjorde hornskjeier og anna smått og selde, og ho spann litt for folk, [51] og medkvart var ho borti garane og hjelpte til med eitt eller anna. Anders visste dei tagg aldri no, og han var reint laus i andlete med han hørte på henne.

«Æg villa så gjern – – vil du tak imot ein dala tå mæg, Solvi?»

Ho vart ikkje sint, og ikkje glad heller; ho såg berre på han.

«For æg veit ikkj ka godt æg skuld gjæra dæg. Det va det.»

Da han hadde sagt det, skjønna han gråten var tett oppunder hoss henne. Slik var ungane, somtid: dei kunde stå seg storveges med han rifla opp dem på det hardaste, men først han linna litt i det og sa han hadde ikkje meint det så farlig, så saud det over for dem.

«Læt mæg gang beinast heim,» sa han og tok seg oppi luggen. «Men kom i haug æg hi varskudd dæg!»

Ho såg på han att, så stort og ålvorsamt som noko vaksemenneske, drog litt på eine kinne og smilte. «Godnatt da!» sa ho, og slo auga ned, og så gjekk ho.

Og gå måtte han òg, men han var ikkje større fornøgd.

Det var finaste midsommarnatta, fjella hadde tatt på seg slik serskilt ein blåna, og sjøen var svart som botnløysa innunder fjellveggen, og sølvkvit og gullskimrande utover; og tenna ho let så sorgsamt og glad over han.

Men når denne litle veikjungen såg utetter [52] over sommarkveldsblånaen og austfjella og alle myrane, da ranns det fram tusen rare nætter for ein, og alt ein hadde drømt med ein var liten; og mya-songen han vart som ein einaste djup tone kring ein frå den tida som hadde gått.

Petter sov da Anders kom heim. Det var dagen alt, sola rann i alle liane. Det kom ikkje for Anders at han skulde gå og legge seg. Han tok seg ein tur og gjekk og vadde i enge, og sea beint inn i åkeren, trødde for tvert, så kornstråa låg flate etter han og gjorde ein mørk veg. Doggdropane hagla for foten, der var ein rikdom med væte som natta hadde gitt ifrå seg, det kitla så kaldt og godt oppetter leggene, vekte han reint opp utor blågråe sømnen. Han hørte kor blad for blad prøvde å rette på seg att; han kjente grodåmen stod imot han frå jorda. Anders tagde der han skreid fram, berre naseborene vida seg ut og tok til seg, og auga gjekk nyvakne over åker og voll; han tagde som fjellpyntane, dei stod og vakna imot sola og let draumen lufte av seg, synte fram moseflak og gråstein og alt det dei i grunnen var. – Åkerriksa, han stod litt og hørte på henne: Jau, ho sa det som sant var. Og inne i han kvad det med, djupt og langvarig, det var dagen og han som talast ved og vart enige.

Det var om det, at Anders hadde ingen ting tapt. Her var slik ei uendes mengd med dagar austafor. Og så vart her bra med korn på Håberg i år; resten gav han seg ikkje om.

III

[53] Ein par månads tid etter reid Anders til prestgaren og fria til Solvi. Ho var der og tente no. Det hadde vorte slik spådd han av ei farkkjerring ein gong, at frå prestgaren kom han til å hente den han skulde ha, og no fekk han vel avstad. – Han trudde ikkje dusta på spådommen, han var fødd steins vantru slik. Han visste eit og anna: at det bur eitkvart både i jord og fjell, – men han trong ikkje tru på det, det var berre slik, og rædd kunde han visst ikkje bli, for ein fann seg altid eit handfeng, stod det om, eller eit lite gudsord. Men kom dei og fortalte om syner frå kirkegaren, eller om varsel og spådommar, da smilte han berre innvendig og let dei andre tru for seg. Åsel fortalte om ætta hans, at dei ingen ting trudde. Da tok han etter same smilen. For dei visste vel det dei visste, gammalkarane. Reint blankskrapa kunde dei aldri vera – dei var for sterke til det. – Men denne spådommen her måtte han le til. For no var ho Solvi i prestgaren, og ha henne måtte han; så fekk han sale stasgampen da og legge i veg. Så vart farkkjerringa sannspådd denne gongen, ho trong det.

Og han Petter da, som det var spådd slik for, at han vart ikkje gift før han fekk ho Solvi. Det hadde han lite og ikkje tenkt på. For det [54] hadde gått smått med å glømme ho Solvi. Han hade tenkt på henne tidlig og seint og i same kva han tok seg til; det var ei skam å tilstå. – Petter hadde alt tatt spelle sitt og stryke på ein annan markna han, som dei sa. Så han vart vel gift tidsnok. Og no hadde det komme over Anders, – han måtte flire høgt: Det var ikkje dumt ganna det!

To gonger hadde Anders treft Solvi sea den natta.

Først inni vegen ein dagen. Ho kom beint imot han med han gjekk og tenkte på henne, så han trudde halvveges det var ein draum og eit syn, men så var det henne, og han kunde gjerne ta i henne om han vilde. Ho tenkte seg stilt framom han; men da han snakka til henne, fór det over andlete hennar at ho kom i hug den gongen. Ho klipte opprådd med augelokka, og auga hennar var så vakkert lysbrune i dagen; når han steig til og kom henne nærmare, fór dei halvskræmte men trygge likevel oppetter han, liksom dei visste at frå han kunde det ikkje noko vondt komma. – Han glømte seg bort og vart med henne eit langt stykke attende, ho var på vegen til prestgaren.

Næste gongen var med kirka. Han stod og batt hesten sin i skuggen attom fjøse, og med det same kom ho om nova, skulde avstad og flytte ei heimeku bortpå vollen. Det hadde ringt tredje gongen, og folk hadde gått åt kirka, det sat berre nokre gutpåkar bortpå haugen og fór [55] med å spella kort. – Det tok han så knapt, da han fekk sjå henne, han glømte det aldri. Ho var i full stas, hadde ein lys, fin kjole på, og ein kvit krage kring halsen. Det hadde gjort henne til eit nyt menneske, eit som ein måtte ha. – «Du,» sa han, da ho endelig ein gong var ferdig med denne kua, – «rettno kjem æg ein dag og vil snakk med dæg. Det e allvors snakk det, Solvi. Og den da'n slepp du ikkj ifrå mæg.» Han stod og såg på kor raudnaen flødde utover andlete hennar; men auga dei hadde ikkje forstått han. Og så let han henne gå. Men det tok som ei tong i hjarte på han, at den dagen måtte det ikkje bli lenge til, ein kunde bli beiskelig for sein.

Måndagen etter fór han over fjorden til Juvika, til faster Åsel, enda han visste ikkje kva han vilde der. Ho såg det var noko serskilt i vage, og derfor venta ho tålmodig. Det likte han ikkje, og så kjørte han beinvegen med det, at no skulde han til å gifte seg. – Var det sant ? Ho vilde no sjå det først, før ho trudde det.

«Men kofer spør du ikkj om kem det e æg ska ha!» Han var litt hastig i måle.

«Jau, du veit, æg villa felt gjern vetta det, men – »

«Det e a Finn-Solvi, dem kalla. – – Ka du sei om det, faster?»

«Du narra mæg no, Anders.» Ho reint bad for seg.

[56] Nei, det var da sant og visst. Hadde ho set henne?

Det hadde ho. Og vakker, det var ho, kors i Kristi namn – men var det ålvor da?

Jau, det small no snart. Så fekk dei litt å tannle på bortgjenom bygda.

«Du sei bygda du ja. Men dem held dæg for mykji te mann, Anders; du veit vel ikkj det?»

«E det så storveies det da? – – Nei, æg e meir te mann enn slik. Det kan du hels dem med.»

Åsel såg opp og ned over han. Han stod og lutte litt no, så rolig og viss; og så ung likevel som ho ikkje hadde set han på fleire år. Auga var reint gode i han – han tenkte ikkje ein tanke på bygda. Anders gjorde heller ikkje det, utan med det same han sa det. Det var berre den ting, at Solvi måtte han ha. – Åsel hadde vondt for å finne att måle sitt.

«Ja ja. Gud velsign dæg, Anders,» sa ho. «Samma ka du gjer.»

Det kjølte litt gjenom Anders ved dei orda. Som snarast var han mo åleine i verda med avgjerdsla si.

Og no var han på vegen. Beint inn på prestgaren reid han, og gjekk inn til sjølve presten. Denne gongen skulde det gå slik for seg. Presten bad Anders sette seg i dagligstua, og han let auga henge ved han litt, som han hadde for vane når det var nokon han brydde seg om. [57] Anders merka det vel, og tok det som ein sjølsagt ting. Han kremta seg opp, og var midt uti det før han vardest:

Han var ute og skulde finne seg ei som kunde vera hoss han. Han hadde tenkt seg hit til prestgaren ein gong før i det erende, men da kom det «ein stein i vein,» som dei sa for gammalt. No vilde han tru han var ute i rettan tid. – Han hadde jaga i veg litt fort i førstninga, men no fann han att seg og såg stø på presten. Og presten var storlig opp i under. Han trudde mannen var full, og tok til seg dei kvite fine hendene sine, dei hadde ligge på borde attmed boka og pipa.

«Æg spør presten om det: om han hi noko imot at æg får a Solvi som tjeni her?»

Presten såg att og fram millom han og veggen, – ein kunde ha ledd til han. Men så kom han seg:

«Skulde han nu egentlig spørge mig derom? End hendes –e– velbyrdige hr. fader?»

«Gruv ikkj fer di, prest, æg ska vel spør han . Men størstin først, det sei vi hos oss.»

Presten gav seg til å røyke, og Anders sat og vêra tobaksrøyken og tykte han var god . Og det var godt å sitte her, han hadde knapt sitte så godt nokon gong før. Midt imot presten og all bygda.

«Ja, ja da,» sa presten endeleg. «Tag hvad dit er og gak bort.» Og litt etter la han til: «Du er nok en som styrer efter dit eget bestik, [58] du Anders. Og ære være dig for det. Og –e– Guds lykke til da!» han bøyde seg fram og tok Anders i handa.

Anders klemte hardt til, og blunka sterkt og velnøgd. Det var slik det skulde vera.

Presten reiste seg, gjekk bort og gløtta på kjøkkendøra: dei måtte be Solvi komma inn.

Ho kom inn, og stana straks innom dørstokken; ingen la merke til kor fast ho var i andlete. Anders gjekk bort og handhelsa på henne, og så snudde han seg til presten att:

«Ho veit ka æg vill; og æg trur ho e eni.»

Presten drog brunnene høgt opp: «Det var just ikke formeget.» Så gjekk han bort og tok i handa på henne, leide henne til Anders: «Slig har en større end jeg ledet kvinden frem til manden engang.» – Slik kunde han vera til å snakke somtid, den presten, berre gjøn og gap.

Solvi hadde vorte kritande bleik og måtte stø seg til Anders, og han tok til og heitna oppetter andlete. Og no vart presten still og ålvorsam, han vart låg i måle som når han snakka med ein sjukling.

«Dette er så forunderlig. Jeg vet ikke – det forekommer mig – – jeg vil ønske eder megen lykke sammen. Megen lykke!» Han retta på seg, løfta måle og såg fast på Anders: «Vær en mand, Anders. Hvad der end måtte møde dig. Vær den som jeg tror dig at være. Gud inderlig velsigne eder begge to. Å ja ja san!» presten snudde brått og gjekk bort til vindauge, [59] stod og såg ut. «Og det vil jeg tro han gjør. Det vil jeg tro han gjør. Gå med fred, børn!»

Solvi klemte handa til Anders, eit skjelvande rædd lite tak, og så skyndte ho seg ut. – Anders tinga seg lysing til første messa, og sa farvel og takk for seg. Solvi fann han utom døra. Dei andre folka var som dei skulde vera blåse vekk, og han strauk henne over håre, litt trehendt vart det no, og så reid han.

Natta kan bli så tunglyndt seinsommarstid, vollar og skog ligg borti halvmørkre og kviskrar og minns. Det fanga til seg Anders, der han reid, og han visste ikkje korles det hadde seg. Det hadde vorte ein mangdubbel ting, det å vera til. Og den Anders som reid hit, han reid ikkje heimatt, og ospelundane og åkrane, som kviskra i kring han, det hadde aldri vore til før. Han visste ikkje om det var sorg eller lukke som gjekk igjenom han; det var ein ukjent ir, liksom han reid på hellig jord. Denne vegen hadde ingen fare før han. Ingen kom til å vita korles det var.

IV

Petter kjem til Engdalen ein kveld føre brylloppe, sleng innom liksom han ingen ting vil. Massi står i kjøkkene og steiker potetkake, – for dei hadde alt tatt til og prøvd seg fram med [60] poteten her –; ho blir litt dått med da han kjem, og bed han leite inn. Men han sett seg i kjøkene, så trongt der er; han sitt og ser på jarne, der sote uti kantane har fata eld og brenn med tallause små eldstjerner, som blakrar og hoppar til det er i ein gneistande, svimrande dans. – Sjå der! seier han og flirer. Ho ser på det, og så på han; ho har skjønna kva han meiner, og ho raudnar enda litt. – Finnbryllopp … seier han. – Ja ha, det stundar til finnbryllopp no, ser det ut for; ho smiler uviss. – «Jeg alene er undkommet,» seier Petter. Dei hadde det orde der i grenda, at eldstjerner på gryte og jarn varsla for finnbryllopp; for slik på lag dansa dei der.

«Ja, æg va med kjerkja føst gongjen det vart lyst,» seier ho. «Han sat der liksom det ingen verdsens ting skuld vara. Ansa du på det Petter?»

Petter merka seg berre kor langt fram for seg ho stirde, no som den gongen.

Så kom Ola inn, og dei var snart i same praten att. – Han veit ikkje skamm! sa Massi. Han går forlate meg som han skulde ha gjort ein stor gjerning. – Det har han no òg, det , sa Ola, han var reint varm i måle. Folke i kirka såg ut som dei hadde fått ei kaldvassbøtte utover seg. Nei, han Anders, han går den vegen nasen pekar, han, og det er skjeivt. He, det er meg ein raring! Han bli dem for dryg.

Petter vart der natta over. Han fór og baud [61] fårvel, han skulde reise sin veg, i målarlæra. Massi tok han så heitt i handa, kunde mest ikkje sleppe.

«Stakkars gut ò,» sa ho. «Dem gjord deg heimlaus, mein æg?»

«Ja, skit, det e berre arti det.»

Massi snudde seg til Ola, da dei vart tosaman: Skulde dei fara åt brylloppe da? – Ja, det var da vel! dit skulde dei ja, enten ho vreid seg hell vatt seg – kva var det ho gnaura for?

Ola hadde vore haten på Anders, hadde sagt han farvel for levetida; men da han tok Massi frå han, var den tingen utjamna og glømt, han var for mykje slåsskjempe til å gå og brenne med noko hat. Han visste ingen likare i bygda enn Anders, enda han venta seg ingen venskap av han på lenge. – Ja, skulde dei i veg, så fekk dei finne på ein brurgave som var litegrand, sa Massi. – Just netopp ja, Ola hadde ikkje anna tenkt. For det var eit lite meisterstykke det Anders gjorde no; kva kant ein såg det ifrå.

– – – – Noko slikt sa dei all stad borti garane der dei var bedne. Det var det stridaste dei hadde fått utover seg, at ein odelsgut la i veg og gifta seg med ei finnveikje. At det var lite og ingenting med finn i henne, hjelpte ikkje stort; det var som han hadde sett hælen i magen på dem. Men det vart mest som rett alt det Anders gjorde, serlig når han kom og snakka med ein om det. Ingen annan enn han kunde ha gjort slikt noko, og slett ikkje set bygda i [62] auga etterpå. – Og så blid som han var, sa dei. – Ja, liksom Vårherre hadde vore ned og gjort han ei stor beine. – Han såg ut liksom han song Solvi all dagen.

Og stua på Håberg grodde til som eit vidunder og vart ferdig, det gjekk ord om det sokne rundt og enda lenger. Han hadde målarar langt ovant bygdene. Dei var der og glåmte nokon kvar som fann på eit erend. Og Anders gjorde det som meir var: Han var i veg og rådde til brurahest . Han hadde ein stor gulblakk hest, og no skaffa han seg maken: Dei skulde ride til kirka på kvar-sin gulblakke hest! – Han elska henne liksom ho skulde ha vore ei stormannsdotter, var det ei kjerring som sa. – Men når no han Halt-Andrias kjem sagande innover kirkegolve, meiner du? sa ei anna ei. – Det forstår seg. Det skal bli trøysamt å sjå .

– – – Halt-Andrias kom slett ikkje. Han la seg klein. Anders smilte tankefattig da han hørte det, vart ståande og sjå på Solvi og glømte seg bort. Dei andre smilte òg, – han kunde vera snild, kallfarken, når han vilde. Og når dei tenkte det rett, så kunde dei vera glade, for bryllopp er no bryllopp, og ein svart skugge er inga trøyhet i høgtida.

Der var brygga og brennt til langt oppå legg, som ein mann sa, og stelt i stand på storvise. Nystua tok mest vêre ifrå folk, der var rom for rom med måla vegger og stas, det eine større enn det andre: to store stuer tvert over den breie [63] lona, med to kammers til kvar, og kjøkkene i midten, som ei heil stue det òg, med ein stor gang midt imot; gammalt folk vart fararande og gå frå den eine stua og gjenom gangen til den andre, det var som eit lite gjestebod berre det.

Anders hadde bedt Ola Engdalen vera kjellarmeister, og det tok han på seg med gleda. Han stod for drikken som ein prest; kvar fekk det han skulde ha, og vel så det, ingen slapp unna, og ingen for langt. – Og her gjekk det for seg det dei aldri hadde sett før, at dei dansa inni sjølve stua og trong ikkje på låven; dei dansa i 3 døgn og litt på det 4de. Ein og annan gjekk vel overende, men han vart snart oppe og i gang att; og fint som i eit gravøl gjekk det for seg: ingen ein gjorde oppstyr eller tok til uverja. Der ikkje brurgommen var, der var Ola, og dei var både store og lange, som det vart sagt.

Dei sa så ymse om brurgommen, men ingen sa anna enn det som godt var til han. – Han går som han er stangvis, kunde dei seie. – Synes du det? Han ser meg meir ut som han har smaka på noko søtt. – Det har han vel òg, det. – Men det må no visst bli tungt å bera, hovude, når ein skal halde det høgt. – Ja, det er no det vi ikkje veit. – At det skulde komma finnblod inn i Juvikslegta da. – Da er ho tørst.

Anders ansa på dem, da han hadde fått seg nokre drammar, at der var dei ja, og slik var dei. Men så ursmåe dei var. Ein kunde trø dem flate berre med å tie til dem. Einast Ola Engdalen [64] var fullvaksen kar, og i grunnen hadde han vunne over han òg no. For dette her kunde ikkje Ola ha gjort. Ja ja. Dei var bra folk. Han skulde ikkje gå dem flate. Men kvar gong Solvi gjekk gjenom stua, trødde han til imot ein eller annan, og vakta med auga. Kvifor kunde dei ikkje syne hjarte for det om det var vondt?

Solvi berga seg forresten sjøl. Ho var så still og god, og så trygg; ho kunde tabitte ifrå ein varg. Gammalgubbane var bort og snakka med henne etter tur, og kjerringane kom etter, men det fall seg alltid noko tyngre for dem; gjentene hadde ho snart heile flokken av kring seg, dei kom ingenting i hug anna enn det at ho var brura. Dei tinte snart opp alle saman kring veggene.

Dei kunde ikkje anna seie, enn at ho lyste som ei sol for altere, og dagen etter, da ho kom inn i nykånnå-kjolen og huva, var ho enda vakrare. Ho hadde slik lukke i kring seg; ho vermte som sommardagen der ho kom. – Så det var no ikkje for under om han gjekk seg i den gleksa, syntes dei. – Å, hadde eg vore ung … sa ein gammal kvithærd ein.

Og elles drakk dei og åt dei, til dei glømte både brura og brurgommen. Og som dei dansa, som dei dansa.

Men enda eit storbryllopp så tek det slut. Dei fann seg att fjerde dagen halvt fastande og forundra, og så var det å takke for seg og ta staven og gå.

[65] Anders kjente at dei ønskte han alt godt der dei fór. – Vi sit stø, dag etter den her dagen, Solvi, sa han. Ola og Massi var dei siste som kom og tok avskil med brurfolke, og da Massi stod og heldt Solvi i handa, var ho reint kløkt. «Dokk val no sjå åt Engdalen med all som føst!» sa ho, – «Ja, kjem dokk ikkj, så sett æg gann på dokk!» sa Ola, – han angra det med det same det var sagt. Dei lovte å komma. Og så snudde dei seg og smilte til kvartanna.

– – – Dei kom baade til Engdalen og andre stader, vanta ikkje det, og velkomne var dei. Anders kjente velfornøgd på seg. Han hadde vore ute i hardvêre og hadde rodd seg fram. Det vart til det, etter kvart, at dette hadde han gjort for å røyne seg. Så pass dyrt måtte ein kjøpe det ein skulde bli fornøgd med. Og hadde det vore ugjort, så hadde han aldri fått vita kven han var .

Og så hadde han inga Solvi havt.

Det raraste var, kor visshendt ho tok i med arbeide i garen. Det hadde ikkje Anders komme til å tenke på, det hadde gjerne stemt blode i han; og no retta han seg i vêre og takka ein eller annan for det han såg. Ho fann romme sitt med ein tirøygd smil, han såg kor tanken arbeidde attom dei blanke auga, og hendene dei gjekk som fiskar i vatn, han kunde bli ståande og vera med dem lange øva, dei rann frå det eine til det andre og slepte tingen ferdig og velgjort i frå seg, liksom [66] han aldri hadde vore ansles. Handlage hennar smøygde seg inn og tok eit tak i han så han vart forandra. Og kvar gong ho vart vâr han attmed seg, var ho like friskt opp i under; ho hadde ein liten lys hårkrull frami panna, og den syntes han rørte seg av undring. Men oftast ansa ho slett ikkje på han, der var så for mangt trøysamt å stelle med. Ho glatt ifrå han som ålen om morgonen, og så var ho allstads; lange stunder hørte han ikkje noko til henne, og da visste han det gjekk kringt for seg.

At ho ikkje song! Men da hadde ho vore eit anna menneske, og da hadde han inga Solvi havt.

– Lat meg sjå innpå bure ditt, sa han ein dagen ho var der. – Ja, no er bure mitt, sa ho. Ha-ha-ha, for all den mat! brast det utor henne. – I kveld skal vi ut og gå; du og eg; – aust i marka åt han far din, meinte eg – med eit matgrand, om du hadde råd? Han såg kor ho av-letast nedetter vangane, til ho var kvit mest, og mjølausa slepte ho. Så kom leten flømmande att, til alt andlete brann og rørtes, ja, men enda bar det ikkje i gråten med henne. Han stod med hendene på ryggen og såg på.

«Ja mein du?» ho lo ein liten likeglad lått.

Ja, det va no slekt månskjenn, det va det.»

Anders kom til å tenke på Petter, med dei gjekk austover. Kven var det som heldt i øyra på meg tru, den kvelden eg måtte avstad og [67] jaga han heim? tenkte han. Det fekk han vel aldri tak i.

Men hadde ikkje han Petter vore den gapen han var, så hadde allting vore ansles. Så hadde han inga Solvi havt.

Steinskreia

I

[68] Det var ein frisk morgon utpå hausten, rimfrost i lynge og is på alle tjønner, lufta stod still og kald kring ein og var som eit laug å komma ut i. Folk var ute på sjøen i dag, drog taugja og fiska jul-kveite. Anders tok heller børsa og strauk til skogs. Han gjekk og lya etter sjøbord-turen; det var slik fri og sterk ein tone i han.

Elles, når han skulde seie som sant var, så vilde han sjå aust i Engdalen med det same, sjå om han kunde råke Petter, for der var han. Det var 3 år i sommar sea han reiste, og no nyst her hadde han komme att, og så hadde han slått seg for i Engdalen. Der var inge fiendskap imillom dem, han hadde vore ei god stund på Håberg og ikkje lest som han kom i hug nokon ting. Ikkje hadde han vel noko å skapa seg rang for heller, tykte Anders, ikkje han meir enn dei andre i grannelage; og dei var staute imot han alle mann. Men han vilde snakke med han, vilde høre om han slett ikkje tenkte å komma til Håberg og vera. Han hadde verkelig [69] sakna gutladden ikkje så lite. Anders likte seg ikkje, når tingen vart ansles enn han hadde tenkt, han vilde ha som ein orden omkring seg.

Det var da eitkvart til godvêr det her, sa han med seg sjøl. Slik var i grunnen verda, når ein kom til å sjå henne. Som no dette skare i fjelle, Gjermundskare: Ein gjekk veka lang og såg det ikkje, men best ein gjekk, kom ein til å bli vâr det, og der stod det og gapa midt imot ein, så stort og nake det var, og så hjartans stygt, ein snudde seg ifrå det, for dette var sjølve meiningsløysa ein hadde set i andlete. Og så stod det berre der og smilte godfornøgd, – når ein var i rette lage, – slik smiler ein stygg og vanskapt ein somtid: ingen ting å bera seg for!

Da Anders hadde gått tvert over marka og hadde komme inn på vegen att, møtte han Petter liksom han skulde vera budsendt. Slik kunde folk komma i møte med ein, når ein ønskte seg det, – slik hadde Solvi òg komme imot han ein gong, og enno var det som eit lite eventyr å minnast. Han hadde i grunnen vore ute for mang ein god treff. Det var som når ein skaut, det, – ein kunde råke for det om ein ikkje sikta, reint merkelig, mange gonger.

Kor han skulde henn?

Petter strauk seg over panna, vilde ikkje opp med auga. – Å, det vart no så mykje som til øvrigheita det, og melde eit dødsfall att. No var det andre gongen. – Dei fell litt skryp, [70] småkarane hennar Massi, sa han, og no såg han på broren.

Anders spurte han ut litt nærmare.

Jaså, han hadde ikkje hørt det? Hm. Nei, det var vel så. Dei låg og plagdes og peip i noko slag sott, til mora måtte be Vårherre at han tok dem, – og det gjorde han. Det var det verste Petter hadde set. Men så visste Anders ikkje det heller, kan hende, at han Ola sjøl var sengliggande?

Anders hadde hørt i det; men var det noko større da?

A, det var da nok, syntes han . Foten rotna beint av han. «Da'n Halt-Andrias vart god, vart'n Ola liggan,» sa folk, – Petter såg på broren med ein smil som gjorde Anders kald på kroppen.

Hadde han prøvd noko slag råd da? – Råd? Det skulde no vel bra nytte! Petter vilde i gonga att, men Anders slepte han ikkje: Han trudde no vel aldri det var på-sett? at det var runeri?

«Dem trur no så mangt om det da.»

«Ja men du , meint æg?»

Petter stod litt. Såg hit og dit, men ikkje opp, liksom tjuven i klemma. – Ja, kva ein skulde tru og ikkje, det var no så si sak. Kva skulde ein seie om det, at ku for ku kasta daukalven, åre rundt? Og at dei aldri fekk smør, same kor lenge dei kjerna? Eller det at hesten vart liggande i veita med hovudet under seg? Hm? – Ja, det var no så. Anders stod fortenkt. Gjekk det verkelig så på skjeiven i Engdalen … Den [71] andre såg på han, og tok til att liksom han hadde fått blod på tann. – Hadde det vore berre dem i Engdalen det hemna seg på. Men dei var ute for eitkvart dei andre òg. Dei snakka sitt borti alle garane. Nei, Petter trudde ikkje på det, han lo, han, og tykte det var moro: den eine stjerna var blankare enn den andre i dumheit.

«Ha'n far levd, så ha 'n gått rundt og banka det utu dem, ein for ein!» – Anders var bleik i hamleten no, og hard kring munnen.

«Ja tru det?» smålo Petter.

Anders tenkte. Han tvila ikkje på kva faren hadde gjort, for faren hadde vakse frå tid til anna og hadde vorte ein storing for han som ingen kunde hamle opp med. Han tvila på om han sjøl skulde gjera noko. Det var Halt-Andrias dei skugra for gann, og det la han ikkje på seg; dei kunde ha det å tannle på; og det var best for Solvi om det døydde bort av seg sjøl. Det fór ut millom tennene på han før han vardest det:

«Men dæven besætti mæg, visst det ha vøri ho dem bar noko ilt på!»

Petter fekk ørsmåe auga, som skjein lukkelig. Men han stakk ikkje til.

Men kom han ikkje snart heim til Håberg da? For dei venta han, sant å seie.

Det var no arti å høre. Men han trudde ikkje det vart. «For dem trøng mæg i Engdalen.»

«Ja ja, men enn sia da, hm? Du e no vel ikkj ful på oss enno, veit æg?»

Anders spurte så truhjarta at Petter vart mest [72] oprådd. Han bles berre litt. – Han fekk no sjå, sa han.

Og så skildest dei.

– – – Petter tenkte på det. Han var i grunnen mest huga på å fara til Håberg. Anders hadde sett opp ny stuelon i prestgaren, for den gamle var føsk rotten: det var eit hedersarbeid som presten og bygda hadde fortrudd til han, og det hadde gått storveges. Og no vilde Anders ha han til å ta på seg målinga, det skjønna han så vel; og det var ingen småting.

Nei, men når Petter kjente etter, så gav han seg ein god dag om målinga, om både æra og fortenesta. For det var så umulig å få til, kvifor allting gjekk av seg sjøl for Anders; kven det var som bar han framgjenom alt i hop. Han kom så vel i hug den kvelden han vart vâr broren; det var straks etter likferda til mora. Da visste han korles det vart, og det hadde hoppa etter. Ja vel; han vilde ikkje bror sin vondt. Men ein motgang, som ei urlita ulukke, kunde vel ikkje Anders ha vondt av no snart. Det hadde vore så friskt å sjå han da. Og det bars for Petter, at no held det på og gjekk i dei gamle koppane, det brygga i hop eitkvart som sterkt var. Det var alltid trøysamt for den som kunde stå attmed og sjå på.

Anders var hovude høgre enn andre, i både eitt og alt, Petter var enda glad for det, på sitt vis. Men lel syntes han han gjekk her og såg [73] ned på han, liksom på barne. Det er no mi trøst, plystra han.

I Engdalen såg det svart ut, og Petter tykte verkelig synd i dem, for det halve kunde ha vore nok. Det var så uvant for han å ha vondt av nokon, at han var reint undren over seg sjøl. – At det var trolldom i denne ulukka, trudde ikkje han, og slett ikkje at det var som dei sa. For dei fortalte det mannjamt, at dette hadde komme på sea ho Solvi flytta til Håberg. Ho skaut vel dit Anders peka, var det ei gammal kjerring som sa, og Massi i alle fall trudde det. – Ein ser vel ikkje ut som den gode sjøl, utan det er noko ilt innunder, sa ho den dagen hesten sturta. Ola tagde som muren, og Petter med.

Da han kom att frå presten, fortalte han at han hadde råkt Anders inni vegane.

«Og han e oskyldig, korles det no e hell ikkj!» sa han heitt.

«Det veit vi før,» sa Massi.

Ho sat uti litl-stu, der barne låg, ho vann seg visst ikkje derifrå. Og enno mindre vann ho seg inn i stua der Ola låg, det var slik lukt av foten, og det såg ut som ho skydde mannen for det. Petter var den som måtte røkte han, og det var armelig nok han klara det.

Verst var det om natta, for Ola fekk ikkje sova, pina sleit han ut i lange rider så han vart vond og apsam, og imillom var det berre tulle med han, han låg og banntes og bar seg for all slag styggmakt som sette inn på han, han såg grangivelig [74] skapningar attmed senga si; det kunde ta i hu-tenna på ein og løfte, så utrivelig var det. Petter kjente, somme nættene, kor det seig inn på han, alt det dei andre trudde. Og var det eit menneske som hadde ønska fram dette, så måtte det vera lovlig å ønske eitkvart vondt attende. Så fekk det i gudsnamn råke der det vilde.

II

Anders kom heim i kveldinga. Mange fuglane hadde han ikkje, og ikkje tenkte han på dem heller. Det hadde drege etter seg, det Petter sa; det tyngde på han i lag med snøkaven og kvelden som fall på. Han tenkte på Solvi, oppatt og oppatt, og han visste det var bert umulig, at far hennar kunde gjera noko slikt. Og noko måtte han finne på så han kvævde det, men kva det skulde bli, det rann bort for han i ei grå skodd. Ja ja, han fekk no sjå. Det måtte vel gå an å snakke med folk.

Da ser han Halt-Andrias i halvmørkre kjem smitande om stallnova og hinkar nordetter, han bli borte attom haugen med posen sin. Ja ha, der fór han. Anders vart støl innvendig, og trøytt, – slik vart han somtid i staden for å bli rasande som anna folk, kunde stå og kjenne på kor kaldsveitten arbeidde seg ut i kroppen, med tanken stod still og venta.

Nei, sa han, liksom det var til ein annan mann, [75] – det nyttar lite om du flyg på kallen og gjer han noko. Og ho – ho kan slett inga råd for det, før måtte det vera du sjøl som hadde gjort det.

Solvi såg litt skygg etter han. Men det kom seg av det, at ho tykte det var leit faren fór her. Ho var så for han som ho kunde bli, og med kvart stal ho seg heim til han ein kveld med noko i korga, serlig før gutungen kom; men Anders visste ho vilde spara han for det, at kallen rak her så ofte. Han vermdest ved det i kveld som ein annan kveld; men det skulde ein just ikkje sjå på han der han sat og åt. – Snøar det ute? spurte Solvi. – Held på så smått ja.

Om natta sov han kleint men tungt. Han plagdes med både eitt og anna, men serlig kom det for han at her stod ei dør oppe og kjølte, og at Solvi hadde stått opp og sett av ut, litlen låg åleine og sautra, og sjøl var han ikkje i stand til å vakne, vann ikkje få opp auga, det var fritt. Han var aldri snar-vekt, og i natt var det omframt, med det at han hadde fare i fjelle og streppa; det slo han seg til ro med, da han endelig vakna, og det var seint på dag. Likevel syntes han det hadde vore som ein trollsømn.

Det rare var at Solvi sov enno ho òg. Ho vakna med ein kvass rykk, og gudnådslig bleik og trøytt var ho å sjå til.

«Kor du hi haldi te i natt, du?» Han spurte slik halvvore i spøk.

[76] Halde til? Ho såg hastig og halvt rædd på han. Ho hadde da ikkje vore nokonstads.

«Du va no vekk utu sengja di eit tak, såg æg.»

«Men sov du ikkj da?»

Han stirde på henne, og så lo ho, slik ho pla gjera, trillande fort og med eine auge mindre enn det andre: Ho hadde vore i fjøse og set etter ei ku dei venta; og no var det overstått. «Bli med, ska du få sjå!» For dei hadde fått to kalvar, la ho til, da det ikkje vart så han svara, to store beist, skulde han tru!

Anders likte ikkje dette med dei to kalvane. Det ranns for han som noko leit han hadde glømt, kor tjuvheldige dei hadde vore i fjøse sea ho kom hit. Ho var rar til å stelle med beista og til å vaka over dem, det var sant; men det var ikkje nokon hugnad i å tenke på det nett no.

Ho var så ulik seg all igjenom i dag, når han først såg på henne, var så annsam og så skygg, og auga hennar var etter han støtt. Og så trøytt som ho var. Ho som aldri pla vera det. Han tok i fletta hennar og drog, til ho bad for seg, det var den einaste måten han hadde å låte etter henne på; ho måtte gjernast gå med håre nedetter ryggen, det vart for tungt elles. – Da han slepte henne, var han god til motes som han brukte vera; han hadde liksom kjent att henne da han fekk ta i henne.

Den dagen tok han drengen med seg og rodde ut i dypta etter kveita, for dei hadde fått [77] seg nokre agnsilder – Og fisk bli det, for eg drømte om lus i natt, sa drengen.

«Tvi vori!» sa Solvi etter dem, slik som seiast skulde.

Dei sat inga stunda før dei hadd bitt. «Er det gamla sjøl det her, tru, hell e det Norig?» sa Anders da han tok til å dra. Det var ein tønnefisk. Ikkje lenge etter hadde dei ei til, og like stor. Drengen vart fortenkt. – Sjøl han veit korles dette var, sa han. Enten fiska dei i fegda, hell så måtte det vera runeri og develsmakt i heile stelle, og no vilde han i land. Det vilde Anders òg, men han sa stopp, han vilde kaste ein gong til. Den tredje storkveita kom opp. Henne kunde dei ikkje ta inn, og så prøvde dei å slæpe henne etter seg borttil Juviklande, Anders fatla kleppen og smikka i henne. Men så slo ho seg vill og gjekk. Det lettna for dei båe to: For mykje er for mykje, både i godt og i vondt.

Da dei kom heim, glømte dei fiskinga. Det hadde hendt noko stygt om natta, som alle snakka i. Vargen hadde komme på lande. Han hadde tatt til i Engdalen. Der som alle stader låg sauene ute enda, og han hadde rive og forjaga dem så det snaut var tredjeparten att. Så hadde han fare tvert over lande om Håberg, hadde ikkje set etter sauene der, enda dei låg midt i vegen hans, hadde så vore sør i Vikan og hadde jaga fleire på sjøen, og deretter gjort svingen om Lauvset og hadde gjort eit styggarbeid der.

[78] To vargar hadde det vore, det såg ein på fare i nysnøen, og den eine hadde vore halt .

«Vi får gjera mann-gar og jaga 'n tå landi,» sa Anders.

Hm, ja, sa husmennene, det var no så. Det same sa alle Anders snakka med. Det kom no så mykje an på korles det var vore med denne vargen. For den eine hadde no vore halt da. Og så vart fare reint vekk.

Før, når bjønn eller varg hadde komme hit på lande, var dei som ein mann om å gjera jag på han. Men no vilde ikkje ein vera med. Folk var som eit sleipt berg imot Anders. Han stod og flirte, for jamenn var det rart å sjå så mykje dumt folk for seg; men innvortes vart han meir og meir kald. Kva i hunden var det dei stod og meinte?

«E dokk ikkje fresk, folk?» – han steig til og fekk akslene i vêre.

Og han hadde så vidt overmakta enno, at dei tok åt seg auga sine og stod som dei vilde våre magen sin for støyt. Men dei trudde det dei trudde, og det var vondt, – han stod blett mo åleine millom fiendar.

«Det va fanken kor liti han åt , den-her værgjen,» sa ein.

«Ho mor fertèld om ei finntøykj, ho, som løypt værg,» mumla det ein annan.

Enno kom det ikkje anna for Anders, enn at det var berre værfaren hans dei stod og eitra over. Men det er meg dei vil innpå, tenkte han. [79] Og det tilgav han dem; for det var ikkje så ofte dei nådde til. Men da han gjekk heim, – han hadde vore heilt inni Lauvset-marka, – da kjente han seg tynn og fattig. Heile bygda hadde ligge på lur etter han. Ja, og så synte det seg for han, som skare i berge kunde syne seg og gape somtid, at dei vilde ta ho Solvi ifrå han. Ho skulde stikkast for det peke Anders hadde gjort dem. Han famla ikring seg med tankane, mest som han bad, at han måtte få lukka til å fara rådlig, så han ikkje gjorde både dem og seg sjøl ulukkelig. No spørst det om, Anders, gjekk han og sa.

Han fann ikkje eit ord å seie, da han kom inn. Solvi gjekk og illveltast for eitkvart, såg han; men kva skulde ein seie? Henne stod det elles ikkje på, for ho hadde han.

Han gjekk seg på ein husmann nedpå sjøvegen. Kor det gjekk på sjøen? vilde han vita. – Nei, no skal du seie meg, Lorns, kva dette her er for slag: Trur dei det var han Halt- Andrias som fór og reiv sau om nættene?

«Det e ikkj æg som sei det, hosbond!» klaga husmanns-såla seg.

«Og ho Solvi, trur dem ho va med? Svara mæg no, hell så går det gæli!» – Anders tok han over armen.

«Æg sei ikkj – sei ikkj eit ord, æg – – æg sei dem lyg, sei æg!»

Anders slepte han og gjekk. Men noko fann han vel på, trøsta han seg. Berre dei kom klobert fram med det; så han fekk handtak på dem.

[80] Den kvelden kom Petter og vilde vera på Håberg. Han stod det ikkje ut med Ola lenger, og så hadde dei fått i eit menneske til å passe han, den stunda han hadde att. Anders gav han ingen ans. Det kom berre for han, at det hadde flytta eitkvart vondt til gars med Petter. Han såg knapt nokon. Solvi kraup som ein skugge gjenom stua, visste lite kor ho skulde gjera av seg. Så det var likt til ho visste kva folk hadde for seg.

«Du skuld ikkj tak det så tungt, Anders,» sa Petter dagen etter.

Anders kjente det var gift i måle; men han undra seg berre: Tok han det så tungt da?

Dei var på vegen nord i liane og skulde hogge julved. Nordmarkliane ligg ut imot sunde på nordsida, og dei er bratte og ville, med storstein-ur og gammal skog. Nedunder dem er det bratte bergskulen som stuper i sjøen. Ein stad er det ei rind ned til stranda, og den vegen løypte dei veden.

Det small mest ikkje orde i dem. Petter syntes Anders gjekk der som ei krutkjerring, det skulde til ein urliten gneiste, så rauk han i vêre. Godt hadde han det ikkje, og ikkje hadde han fortent det heller; Petter vart reint opp-yngt av dette.

Ein stad er lia så bratt ho er mest ikkje klivande, og der har det ofte gåt bergras; det er halvvore farlig å ro der nedunder, serlig om våren. Der låg storsteinar på lur der no òg, [81] gjætarguten sette berre foten borti ein, og dermed tok han til og fór, snudde seg så smått, og tenkte seg om, i førstninga, men så la han i veg likesom han vart huga på sjøen, tok med seg eit par til og gjekk utover stupe så det lukta brent etter, karane stod og heldt anda, til dei hørte smellen da han tok sjøen innunder hammaren. Guten lo blankøygd, – det var ein av Åsel sine, og søskenbarne til Anders og Petter, ein villstyring til unge.

«Ha det vøri båt der no», sa Petter, «så ha du stått her som ein mordar, Ola».

Da det leid om litt, hørte dei åretak, dei kom riksande så mødesamt nedunder bergveggen. Folk heldt seg gjernast vel under land her i landvinden, for her var det livt.

Best det er, seier Anders, han tutar det vilt ut i vinden:

«Han inderli gali, om æg ha havt heile finnlusa her nedfor!»

Han såg bort på eit stort, mosegrodd bergstykke som låg og venta; det rugga enda på seg når ein sette foten borti det. Så vart han ståande still og tverstirre framfor seg ei lang stund. Han forstod ikkje sjøl kva han hadde sagt eller meint. Det var folke i bygda han var arg på. Men ikkje dem eingong vilde han vondt for ålvor. Han vart mjo i kroppen etterpå, han syntes det hadde fare ein svart og frammand ein tvert igjenom han; men no var det gudskjelov over.

[82] Det måtte no vel bli enten egg hell ungar tå det der, tenkte Petter; han kjendte ein livsalig flir i seg.

III

Dagen etter gjekk Anders til Engdalen. Han måtte ein stad, det var det. Nokon måtte han snakke med, og der fanns ingen annan enn henne. Enn Massi. Det var da berre nokre få veker sea dei var ur unge og hørte einannan til, syntes han; så ho måtte vel kunne seie han eit ord det var mon i. Han såg henne for seg som noko skinande lysgult og blått; Massi, det var den tingen som var god i verda, – som ein kunde gå til. Og no gjekk han.

Han fann eit frammand-kvinnfolk inne, og så Ola borti senga. Anders såg straks her stod eitkvart på, og han gjekk på tærne bortåt. Ola kjente han ikkje. Han låg og døde. Andlete hadde vorte blått på han, og auga åtte ikkje liv lenger; han tala og bala, men tunga var tjukk og vali så det vart berre ei klagande ulåt.

Da Massi kom inn og fekk sjå Anders, heldt ho på å gå att å bak i døra. Han gjekk og handhelsa på henne, og fram med handa måtte ho, men han kjente det tvert igjenom seg kor ho strita imot.

«Det står te kleint her, mein æg?»

Ho svara ikkje. Ho stod overgit midt på [83] golve. Leid om litt gjekk ho ut att, og han gjekk etter.

«No ska du sei meg ein litin ting, Massi!»

«Nei læt mæg slepp!» – ho gjekk ifrå han att.

Han vart ståande i vedskotte, som var i kjøkensvala, og han stod der enda da ho kom att. No møttest dei med auga, og der kom som eit liv over andlete på henne. Ho såg på han ei god stund. Så sa ho:

«Men Herre min Gud, Anders, at du skuld komma dæg borti noko slekt!»

Så var det ikkje meir å gjera. Han vilde sjå å komma seg heim. Det var som han skulde ta til med ein endelaus veg, og måtte krype enda.

Men han skulde gå innom på Lauvset, hoss han Kristian, sa ho; og snakke litt med han. – «Men gudskjelov lel, Anders, at æg veit du e – –»

Ho fekk ikkje til å seie meir. Anders såg i veggen og smilte:

«Så mang ein gong æg hi drømt – – at æg stod nakjin i kjerka. Ein kund døy der'n stod. Men så va det berreste ein draum. Kvar gong. – – No e det ingen draum».

Nei, for han var gift med finn. Slik såg det ut for alle i hop. Men han manna seg opp og steig inn, vilde seie farvel med Ola. Han la handa på panna hans, og stod litt. Og så gjekk han. Det var best å komma herifrå straks. For her måtte ein tru alt det Massi trudde, og sjå [84] alt det ho såg; det seig innover han som skodda og sjøen, la han flat nedåt.

Inn på Lauvset vilde han ikkje, men det bar dit likevel. Kristian var rædd han, kunde han merke, og det kvikka opp han litegrand.

«Korles va det, Kristian? Fertèl mæg det», – han sette auga tørt og visst på han.

Kristian vart fjamsen kring munnen, og gav seg til å snakke, men Anders fekk ikkje botn i det. –

«He?» sa han. «Ut med det, og det på timen ò!»

Det dagast litt om senn, så Anders fekk tak i at Kristian hadde vore oppi marka utpå morgonparten, det hadde slutta å snø, og det var halvlyst alt, Kristian hørte bjøllerangle føre seg, og fann sau for sau som var riven eller sprengt, og best det var, gjekk han seg på ei vargtik, ho sat attmed ein ihelriven sau og gjeispa. Ja, og den vargtika, ho heldt på og vart menneske att, andlete og håre og allting hadde komme fram, var ikkje til å missta på, – han kunde inga råd for det, for der sat ho beint framfor han og var varg heilt oppund haka, men ingen matlyst, og så fór ho, så var ho vekk med det same, og den andre, han var halt, og han hadde komme seg til unnrømmings, den karen han hadde vore ute i slikt erend før, han. Kristian hadde ikkje mål til å fortele skikkelig, det vart berre hakk for han, men hendingane kom [85] levande inn i stua, auga seig mest att på dem som sat der.

Anders stod og studde seg til veggen, litt krokut, men han syntes han retta seg bein og tøyde seg høgt ovom dei andre, og lenger i vêre enn han nokon gong hadde vore.

«Du såg det va a Solvi da?»

Det vart tomt og stilt i stua. Kristian blunka liksom for eit hogg i andlete. Men Anders gjorde ikkje noko. Ikkje hørte han kva det vart sagt heller, han såg det berre. Han snudde seg og gjekk.

Han sansa lite kor han trødde, men heimover skulde det bera. Javisst, heimover først, ein liten sving i all fall, og så kom han att, og da skulde dei få merke han kom. Bjønnjag, snakka dei om. Han skulde jaga dei av lande alle mann, han skulde indvie seg til slaverie på livstida. Det skulde bli arti å sjå dem levande forfælt ein gong!

For dei hadde brent eit merke i ryggen på han. Han var ferdig og til endes kommen.

Han prøvde å halde seg midt etter vegen, men han vann det ikkje; så full hadde han aldri vore før.

Det var eit ord han gjekk og mumla, han visste ikkje kor han hadde det ifrå, men slik var det:

«Min Gud, min Gud, hvi haver du forladt mig!» Når han berre hadde funne ei sjæl, ei einaste ei, som tvila! Men dei hadde smidd han inn, i svarte spikartønna.

[86] Men kanskje, når han kom heim? Når han fekk sjå henne? Var det så reint umulig at ho kunde vera den ho hadde vore før? Kva var det, det dei kalla nåde?

IV

Solvi var åleine med gutungen i stua, da Anders kom. Ho gråna over alt andlete med det same ho såg han. Han kom stomlande inngjenom døra som eit frammandmenneske, løfta kneene høgt i vêre som ein blind ein, og hadde auga ståande stivt fram i vêre. Ho gjekk attlenges imot veggen, da han vart vâr henne og kom imot henne.

«Men Anders!»

Han visste ikkje enten ho kviskra eller skreik, men måle var sprukke og stygt, det var ein finn som skreik, og no først såg han det var finn-andlet ho hadde, tvi han svarte, rame, han var gift med ei gammal finntøykje! Det hadde heile bygda set, men ikkje han. Og kvifor satan vart ho rædd han, straks han kom i døra? Kva var det for slag som vettskræmte henne?

Han stod halvt og lya. For det var ei røst som vilde nå i han, der var einkvan som vilde han vel. No hørte han det, eit stort, eit tungt, eit sorgsamt mål. Det måtte vera heile bygda det der:

«Vær nu en mand, Anders! Vær den jeg holder dig for, Anders!»

[87] Han hørte det så granngivelig, ord for anna. Og innerst innanfrå han sjøl svara det, han hørte det som noko slag song, eller som eit raut frå djupaste skogen:

«No e æg det ja. Dokk kan vara stø på det!»

Han tok seg eit par svingar over golve, med hendene på ryggen. Så stana han, og sa det grovt men rolig:

«No val du komma dæg herifrå da. Liti fort!»

Auga vart større og større i henne, rettno var da visst finn-auge hennar like stort som det andre.

Ei lita blink heldt ho på og vart Solvi att, og enno kunde allting snu seg rundt og bli som før, han måtte mest ta eller eitkvart å stø seg til, men så var ho berre finn-førkja der ho stod, ho forgifta heile huse for skikkelig folk, han måtte opp med døra:

«Ut! Både du og ungsatan din. Læt mæg ikkj ta ette dokk!»

Ho seig ut gjenom døra, stilt som ein finn – berre ho kunde komma seg avstad litt svint!

Blode sette til hovudet på han, han treiv ein stol og slo han i knas mot golve:

«Kom dokk herifrå, og det på rennande aublinkjen ò, hell så rinn her finn-blod snart!»

No såg han dem båe uti garen, gutungen snudde seg hit, men så tok ho han og fekk han med seg – kringføtt som finnen ja, og det var bra, finnungen var det ikkje verdt å syne han no, om han heitte Per aldri så mykje. Han [88] gjekk ut og ropa etter henne, at ho kunde gå til Nordvågen og ta færingen hans, så rodde ho innetter; så skulde ho få pøre sitt etter seg skikka, med all som først.

â«Visst æg ikkj tek og brenni kvar ein smitter!» lo han, og så gjekk han inn att.

Petter stod borti stallporten og stelte med ei gammal børse, han tenkte seg åt skyttarskogen. Anders syntes han stod og kaldflirte, og det gjorde han slakk i knea: Slik lo dei kanskje alle no. Han snudde seg til han likevel, og sa med stort ålvor:

«Du skuld ikkj stand og flir åt slekt, din gutskit. For her – her hi Vårherre haldi dom!»

Han tok dei orda oppatt med han gjekk inn. Han bad slett ikkje for seg lenger, no kunde bygda komma att, vilde dei han noko; her var det reint hus.

Han gjekk og leita, men han visste ikkje kva det var etter. Endelig hadde han det i handa, det var ei gammal piggøks som stod under trappa, og som dei brukte til litt av kvart; han gjekk åt fjøse og slo i hel tvillingkalvane, og hivde dem på dynga. – han hadde aldri set så fine kalvar før –, og så gjekk han åt bekken og vaska fingrane sine.

Det var stilt i stua, da han kom inn att. Dei torde knapt røre seg. Og det gjorde merkelig så godt.

«Ja ha ja», sa han, da han hadde sett seg. «Dem kann gjera mæg blind; det kann dem. [89] Men når æg så vakna, da ska dokk vâr dokk, folk, – æg varsku dokk om det!»

Det saug ein uklår lengt igjenom han med han sat der, at no skulde han ha vore ute, i lag med folk, han skulde ha havt folk i nærleiken om ikkje anna. Nei, visst, han hadde ikkje vunne å vera i lag med dem, nei ikkje enno på lang tid, her var ei skodd med finnlukt i kring han. Men det gav seg vel, det gav seg; med tid og stund. Herre gud rett, det var lenge sea han var menneske og var saman med dei andre.

Budeia kom inn, stod på dørstokken og spurte om eitkvart, mat var det visst.

«Du Beret du,» sa han. «Du val røyk med eini over heile huse, så vi får ut finnlukta, – her må no vel komma folk hit ò, ein gong enno.» Men så reiste han seg og skræmte henne på dør: «Ha æg no vøri oppi Nordmarklian, så ha det rulla stein i sjøn! Høyri du det? Forstår du mæg?»

Han visste elles ikkje om han sa det. Han tok til og undrast over det sea, men vart aldri viss.

Han var borti maten som snarast, men den klara han ikkje, det fekk vera til så lenge. Gjekk så ned åt nauste og gav seg til å salte kveita. Den skulde han no ikkje kaste på dynga lel, det kunde vera trollfisk så mykje det vilde, tullsnakk, hørte han ikkje etter. – Nei, det var det, sa han og retta på ryggen, – eg såg kva som måtte til. Develskap skal ein ikkje tåle; kor ein så finn han, Og no er det ifrå-seg-gjort. Dei kan ikkje anna seie. Og da han gjekk opp frå sjøen att, [90] stana han midt i vegen og anda stort og fredsamt: Ein kan ikkje leva utan å ha som ei ordning i kring seg; umulig ting.

Da han var heimkommen og hadde vore i stallen hoss hestane, kjem Ola-guten, gjætaren, springande over gjorde nordant, han er andpusten og forkava og ropar eitkvart.

«Kann du ikkj høyr da, Anders, det ropa – det hi gått gæli med inkvan i sunde – hord det skreik! Det rausa stein i sjøn, og så skreik det, det kom nokon roanes – kan du ikkj skynd dæg!»

Anders venta til han fekk full grein i det. Guten hadde vore oppi lia og sett årfuglsnarer, og med det same han sprang over steinrinda, losna det ein stein og fór i veg, og han tok med seg andre til det vart ei heil skrei. Litt etter ropa det nedunder. «Det va mest som ein haning som gol,» sa guten. «Og steinrøykjen han stod himmelhøgt!» Guten saup åt seg ei mengd med luft, slepte henne med eit stønn og såg forvilla på Anders. – Hørte han ikkje det rodde da, før steinen losna? spurte Anders. – «Nei, æg hord ikkj eit ord – æg hord ikkj det slag, æg!»

Anders gjekk nordover, låntok ein færingskarv, for hans var der ikkje, og rodde innetter. Det bles ein strid austavind imot kvelden, ein kastut og kvass skarsnå, som vilde ta huva av hovude på ein, men innunder lande var det livt som inni hus, det var blanke vatne å kalle.

Han såg ikkje likt til nokon ting. Det hadde [91] komme ned stein, syntes han sjå, malli òg; men elles var det sjøen og berge og ingen anna ting. Han svinga ned i sunde, bort i vinden og båra, og langt om lenge fann han ei av færings-årane sine, og straks etter ei tilje. Utover mot Skarsvågen fann han auskare sitt. Han rodde att og fram i sunde til det var mørkt, var heilt over til øyane, men noko meir vart ikkje å finne. – Dei måtte ha fått båten full med stein. Og da hadde det gått fort med dem.

Han spurte Petter, kor han hadde vore, – han sat just og fekk seg mat da Anders kom heim. – Han? A, han hadde vore inni Lauvsetskogane. «Forunderli!» sa Anders. Fleire gonger utover kvelden hørte dei han mumla det. Og med seg sjøl sa han, da han hadde lagt seg:

«Du veit, når han legg seg borti det, da bli det allvor tå.»

Det var Vårherre han meinte. Og så sov han godtsom med det same; han hadde knapt sovna så fort nokon kveld.

V

Det vart sledaføre til gravøle i Engdalen, og høgmåneskin attåt. Dette var mykje til vêr, etter den årstida, syntes folk; det kom reint som ein gave, dei gjekk og undrast og snakka frampå om det. Så var det ein av gammalkarane som [92] sa det beint ut: Dette vêre kan vi no vel mest takke han Anders på Håberg for. Dei smått kaldflirte, og smått tagde, for slikt fór ein no ikkje og sa; om det var aldri så sant. Og skulde ein no først snakke om den tingen, så tykte dei han hadde fare åt som ein trehest. Når ein hadde gifta seg med finn, så fekk ein leva i lag med finn, og den som ikkje var mann for å tukte kjerringa si til folk, han skulde inga kjerring ha. Og ikkje var det sagt det var stort i alt det som vart fortalt heller, både den og den hadde tvila på det. Dei undrast på om han kom til gravøle. Dei hadde snaut nok set han sea det hendte.

Anders kom. Bleik og stillvoren var han, men han hadde med seg slikt trygt ålvor, at dei gjorde rom for han der han kom. Dei helsa like lågmælt og høgtidssamt på han som på Massi sjøl. Dei såg på han frå alle kantar.

For Anders hadde det vore eit tak å komma seg avstad. Han gjekk heime og sakna folk, men når han møtte nokon, kunde han knapt samle seg så pass at han hørte det dei sa. No var han likevel glad han hadde komme. Det var godt å ha dem omkring seg.

Presten var òg i gravøle. Han helsa berre stutt på Anders, på han som på ein av dei andre. Eit par gonger såg han bortover dit Anders sat, men attlæst og frammand var han. Det tok mest sveitten ut på Anders. Gong for gong snakka han seg inn på han, seig på han med full tyngd, [93] men like nær kom han: der var ikkje noko som svara i presten, berre nokre allmanns-ord.

Massi gådde han lite og ikkje i heile gjestebode. Ikkje var det stort om henne heller. Handa hennar kjentes kvik ihelfrose, da han baud farvel. Ein kunde vel ikkje vente meir av eit kvinnfolk.

Anders meldte seg til å skysse presten heim, for han kjørte åleine og skulde same vegen å kalle. Det vart slik. Det var blanke vinterkvelden, skogmarka skjein i kring dem, og dombjellene song høgmælt og blankt over henne; fjellskogen låg som svartblå band under dei runde kvite fjellpyntane. Men presten han sa ikkje eit ord.

Da dei var ute i prestgaren, baud han Anders inn likevel. Så skulde dei kjenne på juleøle, sa han, for no var det takande. Dei sat og drakk ei god stund, og presten snakka om litt av kvart. Så tagde han, og Anders med. Endelig seier presten, og han ser beint på Anders:

«Slig gikk nu det.»

«Ja-a. Slik gjekk no det, san.»

«Som jeg frygtede, altså. Som jeg frygtede.»

«Korles det da?»

«Nei, forresten. Jeg frygted ikke stort. Hadde kun ventet at du bar litt mere. At du bar det ubegribelige, Anders. Men – på den anden side –»

«Ja? Vi ska no vel ikkj læt'n Erik sjøl gå stavlaus imillom oss hell, veit æg?»

Presten dreg på augebrunene; dei kunde gå så høgt i vêre; augehåra blykta liksom han hadde [94] komme for nær lyse. Så drakk han ein sup av kanna att og røykte. Anders ønska han kunde røyke han òg; det skulde stø ein ikkje så lite, det, gjera så godt i sjæla. Litt om senn lyser det fram for han, at presten sit og minns Solvi, sit og ser henne skyldlaus framfor seg.

Da reiser han seg, seier takk for seg og vil gå. Han vilde ha seg vekk, langt unna presten. Men han kjem ingen veg. Det at presten tier, synes han gjer det tvert umulig. For presten, han visste alt i hop, det kjente han på seg. Alt i hop, både det vonde og det gode.

«Det vat eit tak ,» seier han og stryk seg over panna; – «det var berre så vidt æg – –»

«Jo. Det vil jeg tro. Så når folk skjøv på, så – – måtte det vel gå den veien.»

«He? Skuva på, sei du?» Anders trødde til, halvt i vreide og halvt i angst. Så slaknar han av, alt med seg, står lenge og ser beint på presten, kan liksom ikkje få til at det er eit andlet han har framfor seg; levnar så til att og frys over alt hovude, og så spør han lågt og håst:

« Trur presten ho va oskyldig da?»

«Ja, Anders. Før måtte solen blive sort, før hun blev det. Solvi …» Og han sukka reint med seg sjøl: «Ak Herre ja!»

Anders var nær på å sjå det slik som presten såg det, det kom for han, i ein svimrande augeblink, at han kunde ta kva veg han vilde. Men inne i han reiste det seg ein vegg med ustyrlig makt, all hans natur braut på og æste han opp, [95] dette måtte han berge seg med live og æra igjenom:

«Æg hi no delt både bord og seng med finn lell – det va gann og ingen annan ting, kom ikkj og fortél mæg nytt, prest!»

Presten røykte og såg på han. Auga hans låg over Anders som eit stilt og rolig vêr.

«Trur ikkj presten på noko slekt da?»

«Ikke du heller, Anders.»

Da svartna det for Anders. Slikt hadde han aldri vore ute for før. Han måtte stå og bie ei lita stund,

«Nå, æg trur no liti tå kvart da; trur liti som æg vil, gjer æg!»

«Ja-a, det forstår sig. Litt som du vil ja. Vi gjør så alle. – Ja ja, Anders, jeg siger endnu en gang: Guds fred med dig! Du kommer nok til at se

Anders sa godnatt og gjekk ut. – Det kunde så vera, at han kom til å sjå det han ikkje no såg. Men han var ikkje så blind heller, som presten meinte. Han var no ikkje åleine som hadde set det der.

– – – Tida gjekk som ho kunde. Anders heldt seg vekk ifrå alt folk. For snudde han seg den vegen, så var dei der alle som hadde vunne over han, dei som hadde syge han til seg og tyngd han nedåt; han tålte ikkje minnast det. Snudde han seg åt andre leia, så var presten der, så stod han der og såg for seg det som var rivande gale, og sukka og mumla: «Ak Herre, [96] ja!» Dei hadde gjort ein bra gar ikring han. Men berre dei gav han litt tid, så skulde han komma til ei endlyktels med seg sjøl . Og da var det verste gjort.

Ein dagen vart han vâr Petter, at han gjekk her og såg på han. – Kva er det du går her etter? sa han. Var det ikkje likare du kom deg herifrå, til Engdalen eller nokon staden? Petter var like blid han, og tok sitt og fór. Og gutungen, han Ola, reiste heim til mor si; han treivst ikkje her lenger.

Juleftan stod Anders ute på Håberg og hørte kirkeklokka, da dei kløkte inn høgtida. Det var ei god halvmil, beinveges, og enda over høgfjella, ho nådde mest aldri hit. «Kom! kom!» song ho.

«Javel, da vil dem mæg inkvart,» sa han. Det var liksom presten budsendte etter han, og no vilde han i veg.

Han tok på seg helgaklæane, og så strauk han. Han la til nordre vegen, over fjella å kalle, for det var litt snåpare, og ingen å møte. Ikkje vilde han rie, og ikkje kom han på å ta skiene. Det var berre eitt som var noko, og det var at presten vilde snakke med han. Han hadde venta det heile tida, slik kom det for han no; der måtte han ta til, skulde han få noko greie på live sitt meir.

Presten var forundra, da han såg Anders kom inngjenom døra, for julkvelden var aldri folk ute og fór, minders det stod eitkvart på. Han kunde knapt kjenne denne stirøygde karen, det var ein vill fiendsmanri å sjå til. Han bad han med seg [97] inn på kontore, for presten hadde frammandfolk i jula.

Anders såg seg rundt, på alle bøkene. Der var det da endelig nøgda med visdom. Der kunde ein visst læra med ein lysta, både vakkert og stygt.

Anders fortalte han hadde hørt kirkeklokka, og at han tykte det var som eit bud på seg.

Det var kanskje det òg, sa presten. «Jeg har jo så at sige ventet dig, Anders.»

Anders sat og snudde huva millom hendene og såg ned. Så ser han op på presten, trøytt men hardt:

«Å ja; det e fjortendagan no sia æg va her. Det hi vøri mang ein dag sia den gongjen. He! æg e som småguten i mørkri, æg tør ikkj sjå att. – Men det va det æg villa vetta: Kofor skuld æg komma borti det der? Æg meir hell ein annan ein? Når det ikkj va gann og develskap? Du ska svara mæg på det!»

«Det kan jeg virkelig ikke, Anders. Det måtte vel så være Forsynets styrelse, ikke sandt?»

«Gjern det fer mæg. Det va no ei pæn styrels, om så va.»

Presten tala lognt og varmt til han, om den store kjærlige viljen som styrer allting, gjenom godt og vondt og framtil det som bedre er. Anders sat som han hørte etter og var enig i det. Men best det er, seier han:

«Trur presten det va æg som drap a Solvi? [98] – – Ja, fer: æg ønska den stein utover a – æg ønska finn-famelin på sjøn, ka anna skuld æg gjera?»

Presten tenkte seg om. Så tok han til å tale att, smått og letthendt, men slik at Anders måtte høre på han. Og da han hadde komme dit han vilde, sa han:

«Gud dømmer, Anders!»

«Ja? Ikkj sant? Det va just det æg meint, æg ò. At det va han som sprengt ganne og heile greina ja. Så det der, det legg æg ikkj på mæg.»

Anders måtte undrast, kor frisk han vart. Han kom i hug eit brandsår frå han var liten: Det sveid og sveid, men det skilte ikkje han .

«Og han tilgiver dig, Anders, hvad du har syndet i heftighed og uvidenhed, ligesom han tilgiver os alle.»

«Å ja, det bli vel eit stell på det , san.»

«Se nu til at finde ro da, for det første. Tænk kun slig, du, at dette har Herren selv ledet i sin visdom.»

«Ja vel. Ja vel. – – Men enn ho Solvi da? Fer ho va oskyldig ho, du hi rett i det; det nøtta ikkj kor æg snur mæg. Og æg ønska stein utover a, både utover ho og litl-guten. Og stein' han kom. Og her står æg. Og ho va oskyldig, som sagt. – Nei, æg kan gjera rakl' av heim igjen. Fer det som e, det e no slik det.»

«Du har rett i det.» Presten sokk reint ihop, så tunge fall dei over han, orda frå Anders. Han [99] var kløkt og rådlaus, treiv berre etter eitkvar å seie, men så råktest det til å vera det rette. Han la handa på aksla til Anders:

«Solvi, hun tilgiver dig, Anders. Husk stedse på det.»

Da set Anders seg stilt ned i armstolen ved borde, krøker ryggen og bli sittande still. Gong for gong brytst han liksom i hop i stolen.

Da han reiste seg, var han ikkj Anders lenger, syntes han. Han hadde glømt både presten og kva han kom for, han hadde vore smågut og hadde gråte, eller kva det var.

Han gjekk i grå nat millom haugane og over fjella. Han hørte kaldhukra oppi liane; der var mangt slag ute og gav lyd i natt. Og Vårherre han sprikte med stjerner all himmelen utetter. Dei glinra hitover og flirte til syndaren. Og folk dei var heime kvar hoss seg og heldt jul. Ingenting skilde han. For ho Solvi, ho tilgav han, og litlen med; det var det siste dei gjorde før dei sokk.

Men Anders gråna i håre den vinteren, enda han berre var 30 år.

Massi

I

[100] Petter var den som først vart vâr at broren hadde gråna. Han kom slengande heim til Håberg gong og annan utover vinteren. Det var likt til han måtte sjå broren, og det gjorde Anders godt; – anna folk vilde han ikkje sjå.

Han kunde vel komma og vera her att, no snart? sa Anders ein kvelden Petter var der. – Det var no ikkje så godt med det, sa Petter. «Ho Massi bestast ikkj med går'n ålein», la han til.

Ho hadde no han Lars, drengen.

«Ja, på ein måti så – –», Petter blunka fult til broren.

«Æg veit ikkj æg, Petter.» – Anders flytta seg att og fram i benken, tok seg over panna og auga alt i eitt –, «æg veit ikkj æg – men vi hi vorti så frammond fer kvartanna, i det sist.»

Petter såg opp på han, møtte han så blankt med auga, slik han gjorde med han var småguten:

«Sei du det? Vi to, vi skuld no vel kjenn kvartanna tåli bra.»

[101] Anders tykte han fekk ein styng. Han hadde mist bror sin, attåt alt det meir.

«Men koles e det vori Anders: æg mein du hi gråna i håri?»

Sea snakka Petter frampå om det, kvar gongen dei råktest; han undrast av så godt eit hjarte.

«Læt mæg sjå det går bra med dæg i Endalen,» sa Anders.

Og det gjorde det. Massi tok til med nytt mot, da han kom. Ho var ikkje den som vart sittande i svartklæane og fånast bort, sa folk, og no når Petter var der, vart det ein annan let på dagen. Det gav slik trygd i huse. Nættene var så lange og daustille, dei var det verste; og da var Petter god å ha der, for han beit det ikkje noko på. Ho heldt han ikkje for stort til kar, og slett ikkje for ein vaksen ein; men han hadde det med seg, at ein hørte ikkje noko da lenger, fanns ikkje noko slikt til. Så trygt eit menneske hadde ho aldri budd under tak med før.

Det var slik mon i han elles òg, på garen. Ho kunde seie opp drengen, og enda slapp ho tenke på det som uthyses var. Han kunde ikkje ha passa sitt eige bedre; og han kunde kva det så skulde vera.

Alt dei første dagane han var der, tok gjentungen til å vera folk. Massi hadde ikkje att andre born enn denne stydotra, og det var eit troll til unge som det beit verken vondt hell godt på; ho var 7 år no, og ho vann over Massi i eitt og alt. Anns-manns barn er det ilt å tukte, [102] når ein skal vera mor for det. Men Petter var ungen livande rædd; han kunne få henne til å krype som hunden for seg; han var den einaste ho vart glad i.

Massi vart elles litt uviss med Petter, etter kvart, ho merka det sjøl. På eitt eller anna vise var det vondt å ha han gåande der. Men ho skjønna det ikkje, og gav seg ikkje om det, for undvera han kunde ho ikkje. Utpå sommaren måtte ho tenke på han oftare enn ho vilde. Ho vart ståande stav still og undre seg, mange gonger. Og sistpå kunde ho ikkje løyne det for seg: Det vilde vera sårt, om dei kom og tok han ifrå henne, nokon, slik stod det til.

Han var ikkje heime alle nættene, han meir enn dei andre ungdommane, men det var det at han stal seg vekk, og stal seg inn att. Ho kunde vakne svartaste natta og vita det så vel, at han låg ikkje oppå lofte no. Somtid kunde ho bli liggande vaki utover kvelden, så trøytt ho var, og så hørte ho troppa som ikkje kunde tie med nokon ting, og så ytterdøra. Utpå morgonsida same tjuvstiga att; men da var det ein lettna lel, for no var han da heime.

Ho gjekk i vekevis og la over med seg sjøl, vart både varm og kald, og så endeleg snakka ho til han. Ho gjorde det med hoppande hjarte, som dei sa.

Han tok det rolig, slik han tok allting: Han hadde vore hoss gjentene ja. – Kor helst da? – Nå, det visste han no ikkje om han fortalte. Forresten så hadde han vore der og der. – Hoss [103] tausa? Fór han som tausmåg da? – Nå, nokon måg var han no ikkje. Men han kunde no vel ikkje legge seg for i vinterhi heller? – Men han skulde minnast farbror sin, han Jens; at det ikkje vart slik med han òg. Petter lysna til:

«Ja? Han farbror og æg, vi – vi e no vel to spona tå samma skia, vi. Det e ein mann og ein stakkar i vår slekt. Og han Anders vart ikkj stakkarn, kan æg tru.»

«Ikkj å gå dit meir, Petter. Ikkje å gjera det lel du!»

«M – det hi æg no alder lova. Og alder haldi det hell. Men – æg kund no lova dæg det.»

Massi tenkte mykje på det Petter sa, at han var som Jens. Han gjekk seg ned i første myra han møtte, tenkte seg ikkje annan lagna. Og det skulde ikkje skje. Ho kunde bli mjo i knea der ho gjekk: ho fekk så mang ein rar tanke til givings. Ho var ikkje Massi, tykte ho, visst ho let han gå seg ned slik; no når han ingen annan hadde til å sjå etter seg. «Det får kost ka det vil!» sa ho ein natta, og dagen etter snakka ho beint ut til han.

Dei var på låven og la korn. Gjentungen sendte ho inn eit erend. Ho tok etter pusten, liksom ho hadde sprunge ein motbakke som var større enn stor.

«Æg mein da ikkj det æg, Petter, at du skuld lava som ei gammel moster all din dag. Æg veit meir hell så. Men du er for god te det der; det e berre det æg tenkji på; alt anna val det [104] vara det samma med. – – Du får i gudsnamn heller komma åt mæg da; når gæli ska vara.»

Ho skulde ha sagt mykje, mykje meir, om det at det berre var for å berge han ho gjorde dette; men ho var så rædd å stane midt i det, at ho fekk ikkje fram eit ord. Så fekk ho heller seie han det sea, og så vilde ho fortele han kven ho var, og kvifor ho hadde tatt Ola som ho aldri hadde vore glad i, det var for det at Anders hadde både trødd og trampa på henne, det var einkvan som hadde trolla det slik til, og aldri hadde ho vore glad og lukkelig som ein annan ungdom, i heile sitt liv! – Ho stod der i halvmørkre og let det fara igjenom seg, og så hadde ho berre denne vesle tanken å halde seg i, og han vart stakarslig tynn: at ho skulde berge han. Hendene hang slakt ned på henne.

Ho syntes sjå han vart glad. Han vart visst glad til gagns; han vart så rar i andlete.

«Om laudagskvelden da,» sa ho, og da det var sagt, kom gudskjelov gjentungen att.

Dette var først i veka. Og Massi levde seg framgjenom ei rar tid. Ho måtte undrast, om det var live som heldt på og kom til henne no. Han òg syntes visst det var rart. Han gjekk likesom han hadde gjømt gull ein stad, kom det for henne.

Og det syntes Petter i grunnen han hadde. – Kvinnfolk er uransakelige folk, sa han til kammeratane sine. Lest aldri som du ser dem, så har du dem snart hengande i strupen på deg. [105] Så vaknar du ein dagen og har armane fulle, får lykksaligheita lukt i hue.

Dei hadde aldri hørt Petter seie slikt før; han var gjernast berre kaldfliren.

Det var ei still natt, mørkgrå med svart skog, og kvite stjerner over fjella. Midt i djupaste stilla kunde eit lite tre ta til og suse, så svara eit anna eit, og straks susa det i vide flak skogane bortgjenom, rodde med barvenger alle liane innetter, mumla i halvsømn og dorma til att. Det var ei slik natt, da allting kunde hende seg. – Og så kom morgonen rinnande over fjella, ein ny og blank sundag som ingen hadde set enda, han låg lenge over fjellranda og raudna og lysna til, og innover stuegolve kom han med lysblakke tavler og ein forundra smil.

«No val du gang,» sa Massi. «Det e løsan dan alt.»

«No-føst vart det godt å liggji,» sa Petter. «Fer no ligg æg der æg ska liggji no.»

Dei orda hadde Massi ønska å få høre av han, det kom enda for henne at det var dei som hadde lokka henne ut i dette. Men likevel bad ho, liksom det stod om mykje, at han skulde gå.

«Han ska bli storøygd, du, og hengøyra, han Anders bror min, når' n får nysn ti det her,»

«Du e no vel ikkj gælin: han ska da vel ikkj få vetta det?»

«Nei, det ferstår sæg. Men det ha rett vøri tysing åt'om.»

Men korles var det med han Anders no? [106] vilde ho vita; – bar han ikkje dette skikkelig at han hadde jaga finnane sin veg?

«Skjel mæg ikkj,» sa Petter og gjeispa. Å jau, bar det gjorde han no; Anders tok seg aldri nær av nokon ting.

Nei, for resten. Han var bra fri for det. – – Og det var ein stor ting! la ho til om ei stund.

Petter låg og smått lo.

Og så den steinskreia da, sa Massi, ho låg og såg uppunder take. – Der måtte han da tydelig sjå det, lel, at det var ein høgare mann som heldt i handtake.

«Vil du vetta kem som gjord laus den skreia, Massi, så ska du spør mæg!»

«He?»

«Spør mæg, sei æg. Veit ikkj æg de, så veit ingen det. Fer det va æg som va Vorherre den gongjen.»

Han fortalte utan å blunke, at det var han som narra gjætleguten til å springe over steinrase da han hørte dei kom. Så gjorde Vårherre resten , det var sant. Så hadde Petter trua guten på blåe live, at han skulde ikkje fortele han var der; og det hadde gutpåken halde som ein juviking.

Massi låg lenge. Ho glømte reint at dagen kom.

«Men at det va slik da,» sa ho. «At det va slik ! – – Veit' n Anders det, at det e slik det hi sæg?»

[107] Det gjorde han no vel. Visst han ikkje var tosk da. Og det var han vel ikkje, han ?

Ja, berre han visste det! sa Massi. For elles låg Anders og sveitta og grunda og tykte han var mordar, – det hadde presten fortalt henne: han meinte han hadde ønska ned denne steinskreia.

«Han ska snart få anna å tenk på no,» sa Petter. «No når'n får høyr at vi to – – »

«Huff, snakk ikkj tull no. Stig opp, høyr i du, førn dem vakna på lofti!»

«Da kjem æg ikkj att meir. Visst du jaga mæg.»

Massi bles, både harm og hastig, det var nær på ho hivde han fram utor senga. Endelig fekk ho han opp. Han stomla mest han vann, da han gjekk, så tausa skulde høre det; og Massi tykte halvt det var ein lettna i det at han tok det slik. Sa var ho ferdig med han. Og tausa ho sov som ein stein.

Steinskreia hadde gått i rette blinka, det stod fast. Ho kunde ha halde av Petter dubbelt for det, merka ho. Men ho var hjartans sjuk og ulukkelig, – ho hadde aldri halde av han!

Ho hadde vore utru imot Anders. Om han så aldri vilde sjå henne meir. Og no låg Anders og tulla og fekk ikkje denne steinen av bringa si. – At ho hadde forset seg på denne gutladden! For slik var det. Ho vilde snakke sant når ho snakka med seg sjøl.

Men no trudde ho mest ho fekk mot til å [108] gå avstad og fortele Anders om denne steinskreia. Og det trongs, det visste ho.

Petter fekk ikkje fliren for seg, der han sat på senggavlen oppå lofte. Det var første gongen det slo klikk. Første gongen òg, at han hadde vore nær eit menneske at han måtte fortele eit ord for mykje. Så rausa heile helligdommen med det same. Å nei, han Anders tukta ein ikkje med ein stein. Sjøl veit kven som hjelpte han. Petter visste ikkje om nokon. Verda var både tom og snau. – Eg vil han ikkje vondt, trur eg da, sa han, da han gjekk ned og sette ut hesten. Han kom i hug Massi, og han hadde det vondt som hunden; for henne skulde ikkje Anders ha havt. Likevel var det ein stad inne i han at det levna til og dikta i hop som ein slags song:

«Såles går det: Somm messi det og somm får det.»

II

Anders låg i full fastande sømn, det var ei natt utpå seinhausten. Han låg nedi stua, og tenestfolka på lofte. Da vaknar han og synes han er ikkje åleine inne. Han ser seg i kring, og bli vâr ei som sit på senggavlen hoss han. Tanken på Solvi kryp igjenom han; han vilde gjerne ha snakka med henne, men ikkje når ho kom slik. Han smiler likevel, for dette var da skrømt, kven det så var, og det hadde han [109] aldri set før, ikkje på så nært hold da, – ja, og ikkje er det Solvi heller, det ser han no. Han spør kven det er.

«Det er da æg. Det e a Massi.»

«He? E no du ut og fer, på den-her tia?»

«Ja, det va så månløst. – Og du søv?»

«Ja, om natta så.»

«Kem du trudd det va, da?»

«Ingen, og knaft nok det ò.»

Han hørte ho sat og strevde med anddråtten; kanskje så hadde ho sprunge i sju rædsler hit gjenom marka. Den som hadde havt seg eit brukbart ord å seie. Da hørte han det stilt og varmt imot seg gjenom halvmørkre:

«Når du alder kom åt mæg så.»

Anders tenkte lenge og tungt. Han kom til å ta borti handa hennar, ho føyde seg så villig inni hans. Men han slepte henne straks. Ho kom etter, syntes han, og så flytta han si langt unna.

«Å nei, Massi. Det får vara no. Helvgjort e ikkj så liti det hell, sa rakkarknekten. Den som hi tikji live tå ein konnå, han kann no gi sæg tia.»

Han låg no vel ikkje og tulla med det enno, at han hadde ønska ned den steinskreia?

Nei. Men han hadde no ønska ho kom lel. Og det kunde vel vera nok? Han let handa falle tungt ned på fellen: Verda var styrlaus. Ho skjeiva og slong dit ho sjøl vilde. Så kunde [110] ein vel sette seg på ein stol og sjå på. «Ho e styrlaus, høyri du!» –

«Ja, det veit æg vel. Minders ha eg knaft kommi hit. Det meint æg du skjønna, Anders.»

Ho kom til å minnast vegen ho hadde fare, han var lang og utrivelig så det halve kunde ha vore nok, nymånen gjekk attom svarte stygge skyer, gliste fram som ei gul tann med kvart, og da vart mørkre levande og tok etter ein, – det kom for henne som ein draum at ho fór der, og attende torde ho ikkje gå, ikkje åleine, eller før det vart morgonen og verande ute for folk. Og så det at ho sat her nattens tid, og tenarane på lofte beint over henne, og Anders framfor henne som ein fiende og eit villframmandt menneske. Tanken fór over det, og tok til med sitt att.

«Han far din kjem så for meg somtid, Anders. Han står der så tydelig. – – Det va han som plaga dæg i veig – så du ranga tå dæg finnherkje. Trur du ikkj det?»

«Æg trur alder det grann æg.»

Men han tenkte på faren ei stund. Det er ei skamm, er det, at så små folk nemner så stor ein mann, tenkte han. For faren sveiv alltid i ei lys skodd for han, han var noko stort og hellig som berre hørte han til.

«Du gjer ikkj å fortel mæg noko om'n far.» sa han. – «Og finnherk skuld du ikkj vør å sei, her i huse.»

Han var ikkje Anders på Håberg, når han låg og kjente på slikt, – det var granngivelig [111] ikesom ho hadde fingra borti eit sår –; nei, og han vart visst ikkje Anders meir heller. Det ór ein småmanns-vonskap i han; for her var det ikkje lovlig å slå.

«I den-her sengja, Massi – – i den her sengja – – du ferstår mæg vel?»

Ho gjorde det. Ho tok til seg handa att, som var ute og leita etter hans. Ho tok seg for bringa. For no tenkte han på henne , såg henne visst for seg, det kjentes slik. Han var ikkje lenger kommen enno.

Han la hovude andre vegen, snudde seg ifrå henne, slik ein sjuk ein prøver snu seg ifrå pina. Så snur han seg fram att og seier hardt:

«No ska du gang din veig.»

«Ja, men du ska lova mæg eitt. Anders – »

«Knaft nok.»

«– at du stig opp og e Anders som du hi vøri, at du prøvi å – »

«Kan du ikkj komma dæg på gonga da, menniskj! Lat mæg ikkj sjå dæg så giftarklein.»

Ho tagde litt. Ho hadde ikkje trudd det var så kleint med han lel. At han treiv etter handfeng imot henne.

«Veit du kem som løyst den steinrausa, Anders? – – Han Petter, bror din. Han fertèld mæg det sjøl.»

«Skjel mæg ikkj. Ikkj det minste granne hell!»

«Ja, men – vi må no vel bynn med live igjen, Anders? Fer det venta dem sæg tå oss.»

[112] «Reis te Helgamess!»

«Ja men æg kjem att. Vara stø på det.»

Da hørte dei eitkvart utom veggen, eit par steg fram imot glase, ein kunde tru det var mørkre sjøl som kom stigande. Og så låg det eit andlet på ruta inn til dem. Massi hogg i handa til Anders, og han reiste seg og såg dit. Måneskova gulna fram i en gløtt milliom nattskyene. Og andlete låg svart og stilt på ruta.

«Læt mæg ikkj komma ut åt dæg,» sa Anders; og da seig styggedommen unna og vart borte.

«He he!» lo Anders; «når'n Svarterik e så nask her , koles mein du han e borti gåran' hoss de ander stakkaran' da?»

Det var no vel berre eit menneske, meinte Massi. Tru om det ikkje var han Petter?

Ja, sa Anders, da han hadde sitte litt og tenkt på eitkvart anna. – Og kvifor kunde ho ikkje ta han ?

Massi smilte i mørkre, ein trygg liten smil.

«Tør du gang heim ålein no da?»

«Nei! Men du veit, æg går lel æg. – – Men æg kjem att, som sagt e.»

Og så gjekk ho.

Anders låg vaken og var med henne på vegen. No hadde ho reinane innetter, no fór ho over Litl-dalen, og no inngjenom Småskogan – no skulde ho ikkje vera mange merkerne, vilde han tru. Ho måtte over Dølbekken, det vart verste take, for der hadde ein mann gjort åt med seg i gammal tid. Ho var no ikkje noko [113] skrôt til kvinnfolk, kva ho elles var og ikkje; ho var ei hoggtann! Så slo han seg til ro med at Petter kom og var med henne, stod vel ein stad og passa opp henne; han Petter, han var ikkje for katten. Og så let dei vel han ha fred, heretter.

Ta til med live? Ja. Hadde ikkje anna tenkt. Når hans tid kom. Men det var lenge tart enda; malli lenge òg.

Han angra så på Solvi, han trudde aldri det kunde bli annan let på tida. Og utan eit kvinnfolk i huse er mannen ingen ting.

Bli Anders som han hadde vore? sa ho. Han låg lenge og tenkte på det; eller han låg og drømte om korles det hadde vore. Det vart han aldri meir.

III

Det gjekk ikkje mange dagane, så sala Anders unghesten sin og rei til Engdalen. Det var ein rivande frisk dag med kvitskyer og haustsol; vinden sprang over reinane og sopa lauv, rennte gjenom snauskogen og susa seg glad, og fjorden gjekk i ein frøs, med kvitgul tanngar imot sola.

Nei så gu, Petter bror min, om du kan få ho Massi! sa Anders fram for seg. Nei for – du finn deg alltid eit kvinnfolk-tre å henge deg opp i. Med meg er det eit anna mål. Eg kan [114] vel ikkje dryge stort lenger no? Eg vil ikkje bli for sein ein gong til.

Han hadde vakna tidlig i dag berre for dette her. Det var over han som ei sott å kalle. Han syntes dei var rundt i kring han og venta seg dette av han. Slik hadde det elles vore alt sea Massi var her. Det måtte vera ho som hadde spila opp auga på han; så han måtte sjå det ho såg. Ja vel, han hadde ikkje større imot det. For det gav slik merg innvortes: det var det einaste rette, det han no gjorde, – han hadde elles ikkje tvila på det. Han hadde gått og samla i hop seg dei sidste dagane, og funne at makta si, slik var det; og no jaga han hesten så skomme valt av han; det kom ikkje ansles for han enn at det var han sjøl som sprang. Motvind var det, men han skuva på.

Han ønska han råkte Petter først, og det gjorde han; Petter stod i smia og klundra, skulde ha i stand ôl-ringen til hestgreie, og Anders kom nett framom.

Anders hoppa av hesten før han hadde stana, og han tykte ikkje det var eit kleint merke at han kom ståaende ned.

Petter såg straks at broren kom for eitkvart; han flytta huva attpå nakken og sette hendene i lomma: han hadde ikkje nokon ting han kunde miste.

Kor det stod til her i garen?

A, berre storveges.

Var ho heime?

[115] Ja, sei da det; ho var heime ja. Sat og venta frammandfolk dagen lang; og natta med.

«Hm. Ja, det va ho æg villa råk ja. Skuld ha snakka non ord med a.»

Han heldt auga på broren heile tida, og han måtte unna med sine som vanlig. Å, Anders såg det godt, at gutdevelen kom i hug strekerne sine med steinrase; og no skulde han klå han for det. Ikkje nemne det nei, for slikt var ikkje å snakke om, men sette hælen på han så han kjente det.

«Æg tenkt det ein gong ja, at du skuld bli mann her i gåren. Og det kann du vel bli, så stor ei sål som du e; men ho Massi, ska æg sei dæg, ho må æg ha. Ka du sei om det?»

«Æg? Nei, du val no heller spør ho da.»

«Ja, for du, sjer du – – æg ska vel allti leit dæg ut ei som du e tjent med. Når du vart vaksin ein gong og la tå all ban-frasan din; og skarvstykkja. Og naar æg får områ mæg urliti».

Petter svara ikkje, men Anders såg kva han tenkte, og det var ikkje blidt.

«Ja men, du får komma i haug det, Petter, at ein tå oss må vik unna her, og da så – –. Og hus på ein ting, Petter – ka i fan va det du fann på, at du gjord laus den steinskreia? He?»

«Æg – e – villa dæg berre vel, æg. Fer æg visst da det – at du ønska det.»

«E du rettelig hemmel-hetning du da? E du mordar da, gut?»

[116] Petter lo, liksom Anders hadde funne på noko evig trøysamt, og etterpå såg han opp og undrast at ikkje Anders lo med. Anders gjorde med eine aksla, hekta han liksom av seg – for tullfolk skal ein ikkje koste ord på – og så tok han hesten og leidde fram i garen. – Deg kann ein ikkje rekne, sa han og strauk skomloppane av hesten. – Eg legg deg til sides. Du er ubrukbar . Han kjente seg ung og lett etter dei orda.

Massi kom ut og hjelpte han med å sette inn hesten. Ho hadde set i han da han kom, så vidt at ho fekk tid til å kaste på seg eit skikkelig forklæ; det var leit ho ikkje hadde flidd seg eit grand, men det fekk vera til sea, ho var så rædd han fór før ho vann seg ut.

Nei, det var det, sa han, han hadde komme til å tenke på det : at skulde dei i hop, saa maatte det bli no snart; tida ho går, Vårherre han veit kor ho gjer av seg, men går gjer ho, og der står vi att. Og live, det skal vi no i kast med.

Massi svara ikkje, og så snur han seg tvert til henne:

«Så visst du vil som æg, Massi, så klemmi vi te. Dem vil det slik, det e æg stø på».

Massi tok og kasta høy for hesten. Ho kjente ikkje att orda sine, ho syntes Anders fortalte henne det ho aldri hadde tenkt paa før. Det skulde ha vore ansles, når han kom og fria til henne; men i grunnen var det no noko stort og for seg sjøl likevel da.

[117] Det var jamenn ein fin hestunge det her, sa ho.

«Og no ska 'n bli dinn, Massi!»

«Ja, lova du mæg det, veit du, så kann æg ikkj sei nei,» – ho såg lyst og lenge på han. – «Men æg e ikkj ong lenger, Anders, det ska du vetta. Men fer det så – »

«Nei, nokon komeli-spellara e vi no ikkj, nokon tå oss. Men du skal sjå spell fer det.»

Han var kvitstrimut i både hår og skjegg, og andlete var ikkje det ho hadde gått med i hjarte frå ho var veikjungen; ho mintes borna ho hadde stridd med og hadde mista, og mangt anna, ho kjente seg trøytt så ho vilde svimre, no da ho skulde til att. Men det var så godt å vita at endelig ein gong var ho i den rette båten og vart med.

«Du val sjå innom døra.»

Ho gjekk føre, med lette steg, som drog Anders etter seg. Litt tynnare hadde ho vorte, alt med seg, det var einast håre som var like tjukt, men det kom no òg for han som det viktigaste; lite grand utslitt i ausyna var ho, og i måle, men når ein var god med henne, så grodde vel det til att. Ho skulde bli ei stasgjente, og ei kone som var å gå i veg med.

«Det va greinli som'n far va med aa skuva på, da æg fór hit», sa han.

Ho vart med han eit godt stykke på veg, da han skulde heim. Dei talast ved om mangt, og allting såg ansles ut for han enn det hadde [118] gjort på lenge. Kvar liten tingen ho nemnte, voks fram for han så stor og levande, innanfrå han sjøl liksom: Skylda, som låg og venta og måtte lessast av, jorda, som han hadde svelta og pint ut, fjøshusa og same kva det var. «Og det du gjer føri, det gjer dem ette», hadde ho sagt om grannane, og slik var det. Han skulde gå føre dem ja; og ordne bygda for dem, – ho var i vanlag.

– – – – Dei heldt bryllopp siste juledagen, kyndelsmess-dagen. Og det vart som Massi hadde sagt, at den dagen kom det vakkert med folk til kirka, og dei som kom og helsa på dem, kom med heile handa , eller kva ein skulde kalle det. Massi nemnte det etersea. Dei gjorde no som dei vilde med det, sa han; men det var elles ingen ringe ting. Godt folk var noko med det likaste han råkte; det hadde han akta lite på før no.

Presten kom òg til brylloppe. Han var ingen hund på bryllopp, vart det sagt, men til Håberg måtte han no lel. Anders hadde berre bedt han så varsamt han kunde.

Andredags kvelden tog Anders til og kjente det i hovude; men han vart ikkje stort glad av det. Det kunde dei andre bli; og dei vart det. – Ein bli berre så blå vaken, sa han, det levnar opp allslags tankar og minne, og ikkje kan ein snu ryggen til dem, og ikkje kan ein greie dem ut for seg; han fann i huva og strauk av ut. Ute møter han Petter; han er full så han går frammed veggen, men han òg er like blåvaken. Han måtte få snakke med Anders! For det var [119] noko som tyngde han så han stod mest ikkje bein. – Eg ser det der, sa Anders. – Ja, du flirer du, Anders, men live – live er ein ålvorsam ting. Eg få seie deg det: Eg har ligge med brura di. Du får slå meg i hel, om du vil. – Og han fortalte, tett opp i andlete på broren, korles det hadde gått til. Anders merka det var sant han sa, men han kjente òg, at det var berre vondskapen som brann i han. – Stakars tosk! sa han og klappa han på aksla; og så gjekk han ifrå han. Han hadde for seg noko slikt som, at denne broren hadde far hans – og ætta hans – lagt på han; denne forgifta skulde han prøve å tåle.

«Stakkars kvinnfolkja, kor toskåt dem kann vara», mumla han, han stod midt i snøfokke og smilte. «He!»

Da han kom inn, gjekk han bort og stod framfor presten; han hadde same smilen som med han var ute.

«Du står og tenkji, du prest; støtt og stendi. Her ska du få inkvart å spekuler på: E det sko' n som e fer litin, hell e det foten som e fer stor?» – han heldt foten i vêre, synte fram brurgomsstøvlane.

Presten drog på smilen. Han reiste seg og stod breiddmed Anders.

«Jeg vil si dig takk, Anders, at du reiste dig igjen».

«Pøtt san! Tok mæg berreste ei lita kvilstund – forstod ikkj presten det da? Og no [120] hi æg snudd ryggjen te åt det ; no går æg ander vei'n. Æg må ha handbog-rom, kan du vetta, rom te å snu meg!» Han stod litt, såg ovanfrå og ned på presten. Smilen grodde fram att. – «Det e rart nok: Du veit alt i hop, du prest. Men så veit du ingen ting lel, når steinskreia går. Hm?»

«Nei,» seier presten og slær auga ned. «Du har den dybeste rett i det, Anders.»

«Rett?» Anders la henderne paa ryggen, såg eingong på presten og eingong stua rundt, der folk sat kring alle veggjene og prata og var glad; ungdommen dansa uti andre stua så det dundra og dønn. – Det måtte vera ein sterk ein mann, den presten. Når han kunde slå auga ned og seie noko slikt. Det vart lenge, det vart heile levetida, før ein annan ein nådde dit, san.

«Vil du gjæra det æg be dæg om pastor?»

«Det tror jeg næsten ja.»

«Vil du drikk ei skål med mæg, to-saman?»

«Ja. Med fornøielse endog.»

Da gjekk det som ein god engel over andlete til Anders. Slik måtte han ha vore ein gong med han var ørande ung, tenkte presten. Anders såg seg ikkje til sides på nokon ein, der han skreid fram gjenom stua med presten og ut i kammerse.

«Det e ikkj det at du e prest , pastor,» sa han da han hadde skjenkt i, «du skjønna ka æg mein?»

[121] Presten nikka, og dei drakk ein annan til.

«Og no ska æg i kast med sjølve live da. Merkeli! Skål pastor!»

IV

Det første Anders og Massi vart vâr, no da dei var to til å sjå, var det at på Håberg måtte ein både slite og spara. For Massi var dette grei grein, ho var skapt til det, og ho var ikkje ansles vant. For Anders fall det tyngre. Han vilde helst arbeide rykk og annan, så røyken stod, og så ha tida for seg til litt av kvart; og slett ikkje var han huga på å spara, det baud han imot som riller eller surna mat. Massi hadde eit serskilt lag med han: ho opna auga på han utan han vardest det. For kvart barne som kom, sette ho ny fart i han. Fattigmanns-ungar skulde dei ikkje bli, alt anna enn det. Som du seier, Anders, la ho til. – Nei, det var no likare å sikte for høgt enn for lågt, sa han. Derfor vart kvar ein av småkarane liksom ein ny tott i makta hans. – For kvar gong det skrik ein ny ein borti senga der, bli det ein ny bardaga for meg, brukte han å seie. Dei såg attende på det sea og var lukkelige: Det tok du til med da han kom til; det fekk du i stand efter at vi hadde fått henne .

Til Juvika og faster Åsel vart det ikkje så Anders fór meir no. Han hadde ikkje større å [122] snakke med henne om. Han syntes han var ferdig med ætta si, liksom med det han hadde levd hittil: Det hadde gått av seg sjøl, og han kom lite og ikkje i hug korles det hadde vore; det var liv , den tida det stod på, men han hadde ikkje noko med det meir. Han skulde til, no først: live det låg langt fram i blånaen enno, det var ikkje fritt for at det flytta seg unna han, men han måtte no vel ein gong nå att det. – Og for det første hadde han ungane, og dei var villige til å komma.

Odelsguten kom først, og han vart heitande Per etter farfaren. Da reiste Anders på bygda og handla hest; han måtte tene nokre dalar og gjømme unna til ny-kommingen. Åre etter fekk dei ei dotter, og henne kalla dei Gjartrud, etter morfolke. Da gav Anders seg med og sette opp kirka i grannebygda. Næste år hadde dei ei gjente att, som vart kalla Åsel etter faster Åsel i Juvika. Den vinteren gjorde Anders seg så liten at han reiste åt være på fiskja. Og da Jens kom, den andre guten, gjorde Anders det som fall han aller tyngst: han tok til med småsjøen heime, først han hadde ei stund. Om to år fekk dei tvillingar; guten døde straks, men gjenta levde for dem båe, som mora sa, og henne kalla dei Beret. – Noko nytt fann ikkje Anders å trive til, han tok berre i litt hardare; for nokre skillingar skulde borna ha, dei fekk bli så fjølgmennte dei vilde.

Han hadde ein dreng som heitte Nils, ein [123] midalders mann, og ein det var tak i. Folk såg dem på småtråve støtt: Tidlig sommarmorgonen opp frå sjøen, hadde rodd etter seien heile natta og hadde sløgd han og hengt han opp, så var dei innom og herja i seg maten, og dermed i palinga åt neverskogen, – Nils sistpå hestlengda etter husbonden, og meir og meir rundrygga, som ein utkjørt gamp. I onnene var det slikt slag, og vinter som sommar: første sloddodasken om morgonen kom frå Håberg-låven, så var det åt skogen i lysinga eller på kveitsjøen. Dei var som vargen, sa folk.

Fleire år etter, da dei ingen venta lenger, kom det ein gut, og han kalla dei Ola. Det var røytegge, sa dei, og han tok mest live av mora; ho vart kleinhelsug i mange år etter, men gutungen vart tjukk og rund. – Dei hadde komme seg for så pass no, at Anders trong ikkje legge ut i rave for å få nokre dalar. Han tok til og såg over jorda: no kunde ho skaffe det som til skulde. Og no seig han i veg der, omtenkt og utan rykk, ein ny Anders, kunde ein seie; – og etter som borna voks til, monna det fram så ein kunde sjå det.

Da dei var vaksne, vart det velstand på Håberg. – Men kom i hug vi er mange , sa Anders med seg sjøl, – det var eitt av dei orda Massi hadde sådd i han utan han merka det. Gong og annan kunde det komma for han, at han hadde levd ein gong før, for lenge sea og eit langt anna liv, han og alle dei andre juvikingane; [124] serlig drømte han om at han hadde gjort eitkvart storverke i lag med Ola Engdalen. Det var helst når han såg borna hadde sitt for seg. Å jau, vi var no unge i mi tid òg, kunde han seie, og auga vart ville og blanke i han. Og når han vart ferdig med dette her, med rav og slit og altslag hekkelsmakt som låg i vegen for han, – når han kom i kast med live –, så skulde her enno ein gong bli ungdom på Håberg.

Den tida Massi var sjuk, hendte det noko leit. Anders fekk barn med ei av tausene. Slikt hadde mest ikkje hendt der i bygda, det skjemte ut ein mann for levetida. Det var tyngst å gå til Massi med det. Anders angra det så han stod mest ikkje framfor henne, han kunde aldri i live ha fått fram eit ord om det, hadde det ikkje vore for det at det var så for gale. Men Massi ho visste det alt, han trong ikkje fortele det, og no først såg han kor tungsint ho hadde gått her og bore det med seg sjøl. Han møtte den rolige blå blenken i auga hennar, og kjente at ho var den sterkaste av dem to. Ho tok det ovanfrå og ned, som ho gjorde med allting: Dei skulde ha dette, det var så tillaga; og slik måtte det vel gå, når ho var kleinslig i årevis og gjenta var så vidt vakker. – Dei leigde gjenta inn i plassane ein stad, og sørgde vel for henne i alle måtar, og åre etter tok Anders henne med seg opp i bygdene og tinga henne tenest der. Barne døde for resten snart. Vårherre var god både med det og med dei [125] andre, sa Massi. – Kva folke sa og meinte, kom Anders mindre i hug; han hadde så lite med dem. Han likte grannane godt, og dei han, han var full av skøy og gap, kom så høgmælt og trygt seglande i møtes med ein; men så frimodig såg han på folk, at det støtt vart eit steg fram imot han ein ikkje kunde ta. Des giftigare stakk dei vel i bakhanda, mange av dem; men det visste ikkje han større om, og når det aldri beit på han, dovna det snart bort i munnen på dem.

Anders hadde eit tak att enno, og så skulde han mest få tida for seg til å gå laus på eitkvart skikkelig . Dette take var å sørge for Petter. For han hadde det gått berre på skjeiven med, hittil.

Petter var ei gåte for han; og gåter likte han ikkje. Vi er to motsætninger , du og eg, pla han seie med han. Det var Petter enig i, så fult og blidt han kunde: Vi er så, ja. Og serlig eg. Han rak rundt på måling, leigde seg inn snart her, snart der, og støtt var han heimlaus og på knea. Så hadde han tatt til seg dotra etter Ola Engdalen, ho Kjersti. Det var slik ein trollunge at folke hennar ikkje såg seg syn med å ha henne. Farbroren, som hadde tatt garen, hadde elles stua full med born. Ingen kunde få til kvifor Petter tok åt seg denne ungen, han som knapt berga seg sjøl. Anders sa at slikt eit godmenne og ein tull hadde Petter vore all sin dag, han var det som anna folk aldri kunde bli. Massi tenkte sitt, men sa det ikkje: at dette hadde Petter gjort fordi han vilde dem vondt.

[126] No kjøpte Anders eit lite rom til han; det heitte Rønningan og låg eit stykke sør for Håberg, over kleiva, og der bygde han for han og hjelpte han til med krøter.

Petter tok imot det, slik småmannen tek imot velgjerd. Han hadde vorte meir vond, des lenger ned det bar med han, og alt som gjekk han imot, skyldte han Anders for, eller lukka hans. Anders var ei pine han ikkje kunde rømme unna. Han kunde reise kor han vilde, så måtte han heimatt dit Anders var. Alt det kåte livsmote hans hadde kløvd seg, han drakk og spela kort, og song attåt, så lenge det gjekk, og dreiv så og banna innvortes og fann ut småpek å gjera Anders og andre; han tykte det var brennande skamlig og ulikt han sjøl, det drap han reint; men det elska han ikkje Anders og borna hans meir for. Kjersti hadde han vorte glad i, og det var ein merkelig ting for han å kjenne på; han heldt av det òg hoss henne, at ho var så utakksam og rangstelt, han kunde le både lenge og vel til henne. Ho var barne hans, og for hennar skyld vilde han undgå slaverie, sa han. Ho folkast for resten til med ho voks, og med tida vart ho så lettgift ei gjente som få, for vakker var ho, og litt pengar hadde ho, etter faren; – dei hadde ikkje Petter rørt, og det trudde han måtte bite Anders i hjarte. I minsto måtte no vel Vårherre sjå det.

Petter hadde elles havt ei ulukke ingen visste om. Det var ei gjente han så gjerne vilde [127] ha havt. Kom så heim frå ferd, gjekk beinast dit og spurte etter henne, midt på lyse dagen, liksom han var Anders sjøl. – Du finn henne inni stua, sa mora og opna døra for han. Og der låg gjenta, med eit litebarn ved bryste. Det var ikkje Petter far for, men han var den første karmannen som kom dit og helsa på litlen, og da mista han huva si, etter gammal skikk. Dei vilde ikkje ha huva hans, for det var berre orde att av skikken no, men Petter la henne i vogga og gjekk berrhua heim; dei burde faa flire til han denne gongen. For det var som han Anders sa: «Såles går det, somm messi det og somm får det.» Og Anders og Vårherre måtte han vel vinne på ein gong.

Anders vida seg ut, gong for gong, og tok broren inn i seg og tålte han. For det var trøysamt at det fanns einkvan som var så langt ansles enn ein sjøl. Og ein gong måtte han vel få skikk på han òg, som på alt anna. Når han no endelig kom seg i gang.

2 dre BOKA

«Alles øine vogte på dig.»

Ein stor ein og mange små

I

[131] Anders på Håberg gjekk til presten. Det var ikkje så mange andre å snakke med, og dertil hadde han serskildt erend i kveld. No var det ikkje gammalpresten å gå til lenger, han hadde flytta vekk for mange Herrens år sea, og det hadde vore ein sakna for Anders, mest som ein svolt å kjenne på; for han var ein du kunde både spøre og svara. Men han hadde folkast til utrulig denne her òg. Han var ingen sau. Anders hadde kakka i borde til han ein gong, litt tungvore, det fall seg slik, og han undrast på om det var det som hadde hjelpt.

Anders fór til og vart gammal no. Han var over femti. Han gjekk like bein som før, og like frisk i hamleten var han, men kvit i hår og skjegg. Skjegge delte sig i midtna og stod ut til sides, liksom han støtt gjekk imot vinden.

Presten var på kontore. Han reiste seg, da han såg kven som kom, og gjekk fram og tok han i handa.

Jau, Anders levde vel og bra, takk som spurte.

[132] Presten sat litt og såg på Anders, og Anders på han. Det var ein stor, verdig mann, med kinnskjegg og briller, rettelig eit biskop-emne, dømte Anders; han hadde små godslige auga, og ein djup smil, som for resten ikkje var større farlig, når ein vante seg til han.

«Men sjå, æg hi no så mang ting i hue,» sa Anders.

«Det er galt. Der skulde De ikke ha dem nei.»

«Kor helst, sa du?»

«I hovedet. – Ja, dette er jo kun noget jeg sidder og sier, skjønner De. – – Men De har jo huset fuldt av børn, det giver ikke lidet at tenke på – man skal jo, som det står, opdrage dem i Herrens tukt og formaning.»

Anders såg kvast opp. Presten sat bakom brillene sine og var berre ein botnlaus smil.

«Ja, flir ikkj åt det, prest! Det e eit godt ord det. Og tukt ska dem få. Tukt ska dem få, ja, og formaning, gruv ikkj fer di, du.»

Anders sat enno ei stund og såg på presten, glømte seg liksom attmed det. Auga i han var ikkje så strie lenger, og no såg dei støtt framgjenom ein moe av mange tankar; dei var underlig lysblåe og gamle. Så levna han til, retta på seg og slo seg på låra med ein klask:

«Det va just fer bonna si skyld æg kom hit. Vil du lån mæg Svartbokja

«Låne Dem – hvad for noget? Sortebogen? Hvordan kan De finde på at tro – –»

Men presten var kvikk, så rolig han sat, han [133] var med straks, og gjorde seg til gråe ålvore som Anders.

«Hvad er det nu da, Håberg?»

«Kald mæg Anders, hi æg sagt – ikkj noko vingel og tøv åt mæg! – – Jau, du val ut med bokja åt mæg ja. Han Erek hi gjort mæg eit pek.»

«Nu da? Er han på Håberg også?»

«Sitt ikkj og flir åt mæg – e du prest, hell e du det ikkj? – – Jau, han vil skjemm oss ut fer heile bøgda. Og det no, med det samma æg skuld te å bynn-på. Æg hi ligji i dauvatne hiten-te; no hi tida mi kommi. Osså kjem han da og legg sæg i vei'n fer mæg. Men no ska du dyrede sjå komeli, kar. No ska'n få arbe!»

«Har han virkelig vist sig da?»

«Vist sæg ja? Låg som ein svart hund inpund sengja vår i mårest og let tausa sjå sæg. Mæg rømt'n fer, veit du. Men æg va lik gla om'n; æg vil ikkj vætta tå 'om. Fer tausa ho fér vel ut over all bøgda med det, venta æg. Kom med bokja, så ska æg ler 'om den ny leksa æg!»

«Men jeg har jo slett ikke nogen Sortebog, Anders. Jeg har set en eneste en i mit liv, og det var hundrede mil herfra. Du tror mig vel, Anders?»

Anders togg seg i munnvika og bles i nasen:

«Kyss mæg rett! – – Æg trudd da du va så pass te prest lel. Ka i fanken gjer æg så? Fer æg vil ha husfred. Æg vil ikkj ha noko folksnakk nei. No i denher tia.»

Og han mumla med seg sjøl, at han visste ikkje han hadde gått den mannen for nær.

[134] «Jeg har hørt sige, at der hvor Guds ord bruges flittig, der – – »

«Sladder og vas! da bli'n ti gong verr'. Sei mæg eit ord – du kann da vel så mykji lei?»

Presten tok av seg brillene og gnudde dem med lommetørklæe, han sat der berr og truverdig.

«De begriper da dette, De som er en oplyst mand. At Djævelen kommer ikke og ligger under sengene til folk, han er jo en ånd, og –»

«Æh! Nei, det hi kommi skodd ti brillon din, kan æg hels dæg med. Du trur ikkj det slag, du, utan det som står i bøkern din, – æg vil ikkj sei mæg hell! Læt mæg gang heim igjen!»

Han reiste seg alt og vilde gå, og presten såg det nytta ikkje å stridast med han i det der. Men han hadde hugna av å snakke med Anders, og så var det eitkvart han vilde han. Det var om kirka.

«Nu er jo kirken bordklædd og i fuld stand, og jeg vil sige Dem takk.»

«Sei du åt mæg, så ferstår æg dæg. Han heldt sæg ikkj fer god te di, gammalpresten. Han og æg, vi snakka mangt eit ord i lag, vi san.»

«Så gjerne, så gjerne. Jo, kirken er jeg meget fornøiet med, som sagt, og ikke mindst med vinduene som du forandret. Nu ser den virkelig ut som et gudshus igjen. Jeg må tilstå at jeg hadde mine tvivl om du var manden til at foretage dette arbeide; men lad mig erklære mig for beseiret.»

Anders stod berre og såg ned. Og presten [135] heldt ved. Han vilde få Anders til å ta på seg målinga på kirka òg, og så blytekkinga på tårne; så visste han det vart skikkelig gjort. – Anders sa nei; han var ikkje målar. – Nei, men det var Petter, bror hans, og det var han dei vilde ha til det. Når berre Anders tok det på seg og gjekk god, sa dei i kirketilsyne. Så hjelpte han broren til litt fortenest òg, sa dei, og det tykte presten var vakkert sagt av dem.

Anders kremta og såg oppetter veggene. Han hadde vorte raud. – Han skulde tenke på det, sa han. – Presten bad han avgjera det fortast råd var, det hasta med det. – Anders kasta borti ein annan prat: Det var arti å snakke med vetugt folk. Men vantrua var ingen stor ting. Han far, sa han, det var meir til mann enn folk no for tida, lat meg likså gjerne fortele deg det straks. Og dei andre juvikingane slikt slag. Dei skvatt ikkje verken for hov eller hoggtann. Men det som var til, det nekta dei ikkje for. Og vel gjekk det med dem. Anders smilte og såg opp: «Dem ha vel inkvart orde som batt støggmakta, venta æg,»

«Jo jo, Anders, det kan så være,» – presten klappa han på aksla og baud han ein dramm. Og kunde ein ikkje tenke seg det var derfor den vonde var forarga, at Anders hadde flidd om kirka og gjort henne til eit gudshus att, og det så billig enda?

Anders bøide hovude, let att auga til halvten, liksom han stava med i kvart orde.

[136] «Mi tru om det,» sa han. «Sjå der, om du ikkj kom ette snøre ditt, prest. Han e arg, beiste. Men dæven besætti mæg, visst æg ha havt Svartbokja, da skuld æg ha tikji ut sveittin på karen lel, da skuld æg ha lærd' om å baka mjukt!» Anders lo som eit barn. Så vart han tenksam att. – For visst det var dansen og ungdommen han såg seg arg på, så kunde han ha synt seg før; for det hadde vore leik og trøyheit på Håberg heile tida sea Anders vart vaksen, og det meinte han å halde fram med òg. – Ja, det måtte vera kirka, sa presten. Men korles var det: Anders hadde da vore med og sett opp Vågan-kirka òg? Merka han ingen ting da? – Nå nei; han Tykji var ikkje toskut. For Anders var ung den tida, hadde ikkje tatt bygda på nakken enda. Han visste vel han kom ingen veg med meg enda !

Anders stod ei stund utpå kirkebakken og såg på kirka. Ho var slik ho skulde vera no. Eit hellig hus, kunde ein seie, der ho låg og dorma i kveldinga. Og sea han tok til med henne, hadde han komme i gang att sjøl òg. Rettno skulde det berast til for ålvor. – Og kirka skulde målast, ingen hund i verda skulde skræme han ifrå det. Ho fortente det. «Men det bli no ingen Petter som får det embede nei», sa han, best han stod, og så snudde han seg og gjekk. Det var det med han Petter, så bra ein kar det var inst inne, at han var ein rev-unge og ein skarvnakke. Han kom til å fuske, slapp han bortåt. Kunde ikkje berge seg. Og så vart Anders [137] ståande att som ein fuskar og ein tremarksmann i bygda; og han Petter berre lo og hadde det godt. Nei! Men skulde han seie nei, så var det stygt, og så var dei over han straks: Sin eigen bror skal ein vel ikkje beie? Anders tykte han hadde foten i gleksa alt og kunde ikkje få han åt seg meir. Reven var heldig, han gnog berre foten av, han. Nå ja ja; ein fekk no høre kva dei sa på Lauvset.

Han gjekk beinast dit, enda det var seine kvelden alt. – Slik ei vårnatt hadde han vore ute og gått nokon gong før – herregud, det var ikkje lenge sea. Den gongen var han visst ikkje gammal karen. Så hjartans sorglaus og ung; og mørkrædd . No var han ikkje rædd kirka eingong; han hadde gjort seg godvenner med henne. Men ho måtte ha suge rart i slekta hans. Ho hadde rørt som isfingrar innpå mergen i alle juvikingane. Han var den einaste som hadde vunne over henne. Det skulde ha vore trøysamt å snakke med dem litegrand om det. Og i bygda slikt slag: kva hadde dei vunne på der? Anders hadde henne millom fingrane, han. Eller i hovude, kva ein no skulde kalle det. Han kom til å støype henne om. Ja.

Og så kom gåmlingen sjøl-seg og la seg på tvert for han. Men det vart alltid ei råd, ikkje farlig med det, san. No, for det første, var det denne vegen i bygda. Den skulde dei ha, enten dei vilde eller ikkje; og derfor gjekk han til Lauvset og vilde snakke med dem.

II

[138] Lauvset-karane og nokre grannar til var borti stua hoss Kristian. Han Mønnicken frå Nesse var der òg. Han var elles ikkje å sjå borti garane: han var storkar. Anders hadde sagt han vilde snakke med dem, og dei visste vel kva det var om. – Anders tok målinga først, for Kristian Lauvset var med i tilsyne. Dei sa som presten, at målinga burde han ta på seg. Petter hadde snakka frampå om det, og Petter var den likaste målaren dei visste å seie av, men det fall seg ikkje lett for han å få ut måling hoss handlaren; – han skyldte vel urlite grand, sa ein av dem. Og best var det, Anders, om du tok på deg heile stelle. Så visste vi kven vi skulde halde oss til. Bygda venta seg det tå deg.

Ja vel, sa Anders. Ho venta så mangt. Ho venta vel det òg, at han skaffa henne veg, farande veg, som dei heldt på og fekk i andre bygder. Jau, han skulde tenke på dette med kirka. Når det er like gale å seie ja som nei, så seier eg ja, tenkte Anders. Han kunde vel ikkje sitte her og fortele frammandfolk kor stor ein larv han Petter var; han hadde bore på bror sin hittil, han fekk så gjera heretter med. – Ja, lat oss vera beinsame, sa han. Som no med denne vegen her. Vi let til fri grunn alle mann, og gjer så og så mange vekers arbeid kvar. Hm?

Dei såg på Mønnicken og drog på det. Det var berre så vidt Anders merka ein liten snu [139] på auga deira åt den leia, med han forstod dem godt. Mønnicken var motmannen til Anders, og denne vegen vilde han ikkje vita noko av. Han handla mest berre med folk som kom sjøveges, no sea Anders hadde fått handelsmann hit til Vågen utfor Håberg; – dit skulde denne vegen gå og så austgjenom bygda. Mønnicken var godt med i allting.

Anders sa, at Mønnicken vilde han ikkje spøre om noko hjelp, enda det var meininga det skulde gå sideveg dit; for den skulde han få lel. Nei, men dei andre, dei såg vel at dei stod seg på dette her? At det bar fram og ikkje att? Han for sin part gav fri grunn og vilde arbeide med heile mannhusingen sommaren lang, det skulde bli gildt å sjå han ferdig ein dag, det skulde bli stas å kjøre etter han i fullt tråv, – han vilde gjera alt han vann for han. Dei som ikkje vilde vera med, fekk sleppe, slik var det i grannesokne òg. Og der vart dei aldri ferdig!

Jau, dei kunde alltid arbeide nokre dagar, det var no så.

Anders augefór dem ein for ein, og dei kraup i hop og vart ursmåe og tynnklædde framfor han. Dei flytta seg i benken. Han tagde, til det mest ikkje vart verande inne.

Nokre dagar? smilte han. Nei, no fekk dei i gudsnamn velge, no: Med han eller imot han! Veg skulde dei få lel, men dei skulde velge. «Æg, hell så han Mønnicken der. He?»

Mønnicken smilte og strauk seg over skjegge; [140] og Anders vart still og kald og likte seg. No var han den han vilde; dette her var han visst skapt til. Han hadde aldri fått bitt på dem før. Dei hadde vore så gode grannar.

Nei, bli ikkje rædd, sa han. Han var ingen – ingen Mønnicken; han hemna seg ikkje. Trua ikkje nei. Kunde vel lite nytte å true vaksne karar? Han skulde berre arbeide opp vegen åleine frå Vågen og over deira grunn, heilt aust i Engdalsmarka, der vegen skulde kløve seg i to; og betale dem for grunnen. Det fekk han gjera. For vegen måtte bygda ha; dei venta seg kanskje så pass av han, – dei venta ikkje like mykje av alle. Ja ha, – Anders slo seg litt på knea, – så visste han kva han hadde å rette seg etter, og det var bra. «Du sitt og trur du kann nekt mæg grunn, du Kristian. Meir veit no ikkje du», Anders snudde seg og såg lukkelig oppetter veggen; andlete var ungt på han som for 30 år sea.

Dei tagde. Dei visste han hadde snakka med øvrigheita, og dei såg det på han at han hadde snøre sitt greit. Dei skulde elles ha tatt han litt hardt den her gongen. Dei hadde meint på å myke opp han. Men det var ikkje rådelig å bite seg ut med han, – og desutan var han ein hiva staut kar.

Anders merka det på seg, at slik på lag arbeidde det i dem. Små var dei, men ikkje så små at dei var farlige. Han dei ikkje vann over, slo dei lag med.

[141] Ja ha, no fekk han gå. Og det var eit ord, at skulde kirka bli måla i sommar, så fekk dei områ seg og bli enige med seg sjøl, var dei beinsame, så var han det, og no venta kirka på dem og ikkje på han. Dei fekk komma og snakke med han ein dag seinare. «Godnatt, og Guds fred i huse. No kann dokk setti her og legg over med'n Mønnicken så leng dokk vil. Godnatt».

Han hadde gått før dei fekk manna seg opp og snakka med han. Kristian kom etter utom døra, som skikk var, men da sa dei berre eitkvart om vêre. Og striden var vunnen, det visste både han og dei. Før veka er slutt, har eg dem hoss meg, tenkte han, og det slo til.

Mønnicken gjekk straks etter.

Mønnicken var ein fin mann. Han gjekk med stort skjegg, og det kom for Anders, at det var just derfor han òg gjorde det. Han døyvde han fint i det som i alt anna. Men det var ikkje noko dårlig tegn, at Vårherre hadde git han såpas til motmann.

Kor hadde han vore? vilde Massi vita, da han kom heim.

Å, han hadde vore borte ein vending. Hadde vore avstad og snakka nokre ord med presten, la han til, og gjekk i gang med kveldvorden. Det var noko om kirka. Hunden under senga hadde han glømt. Massi hadde heller ikkje lagt den tingen større på seg. – Ja, og så hadde han vore om Lauvset som snarast. Om denne vegen.

[142] Massi sat borti benken og venta med han fekk seg mat; ho la seg aldri før han kom heim.

Dei andre sov for lenge sea. Anders åt og tenkte på sitt.

«Og no skal dem te hest!» mumla han, tok i hop hendene og las nokre ord for maten, reiste seg og gjekk frå borde. «Når æg fekk slikt eiande godt eit tak på dem. Rev-ungan minn. Så no bli det veig, Massi,» – han snudde seg til henne og strauk seg gjenom håre.

Ho såg på han, slik ho hadde gjort alle desse åra. Det var ungt og modig, men så mildt enda, net som ho la flathanda på panna hans og var god med han.

«Det bli det vel. Bli vel alltid veig, når du føst bynni med det. Men du skuld fara vakkert med dem, Anders. Du må komma i haug, at du e stor og sterk; og at dem e små.»

«Små og fjølg ja, liksom potetesen. Nei da, æg lokka berre på dem. Som du gjer med sauin. Æg e ikkj den som vil riv skinne tå folk.»

Slik var det med ho Massi. Når ho sa det, så såg ein det bert for seg. Dei var ikkje store karane; kunde ikkje ta dem for knapt; dei måtte få litt tid på seg.

«Den som berre ha tid nok sjøl, Massi!» Han såg fram for seg lognt og lyst, og gjekk åt kammerse. Nei, for tida var sørgelig så skryp; når ein skulde gjera noko.

Massi var den same å sjå til som ho hadde vore. Andletsdraga var rolige og mjuke, det [143] hadde ikkje nokon ting bite på dem, ho var raudlett enno, og håre gult som i ungdommen. Ho stod litt bortmed nedre glase, såg på to orhanar som sloss nedpå reina; det var slik blå og fin ei natt. Og rettno sov vel han Anders. Han var ikkje grei å følgjast med; og no i det siste låg han reint på tråve. Tanken tok henne så tungt at han mest stogga anddråtten i henne: at han Anders kom vel ikkje lenger enn på kirkegaren han heller. – Nei nei, men; han var no Anders da, og Anders til gangs, den stunda han levde. Og Vårherre hadde visst ingen ting imot han, ettersom det såg ut for.

– «Sju – issj!» bles orhanen. Kva var det han varskudde for?

III

Dagen etter gjekk Anders i veg og snakka med Petter. Det stridregnte, og grase grodde, og skogen spratt; det var mykje til gro-vêr, og Anders gjekk og smilte: Folk hadde klaga og kridd for kaldtørken, og han hadde blåse åt dem, – no kunde dei sjå. Men dei såg vel ingen ting nei. Dei lærte ikkje det slag på hundre år, kva levde dei så etter? God tid hadde dei støtt, men aldri tid til å bie. Dei var vel slik.

Petter budde på Rønningan enno, det romme Anders kjøpte til han, og no hadde han fått han gift, med ei enke, det var eit bra kvinnfolk, men [144] enda måtte han dra han etter øyra som grisen, – det var mykje at han ikkje skreik, sa Anders der han gjekk. Ja, og no var han enkemann alt, og det kunde vera like godt, Petter var no Petter han, som han hadde vore. Fosterdotra, ho Kjersti, stod for huse.

No gjekk Anders og smilte att. For Petter var ein skruv til kar, han gjekk rangsøles, og no kom Anders og tok i øyrsnippen på han og snudde han rette vegen ein gong til; det var trøyheit å handsama ein slik ein.

Petter låg i det med arbeide, da Anders kom, hadde knapt tida til å sjå opp, enda han sjelden gjorde nokon ting. Han hadde vorte sølvgrå i håre, han med, men såg elles mykje yngre ut enn broren; det kom vel mest av det at han snauraka seg. Enno var auga mørkeblå og vakre, ein såg knapt vakrare auga i mann; men dei låg djupare, og kunde få en farlig glo somtid, slik som no da Anders helsa. Anders smilte til det med.

Han vilde måle kirka, hadde Anders hørt. Og blytekke tårne?

Det var så det; Petter hadde sikta litt høgt all sin dag. Jau, dei hadde vore på han om det der.

Ja, kven som hadde komme på det og ikkje, det fekk no vera som det var, for Anders. Men det var det han vilde seie: at no fekk han vera folk . Han skulde prøve på det no eit tak. Anders skulde ta på seg arbeide, og hjelpe han i veg, og så skulde Petter som sagt vera fin hund, [145] gjera arbeide som det skulde gjerast, og ikkje drikke seg tå eller laupe ifrå det halvgjort. «Huspå det e æg som ska stå in fer det. Bøgda tek mæg fer det. Og æg tek dæg. Ja!»

«Han får tak grisen som vil ha flesk ja,» Petter tørka sveitten og gav på att.

«Hysjt med dæg! Lova du mæg å vara folk, sei æg, og fli kjerka som eit gudshus, he?»

Jau, kors da, det gjorde Petter; når det var broren som stod inn for det. For blodet var no tjukkare enn vatne.

Dei samsnakka om korles dei skulde ta det, og Petter var vislig og grei. Han gjorde kostna både med mat og drikk, og vart med broren på vegen da han gjekk.

Det var elles ein ting til Anders skulde ha snakka med han om. Det var om ho Kjersti. Han hadde hørt, og set, at Per, eldste sonen hans, fór og såg etter henne. Var det noko i det, måtru?

Sjøl veit, sa Petter. Der var alltid noko i det som gale var.

«Ja, og dem fertèli det e du som står fer det!» sa Anders hardt.

No snudde Petter fliren ut. Han rista på hovude: Nei, var det likt seg lel! Han vilde ikkje vita av det eingong, han vilde ikkje ha dotra si gift med han Per, fy da! For dei var i slekt med einannan, han kunde ikkje ansles få det til. Og desutan var det slutt no. Han Petter Lines hadde fått overtake, – Per vart for stutt.

[146] Så?

«Ja, det kann du takk mæg fer, Anders. Fer du kjem vel i haug koles det va eingong? At ho Massi fria åt mæg – – at vi va forlova og låg i lag, og –»

Anders slo på ståande fot, det var eit lag han hadde som ingen kunde lære av han, han dreiv til så Petter gjekk kant om kant bort i småkjære.

«Din sli-kjeft!» Anders sa det rolig, og gjekk sin veg. Han var opp i under at han slo så likt enda. Og no hadde han sett ein styng i Petter, som han trudde skulde sitte i ei stund.

Men Anders gjekk ikkje heim. Han var stasklædd og skulde lenger. Han gjekk over kleiva att, rundt Vågen og tvert over til Skarsvågen, lånte båt der og rodde heilt vest til Leinland. Der budde det ein gammal kjending som heitte Ravald. Han hadde ei dotter, heitte Marja, ho var i tjuge-åra og ei staut gjente. Og de hadde peng på Leinland; og bra folk all igjenom, Ravald han sat enda i sjølve bygdestyre og rådde ikkje lite.

Anders vart storveges motteken. Det var ikkje kvar dag å sjå slike karar her. Anders hadde funne seg eit erend, det hadde komme til han på vegen, slik det pla gjera når han trong det, no i det siste. Han vilde høre om lov til å ha ein skokk sau utpå øyane deira, det var slik sommarhamning der.

Det var ja med første orde, og kallen var [147] enda med ned til sjøen da Anders fór. Daførst bar han fram rette erende sitt, han kom liksom på det med han stod og løyste festa.

Ravald hadde ei giftande gjente, hadde han vorte vâr. Det måtte vera ei for han Per; ho vilde høve for han; for det var slikt liv med den veikja; og det var i minste lage om det enda hoss han Per. Han hadde verkelig set på henne i dag. Kva sa så han Ravald? Det var berre som eit påfunn, men.

Dette var store ting, syntes Ravald. Og det skulde bli, visst det var ålvore til Anders, – han skulde ta og snakke med henne. «Kåt og gælin det e a enno, ho Marja; men ho må no vel tak temming ho som ein annan hest,» – kallen lo godt til siste orda sine.

«Du kann vara stø på det, Ravald. Dem som ikkj trøng temming og det, dem e ikkj noko te. Det eno mi tru ja.»

Anders var for lett i seg, han kunde ikkje fara heim enda. Fekk han Leinlands-folke med seg, vart han sterk i bygda, slik det no stod til. Ravald var med i sjølve bygdestyre, som sagt, og han hadde vore litt trau i denne veg-greina. Og no kom dei fraa Leinland til å ro åt Vågen og handle, det var grei veft. Det er mon i monnen òg, når han dreg inn for ein. Og peng, det trong Per, og peng fekk han, om det kom så langt.

Anders la vegen om Vågen. Han fekk handelsmannen på tomannshand. Hallstein heitte [148] han, og var langt sunnant, og det var Anders som hadde fått han hit, hadde bygd opp huse for han og sett han i veg; han var skipper elles.

Ja ha, no skulde han få sele både måling og bly, sa Anders. Til kirka.

Hallstein skuva hatten attover og strauk seg over andlete; det var raudt og heitt. Det var bra, let han, det var aldri for mange av dem som kjøpte her.

Og så til kirka da, mann! Det fekk han komma i hug. Og det var så mykje han visste, at no skulde han late til det som godt var, måling og tran tå beste slage, og bly som hadde tjukna si, Anders bad han enda ein gong minnast kva slag hus det var; og den andre nikka. – «Æg gjer dæg andsvarli på ein måti, Hallstein – ja, du ferstår mæg vel? Han Petter ska gjera arbee, og han e bra nok; men han kund no finn på å gjera det billi.»

Jau, Hallstein forstod. Han hadde vore ute ein vêrdag før.

Så var det ein urliten ting til: Det var han Jens, næsteldste sonen hans, han hadde slikt mot på handelen, han vilde fram . Om Hallstein vilde ta og lære han opp. «Kom i haug du sett på ei billi grunnleig, og det. Og trøng du skjellinga, så ska æg ut og lån fer dæg enno ein gong.»

Ja, ingen ting i vegen for det, guten kunde berre komma.

[149] Ja ja, hugs på andsvare ditt, sa Anders, og så gjekk han.

Han kom stigande stilt inn heime, såg mest ingen. Han fortalte Massi om erende sitt til Leinland, og ho lysna til med det same og tykte vel om det. Men så vart ho ståande og tenke. Det kom no an på, sa ho. Om han vilde sjøl, han Per?

Det trudde Anders. Per var ein forstandig gut, når han fekk tenke seg om. «Han e for lydi, tykkji æg, mang gong,» Anders snudde seg og såg ein annan veg.

Ja, det var just det. Derfor måtte dei fara rådlig med han.

Den dag og den sorg. Det var no godt å ha Leinlandsfolke med seg lel, smålo han. Dei kunde leva i den trua tart så lenge, at dei skulde bli skyld med Håbergfolke; han hadde bruk for dem.

Massi såg halvt forundra på han; for slik var ikkje han Anders i grunnen?

Anders merka kva ho stod og tenkte, og han smilte mest som Petter pla gjera: Ja, no skal du få sjå, Massi. Du har aldri tykt det var noko bitt for meg, du, syntes meir eg var som ein ljå forutan egg. No skal du vâre deg, heretter!

Det har no gått storveges hittil, sa ho. Og det var ikkje det grand for mykje. Men, det kunde vera halvvore vålig òg. «For der du går føri, Anders, der går heile bøgda ette.» Og med [150] seg sjøl tenkte ho, at når ein var så mykje til mann som han Anders, og fekk det som han vilde, støtt, så fekk ein tenke seg om. «Det du gjer, Anders, det må vara finsikta mjøl ja.»

Anders snudde seg til henne att, såg opp og ned over henne.

«He? Står du her og les åt mæg? Vil du sei æg fer med fark, kanskji?»

Ho vart både raud og brydd. – Det visste han vel ho ikkje sa. Nei, det var som det skulde slik; og ein fekk halde i den hempa som var , på folk. Men det var han Per. Han fekk rå seg sjøl i dette.

Massi hadde aldri snakka slik til Anders før; men ho berga seg ifrå det når ho snakka om han Per, for han var liksom barne hennar. Ho tok opp att dette, at han skulde få rå seg sjøl. Og så skulde no vel ho òg ha litt å seie i dette, – kven som skulde stå for styre etter henne her i garen? lo ho og slo det vekk.

Det var det at han Per var ein sau enno, sa han. Som her ein dagen, visste ho kva han kom og sa, beint opp i auga til far sin? At vegen ikkje burde gå om Håberg, sa han! For det vart ein krok, og opp bakken, sa han. Det var ikkje rett !

Sa han det? Massi såg ut liksom ho skulde hørt noko vakkert.

«Gu sa'n det ja, forlate mæg synda. Liksom æg va ein annan skarv. Va ikkj rett , sa'n!»

[151] «Ja du Per. Han bli det vel folk tå. Han e oppkalla ette ein bra mann.»

Det hadde ho rett i. Og sin frie vilje skulde han ha. Leinlands-folke kunde leva i trua, som sagt.

«No, det sa han,» stod Massi og mumla. «Hm, hm! Han e vel tå eit anna slag han enn vi.»

Jau, Anders skulde tilstå, at det var verre for Jens og Beret, som var oppkalla etter skrape, og det berre på tråss. For å sjå om det gjorde noko. «Å ja, men bi no, det ska bli ei rå fer dem ò, no herette. Gruv ikkje fer di, Massi!»

Nei, Massi gruva ikkje. Det var slikt vêr i Anders, han reiv henne med seg så ho mest måtte le innvortes. Men det ira ei uro gjenom henne i same tida: at no hadde han Anders vorte den ho vilde ha han til, og no visste ikkje ho lenger kva veg det bar.

IV

Våren gjekk, og våronna vart gjort, på det vise det var; Anders visste godt det var i fløtaste lage, for han tok til med vegarbeide i same tida å kalle, hadde ikkje ro til å dryge lenger. Frå Vågen til Håberg var han alt ferdig, og no bar det inngjenom marka til Lauvset. Noko hjelp fekk han av grannane, dei kom seg ikkje til å dra seg unna, husmennene kom med greve sitt [152] dei òg; men serskildt monna det når han gjorde dugna, med gjestebodskost og full sjau; da kom dei, og da arbeidde dei, om dei var aldri så seigvorne av seg. – Liksom dei skulde sjå meining i arbeide da, sa Anders.

Anders hadde alle 3 sønnene vaksne no, og Per og Ola var med og låg i arbeide støtt; Jens hadde alt tatt til i Vågen, på krambua. Desutan hadde han dreng, og det ein som var god for to. Han heitte Brede, og var overhallning, Anders hadde fått i han når han var der oppe og handla hest. I år leigde han eit par karar til, og ofte heile husmanns-fjølden, så han var ein liten høvding nar han drog i veg. Anders tok seg gjernast gode dagar sjøl, men i år var han som vargen, og han sette elden i dei andre med. Han fekk det til slik, at det var mest berre som skøy og skarvstrek det dei fór med; det var moro.

Anders hadde vore med, den gongen øvrigheita stakk ut denne vegen, han hadde tatt dem med til Håberg, og der hadde han gjødd dem dygtig, som det vart sagt. Sea gjorde han på lag som han vilde; folk var viss på han hadde snakka så mykje med dei høge herrane at han tok til frå rette enden. Og i grunnen var det Anders som styrte bygda, ettersom det såg ut for dem. Lensmannen var gammal og god av seg, og alt det Anders vilde, det vilde han, og han som var som ein formann i styre, sjølve prestefar, han var for stor ein mann [153] og nådde liksom ikkje hit ned. Når Anders vilde ha vegen hit eller dit i grenda, så fekk han det, kom ikkje der! Dei var mange som var misnøgde; men det gjekk så rart til, at når Anders hadde snakka litt med dem, så vart den eine med for det , og den andre for det . Dei vart med alle i hop, og Anders takka ikkje nokon. – Det var sagt ikkje urimelig om det vart veg åt kirka, sa ein. – Og så kan han Mønnicken sitte der og tøye seg i skjegge, sa ein annan ein. Heilt utant Skårsvågen og Leinland kom dei og var med, dag for dag. Berre for trøyheit, sa dei. For det var det, der han Anders var; serli no i sommar. Han hadde vore still av seg hittil, ingen hadde fått tak på han – og det fekk dei vel ikkje no heller; men han var som galnaste ungdommen å vera i lag med. Det gjekk små segner om kva han fann på.

Eit tak arbeidde dei om natta, for varmen vart så grov. Da sette dei av alt fram til ein gar som heiter Grønsetvika, midt på natta, med Anders føre så dya skvatt, vekte kona og spurte om det var så at ho hadde bedt dem heim. Kvar mann visste det var eit matrom der, og at kona var hjartans blå av seg. Ho var ikkje dummare lel, enn at ho forstod staven, som ho sa: Ho bad dem inn og bar fram av det likaste ho hadde, moro er moro, og dei måtte no vel vita skamm. Men det gjorde dei ikkje, dei åt henne snau mest; – ho sukka, og Anders sukka, og så takka dei for seg, og tok tråve attende. [154] Men du slette tid, slik maga-ilsk vi fekk! vart det sagt. – Ei natt kom heile gjentelyden i grenda settande med kvar si matkorg. – Håberg-gjentene var dei som hadde gjort laust –, dei kom springande, for dei hadde hørt karane skulde vera både matlause og svoltne, reiv lokka av korgene og sette for dem: det var brylloppssendingar, kunde ein seie, og dei som var minst vant med godmat, åt seg forderva att. Så drog dei fram til Storvollen og dansa resten av natta. – Ein kvelden mygga var så nask, tok Anders seg for og hivde karane bort i blautmyra.

Dei syntes dei gjorde veg etter seg både på den eine og den andre måten. Det var synd i dem som ikkje var med.

Da vegen nådde fram til Lauvset, sa Anders, at no hadde han gjort sitt, no kunde han gå unna, så dei andre fekk syne seg. Så kunde dei sende bud på han . Og dei som hadde vore med og hjelpt til, skulde han sjå å minnast; dei fekk komma innom på Håberg i jula; så skulde dei slå seg laus. Fann dei ikkje på noko anna, skulde dei ta og gifte seg, – dei fekk snakkast ved om det.

Anders meinte det han sa. Tida kunde gjera så mangt. Ho arbeidde for han no. Han heldt på og vart ein lukkelig mann, det var det; det laga seg vel som det skulde. Han hadde havt så mangt eit varsel. Som no med vêre: Det hadde vore så smellgodt med han låg i vegarbeide, verda hadde reint snudd godsida ut, – [155] slik gjer ho ikkje utan ho vil ein vel. Rettelig eit paradis-vêr, sa han. Men dei andre tok ikkje meininga i det; den hadde han for seg sjøl. – Og folke var som vêre; dei snudde godsida til. Anders kunde vera hardhendt, han visste det, – han hørte det av Massi; men han likte seg best når dei var fornøgde, og aller best når dei var fornøgde med han. Han glømte alle dei råder han hadde brukt, det var blanke solskinsvêre attom han. Men skulde han rett få kjenne kor høgt dei heldt han, måtte han heim til Massi. Og det måtte han ofte. Der las han det i auga hennar, om ho så sa han tvert imot.

Med vegsjauen stod på, hang Petter oppetter kirkeveggen og måla. Han hørte om herligheita, og song til.

«Æg måla dæg, bror min, så kvit som æg kann,
berre du ikkj endda bli svart som ein brand,»

song han, og meir slikt. Han var så glad.

Petter hadde vorte still med åra, det hadde gått andre vegen med han enn med Anders. «Det e ein mann og ein stakkar i vår slekt; det sei æg støtt når æg e full, og full e æg støtt», hermte dei etter han. Oftast sa han ingen ting.

Ein kvelden seint han kom frå arbeid, møtte han ein av vegarbeidskarane. Dei vart sittande på veitkanten; Petter tagde, og den andre fortalte; det var Anders først og Anders sist. Langt om lenge sa Petter, og det var mest likt til han hadde glømt den andre var der:

[156] «Æg hi vøri så blid på 'om Anders i langsamli tid, æg hi rikti undrast på mæg sjøl. No held det på og går over, kjenni æg. Og gudskjelov fer det. Det sig tå mæg som ei tung bør, tvi fan! Æg bli så forunderli fri

Han såg utover, liksom han hang oppunder take på kirka enno, og så tok han i og kvad:

«Alles øine vogte på dig, Anders!»

Han var alt på gonga ifrå den andre.

Avkomme

I

[157] Det som gav Anders den nye makta hans, var borna. Slik kom det for han. Javisst hadde han havt dem før òg, og glad i dem hadde han vore, men først no i det siste hadde han vorte vâr dem for ålvor. Same kor det gjekk, så hadde han dem. Han gjekk i ei djup og tung lukke, kjente seg uovervinnelig: Han skulde ordne framtida for dem; her var mange ting i vente, sjølve live var i vente.

Det hadde vore slik all tida, at rett som det var, sette han dørene opp for ungdommen i grenda, og dei rausa inn skokkvis og hadde moro. Dei fekk heile øystre enden av lona, fekk gjerne sette henne på hald om dei lysta, og noko likare enn å komma inn her visste dei knapt.

Per var ein stillvoren gut, som folk visste lite å seie om. Han likna mora meir enn faren, men enda kunde dei sjå han var av juvikingane. Han var lyslett, og høg og fin på vokster, og ein klok kar. Nokon Anders vart det ikkje av han, sa dei mannjamt; dei tykte heller han slekta [158] på farfaren. Var det likt! sa Anders. Nå nei! Men eg trur enda han ska bli . Når han berre får meg under tørva.

Etter han var det Gjartru. Det var gullbarne til faren, ettersom mora hadde tatt Per. Ho var trollvakker, ho hadde slikt makelaust hår, raudbrunt og digert og småkrulla, og andlete var smalvore og fint, og så var det slik eiande vakker au'syn i henne, at folk måtte snu seg rundt etter henne; og dei sa det seg i millom, at ho der kom til å døy ung, det kunde ein sjå på henne. Men det gjorde ho ikkje, ho var så frisk og full av liv at halvparten kunde ha vore nok.

Åsel likna på Per og morfolke: lys i hold og i hy, og lys all i gjenom, og underlig still og tenksam av seg, eit godt menneske, men ho tålte ikkje tøv eller fjas. Ho kom tidlig heimafrå og til Pålsnese, skulde vera i barns stad hoss Ane, fars-fastra, som var enke.

Jens var ein raudhåring og ein galning, og juviking for dem alle i hop. Han fekk all den juling åleine, som måtte til i huse, og på den måten vart det folk av han med. Men det skulde ha å gjera, sa faren, – det var ikkje langt etter skarven der. Han skulde aldri ha vore oppkalla etter farbroren.

Det same sa dei om Beret; ho likna for mykje på fastra som ho heitte etter. Ho var ikkje tynn og fåbleik som henne, ho var tjukk og raud over alle breddar; men det var ingen ting om henne, ho vann ikkje noko. Og eit par gonger [159] hadde ho havt som ei tull-ri over seg, ho hadde sprunge opp og ut midt på nattens tid med kauk og skrik, og var ifrå seg i dagevis etter. Anders hadde kurert henne med årlating, men ein kunde aldri bli trygg. Det var einast det at ho var så glad i krøtera; når ho var i fjøse, song ho enda for dem. Og eit vakkert andlet var det på henne.

Ola-guten hadde komme for seint, sa faren; røytegge bli det aldri fugl av. Han heitte ikkje etter nokon, og likna ikkje nokon; – han gjorde som han vilde med den ting, sa han sjøl. Han var tjukk og rund, og sein av seg. Berre osten! sa foreldra. Men ein god ost lel, sa han; for han svara så det sat i veggene, om han aldri sa noko elles. Han vart ein klyppar til å lesa, og så kunde han spella så folk gret. Men det var dem som tvila på om han var rett eller ikkje.

II

Anders låg vaken ein natta utpå hausten. Det gjorde han elles støtt når ungane var heimanfrå, og no var dei sør i Lines-grenda på skuronn-dugna og dans, kom vel ikkje heim før på morgoparten. September-månen stod lågt over haugane, så stor at han kunde stogge hjarte i folk; og raud som sloknande jarn, men lyste gjorde han mest ikkje; åsar og fjell la svart skugge over all bygda å seie. Tungsjøen tura utom oddane; han tok slik [160] djup tone i kveld, det var godvêre han låg og mól over.

Anders syntes dei kom, ungane, tak for tak. Men dei kom aldri. Nå ja ja. Dei hadde helga på hand, det var sundagen i morgo.

Per var den som først tok til vettes og gav seg på heimvegen. Han måtte gjernast det. Petter Lines slo følge med han nordover, enda det var ikkje den vegen han skulde.

Dei var litt av same folk, dei to, hadde stått for presten i lag og halde mykje i hop elles, så folk heldt dei for venner å vera. Det var dei òg, på ein måte. Per hadde leika seg både med husmannsungar og kven det skulde vera, men var like frammand for dem alle saman; det var einast Petter han snakka med, og Petter fortalte all ting til han. I det siste hadde det komme det til òg, at dei vart glad i same gjenta, ho Kjersti Rønningan. Det var mest som med faren og Ola Engdalen i gamledagar, folk snakka om det og venta seg mangt. Men det spurtes aldri noko meir. Å nei, sa Anders. Det er anna blod i dem der. – Så hørte dei det, at Per hadde dratt seg unna, og ingen visste kva som hadde komme i han. Fortenkt hadde han gått før, og verre vart han no. Kjersti gret og bar seg, for no såg ho det var han ho skulde ha havt. – Du er like glad om meg! sa ho. – Gu gi det var så vel. Men han far likar det ikkje. – Er det berre det? bles ho. – Ja. Anna er det knapt. Han tenkte seg om og visste ikkje anna. Og kvifor [161] skulde ikkje han Petter få deg? sa han. – Piner du live både tå deg sjøl og meg du da? – Hm. Ein kunde vel vera slik – – at ein vart huga på det òg, stund og anna. Nei, ikkje deg, men. – Ja ja. tek eg han Petter; så skal han få meg! Per beit seg i leppene, og dei var dovne og kalde å bite i.

No var det visst og fast millom henne og Petter for lenge sea.

Månen hadde rodd seg langt ut no, lyste frimodig over fjorden og dei vide brune myrane. – Nei sjå han da! sa Petter, – han segler som ein gullbåt på ein sølvsjø, det var da eitkvart til høgtid. Og rettno skal eg òg ut og segle. Men det var det han skulde ha sagt – – han vart ståande og sjå ut i vêre, langt unna, liksom det var sjøborden han lya etter. Det dundra og mól over rås og tare derute; det var ålvor til tung sjø. Så kom Petter og gjekk att. Han var ikkje høg som Per, men breiare, og hadde eit serskildt truverdig gonglag.

«Det va a Kjersti,» sa han. «Det står visst te gæli med a.»

Per gjekk, liksom han hadde visst dette før, og Petter hang med, og strauk seg over panna, han var sveitt.

Dei skulde ha gifta seg straks, sa han, men slikt gjekk ikkje så fort; dei heime vilde ikkje sjå henne der. Så fekk han kjøpe seg rom og flytte ut. Og litt pengar det hadde han.

Ja? sa Per. Så gjorde dei vel det da. Litt [162] fort ja. – «Men det der, det ha æg ikkj trudd; om ho ikkj.» Det hørtes som Per klaga seg og vilde komma seg unna.

«Mi skyld!» sa Petter stutt. «Fer du veit, æ tåli så liti dem sett sæ på bakbeina imot mæ, kvinnfolka. Gu gi, du villa kjør kniven ti mæ – det skuld vara søtt å kjenn på!»

Per gjorde med akslene, og gjekk på.

No reiste han på sildvågen, sa Petter. Langt nord i lande; han og han Hall Grønset. Så vart det vel eit stell på det når han kom att. Og – her var pengeboka hans, Petter tok i erma til Per, så han måtte stane. Dei såg einannan fast i andlete.

«Den her villa æ du skuld gi a Kjersti. Om det skuld – ja, om det skuld hend sæ inkvart med æva bort. Hell om æ no ikkj kom att meir. Vil du lova mæ det, Per? Fer gammelt kjennskaps skyld? Fer det vart no synd ti kraume.»

«Ja, det lova æg. Og æg ska hald det ò. Men du kjem da vel att, ka slags snakk e det?»

«Ja-a, du veit. Men slo fiskrie feil, så kanskji æ reist både hit og dit, æ må ha peng! Osså lova du mæ det, at du alder nemni orde åt nokon ein om bokja? Fer ho mor e så hatsk på a Kjersti.»

Per nikka berre. Han såg litt på Petter, undrast liksom på kven han var, og fekk som ein angst i seg, men han tok boka og gjømte henne [163] vel. Så gjekk dei att; men dei fann ikkje på noko meir å snakke om, og så skildes dei.

«Vi segli om tosdan,» sa Petter. «Og hels a så flitti ja!»

Anders hørte det var Per som kom. Han var så omtenksam enda til i gonglage. Dei andre, å ja da, dei kom, dei kom. Han visste dei fór ikkje av vegen.

Men Gjartru, gullbarne hans, fór av vegen den natta.

Ho hadde vore forlova i lang tid, alt sea dei var små å kalle, med ein som heitte Hall Grønset. Det var berre faren som hadde ein tanke om det, og han sa ikkje noko. Hall var ein stor og vakker gut, men elles ingen ting serskildt, det var berre det at ho hadde vorte så glad i han, ho måtte ha han. Det åre dei gjekk for presten, hadde dei møtt ein annan på vegen innpå myrane ein dag. Dei gjekk framom kvartanna utan å sjå opp. Så snur dei seg og ser att båe, den eine beint inn i andlete til den andre, og så ler dei og skynder seg kvar sin veg, underlig heite og raude; og sea hadde dei havt det slik at dei var kjærestfolk. Stort meir hadde det heller ikkje vore imillom dem, til no i det siste. Faren hadde set at Gjartru vart raudflekkut oppetter kinndbeina, straks Hall kom til stades.

Med det same ho og Beret hadde skildt seg frå dei andre og kom og gjekk heim, møtte dei han i lag med Petter Lines; dei skulde vera i [164] lag på sildvågen. Så forteler han at han skal på langtur, og så snur han og bli med dem. Beret går inn og legg seg, og dei to går sørover att. Da dei er over kleiva så vidt, hører dei det kjem nokon i møte med dem, ein heil skroll med ungdom, og så spring dei av vegen og inn i høyloddo som står der. Dei hadde sitte tosaman i høye før, det var ingen fare med det. Dei sat tett innåt einannan, kjente varmen av høye og av kvartanna, så kvævande søtt; og der ute ståka ungdommen framom med gap og leven, og haustmånen han skjein som eit eventyr. Og Hall han skulde på langtur, det var som han aldri skulde komma att til henne meir. All makta seig av henne, ho var så lukkelig ho kunde skjera tenner. Hall hørte enda ho gjorde det.

Ved dette leite kom farbror Petter raklande heim frå kirka og arbeide. Han hadde vore vestom Vågen og fått seg skjenk, i kveld som ein annan kveld, så han var den han pla vera, småfull og småsyngande, men vaken og beisk som nordavinden. Han møtte unglyden, og spurte om dei hadde treft nokon her frampå. – Nei, ikkje ei sjæl. – Hm. Han syntes da så tydelig det gjekk eit par straks føre han? Han saga i veg att, men da han er midt for loddo, set han seg på vegkanten. Det var godt å sitte her, når ein ikkje var for ædru. Og var dette ho Kjersti og han Petter Lines, så værsågod, [165] alt med dei lysta; men han vilde vita det. Så kom dei til å gifte seg, og da sprakk ho vel, Lines-Blakka. Det skulde heller ha vore han bror Anders som sprakk, men noko var bedre enn ingenting. Tru om den loddo der var så tom for folk som ho såg ut til?

No hører han det snakkar, og han hara øyrane som ein skygg hest. Folk i loddo ja. Som rimelig og rett var, slik ei natt, eller morgon eller kva det no kunde vera. Men ikkje ho Kjersti det der san, vanta mykje på det. Han stel seg bortåt på lurlabbane, heilt inn til veggen. Jamenn trudde han dei gret. Var det alt trøysamt! Han sette seg, seig i hop som ein høysekk innmed veggen.

Han lea på andlete, og drog på kroppen, etterkvart som han hørte kva dei sa. Han skjein på slutten. – Nei, du hadde vel aldri trudd det skulde gå slik nei, kviskra han og hermte. – Og eg skal gå til han far din i morgo den dag ja – du kan da vetta det! Da får du frammandfolk, Anders bror min. – Ja da, ja da, du er da lukkelig lel, du, ser du, jøsses! – For seint å gråte no ja, det var eit sant ord – hæ hæ hæ!

Petter sat der da dei kom ut og puska av seg høye, sat og var som ein svart skugge på veggen. Men han nikka blidt til dem: det var da berre han . Gjartru gav frå seg eit lite hikst, og Hall vart ståande stiv, med ålbogane litt ut ifrå seg. Så la dei på sprang. Petter nikka [166] etter dem. Og han sovna der han sat. Han sat så for godt.

Da Gjartru kom på lofte heime, merka ho at Beret hadde gråte. Dei låg i same seng.

«He? Ligg du og gret du?»

«Gret? Langt ifrå. Ikkj det minste grand hell.»

Nei, og ikkje var det verdt heller, sa Gjartru. Han Brede, drengen, var ein staut gut, men låg ein og gret for han, så fekk ein han ikkje. Og tanken rann som kalde blanke vatne gjenom henne, at med henne hadde det gått slik , no var ho ikkje den Gjartru ho hadde vore, men for det så –.

Jens og Brede kom da det var lys dag. Dei hadde gått seg opp i brennvin og mange hendingar, og fór ikkje stilt. Ola-guten kom etter ruggande med spelle sitt.

«Dokk e som nyfødd kælven,» sa Anders, han var alt oppe og sette ut hestane; «drikk alt dokk kjem over, og så snåva og dett i kvart eit strå. Komm dokk åt sengjen, bonn!»

Han sette seg på senggavlen hoss Massi, da han kom inn att. Han kom så i hug ho Åsel, som var i Pålsnese, sa han. Ho slapp mest aldri utom døra; gamlefaster var ei streng ei slik. Berre ho ikkje syg blode tå ungen, sukka han. – Litt fekk ho vel tåle, skulde ho få det som etter gamla vart, meinte Massi – det var visst ikkje lite det som kom nordant frå han farbror Jens. – Alltid vart det vel ein vakker [167] skillingdunge på henne, – Anders strauk seg gjenom skjegge og stirde fram. Men lel så – – det vart lenge før gamla tok til vettes og døydde. «Vi val sjå dit i dag, mein æg?» Han snudde seg til Massi. – Det kunde han gjerne; han. Ho hadde ikkje tida. Og ungen visste vel kor heim var, likte ho seg ikkje.

«Ja–a. Viss-at ho va tå di bonnom, så.»

III

Det vart bryllopp på Håberg i jula, som Anders hadde lovt. Han nemnte Marja Leinland for Per ein dagen i haust; dei var enda nedmed sjøen og hengte opp sildgarn. Det er ei hiva veikje, gut – tru om du ikkje fekk henne? Du veit du gjer som du vil. Eg legg meg ikkje borti det. Anna enn at no får du ta og gifte deg snart ja; det lid med det skrid.

Per tok til og raudna, og så hengte han ifrå seg bukta si og såg på faren: Hadde han vore der og snakka frampå om det, kanskje? – Anders hadde vore der ja, eit erend; hadde så vidt nemnt det for kallen.

Per sa ikkje noko meir. Og så kom han ein dagen og fortalte, at no hadde han gjort det visst med ho Marja, og når kunde det høve dei klemte til med brylloppe? Ein kunde vel seie i jula, kan hende?

Anders såg kvast på Per. Det hadde da vel ikkje havt slik hast? sa han; du kunde no ha tenkt deg om først.

[168] «Det va det æ gjord!» sa Per, og så gjekk han sin veg.

Tenkt seg om hadde han gjerne gjort, Anders hadde lagt merke til han stod både her og der og tenkte, etter den gongen han snakka med han nedmed sjøen. Det var ikkje noko godt merke, dette at guten skvatt i veg og forlova seg, først far hans pekte. Berre ikkje Per var for blaut alt med seg! Den ljåen som er for hard, er det råd med, det er verre med den som er for linn. Og Leinlands-folke trong han ikkje lenger, det var da påkeren til gut òg! vegen og all ting gjekk av seg sjøl no.

Men da Anders hadde gått og havt det for seg ei tid, visste han korles det var: Det var ho Kjersti han vilde ha havt, han var vengskoten alt. Kjukling!

Bryllopp vart det likevel, og det eit som spurtes. Det var ei stor helg for Anders. Det var så gildt, når han kunde by folk til seg, og serlig når han baud det som skikkelig var.

No som elles var det storparten ungdom som kom til Håberg; og Anders «gjekk-laus», som dei sa, han dansa unglyden av golve i to nætter og ein dag.

«Du spåka no vel i fægda du,» sa Massi, – ho var utkjørt første kvelden.

«Ja det e ei skamm, Massi, at æg alder kann bli gammel. Æg bli greinli ønger og ønger fer kvar dag.» Han tok seg halvt forvilla opp i håre; for det var slik som han sa.

[169] Og jamenn hadde han råkt det rettaste med dette giftarmåle òg. Per dansa så lettliva som ein brurgom kunde gjera, og brura var no reint oppunder take somtid, så levande og friskhjarta var ho; og hang i hop gjorde dei som klungerkvisten. Anders var på lag så full han kunde bli; men han såg det han vilde sjå; auga hans var med dem så blankt rundt golve. – «Ho dér e hålade modi ho!» sa han; han meinte vel at ho var full av liv.

Han kom gåande framom Massi rett som det var, uti vesterstua der gammalfolke heldt til.

«Det går tåli bra , Massi!» sa han for kvar gongen. Og han la mykje i dei orda.

Dei la godviljen til og drakk alle mann i det brylloppe; men det var ikkje alle som hadde godt av det. Fransbrennvine var ein god drikk å ta; men ein kunde ikkje gi på for lenge med det.

Hall Grønset gjekk seg utover låvebrua andre dagen, lukt på hovude, og nedunder var der hålke og stein. Han vart liggande rolig der. Blode flødde nedetter issvullen, og kvinnfolka samlast i kring og lét om seg. Gjartru kom dit òg. Ho skubba dem unna, steig på kne med eine foten, tok hovude hans opp i fange og tørka av såre med flathånda. Han ser opp, midt i fullskapen, kjenner att henne og smiler, og ho smiler att, – slik gjorde dei den gongen dei møttest innpå vegen med dei var ungar, dei kjem i hug det båe to. Men han øra snart utor att, og ho tok til og såg seg i kring. Der såg [170] ho i faren, og han ropa ho til: «Komm og hjolp mæg urliti her, far!» Han kom, og ho synte han korles det var. «Tak og bara'n in, så e Dokk snild!» bad ho, og Anders bøyer seg ned og tek han, ber han over garen og inn i kammerse, midt i folkestraumen; Gjartru kjem etter og går og ber huva hans. – Det var ein som hadde snåva, sa han. Og da han kom ut att, la han til:

«Det henda sæg så mangt på slik ein glædesdag».

Gjartru møtte han i gangen, ho skulde inn med vatn. Dei tok i hop med auga, berre som snåpast, og dei fekk same smilen båe. Han var bortpå håre hennar:

«Du val tak 'om da, i gudsnamn. Sei ikkj nei, æg, på slik ein glædesdag».

Tredjedags morgonen gjekk ikkje Jens lenger; dei måtte på lofte med han. Han skapte seg rang, og slo så dei datt attmed han. Anders var i veg og bar han opp. – Han tok han for seg, da han hadde sove av seg det verste, og las for han, som han kalla det. Guten var mjuk som vidja, og Anders var fornøgd.

Han fór elles og såg etter Åsel frå Pålsnese, gjorde seg veg i straumen både hit og dit, skulde så nødvendig ha set veikjungen om ikkje meir. Seint omsider fekk han i henne og vart for seg sjøl med henne. «Du e bleik, mein æg?» sa han. Ho såg på han i blå forundring, med dei store ålvorsame auga. – Var det langsamt i Pålsnese? Vart det for tussi, kanskje, å vera der? Han [171] trudde neimisel ikkje ho dansa heller? – A jau, lel; det hadde ho da gjort. Anders let vel att kammersdøra, for det var der dei var.

«No ska du fortèl mæg ein ting, Åsel: Kor det e vori med dæg og 'n Hans borti ander stu'n? Æg veit dokk va forlova, eit tak.»

Åsel vart ikkje raudlett ein gong. Ho løfta auga rolig oppetter han:

«De e slutt med di, no.»

Anders steig til kvast: «Hi 'n gjort nar tå dæg, skarven?»

«Nei, far. Men han villa ikkj vent lenger. Som ventan' va.»

«Vent lenger?»

«Ja, Dokk veit æg hi lovt a faster, at æg ska ikkj gift mæg med ho levi.»

«Hm–hm–hm! – – Hi a ikkj vett te å døy ho da? – – Du får komma heim da, Åsel!»

«Nei, e Dokk gælinn Dokk. Når æg hi lovt a det? Nei, æg vill ikkj det, far.»

Hm. Anders gjekk. Folk av det slage der, dei forstod han seg ikkje på. Det var illt om dem, tulltye. Han måtte i veg og ha seg ein dramm og ein dans att, for å bli fri det.

Anders hadde all tida gått og syntes at han var ikkje kommen i gang med å leva enda, det låg berre framfor han og skjein. No var han nær innpå det. Desse dagane her levde han dubbelt imot før. Å, han såg mangt berre med han fór over golve slik, den eine tingen vakna i han breiddmed den andre, såg på han som [172] ein gammal kjending. Javisst, lensmann var det Per skulde vera ja, han, som var ein rettskaffan kar, folk skulde vel ikkje gå her og vera juvikingar all sin dag? – og kor vart det tå han Brede, drengen? og ho Beret?

Han sette frå seg gjenta han dansa med, og sveiv av bortgjenom fjøllden. Hadde dei set han Brede? Nei, ikkje no på ei stund. Beret fann han, og ho meinte han var bort og såg til hestane, – ho kom enda og vart med han, skulde sjå etter. Han var der.

Anders slo han tungt på aksla, som det skulde ha vore ein annan garmann: No hadde han vore her i 10 år. Ikkje sant? – Jau, det var så det. – Ja, og no vilde Anders spøre, og ha svar: Tenkte han slett ikkje på å gifte seg? He?

«Nå, eig veit ikkj, eig, ker det kann vara med di.»

«Vill du ha dottra mi, hell vill du ikkj?»

Brede såg i kring seg, og vart vâr Beret, ho stod straks utom døra og hadde hørt kvart ord.

«Ja? Ka du sei, gut? Det skuld no vel ikkj vara noko rusk, villa æg tru! Men du ha no fortjent a.»

Brede var ein rolig kar. Han klo seg i nakken og kleip att eine auge. Det var det, at gjenta stod og hørte på – han måtte mest ha svara ja om han ikkje vilde. Og så det at Anders kom sjøl, det var så reint over blåe fjella. – Det var no ikkje høylasse og floingen, sa [173] han, ein fekk tenke seg om. For ein skulde vel ha visst kva ein skulde leva av? Det var straff for å svelte kjerring og ungar, visst?

Hm–hm! Det var ingen tosk som tenkte på slikt. Anders bad Beret komme nærmare. – Han hadde tenkt ut noko her i kveld: Grønsetvika. Ho var å få kjøpt no. Og borti Bogen midt imot, der vart det svære ting med tida, stort sakbruk snakka dei om, ein skokk med arbeidsfolk, – der fekk dei i Grønsetvika sele mjølka si, og meir til; der kunde ein leva. – «Ja, ka dokk sei da, bå to? Mæg skjel det ikkj – æg kom berre på det slik, her i sta.»

Beret hadde vorte så raud ho kunde bli, og Brede var heller ikkje bleik.

«Sjå, ho vill no fell alder ha meig?» sa Brede.

Da gjekk Anders. Det fekk bli deira eiga sak. Det var alt for to år sea, at Anders kom over der var eitkvart millom dem. Han hørte Beret bad Brede ta i med seg og flytte eitkvart tungt. Du gjer meg no gjerne det peke, sa ho. – Ja, visst eg får ligge i lag med deg til natten. – Visst du vilde vera folk, så. – Jøss, eg skal ligge så still som ein jarnstaur. – Det vart no vel ein kaldvoren sengkammerat, lo ho, – det var mest første gongen Anders hørte henne le. – Og no var det der i stand. Han hadde live millom fingrane sine no, eller kva han skulde kalle det; det var inderlig trøysamt.

No var det Ola som spella inne. Anders stod litt og lya på det. Huff! sa han og lea på [174] seg, kor hadde gutungen fått i desse slåttane da? Nei, ingen visste å seie det. «Du spella mæg forderva, Ola, med slik jamring – hi du ikkj ein kvikk ein, ein som riv urliti?»

Ola var like rundlett; han drog ein lang, skjerande tone og smilte framfor seg:

« Søng om sola du liksom æg , sa kråka åt ugla; f or det er så vakkert , sa a.»

– – – Det var ein ting som tyngda noko på ungdommen i førstninga. Det var at Petter Lines hadde blive. Hall hadde komme att åleine. Dei hadde ligge og sove på husbåten om natta, så stod Petter opp og skulde sjå etter fortøyinga, ettersom Hall trudde; og han kom aldri att meir, sågs ikkje meir, alt dei sokna og leita. Han måtte ha stupt på hovude i sjøen, i mørkre. – Korles ho Kjersti tok det? Ingen visste noko om det; men det var synberrt for alle korles det var med henne. Gjartru var nær på å gå til sengs, da ho hørte tilburden. Og no kleip ho Hall over armen fleire gonger, og sa han fekk aldri lov å komma på sjø meir.

Farbror Petter prøvde òg å legge skuggen sin på brylloppe. Han kom i gammalklæane, lapput og lervut midt opp i all høgtida, og attgrodd med skjegg i andlede så det var nifst. Men Anders visste råd. Han drakk med han, til han kunde bera han til sengs. Da han kom opp att, gjorde det ingen ting, det var ingen som såg det lenger.

Det vanta utrulig mykje på at Anders var [175] lukkelig enno. Men han var på vegen. «Det går så tålig, Massi,» sa han med henne att, da gjestene hadde fare. «Det går bra

IV

Ut i februar fór folk på fiskja. Ola Håberg vart med i staden for Petter Lines, på båten hoss Hall. Gjartru hadde manna seg opp og latt Hall få reise; så stor ei skamm måtte ikkje gå over han, at han vart heime når dei andre fór. Og faren hadde komme så rar ein dagen og trøsta henne, liksom han visste kor tung for bringa ho var. – Det vil oss berre vel, no eit tak, hadde han sagt, og dei orda hadde vore gode å ha.

Ei natta, det var ikkje lenge etter dei hadde reist, vaknar ho og sit og lyer. Da kakkar det i veggen til henne, tre gonger, langt unna liksom, men i veggen lel, og til henne. Så er det berre vinden att, som yler og ler. – Men Herre Gud, er det sant da? jamra ho seg. – Er det sant da!

Ho såg på Beret, ho låg der og sov med handbogen over auga; måneskine lyste rolig over henne, og Gjartru tykte ikkje ho visste om det var sant det ho såg; kanskje ho sat her og drømte. Så stod ho opp og klædde på seg, og gjekk ned. – Du kan sova, Beret, mumla ho; for han Brede er heime han. Ho kom skinglande inn i [176] stua. Snøfokke for imot vindauga, i blind og lystig dans; inn imillom gulna månen fram; det var så frammandt at det sveid i henne. Men stuelufta logna i kring henne, no som før, denne velkjente gode lufta, der barndommen og lukka hang att. Klokka borti skape sitt stod og gjekk og gjekk, som eit fortulla menneske. Gjartru stavra seg bort til kammersdøra, hørte dei sov der, og stod ei stund med handa på klinka. Så måtte ho inn til dem likevel. Massi vakna med det same, og sa: I Jesu namn rett? og Anders spurte utor sømnen kva det var.

«Far, æ hi fått nå-bu, ifrå sjøn!»

Kva for slag?

Ho seig ned på senggavlen hos dem, og tok i handa til mora, for ho låg fremst; ho klemte til i ørska:

«Det kakka i veggjen åt mæ, kann Dokk ikkj høyr da – det e 'n Hall!»

Å tøv, meinte Massi, det var da berre vinden.

Gjartru sat og krøktes i hop. – Å nei san. Det var ikkje vinden. Ho visste kven det var. Han tok borti henne med ho sov, ho måtte da vel kjenne han. « Kann dokk ikkj – – finns det ikkj – –»

Anders stod opp og tendte lys. Massi kom etter. Gong for gong tok stormen i huse og tverrista det, slepte det og tok det att; det var havstød nordavind. Snøfokke kvæste imot glase, som ein rå og vond flir.

«Du narra dæg berreste, ban!» trøsta Massi. [177] – Dei var ikkje ute no på den her tida, og i slikt vêr, – ho kika ut etter måne og stjerner, kom aldri på å spøre klokka. Midnattes tid snart!

Gjartru sat og anka seg stilt. Anders sa ikkje noko.

Og så var det no vel heller Ola-guten da! sukka Massi. Men som sagt, dei var ikkje på sjø ved det her leite.

«Det mått vel ha si tid førn det nådd fram,» – Gjartru sukka det med seg sjøl.

«Ja, sei ikkj det du,» sa Anders. Vi får vent og sjå. Vi får vent og sjå, Gjartru. Men skuld du ikkj prøv og legg dæg borti benkjen her, mein du?» Han spurte så varhendt han kunde, og tok borti henne.

Ho lydde han i det, og dei to gjekk åt kammerse att; men dei let døra stå opi.

Gjartru gjekk som ein skugge dagen etter. Ingen sa noko til henne. Næste dagen kom Ola heim. Gjartru såg han først. Ho sa ikkje orde, sette seg berre stilt ned, og der sat ho med han fortalte det som var.

Dei hadde vorte seine på sjøen, stormen hadde komme over dem og sett dem unna, og da dei endelig hadde slitt seg oppunder dei ytste skjera, var dei så klar dei vann ikkje ei famn lenger, så mastra dei opp og la til segls, tenkte å slå seg opp til eit anna vær.

«Va det han Hall som villa det?» spurte Gjartru, ho hadde ikkje set på Ola før.

[178] «Det va no han som va høvesmann ja,» sa Ola, han slo ned auga.

«Kom det bort fleir enn han?»

«Nei, vi kom oss da på kolve. Osså kom det ein tviskipa ottring og berga oss.»

« Vart du likar no!» sette Gjartru i, det var liksom ho ropa det inn i andlete til Vårherre.

Dermed gjekk ho på lofte.

Utpå kvelden gjekk faren opp og såg til henne. Ho låg i ein klump borti senga. Han stod der lenge og sa ikkje noko. Han var på veg og vilde rusle ned att.

«Æg kjenni korles det e,» sa han med seg sjøl. «Ingen mon ti å sei noko her nei.»

Da såg ho verkelig opp. Det bevra som ein varme gjenom henne ved det at faren tok det slik, ei pine og ei glede i same stunda. – Går vel over igjen, sa ho. Han snudde seg glad: Det gjer så det, ban. Det gjer så det. Men likevel, så. Og så la han til, at for han kom ikkje dette så reint uventande. Her i haust, da Petter Lines kom bort, den gongen slapp Hall unna; men han skulde aldri ha komme på sjøen meir. – Men kvifor sa han det ikkje med han da? Ho såg på han så det brennte, det var langt til gråten der enno, merka han. Anders tok seg forvilla opp i andlete: – Ja, sei meg det, du. Det skulde vel gå slik. Det skulde gå slik, Gjartru. Ho luta med nakken for dei orda. Men ho levna til att, Anders meinte han kjente sneven av den same blodsmakande lukka som no glødde i auga hennar:

[179] «Han Hall ha reist lel, han!»

«Du kann vara stø på det, Gjartru. Han va ikkj tå dem , nei. Han visst vel det, at når tia kjem, så kjem mann' ò. Og dauin sin rømt ikkj han unna.»

Da endelig losna gråten i henne, og ho snudde seg til veggen og gav etter. Anders stod still, torde snaut dra anda. No skulde ho vera over det verste ja. Men det var ikkje lang blinka, så snudde ho seg fram att, så rolig og så rar, at det nogg i han:

«Han vart no rett likar ò no! Når 'n tok 'n ifrå mæ.»

Anders smilte, liksom han hadde hørt noko han kjentes med. – Det var så det, sa han. Men ein skulde ikkje spotte, kor huga ein vart på det. «Hald dæg te Vårherre, du!» bad han lågt. Det hadde han gjort, og det stod ein seg på i lengda.

«Fer han e no basen te å styr da,» sa han med seg sjøl, da han gjekk ned. «Når 'n vil . Å, vi bli berreste smågutan all i hop imot han, san!»

Han skjemdest litegrand av det, men han syntes det hadde falle ein stein av han. No låg heile framtida berr og blank framfor Gjartru att; henne vart det eitkvart av . Han strauk flathanda etter handtreve i troppa, med han gjekk; han var så trygg, liksom det var sjølve livslukka han hadde tak i. – Nei, det vilde han berre vel no. Og ho Gjartru, ho tålte meir enn slik.

[180] Dagen etter tok Anders på seg og gjekk til presten.

I grunnen hadde han tenkt seg til kirka, han skulde ha vore der for lenge sea og set på arbeide, det hadde sitte i han som ein pligg i fleire veker; for var Petter den slauren han frykta for, så måtte den andre mannen vita korles arbeide var gjort. Og det skulde vera vel gjort! Det hadde Vårherre fortent av han.

Men det bar inn til presten med han først, som det hadde han visst heile tida. Han måtte snakke med han på tomanns hand, og dei gjekk på kontore.

Han skulde seie fram erende sitt både stutt og greit, sa Anders, – for slike folk skulde ein gå beinast på, hadde han vorte vâr, og han var nær på å seie det. – Jau, han hadde ein son som heitte så mykje som Jens. Ein villbysting og ein gælning. – Ein staut gut, såvidt presten visste. – Ja, ban, det feila ikkje det; men ein kåt ein, som sagt, han gjorde både han drakk og han sloss, med kvart; det hørte folkslage til å vera slik i oppveksteren. – Han vart det nok folk av. – Ja ha, det hadde presten rett i, – det var arti å snakke med vetugt folk; med karmenner. Og no hadde presten ei dotter –

«Mange!» skaut presten inn. Men han var ikkje til å sjå igjenom.

Ja, men det var ei som heitte Ragna; det var serlig henne. Ho som var litt rundbygd, – som det var litt tak i. Ho var just ei for [181] Jens. Og Jens ein for henne. For det vart folk tå Jens ja, det hadde presten mykjen rett i; når han fekk ei hand som heldt i hempa på han.

Presten såg på fingrane sine, og på andre ting. Han var litt raudlett no. – Slikt fekk ein vel helst la ungdommen greie sjøl? meinte han.

Anders såg lognt på presten:

«Det gjer du no ikkj støtt, du hell, pastor!»

Presten bukka, aldri så lite, og det syntes Anders var eit fint svar. Han drog på smilen:

«Du val lova mæg eitt, likvel, for gammel kjendskaps skyld!»

«Jo–o, du ved –»

«At du nemni det med prestfrua. trur æg ungdommen grei det sjøl ja. Fortel a det, at han Jens ska bli handelsmann og storkar snart, at det ska æg vara mann fer, sei!»

«Se det, se, det!» presten såg småøygd på Anders, fult, men forundra likevel. «Du har hovedet fuldt som sædvanlig, min gode Anders.»

Anders reiste seg; han tøyde seg opp i si fulle høgd og tok seg over skjegge:

«Æg ska fortèl dæg ein ting, prest: Æg hi løkka med mæg no fer tia; æg hi luft pund vengjen, utruli !» Han stod ei blink og tenkte seg om, og så fortalte han dette med Gjartru og Hall. – Han slo tungt den gongen, Vårherre, la han til. Men berre for det gode. Han sette auga rolig på presten: «Du skuld tru urliti på den mann' du ò; du stod dæg på det.»

«Men det gjør jeg jo, efter fattig evne.»

[182] «Du gjer vel det ja. «Efter fattig evne» ja. Og farvel da, og takk fer mæg – og hus-på ka æg bad dæg om. Ho ska få det galant , veikja, kjem a på min kant, hels frua med det.»

Presten kom med handa; og Anders misakta ikkje det.

«Jeg mener du skulde lede hele bygden, du Anders, hva?»

«Nei da, nei da! Nei . Da mått æg vara slik som dem, da. Nei, gudskjelov! – – Men han Per, det spørs om han da. Vi får no sjå. Hell så han Jens. Ein tå dem bli det, det e greit.»

Han var nedom kirka, skrapa litt i målinga og såg oppetter, men vart like slug. Han måtte ha stega, skulde han få vita noko, for nedantil var det alltid bra. Men han hadde vunne! «Bonna vår» … kom han til å seie med prestfolke eingong. Ja ha. Dermed skuva han ifrå seg den tanken, det smaka ikkje å gå med han for lenge i munnen. – «Ikkj å gråt du, Gjartru!» mumla han. «Det går vel over igjen. Det kjem vel di tid, ban.»

I kirketårne og nedpå jorda att

I

[183] Men Anders glømte ikkje kirka, og ein vakker dag var han der att. Han snakka ikkje til presten denne gongen, han lånte seg ein stega av rossdrengen, og kleiv oppetter kirkeveggen til han var i jamhøgd med øvre vindaugskarmen og vel så det. Han sette tommelneglen i målinga. Ho var blaut som deig. Han prøvde kirka rundt, og det var det same. «Sildlaka og ikkj tran!» dømte han. No kunde målinga ha hyra for det, enda det høvde seg no kleint på kirka; men her var anna fusk attåt. «Krit og skit», sa han, og slengte stegan. Tok så tollkniven og prøvde nedunder vindauga: Der skaulna målinga av som skjel. Han rista på hovude og stod der med slakke armar: «Nei men dæven han busti, han!»

Da syntes han for første gongen, at han såg ikkje vel. Det hadde komme ei lys skodd for auga. Det seig unna att; men han tvila på han såg som han skulde. Ja, ja, det var så; juvikfolke [184] dimte tidlig på syna. Men han skulde ha vore oppi tårne.

Han var avstad og fekk i nøkkelen, og så gjekk han opp tårnstegan og ut i luka, stod litt der og kom seg, for det var hustre så høgt, og så sette han foten på første nabben. Petter hadde skifta inn nye jarn-nabbar å gå etter. Anders prøvde seg fram og tok i dem litegrand, for han var ein varsam mann. Dei heldt; og da kunde han gå trygt. Men best det var, fekk han eine nabben laus i handa, og Anders stod ei blink og heldt paa og skulde gå att-å-bak ned gjenom lufta. Nabben var av gammalt skrot, og var lea att og fram til han såvidt hang i hop. – Anders stod og såg vel på han. Han stakk han i lomma, og smilte ned til kirkegaren djupt der nedanfor: «Å nei, æg ska no ikkj råtn her !» sa kjærringja, ho datt på grefta. Ja ha, og til Petter hadde han sagt at han kom og såg opp i tårne ein dag! Lenger enn hit skulde han ikkje komma etter Petter si rekning. Nei, men at eg skulde gå attlenges og slå i hel meg, det hadde han no vel ikkje tenkt da, trøste han seg.

Han var bort i smia og gjorde seg ein ny bolt, tok med seg øksa og dreiv han inn. Så gjekk han oppetter, nabb for nabb. – Å nei, Petter bror min, du er for liten enno.

Blye var verre enn han hadde trudd. Enda han sjøl hadde vore ned i Vågen og set prøve på det. Det var tynnt som lauv, og kleint pålagt, det han kunde sjå, den eine plata skara [185] ikkje om den andre meir hell som ein blånegl, tok vel inn væte både her og der. – Ja, men eg hadde så for mykje anna å sjå etter, i den tida, sa han til einkvan framfor seg.

Anders kleiv heilt opp, så han stod og heldt seg i fløystaken.

Det var rart å stå der. Ein blank solskinsdag var det, utan kulde. Det blåna høgt og vidt over alle fjellpyntane, og høgt, høgt ovan-om dem gjekk det urfine, kvite vatr-skyer; og fjorden han var som ei glasrute å sjå, det var vårlengten sjøl som låg der og skjein. Dette var da eitkvart til vinterdag. Gar for gar såg han i, millom småbjørk og steinhammar, vegen gjekk smal og krokrygga millom dem, hadde erend til dem alle, han kom for Anders liksom ei lita gammal kjerring som gar-fór. Og slik kom dei for han alle dei som budde der innetter og utetter, små kjerringar alt i hop. Der bakom høgfjella var Håberg. Det var ikkje større herligdommen det heller; nokre få år, og så kom dei hit. Men dette var bygda lel; og ho var hans. Og her stod han. No vilde han gå ned og romstere litt med dem, flytte på eit og anna. Han vilde forresten snakke godslig med dem, ta dem med det gode , slik ho Massi vilde ha det og hadde venta seg det av han. Ho hadde venta fåfengt hittil. – Å ja ja, det var konstig å stå så høgt ovom dem alle i hop.

«Æg ska hålade jaga dokk utu landi og langt sø-om Dovrefjelli, ska æg!» murra han, og [186] gav seg til å stige ned. Det var Petter og handelsmannen han hadde for seg. «Guds hus, kara – no ska dokk få med mæg å gjera!» Og der nede hadde han så nær komme til å bli liggande. Petter var farlig no heretter, og det var i grunnen bra. Så kunde han skysse etter han. Som ho Massi sa: at han Petter skulde ikkje ha vore i bygda. Det var ikkje å blåse til lenger. Ho hadde rett til å vente seg så pass av mannen sin, at han reinska bygda for u-sæd. No, når det måta og fall i hop, alt han rørte ved. No, når det var hans tid .

Likevel bar det ikkje til Rønningan først. Han var heimom og fekk seg mat, og så tok han vegen til Vågen. Der fekk han for seg Hallstein på tomanns-hand.

Vart det så at han Petter fekk måling her? vilde han vita. – Det vart da det ja. – Og bly? – Bly òg, ja. Handelsmannen såg beint på Anders. Men det var ikkje å snu i døra for det. Han såg lenge på han:

«Berre fusk, både måling og bly!»

Anders venta. Men den andre stod så like vis som han kunde bli: Det var vel ikkje sant? – Anders tenkte seg om. Han hadde komme hit beint og reint for å jaga skarven herifrå. Men så var skarven kanskje uskyldig? Det såg mest ut for det. Javel, så fekk ein seie at det hasta ikkje med det. For Jens kunde alltid få byne på og handle ein annan stad, – og ikkje var han vel full-lærd heller enno?

[187] «Men enten du hi narra'n Petter hell ikkj, så e du no skyldnan ti di lel», sa han hardt. «Du skuld ha passa på 'om. Æg bad dæg om det? He?»

Hallstein kremta og let auga gå ut over sjøen på skippervis. – Han var ingen saugjætar, let han. Og var der brukt tynnt bly, så stod Anders skrive for tynnt bly, i bøkerne, la han til.

Da lysna det til over andlete på Anders, han såg klårt og småøygd på den andre; men han sa ikkje noko for det første. Han var eldande raud i panna. Først da han hadde gjort seg ein vending kringom husa, hadde set seg vel om innpå bua og hadde snakka med Jens nokre ord, kom han att til mannen sjøl. No først var han i rette lage til det.

Det kunde så vera det, at han var ingen saugjætar, sa han. Men det ein lova, det skulde ein halde. Og skulde dei snakke om målinga og blye og det der, så trudde han litt tå kvart om den ting.

« Sigter du mig?» sa handelsmannen, han vart stinn der han stod.

«Det veit æg ikkj. Men te våren kann du tak pøre ditt og reis dit du kom ifrå. Æg sei dæg ut, skjønna du det? Ja. Te våren, no te sammarmål. Tag din seng og gakk!»

Den andre bleikna ikkje; og Anders var like glad med det. Han vilde ha han unna. Han hørte ikkje til her, og fark var her nøgda av før. Fleire gonger hadde Jens vore drykkjen og over ende etter han kom hit, og Petter han fór her [188] støtt – «spør mæg, ka æg ikkj veit!» smilte Anders med seg sjøl. Han hadde set det så grant med han stod oppi tårne, at ein god ein var med han og styrte i all ting, hadde så vore lenge, og den handa var tung . No skulde skarvlaupen utor bygda, og så kunde Jens komma i gang straks; daførst vart det folk tå gutungen, og slik var det uttenkt.

Anders skaut beinvegen over elva, opp kleiva og til Rønningen, til Petter. Så mektig som med han var i tårne, kjente han seg ikkje, men Petter skulde no til hest lel, han kom til å jaga han same vegen som den andre. Dei venta det av han. Så det var noko i det der, at han sikta folk. Sikta dem utor.

Så møter han jamenn Petter sør i vegen. Det var kvitgrå og still kveld, men snøtyngd himmel utover, og sjøbord-tur så det smola haugar og fjell i hop kringom ein. Anders merka det ikkje ansles enn som eit djupt ålvor i kring seg, som eit varsel eller ei venting. «Alles øine vogte på dig,» syntes han det sa. Og der kom Petter. Stakaren ser seg omkring, mest som han vilde finne seg vitne eller hjelp. – Dei stanar båe to, og Petter helsar.

Det var just han han vilde råke ja, sa Anders. – Så? – Ja, for han kom ifrå kirka. Kunde helsa ja, ifrå både henne og tårne. – Ja så, han hadde vore alt dit i dag?

«Enn det skuld bli retteli kjeltring tå dæg da, Petter! Og det på sjølve Guds hus!»

[189] «Det va no ikkj likar betalingja, verken fer dæg hell fer mæg,» våga Petter seg fram med.

Anders kom i hug jarn-nabben oppi tårne, men vørte ikkje å nemne det.

«Føst ska du ha dengt, og sia ska du utu bøgden, det va det æg villa dæg!» han tok hardt i staven.

Petter skjønna at no var broren vålig. Han brukte den råda han visste, å berge seg med det som vondt var.

«Du skuld heller snakk vakkert med mæg, Anders, så kanskji æg forteld dæg det du ikkj veit. Og så kund æg ti still; så det ikkj kom ut milla folk. Men e du så oløkkeli du røri mæg – –»

«Det kann du forbann dæg på!» Og dermed hogg han i han i kragen og rista han som hunden ristar skinnlerva. Petter vart blå i andlete, og Anders flirte, for det var jamenn for lite til kar å ta etter. Ei vond lita blemme, men ingen svull.

«Ja, no bli ikkj 'n Per, gullbostin din, lensmann ikkj, så mykji e det!» Petter såg kvitt på broren, kunde ha sendt han attlenges ned frå tårne. «Verken lensmann hell ordførar nei!»

Anders fekk ein liten styng. Smådevelen hadde lese tankane hans tvert gjenom blåe lufta. Men han kaldlo berre og såg bort:

«Du veit alder det grand, gjer du, stakkar.»

Petter gav seg til å gå, vilde litt unna, men Anders kom etter, var over han med kjeppen til han måtte ut med det: Han visste at Per hadde stole pengeboke til Petter Lines. Dei [190] sakna henne heime, og Petter hadde henne ikkje med seg på turen; det visste dei, mange. – Det beit ikkje på Anders, han bles berre, og Petter måtte fram med meir: Ho Kjersti kunde syne fram boka ho. Per hadde git henne den. Og kvifor hadde han det, tru? Kven var barnefaren, visste Anders det? Kvifor slepte han Petter seg i sjøen da, eller rømte? Folk undrast. Han kunde fortele dem det, han!

Anders let staven sige, og stod og skjemdest. Det var så for barnslig påfunne. Men ikkje for det, det kunde alltid vera til skade for ein skyldlaus ein; for ein som Per.

«E a Kjersti lik elendi som du, må æg spør?»

«Ja, det kan du forbann dæg på! Ho tok gjern levra utu 'om Per.»

Petter var alt på sprange, og rennte alt han vann, han kuta med kul på ryggen, som gjeita i torslåtten, og Anders lo så han heldt på og skulde kante åt veita:

«Sja heljarna hans i lufta, der flyg synda

Han gjekk heim. Det var fælt å ha ein einaste bror og han skulde det lukte fattigmann og devel av. Det var svart, var det. Men ikkje noko å legge vette sitt attåt, just. Nei, han vilde ikkje jaga han. Han var ikkje forfæld for det der. Han vilde tåle det.

II

Dagen etter gjekk Anders og vakta på Per. Han måtte snakke med han, og helst så ingen [191] annan vart vâr det. Per gjekk slik han pla gå, rolig og eit grand fortenkt i arbeide sitt; stundom såg han opp på faren, undrast litegrand, og tok til att. – Han var fornøgd med gifta si, såg det ut for. Han snakka med Marja lange stunder, når dei var to-eina, og somtid fekk ho han til å le. Da lo Anders med, om han aldri hørte orde av det dei sa; han visste ikkje om det sjøl.

Med Gjartru gjekk det òg bedre enn ventande. Ho heldt seg for seg sjøl, det var så, sat på lofte heile dagen og vov. Av og til vart det stilt med vevinga; da sat ho vel og bøyde seg framover veven og gjømte andlete, og sukka. Og Anders sukka med, visste heller ikkje om det; han såg henne så tydelig for seg. Men det gjekk ein dag om senn for henne, det merka han. Og ei meining måtte dei vel ha med allting, dei som styrte, og her enda ei meining som var god .

Men at han Petter, den tassen, hadde lese tankane hans, det beit han meir enn han kunde tilstå for seg sjøl. – For eg vart aldri nokon lensmann eller nokon formann i bygda, sa han. Eg var ikkje tå det slage. Som eg sa med presten, det. Men ansles med han Per. Han var av eit anna slag; han hadde tankane og den rette måten. Han skulde dei få. Så vart det jamgodt med han sjøl likevel. Og rettno varte han ikkje lenger, gamle lensmanns-stubben. Anders hadde snakka med han ofte; og [192] godt. Han lét ikkje umulig. Per var stemnevitne alt, og meir til. Som han skreiv ! Slik fin ein stil, at du såg mest ikkje dei finaste slyngane og streka. Hadde han berre ikkje vore slik ein sau! – Så kom denne armods Petterkomlingen og sverta ut heile greina for ein. Ho Massi hadde rett: Han skulde vekk!

Utpå kvelden kom Per på bure, med Anders var der og leita etter eitkvart. Slik kunde han komma, just liksom han visste ein vilde råke han.

Anders spurte beint fram, om Per hadde pengeboka etter Petter Lines?

Per rista på hovude, og såg ned: Det sa han ingenting om!

Var han raspande galen! Hadde han boka? eller hadde han ikkje?

«Det sei æ ingenting om. Fer det lovt æ 'om Petter.»

Så hadde ho Kjersti fåt henne da? Så hadde vel ho Kjersti fått henne da, hørte han ikkje?

Per tagde, men såg opprådd og barnslig på faren.

Ja, no fekk han snakke, kva han så hadde lovt eller ikkje.

«Nei, eit ord e eit ord, det».

«Ja, men du kann bli skylda både fer tjyv og anna. Du ødelegg fer oss, Per!»

«Det må no vel gå over igjen. Med tia.»

«Din sau der du e!» Anders heldt på og eldna oppi panna. Så kom det, – Anders vart ny [193] i måle, så Per måtte sjå opp: «Du som held på og ska bli både eitt og anna i bøgda. Æg ha tenkt dæg te lensmann, æg. Og da må du vara blank på knappan, kar!»

Per smilte, liksom han hadde hørt på eit barn.

Men visste han, spurte faren, at han kunde bli skylda for barne hennar Kjersti òg, på denne måten? For folk var elendige, mange av dem.

Det fekk gå som det kunde, mumla Per. «Æg tenkji mæg no ikkj så langt fram.»

«Sau, sau!» Anders gjekk ifrå han. Han syntes han måtte ein stad og sette seg; for dette var noko frammandt og rart som han ikkje klara. Han ønskte han var oppi kirketårne att. Der var det luft under ein. Der såg ein kor ein skulde slå ned. Ja, og der kunde ein gi ein god dag i heile smelta, var så at ein fann på det .

Han gjekk inn til Massi, venta til han vart åleine med henne, og fortalte det han visste. Ho såg på han med dei gode auga sine; ho såg på han av alt sitt hjarte. Massi ho kunde flytte ein inn i dagen og sola att, det vart så trygt å vera til, attmed henne.

Sau! sa han. Men Per var ingen dårlig sau, alt anna enn det. Dei skulde få age for han, når tida kom. Og tida ho kom vel, Anders var så rik han kunde aldri tvile.

Ho hadde visst tenkt same tanken som han, for ho la den eine handa oppi den andre og såg langt fram for seg; han såg kor ho smilte innvendig.

«Læt 'n Per ha fred, du. Han e vel som 'n [194] ska vara, han. Men han Petter, han skuld ha vøri hundjaga.»

Anders gjekk ut. Han mumla sau enno, og banntes litegrand, men i grunnen gjekk han berre og undrast over Per. Det måtte vera eit fint klokkeverk, det. Han var ikkje smidd i Juvika.

Han fann huva si, og gjekk beinast til Rønningan. Det var snøkaven. Snøen kom så tett, at ein knapt kunde sjå handa framfor seg, verda vart berre kvit ull, og Anders hadde vondt for å halde vegen. Slik kan mars-snøen komma somtid, og da spørs det om ein er ung i auga. Da Anders er skikkelig over kleiva kommen, tek han att Per, som òg er på veg sørover; for han hadde gått tålig fort. Han skjønnar kor han skal.

«Gang heim, du Per,» seier han. «Æg ska snakk med førkja, æg.» For det var ikkje verdt folk såg han på denne kanten, la han til.

Per stod litt og tenkte seg om, og så snudde han.

Det gjekk som Anders hadde rekna seg til, at han fann berre Kjersti heime; Petter var aldri heime på denne tida. Ho kom utor fjøse, net med det same han kom, og ho baud han sildrope. – Takk, han skulde ikkje ha. Da kvakk ho til, og såg opp på han.

Ho var mørkhærd som faren, og høg og sterk, men ho var bleik som ein helslausing, og slo ned auga først ein såg den vegen. Det var ikkje frægt med henne, såla.

Nei, det var berre det han vilde: at nekta [195] ho for dei pengane ho visste, så vart det synd i henne.

Nekte? det hadde ho da aldri tenkt på. Kvifor skulde ho det?

Det var bra. Det var bra. Og så ikkje noko tullsnakk i bygda, om at kanskje han Per var barnfar like snart. Hørte ho det?

Ein vond glim kom fram i auga på henne. Der budde mangt i henne, såg han.

«Det va godt, om du stellt det slik, at æg slapp å jaga 'n bror min på sjøn. Forstår du mæg no?»

«Ja, herre gud!» bles ho.

Han såg godt kva ho tenkte, det var borti han som små gikt-elingar i ein finger. Men ho var skræmt, og kom til å snakke sant heretter, og så kunde han gå.

Men jamenn stod ho der og kom i hug, lel, det der med Solvi og steinskreia. Noko tull, som han Petter ventelig hadde git henne inn med skjeia – signe maten! Gammalt og glømt, hadde mest aldri hendt. Anna enn det da, at han Petter var ein mordar! Så tydelig hadde han aldri set det før. Han sa det høgt med seg sjøl, der han leita seg fram i snøtjukka: «Det der ska du ikkj gløym tå, Anders».

III

Ved denne tida var Petter på vegen frå Vågen og til kirka. Han var tålig bra full, men han hadde inga plage med å halde vegen. Og med kvart gav han seg ikkje om vegen, han [196] gjekk heller skoglendes; for skaren bar kor han så trødde. Han stana og lya, rett som det var, og syntes han der kom einkvan, steig han av vegen og attom ei telle eller ein stein. For i kveld var han Petter ute på lurlabbane. I kveld var han usynlig. Og i morgo skulde dei ikkje rekke fare etter han. – Eg er ein dag for sein, tenkte han; det var i går han Anders var til kirka; men det får våge seg. Av og til tok han seg innpå barmen, varlig, liksom det var ein levande fuglunge han hadde der. «Dokk bli no ikkj blaut fer mæg, veit æg?» småsnakka han. Det var ein bundt av desse stikkene som handlaren hadde: berre ein strauk dem bakpå bukselåre sitt eller på eit anna tyflak, så fata det elden i dem. Petter stana bortunder ei kvistgran, fingra fram ei av dem, strauk henne på trøyfôre og livde vel for. Ho brann. «Det lukta både svåvel og helvet tå 'n» lo han, «det e greit å kjenn ka dem e tenkt te; denher gongjen hi æg løkka med mæg.»

Ei stund etter kveldtid var han ved kirka og hadde set seg vel om. Det snødde like gale enno, folk fekk snaut opp auga om dei såg ut, og elles sov dei som stokken gu og kvar-mann. Det var berre Petter som ikkje tok verda så lett. Han smaug inn under øystre inngangs-svala, det var som eit skrammelhus der, og fann fram ei kasse med halm i, som hadde stått der sea dei sette inn nytt glas i vindauga, den bar han bort til tårnfoten, reiv ut ein stein i syllmuren [197] der, for det var ikkje likare muren, og stappa halmen innunder golve. Så tok han opp ein tapp høvelspon utor kvar trøyelomma og la inn til halmen, var så aust-under svala att og leita i skramle, til han fann ei krukke med noko tran på. Det var eit lite vidunder, eller tegn, at han hadde glømt den her i sommar. Han tømte trana i høvelsponen og halmen. No var det fram med stikkene, fyrstikkene. Dei brann som dei skulde vera velsigna, og elden fata villig. Men så døydde han ut. Petter vart reint ædru ved det. Han var sveitt, vart han vâr, hadde visst vorte sjuk, men brenne det skulde det og måtte det. Han gjorde eit lite hol i muren midt imot det første, og så til å rive i stikker og blåse attåt. Og så lenge heldt han på, så brann det òg; elden åt i kring seg som ein udyrkjeft.

Underlige små minningar rennte gjenom Petter, at han skulde ha vore ædru og vore ein annan stad, skulde ha vore småguten helst, og heime hoss ho mor. For dette var ei ulukke. «Du hi gjort mæg både te mordar og brennar, du Anders,» kvinka han. Men før hadde det berre vore godlåta hans, det litle han fann på, – som den gongen med steinrase: det meste hadde han dikta i hop ettersea, for å gjera seg stor og svart. Dette her var anna slag, – å ja a san. Så gjølte han og godsnakka med seg sjøl eit tak: «Du Petter, du e pinade ein tå di gammel juvikingan du; du e fali.» Men det var ingen mon i det, fanns ikkje; og det var liksom [198] det skulde stå ein attom han og blåse inn i varmen og seie: «Tull og tosk åt mæg. Du veit du e berreste eit avskal. Men æg ska hjolp dæg!»

Han bles vilt inn i logen, det måtte brenne til gangs dette her, det var meir enn live om å gjera. Så, no var han berga. Elden hadde hol i golve snart, heksa og åt det som god mat.

No, Anders, no har du vore uvøren med varmen i går; med den der stygge pipa du har rådd deg. Du gjorde ei skitreis, gjorde du. Først fuska du med målinga, det veit dei alle som vil. Så brente du opp stasen etteråt; det får dei snart tak i. Og aldri eit bøss å få på han Petter nei; ikkje for arbeide og ikkje for nokon ting. Du skjønnar det er han som har vore fram ja, – just nettop etter min karvastokk det. «Du skuld ikkj vør å perr mæg, Anders; æg e fali

Best han stod der på kne i snøen attmed muren, vart han rædd. Der var einkvan i nærheita. Fanns ikkje folk her, det var sjølve kirka og kirkegaren som sette fæla i han, og han sprang til han var langt ut i marka.

Da hadde alt snøen git seg, det var blank himmel, og lande låg kvitt og fredsamt rundt i kring. Og der kom fare hans springande etter han. «Kyss mæg rett!» sa han, men han var like lukkelig for det, han braut seg av ein bartopp og drog etter seg, og stemnte tvert til skogs. Inn under granene var det ingen snø kommen, og der heldt han seg, fór skoglendes alt til Vågen [199] med kosten etter seg, og sea gjekk han i tangbeden nedom flomåle. Det var trøysamt å fara slik, ein vart glad gong for gong.

– – – Da folk i prestgaren vart vâr at kirka brann, stod ho alt i ein loge. Likevel samla det seg folk til, kom rennande med bøtter og spann og gav på og auste vatn eller snø inn i varmen. Han snøste til det, og saup det i seg. Mange var bleike, og somme gret. Og kirka ho brann ned.

Drengen på Håberg var oppe og ute eit erend, og såg lysnaen over fjella. Han kom stomlande inn og ropte over seg at varmen var laus nokon staden, det måtte vera prestgaren eller kirka som gjekk i veg. Folk kom på føtene i ein fart og ut, og Anders sette for hesten og kjørte alt han vann. Himmelen skifta i eldgult og mørkraudt over fjella, det gjekk for seg stygge ting der attanfor.

Da Anders kom fram på Skarbakken, hadde han blanke eldsjøen midt imot seg. Det brann rolig no, etter at take hadde falle ned, Anders syntes halvt det smilte til han, at no kom han for seint.

Det vanta ikkje mykje på at Anders var svimeslått. Vårherre brente opp huse sitt midt framfor auga på han, vilde ikkje ha det lenger, strauk det ut, slik ein stryk ut ei gris-tegning på ein grindstolpe.

Han gjekk frå flokk til flokk. Dei snakka forgiftig om, kven som sist hadde vore i kirka, [200] om det var ein røykar eller slikt, her vart det eit andsvar. Anders hørte det så vidt; han tenkte berre som snarast, at han hadde ikkje havt pipa med heller, han for sin del; så var branden over han att, og han kjente seg ubergelig åleine og vennelaus i verda.

Først da han var i heimvegen, drog dei etter seg, nokre ord som ein av kallane sa: At kirka skulde brenne no da, når ho var så vakkert oppflidd og stelt? Og dei andre sanna med. Jau, tenkte Anders; det var no alltid ein vakker omflina ja. Eg visste da vel han tok ikkje det der for god fisk. – Men det vart mindre og mindre hans sak at ho brann. For han hadde gjort sitt.

Og utpå dagen måtte han reint stane og smile med seg sjøl: No var da den skamma utor vegen. Ingen ein borti bygda hadde fått nysn i kor utskjemt ho hadde vore. Nei, det var ikkje peka åt Anders det her, san. Det var meir som ei hands hjelp.

Petter kom raklande gjenom garen utpå dagen, skulde eit erend til Skarsvågen. Anders stansa for og snakka med han som med eit anna menneske, så opptint var han. Ja, no hadde kirka brunne opp; det gjekk tålig fort òg det; å ja ja san, – vi stelte no ikkje bedre med henne heller, ikkje for det. Han såg på Petter som i gamle dagar, gjorde seg like-god med han. – Men det var det ja, at skulde Petter innom nokon stads i plassane, så måtte han høre etter korles det stod til borti stua hoss ho Dåret; det skulde stå [201] til kleint der. Var det mykje gale, så fekk han sende kvinnfolka dit, – kanskje så vart det likast dei tok åt seg eit tå borna, Petter fekk sjå på det litegrand.

Og det skulde Petter gjera. Men korles hadde varmen komme opp? undrast han.

Det visste ikkje Anders nei, hadde ingenting hørt.

Etterpå skjønna han der var gift i orda til Petter, nokre dropar, men dei var ikkje farlige utan dei kom i ope sår, og det gjekk ikkje Anders med. Han vart litt ille ved, da han hørte Per kom med same orda om kvelden: berre der ikkje hadde vore ein røykar der og sett varme på, folk snakka i det. Anders lest ikkje som han hørte, men han var dygtig illsvien der han gjekk. Han kom i hug det no, kor folk hadde set på han da han kom stimande. Her fekk han eit bask. For han røykte i det siste.

Men morgonen etter kom den tidna til gars, at der hadde fare eit farkfølgje, eit heilt båtlag, og dei hadde vorte utvist i prestegaren og hadde lova illt da dei fór. Så no visste alle korles det var.

Anders gjekk stilt ut, berrhua og i undertrøy-ermane, stod ute under vinterhimmelen og kjente lufta kjølte kring panna og gjenom håre. Hadde han kunna, så hadde han takka Vårherre. I staden vart det berre med at han blistra ein stubb, og såg seg rundt omkring, full av undring som eit barn. Aldri hadde han set fjellpyntane så drivande kvite, og aldri hadde rypa hikra så [202] friskt; og no var det eit eiande fint føre å kjøre ut frau på.

Petter kom ikkje innom på Håberg. Han herde ikkje det. Han hadde òg hørt om dette farkfølgje, og at folk saug seg på dem for branden. Så var Anders utor knipa, Vårherre hadde løfta han over det denne gongen som all tida. Og ikkje nok med det, Petter hadde enda gjort han ei stor beine med at han tendte på. Så kom det ikkje nokon ting opp om arbeide. Så kunde det enda hende seg den ting attåt, ja, det kom til å skje, så sant Petter kjente Vårherre rett, at Anders fekk sette opp ny-kirka og bygde seg til himmels over all bygda.

Petter lo, han tykte han lo som Svarten sjøl: Du brente godt, Petter. Du hadde lukka med deg att. Men Vårherre skulde akte seg: Denne gudsengelen hans hadde no born. Dem måtte ein vel kunne komma på skottmål ein gong.

IV

Det gjekk både lettare og fortare å få Hallstein unna enn Anders hadde venta. Han stod fast for pengar att, og så selde han likesnart heile stasen, og Jens kjøpte. Mønnicken hadde vore fram, men vart for sein. Anders hadde budd seg på eit tak, og det vart han narra for; men han stod att så underlig varm og lett for bringa: Bygda tok åt og folkast til litt medkvart. Folk var likast når ein slapp å bryte dem under seg.

[203] Men det bles aldri same børen åre rundt, det visste Anders; han visste så mangt. Han såg Per gjekk så sidhaka om dagen. Han tok han for seg ein dagen, og spurte om det gjekk på skjeiven med han Jens. Per gav seg straks, ettersom faren hadde slikt tak på han. Det var ikkje anna enn at han drakk så for gale. Folk kom og handla viljugt, men så var han drykkjen og let det gå på raus. – Da var det han Petter som fór der og narra han, sa Anders. – Såg i alle fall slik ut ja. – Veit ho det, ho mor di? – Per raudna litt. Jau, ho gjorde det. – Men er du ikkje så likt til kar da Per, at du – – hm!

Anders var stor der han stod. Han retta seg opp, trong liksom å kjenne han var høgare enn Per og folk flest. Men han sa ikkje noko før Per hadde gått sin veg.

«No ska det skje!» sa han. «Om æg så ska hiv dæg lukt på salte sjøn.»

Ja, og kva i gudsnamn? Kor hadde han havt auga sine? Kven var det som hadde sett elden på kirka? Javisst hadde han kjent tanna av det som all snarast ein gong, men no først synte det bert andlet for han. Men no var han òg sterk nok til kva det skulde vera. Han måtte stikke hendene i lomma, så han ikkje var fram og strauk bortpå dem han gjekk om, – han var så glad i dem alle, og no skulde det skje .

Han gjekk nedover i kveldinga. Det var landvindsstormen. Haugar og reinar var snaublesne, og inn over myrane dansa snøkvervlane [204] himmels høgt, jaga kvarandre frammed skogjaren yrande vetlaust. Frå fjellaksla stod mjellrøyken tvert ut i vêre, liksom berge skulde ri imot vêre så håre flåddest av hovude på det. Fjorden bar seg som ei synd, ein hørte han så vel no i kveldinga. Det var eit vilt vêr. Det tuta og svor. Og svor gjorde Anders med. Det gjorde han så sjelden, for ein trong ikkje det når ein var sterk nok. Men det var litt for seg i kveld.

Han vilde snakke med Jens først, og så bar det over kleiva for siste gongen. Berre han no rømmer litt svint, og held kjeften sin, sukka han. Berre eg ikkje slær han kvik i hel. Enn at Petter skulde bli svart , da. Men det var sant som presten sa frå stolen, den tid kirka stod, at ein treng berre så vidt rette litlefingeren til Gamlingen, så hjelper han seg sjøl med resten.

Jens var åleine innpå bua, stod og tappa siropp av ei tønne, og baud faren smaka. Han såg lystig på faren, bad han sette seg på slage, det var hedersplassen og høgsæte, sitt opp! heitte det her, og ikkje ned.

Jaså, han var full i kveld òg, sa Anders og vart ståande.

No først gådde Jens seg på kor ålvorsam faren var; i kveld nytta det ikkje med skøy.

Anders stod og såg sorgsamt på guten. Han glømte reint å gå laus på han. – Det var vel så, sa han, her var eit grand stuslig no svartaste vinters tid. Ein kunde bli mota på [205] ein dramm. Men kvifor kom han ikkje heim da, heller enn å ligge her og grise i lag med ali slags lurv og larv?

«Ja, du veit det,» sa Jens stilt. «Det e no så da, alltid.» Det var umulig, når faren tok det slik. – «Men æ held det ikkj ut i lengda, far!»

«Å jau; det gjer du rett. Gi dæg berre tia, ska du sjå.» Anders strauk seg over skjegge og sukka, det var liksom han sukka av makt. «Læt mæg tru så pass om dæg, Jens. – Du trøng peng, æg veit om det. Dem ska du få ja. Med tid og stund. Du veit vel ikkj det, du, at prestfolkje vil ha dæg te vær-son?»

«Halløy der!» Jens sette opp eit rart andlet. «Kjem dem og henta mæ med slea og reip og full reskap? hell må æ gå sjøl?»

«Stell dæg derette da, Jens. Så ska æg ikkj sei meir denher gongjen.»

Jens tagde og var enig, og straks etter gjekk Anders. Jens var ingen storholsar til kar, men han forstod han så godt.

Da dei stod utom døra, hørte dei einkvan masa og bala og skulde få liv i ein som sov nedmed brygga. – Det var farbror Petter, han låg der og sov i båten sin, sa Jens; og så var det visst ei kone utor plassane som vilde få han opp og i land. Kanskje eg får ta og bera han inn, sea i kveld? undrast Jens.

Anders murra berre til svar, sa godnatt og gjekk. Da han hørte Jens let att budøra, snudde [206] han og stilte seg varsamt nedtil sjøen. Han stod attom ein naustvegg, til han såg kjerringa gjekk opp stigen og vart borte ovom husa. Da gjekk han ned til brygga, famla seg fram til festa hans Petter og drog færingen innåt, gjekk så i båten og ruska i Petter.

Petter låg i framskotten, på ryggen, med føtene over framtofta. Andlete var grønbleikt, og munnen stod open. Sov gjorde han som ein stein. Anders retta seg bein, såg bortover vågen. Den eine vinddroga hang i den andre bortover, kolsvart og med kvit frøs, dei rasa utetter og til havs.

«No e stunda kommi da,» sa han. «No, Massi, no ska du få sjå. No løysi æg festa. Så får Vårherre styr kósen.» Og han mumla lågt og brennande, det saud av det som av ei glo i vatne: «No ska det syn sæg da, om æg e Anders. Du va mann fer å tend på kjerka. Æg e mann fer meir.»

Han steig i land att, og løyste festa, stod med bakstamnen i handa og skulde skuve båten ifrå, la han segle dit Vårherre vilde. For det var grei sak og inga synd, og desutan så måtte det gjerast. Anders tenkte seg vel om, og fann ikkje noko som heldt han att. Det var avgjort for lenge sea. «Lad gå da, i Guds namn!» sa han. For ein mordar, ein brodermordar og ein sjælemordar – ikkj sant, Massi? Han her, han hi brent opp kjerka han!» Ho vilde bli glad, når han fortalte det. Ho og ingen annan skulde [207] vita det; ho, som hadde vett nok. Og Vårherre sjøl, han visste alt i hop.

Men det tok tid. Han stod og heldt i stamnen, og vinden kom gong for gong og tok i båten og kjente etter om han var laus; han hadde mot på han, vilde i veg straks. Anders fekk det ikkje til å skuve båten ifrå seg. Det ranns for han ein draum han hadde drømt så ofte, før, same draumen heilt frå han var små guten, at han skulde springe for live og så hadde dei hogd av hæl-sena på han, eller bunde stein i foten, han måtte i veg men kom ikkje av flekken. No var han midt ute i det, fanns ikkje draum i det; det var eitkvart sundhogd i han, og Vårherre han sat vel ein stad og visste kva det var. Anders tenkte etter om han var rædd nokon ting. Ikkje nokon verdsens ting, – han kunde gjerne få ein svart hund etter seg i mørkre all si levetid, kunde så gjerne komma på slaverie. Han var berre nåmen i hendene. Eit urlite minne sveiv framom han med vinden, bar med seg ein gust av gammal angst, eitkvart slikt som ein stein som rulla i veg av seg sjøl og gjorde det som skulde gjerast; så var det berre vinden som søya, og sjøen som klask under båten, alt dette som var omkring ein. «Bi no urliti!» stod han og sa. «Bi no berre!»

Så tok han festa og gjorde henne fast kring stolpen att, kraup så over steinvorren og opp til nauste. Ein skulde aldri stå og tenke seg om, før ein la til, murra han; ein vart gammal [208] til slutt og lite til. Vinden snerde kring andlete på han, husa stod der så han kunde ta borti dem, liksom før; men det var underlig å vera til. Han stod lenge. Dette var ikkje til å komma seg over, han vart meir og meir rasande, og så rykte han seg ut or det og trua imot snøfokke:

«Nå nei, san, dokk ska no ikkj få bert høgg på mæg nei, det ska dokk vara fri. Æg berga mæg no dender gongjen ò!»

Men det var ikkje slik at ein kunde riste det av seg: Her gjekk han og hadde vorte for veik. Han fekk kravle seg heim. Og tilstå det med seg sjøl. Det var alt han var godtil.

– – – Ein par dags tid etter hørte han at lensmannen hadde død. – Ja no Per, no er det di tid, sa han, og så budde han seg og fór heilt til futen; det var enda 2 mil å ro. Og no var det godt ein ikkje hadde vasa seg borti noko slag ugreie; ein trong ein kunde sjå fritt på folk.

Han kom att andre dagen, og kunde fortele at Per skulde styre lensmanns-ombude tart det kunde bli innsett ein ny. Og futen var ein vislig mann. Kunde Per klare det skikkelig, og vart det eit mannjamt ønske å få han, så var det trulig han vart brinnande med det for ålvor. – Og folke, dem skal eg vel snakke med! sa Anders. Dei let seg vel snu.

«Æ va no ikkj mykji huga på det der ikkj,» sa Per. Han stod og togg seg på leppa.

«E det slik du takka ein, du?»

[209] «Du veit, visst det va rett , så – – »

«Rett? Æg ska gi dæg rett, æg, din fåni der du står!»

«Ja ja, når du så endeli vil det, så.»

Per sa ikkje meir, og ikkje faren, og så måtte Per i veg og ta ved stelle. Han hadde vore der før og hjelpt til, så han kunde da litt med det. Det var eit arbeid han likte; men ein skulde visst ha havt det «med rettan og med æron,» som han sa. Og slett ikkje skulde folk ha havt det å seie, at han hadde komme dit med makt.

Svana syng og trasten skvattrar

I

[210] Ved denne tida vart Massi sjuk. Ho fekk ein svull i halsen. Anders såg straks at den vart ikkje grei, han sat så langt nedi at ein ikkje kom til med kvast der. Han kurerte med dei råder han visste, og tenkte sterkt på å bruke kniven utanfrå; men Massi vilde ikkje høre snakk om det; ho rista så hjartans trøytt men sterkt på hovude: dei fekk lyde henne denne gongen.

Anders hadde elles så mangt han brann med, ein svull vil ha si tid, og urande lite grand måtte ein kunne lite på Vårherre òg.

Det var han Jens det var så ugreit med. Vågen var ikkje noko handelsrom, når sant skulde seiast; berre så vidt det «hong og slong,» som dei sa. Det var for lite, og for stuslig, åt slik ein urolig kropp; det vart ikkje anna enn fylla det, og inga prestdotter, som ventande var. Anders fekk klemme til og kjøpe eitkvart som reiv litegrand; ikkje Nesse ein gong slo til for han Jens.

Og så var det Per. No var det bud her [211] frå futen ein dagen, to mann sterk og eins erend, dei flidde Anders ei uendes lengd med skrift, og der stod det at amtmannen hadde vore nordover nyst, og han meinte det var berre eitt no: å sette inn «en habil Mand» med ein gong, og mannen hadde han, det var ein som hadde sitte på kontore hoss han i fleire år, «en i alle Deele velskikket og duelig Mand,» – han hadde styrt lensmanns-ombud i grannebygda eit heilt år. Futen sa ikkje meir, men Anders visste kva han meinte, og det var så mykje som å gar-fara bygda og få dem til å skrive under på at denne frammandkaren vilde dei ikkje vita av, det trongs ein her i sjøbygda som var både fødd og alen her, og ein slik ein hadde dei. – Somme truar eg, og somme tek eg med makt, sa han og stod i ein lys og klår smil, han var brennhuga på dette; andre dei kom vel etter, når han gjekk føre og lokka, det skulde bli trøyheit å handsama dem. Han hadde alt tenkt ut mang ei klemme han skulde sette dem i. Så pass fekk ein tenke både på slekta og på bygda. Det var det med dei to, at når den eine kom seg i vêre, så kom den andre seg òg, dei rann opp utor same molda. Det såg Anders.

Så var det Ola det hadde gått i stå med. Han hadde fått nok av sjøen, og ikkje var han huga på jorda heller. Han vilde lesa ! Noko rarare visste ikkje Anders å seie av; dei måtte takke Gud dei som slapp! Og han fekk no kjenne litt på det. Han var ikkje den, no eit [212] tak, at han vilde ha vingel. Han vart litt for veik med han Petter, det var så. Men des sterkare hadde han vorte no sea. Gutnabben skulde han vel sørge for. Det vart til det, at der opna seg ein veg fram just der han meinte på å stenge. Ola skulde pinede bli ein som las ! Når han berre las det far hans vilde. Prest skulde han bli, enten han pista eller han gol.

Men det som var attanfor alt dette, og høgt ovan-om, det var kirka. Ho skulde hitover. Midt i bygda skulde ho stå, og det var på Lauvset; men på Lauvset var det for låglendt og uhøvelig på alle vis, ho måtte hit til Håberg. Anders åtte ein liten plass aust for garen, han heitte Moen; der var det høgt og fritt til alle kantar, og tørre sandbakken, romme låg der og venta på kirka, og dit kom ho. Anders gav fri jord, og meir til. Det var ikkje for det at han vilde komma seg inn med Vårherre på denne måten. Det trong han ikkje. Men folk skulde uroast, her skulde hende seg såpass som at kirka flytta på seg. Og det kunde vera hugna å ha henne i nærheita. Ho var ein kaldvoren granne, visst; men han vilde venne seg til henne. – Han sat på senggavlen hoss Massi og sa det, nokre ord om gongen; og ho låg og såg halvt på han og halvt frammed han og smilte; han var ikkje stø på om ho hørte etter. – Du går og ser så langt fram, støtt, sa ho. Det skulde ha vore arti å set henne, når du har sett opp henne og fått henne som du vil.

[213] Orda tok Anders, så han måtte gå ut.

Ute møter han Åsel frå Pålsnese, ho kom og vilde sjå til mora, og no står ho og snakkar med Gjartru.

Det var slik blå ein dag, blå sky all himmelen over, og fjella og skoglia blåna med; og så mildt og stilt i kring ein. Takdropen spella huse rundt, og ein kunde reint kjenne på seg kor snøen minka og vinteren rann bort. Småbjørkskogen innetter tok til og vart lysbrun i leten.

Da syntes dei det song, nokon stads, i lufta eller bortpå fjella, det kom slike forunderlige tonar og slo ned kring dem. Dei opna munnen alle tre og lya, snudde seg hit og dit. – Svana! sa Anders. Og da såg dei henne, høgt oppunder skyene, tre store kvite fuglar, som stemna austover og inn i blånaen: lange halsar beint fram, og store, rolige vengslag. Og no kom denne lyden att; dei drog ein song med langframmande tonar etter seg, ansles vakkert enn noko anna dei hadde hørt. – Dei stod og såg fuglane lenge etter dei var borte, – bleikblåe fuglar frå land ein hadde drømt om. Og songen han sat dem for bringa.

Anders hadde snudd seg til dei to andre, og han såg stilt og blått på dem som vårdagen over grenda:

«Ja ja. Det spår vel dø'n, det der. Men det spår'n god

Og det hendte seg det dei aldri hadde set før: han strauk seg med handbaken over auga [214] og tørka vekk ein tåre, reint liksom han hadde glømt dei var der. Så gjekk han inn.

Dei stod der midt imot einannan, dei to søsterne: Gjartru høg og grann, og bleikvori; det synte seg no kor tungt denne vinteren hadde fare med andlete hennar; kring munnen og over auga og i kvart eit drag den same tærande draumen. – Åsel òg tynnvaksi og litt bleik, men tett og sterk; fanns ikkje draum i dei auga, dei såg på søstra utan å blunke, og munnen smilte i rolig makt.

Ho hadde visst det lenge, sa ho. – Kva for noko da? – At ho mor vart ikkje så gammal. Men ho hadde ikkje komme i hug det da ho gjekk hit i dag lel. – Gjartru svara ikkje på det. Ho hadde ikkje tenkt på mora eingong. Best det var hiksta ho til og gret, – ho var så snar til det i vinter. Men ho kom seg fort att, og dei gjekk inn.

Massi låg inni stua. Ho hadde flytta utor kammerse straks ho vart klein. Ho låg og såg fram imot dem, med det same augelage ho hadde havt all tida når ho såg på dem; det var berre enda meir rolig. Anders hadde sett seg nedmed fotenden av senga, og det var han ho mest såg på. Ho smilte litt for seg sjøl, det såg ut som ho visste det dei visste. Anders bøier seg fram imot henne:

«Kjem du i haug, Massi: Vi trudd alt i hop gjekk styrlaust, eingong?»

[215] Ho lea urlite på hovude: «Minns snart ikkj te noko, no meir.»

«Men vi fekk no styring på a lel, Massi. Ikkj sant?»

Ho smiler att, og seier nokre ord dei ikkje får tak i.

Utover natta vart striden tyngre og tyngre. Ho fekk ikkje luft. Anders reiste seg fleire gonger og vilde gjera det han burde gjera: han vilde klemme utanpå halsen til det gjekk hol på svullen. Men han kom ikkje i veg med det. Han sat fast. Og når svana syng over ein, kan ein vel fara åt som ein vil. Det lid på sluten da.

Ho døde ut på morgoparten. Det gjekk hol på svullen av seg sjøl, så det stod fram med verk og blod. Anders fekk ei skjelverid, for dette bar da jamisel til live det og ikkje andre vegen! No slo ho enda auga opp, livs vaken og vetande, såg dem alle i hop og kjentes ved dem.

«Slutt fred med Vårherre, Anders,» kviskra ho. «Han e likar enn du trur. Slutt fred med all i hop. Du hi vunni nok no.»

Og så tok døden til. Ho fekk kramperykk og skjelvingar, stivna til over all kroppen, og gleid bort ifrå dem. Det måtte ha vore eiter og forgift i den bylden, ansles kunde ikkje Anders få det til. Borna stod attmed og syntes ho hadde glømt dem og gått sin veg.

Da Anders hadde late att auga hennar, retta han seg tungt og stod og såg borti andre veggen. Han stod med eine handa bakom nakken og den [216] andre opp i skjegge. Han òg hadde glømt dem. Endelig snudde han seg til dem; ein frammand mann å sjå til og høre på:

«Ja, bonn, no veit ho meir hell vi.»

Så stod han der og undrast att, kunde liksom ikkje samle i hop seg meir.

Gjartru sette seg ned og gret ein stad borti stua. Brørne gjekk ut ein om senn, og Åsel tok seg for og gjorde eit og anna. Men det var henne Anders kom til å sjå på. Ho var den som kunde bli med mora lengst på vegen, – ho skjønna meir enn dei andre til saman.

Sea gjekk det sin gang, alt i hop. Anders hadde lite og ikkje noko med det.

Det einaste var, at han måtte skaffe kirkeklokke til likferda. For Massi skulde ha ringing over seg. Og det var som eit under: I fjor fekk dei ny klokke i grannekirka, og den gamle stod der og venta enno. Den var Anders i veg og lånte, og tømra opp stilling til henne på brandtomta.

Det var to ting frå gravøle han mintes lenge etter. Det eine var klokka. Det vakna opp i han dette frå han var småguten, at han var rædd henne; ho tok så for tungt i ein. Det bars for han, at denne lyden hadde jaga både han og ætta hans nedgjennom tidene – vann dei seg aldri over dette? Det klemte han kring hjarte enno, når han kom i hug det, tok seg tak i han just der svanesongen tok – der han ikkje var sterk. Slik fór det vel gjenom hesten, når han lukta blod; kanskje så gjekk ein med dei same rædsleringane [217] kring nasen, og dei same auga? Og Åsel, stakar, som var den sterkaste av dem alle, ho kjente det som han; auga i henne vart botnlause, forjaga over alle fjella; menneske var ein merkelig liten kryp. Anders gjekk, og han gjekk bein; men tanken fér vekk for han. Kor fri og glad han var, lel, den skarven som sat oppi ei li inni marka i gammal tid og var hundforjaga utor bygda for stuldr eller drap – å, han kunde ønske han var av dem som var ute og gjekk nattenstid og skulde sette elden på eller ta liv. Men fanken, retta han på seg, det heile kom seg vel av det, at juvikingane mest aldri var med kirka. For denne ringinga oppi tårne, det var da berre ein klein ein som bar seg; det er smått og skræmt folk som klagar seg slik. Men det kan saga den sterkaste av i knea. – Massi, ho merka det visst aldri. Ho hørte liksom til på andre sida, ho. Men Anders kunde ikkje anna tru, enn at det måtte gå over, når ein fekk kirka til nærmaste granne. Slutte fred med Vårherre – det var ikkje det. Det hadde han gjort for lenge sea.

Den andre tingen han mintes, var det at presten og frua kom til gravøle, det var ja med første ord. Ein kunde snu det kor ein vilde, og Anders hadde snudd det mangsles, men presten var ein god mann å ha med. Han var snakkande med, som han pla seie.

Anders sat litt og såg på han, utpå kvelden. Så slo han seg på knea med flathanda, og sa:

[218] «Det var vakkert det han sa på grava i dag; takk og ære for det!»

Presten vart glad, så sleip han elles var: Syntes Anders verkelig det?

Anders såg berre ned gjenom fingrane sine:

«No veit ho Massi meir hell både du og æg ja.»

Det var presten straks med på. Men Anders tok ein annan veg:

«Du skuld slutt fred med Vårherre, prest!»

Presten gjorde store auga med det same, og det gjorde dei som sat og lya på; men han var snart ovanpå, presten, han kneip dem i hop og var ein einaste smil:

«Tror du jeg står mig på det, Anders?»

Anders snakka til ein av grannane som kom framom: om han ikkje vilde drikke ein drope med han? Jau, det slo han ikkje imot. – Ja, bli med du òg, han snudde seg halvt til presten, og så bar det åt kammerse med dem, for i skjenken sin der hadde Anders så fint brennvin som nokon storkar. – «Det e godt, ska du kjenn!» sa han til presten, og presten han lo som ein gammal kammerat og slo Anders på aksla: «Dette har den samme oprigtighed som du selv, Anders; findes ikke svig der!»

Langt utpå natta skulde prestfolke kjøre heim. Dei låg aldri bort hoss folk. Da steig dei ut i kammerse att, Anders og presten. Dei vart toeina der. Anders vart ståande med den store buttelen i handa:

[219] «Slik hi æg stått ein gong før, her. Tosamman med presten og drukkji 'om te. Men det e – – leng sia, no. Den gongjen – – ja æg hi ikkj kommi stort lenger no hell. Æg forgløymi ikkj den supen nei. Han – e – størka mæg.»

Enno hadde da Anders tida framfor seg, meinte presten.

Ja, det var sant og visst, han hadde mange jarn i elden enno, hadde ikkje meir hell skikkelig komme seg i farten, – han såg stivt framfor seg og var full: – å jøss ja, her var mang ein vase å greie ut enno. «Og det kjem så fer mæg at det hasta ?» han såg litt urolig på presten.

Gjestebudsfolke ståka heile huse over, og Anders stod litt og lya etter det. Da såg han hjelpeslaust på presten, vart mest berre som skuggen der han stod:

«Æg veit ikkj koles det e vori. Men æg synest æg held på og messi syna!» Han tok seg i det: Nei, syna ho var bra nok, det var ikkje det. Men det var så rart. Allting hadde skifta let for auga på han. Fjella var berre gråstein, husa var berre tre, det hadde ikkje vore slik før. Og folke, dei kjente han ikkje att. Dei var ansles i åsyna enn han hadde trudd. Dei såg så rart på han, mest vondt: slik sat katten somtid og såg på ein innunder bure, både rædd og sint. Anders strauk seg over andlete gong for gong, liksom han vilde prøve å vakne: «Det hi kommi så knaft på mæg.»

[220] Dei var så høvelig fulle båe to. Presten la handa på aksla hans:

«Du har set verden med din hustrus øine, Anders. Nu ser du den med dine egne, for første gang på lang tid. Nu har du ikke hendes tro at se med.»

«Hø! hø!» Anders snudde seg ifrå han. «Du e drykkjin no, du liksom æg; og takk og ære fer det, pastor! Du e ein kar-mann ! Men du snakka no som ein tullvalli, somtid. Men ikkj fer di: Du kann vel ha som ein litin rett fer dæg, lik vel – ein snåva te å sei mangt bra i brennvine.»

Da prestfolka hadde fare, gjekk Anders og leita att og fram ei stund. Så prøvde han å snakke med Kristian Lauvset. Men han gav seg ikkje om det; det var slikt ulidande katteandlet på han òg, og desutan var han ein tåe og ein komling. Han gjekk heller ut i kammerse og sa det med seg sjøl. – Eg har prøvd det, Anders, sa han: Dette tomromme utomkring Vårherre og det der. Prøvd å sjå på tingen og ikkje tru på han. Det er som du maular sand. Det er som du ét opp deg sjøl: Du blir så ur pitter liten og tynnklædd, det er ikkje å vera til lenger. Tru meg på det du, når eg sei det: Eg har prøvd mangt ja.

Så tok han og drakk seg full for ålvor. Det var han nøydd til, syntes han, for han kjente ikkje anna enn at han sokk kvik ned i blåleira og kom aldri opp meir. Det var så fullt med [221] folk i kring han, – han vart mo åleine og til overs.

– – – Det grodde snart til i han att, så han vart den han hadde vore. Etterkvart som det vart eit tak om å gjera, fann han makta som skulde til, og han undrast ikkje over det. Verda var litt grå av seg, det var ho, og folk gjekk ikkje slik og såg oppetter han som han hadde meint; men det kunde vera bra for det, alt i hop, og heller bedre.

Han hadde vorte mildare i all si framferd, tykte borna, han var knapt attkjennande. Det var vel det, trudde Åsel, at no først kom det etter seg, det mor hadde vore og alt ho hadde sagt med han.

Han heldt seg mykje godt unna borna. Dei uroa han så. Det kom for han, at dei gjekk og vakta på han og frykta for han heldt på og miste syne. Javisst dimte han litt på det no heretter, han som så mange andre i slekta, tidlig gråhærde og tidlig dimsynte, – det var enda eit par som hadde ligge til sengs siste åra og hadde vore blind. Men han skulde vita å kurere seg, ikkje farlig med det. Men først måtte han gjera unna det meste av det som venta på han.

II

Faster Ane i Pålsnese hadde òg vore i gravøle. Ho hadde aldri vore større til ; men ho var av dem i ætta som ikkje visste å døy. [222] Likevel vart ho liggande etter det gjestebode. Ho fekk kulde i eine foten, og så sette det seg for og gjorde han nåmen og dau; og litt medkvart døde heile den sida bort. Ho måtte matast og røktast som eit litebarn, og det vart Åsel som måtte til. Det fall av seg sjøl for henne. Ane hadde kåre, og var rik, etter som folk trudde. Åsel skulde ha all ting etter henne, men det kom ho sjelden i hug. Ho hadde vorte glad i denne 90-års gamle ungen, som ingen annan hadde og ingen kunde gjera til lags; ho måtte le litt somtid, for gamla sautra og sutra verre des bedre ein stelte med henne.

Ein dagen kom Gjartru, søstra, dit. Det var så sjelden ho såg dit, at det skræmte mest Åsel da ho såg henne i døra, enda ho ikkje hadde det med å bli rædd. – Det er da vel ikkje noko som står på heime? – Nei da. Eg måtte berre sjå åt deg. Da vart Åsel raud oppetter kinnbeina, og var straks borti eit anna snakk: – Kor det står til med han far? – Jau takk, berre bra. Men Gjartru slo auga ned da ho sa det, og Åsel såg stivt på henne. Gjartru måtte sjå opp att, og smilte i rådløysa: – Eg trur han held på og dimmer på syna. – – Og så var det det, Åsel, at du får komma heim no. Komma heim og vera . Det har vorte så stilt og utrivelig; for han far. Han er ikkje til-noko lenger, eg veit ikkje korles det er. Han er så mild og snild, det er snart berre barne att. Men [223] Åsel rista på hovude: – A nei, san, ho fekk da bli her.

Gjartru sukka. Ho hadde gledd seg så til å få søstra heim. Det skulde mest ha vorte som å få att mora, det.

Dei var i kjøkene, og Gjartru sat på kjøkenbenken. No prøvde ho å sjå ut gjenom dei små dimsne rutene, det var trøyheit, for det vart så ruklut og rart alt ein såg på, og så grønt. Da såg ho ein frammand kar ute i garen, ein ungdom enda, stor og lang, i kvite seglduk-bukser og raudrutut vest; han gjekk i undertrøyermane i kaldvinden og hadde berre ei lita skjermhuve attpå nakken; han var ikkje her ifrå bygda, han der. Elles ein trivelig kropp å sjå til, ein snøgg ungkar, dei kalla. Ho spurte Åsel kven det var.

Åsel kom og såg ut. Så sette ho i og lo, bert og blankt så Gjartru ikkje kjente att henne:

«Nei kann du rett fortel mæg, ka e no det derre fer ein langfredag

Gjartru lo med, og måtte kike ut att. Han var ålvorlig høg ja.

Det måtte vera den nye drengen dei hadde fått i her i garen, meinte Åsel; han hadde nyst komme, og skulde vera langt sunnant, ho visste ikkje å seie enten han var beistøing eller værrabygg. Han hadde tent på andre sida fjorden eit års tid.

Nå; berre ein dreng. Gjartru snudde seg [224] ifrå han. – Og han Hans borti garen skulde gifte seg, var det så? Det var han som Åsel hadde vore forlova med.

Ja, han skulde da det; Åsel såg rolig opp.

«Men at ho faster alder kann døy da!» Gjartru var både heit og harm.

«Fysj skamme dæg!»

«Ja men – at du vinn

« Kast dit brød på vandet , sei æg med mæg sjøl.»

Gjartru rista på hovude, liksom håre var for tungt for henne; det var så tjukt og vilt. – Men det var han Per, sa ho. Han far vilde han skulde bli lensmann, og det sette han seg imot! – Ja? Visst han ikkje var huga på det, så. – Ja, men: enn å bli lensmann da?

Åsel smilte, med små kloke auga, slik ingen skulde tru ho kunde, andlete rann fullt av djup lått. Gjartru såg forundra på henne, fingra urolig nedetter kjolen sin: – Ja men – når han far vil det, Åsel? Det var da berre å fara omkring i bygda og få folk til å seie slik og slik, meir vilde der ikkje til. «Kund ikkj du Åsel tak og snakk med 'n Per?»

Åsel tenkte. Ho tenkte lenge, med ho vaska opp koppane borti gruva.

«Æg val heller snakk åt 'om far. At 'n læt det vara. Fer han Per hi rett!»

Orda kom liksom dei vart spikra fast i veggen, og Gjartru gav seg.

«Men æ trur ikkj han far søv rart om nétn, ikkj,» sa ho, tankefattig.

[225] «Å nei. Det vil æg tru. – – Han e borti fer mangt slag te di.»

Men Åsel vart med heim lel, da ho hadde git gamla mat og hadde fått ei småveikje til å sjå åt henne. Gamla gnarra og var ikkje blid, men Åsel fekk henne god att, lova å kjøpe brunsukker til henne, – for Ane hadde alle tennene enno, og ein sugande lyst på det som søtt var.

Åsel gjekk og tagde heile vegen mest, og Gjartru let henne det. Ho var viss på Åsel vilde gå beinast til faren og fortele han kva som var rett og urett, ho var slik, og Gjartru ønskte ikkje ho var ansles.

Men nedom Lauvset, der vegen tek av til lensmanns-garen, stana Åsel. – Trudde Gjartru at Per var på kontore enno? – Ja, det var han da visst. – Så fekk ho ha farvel da. For ho vilde snakke med han. Og der skildest dei.

Åsel visste ikkje for vel kva ho vilde Per. Ho skulde berre ha snakka med han. Dei to hadde gjerne forstått kvartanna best. Kvar gong ho hadde hørt om faren, kva han tok seg til, hadde ho vorte fortenkt. På sluten no hadde ho late vera å tenke på han. Da kjæresten, han Hans, slo opp med henne, hadde ho meir tatt det som eit varsel enn som ei ulukke. Her var meir i vente. Han far kann vel ha lukka med seg, sa ho; men så får vi andre kjenne det etterpå. Men for det at ho visste dette, var ho i grunnen så sterk, syntes ho. Ingen ting skulde [226] ta mote ifrå henne. Ein bar mykje, når ein tok det frå rette enden.

Da ho kom til Per, var faren der. Ho stana ved døra, fekk hjarte opp i halsen; ho hørte så vel kva dei snakka om.

«Nei, far, du ska ikkj be mæg om det der. Fer det vil æg ikkj. Fer det villa ikkj ho mor hell.»

«Ho mor? Ho mor, sei du? Ka du ska bland ho borti det her ette? Ho sa ikkj noko om det ho.»

Det var stilt ei stund. Berre takdropen tikka kringom veggene. Så kom det ifrå Per, han var uklår i måle:

«Ho mor ja. Kjent du slett ikkj ho du?»

«Ikkj å snakk slik, ban. Æg vil da vel ikkj ha dæg borti det som gæli e. Men det går dit vi styri, Per, hus-paa det.»

«Går dit det hi tenkt sæg, sei heller det. Dit slekta peka.»

«Ja ja ja. – – Men du skuld tenk på det, Per. Du kund da vel tenk på det?»

Han var mild i måle som Massi hadde vore, syntes Åsel. Og no kom han bortåt døra, sa ikkje noko meir; ho steig unna med han kom ut og gjekk sin veg, for ho vilde ikkje råke han her. Så gjekk ho inn.

Ho kom til å høre kva dei snakka om, sa ho. Per såg på henne. – Mor! tenkte ho. For slik kunde tanken gå over andlete på henne, under huda liksom, lyse fram utor auga i strålar og dra seg attende; – han var god som henne.

[227] «Du e ikkj større mota på jorda lel, du Per,» sa ho.

«Nei, men – –»

«Du e skaft te inkvart meir hell det ja.»

«Meir?»

«Ja. Vi hi vøri tungarbesfolk, all samma nedgjenom tida. No skuld det barast høyger opp med ein tå oss. Og det mått bli du, det. Han Jens, det e så; men æg trur ikkj større på han . Ja, fer, vi ska no ikkj gro reint fast molda hell, veit æg?»

Per stod og såg ned. Somtid rørtes det i nasevengen på han, og somtid nedunder auga. No togg han seg i munnvika. Så tungsinte som dei var, auga i han – tru om han ønskte han ikkje var til? Men Åsel tok seg att i det. For slik skulde han vel ikkje stå, kor som var. Ikkje han hadde lov til det.

«Du skuld no i all fall ha unnt 'om far så pass. Han bli ikkj gammel, bers det mæg fer. He?»

«Nei, æ kann ikkj sei noko, æ. Anna hell nei, og det hi æ sagt. Men at du kjem slik da?»

«Ja?» Ho undrast sjøl òg. «Dem vil det slik, så.»

Han bles, godslig, men brensk nok for det.

«Berre noko dem sa, gammelkaran. Dem skuld vi da vara ferdig med no. Alt det dem rota og trudd! Likar vart dem no tå di, ò! Vi, Åsel, vi trur ikkj på det der lenger. Det e da løsan da'n omkring oss. Læt oss hald fred heller. Og gjera det som rett e. Kom og bli med heim!»

[228] Det hadde ho ikkje stunda til.

«Kom no!» bad han; og da kunde ho ikkje seie nei, til han .

Ho gjekk med ein ir seg, at ho skulde ha styrt lasse den rette vegen, men ho klara det ikkje, visste snart ikkje kor det skulde herm. Og aldri hadde ho trudd at han Per var så sterk.

– – Det same undrast Anders på, med han gjekk heimover. – Men, sa han, slik sterk er just dei veike, når dei set seg på bakbeina. «Vårherre størk dem han!» mumla han. Enno kunde det vel snu seg, og visst ikkje, så var det vel for eitkvart godt. Det går dit det har tenkt seg, han hadde rett i det, gutpåken; på ein måte da.

Per tenkte ikkje stort. Han hadde sagt det som seiast måtte, og det fekk vera nok. Det sveiv berre for han, at jorda var tung å rivast med og lensmannsarbeide var lett og trøysamt; men det var ingen kommande veg dit. Og heime sat ho Marja og venta han no ved dette leite. Lenger fram vilde han ikkje.

«Æg tenkji så på 'om far,» sa Åsel.

«Det samma gjer æ. Det e som eit eventyr fer mæ, at det finns nokon som e slik. Som kann finn sæ veig fram i verste ulenda. Som tåli ha folk gåanes i kring sæ og tenk allslags develskap om ein. Han bli ikkj vâr dem eingong.»

Anders hadde ikkje komme heim stort før Per og Åsel. Det var noko han gjekk og la over. Han vilde ta og kurere seg i auga. Han [229] vilde ikkje ha denne lyse blinde skodda imot seg lenger, det heldt visst på og la seg ein tynn sjå over dem, dei var snart som glasauga i hest. Og han trong å sjå vel no, han som skulde sjå for dem alle i hop.

Men da han står på Stallbakken heime, synes han høre som ein song i lufta. Ikkje nokon svanesong just, ikkje nokon høyrande tone eingong, men der var ein ôm millom fjella eller kor det no var, eitkvart som var ute og vilde han noko. – Hm – hm! sa han, og gjekk inn. Så let han det vera den her gongen. Enda han kunde ikkje anna skjønne og til få, enn at heit tjæralaug måtte ta vekk denne hinda, og smurte ein med lys etter, så skulde auga bli gode og mjuke, reint oppyngt. Men, som sagt, han kunde late det vera. Han var åleine, hadde ikkje for mange å lite på. Og dei vilde han vel, dei som varskudde han.

III

Det var vårkveld med nordavind og kaldtørk. Kvitgule nordanskyer gjekk lystig sørover; dei var kalde i åsyna og hadde hast. Dei såg forundra ned på jorder og lauvskog her sørpå, som hadde tatt til å vårast alt; det var vinteren nordanfrå som seglde sin veg. Men ovanom dem kom det eit hav med grå sky frå sudvest; [230] blågråe var dei, og ruklut som leira ved fjæra sjø. Dei seig så tungt som sjølve tida.

Opp bakken til Håberg kom ein mann i grågrøn frakke, ein kjolekar dei kalla, med hatt på, og stav i handa. Det var ny-lensmannen, Ove Thøger heitte han. Han hadde alt vore her ein månad, for amtmannen skynda på med å få han innsett, og han hadde vore på Håberg ein tre-fire gonger. – Han gjekk høg og bratt, han var ein heil stakall å sjå til, tykte folk. Og ein vislig og grei kar i alle måtar. Det orde hadde han fått av Anders på Håberg, og det var dei med på alle mann. Det var berre rart at han vilde seie det. Men han skulde vel liksom vera hovude ovom dem i det òg.

Folk såg etter han, og tenkte over og la saman: no gjekk han til Håberg att; han var flittig; det var vel han Per han vilde samrå seg med, slik i førstninga; visst han ikkje hadde eit anna erend.

Ein times tid etter kom det ein til same vegen, og han var enda høgare og sprækare, men han hang litt oppi akslene, og let eine armen slenge slik han vilde, og ikkje var han kjolemann heller, så storkar var det ikkje; det var einast det at han gjekk med stav, enda det var berre ungdommen å sjå til, så det måtte vera ein som hoppa etter og vilde bli eitkvart. Han tok inn kjøkenvegen han.

Det var Jens, handlaren i Vågen. Han var full, det såg dei straks. Andlete, som var litt [231] brent etter småpokko, var raudt og stivt, og auga stod i grå røyk fram for han. Han var fastrusta i måle, det var så vidt han fekk spurt etter Per. – Per var inni stua, han fekk leite inn. – Nei, han hadde ikkje tida til det, såg ikkje slik ut på føtene heller. Gjartru gjekk inn etter Per, og dei gjekk åt Øyster-stu dei kalla; det var der Per og kona hadde senga si, – elles heldt dei til i den vestre i lag med dei andre.

Marja sat der og stoppa på ein sokk. Per såg litt på broren, før han bad han sette seg.

«Ja, æg e full,» sa Jens. «Og det angra æg ikkj på. Men» – han drog til ein liten flir og såg opp på broren – «men no får du hålade hjolp mæg, Per! Enten du vil hell ikkj.»

Per berre såg på han.

Jau, det var det, at han hadde vore avstad og gjort ein handel. «Æg smurd te og kjøft Segelsund, heile rikje, gut, med handel og vandel, rubb og stubb! Ka du sei?»

Nei, Per sa ikkje noko. Han stod med hendene i lomma og såg ein gong på broren og ein gong i golve. – Kor pass mykje da? spurte han endelig.

«10,000 speici!» Jens såg på han og blunka ikkje. Han var ædru på eitt auga, og det såg godt.

Marja let sokken sige ned i fange. «Du store!» sa ho og såg på Per. Det rørtes og smått bevra oppi brunene til Per, slik det støtt gjorde når han skulde til å seie eitkvart.

[232] «Du kund ha fått det fer sju.»

Jens drog på munnen og eine aksla: Kanskje, og kanskje ikkje. Men han måtte ha det, skjønna Per det? Og nokon lusbokk i pengevegen var han ikkje. Han tok dei orda oppatt: «Ingen lusbokk nei!»

Per fortalte, at dette hadde faren tenkt på, hadde vore i veg og hørt om prisen, og han hadde fått det for sju tusen dalar.

Ja han ! det gav ikkje Jens seg om. «Læt mæg kjøp sjøl, så veit æg kem æg ska takk fer hjolpa.» Men det var ein annan ting. Han hadde stelt seg som eit klavenaut. Eg var i prestgaren i natt, lo han, skulde dit og fri. Hadde vore der før, forresten. Og så fann eg døra stengt! Lite grand på mote var eg ja, og så ruska eg opp henne, og gjekk på lofte og fann veikja. Og så kjem hålade prestkallen sjøl opp troppa og spør kva slag leven det her er, han var forfæld. «Gi dæ tia no, det e berre æ det her,» sa eg, og godkveld og takk for sist. Så sette han i og las over både meg og henne, at eg åtte ikkje folkskikk meir hell slik! og gjenta skulde skamme seg, ho skulde skamme seg så det var ei nød! – ho tok jamen til og puska og gret, sålbota. Da varskudde eg han. Men han hørte ikkje etter. «Osså mått æ borti 'om, da.»

«Va du verkeli borti 'om?» Per og Marja spurte i breidd.

«Ja, ka anna rå va det? Fer veikja ho [233] gret, og det låg ei te der og hord på. Æ leidd 'n berre ut; kleip urliti hardt, kanskji.»

Per rista på hovude, men han lo. Marja såg både hardt og kjærlig på Jens: – Han måtte da ikkje fara fram slik lel! Og Per la til, at storkarane hadde andre skikkar enn anna folk, – han stod enno og smilte. Han hadde det med det at han såg tingen så useielig vel for seg, måtte ta seg tida og sjå han til endes. Desutan kunde han ikkje anna enn å gi broren rett når han var på det villaste; for slik kunde no han Jens vera, det stod ikkje på for han . Eit barn, berre, men trøysam – det var rart han ikkje var verre . Dei var så mangsles, folk.

Jens hadde fått ein logande raudlett oppi panna, og nasen tok til og rørtes på han, som han ofte gjorde på det folkslage når dei var litt heitt oppi det.

«Ska dem komma og ler mæg folkskikk og ei ny friing, kanskji?»

«Du skuld no ikkj læt a sjå dæ drykkjin da, veit du.»

«Ho ska sjå mæ drykkjin! – – Æ e mykji pænar da,» la han til, og halda seg attover; han hadde blåse frå seg sinne no og var god og fornøgd. – Men så tok veikja til og bad meg gå, gut! Og eg gjekk, veit du; og eg fortalte henne at no fekk ho komme åt meg , og meir slikt; og så det da, at eg skulde kjøpe Segelsund no, eit gods og eit kongsrike, – ho kunde ha det å tenke på.

«Og no e handelen gjort?» sa Per.

[234] «Ja, kar. Fer æ – æ vil bli storkar æ ò. Æ tenkji mæ høgt te vêrs!»

«Og syn friaran døra og troppa?»

«Ja betterde! Når den tia kjem så. Dotra mi, ho – – »

Han lo med seg sjøl, full men stødig, han tenkte fleire tankar jamsides.

«10000», mumla han. «Og hælvparten ska stå i godse.»

«Ja ja. Du veit æ ska strekk mæ så langt æ kann. Men det e no hellest 'n far, som – –»

«Skjit i han, denher gongjen! Skriv du på, og ein te, så får æ peng, æ får dem hoss gamla sjøl i Segelsunde, ho lova mæ det.»

Per nikka. Han hadde ikkje set på kona si, med han avgjorde det, langt mindre spurt, og ho sat og såg ned på arbeide sitt; men ho hadde vorte raudlett. Dei hadde tålig bra bergingsvett, folke på Leinland, og sjøl hadde ho ein vakker liten arv i vente. Der fór no han, kom det for henne.

Jens takka ikkje. Han såg mest olmt på broren. – Du var ein sau, Per, det er som han far seier. At du ikkje vart lensmann, fysj han inderlig! Per lest ikkje som han hørte det, og Jens fór i veg: Og denne ny-lensmannen her, han kunde han ikkje få ned ! – Det var ein gasta kar, sa Per. – Nei, alt anna enn det; og han skulde vâre seg så han ikkje fekk ei oppbanka skinntrøye snart! Ja, for hadde han ikkje alt gjort noko stygt, så kom han til å gjera det. Og kva fór han her og smeit etter?

[235] Han rakk ikkje lenger, for Gjartru kom inn i det same, det var matbud. Jens ser opp og ned over henne: Det var da storveges kor fin ho var i kveld?

Gjenta raudna litt; men så tok ho seg for og såg på han, ovanfrå og nedetter, blykta litt med augelokka og snudde seg frå han, let han sitte der han sat. Ho hadde ein svart og kvit smårutut kjole på, som ho elles brukte berre med helga; og nykjemt og flidd var ho. Ho gjekk ut att.

Jens såg over til Per, han stod bortmed vindauge.

«Æ veit ka du tenkji på, Per. Og det ska æ lova, ja, ettesom du ikkj be mæ om det. Og hald det ò; ettesom du ikkj trur det.»

Per snudde seg og såg på han att. «Ja ja!» sa han, og no var det jamgodt med at Jens hadde svore på at han ikkje drakk seg full meir. – Du får få ein liten ein da, Per tok oppå kråskape, fann fram ei lita flaske og eit glas. Dei tok seg kvar sin, og Per slo korken vel i flaska.

No gjekk Marja inn og skulde få seg mat, og Jens fortalte enda ein liten ting. Farbror Petter gjekk og sette ut vondt om dem om dagane, både det og det, og folk dei trudde han. No var det serlig ho Gjartru som skulde ha det. Han visste den nye lensmannen fór her og lura på henne, og ho på han, og det skulde det ikkje bli noko tå. «Han Anders bror min ska ikkj ha den glea,» sa han. For han visste noko om henne [236] og han Hall, gammalkjæresten hennar, han hadde komme over dem i høyloddo ein natta, «midt i andagten», som han sa, og no skulde han i lensmannen med det. – Og at du Per ikkje vart lennsman, det kunde dei takka han for, let han. Kva?

«Veit'n far det? Det er om a Gjartru, som du forteli?»

«Ikkj enno nei; men æ ska smett det ti 'om her i kveld. Så får 'n inkvart å grei opp igjen!»

Så gjekk dei åt andre stua.

IV

Lensmannen var der enda, og no skulde han til bords. Der var framsett til han på frammandborde, millom dei to søndre vindauga; sjølsegfolke sat attmed kvardagsborde ved nordre veggen.

Anders hadde komme til å like denne frammandkaren alt første gongen dei råktest, og han stod ved det. Han var slik han skulde vera, ein storkar, men ein staskar for det. Han fortalte straks, og sjølmint, kor han var ifrå, og kva han heitte; han var langt sunnant, og far hans hadde vore officer. Meir fortalte han ikkje, og meir vilde ikkje Anders vita. – Da var han ingen pengemann, og ingen klyppar til kar, dømte Anders, for elles hadde han vore lenger kommen. Men han stod visst prøva, kva kant ein målte han ifrå. Anders tok ølkruse, drakk han til og flidde han. Han tok imot og drakk som ein hedersmann. At [237] kammerse vilde han ikkje be han, det fekk gå eit års tid først. Men best det var, gjorde han det likevel; om han vilde ha ein dramm fransbrennvin? Nei, tusen takk, ikkje noko sterkt no på føremiddagen. Hm–hm! Hm–hm! murra Anders, han likte han dubbelt så godt for dette; det var just det han vilde vita. Det var mangt han vilde vita, litt medkvart, og han fekk vita det. Storkarane, ein kan ikkje klå dem på sjæla med auga eller med eit halvdrege ord; men er dei av rette slage, så seier dei meininga si beint ut til ein, styrer fullt segl og bein kos; dei er karmenner, mange av dem. Dei var ikkje usams om så få ting, han og Anders, det vart dei fort vâr; men Anders likte det, slik han likte kåte hestar eller sterkt brennvin. Det var ein å tala med. Bygdafolke var bra nok, han sa aldri anna. Men det var ingen smak på dem, for det vissaste. Dei jangla og jatta med han støtt; det var no den tingen; og somtid vart dei range og la opp med ein, men først ein bles på det dei sa, rauk det sundt, og så stod dei der med mjøle i munnen, og var berre sure og rangsøvde som ungane. Denne her, han stana verkelig for og tenkte over det ein annan ein kom med; tok det liksom i handa og vog det.

Han gjorde just det no, da Per og Jens kom inn. Ein kunde aldri legge vegen over søkkmyra, sa Anders, da fekk ein eit farlig arbeid, – ho syg han beint ned! – Lensmannen stod midt på golve, skulde som sagt til bords. Han [238] luta litegrand, med han lydde på, og nikka eit par gonger, at han hadde forstått det. Så retta han på seg, tenkte seg om, og la urlite på hovude med han svara, gjorde enda litt med handa attåt, berre så vidt han fekk legge tyngd i det han fór med; det høvde han godt, og det var ikkje lettkorn det han sa. – Det skilde seg myr, sa han, og han var lite kjent her. Men dei veita henne ut, somme stads, og fann seg godt vegfyll, leir og grus; det kosta ikkje småting, men så hadde dei bein veg. – Ja, det forstod seg, der dei hadde mykje tung kjøring var ikkje det dumt. – Nei, det var just det ! sa lensmannen, og så gjekk han til bords, – det var alt tredje gongen Gjartru bad han, – for det var ho som måtte stå for.

Da han kom og skulde gå heim, stod ho utpå Stallbakken. Han vart ståande, og fann straks på eitkvart å snakke om; det gjorde seg sjøl all ting for han. Heile tida med han snakka, heldt han auga beint på henne, og det var uvant for Gjartru, men så ope og trygt at det gjorde ikkje det grand. Ho kunde godt gjera likeeins til han. Enda så urimelig høgt opp det var til han. Så spurte han enda ein gong, om ho ikkje kunde gå med innetter vegen eit stykke. Det var for nytt for henne, ho visste ikkje kor ho skulde finne att seg. Nei, sa ho, det kunde ikkje gå an, og no flaga det raudt oppetter andlete på henne og lyste blankt og verjelaust i auga; ho såg seg i kring, vilde liksom jaga ifrå seg både hus og folk, ho var nær på å komma og [239] bli med. Da tek han til hatten og løftar han høgt, slik som aldri nokon hadde gjort det i ålvor til henne før, og med han gjorde det, sat auga hans fast på henne, så ho vart både naki og kald; så snudde han seg og gjekk.

Ho sprang inn og på lofte. For det var eit bert vidunder: Ho var så glad og forundra, ho vilde ikkje sjå folk. Vinteren hadde fare sin veg, han stod berre bakom henne og skuva på, Vårherre måtte vita kor det no bar av! Det hadde vore ein fæl vinter så lang og svart, ho hadde sitte i kjellaren og trudd ho kom aldri ut meir, vilde ikkje ut heller, for allting var slutt for henne; – det var det, at ho hadde vore lita og dum all sin dag. Ho sat og gret, før ho visste av det: Herre gud rett, kor toskut eg har vore! For no bar det dit ho skulde. Dit ho hadde lengta heile tida, når ho skulde snakke sant. Hennar mann skulde ikkje vera ein i jamhøgd med dei andre. Vegen måtte bera oppover til han; det hadde sitte langt inne i henne og uroa henne så lenge ho kunde minnast. – «Og æ trur mest han vil ha mæ!» kviskra ho. Og trasten han skvattra borti skogen, så ho hørte det heilt inn: «Det bli, det bli, Gjartru!» Det skulde bli ja!

Anders tenkte det same. Og han sa det med gutane, at ho Gjartru kom ikkje inn meir ho? Nei nei da … sa han. Det var så det, san. Og med seg sjøl sa han, at no såg han kva den karen meinte, som styrte det så krokut [240] for henne og han Hall her i vinter. «Forunderlig, du!» sa han. «Forunderlig.» Ja, stakars førkjeunge, som ingen ting skjønna og såg. Folk var blinde.

No fortalte Jens dette om Petter. I førstninga var det liksom Anders ikkje var med. Jaså, mumla han berre. Litt etter tok han det opp att, men meir vaken: «Jaså. Han held på og røri på sæg igjen, den karn.» Dei tok alt til og snakka om eitkvart anna, og Anders sat der still og strauk seg over skjegge. Så sa han med seg sjøl, det kom som ein liten lettande sukk:

«No e 'n dømt da. Endeli ein gong ja. – Den gongjen , det var eit anna mål. No fer æg ikkj i veig i sinne.»

Nei, han åtte ikkje det som hat kunde kallast. Det saug han berre i veg sjøl. Her kom til å skje mangt slag no snart, det kjente han på seg. Rettno bar det til .

Han spurte korles det gjekk med Jens, med handelen nedi Vågen. – Jau, sa Jens og lo. No hadde han snart kleppen i prestdotra, hadde henne godtsom inni båten. – Anders hørte ikkje etter. Han sat liksom han vilde sovne. Men dei visste at da brauts han med eitkvart innvortes. – Eg skal snart gjera mann tå deg, mumla han. Jens såg på broren og lo.

Da Per hadde vore med Jens eit stykke, tok han over kleiva og til Rønningan.

Han fann Petter heime. Sitte skulde han [241] ikkje, erende var ikkje langt. Det var berre det, at no fekk Petter sjå og komma seg utor bygda med tid var til, for elles kom her snart ein annan ein, og da vart her stygt vêr. «Han far ja, flir ikkj åt det, du. Du veit sjøl du e sakan mann. Han kjem te å skamrask dæ, den her gongjen; å sei, visst 'n ikkj sler dæ kvik i hjel da. Utu bøgden du, fer allvor!»

Petter kom seg aldri i veg med fliren sin til Per, han hadde så lite vett på det slage. Han var den Petter minst vilde ha med å gjera. Han flirte lel, men berre for seg sjøl, og så sa han:

«Slå mæg i hjel ja. Det burd 'n no i grunn få lov te. Så vart 'n spakar ette. Og da mått 'n no vel vara fornøgd, veit æg; når 'n kom så langt med mæg?»

«No hi æ varskudd dæ!» sa Per, og så gjekk han.

Kjersti kom etter Per utom døra. Ho hadde fått litlen til å sova. Det var grå vårnatt, og skyene seglde med kalde andlet over bygda; nattkjølda isa i kring ein frå skogdalane og myra, og bekken tura og song aust i marka.

Per stana for eit grand, undrast kva ho vilde han. Det tok litt tid. Ho famla seg over bringa og knepte vel att, det var så hjartans kaldhustre.

«Du Per,» sa ho. « Du må ikkj vara gal på 'n far ikkj. Så får det gang som det vil hellest.»

«Nei nei,» sa han, og så skildest dei.

«Kast dit brød på vandet»

I

[242] Andre dagen tok faren Gjartru for seg. Han bad henne åt kammerse, og let att døra. Det gjekk så høgtidssamt for seg, at gjenta vart både heit og bleik.

Og Anders måtte undrast over seg sjøl. Det hadde vorte så stilt i han, og rundt omkring. Aldri hadde han havt så mykje å greie opp og få skikk på, den eine tingen etter den andre kom seglande beint på han, det kom som båra imot lande, sjølve det store kom til han no snart. Men han hadde slik ei ny ro i seg. Han kunde gjerne gå for seg sjøl ein staden og sette seg ned og sjå på det.

Gjartru var rædd dette kammerse, det var som kirkegolve på lag, og i dag var her reint kvævande. Ho vart ståande midt på golve og vente. Faren stod og såg utgjenom glase, med hendene på ryggen, og det syntes ho var det verste han kunde gjera. – Hadde ho snakka noko med Åsel i det siste? spurte han. – Med [243] Åsel? Jau, det hadde ho da. – Det var ein rar unge, tykte han. He? Gjekk ho reint og sovna av der borti Pålsnese, eller korles var det med henne? – Gjartru lo litt: «Kast dit brød på vandet,» seier ho. – Brød på vandet? – Nei, ho meiner berre det, at med tid og stund så snur det seg vel. – A neigu du, det er ikkje slik ho tenker. «Kast dit brød» ja – det står slik, einstads. Ho tenker djupt, gjer ho. He! sette seg stilt ned og vente på at ein skal få det att … Han stod ei dryg stund og såg ut. – Men korles var det ho hadde fare? Her i haust, med han Hall?

Gjartru vart mørkraud heilt oppunder hårgaren, og no var ho glad han snudde ryggen til.

«Vi va no forlova,» sa ho.

«Forlova ja. Det e ikkj det æg spør om. E det sant, det dem forteli? om høyloddo og det der? Han Petter ska ha funni dokk der.»

«Asj! – – Men forresten e det sant, vil Dokk endelig vetta det!»

Han snudde seg. Han såg undersam på henne, og ho beint på han.

«Ja ja da. Men no ber dem det ti lensmann'. Ka du sei om det? Heil ska æg fortel 'om det?»

Ho blunka kringt og stridshuga imot han, munnen drog seg til så hardt han var godfor; men enda var det likt til at ho stod og kjente på ein søt lengt eller ei lukke, og var på vegen til å glømme både det eine og det andre. Slik var ho , slo det ned i han: blunka som eit juvikmenneske [244] til ein, og var enda vill frammand åsyna.

«Æ va no vel ikkj forgyllt!» sa ho, og smilen darra millom gråt og skøy.

«Hysjt med dæg!»

«Og forresten da så – – æ ska vel fortel 'n det sjøl æ. Visst det skuld røynast på.»

«E du besætt du, veikj?»

Han viste med hovude, at ho kunde gå. Og han rista på det lenge etter, visste ikkje enten han skulde banne eller le. Men slik var no ho. Og ho skulde no vel mest gjera det åt han, vilde han tru. Fortele han det sjøl ja, det var just det ho skulde. Der skulde han råke på ei som var jamhøg med han.

No var det der over, og no vilde Anders gå beinast til Rønningan og forjaga bror sin. Men først åt han skikkelig til dugurds, og så var han bortpå åkeren og såg etter harvinga, at dei ikkje fór over med harefoten berre. Så var han oppå mørklofte, han hadde lagt inn mørkloft som hoss presten –, leita i all slags skrot, og fann endelig ein gammal okspeis med blyholk på; det hadde vore ståtarkonge på Håberg i gammal tid, og dette hadde vore verja hans. Anders vog henne i handa, sveivde og smått slo med henne, kjente etter om ho heldt. «Det var no jami-sinn ei okresteli handverji det her,» smålo han. «No jaga æg 'n helgamess i vald; no hi dem kommi, både tia og mann'!»

Dermed steig han ned, tok på seg helgatrøya og la i veg.

[245] Men han kom for seint. Kjersti kunde fortele at Petter hadde fare tidlig i dag, ut på måling eller kva det no var, han hadde stryke langt til vekks.

Var han Per her i gårkveld da? – Ja, han var da det. – Kunde tenke det ja. Anders stod med okspeisen i handa, tok seg opp i håre med den andre: «Det var skjit, va det. He'» Så såg han litt velare på Kjersti. Ho såg verken glad eller vond ut. Han kremta, og vart raudflagut oppetter andlete: «Æg val skikk gutan hitover ein dag hell to: med hesthjolp; her e liti gjort med våronna, sjer æg.»

Anders måtte ta uverja si og gå heim att. Des lenger han gjekk, des rarare vart det å tenke på Per: Han måtte vera tå eit rart slag i-hopkommen. Ein fåne og ein tullvalle, snakk ikkje om det, san, men ein karmann like vel; så langt bortafor alle dei andre i bygda. – Før han kom heim, takka han ein eller annan for at det hadde gått som det gjorde. «Løkka sitt no med mæg, merka æg,» – han undrast så han reint måtte stane.

Som no den litle tingen, at han Per ikkje vilde bli lensmann: No var Gjartru forsørga, det han kunde sjå, og han Per, han skulde bli ordførar i bygda, etter presten, dit var det det peka! Og det var det han dugde til. For han må ikkje vera nokon juviking, han som skal taumkjøre heile bygda, og ikkje berre fattiglusa heller nei. Det må til ein som han Per. Ikkje for sjølrådig nei, og ikkje for vinglen heller; det [246] må vera ein rettferdig mann. Kom med han som kunde seie ifrå seg lensmanns-embete – lat meg sjå han!

Anders syntes han såg noko nytt for seg, og frammandt, det reint kjølte gjenom han: eit nytt slag folk, som kunde sette seg stilt ned og vente på at det rette skulde skje, når dei hadde gjort sitt. Slik som han hadde set det, da han tenkte på Åsel her i dag. Han skulde berre bryte vegen for dem, men jøss for ein veg han skulde gjera! «Forlate mæg synda!» sa han, for han trudde han hadde banna no att.

Han kasta krok og kom heim ifrå Vågen, så dei vart like slug på kor han hadde vore.

Og no skulde det skje. Denne seiga over auga skulde vekk, han trong å sjå, no heretter. Og no hadde han det rette mote. Han stana for og tenkte seg om. Han var rolig, slik han aldri hadde vore det før i heile sitt liv; og enda kjente han det hasta, live stod reint for og venta på han; sjølve verke var ugjort og i vente enno; det saug i han, men det uroa han ikkje. Ja ha, no skulde han snart sjå verda som ho var.

Karane var ute på onna, og kvinnfolka hadde sitt å ståke med, så det høvde godt. Han var borti eldhuse og vermte seg ei skål med tjæra, gjorde ho skikkelig heit; så lunka han ei kola med lys og hadde for handa.

Det var helgedagsstilt ute i garen og rundt omkring, med han stussa med dette. Flua song på veggen, og småfuglen skvattra om sitt; [247] gåspuen let om seg nedpå myra, og gong og annan hørtes eit rop, når dei fordømte seg over hestane utpå åkeren, det var alt i hop forunderlig langt unna, ute i ei anna verd. Anders lya etter det: det var merkelig så stilt. Men han hadde anna for seg.

No var tjæra heit nok, slik han brukte henne til sår. Og no bar det til. Han stod med fingeren nedi og kjente etter: det var høvelig dette her no, og fin og truverdig tjæra. – Den som no hadde havt nokre gode ord og lese over, no, sa han. Han smilte med han sa det, slik blindt folk ofte gjer det; men han ønskte det likevel. For i denne stunda hadde han tru på kva det skulde vera.

Å, men han var sveitt !

Han ser utgjenom døra, om der er nokon i farvatne for han. Nei; det var som han sjøl skulde ha laga det til, og no tok han stelle sitt og fór over garen med det og inn åt kammerse. Han kjenner på tjæra att. Står så ei stund og ser ut gjenom vindauge, ned over flata og reinane, der grønleten tytar fram or mosebotnen. Haugane søm i lysblå skodd for han utunder himmelen, slik har dei vore der all hans dag, kvar ryggen og kvart skare er der å finne, og vinden han bles vårkaldt og stridsint på dem, og dei kuvar seg og solar seg og let han det; det er liksom Anders kjører attlenges gjenom tida med han står der og ser ut. Og så er det sol [248] og sky, sol og sky, – det er sjølve barndommen som skin imot han.

«Men det va det !» sa han og snudde seg. Måle vart høgt, og song: «Vil dokk mæg vel no, så må dokk vara i nerheita, og hjolp mæg!»

Kaldsveitten måtte han tørke av skallen i einingen. Men det var lett å puste.

Så gjorde han det: Han smurte heite tjæra innpå auga med fingeren, over sjølve augesteinen så godt han fekk det til; han måtte rulle med auga både hit og dit før han var trygg. Ryggen krøktes i vêre på han, og knea gav seg, men han heldt på til han var ferdig. Da sette han seg på senggavlen.

«Jamenn va no det der fullt giftarmål lel!» sa han. «Æg ska fortel dokk det kjentes der det kom. Og ondt ska ondt fordriv! Ja da; det her det går bra det. Kast dit brød …»

«Massi, Massi!» stønna han ei stund etter, han visste lite kva han sa. Så var det tida å ha på trana. Han famla i kluten og vaska seg over auga. Det tok utor pina ikkje så lite, han vart enda godtil å gjømme unna skrote sitt. Etterpå vart han sittande på senggavlen og vogge på seg, og han kviskra alt i eitt:

«Vil dokk mæg vel no, så ska det vis sæg!»

Da dei spurte etter Anders utpå dagen, var han kleinslig og i senga, og dei hadde det vette at dei let han i fred. Gjartru var der i kveldinga att og hørte etter. Han hadde litt «illt i hui».

Var det henne han var forskræmt over, tru?

[249] Ho undrast på det, med ho tok på seg og gjekk ut. Ho blunka til Beret, og stal seg austover vegen. For det var slik uhegdelig fuglesong aust i marka, nattvaka sat i kvar ein telltopp og lokka; det var ikkje ein kveld til å sitte inne. – Ein kunde vera storglad ein ikkje var ei bondekjerring, kor som var.

II

Faster Ane i Pålsnese vart fort dårligare. Da Åsel kom heim frå Håberg den kvelden, stod den nye drengen ute og venta henne. – Ho er visst malli klein, ho gamla der inne, sa han, eg hørte ho anka seg, og så var eg innom hoss henne. Eg fekk inge svar av henne. Åsel skyndte seg inn; det var først ettersea, at ho gådde han hadde stått der.

Det vart ingen sømn på Åsel den natta, og ikkje noko natt på lang tid; for gamla var apsam og måtte snuast og rettleiast i eine bør, og sautra og bar seg som eit litebarn. Ingen annan enn Åsel fekk ta i henne, og ikkje tålte ho gjenta tok etter sømnen. Det hadde forresten ikkje vore så mykje likare før heller, dei siste åra, så ho var tålig vel vant med det.

Da Ane kjente det bar i veg med seg, samla ho all si makt, tok i handa til Åsel og prøvde å augefeste henne gjenom dødsskodda:

«Du ska lova mæg eitt, Åsel. Vil du ha fred fer mæg.»

[250] «Du veit æg gjer alt du vil, faster.»

«Å neigu om du gjer! Det e berreste medeln min du vil ha ti. Men eit vakkert gravøl ska du gjera ette mæg, høyri du det! Osså ska du tak tå pengan min å rå te ny prestkjoli, ein tå reinhekla silkesty – æg e så forfæld! Lova mæg det, Åsel!» bad ho tynnt.

Åsel måtte lova det fleire gonger, og siste gongen enda at det skulde bli tjukk silke i prestkjolen, – ho var så ubergelig rædd! – Så vilde ho ha i Anders, og Åsel skikka bud; men ho fekk det svare at det var kleinslig med han òg, han var sengliggande, hadde noko slag vondt i hovude.

Da var alt Ane så langt kommi at ho visste ikkje med seg lenger, og Åsel var så oppi det at ho knapt gådde det dei sa om faren. Ho streid ei natt til endes som ho aldri skulde glømme. Garfolke såg ho ikkje likt til; dei hadde fått så nok av kårkjerringa med ho levde, og ikkje vilde dei syne kor glade dei var. Det kom for Åsel etter-sea, at ho hadde ikkje komme ifrå det med vette, hadde det ikkje vore for det at der var eitt menneske i nærmonom, og det var drengen. Han kom i døra fleire gonger, sa ikkje orde, han var der berre, og i millom trudde ho han sat uti kjøkene. Utpå morgoparten var han der att, med kaffe til henne. Åsel drakk aldri kaffe, det var slik vond ein smak på han, men no vart han trua i henne, og han gjorde vemodi godt , som ho sa.

Ikkje lenge etter var det slutt. Åsel var iskald oppi hårrota, og kjente ikkje golve under [251] seg, men ho beit seg i hop til det og sette fingeren på dei daue augelokka og klemte åt, og la salmeboka under haka på henne, dermed fór ho ut or stua i sju rædsler, og beint i fange på drengen, han hadde sitte uti kjøkene og sove. Ho tok over båe hendene på han, og visste det ikkje.

Dei stod utom døra i den lyse vårmorgonen, og sola rann, og staren pistra oppå take, og trasten borti skogjaren sette i, den eine over den andre til det var ein sildrande bekk med vår-låt.

Åsel fekk det ikkje stort lettare da ho endelig hadde sove ut. Ho arbeidde så det svortna for auga. Men det gav ho ingen ans. Det var 16 års slaveri ho slapp ut ifrå no. Ho hadde bore fram børa si, ho hadde mista alt ho kunde miste, syntes ho, – slite kom ho ikkje eingong i hug –, og no var ho fri og ferdig. I desse dagane tenkte ho ikkje på pengane, enda dei hadde ikkje lite å seie for henne. Da ho hadde ordna og gjort unna det verste, ranns dei henne i tankane, og no vilde ho i veg og finne fram nøkkelen; no kunde det ikkje vera for tidlig? Men så går ho seg på denne drengen att, han er uti vedskotte og høgg ved for henne. Han tek beint omkring henne, slik ho visste dei fór og gjorde, ungkarane. Ho vart himlande harm og reiv seg laus ifrå han, men da vart han ståande så opprådd og bortgit at ho visste seg inga råd, ho sprang beint inn.

Den kvelden kom Per og Gjartru dit, og [252] no først kjem det for henne at dei har drygd lenge. Ikkje for det: alt det som skulde avgjerast og greinast med, det hadde ho aldri tenkt å spøre dem om, men eitkvart måtte stå på heime, når dei kom no først. Ho spurte ikkje.

Ja, det var no han far. «Han e ikkj viars frak nei,» sa Per. Han hadde vondt i auga. Sjøl veit korles det var med han. – Men det gjekk vel over, det som alt anna, sa Gjartru; ho var så ung og glad.

«Og no e du rik-taus du ja,» sa ho, og såg opp og ned over Åsel; ho var den som gledde seg over det.

«Ja, sjøl veit. Rik e æ no vel ikkj , da, men.»

Hadde ho ikkje set etter? – Neimenn om ho det hadde. Ho smilte, litt raudlett, og tok oppå hylla; der hadde ho nøkkelen no. Dei kleiv opp på lofte alle 3, og Per må opne kista, for Åsel vart for veik, så sterkt var låse. I leddikka låg der eit opprive brev-var, og i det var det 14 sølvdalar; det var frå Jens i Finnmarka. Dei la opp plag for plag, og Gjartru kjente vel etter om der var noko. Endelig er dei på botnen. Der ligg det eit fotstol av ein gammal grå sokk. – Her ligg grisen sjøl, sa Per. Åsel tok han litt kvassvore og rengde han. Der var ein bra dunge med sølvpengar; men da dei talte opp, var det ikkje godtil å bli meir enn 3 dalar. Ingen såg på den andre. – Det var no ikkje lite, trøsta Gjartru. – Her var meir, nokon stads, meinte Per. Men Åsel rista på hovude. [253] Ho hadde gjort reint i kvar ei krå og krik; og faster hadde meir enn ein gong sagt, at brann denne kista opp, så brann det opp alt ho åtte.

Best det er, set Åsel i og ler. Ho ler høgt og hardt, men hjartelig godt, så ho får tårane i auga. Dei to andre bli halvveges skræmt, for dette var ein rar lått, av Åsel.

Og så forteler ho om gravøle, at det vil koste over 10 dalar, og om prestkjolen, som det skal vera tjukk silke i; kva kosta den karen, tru?' – Per lea på augebrunene: Mindre enn ein 10-dalar gjorde det no ikkje, når sant skulde seiast. Men så i hadde ho innbue! det vart ein tjuge dalar der, eller nær innpå.

«Beske-de!» ropa Åsel, ho var oppi låtten på nytt. «Da smøri æg te og kjøpi ny prestkraga ò. Så bli det spilder ny prest i kjerka, og så hi æg ingenting fått

Dei gjekk ned att, og Åsel kokte ein kaffedrope som var sætande.

Men dei måtte ikkje seie det med han far, det der om arven, bad ho; ikkje før han var god kar att. Og slett ikkje til nokon annan; for skamma var det verste av heile stasen. – Eg trur eg vil grava meg levandes ned i jorda, sa ho. Men ho såg ikkje ut til det. Ho var meir lettliva enn dei hadde set henne nokon gong før.

Da dei hadde gått, skjein det fram så bert for henne korles det stod i skrifta:

[254] «– og du skal finde det igjen længe derefter.»

Dagen etter kom drengen og bad for seg: ho måtte ikkje vera ful på han. – Tøv! sa ho. Han skulde ha mykjen takk, han, for alt han hadde hjelpt henne. Ho gav seg stunda og såg på han. Han var lang og grann, og hadde mjukt, brunt hår, som han kjemte ned i panna, det hadde ho aldri set før, og så slo han ned auga så fortenkt somtid. Han heitte Kristen Folden, og det var eit storkars-namn, tykte ho; og heil og rein var han i klæane, slik ho aldri hadde set ein dreng. Og slik var han all igjenom: ein måtte undrast på han.

Ho var pengetaus no, sa han. Han var reint sørgmodig i måle.

Åsel stod og vart lystig som i gårkveld: «Det vart ikkj ei øyr hell på mæg ikkj!» Ho såg ope på han, det gjorde så godt å få seie dette. Det var først da han hadde gått, at ho heitna til i kinne og beit seg i leppa, – for slikt stod ein ikkje og sa til ein frammand ein!

Om kvelden stod ho på sprange og skulde til Håberg og sjå om faren. Ho var meir rædd enn nokon av dei andre, at det var eitkvart ålvorlig i vegen med han. Det sat som ein klump i bringa, at det kunde vera den same tunge handa dei hadde vore ute for båe to, og han var det synd i, for han hadde aldri venta seg noko vondt. Men ho kom ikkje i veg. Ho hadde for mykje å sjå etter; og så måtte han [255] vel komma hit i gravøle. Ho visste ikkje at ho skjemtes for å gå til han.

III

Dei tenkte det same på Håberg, at Anders måtte no vel bli så lik han kom til gravøle. Det låg som ei tyngd og ei uro over dem all dagen, så på sisten var det ingen som torde nemne det. Men da det var berre ein dag att, tok Gjartru seg for og sa det med han. Han låg og snudde seg til veggen, slik han hadde gjort mest heile tida sea han vart dårlig, og det mumla i han, at frisk det var han, han hadde berre litt verking i eine auge. – Lat meg så ha fred! bad han. Det same sa han når dei kom med mat.

Utpå dagen sendte han bud på Per. Per gjekk både seint og stilt; det hadde slik, «hysj med seg» når ein vart bedt åt kammerse. Faren snudde seg fram til han, med bind for auga og rundt hovude.

«Æg vart ussel, æg,» sa han. «O-lek, malli o-lek ò.»

Per kremta berre til eit par gonger. Anders løfta handa og let henne falle tungt ned på senggavlen:

«Ja, no e æg blind, Per! – – Jau, æg e det du. Og bli det ò, ja, all min dag. Men du ska vetta det: Det e sjølgjort!» Så fortalte han korles han hadde bore seg åt, og korles det hadde gått. Det måtte vera det, trudde han, at [256] tjæra hadde vore for heit. For elles var tjæra det einaste som hjelpte for illt: «Ho e galant , Per.» Sea sa han at han vilde opp i morgo og vera med i likferda, å, kom ikkje og snakk tøv åt meg! han var ikkje kleinare, og dei kunde så gjerne få sjå han blind, likesnart først som sist. Men korles var det med ho Åsel? Vart det ingen ting henne, kanskje? Ettersom han ikkje hadde hørt noko ifrå henne?

Per flytta bort auga, liksom faren skulde sjå han gjenom binde: Nei det vart visst to smått og eit lite det, san. Det åt opp seg sjøl.

«Ja, mi tru om det.» Det var ikkje langt ifrå at Anders lo han heller. – – «Men eit skikkeli gravøl, veit æg?»

«Jøss ja da! På harde vise, det

«Æg våga dæg, æg, Åsel!

Æg våga dæg, æg. – – Hm–hm! Vala kann vara konsti, mang gong.»

Da Per skulde til å gå att, sa Anders:

«Vi sei det slik da, Per, at æg fekk kælk innpå auan. Hm?»

Dei samlast i kjøkene, dei søskena som heime var, og der fortalte Per korles det stod til. For han hadde fått kalk innpå auga, sa han. Gjartru gret, og Beret var heller ikkje fri det. Dei tykte dei var mo åleine i villmarka, no når faren ikkje hadde syna si lenger, han hadde komme reint bort for dem. Ola gjekk åt øystre-stua og tok fram spelle sitt; der sat han mykje godt [257] og spella, og laga ord attåt, og det gjorde han no òg. Han ønska han hørte ikkje til her i garen lenger. Per stod litt og blistra for seg sjøl, og så gjekk han ut. Utom døra sa han med seg sjøl, høgt og liksom til ein annan ein, slik han gjerne sa det som kom for han:

«Det bli som æ sei, ja. At det går dit det sjøl vil. Samma kor vi krafsa og klyv.»

Det var ein finvêrs-kveld, med orreleik og all slag song, – det var så mange slike kveldar i vår; bekken han tura og rann så ein hørte han alt hit; han var der, han gav seg ikkje. Per stod litt og vêra. Så grov han seg mark, tok angletrøa og sette av dit. Det gjorde han ofte, når verda vart tungvori å klyve over. Det var så rart med den første agneta ein hadde liggande og spralast i grase; rålukta av henne gjorde ein til smågut med ein gong, ein sprang berrføtt og var glad , kom ikkje i hug eingong at ein heitte Per.

Anders kjente òg kvelden. Han låg utom veggen så fin han kunde bli, han var skapt for Anders og låg der tålmodig og venta. Det var no den tingen. Det var verre med gravøle, for dit måtte han; han samla all sin hugs og hått om det, og da måtte tida til å larke og gå att.

Ja ha, dit skulde han. Han kom dit som ein høvding, kjørande på sin eigen veg, og folk såg etter han som dei hadde gjort, og undrast kva som feilte auga hans, – han såg det tålig vel for seg. Det var litt barnslig, kunde hende, [258] å komma slik til gars og ta romme sitt; men slik var ein no, slik hadde ein vore all sin dag. Og var det på sluten no, med den tida, så skulde dei få sjå ein som møtte fram og såg på dem for det om ein var blind; det skulde bli trøyheit å meistre dem som han hadde gjort, det var no først han skulde til å vera Anders. Vent no ur lite grande, så skulde dei få sjå ein blind ein som flytta kirka !

Slik sat han og hadde for seg ting etter ting, som i gamle dagar; han smålo til dem og hivde dem, og var straks borti noko nytt men av same slage. Men same kva han hadde i tankane, så låg det tyngste innunder, og det var slett ikkje at syna fór. Nei, det var dei orda han sa, da han la til med kuren sin: at vilde dei han vel no, så måtte dei hjelpe til !

Så trygt som han hadde tatt etter dei orda. No tversnudde han, først han hadde det for auga. Kaste brøde sitt på vatne slik skulde ein knapt gjera. Men, sa han med seg sjøl: Enno tvila han ikkje på at han skulde få det utgreidd og klårt for seg, på eitt eller anna vise. Han hadde fått ein skrell i hovude før, og komme seg att.

Pina i auga hadde elles vore som ei hjelp hittil. Ho let ikkje ein stakar ligge og tenke seg forderva; ho heldt ein på rette vegen. Ein hadde nok med å ligge.

– – – Da Gjartru kom til Pålsnese med sendingane om kvelden, fortalte ho til Åsel at faren hadde vorte blind. Åsel arbeidde, med ho [259] hørte på, mest som ho hadde hørt det før. Først da ho skulde til å gå att, vart Gjartru var at andlete hennar hadde steina og var fåande bleikt. Men just som Gjartru vil til å seie at det kanskje gjekk over att, seier Åsel for å trøste henne:

«Han far e det ikkj fali med; han tåli meir hell det der, han, ska du få sjå.»

Slik var det støtt, tykte Gjartru, at ho vart småveikja attmed Åsel. Ho var elles for lukkelig til å tenke lenger på det. Ho stod liksom og skulde flytte vekk ifrå denne verda.

– – – Anders kom kjørande som ein herremann til gravøle, og var enda med til kirka. Det hadde ryktast fort, at han var forderva på syna, og dei var utrulig nærsøkne åt han. Han drygde til dei var ved middagsborde; da først fortalte han at han hadde fått uleska kalk innpå auga, og hadde renska dem med tran som var for heit, han heldt just på og skulde koke skosmurning; han hadde brent forderva sjølve sjåen . He, sørgelig? Nei så gu! For det var sjølgjort. – Men han måtte no vel bli god att? var det ei kjerring som undrast. – Ja, trudde du eg skulde bli blind , du da? – Nei var det seg likt! – Ja, det er ikkje spøk å bli blind, sa ein. Når ein er så ung. – Å kors! det var den verste syndstraffa Vårherre la på ein, det. Ja, som no den, og den! dei kom i hug ikkje så få. Og i Juvik-slekta, der hadde visst vore nokre, der òg? – Men du veit, det her er no for seg det; når det er sjølgjort. Dei var mjuke som smør i måle.

[260] Anders hadde aldri havt dem så nær innpå seg før. Ikkje hadde han skikkelig set dem heller, før no. Slik såg dei ut, ja. Og slik var det dei såg på han. Tørre og fattige i andlete, og kalde som dørtrekken, – han var som ein nybåt for dem, det var bra det var ein feil å finne. Dei vilde i kast med han, dei hadde venta på det lenge .

«Æg e forresten blind fer levetia!» sa han; han sa det like sæl, og fomla og åt.

Det var ikkje sant lel? slikt måtte han ikkje seie ! og slik bortetter, borde rundt i ein song.

«Det e rett så ja. Men ingen ting å bli så glad fer det, veit æg, fer dokk? Og ingen ting å bli så lei fer heller; fer mæg. Det gjekk slik.»

Dei tagna så det var ein lyst. Men likevel angra han på det. Han skulde liksom vera for gammal til å legge vette sitt attåt dem her. Skulde tåle eit grand meir. Ein augeblink såg han det for seg, at det var ikkje han som hadde vore stor; det var dei som hadde vore småe. Da var der ein som la handa på aksla hans, og det tungt:

«Æg villa berreste sei dæg ein ting, Anders Håberg, og det val eg gjera no: at du fekk no unnagjort det du skuld, og meir te, førn du gjekk og sett deg i ro. Du hi gjort mykji . Læt mæg sei dæg det som det e te.»

Det var Kristian Lauvset, den gamle motmannen hans.

Anders smilte nedunder binde sitt, men det var ikkje åt det som sagt var. Det var berre [261] så nytt for han, at ein annan mann kunde komma og glede ein slik. Og da ei kjerring seier: Det er no for det beste alt saman, så smiler han til det òg:

«Æg hi alder tvila på det , ban!»

IV

Nei, Anders tvila ikkje pa det. Der var vel ei meining med allting, og kvifor skulde ho ikkje vera god? Han tykte han hadde sett litt i røra på det, mange gonger.

Men for det første fekk han anna enn seg sjøl å tenke på. Ulukka hadde leita seg fram til gars. Ho vilde ha si tid no, og henne nytta det ikkje å snu i døra.

Det var Gjartru det tok til med. Ho hadde eitkvart å fortele han; han syntes sjå det, og des lenger det vart før ho kom fram med det, des tyngre la det seg over han. Så ein dagen ho var uti kammerse hoss han med mat, spurte han beint ut: Korles var det med henne og lensmannen? Det var langt lettare å spøre no når ein hadde bind for auga. – Har ikkje set noko til han i det siste, svara ho. – Snakk sant, Gjartru! Åt meg. Gjartru kom i hug at han var både blind og hjelpelaus, og så fortalte ho korles det var. Det var slutt. Anders sat litt og let fingrane gå om-einannan. – Du fortalte han litt for mykje, da? – Gjorde vel det. – Men var han slik ein [262] snøstrøsk da? – Neida, neida. Nei, han sa berre at eg var ei tullhøne. – Ja? – Ja, og så sa han meg det, beint opp i auga, at han hadde ikkje vore likare sjøl; han hadde vore borti utrolig , sa han; han hadde vore med og levd , sa han. – Ser du der, du, ser du der, du: Ein beinkløyvd og bra kar, – det var det eg sa eg!

Det kom som eit rop imot han, det hørtes som ho heldt på og drukna, men så hjartans trassig, at kallen vart varm av det:

«Men æg vil ikkj ha 'n , høyri Dokk, Dokk må da vel forstå – – –!»

Ho gret visst, han tyktest sjå det.

«Kvinnfolk, kvinnfolk,» sukka han. «Dokk e rar

Men forstod henne gjorde han, igjenom all sin kropp. Tvi han busti, kor det baud henne imot!

Det var ikkje lenge etter, så kom dei og fortalte at Jens var sjuk. Nervefeberen var ute og fór, og han hadde alt tatt mange. – Trur no aldri han tek han Jens lel, sa Anders. For når han stod over småpokko, stod han vel over eitkvart anna òg; han var ikkje av så fint ty. – Nei, sa Beret, ho som fortalte han det, men det verste var at han hadde kjøpt Segelsund, og det til dubbel pris, det sa han Brede, og han visste det. – Ein 9-10000 da? – Ja, 10000. – Så har vel han Per gått god for han da? – Ja. Beret gjekk, og Anders mumla med seg sjøl: Kjem her snart meir enno?

[263] Det var elles ikkje så frægt med Beret heller. To slike fauker med tullskap hadde ho havt i vinter, og siste gongen var det hardt; Brede hadde full hyre med å halde henne. Anders venta tid for tid at no vart vel Brede borte ein dag og kom aldri att meir; men så gale gjekk det ikkje. I staden for det kom han og sa, at no gifta dei seg og flytta åt Grønsetvika, for der trudde han det skulde bli likare for henne. Brylloppe fekk dei vente med til Anders vart god auga att, og til Jens vart frisk. Anders vart glad for dette, men han sakna dem tungt da dei hadde fare. – Ulukka ét opp alt i hop for meg, sa han.

Han stavra inn til Per og Marja ein dagen. – Du tenker deg åt han Jens? sa han. Og det var no det; men denne her nervefeberen er ein klegg til søtt, ho smittar og sit med som vond lukt. – Ja, sa både Per og Marja. Dei hadde hørt det same, og det såg ut som der var noko i det. – Så du gar ikkje dit nei, sa han. For han har no denne gammalbingsa, ho Mærit, å røkte seg. – Det kjem for meg at eg får sjå dit lel. – Du let det vera! sa Marja. Anders sa ikkje meir; han sat og tørka sveitten og pusta tungt. – Eg får no kjenne, sa Per; og det visste Anders var jamgodt med at han gjekk. Og gjekk gjorde han.

Og det bar til som Anders hadde spådd seg det. Per var der natt etter natt og vaka, og Jens stod det over, og Per vart sjuk. Da Anders hørte det, sa han:

[264] «Æg vil ikkje spør eingong, om æg får bytt. Æg får det så ikkj lel. Dem får tak 'n ifrå mæg.»

Han flytta berre med seg stolen sin ut i Øysterstua, og der heldt han til attmed senga eitt å kalle, til det var slutt. – Per låg og snakka over seg i eitt vekk, liksom han hadde sagt så alt for lite før. Anders hørte ikkje på det, vilde ikkje høre eit ord av det, og ingen annan skulde høre det heller. Dei heldt seg elles bra unna av seg sjøl, ja kona med. Anders smilte når han såg kor livrædd ho var om ho kom i døra ein blink. Det var han og Per døgne rundt, og slik vilde han ha det. – Somtid snakka han litt med Per, det var berre kviskring, og gjernast dei same orda: Enn at det skulde bli eg som passa deg da, Per, og ikkje du meg. Kven skal passe meg da, trur du? Ja ja ja. Først let eg att auga hans far. No ventar dei seg dette her av meg.

Ingen kunde merke noko serlig sorg på Anders da Per vart førd. Han var med til kirkegaren, og heldt ut i gravøle til siste mann. Han var berre lite grand tunghørd av seg. Han hadde vorte slø, trudde dei, gjekk i barndommen; det var ikkje stort att av han. Han visste dei sa det; men det var noko dei hadde for seg. Og han stana opp litt og undrast: Sist det var gravøl, da hadde han dem tett innpå seg, dei anda opp i andlete på han, fingra bortpå han all stads. No var dei så langt, langt unna. Dei nemnte på å flytte kirka; dei var med han i det, og kva tenkte han? – Vi får vente, og tenke [265] oss om, sa han. «Gi dokk tia, bonn!» og det hørtes verkelig som han snakka til ein barneflokk.

Han gjekk som han leita, dagane etter, fór og vavra og stavra frå vegg til dør heile huse igjenom. Dei andre gjekk helst krok for han. – Så sette han seg i ro ein dagen. For Per han var borte, det var så med den tingen. Det var ikkje nokon som fekk vita meir om han. Ikkje eit ord meir å høre av han, nei.

Jens var alt frisk og i full fart att. No skulde han flytte til Segelsund og gå i veg for ålvor. Da kom skrellen. Han spella opp midt i flyttinga. Jens var slått til handelsmann, det var alle einige om. Han var ein open og drivande kar, så truhjarta at det kvitte innpå beine, syntes folk, fortalte både laust og liggande, jamvel det at han kunde snyte visst det stod om, og med han det gjorde, snytte han dem så fint at det kunde ikkje bedre gjerast. Varer rådde han seg på storvise, og borga dem bort så fort dei kom, han vilde ikkje vera skinnfellgniar. Folk kom og hjelpte han med å flytte, dei kjørte lass for lass austover, og mesteparten meinte ikkje å ta ein øre av han; det var trøyheit, og han var kvarmanns ven. – Anders hørte liksom omen av det, og etter kvart kom det han nærmare. Han tok til og levna opp, sistpå: I dag fer dei med siste lasse. Ein får ta seg på tak og stø han om det trengs. For anna enn skylda er det ikkje enno, og dyrt har han kjøpt, – det er [266] som eg skulde ha gjort det sjøl; men vent no lite grand, så skal du sjå.

Jens sa det same, han stod just og stengte bua i Vågen. Og så la han til: Farvel da, og takk for meg. No flyttar han Jens og eg; no byner vi på det nye live. Det var friskt sagt, tykte kammeratane som var der.

Men da dei er fram på Segelsund, kjem frua ut i lag med ein frammand ein. Mykje folk hadde samla seg; somme hjelpte til å flytte inn, og andre vilde berre sjå på. Det var no ikkje eit kvardagsarbeid at ein bondegut kom flyttande inn på sjølve Segelsund. – Men eg har sagt det lenge eg, sa ein, at det han Anders ikkje klara, det klara vel han Jens. – Dei hadde sagt det same, fleire. Frua er raudlett, trippar og er ikkje som ho pla vera. Ho bed Jens bli med inn. Folk ser etter dem, og så på kvarandre.

Det var det ho vilde seie, at korles var det med pengane og trygd for dem? For ho måtte ha dem no, ho skulde ut med pengar sjøl, og Per var død, og Håberg var det skyld og lån på før, hadde ho hørt, – kunde han skaffe halvparten no straks? så kunde ho vente med resten, det stod ho ved, men som sagt – som sagt – og her var det ein som baud henne 10 000 speci blankt på borde! Og Segelsund var ei vågelig drift, for ein – ein – ja, ein bonde da.

Jens såg på henne, rørte på leppene etter som ho snakka; så stod han der med ein liten glir:

[267] «Æ meint det, æ, at eit ord va eit ord og ein mann va ein mann?» Resten svelgde han.

Ja, gubevars! og dette her var vondt, men kor skulde ho henn? Og ikkje hadde han heller halde sitt ord, han hadde guhjelpemeg ikkje lagt fram det grand av pengar eller papir. «De må betænke !» sa ho.

«He! Enn æ da, som ha tenkt å spør frua om å lån mæ ein tusen dala hell så, – æ trong hand-peng no te både det og det.»

Ho kava ifrå seg med båe hendene og las opp ei lang lekse, og da ho var ferdig med det, sa Jens: «Amen!» og gjekk ut.

Dei andre to kjem etter, og no tek frammandkaren orde; han byd Jens 1000 dalar for varene og heile stasen, og 100 dalar attpå, for flytting og sjau!

Det var stilt i folkehopen. Der var mange opne munnar. Men dei skjønna og dei gissa, med dei stod der, og da Jens svara, var dei alt på rett kjøl: Han stod der som ein tremarksmann for gu og all grenda!

«Amen!» sa Jens, lo ein liten lått og såg seg rundt i fjøllden; – dei fekk vente til ein annan dag, så skulde han gjera opp med dem. Og takk for hjelpa skulde dei ha. Han gjekk inn att.

«Det der e no komlingjen det!» sa det etter han. Og sea var det i ein song, at så langt kom no han , og så langt kunde dei komma nokon kvar, og no vart det ikkje fyst å komma [268] heim til Håberg. Og no vart her visst regn, gudskjelov, og det var på høgan tid både for åker og eng.

Det var ei Guds lukke han slapp så lett, sa Anders, da Jens kom og fortalte det. Så stod da Håberg. – Håberg! bles Jens. Nei, no stryk eg min kos. Lukt til Amerika, om du har hørt snakk om det lande. – Det hadde Anders, og glad vart han ikkje; men guten måtte avstad, det var greit, og enno sat han lenge med garen sjøl.

Han vona så smått på at Ola skulde ta garen. Men han svara aldri på det. Og utpå sommaren, da Jens skulde fara, gjorde han seg i stand og reiste på lærarskolen. Anders måtte låne pengar åt dem båe, og han visste ingen annan å gå til enn søsterne deira. Men der var det ingen ting. Dei hadde alt lånt bort skillingane sine til Jens, liksom Ola hadde gjort, så han kunde range seg utor gjelden før han fór. Da skikka han bud til Juvika, til faster Åsel, og ho kom, så gammal ho var. Ho var den einaste som var god å høre på når ho snakka, tykte Anders; og pengane fekk han med første ord.

Anders bad gutane åt kammerse, avferdsdagen. Dei kom stigande seinføtt over dørstokken. – Jaså, dei skulde til å reise ifrå han no? Ja ja. Det var rett og bra, det. Det var så laga.

«Og dæg, Ola, får æg no sjå att, veit æg?»

Han kom no i alle fall att ja.

[269] «Ja sjå , ja, sei æg, he! Men du får lava så vel da. Og kund' du skava dæg fram te prest, så va det ikkj mæg imot. Ta dæg rom og sess milla storkaran du, gjer så! Det skuld vara fanken så løsti! Du hi no hue te det, du.»

Ola lea på seg: Hue hadde han ja, men ikkje halsen. Han var for stutt, til kragen. Anders lo, og bad han tøye på han. Og det lova Ola. Anders snudde seg til Jens:

«Du ska komma i haug ein ting, Jens: Tak ikkj fer langt frami. Det e som med jåen; legg du 'n fer langt frami, da bit 'n ikkj. Men det skuld ha vøri spell, gut, å vøri med dæg. At eit nytt land. Det bers mæg så rart fer: at det e slutt her i landi no.»

Dei sa farvel og fór, og Anders stabba inn åt kammerse sitt og sette seg att. No var det berre eitt som vanta: at dei tok ifrå han garen, så måtte han da vera til botns i det, trudde han. Men der vanta to ting enno. Den eine var, at lensmannen fór i prestgaren og fria, etter Jens slutta, og Gjartru heldt til på lofte og gret. Den andre, at Beret hadde vorte plukk tullut og måtte på tronka, ho var ikkje havande i hus.

V

Men dei tok ikkje garen frå Anders. Skylda var ikkje så stor; og sonekona kom knapt med nokon arving. Han sa det med Gjartru ein dagen: [270] Er ho gjeld, ho Marja, eller korles er det? Gjartru måtte le, og sa at det såg mest slik ut ja. Ja vel, Anders likte det slik. Han visste ikkje kva det kom av, men ho skulde ikkje vera mor for den nye Håberg-mannen.

Da Åsel kom flyttande heim, visste Anders at ho kom med noko godt. Han hadde vore på botnen no. Han var ikkje stellt til å ta imot ei god tidend, han hadde ingen smak for det lenger. Men det var noko som måtte til. Heretter var det å sitte still og late det komma av seg sjøl.

Ho fortalte at ho var forlova med drengen i Pålsnese, og for første gongen såg han henne glad. Ja, han såg det, andlete hennar hadde vorte nytt, det raudna so ungt og mjukt, og auga dei stod og blåna imot han og lova seg all verda, no blunka ho kringt med dem, kom visst med handa – det skulde ikkje stor stasen til før det gledde barnehjarte!

Det hadde komme på auksjonen ho heldt, for der drakk han seg full og vart liggande nedi vedskotte, og så fekk ho ein tålig ædru ein til å hjelpe seg og få han inn. Han var tung, så dei vann ikkje lenger med han enn inn i kammerse til henne og fekk han åt senga der. Dagen etter vilde han stela seg vekk uset, men han kom ikkje unna, ho stod just og laga seg morgobit. Han sette seg på gruvesteinen, og sat der og sa ikkje orde. Ho trua i han litt mat, og så gjekk han. Ho hadde aldri set ein mann angre seg slik før. Han tok oppetter veggen [271] med det samme han skulde gå, og braut ned ei hylle som var spikra opp, slo henne fast att med neven, såg hitover på ein slik at ein kunde tru han vilde gjera ei ulukke.

Dagen etter skulde ho flytte frå Pålsnese, og så vart ho liggande og fekk ikkje blund om natta. Det var ein urimelig ting, å flytte, ho kunde ikkje fortele korles det var. Ho måtte ta allting med seg, tykte ho. Ho stod opp og gjekk ut; og det var slik ein underlig kveld, mørkt og øde var det, og drypstilt i lufta, men frammed lande søya sjøen så evig tungt. Da gjekk ho på låven, dit han Kristen låg. Det kom for henne slik, at ho var den einaste juvikingen som var att, og ho gjorde som ho vilde. Og så vart det til det at ho fria sjøl. Han låg og heldt i handa hennar og klemte henne forderva, og så sa ho: Du skal da få meg, Kristen, med eit mindre enn slik. Ho vart der heilt til morgonen. – «Men på tru og lovna, som eit skikkeli menniskj!» sa ho.

Anders lo da ho sa det. «Gjern det fer mæg!» sa han.

Men Åsel heldt fram i sitt. Kristen, han var ikkje som ein annan gut. Han var eit godt menneske. Og etterpå fortalte han henne at han hadde pengar i banken og var kommen av godt folk; han hadde berre havt hugen til å sjå seg om i verda. Og dei skulde vel ta seg fram, sa ho. For ein god ting kjem ikkje åleine, han meir enn ein vond ein. Og ho såg tydelig at [272] Vårherre hadde styrt med dette. Såg ikkje Anders og det?

Nå, Anders såg så lite, no om dagen. Ho fekk sjå, ho som sjå kunde.

Ja, han skulde bli vâr det ein gong, at det var folk i Håberg-ætta òg. For han Kristen og ho, dei var slik dei, at dei vilde opp og fram. – Og så høg og vakker som han er! la ho til.

«Kvinnfolk, kvinnfolk!» smålo han, da ho hadde gått. «Men ho kan vara kor toskåt ho vara vil: Ho e no den einast tå dem all i hop da!»

Og no vilde han skille seg av med denne ungkona som gjekk her. Kom ho ikkje her ein dagen og sa at ho måtte i veg og tinge seg dreng! Vør ikkje det du, hadde han sagt, for det skulde han greine med. – Han? bles ho. Han hadde da vel nok med å sitte der han sat, han. No vilde han fortele henne kven som skulde ha garen her.

Han hadde ikkje før reist seg, så er ho der. Ho vilde vita, om Åsel òg skulde bli gåande her? – Ja, Marja, sa han, no får vi flytte åt kvart vårt kammers vi; eller skal vi flytte i hop? – Ja, vart han ikkje glad da! Og med det same: Var det ikkje likast dei skreiv ein kårseddel med all som først? – Du kjem vel på kåre tidsnok, sa Anders. – Ho? No måtte ho jamenn flire! Tenkte han å jaga henne her i frå, kanskje? – Det skulde no ikkje trengast. Ho skulde få vera all hans tid. Forresten: 100 dalar hadde han ikkje, men dem skulde han trolle fram på borde [273] til henne, den dagen ho reiste heim att. «Kyss mæ rett ein stan!» svara ho, og ut fór ho og slo døra etter seg så det skallra i huse. Det var denne hatske dumheita hennar som styrka han så vidunders. Inga sak med dem som er tå det slage.

Midt på natta stod han opp, tok på seg eit laken og famla seg ut i stua til henne, stod i døra i halvmørkre og var nykommen ifrå kirkegaren. Ho vakna, og sat i senga og pusta og fekk ikkje opp måle. Endelig spurte ho kven det var, – det peip berre i henne.

«Han Per, som du sjer!» svara det, han lo som ein dauing, tykte han sjøl.

Ho dåna utor; og Anders stal seg attende til kammerse.

Dage etter kom ho og sa at ho kunde flytte heim. Fekk ho så dei 100 dalane?

Dem skulde ho få, sant og visst, og så gjorde ho seg ferdig og reiste.

«Du veit,» sa han, «at kjem du med eit gutban, så e gårn hans. Men det trur vi ikkj, verken du hell æg».

Anders lo godt, da ho hadde fare sin veg. «Spøkjels va det sist æg dugd te, sa vi». Og så fekk ho ta hit denne gullbosten sin, sa han til Åsel, så han fekk sjå på han, eller kjenne på han, rettere å seie.

Om sundagen kom han, og Anders snakka att og fram med han og likte han godt.

Dei vart einige slik, at han skulde kjøpe Håberg. 1000 dalar skulde han gi, slik det stod, og [274] halvparten kunde stå i garen. – Og 100 dalar må eg ha straks, sa Anders. – Eg må heimom først, men eg skal vera her om 2 timar, svara Kristen. Da lo Anders høgt: Det var ikkje dumt å vera dumm på den måten!

Dette vart no brøde hennar da, sa Åsel.

Brøde?

«Ja du veit: Kast dit Brød på Vandet, og du skal finde det igjen lenge derefter».

Hm. Slik no. Det var sant. Han sat og rugga på hovude. Kaste brøde sitt på vatne var no hardt da. Det hadde han aldri prøvd; var ikkje skapt til det heller. Men dei var vise, dei som det gjorde. Og ei underlig makt måtte det vera i dem. «Forbanna, æg klara det ikkj!» sukka han. «Nei, gu bere, æg va ikkj tå di bonnom».

I blinda

I

[275] Det hadde gått i ein dur for Anders i det siste, og han takka for det. Det vart alltid stunder til å sitte. Likevel var det liksom han vilde skynde seg på sluten, få det unnagjort og komma seg i ro. Han vilde sjå på det som hadde hendt, han vilde ta for seg ulukka og allting og sjå det slik det var. Og no stilna det forunderlig. Allting så la det seg til ro omkring han. Han hørte solskine, kor det stod ute i lufta sommardagen lang. Han hørte vinden, kor han bles over take og over alle fjella. Han kunde sjå det òg, når han berre let att auga: åkeren la seg unna vinden, båra mørkgrønt og lysgrønt, mørkgrønt og lysgrønt; og no tok stormen i lauvkrona på bjørkene og rengte henne over hovude på dem, dei stod og stridde imot med kvite krokute legger, skjemdest så hjartelig, ønska dei sokk i jord. – Men elles skjedde her ikkje noko, syntes han, det var slutt og til endes med den ting; verda låg og let tida gå over seg, som vind over fjell.

[276] Og rundt omkring låg det i hop og haug, det han hadde bala med. – Der ligg det, og her sit eg, sa han. Det der, Anders, det forstår du ikkje. Du bli for stutt! Slikt var rart å seie seg sjøl bert opp i auga; han hadde aldri prøvd det før. – Nei, men det var herlige ting lel, kor han skar seg fram den tida børen bles. Som han sa, han Kristian Lauvset: Du har gjort ditt, Anders. Når han kom så langt, gav han seg gjerne til å gå att og fram over kammersgolve, og var det ingen inne, tok han seg ein sving åt stua med. – Men så skal du komma i hug det da, Anders, at dei venta seg mykje av deg. Og det største, det ventar dei seg no. For her skal du sitte, mann, og sitte så det spørs! Dei som føre deg var, dei kjørte på i same renne som du, men så sovna dei av og ifrå det. Og han far, han hadde deg; han kunde sjå opp , han. Du skal sitte og sjå ned , i svarte avgrunnen. Ja.

Ja folke, sa han, og han sette seg og tørka sveitten av skallen. Heile tida så trudde eg dei såg opp på meg, at dei var reint blanke i auga. Jau, sei da det! No ser eg åsyna på dem; og det kan vera tids nok. For det var utrulig kor det bar deg opp, Anders, du gjer ikkje å nekte for det. – Og korles er det den dag i dag, tru? Var det ikkje for dem, så stomla du vel i veg og fann deg ein taugstubb og ein ås-ende. No får du heller sitte i mak her.

Dei hørte han snakka med seg sjøl ofte, og dei tykte det var triveligare enn når han tagde. [277] Det er så si sak å ha ein blind ein sittande åleine i kammerse og ikkje gi lyd ifrå seg. Dei kunde sjå opp på einannan, Åsel og Gjartru, berre som snarast, og utan dei sa noko; på annan måte snakkast dei ikkje ved om han.

Men somtid sat han still på senggavlen og luta seg framover. Det var når han såg på det meste.

Den han såg oftast og klårast, var Per. Slik kom han, og slik gjekk han; og slik var det å vera han . Som den gongen han fór avstad og gifta seg; no først såg Anders det: Per hørte faren hadde vore der og snakka frampå om gifting, det var ein lovna, og slik ein lovna han la seg for og brente Per, – folk skulde ikkje gå og vente seg det dei ikkje fekk. Og det at han ikkje vilde bli lensmann: når ein såg han innvendig frå, så var det umulig. Slik såg verda ut for Per. Som for Anders no. Slik er ho vel, når ein ikkje har farten i seg, – den hadde Anders brukt opp. Anders kunde stønne høgt, somtid, det hendte han knytte nevane:

«Det va gæli at du tok 'n ifrå mæg! Gæli snudd og rangt velta!»

Men han ropte berre ut i tomromme og meiningsløysa. Han lya, til hjarte vilde stogge i han. Nei, der fanns ikkje atterlyd. Fanns ikkje den som hørte, – som svara skulde.

Slik såg han dem for seg, ein for ein. Kristian Lauvset humra opp i det blinde andlete på han og roste han; for no var han nedfor og tukta; [278] heile bygda gjorde slikt slag. Men dei var så langt unna; for kvar dagen som gjekk, vart det lenger til dem, dei kunde ikkje få spytta på han ein gong. Å, det var vondt å sjå så vel! Verda var ikkje til det bruk.

Så kunde han vakne opp og sende det ifrå seg. For slik skulde ein vel ikkje sitte og saumfara både seg sjøl og andre. Det kom for han, at verda gjorde nar av han for det: Haugane sat på hendene sine og grunda, berge låg med handa under kjaken og grunda, myra låg på rygg og såg til himmels, ho lest som ho grunda ho med. Anders spytta og smått lo: Eg ser dykk mest! Her var mangt rart i verda ja, og han var ein med.

Hausten kom seglande, og etter han vinteren. Dei såg inn til Anders, med det same dei var ute og fór, dei undrast kva han hadde vorte utsett for. Han kjente att dem, dagane, dei hadde vore her før, men den gongen var det ein annan tone i dem. Vêre heldt han greie på, slik han aldri hadde gjort det før; det hadde ikkje vore hans sak. No tuta han frå vest eit tak; rettno sprang han til nords, så fekk dei snø; i natt er han ute og gjer skade. Jøss, no gjorde sola seg blid for folk, Vårherre han veit kva som vermte henne, snøen lysna til og lo som ein truhjarta unge, granskogen yngdest opp og gjorde seg så grøn, så grøn.

Presten kom til han ein dagen. Det hadde komme slikt ålvor over presten i det siste, han [279] hadde vorte ein prekar som var å gå i veg med, sa folk; og det gjorde godt, sa dei. Kirkestua vart til den likaste kirka.

Kva eg sit og tenker på? sa Anders. Eg sit og ser. På deg og på meg og kva som for auga kjem.

Det kom no mest an på at ein såg det ene fornødne .

Kva var det no for ein ting?

«Vi har en sjæl, Anders.»

«Ja, fortel ikkj mæg om det!»

«Og hvor kommer den efter døden, tror du?»

«Veit æg det!» Sjæla, det var hamen av ein daud ein, og slik ein hadde han set, fortalte han; den gongen farfaren døde, stod det tydelig ein nedmed fotenden av senga. Ein tå gammalkarane, ventelig.

«Indbildning!» sa presten. «Overtro.» «Ja, helst det.» Men hadde presten set kva der stod i skrifta, at Abraham blev samlet til sine fædre ?

Presten stod rådlaus ei stund, halvt på vegen til å le; men så drogst han inn i ålvore att. Han preka så det bevra han om munnen, og folke i huse stana for og lya på. Anders tok i hop hendene og gjorde det same.

«Jau, det e vakkert det der,» sa han, da presten pusta på litt. «Du e på rettan veig no. Og bra e det. Folk trøng malli tå di slagji.» Han rista på hovude, smått og seinvore, og sukka. Folk var blinde, sa han. Såg ikkje handa framfor [280] seg. Det var berre han som såg. Så det var bra dei trudde litegrand; dei kunde ikkje leva det forutan. – Eg trudde ikkje så lite eg heller, den tida eg var med og levde; eg var ein heil kar til å tru.

Men trudde han ikkje no lenger da?

Nei. Kva skulde han tru for slag?

Trudde han ikkje på Gud heller, kanskje?

Nei. For han fanns ikkje til. Berre svarte tomromme, kor ein såg. «Du kann tru mæg på det, prest! Men det e sant ja: at det va råskat kor han stødd mæg, den tia æg ha'n i bakhanda. Men æg ha gjort 'n sjøl. Æg sjer det så tydeli, no. Å, æg sjer mangt!»

«Men end den skabningen som lå under sengen din da, husker du den?»

«Sladder og vas!» Anders gjorde seg låg i måle: Han hadde skrive ein kors med raudkrit under seng-tele, og den rømte han for! Så kunde ein vel rekne ut det var ingenting. Han fanns ikkje, han heller. Her fór eitkvart og luska i huse, nattens tider, han hørte vel det. Men det var berre tankane som fór og vasa og rak. Verda var tom.

Han løfta i måle att: «Men det e ikkj kvarmanns sak å setti slik og sjå det i ausyna – be Gu bevar dæg, prest!»

«At det skulde ende sådan med dig, Anders!»

«Du kann sei det. Men kvenn annan skuld det bli, må æg spør? – – – Æg hi vorti skrapa på sjæla!»

[281] Presten sukka, og spurte om han fekk lesa opp eit gudsord for han.

Hasta ikkje, hasta ikkje! Det var så godt å få snakke med eit menneske. Ikkje for det, gudsorde var vakkert, det, når ein las det på rette måten; og han vilde gjerne borna skulde tru på det. Ho Åsel, ho var ikkje for katten, slik. Det var som ei framtid i henne. Men folk var blinde, som sagt. - Herre min vêrdag, kor blind eg var, den tida eg var ute og fór. Det var det som gjorde meg så ubergelig sterk. Er du full, så kjem du fram, om vegen er nokolite krunglut. He! slik hast som det sat i meg, sprang både gar og grind – har du prøvd og ri fort nokon gong? Du berre jagar på og jagar på, til hesten flyg med deg, men farten gjer deg vill og gælen, du let att auga og rasar fram, du synes du kjem ikkje utor den tverre flekk, – det er live det! Ja, men sjå, det forstår de ikkje, nokon tå dykk nei. Heile tida så skulde eg lenger fram og lenger fram. Det var hit eg skulde. Det var hit vi skulde, eg og folke mitt. Heretter bli det på ny karvastokk.

Anders venta, om presten visste noko å seie: men han tagde, og Anders la i veg att.

No såg han ja, sukka han ned i hendene sine. Og no kunde han aldri komma seg i veg og gjera noko meir. – Han Per, sonen min, han var av dem som såg, stakars kroken. Eg har elles gjort mitt, eg vilde ikkje av med det. «Alles Øine vogte pa dig,» har presten lese det [282] orde? Og eg tykte eg hadde dem på meg støtt, jagu tykte eg det. Slekta, skjønnar du, som sat i meg. Vårherre, som sagt, han har rømt sin veg. Men eg hørte han lo til meg, den julkvelden du veit, da eg sprang over fjella og heim, – nei, det var i den andre presten si tid. Det har eg tenkt på, i det siste her. Det måtte vera mannen sjøl, han som rår i kring oss; kva du så vil kalle han og ikkje. – – For eg hadde så halvvore tatt live tå eit menneske, den gongen. Presten har visst hørt nemne ho Solvi? Ikkje det no. For resten, eg hadde berre gjort som slekta sette meg til, eg, og jaga henne dit ho kom ifrå; eg var no ikkje ansles den tida.

Anders sveitta, der han sat; og måle var lågt og song, liksom det var opptint, ein ny og linn klang:

Ho var tå finn, stakar; det var det; kunde ikkje vera her, ho. Og så kom steinskreia ramlande ned i båten til henne. Og eg, eg kunde aldri få til om eg var ein mordar eller eit menneske, eg kjenner det enno kor det bit og slit. Da lo han åt meg, eg hører det enno. Ja, eg veit ikkje: Kanskje så er det noførst eg hører det; det er gjerne det. Den gongen hørte eg vel mindre enn så.

«Det er Gud, som kalder på dig, Anders!» sa presten varmt.

«Men æg mått no vel gjera som eg gjord lel – æg mått ha handbog-rom! Ja.»

«Ja, men – –»

[283] «Tøv!» sa Anders og gjorde med handa. Nei, han Per, han såg det rette, han; det var forunderlig med den guten. – Det gå dit det vil , sa han. Han døde visst i høvelig tid, likevel. Korles skulde han ha komme seg framgjenom verda og heile rote, han som var slik? Kunde aldri ha fått nokon fart i seg; ætta var ikkje godfor meir. For det går dit det vil, no veit du det.

«Ja, hvorledes kan du være så fast overtydet om det, når du endog fornegter Gud?»

«Fornekta? Det e vel han som fornekta mæg da, heller! Men nok om den tingjen. Det e så langt i milla oss.»

«Men hvorfor sendte skjæbnen dig dette da, Anders?»

«Ja sjå, det visst du ikkj. Der vart du fer støtt, ban! Men her sitt æg. Og snaut og tomt i kringom mæg ja. Ein kund bli te is.»

«Bed om – – bed om tålmodighed!» Presten var bleik og kløkt; han vilde ha sagt eitkvart som hjelpte.

«Trøngs ikkj, ban. Æg e tålmodi, æg. – – Men Vårherre, du kalla, kan no ikkj ha lika mæg så kleint lik-vel. Det e no mi tru.»

Anders lo godt, og presten rista på hovude.

[284] Slik sat Anders i blinda og såg, årstid for årstid og år for år. Han såg attende, der ætta låg som eit levande reip, med mange tåttar i. Inst inne var der ein mergtått; han var hard og han var blank. No hadde dei skrapa heilt innpå han. Han såg i kring seg, der allting gjekk styrlaust og på snei; der folk stavra i blinda og skulde frametter, – ingen viste kor han skulde henn. Ein må alltid vera mange, når ein skal tru; og dei var mange. Men det dei trudde, var berre ei skodd å gå i; eller som ein sengvarme å yngle i. Der var ikkje noko som saug i dem og tok dem med seg; og ikkje kunde dei kaste brøde sitt på vatne heller, og vente. Han såg fram og ned i djupe, der slekta søkk og bli borte, og der andre slekter skyt opp og tek til på nytt. Han trudde han kom dit ein dag, at han smilte til det, som mannen til barne.

Petter kom heim til bygda att, og ein dagen leita han inn til Anders. Dei sat og snakkast ved om mange ting. Anders hørte skarven og armoda i han som før, og han såg for seg, at slik kunde ein òg ha vorte. Men så vart ein annan det.

Anders heldt det for at Åsel var ein nyrenning, og derfor vilde han sitte og sjå kva veg det bar. Ho var sterk og modig, for ho var blind nok, og trudde nok. Ho var så dum og [285] god ho kunde bli. Kanskje så vart ho mora til eitkvart nytt. Ho kom til å bitast med live så det skjein av det. Men slekta var dømt og vilde under tørva.

For ættene gjekk sin gang liksom båra, skulde til stranda og mala seg sund.

Amen! sa han, og det tykte han var som ei vaksenmanns-gudsfrykt.


Holder of rights
ELTeC conversion

Citation Suggestion for this Object
TextGrid Repository (2023). Norwegian ELTeC Novel Corpus (ELTeC-nor). I blinda ELTeC-utgaven. I blinda ELTeC-utgaven. European Literary Text Collection (ELTeC). ELTeC conversion. https://hdl.handle.net/21.T11991/0000-001D-3F8C-E