Sauene skvatt opp og la i veg saa sanden gauv, for det kom ein paa hjul etter dem, dei sprang for live, men det nytta ikkje - nytta ikkje aa vera sau naar slik ein ullsnau skarv hadde faatt hjul under seg, heile flokken hivde seg av vegen og inn i skogen, for no tok han dem! Han paa sykkelen susa framom som ein vind, det knittra og brann under hjula, og dei saag etter han og skjønna ikkje det grand.

Da han kom fram til den litle bekken nedfor doktergaren, hoppa han av sykkelen og bles seg opp etter kjøringa; han tok av seg huva og puska til haare litt, tørka seg over panna og halsen og saag paa klokka; ho var ikkje seks enda; saa sette han fraa seg maskinen og vilde ned i bekken og drikke, men vart staaande og lye.

Det nys oppi dokterhagen, tre gonger paa rad. - Der har vi 'n værfar, seier han og smiler. Jasaa, han har faatt det med det i dag. Ut gjenom hagegrinda kjem det ein lang tør mann med stav; attom han kjem ei dame, ei stor og brei ei, ho held ut skjørte til baae sidor, liksom ho vil verne han fraa den kanten. Det er gamledokteren og frua.

[6]

Best han gaar, stanar han tvert og staar og krøker seg og ventar, - saa set han i med eit ulukkelig læte: Bæ-æh! skrik han, og ankar seg etterpaa. Set slikt da! seier han, reint opp i under, og ser paa kona. Han gaar nokre føtt att, blindt og paa snei, og saa er det same læte att, og same undringa. Ho gjekk etter og lo. Ho maatte huke seg i hop og ta seg paa knea, saa løglig var det.

Han faar sjaa syklisten, og rettar seg opp og snakkar attover aksla til kona: Der har vi denne læraren att, denne Mørk. Digre Mørkskodda, mor, - fanken er det han fer her etter, he? Det er da berre Sara heime? Han seier det høgt, saa han som kjem leiande med sykkelen maa høre kvart orde. - Godkveld, hr. skolemester. Saa, De er ute og er hjulbeint. Skjønna mest her var noko i lufta, eg naus saa vondt i sta; eg har ein fin nase. Men kor skal De henn i kveld da?

- Til det lande som flyter med melk og honning, var meininga.

- Ingen bespottelser, hr. Mørk! Frua gjer seg alvorsam og truar til han.

- Ja, er det meg De gaar etter, saa faar De seie meg det her, vi skal til prestegaren vi, og er forsinka. Er De sjuk, he?

- Ja, den som kunde faa vera med og kikke i prestesekken, san. Hels fraa meg òg! Mørk tek alt til huva og vil avstad.

[7]

Frua ser langt paa han, og truar med fingeren att.

- De er meg ein god ein, De - De visste nok - - -. "Prestesekken!" tek ho oppatt da dei er for seg sjøl, - hahaha! Aa, det er ein vittig hund!

- Hm. Ja, siste orde er eg med paa. Hund...

Den tunne mannen stryk seg ivrig over skjegge og skyt brunene opp. - Eg er no berre bonde eg òg, det er ikkje for det. He? Gu er eg saa ja, eg har aldri gjort meg til av noko anna. Men det er det eg meiner, at no har vi berre Sara att, ikkje sant? - og da bli ho tidsnok gift, om ho ikkje renner i veg og tek han der. Denne bygdeskolemesteren. Men du er no reint forgjort etter han, du; du som læst skal vera av bedre folk. Tvi! han stubba i veg med smaa sinte steg.

Frua saag seg attende, nett med det same Mørk svinga inn i hagen. - Saa høg og djerv han er, mumla ho. For nokre rare auga det er i han. - Jaumenn kan eg forstaa Sara lel.

- - - - Harald Mørk gjekk beint gjenom hagestua, banka ein totre harde slag paa døra til stua innfor, og steig inn.

Sara reiste seg borte ved borde, ho smilte baade lurt og lukkelig, og tok handa hans.

- Visste du kom, ser du. Men der gjekk du deg vakkert i fella. Dei vart saa hefta før dei kom i veg, far vart aldri ferdig i dag; han [8] skjønna godt kor du skulde. Til pass til deg! lo ho. Det har du godt av!

Han stod og heldt handa hennar, kneip att auga og saag paa henne. Ho vart oppraad, hengte seg kring halsen paa han og gjømte andlete, saa han saag berre den lyse haarknuten og den lange fine halsen nedover. Han retta seg opp i full høgd, saag ut gjenom vindauge og smilte tankefattig. Ho kikka opp paa han, med store blaagraa auga; andlete hennar var litt freknut, men hadde ein fin lysrød let i kinna og var snøkvitt over panna og halsen, det var smalt og nervøst, og smaa trekkningar kunde fara over det som skuggar; men det var sterkt likevel, og vakkert.

- Kvifor er du saa still av deg, Harald? Du?

- Still? Veit ikkje eg.

Han la handa kring ryggen paa henne og gjekk og sette seg. Ho sette seg ved sida av han, sat og leika med handa hans.

- Nei, eg veit ikkje. Det kom berre for meg, at det var rart du ikkje gav meg ein kyss da eg kom. Det skulde eg ha havt, tykte eg. Og - det hadde liksom vore som eit - som eit godt merke.

Ho drog litt paa brunene, men snudde seg rolig imot han og smilte, tøyde seg bort til han, stakk eine handa inn i den digre, brune haarluggen hans og heldt munnskjegge unna med den andre, gjorde munnen spiss, og kyste han [9] fort og lett. Saa maatte ho gi panna ein liten ein, for ho var saa kvit og fin i det brune andlete; ho maatte bortpaa auga òg, for dei var saa lange og smale og det lyste saa sterkt blaatt fraa dem.

- Enn no da? Er det ikkje bra no?

- Ja takk. Du er lydig og dydig, feilar ikkje det. No var det ein sigar om aa gjera.

Da ho kom med den, tok han heile gjenta, løfta henne opp og dansa med henne. Ho smaaskjente paa han, for ei av tausene kunde komma inn kva stund det skulde vera; ho vart baade rød og sint paa slutten, ho syntes han fekk venne seg til aa vera folk.

Folk? nei. Det var det verste han skulde vera. Ho var no vel forresten hans? Elles kunde han godt sleppe henne, visst ho vilde vera med ut og ro i kveld; den turen ho hadde lovt han saa lenge.

Ja, ho visste ikkje. Det var det, at ingen av tausene hadde tid til aa bli med.

- Nei, hør meg no her: enten ror vi toeina, eller saa let vi det vera.

Ho gav etter. Dei rusta seg med kjel og matkorg og drog avstad.

Det var ein blyblank junikveld. Fjorden sov bortunder sørlande, og ytterst ute rann strendene bort i ein hildrande blaane, der sjøen vart himmel og himmelen vart sjø. Men inne i botnen spegla fjelle seg med svart isblank skugge i stilla.

Dei skulde over til Barøya paa sørsida, og [10] Sara vilde ro da dei var midfjords. Harald la seg baki skotten og saag paa henne. Ho vart saa lita naar ho kom frami aarane, saa hjelpelaus grann og fin. Og saa gudnaadslig som ho kava og hakka; og av og til kom tungetippen fram, naar ho skulde gjera rigtig eit fint tak. Blaagraa var auga hennar og blaagraa var kjolen; og all kvelden omkring dem var blaagraa.

- Du faar ikkje sjaa slik paa meg naar eg ror, eg vil berre lære, skjønnar du. Om ei stund spurte ho kva han tenkte paa.

- Paa deg. Han let auga kvile paa henne, og opna dem litt meir enn vanlig. - Paa deg ja. Eg tenker paa at dette er du, og dette er eg. Eg, beint ut sagt, folkeskolemesteren, som far din seier, vordende kirkeklokker og tingmanns-emne. Kor i gudsnamn høver det til at eg er her? her i lag med deg? Høres ikkje det bra djuptenkt ut? Det er visst òg det første eg har tenkt, paa eiga hand. - Det er det, ser du, som er ulukka mi, same kor eg ror, at eg er verken bonde eller noko anna. Far min, han var bonde han, om han var klokkar aldri saa mykje, han var ikkje aa rugge; ja, han er slik den dag i dag. Eg er ein rakkelhane. Som ein agent aa rekne for.

Sara la inn aarane, knepte handa kring knee og saag smilande paa han.

- Rettno har vi vore forlova eit halvt aar. Angrar du paa det? For det om far ikkje kom til aa like det med det same, kanskje? Pytt san! [11] Du skal faa sjaa han kjem etter. Og du veit: du arbeider deg fram, du. Trur du ikkje eg er viss paa det da, at du kjem til aa sitte i det høie raad, som far seier. Eller du spelar deg fram, med fela. Fram kjem du alltid. - Forresten er no det det same, for meg; eg kan ikkje leva deg forutan eg, Harald. Det har eg sagt til mor òg; har kjent det heile tida mest, sea den gongen du veit.

- Naar da?

- Uff! - den gongen da - da eg kom skriande beint i arm ane paa deg nedi Brækka.

- Aa den gongen eg tok og kyste deg! Ja, den gongen fekk eg meg ein som det var mon i.

Ho tok auga fraa han, treiv aarane og bynte aa snu baaten rette vegen att.

Dei kom endelig til lands, gjorde fast baaten og gjekk oppover vollen. Stranda var brei og flat her, fin grasvoll som sauene hadde snauklipt. Barskogen stod høg og tett ovanfor; bakom var det brune lynghaugane, som kveldsola skjein paa. Det var dit dei vilde.

Sara tok til aa snakke, da dei gjekk oppgjenom skogen, snart om det eine og snart om det andre. Slik klemmer ho paa støtt naar vi gaar i skogen, tenkte Harald og smilte.

- Veit du at han Petter Engdalsvika har teke live av seg? spurte ho.

- Kva du forteler? Han Petter?

Han snudde seg imot henne, auga var eingrand [12] attletne som elles; han braut av ein kvist som var i vegen, utan aa sjaa bort ifraa henne.

- Jada, dei har funne han oppi skogen, der søstra, ho Lavina, vart funni. Han hadde hengt seg, liksom ho, i same grana enda. Kan du forstaa slikt? Han som var saa bra ein mann. - Men kva er det med deg, Harald?

- Med meg? Langt ifraa!

- Eg syntes du vart saa bleik. Du bli bleikare og bleikare, kva er det da, Harald? Du er reint stiv i andlete. Kvifor bryd du deg saa mykje om denne mannen da? Det ligg da i slegta hans, dette.

Dei sette seg i lyngbakken. Sola hadde glødd igjenom skylage no og synte heile andlete; ho laag tett over fjellaksla og skjein rødt hitover, og dei sat og saag henne inn i aasyna. Sara famla seg fram til handa hans og flytta seg litt nærmare.

- Du, kvifor er du saa still? Sei meg: er det for det at Petter var far til Petra? Kan du ikkje svara meg paa det, Harald! Jau, eg ser det paa deg, du sit og tenker paa henne no. Der har vore noko imillom deg og henne!

- Ja, det har eg da sagt deg før.

- Ja-a, saan litt ja, det bryd eg meg ikkje om, - enda eg gret mang ei stund for det, i førstninga. Men det er slutt no, ikkje sant? Du bryd deg ikkje meir om henne no?

- Det er slutt for lenge sea. Om det saa [13] er mitt siste ord! Han saag alvorsam paa henne. - Men kva dag var det han - -?

- Det var visst i gaar.

Ho sat ei stund og reiv opp mose og kasta nedetter. Saa tok ho til og lo:

- No kan ho vel ikkje sitte og broddere lenger! Ho seier broddere, har du hørt det? - Du, eg har vore innom hoss henne fleire gonger, eg, her i vaar og somar, naar eg kom fraa Skarsvaagen, fraa handelsmannen; berre for di skyld. Det kom saa for meg, at - ja, eg veit ikkje men - - eg tykte synd i henne, for der har vore noko dykk imillom. Men ho er ikkje det grand sint paa meg! - Ein dagen fortalte ho at det var kontorsting ho broderte. Men Harald da, kvifor ser du slik paa meg? Eg meiner da ikkje aa seie det minste vondt om henne. Harald!

Han tek henne hardt inn til seg, bøyer hovude hennar bakover og ser henne stivt inn i auga, til det byner aa rykke i andletsdraga paa henne.

- Er du glad i meg, Sara?

- Det veit du eg er.

- Er du det da? Innst inne? Vil du bli mi da? Mi? Du har aldri vore det enno, Sara, vil du det? Han gjømmer andlete ved barmen hennar, sit med henne paa fange og voggar. - Kvifor svarar du meg ikkje? Seinare ja! Ja ja ja, Sara. Men det er berre fordi du er glad i meg, det? Det er som ein kjær plikt berre.

[14]

Han sat slik til det bar i graaten med Sara. Da trøsta han henne som eit barn, reiste henne opp og kyste henne lystig, og tok til aa gjera opp varme. Han var svært lettliva med han heldt paa med dette, fann paa baade eitt og anna som var løglig, han kunde vera baade kjerring den og kjerring den, og dei lo som ungar da dei drakk kaffeen.

Men ikkje lenge etter var dei paa heimvegen.

Han strauk henne mjukt over haare da dei skildest, kom att og klappa henne paa kinne.

Ho stod og studde seg til hagestolpen og saag etter han.

Sykkelhjule skar i sandvegen med ein mjuk, vaat lyd. Det var midnatt, og lufta var frisk av dogg; det perla i grase, og han kjørte gjenom blomelukt og sjølukt om einannan.

Heile vegen nedover vollen kjente Harald at Sara stod oppi hagen og saag etter han; men han gjorde seg sterk og trødde paa berre saa smaatt, saag seg ikkje attende ein einaste gong. - Men staa ikkje der og sjaa slik etter meg da, gjente, sa han; du staar da som du skulde vera dømt til døden.

Da han kom inni skogen, tok han ikkje vegen som førte heim, det sa seg liksom sjøl at han kjørte beint fram, han sette fart paa og var snart [15] frampaa Engdals-gjorde. Heilt ned til Vika kjørte han, hoppa av ute i garen og vart staaande.

Kor like stod var ikkje godt aa vita, men ventelig var det paa laaven. Kor Petra laag visste han ikkje heller, no; brørne hennar, dei to gutungane, hadde lege paa stuelofte før, og ho hadde havt kjøkenlofte. No var her gjerne einkvar framand i huse. Det var ikkje verdt aa gaa inn.

Han kasta ein neve sand paa kjøkenlofts-glase, som han hadde gjort før somtid, og venta.

Ja slik hadde han staatt her og venta før, staatt og venta og vore saa viss i si sak. No maatte han ha eitkvart aa stø seg til, han var saa mjo i knea, og hjarte var urolig; i kveld vart det ikkje det same enten ho opna eller ei.

Andlete hennar var i vindauge som snarast, men det kom ikkje att. Han fraus etter kjøringa og kunde ikkje staa still. Han gjekk inn. Døra hennar var læst. Han la munnen innaat dørgaatta og tagg om aa faa sleppe inn; han tagg og han trua, til han merka at døra gav etter.

Petra sat i senga. Ho sat og saag forundra paa han, med hendene slakt framfor seg paa teppene. Harald gjekk fram og sette seg stilt paa senggavlen hoss henne; han tok den eine handa hennar, men sat lenge og sa ikkje noko.

- Ja ja, Petra, sa han endelig. - No kjem eg til deg. Petra, no kjem eg til deg, hører du.

Ho saag fram paa golve og hørte visst ikkje kva han sa.

[16]

- Ja, men hør no her: Det maa bli du og eg, Petra, finns ikkje raad for anna! Hm? Seier du ingenting du da? Kvifor svarar du ikkje? - Ja eg kjem ifraa ho Sara, beinast hit, men det skulde du ikkje vera rædd. Du ser vel eg maatte da. At det er alvor. Du har aldri vore sint paa meg for det, Petra, at det bar dit med meg.

- Nei.

Ho saag rolig opp paa han og smilte. Ho la handa si oppaa hans, og strauk lint over henne. Ho hadde store, gode hender, som vermte saa venlig.

- Eg kjente det straks, eg, at du kom fraa henne, kjente lukta av henne i klædane dine; det er saa fin ein daam; det har sete att etter henne i stua naar ho har vore her. Slik er ho sjøl òg ...

- Ja, til helvet med henne! Eg har sagt farvel med henne. I kveld. Heretter - er det berre du og eg.

Ho sit ei stund og ser tomt framfor seg, snart fram paa golve, snart paa teppene. Da snur ho seg ifraa han, kryp ned under teppene og svarar han ikkje meir. Langt om lenge kjem det:

- Er det - for det som har hendt - - at du kjem hit no?

Han visste ikkje kva han skulde svara. Orda vart saa tørre i munnen paa han, dei var ikkje noko aa bruke. Handa hennar laag liksom ho [17] var død inni hans, og han sat still og klemte henne og venta.

- Eg kom berre til aa kjenne det, at det var vi to, du og eg, som - -

Enno ei stund laag ho og tagde, saa slakk som det ikkje fanns livsvon i henne meir. Saa bad ho han gaa.

- Gaa? Nei, Petra, eg gaar ikkje. Aldri; det skal du vera fri. Du har vore mi gjente, du, men det har ikkje Sara. - Ja ja, gaa kan eg alltid, denne gongen; men eg kjem att. Han reiste seg. - Vil du ikkje seie godnatt til meg heller da? Men lite grand glad i meg er du no vel, hm?

- Lat meg vera i fred. Det er saa umulig, allting. Kan gjerne fortele deg det med det same: Eg har havt like mykje med andre som med deg.

- Pyh!

Han stod og smilte til tullsnakke hennar. Saa strauk han henne over haare, det var saa mjukt, saa skyldlaust, og hadde slik sjeldsynt brungraa let; han bøyde seg og kyste henne paa kinne, og gjekk.

- Eg kjem att i morgokveld.

- Nei, Harald; ikkje gjera det.

Han drog seg til minnes orda hennar, da han kom ut. Det var visst ikkje stor mon i aa komma att. Han tok sykkelen, men glømte aa sette seg paa han.

[18]

Da han er oppi Engdals-tune, snakkar det til han:

- Kva fanken, er det du?

Midt i laavedøra staar Ola Engdalen og flirer, med hendene innom bukselinninga. Harald svingar opp til han, og dei set seg paa laavebrua.

Ola var eldste sonen der i garen, paa same alder som Harald, og dei hadde vore gode bussar baade paa skolen og seinare utgjenom aara. Det var slik Harald hadde vorte kjent med Petra, etter han kom att fraa lærarskulen og fekk posten her.

- Ja ha ja, sa Ola. - Eg ser det der. Men dei fortalte da du var hoss dokteren i natt? Eg var ute og sleiva eg òg, paa dei kantane; men ikkje hoss dokteren, eg var ikkje saa daarlig. Dei fortalte enda du var ute og rodde? - har du "seilet din skude paa grund?"

- Det stemmer.

Ola slepte fliren og saag alvorsam paa han.

- Ja, det vart litt tussi nedi garen. At det skulde gaa den vegen med han Petter òg da. Kva ho seier, ho Petra no da?

- Ho vil ikkje ha meg.

- Ha deg nei? Ho skulde no vel ikkje det heller?

Harald svara ikkje, og den andre tendte paa pipa. Dei sat slik ei stund. Natta kjølte omkring dem, og bekken susa og susa. Og Ola fortalte om Petter som hadde hengt seg. Det var det, [19] trudde dei, at han Petter hadde plaga ho Lavina, søstra, borti det. Mannen hennar døde, og Petter krevde garen etter far sin. Det var noko med ein sau òg, han skulda henne for at ho hadde raska aat seg ein framand sau. Ho fann seg eit taug og ei kvistgran, og hengte opp seg. Ho var saa tung til motes støtt. No fann dei han Petter i same grana. Han bala ikkje rart nedi Vika, det gjekk att og ned med han villig vekk, i fjøse var det eine ulukka etter den andre. Leserie gjorde vel sitt det òg. - Det var sørgelig med slik ein bra mann, sa Ola.

Harald reiste seg, og Ola gjorde det same; dei slong oppetter vegen i lag.

- Men at du er her no da? tek Ola oppatt. - Kor det er vore, det? Sei meg beint ut: har du ikkje fare og vore smaatt forlova med denne dokterfrøkena da?

- Har saa ja. Men det tenker vi ikkje paa, lenger. Kom ikkje med rognebær til reven. - - Forresten saa - er vi forlova enno.

- Skjønna det. Men kan du fortele meg korles det gjekk for seg lel? Korles du kom paa det, eller - - ja, eg meiner, at du vaaga deg i kast med det som er saa storveges? Dækeln ta, gut, det er ei hiva gjente - du har gjort eit varp! Men at du fekk henne?

- Ho kom sjøl, far. Kom deisande lukt i fange paa meg. Det var ein kvelden eg hadde sete hoss 'n Hansen paa Bjørland, handlaren, og drukke litt; det var i fjorvinter, og haalt som du [20] veit; - midt oppi svingen i Brækka kjem det eit kvinnfolk seglande imot meg, eit lite skrik, og der har eg armane fulle. Velkommen, velkommen! seier eg. Ho var mjuk og god aa halde i, og slik fin daam av klædane hennar, det var sjeldsynt vare, og saa fann eg i munnen hennar og tok meg ein kyss, rettelig ein hjartevermar. Eg hadde havt i meg nokolite av denne pjolteren, dei kallar, og det er kar som gir mot. Forlate meg, kor eg forsynte meg, og kor ho vreid seg etterpaa og vilde laus! Ja ja, san. Og i det same kom dokteren stubbande med pikstaven, og frua kom med skjørte, dei hadde vore i lag alle tre og gjenta hadde skridd paa isen og kunde ikkje stane. Ja, det var no det, san.

- Ja, men sea da?

- Sea? Aa. Det laga seg av seg sjøl det. Dokteren skreiv og trua med at han vilde kunngjera det for gu' og kvarmann og faa meg avsett. Eg slong av dit ein kvelden. Gamlingen tordna, og gjenta ho gjømte seg og gret. Men frua tok meg til sides og blunka. Berre eg ikkje fortalte noko, saa. For dotra bad for meg ... hadde ingen ting imot meg. Eg bad om aa faa treffe henne, eg vilde bede om tilgiving. Nei, ho vilde ikkje sjaa meg. Eg møtte henne paa dansen hoss dyrlægen ikkje lenge etter. Ho vart bleik først eg saag paa henne - - og saa fekk eg no kloa i henne sistpaa. Og ho i meg. Slik er det naar ein ikkje agtar seg urlite. Syntes mest eg hadde gjort eit kast eg, men.

[21]

- Ja, det er det no vel òg, det? Fin gjente, og - peng, og -

Harald gjekk og røykte litt.

- Eg kan ikkje! brast det utor han.

Ola kaldrøykte og la seg ikkje borti det. Harald gjekk igjenom grinda, og Ola vart staaande att. Dei stod og hang paa kvar si side.

- Eg maa ha eit menneske som hører meg til, det er det som er. Beint ut sagt: det er ho Petra eg maa ha. Straks eg hørte kor ulukkelig ho var, kjente eg det. Sara var dømt med det same.

- Ho Petra ja. Ho er bra nok ho, men. Ja ja. Det er saa det. - - Men du veit: du er no ikkje den einaste som har vore der da.

- Pytt san!

Men Harald vart bleik og urolig, beit seg i leppa og saag paa Ola. Ola skaut brunene høgt opp og smilte med brei munn, sputta innfult millom tennene.

- Hm-hm! nikka han.

- Skil meg ikkje!

Harald sette seg paa sykkelen, sa farvel og fór sin veg.

Ola stod og saag etter han, og sette hendene paa rome sitt innom bukselinninga.

- Du Harald, du Harald! Held du paa og bli dum du òg da. Ja ja.

Han strauk seg over det store munnskjegge, saag langt ut i lufta med dei brune barneauga.

Dagen etter laag Harald ei stund og kunde liksom ikkje komma etter, kva det var han skulde vakne til. Det kjentes baade tungt og trongt. Det var ein still og blid dag ute, kvite fjørskyer stod høgt paa himmelen, og lauve silra som ein bekk bak husa, og her laag han og hadde somarfri. Da kom han ihug Petra, og han sprang opp utor senga og auste vatn over seg, - det var no ingen elddaap, murra han, men det styrkte sjæla likevel.

Ho Petra ja, ho vilde vei ikkje ha han no for det første, men det skulde dei snart bli to om. Ho Petra, som hadde git han alt, utan aa tenke paa at ho skulde kreve noko att av han - no selde dei garen under føtene paa henne, og der stod ho med to smaa brør, som ho hadde vore i mors stad alt fraa dei laag i golve og kraup. Nehei, san; ha han det vilde ho ikkje, ho var ikkje slik; ho var dummare enn alle dei andre til saman. Men dei fekk no sjaa da.

Han tok ned fela før han hadde klædane paa, og strauk nokre smaa drag: somarvinden, [23] som kjem paa vitjing ein junidag til ospene og bjørka derute. Men det var ingen song i fela; det dukka opp baade det eine og det andre fraa i gaarkveld. Han hadde fare som ein tosk att; og det var ikkje første gongen.

Etter frukosten tok han paa og stelte med veden sin. Han hadde kjøpt stokkeved, som han kløvde opp til famneved og lødde inn i vedskjule. Han arbeidde kringt, men det var ikkje stort aa bruke seg paa; gong for gong retta han seg opp og kjente paa seg: han var ein trealns kjempekar, ledug og sterk saa det var baade synd og skam, han kjente magta i seg som eit gnag, som eit sugande tomrom.

Slik hadde det vore all tida med han: noko til gagns skulde han ha gjort, litt meir enn folk flest, men han kom aldri paa kva det var. Dagen kunde ligge slik utover verda og vente paa han, saa fager og venlig, det saag paa han og vekte eit andsvar i han som hadde røter langt inn. Dei skreiv saa mykje og preka om det no, at ein skal kravle seg ut paa lande og grava og plante og sjaa til aa gro fast. Ja, aa vera ku var visst ein god ting, aa vera eit tre var kanskje bedre; men det var menneske han for sin part tykte han skulde ha vore, det kjentes slik. Og det er saa si sak. Det ber like snart hit som dit da.

No var han saa bra paa veg her: Sara var han glad i, og ho i han, han kunde faa baade henne og pengane og alt anna han trong. Dermed [24] skulde han ha vore ferdig med kvinnfolka og teke til med live liksom. Det fanns ikkje karar han brydde seg saa lite om, som dem som vart hengande i eit gjenteskjørt; dei spraltes som flua paa naalsodden, surra saa pinsamt og kom seg aldri laus. Dei fortente det ikkje heller. "Tag hvad dit er og gak bort," det var orda han heldt seg til.

Og no stod han her, med øksa i handa, og sat saa hjartelig fast.

Han saag utover fjorden rett som det var. Vilde han ikkje blaase litt, saa det vart litt meir luft? Nei, det var hilderstilla, strendene spegla seg i vatne, og austanvinden naadde berre nedpaa med vengspissen og skreiv ei sølvgraa stripe her og der. - Og han Ola Engdalen - han saag han saa vel for seg, han stod oppmed grinda og blunka og kremta: hm-hm! Petra hadde nok vore hans ja. Ja, herregud, det hadde han visst heile tida; det var føre mi tid det, som han gjerne sa; før han kom att fraa lærarskolen. He, det er eg som har teke henne fraa han, og enda staar eg her og krøker som eit utbløytt vêrelamm!

Likevel laag han og rak frammed lande, den tida han Ola kom og skulde opne laksenøtene. Han vilde berre sjaa han.

Baatane dreiv jamsides i stilla, aarane strauk lett i vassflata og teikna, og Ola la hendene i kors og snakka om vêre. Gong og annan gav han Harald eit stikk med auga; men inn paa den praten var det ikkje aa faa han. Han sat tjukk [25] og dum og pinte ein saa trufast. Det var visst ikkje nokon som hadde ansa paa kor lur han Ola var.

Da Harald kom heim, laag der brev fraa Sara. Ho had han dit til fødselsdagsgilde aat mora. Han maatte komma, for ho stunda saa etter han; ho hadde tenkt paa han heile tida sea han var der, hadde ikkje faatt sove. - Det var ein ny tone i breve hennar, ho var urolig, bad saa vakkert, det kom for han at ho hadde graate.

Ja ja, men han kunde ikkje tene henne i dette. Om eit halvaars tid var ho like god, hadde glømt han og funne seg ein annan, som var etter hennar hug og stand. Da han sykla til Petra i gaarkveld, visste han berre at han burde ta henne. No, etter orda hans Ola, kjente han det stod kleinare til enn som saa: han var glad i henne, hadde faatt fanterie heilt inni sjæla.

Ja ja. Han sat og spela lenge utover kvelden. Svarttrasten song oppi lia; han var den einaste av songfuglane som hadde hjarte til det no. Tonen kom mørk og einslig; men der var lukke i han lei, det var song, og Harald syntes han kunde slutte med spele.. Det var saa mangtslag han skulde havt fram, og klarte det aldri. Fuglen har berre eitt, han, og det syng han ifraa seg saa skogen lyer.

Harald kom ihug i gaarkveld att. Da han kjørte fraa doktergaren. Han syntes han maatte ut og gjera eitkvart vondt, det var det han [26] lengta etter. I grunnen var det ikkje anna enn det, at han vilde trasse alt og hjelpe Petra, no naar ho trong han.

- - - Næste dag kom det eit nytt brev fraa Sara.

Mor og eg har fortalt far at vi er forlova, skreiv ho. Eg gled meg til at du kjem i kveld. Eg skal ha paa den kjolen du veit, den du synes saa om; men du treng ikkje ta fela med, visst du ikkje er huga paa det. Det er eg, Harald, som gjer fest for deg i kveld. Det skal vera vaar kveld. Den gleda unner du meg vel? Det skal bli godt aa faa høre fantord for deg av dei "kondisjonert". Det løfter meg høgt, synes eg, naar far skjenner og er forgiftig. Forresten saa gav han seg fort. Det er noko ved deg, seier han. Saa kjem du da!

Ja, han skulde komma. Det var greit. Han hadde det ferdig straks, og smilte. Ja, stakars Sara; komma det skulde han. Men det var sørgelig ho skulde mjukne slik nett no. Ho hadde da heldt seg stinn nok i halsbeine hittil. Men det retta vel paa seg.

Harald kom seint til doktergaren. Det regnte litt, saa dei hadde rømt inn og var alt i full gang med kaffeen. Straks han kom inn i gangen, var Sara der òg, kom glidande imot han i den lysrøde kjolen og kasta seg varmt om halsen paa han.

[27]

- Takk, Harald! Eg var saa rædd du ikkje kom.

Ho vart vâr fela, og smilte med dogg i auga opp mot han:

- Er det for mi skyld du har den med? Skjønna du eg gjekk og ønskte at du tok henne med, enda eg sa du kunde late vera? Du Harald òg! Ho strauk han lint om kinne. - Du er saa god, du.

Ho vilde ta felekassa fraa han, men han slepte henne ikkje, han steig inn med henne i handa liksom det var berre som spelmann han kom, i kveld som ein annan kveld. Gamledokteren sjøl møter han i døra, med ein mager smil:

- Velkommen, velkommen, hr. Mørk! - Skal vi - - han ser verdig opp paa Mørk - - skal vi, hm, ut med historia i kveld?

Harald rista paa hovude, og dokteren levna opp:

- Nei, det har De brennsyande rett i. Det var just nettopp min tanke.

Det sat folk og drakk kaffe og røykte i tre stuor, den øvste halvparten av bygda var her, og dokterfolke tok storveges imot dem, - dei var folkelige folk. Her var saa grei skuring i doktergaren, ein kulde røyke kor ein vilde og drikke med ein lysta, det var inga sak aa vera her. Harald saag i haartenna paa presten, og der kom alt døtterne hans imot han, smaa og tunne og fulle av snakk. No hørte han klokkaren, [28] og saa kom vesle dyrlægen, urliten og ivrig, og helsa. Midt imot han sat ungdokteren, kommunelægen, som budde paa andre sida fjorden, han saag opp og nikka godslig til Harald, vart vâr fela og svor paa det breie kristianiamaale sitt, at no vart her musikk! no vart her gjerne ein real slaatt aa faa høre! Harald likte denne mannen og tenkte paa aa slaa seg ned attmed han. I det same kom frua, seglande i silke, og skulde bli gratulert av dem som sist var komne. Ho lyste lang veg imot Harald, han var saa velkommen han kunde bli, og det tok tid før ho slepte handa hans og hadde faatt full greie paa korles han hadde det. Han kom i hug første gongen han var her i gjestebud: Ho stana framfor han og smilte og spurte korles han hadde det. Han laga seg til og skulde svara, at jau takk, det stod berre bra til, men da han var kommen saa langt, stod ho alt framfor ein annan med same smilen og same spørsmaale. Det var vel da han kom etter, at han hørte til andre stader; men det var først no han hadde hug til aa vedgaa det.

Sara kom og skjenkte kaffe for han. Ho bøyde seg tett ned over han, stilt og mjukt, fanga auga hans og smilte: folk skulde berre ha visst . . .

Dokteren kom inn og bynte aa gaa i stuone. Han var paa godføre sitt no, verda var ein velsigna ting aa leva i likevel, og han skulde ha snakka med alle gjestene sine, dei laag han paa hjarte. No stod han alt i døra og saag inn dit Harald sat. Han bar hovude høgt og frimodig, [29] og saag ut over folk med blide auga som elska jamvel den minste. Dei slo ned paa Harald.

- Det er meg ei glede aa sjaa ein lærar i huset her. De har ein stor gjerning aa gjera. Stor, seier eg, for barnesjæla er eit klenodie. Og det er no mi meining da, at det store her i live, det er bygd opp av det smaa! Han saag seg rundt i to stuor, og tok orda oppatt, med tingmansrøsta si. - Eller tek eg feil, hr. pastor?

Presten hørte ikkje, men nikka paa slump: det var sanne ord ja!

Og dokteren skreid gjenom stue etter stue. Slik var det i grunnen han var. Han smilte stort og godt til all verda, og helsa rundelig der han drog fram. Det var ein god mann, som den nye dokteren sa, og det var ikkje hans skyld det var saa lite om lukka her paa jorda. Og han tala: Billig men godt!

Harald sat og saag etter han og smilte velnøgd, med husmora skjenkte likør for han. Han tømte glase og fekk seg eit til. Straks etter skjenkte han seg eit sjøl; - prestedøtterne lo overgjevi og syntes han var baade strid og vill, men Sara saag dit med eit raadlaust drag kring munnen og skulde til aa seie eitkvart.

Endelig spurte frua om han ikkje vilde spela litt, og han reiste seg meir enn gjerne og tok fram fela; folk saag halvt forundra paa han.

- Kom med ein rivandes ein! bad ungdokteren.

Husfrua bad han spela det han vilde; - saa [30] kunde Sara sette seg til pianoe -; ho snudde seg til henne, og Sara tok alt eit steg frem.

- Nei, sa Harald. Eg spelar helst aaleine i kveld. Eg vil spela noko som det er tone i.

Dermed sette han i med: "I fjor gjett' eg gjeita", og saag alvorsamt paa ungdokteren og dyrlægen. Saa kom han med "Millom bakkar og berg", og saa den eine etter den andre. Verre kunde han ikkje gjera dem, for desse tonane taalte dei knapt høre; dei var vakre nok for seg, men dei var forargelige likevel, ein vart saa lutlagt og utbløytt av dem her i bygda. Ungdokteren sette det vakre kvasse andlete ut i vêre og gav Harald blenk paa blenk fraa dei mørkblaa auga; dyrlægen strauk seg gjenom luggen og voks i sete, han spytta og saag omkring seg.

Harald gav dem det att. Han smilte bitande, ein liten utleita smil, som strigla folk heilt innpaa holde, auga vart smale som strek i andlete, men det gjekk kraft fraa dem og fraa andletsdraga, han var baade vond og sterk. Han stod der 3 aln høg, tett og hestesterk, og lutte litt framover liksom han vilde true spele i dem, saa reiste han paa hovude, saa dagslyse fall over andlete og synte det fram saa brunt og fast det var, saa ungt og fint under den ville luggen.

Den eine folketonen verre en den andre spela han og saag meir og meir stridshuga paa dei to, la seg tyngre og tyngre i spele.

- Tvi! sa dyrlægen, da det endeleg vart ein stans.

[31]

- "Gud fri oss fra denne vaande", sukka ungdokteren.- Er De maalmann, hr. Mørk? spurte han opp i sigarrøyken sin.

- Ja ha, med kropp og sjæl!

Det vart eit lite togn i stua. Ein eller annan hosta tørt.

- Det er ikkje sant, seier Sara best det er.

Dei snur seg imot henne, alle andleta, og ho rødnar ein grand, men tek seg paa tak og seier høgt:

- Det har hr. Mørk sagt til meg. Han vil berre erte Dykk.

- Tøv! kjem det vyrdslaust fraa Harald. - Eg hatar alt som er fint; kvart eit grand; saa veit De det. Det tirrar meg.

Ungdokteren vart meir og meir blank i auga. Det var hans største lyst aa faa sleppe til aa rive seg litt paa ein motmann, og her var det likt til han fann ein det var tak i. Fleire la seg frami, enda dei heldt seg mykje for god til det, men han døyvde dem og kjørte ein totre sylkvasse spørsmaal i Harald.

Harald sette fela oppunder haka og strauk nokre lette drag over strengene; han tok henne ned att og saag rundt utover gjestene, gjorde til munnen liksom han vilde plistra. Andlete lyste bleikt no. Han strauk seg gjenom haare.

- Eg idest ikkje! sa han. - Idest ikkje svara. Enno har eg aldri funne byfolk som hadde vett nok til aa skjønne det der. Nei, ikkje byfolk, det [32] var ikkje det eg meinte; kon-di-sjo-nerte, skulde eg ha sagt.

Han tok til aa spela.

Sara hadde teke eit par steg fram, men vart staaande bleik og med halvopen munn og studde seg til omnen. Dei andre gjorde saa ymse, dei saag paa kvarandre, dei var forfælte eller smilte, dei bynte aa snakke om eitkvart anna. Husfrua var borttil fleire og snakka om "sensibelt kunstnertemperament" og "De vet, ungdommen elsker striden", og mangt anna.

Harald hadde teke til med eit stykke tysk musikk, men da han var litt uti, slutta han og saag ut som han vilde til døra. Han fekk auga paa klokkaren, som stod i det andre rome. Han hadde haar og skjegg som dokteren, og var ein blid og venlig mann som dokteren. Det var ein gamal, religiøs mann, som Harald hadde havt mykje tilovers for. Han gjekk bort og helsa paa han, - auga gleid bort til Sara med det same, ho stod der like bleik enno -, han fekk han med borttil eit bord og sette seg breiddmed han.

- De er altsaa ettermannen etter far her? Men De er ingen bonde som han, visst?

Klokkaren flytta litt paa seg, likte ikkje spørsmaale.

- Nei, sa han uviss. Min far var ogsaa lærer.

- Det kunde eg tenke ja. De er saa traust og fin der De gaar. De er der De skal vera, De, baade i kirka og i skolen, og her. De har komme over, kan ein seie. Med meg er det eit [33] anna maal. Eg er ingen ting. Ikkje det gudskapte grand heller. Gaar berre her og latar meg og leiest og bli vond imot alt folk. Eg vilde ikkje at De skulde misforstaa meg, ikkje De, for De er ein hedersmann; De har eit kall. Eg hatar ingen. Ikkje far, som bad meg bli lærar for det første, til eg kunde faa hengt meg høgre opp. Og ikkje dem som sit her; ikkje ein av dem. Men eg maa klaa dem litt, rive kjeften paa dem, - det vonar eg De skjønnar? Ikkje sant?

Klokkaren saag ut, som ein urimelig kar skulde staa og banke han i hovude.

Karane fekk eitkvart aa drikke, dei eldre tok toddy og dei andre pjolter, og Harald var fram og fekk seg eit glas av den. Han tømte det snart og brygga seg eit nytt, og saa tok han til aa sjaa etter Sara. Han fann henne ikkje inne, og leita i hagen. Der, i lauvhytta, sat ho. Ho hadde graate, og han vart sittande med handa hennar og strauk henne og strauk henne.

- Du, sa han og reiste seg. - Eg trur eg maa gaa heim no. Trur eg stel meg herifraa, ifraa heile stasen. Hm? Fela kan ligge att til seinare. Nei, forresten, den maa eg ha med; pytt san, eg gaar inn og tek henne og stryk min veg. Du ser, eg høver kleint her; det er ei plage.

- Harald? sa ho laagt. - Kva er det som piner deg her i kveld? Kvifor er du slik baade imot de andre og imot meg? Du skal seie meg det, Harald!

[34]

- Ingen ting. Kjenner berre det, at eg skulde ikkje ha komme hit i kveld. Skulde visst aldri ha komme hit.

Han stod og lydde ut i regnvêre. Det vaska stridt paa take no, det kviskra stilt over grasvoll og lauv, puska og tjuska saa vaatt og mjukt, rundt omkring husa og all skogen inngjenom. Sara sat og stirde ned i sandgolve. Da han vilde gaa, reiste ho seg, tok han tilbake inn i hytta og strauk han over panna som ei mor.

- Eg ser det er synd i deg, sa ho, men eg veit ikkje kva det er. Men du bli her ei stund likevel, naar eg bed deg, ikkje sant?

- Jau, eg skal det. - - - Aa, Sara, eg vilde gjera mykje for di skyld; for aa sjaa deg glad!

Han gjekk, og ho kom etter. Prestedøtterne stod i døra og saag dei kom, men dei smatt inn med det same.

Det var fullt ordskifte da Harald kom inn. Dokteren sjøl tala, og klokkaren gjorde slikt slag, dei skaut til maals etter sanninga og visdommen med mange gode ord, og dei raakte ikkje kleint. Dei som yngre var, stod paa andre sida, og slo ifraa seg med aa gjera nar. Gamledokteren hadde reist seg saa tunn han var, han var harm og stolt og brukte handa med velde uti lufta.

Var her inga framtid for venstre, he? Var det høgre som gav oss 1905? Han svara ikkje paa slikt. Ingen aandsfridom? i venstre? Ingen framgang, sa dei? Han la ut om kva som var [35] framgang; verkelig framgang, han samla tyngda si og slo det i dem med magt og mynde: Framgang, det var vokster, folkevokster, det var ikkje hopp! Paa slutten sa han fram or Ivar Aasen:

Lat det ganga fram, lat det siga!
Berre eitt eg ynskjer og bed:
at me inkje so høgt maatte stiga,
at me gløyma vaar fedranesed!

Der hadde vi sanninga. Og der hadde vi poesi. Ja! Han fekk auga paa Harald og smilte i stridsmod: Dette var ikkje hat til det som fint er, det, for det om det var den norske bonden sine ord; det var fint.

Harald stod og saag ned, og folk venta han skulde svara. Han leita etter tonen litt, og saa løfte han hovude, la eitgrand paa det liksom dokteren og klokkaren, og song:

Lat det ganga fram, lat det stiga!
Berre eitt eg ynskjer og bed:
at me inkje saa djupt maatte siga,
at me døyr i vaar fedranesed!

Det var mange som lo, og nokre som klappa, men gamledokteren sputta og snudde seg ifraa han med kraft. Han tok forresten snart til ords og talte att. Dyrlægen kom bort til Harald og svor paa at dette var med det vittigaste han hadde hørt, og ein totre til sa det same.

- Vittig? Harald saag paa dem og rista [36] paa hovude. - Nei, det var ikkje slik meint. Eg kastar aldri perlor den vegen lel!

Dokteren klemte paa. Det var ein armodslig ungdom som voks opp no. Det fanns ikkje eld i dem, fanns ikkje gneist, herregud om dei skulde ha vore slik, dei som var med i den store tida, i 70-aara, og bar lande opp og fram, dei som hadde teke det eine store løfte etter det andre hitgjenom tida!

Han gjorde ein liten stans, for at orda skulde faa den rette vegta si. I det same hogg Harald inn:

- Ja, De var jo med og stridde for "embedsverkets forenkling", De, hr. distriktslæge? Han tok glase sitt og løfta det festlig: Lat oss drikke ein liten støyt, godt folk, og seie den gamle tingmannen vaar takk for det løfte, ein takk fraa det takksame norske folke!

Han drakk ut, og nokre andre nytta høve og gjorde det same; men klokkaren steig fram og kremta seg opp, han øygna ei stor stund, for her skulde der stiftast fred. Han tok seg litt for godt paa tak, - og Harald kom først, enda han hadde det annsamt med aa laga nytt brygg i glase sitt.

- Fattig ja, seier dokteren. Jau, han har rett. I minsto er eg saa fattig eg kan bli, fattigare krok har knapt staatt i dette høgvyrde huse, og sjøl veit korles eg har komme hit.

- Det var ikkje økonomisk fattig eg meinte!

- Ikkje eg heller. Det har aldri plaga meg; [37] det er ikkje derfor eg no tek hatten min og gaar. Fattig i aanden, meinte eg. Men er det ikkje det som er saa lovprist i skrifta, hr. kirkeklokkar?

Harald saag bort paa Sara, som stod i døra til gangen. Ho var rød i kinna no, og auga skjein barneblankt imot han. Det rykte hastig i andlete paa han, liksom han hadde bite seg i fingeren, han fekk ei djup rukke oppgjenom panna, tømte glase sitt i eitt drag og stod som han vilde kaste det i syna paa ein eller annan. Han gjekk dit glaskrukka med wiskyen stod, for dei hadde flytta henne fraa han saa langt raad var; han svinga til eit nytt glas og stod litt og saag inni det og smilte.

Dokterfrua spurte blidt, om hr. Mørk ikkje vilde spela litt igjen?

- Forresten, sa han, saa høgt at det fyllte stua og døyvde praten; - forresten er eg ikkje saa fattig heller. Naar eg no finn meg ei bondeveikje og giftar meg og faar born og gar og alt slikt, saa skal De ikkje ha nokon ank for meg. Om tre aar eller saa er eg ordførar i bygda, jau! hører De; og da skal vi sjaa. Da skal vi kike litt baade til høire og til venstre.

- De skal no ikkje innbille oss De er socialist lel! ropte dyrlægen.

- Men eg kan no bli det. Taalmod, hr. dyrplagar, saa kjem det. Det er som med kalvinga det. Tida gjer det.

Ein om senn hadde drege seg unna han, ut [38] i dei andre stuone, og dokteren talte for dem. Harald la ned fela, tok kassa og gjekk. Sara stod i døra enda, og han gjekk beint paa henne, la handa tungt paa aksla hennar og gjekk framom. Ho vart med han utom døra, stilt, med blanke augo som før, men med graaten oppi halsen.

- Kvifor - har du gjort dette, Harald?

- Aa. Eg er ikkje bedre. Det er noko som heiter aa vera ufin; det er slike som eg det. Eg er "bestrøget udvendig og indvendig med beg" - - du faar ha farvel da, Sara!

Dei var som barneauga aa sjaa inn i, auga hans, og andlete var hjelpelaust og urolig. Taarane braut fram hoss Sara, og ho tok handa hans millom baae sine:

- No bli det visst lenge - - før du kan komma hit!

- Ja-a; no bli det lenge før eg kjem.

Ho skulde ha sagt meir, men han svinga alt den store hatten sin og fór.

- No kan dei eta meg levande om dei lystar, sa han med seg sjøl.

----- Dei aat han ikkje. Han skulde bli værsonen i huse, saavidt dei forstod, og han vart det visst enten han var vis eller gælen. Klokkaren talte lenge for frua og vilde trøste henne. Der er ei løndomsfull magt i ungdommen, sa han; merkelig - merkelig! Naar dei berre finn seg sjøl ein gong, finn midtpunkte i seg, det dei skal svinge rundt omkring, - ja, dette var no [39] berre hans tanke. Ungdommen, ungdommen ja! Han saag ut gjenom vindaugsglase med store glade auga, han saag saa fagert eit syn: Ungdommen er framtida for oss! Jau, det sa han beint ut. Og han spurte dei andre om dei ikkje var nøydd til aa gi han rett i dette?

Dei gav han rett. Og frua nikka i takt med det han sa, slik som ho hadde gjort til mannen sin i alle desse aara, skreiv i lufta med den lange haka og sukka av eit godt hjarte; men ho hørte knapt etter. Dokteren sjøl sat med ordføraren borti ein sofa og smaka saa smaatt paa toddyen; han strauk seg over skjegge og smilte fornøyd, hm-hm! sa han og kjente vel etter. - Hm-hm! song han og reiste seg, og det var eit godvérsmerke der i huse. Det hadde gaatt bedre enn ventande.

Sara hadde sett seg bort til pianoe da ho kom inn, og sat og leita millom papira sine, med ei av prestedøtterne paa kvar side og ei over stolryggen bak seg. Litt bleik var ho, som saa ofte elles; men dei kunde ikkje seie ho tok seg nær av noko. Dei var omkring henne kor ho stod og gjekk; men likevel kom ho bort for dem, og dei fann henne ikkje meir. Ho hadde læst seg inn.

----- Harald hadde ikkje sykkelen med, og det syntes han var ein lettnad. Det var godt aa gaa paa den vaate sandvegen, og regne bløytte herlig. Det song omkring han av væte, [40] det kokte i grasrot og mold, det var ein kveld til aa leva og gro i.

Aa ja, det var godt aa gaa sin veg. Han hadde sagt farvel og takk for seg, og ein stor stein hadde han løfta av gamle dokter Vibe.

Han tok opp ei tomflaske som laag paa vegkanten, han vilde knustre henne mot ein bergnabb. "Flasken bør ligge!" stod det paa henne. Og han let henne ligge, og gjekk.

Og like nær var han. Des lenger ned han søkte seg, des verre han skapte seg til og synte rangsida ut, des blankare auga fekk ho. Aa ja men, det gjekk vel sin gang, det som maatte gaa.

- Petra, sa han og plistra. - No kjem eg for alvor.

Dagen etter, midt paa blanke føremiddagen, tok Harald sykkelen og kjørte til Engdalsvika. Petra hadde sete paa ein stol inni stua, og no reiste ho seg da han kom, og vart staaande og sjaa forundra paa han. Ho hadde graate, tykte han sjaa, og det tok han for eit godt merke; han gjekk fram og la handa paa aksla hennar, tok hovude hennar innaat seg og strauk henne nedetter kinne. Det var ikkje saa rundt lenger, det var lite og fattig. Saa tok han henne paa fange.

- Har du ingen som hjelper til her no? Dei oppi garen?

- Ja.

- Naar skal gravøle vera?

- I morgo.

- Eg kjem hit eg òg. Du vil da vel ha meg til aa synge?

- Veit ikkje, eg.

- Du: vi maa vel vente til hausten, vi? He? Men elles saa var eg mest huga paa aa ta garen her no med det same. Saa slapp du baade auksjon og andre ting. Saa fekk smaagutane vera [42] her hoss oss, ikkje sant? Til dei kunde ta garen, eller - -

Ho snudde andlete til han, opna liksom auga for første gongen og saag paa han. Dei var graabrune, auga hennar, med gult innslætt i; dei hang saa lenge ved det dei saag paa. Andlete var stort men fint; det hadde vorte bleikare i det siste, men rikare; det laag ope og trufast imot han som saa ofte før, villig til aa gi alt og ingenting kreve. - Petra var stor av vokster, og ho tyngde saa kjært i fange hans.

- Ja, sa ho. - Dei kunde saa. Dei kunde saa ja, men. Ja stakars smaagutane - -

Ho løfte barmen liksom ho var innaat aa strøypast i hel, og raadløysa gjekk over alle andletsdraga. Ho saag ned og klemte handa til Harald.

- Det er vel gale med renta i banken? spurte han.

- Ja, ho staar for alt sea i fjor. Det blir auksjon det, med all som først.

- Javel. Nei, eg kjøper garen eg; til saa lenge smaagutane veks til; vi giftar oss føre onna, meiner eg, saa eg kan flytte hit straks. Saa det skal det vel bli ei grein med, Petra.

- Ja ja. Det blir vel inga anna raad. Ho sat og grunda og saag fraa det eine til det andre i stua. - Men - -

- Nei, ikkje noko men, Petra! Han bøyde hovude hennar attover og tok ein kyss. - For eg skal seie deg det, eg, Petra: eg er glad i deg!

[43]

- Glad i meg? Det har du sagt meg før.

- Eg seier det ein gong til, skjønnar du!

- Men eg ser det for meg, at eg kjem til aa ta live av deg, Harald - og du av meg òg.

- Lat gaa, saa er da det unnagjort.

Ho maatte smile, og paa den vesle smilen for han heim.

Lærar Mørk song ut like, og gravøle i Engdalsvika stod fint av seg. Det var ikkje søndag, og vel var det, tykte folk, for saa slapp dei liktalen av presten. Det var ikkje saa greit aa komma paa noko godt aa seie, kom det for dem, naar det høvde slik til som her.

Petra hadde vore merkelig rolig sea ulukka kom, men da ho stod ved grava, tok graaten henne slik at det saag ut som ho skulde sige ihop der ho stod. Og da vart folk fleinøygde: Læraren gjekk beint bort til henne, tok handa kring henne og fekk henne bort. Ho studde hovude innaat han liksom ho skulde vera livlaus; - og sea om dagen var dei knapt ifraa einannan. Dei skjønna ikkje det der; for han var da visst forlova i doktergaren, og meir enn ein kjærest skulde vel ein lærar ikkje gjera med? Men dei la seg ikkje borti det. Berre ei av kjerringane blunka til han og spurte om korles det stod tii i doktergaren.

Harald saag paa henne og smilte forgiftig, knippa litt med fingrane og drog opp brunene, [44] det var likt til han vilde svara saa det beit. Men saa vart han berre staaande og sjaa paa henne og smile, og saa sa han:

- De trur no vel ikkje eg treng dokter, veit eg?

----- Da Harald saag i postkassa dagen etter, laag der brev fraa Sara. Det laag der lite og fint, og da han braut det, anga det som ein somarkveld i mot han.

[45]

- - Harald gjekk ut og hogg ved. Det gjorde han støtt naar eitkvart plaga han. Han gjekk paa denne rangkløyvde bjørkeveden med synd og vondskap, studerte han ut om der saa var sju snurar paa han, og smilte og dreiv bløygen i han der han minst taalte det. Om ein halvtimes tid var han saa klar han sette seg tvert ned og tørka sveitten; han song. Det snudde seg vel, naar verda snudde seg.

I minsto hadde vinden snudd seg, han stod beint inn fraa vesterhav no, bles i syna paa ein saa raatt han var godfor og saadde dropane [46] utor trea vidt omkring. Det var frisk vêr; det var vêr for ein ungdom aa vera til i.

Harald gjekk litt og dreiv omkring husa, stana gong for gong og saag utetter vegen som gjekk til Bjørland. Saa gjekk han inn og skreiv. At han skreiv og ikkje gjekk til henne og sa det, det var feigt av han; men han var ikkje ansles godtil.

Sara!

No har eg slege eit strek over det siste breve ditt; for eg veit du meinte det ikkje og du sit alt og tregar det.

Du og eg - kor vil du henn? Ikkje berre det at mor di er av storfolk, og at far din vil vera det, nei, det verste er at du er som du er. Du er fin. Heilt igjen om fin er du, og Gud velsigne deg for det; men eg er saa grov og ufin, at det kunde du aldri tru før du hadde vore gift med meg i lang tid.

Forresten, det er ikkje det verste. Det verste - eller det beste - er det, at Petra og eg vi maa gifte oss. Vi maa - skjønnar du dei orda? Gjer du det, saa veit du med det same, at vi har havt meir saman enn eg har fortalt deg.

Eg har stor synd paa meg for det eg har gjort imot deg - og Vaarherre han veit korles eg kunde komma til aa gjera det! - men saa grovt eit hjarte har eg, at eg tregar det ikkje som eit anna menneske. Kjære Sara! Eg veit [47] du vil ta det tungt, dette, men kva anna vil du eg skal gjera? Og litt om senn kjem du til aa hate meg og foragte meg, og da er det verste over. Aa det er synd eg skulde vera som eg er!

Farvel! Harald Mørk.

Han sykla paa posthuse med breve om kvelden etter at posten var sendt i veg for den dagen. - Saa fekk ho det sundagen eller maandagen, og det skulde vel bli tidsnok; for henne.

Næste sundag vart det lyst for Petra og lærar Mørk, og eit par dagar etter fór dei med dampbaaten til byen og gifta seg for presten der. Ola Engdalen og søstra hans var med dem.

Det var ein godvêrs-dag, vatne var saa blankt det var mest som skipe gjekk i blaae lufta, og lauvlia skjein i unge fine leter.

Petra sat og saag omkring seg, ut over fjorden og opp i lia. Ho tok tungt etter pusten av og til, smilte langt og forundra til smaagutane. - Dei hadde ein stordag. Dei hadde ikkje vore med dampbaaten før, og dei tykte det var eit vidunder berre aa staa paa dekke og kjenne det gjekk med dem; dei pekte rett som det var: der laag det ein baat og rodde, og han vart grundig attom dem denne gongen! der kom jorder og hus kilande fram unna skogen, der kom sjølve [48] holmen roande imot dem - kjem du ifraa byen, he? og sjaa der du, sjaa der! - saag du den? Det var ein springar som velta seg, han var ikkje rædd vatne! - Petra let auga kvile paa dem lange stunder, og andlete opna seg i rolig glede. Ho fann i handa til Harald og klemte henne hardt.

Paa heimvegen om ettermiddagen sat dei paa dekke og drakk kaffe. Og der vart dei sittande, dei fire vaksne. Harald og Ola sat midt imot einannan, røykte sigar og snakka om garsdrifta. Harald kjente han var paa rette vegen no, for elles kunde han ikkje ha sete saa rolig her og prata med Ola. Fanns ikkje vondt i same kva han tenkte paa i kveld.

Oppe i tune i Engdalen tok han Ola i handa og saag han glad inn i auga.

- Du faar ha takk da, Ola. Baade for denne her gongen og for alt du har hjelpt til her. Brylloppe skal vi ture sea ein gong.

Og Ola saag slik paa han at det gjorde godt.

Da dei stod toeina heime i stua, Petra og Harald, lo ho imot han med taarane i auga:

- Vi er da dei gælnaste folk som finns lell?

- Saa?

- Ja, det maa vi no vel vera: Reiser i veg og giftar oss liksom anna folk reiser til byen og faar drege ut ei tann.

- Ja ja, du lyt vera velkommen ifraa byen da, Petra!

[49]

- Sjøl velkommen. Velkommen hit, maa eg vel seie.

- Ja, det maa du absolut! No er eg her, og jamenn skal det bli tungarbeid aa faa meg ut att.

Det sløktes noko i auga til Petra. Ho beit seg i leppa, stivna over alt andlete etter kvart.

- Kva det er, Petra? Kva det er du bli for? He?

Ho rista paa hovude. Endelig saag ho opp paa han, tok seg paa tak og smilte att:

- Ingen ting, ban. Men - - - det er visst ikkje alle som er glad i kveld.

Han gjømte henne i armane sine, løfta henne opp og dansa med henne saa tung ho var og song og trala inn i øyra paa henne:

Du er saa lita, du er saa dum,
du er saa lita, du er saa dum,
du er saa dum og lita!

Og dagane gjekk, og somaren gjekk, og Harald og Petra laag i arbeide fraa morgon til kveld og var lukkelige. Midt i skaaren kunde han snu seg til henne og spøre kva ho stod og tenkte paa. Ho lo paa den stillvorne maaten sin: Paa at du skulde bli slaattekar. - Ja, men eg har kjent det paa meg all min dag, at eg skulde bli eitkvart. Tenkte paa prest òg eingong, men det hadde eg ikkje andlet til, - tenkte paa tingmann og mangt anna. Ja! Han klemte i veg att, [50] saa grase stupte og lo, han svinga seg med sjukvart-ljaaen sin saa det song etter, og der det beit best gjekk han fram eit heilt steg om gongen. - Men du maa no ikkje tru eg har noko kall til dette her, sa han i det han gjekk framom henne. Det er berre saa mykje eg faar tida til aa gaa med eg lurer ut eitkvart anna.

Og skolen tok til, og han fór den lange vegen att og fram, og prøvde, som han sa, aa unnvera tida; for den hadde han anna bruk til.

Ola oppi garen kom ofte nedover. Han tok med mjølka deira til meierie, og henta posten med det same. Ofte smatt søstra, ho Sofia, nedover om kvelden og sat og prata med Petra. - Stundom hjelpte ho til med arbeide òg.

Ein dagen saag Ola uvanlig lur ut da han kom, togg kringt paa snippen av munnskjegge og flytte augebrunene opp og ned: Eg skulde da visst ha ein liten brevlapp her. Stor var han ikkje, men ... kunde vel vera god for det.

Harald saag breve var fraa Sara, før han fekk det i handa. Han las det der han stod:

[51]

Han leverte breve til Petra, og gav seg i praten med Ola att.

Ola hadde støtt eitkvart aa fortele. Han hørte paa lag alt som vart sagt i bygda, og Harald godtsom ingenting.

Han bynte aa le ein kvelden han sat dernede. Dei var toeina i stua, for Petra og Sofia var til handlaren.

- Du er vel like slu paa alt, du? Det har vore staak i doktergaren maa du tru. Dei forteler dokteren har skrive klage paa deg til skolestyre.

- Kva for da?

- Kva for? Dja, det maa eg seie eg er ikkje stø paa. Det var noko slikt som at du skulde ha ein liten ein i vente.

- Ja? - det har eg òg, det. Millom oss sagt. Men det er no med kona mi det da. Andre veit eg ikkje - -

- Nei, det skulde vera med henne.

- Er det òg gale?

- Det same spurte Andreas Paalsnese om [52] paa skolestyremøte. Men det skal vera for tidlig, skjønnar du; du maatte gifte deg fordi du vart nøydd til det.

- Aa slik no. Nei, merkelig nok, der fér dei vill. Det bli gælen facitt det.

- Det kom forresten brev fraa dokteren andre dagen, at han tok tilbake klaga, - han hadde faatt andre oplysninger.

- Ja leve oplysningen!

- Det skal vera frøkena som har sagt det. Og ho som har lagt seg imillom no att. Gammeln frøser og svær, men kvinnfolka er over han og held han nedaat. Slik bli det fortalt ja. Du veit - - Ola prøvde piperøyra si grundig - - du veit dei kakla ikkje saa lite her i somar; du skulde vera digerforlova med Sara og saa gifta du deg med Petra, dei tykte det var - litt stridt, av ein lærar. Presten skal ha rista paa hovude, og klokkaren skal ha gjort det same, - ja, ikkje fullt saa sterkt forresten. Men - - no saag Ola paa Harald og blunka varsamt - - frøkena har fortalt at det var ho som slo opp med deg. Du drakk deg visst full der ein kvelden?

- Eg mins ikkje til det. Eg kjem berre i hug eg var sørgelig saa tørst. Jau, eg drakk urlite, paa slutten. Og saa gjekk eg - det hugser eg godt. Eg gjorde meg ferdig og strauk min veg.

Om kvelden spurte Petra kva det var Ola sat og fortalte da ho kom heim.

[53]

Harald var ikkje saa viss paa det.

Ho smilte, den lange rolige smilen sin, som hang liksom ei sorg i munnvika: - Han snakka om Sara. Ikkje sant? Ho Sofia fortalte meg alt i hop.

- Javel. Ferdig med det san.

Ho gjekk og stelte med blommane sine, som ho hadde glømt med vatn i dag. Da ho var ferdig, snudde ho seg imot han, stod ei stund og saag paa han, og sette seg tungt ned.

- Korles trur du dette kjem til aa gaa, Harald!

Han saag paa henne, skruva ned lampa som heldt paa og vilde ose, og saag paa henne att. Andlete hans vart liksom lenger og lenger. Saa gjekk han bort og tok henne paa fange.

- Du skal sjaa det kjem til aa gaa bra, Petra.

- Naar det er som det er? For ho er ulukkelig, nyttar ikkje same kva du seier! Kjenner du det ikkje?

- Kan ikkje merke noko til det. Og forresten saa blæs eg i det. Har ikkje noko meir med det aa gjera. Kan ikkje noko raad for det, eg, at eg tok galen veg først. Eg maatte snu med tid var til. He? Græt du?

Ho gjømte seg hos han og gret stilt og lenge. Langt, langt inn i seg sjøl drog ho seg; han kunde berre kjenne paa seg, kor ho krøktes i hop, kor ubergelig vondt det var for henne.

Han sat og saag ut, til vesthimmelen, der blaakvite [54] skyer reiste over ein bleikrød botn. Vinden tusla ute i kveldsmørke, snakka med seg sjøl millom trea. - Og denne kvinna eg sit her og held i, tenkte Harald, - - henne kjenner eg like saa lite til som til eit anna menneske. Nei, henne kjente han minst av alle. Og ho gret. Utan taarar og utan hiksting, ein graat, kom det for han, som ingen annan hadde smakt. Han strauk handa hennar, men ho merka det ikkje, ho var slakk og livlaus aa kjenne paa; Petra var saa langt unna.

Det var saa vondt han kunde hoppe: Dette var der inga raad for. Det som var rett for han - og rett for alle dei andre -, det var kanskje ei bør ho ikkje klara, ei pine ho ikkje bar lenger. Og slikt noko, det var han den kleinaste av alle til aa greie med. Han, som hadde trudd han skulde greie alt.

- Ikkje graate no! bad han. - Ikkje graate meir, saa er du snild. Saa skal eg - saa skal eg spela for deg.

Han reiste seg og tok ned fela, han fekk gleda opp i seg og strauk lett over strengene:

- Hør her, gjente, hører du den? Aa jau, Petra, hør paa meg litt!

Ho gjorde det, og han spela ei god stund for henne. Sistpaa smilte ho til han, kom og klemte andlete hans millom dei store trufaste hendene sine.

- Nei, Harald, eg skal aldri graate meir.

Det var syttande mai, og staren song og vaarsola skjein; svart plogland og grønne bakkar, skogen tok til og levna saa smaatt; fjorden blikkande fraa strand til strand, og den første vaarvarmen kjentes i lufta.

Harald song da han kom ut og skulde gaa paa festen. Petra kom ut i døra og stod og saag paa han. Ho hadde den gode smilen sin i dag, ho glømte alt anna og stod og saag paa Harald og halvlo, mest som ho ikkje hadde set han i fullt dagslys før; og han skulde ha vore i veg for ei stund sea men kom ikkje avstad.

- Eg meiner du har gaatt i hop i vinter, du er reint skrinn aa sjaa til; du har teke det for hardt med ungdomslage og alt det der.

Pytt san. Kom og bli med du òg.

Ho ser nedetter seg, og smiler paa ein annan maate:

- Aa, eg ser no vel ikkje slik ut heller.

- Nei; det forstaar seg; du er no snart tjukk nok.

[56]

Han gaar opp paa trammen til henne att og klip henne i kinne.

- Slik mintes eg deg støtt. Naar eg var i lag med Sara. Du smilte slik til meg, og krevde ingenting.

- Veit du kva du skal tale om idag da?

- Ja, vera urædd. Nei, forresten, eg veit ikkje det grand, men eg kjenner eg kjem til aa gi dem inn litt kraftig, dei skal faa baade kamfer og vatn, mange av dem.

- Aa fy da! Kvifor skal du det da? Du har da vore saa blid og glad i heile vinter, - det har du da, Harald? Ho saag mest rædd paa han. - Kvifor skal du endelig vera hatsk imot nokon?

- Nei, det er saa, men. Nei, eg er blid paa alle, det vantar ikkje det. Eg skulde berre ha sagt eit eller anna som det var smak i. Eg faar no sjaa da. Men no maa eg i veg!

Han sette seg paa sykkelen og kjørte opp Engdalsbakken i eit tak. Inni vegen eit stykke kremta han seg opp saa det song i skogen, saag ut over dei brungrønne bjørketoppane og lo:

- He! Ho visste ikkje det, ho Petra, at ein kan vera saa glad ein slær!

Han trødde paa saa det snørp i vegen, det hørtes som sanden brann under hjula, og han kom settande i full fart inn paa tune paa Segerstad, før syttendemai-toge naadde fram dit.

Barnetoge hadde gaatt paa føremiddagen, heilt fraa Mørk sin skole til klokkaren sin, og [57] klokkaren hadde halde talen. No paa ettermiddagen gjekk vaksnefolke, ein dryg rundtur gjenom bygda, ungdomslage i spissen med fana og ei skrei med anna folk etter. Lærar Mørk skulde halde talen; men i toge var han ikkje med. Og det sa dei ikkje noko om. Han hadde da elles møtt fram i vinter, sa ungdommen. Ungdomslage hadde han blaase liv i og hadde slite som ein hest, kveldskole hadde han halde, baade ein vanlig ein og ein der dei lærte engelsk; smaa spelstykke hadde han styrt med, og endda hadde han havt songlag og hadde spela i alle dansane; aldri hadde han vore ein minut for sein. - Nei, han var eit egg-jarn slik, sa dei eldre. Og enda passa han skolen saa det var ein lyst. Og Ove Lund, ordføraren, sa til Hans Theodor, handelsmannen, og nokre andre, at vilde ingen annan gjera ein liten tale for Mørk'n, saa fekk han prøve; bygda laut bera fram som ein takk. Men Hans Theodor lo kaldt ut i vêre: Det blaahastar no vel ikkje! Da dei murra, dei andre, la han til: For det er som eg seier, det, - det er ikkje godt aa vita kor mykje devel det er i han. Han er ein hoven knegt innvortes, og ein stor socialist òg. Dei hørte ikkje paa han, for han var av dei gamle mosegrodde karane, han Hans Theodor, han taalte ikkje det rørtes i bygda. Det var han som hadde fare her og flagda med, at lærar Mørk skulde settast av fordi han hadde vore forlova med to gjentor paa ein gong, og alt det der. - Ja, sa ordføraren, du skal ikkje vera [58] trygg for at han ikkje har eit handelslag i hue, den karen; men da skriv vi ei ny klage paa han, ikkje sant?

Det vart folksamt paa Segerstad-tune, all ungdommen fraa bygda var der, og meir av eldre folk enn dei hadde set samla paa langsamelig tid. Klokkaren gjekk med blom i knaphole, og da han saag Harald, kom han skridande fram og handhelsa. Ungdommen saag paa Harald og venta seg eitkvart stort av han i dag. Ordføraren nikka breit og godslig, og nokre andre gjorde det same; men Hans Theodor og dei som hørte han til, stod og saag ut i lufta og tykte det var noko til godt ver om dagen.

Harald gjekk opp paa staburstroppa, og stod litt og venta til folk kom seg til ro. Han fekk eit trøytt drag med han stod der, men han kom seg fort og smilte friskt utover folkehopen. Da saag han dokter Vibe og Sara, dei stod borte ved posthuse; gamlingen stod bein og stiv og studde seg litt attover paa stokken, ho stod med hendene framfor seg, heldt i ein bjørkekvist og saag ned; ho hadde ein lyserød kjole paa, og faren heldt kaapa hennar paa armen.

Harald fekk ei djup rukke oppgjenom panna, og han klipte kringt med auga. Han kom til aa minnast den tid han var ein 14-aars gutunge: Da kom det ei framand gjente paa skolen, ho var fraa byen, og ho hadde ein lyserød kjole paa; ho var saa bleik og fin, halsen hennar var lang og kvit, og saa hadde ho eit lite, svart silketørklæ [59] omkring han, saa han vart enda kvitare, for ho hadde vondt i halsen og hosta støtt. Ho var det vakraste han hadde set, ho maatte ha gaatt gjenom døden, syntes han, - saa vakker var ho, at han fór i veg og gjorde alt det villaste og grovaste han visste. Da hendte det seg ho smilte, og han var nær paa aa strøypast ihel av lukke. Saa vart ho konfirmert, og saa vart ho forlova, med ein spelmann fraa byen, - og Harald laag og drømte oppi lia om korles dei hadde det, til han vart reint fortulla og sjuk. Saa døde ho av tæring. Og villskapen og spelemannshugen hadde sete i han fraa den tida, og minne om henne hadde gnage han - og det var det som hadde ført han til Sara, no først gjekk det opp for han. Og der stod ho no, eit framandt menneske.

Det var stilt no, folke venta, og talaren stod der med ein forglømt smil. Han merka kor stilt det vart, vakna og saag paa dem, tok dem ein for ein og vog dem, vaken og rolig saa det sveid. Og saa hadde han alt teke til aa tala.

- I aar er det hundre aar sea Henrik Wergeland vart fødd. Det er knapt mange av dykk som har komme ihug det, og det er den største synda de har gjort, den einaste, kunde eg seie. Han smilte venlig til mange andlet. - 17. mai er i og for seg ingen stordag, det var berre ein festdag dei trong eingong i tida, men han som den gongen gav folke denne dagen, Henrik Wergeland meiner eg, han var ein stormann, den største Norig har havt, og ein stor mann er [60] ti gonger meir enn ein stor dag. Ja for meg - og for nokre andre med, vil eg tru, - er han den einaste. For han var ein kristen. Det er det som er saa stort og saa sjeldsynt - kven av dykk har møtt ein kristen? Nei, her er ingen; det veit Vaarherre som har med det aa gjera; - og det er eit tap for verda. Og om de synte fram ein kristen, saa var han det og ingen annan ting, ein liten Lazarus og ikkje det grand meir. Men Wergeland var menneske attaat. Han var diktar, forteler dei. Javisst gjorde han dikt òg, baade mange og gode, men det bryd vi oss mindre om. Welhaven laga dem finare, og andre med. Nei men Wergeland var av eit anna slag, eg kjem attende til det, han var baade menneske og kristen. Han preka ikkje, - slik som dei gjer no for tida -, og han samia ikkje ihop pengar til aa plaga negerungane for. Han gjekk berre omkring og elska Gud. Og gjorde det som godt var. Gjorde det som gale var òg, gudskjelov for det, for elles var han ikkje eit menneske og saa hadde vi ikkje bruk for han, - aa, han var ein vidunderlig mann! Som han elska jorda under seg, som han elska blommane og dyra! Ja saa stort eit menneske var han, og saa sterkt var hjarte hans, at alt han elska her paa jorda, det tok han med seg. Veslebrunen sin vilde han møtast med i himmelen, og der har han funne han òg, vera urædd for det. Av menneskja er det mange han er kvitt der. Han hadde paradise sitt her paa jorda med han levde, og [61] derfor har han funne seg eit nytt der han no er. Og det trur eg, - det trur vi, vi som er unge idag: finn vi ikkje gudsrike her paa jorda, finn vi det heller ikkje ein annan stad. Her er guds hus, her er himmelens port! Det veit vi, eller det skal vi komma til aa vita, vi som unge er, unge og kristne, - for vi kan bli kristne vi, dei eldre veit eg mindre om. Det tek til aa gro ei sanning i oss, at her er det vi er skapt for av Gud. Den dag vi finn den sanninga heilt ut, den dagen vert vi nye menneske. Lat dem saa halde bønnemøte, lat dem saa preke for negeren.

Han saag ut over folkehopen gong og annan, og smilen vart større og lysare, etterkvart som andleta vart mørkare omkring han. Halve lyden var eldre og kristelige folk; dei vart graa der dei stod.

- De tykkjer gjerne det er ein rangsnudd tale, dette. Ja, det maa hørast rart ut for dem som eldre er, som ikkje har hjartelag til aa forstaa det. Det kan hørast ut bakvendt for dei yngre òg, - eg har desverre ikkje faatt sagt det slik som eg vilde; men eg veit dei er med meg, i hjarte. Denne vinteren millom ungdommen er den einaste vinteren eg har levd, kjem det for meg; og eg vilde bera fram ein takk her i dag, men finn ikkje ord for det. - Eldre folk kjenner eg mindre til, og ventar meg ingenting av dem.

Han strauk seg over panna med lommeduken, og tok ein annan tone.

- Det var det eg vilde ha sagt - til ungdommen: [62] Vi faar hive av oss det dei har lesst paa oss fraa barndommen, vi faar rette ryggen Gud gav oss; vi faar skrape oss paa sjæla, det er ikkje anna raad! Saa vi faar syne vaart att. Saa vi ser den verda vi lever i, som Wergeland gjorde det; saa vi finn den venleiken i henne, som kan lokke oss -, lokke hjarte vaart, til aa slaa rot. For det er det det gjeld om. Vi kan sjaa paa dem som har glømt det, saa ser vi kor det ber av. No kan dei synge om Norig, no kan dei stave norsk med negeren, vi ungdommen, vi vil djupare ned - og høgre opp!

Han saag paa dem att. Heile lyden stod som ein mur imot han, gamal og ung gjekk i eitt. Han smilte, men andlete var bleikt, og maale hadde ein trøytt og saar klang:

- Har ein eller to forstaatt meg, er eg fornøgd. Dei andre kjem etter. Syttendemai-talen vart de snytt for, men den kan dokteren halde, det har han saa halvveges lova meg, og vi veit alle, at han er mannen til det bruk, han har bringa full av fedrelands-elsk og - - alt det andre som hører til. Leve ungdommen!

Det tagde kaldt og uvisst omkring han, da han gjekk ned. Ola Engdalen og eit par til som stod nærast, tok eit steg attende og gav rom for han; andre gjorde likeins, saa han gjekk aaleine gjenom fjøllden og heilt til utkanten av tune.

Da ser han gamledokteren stiklar av nedetter vegen, fort og forarga, han held staven [63] godt ut til sides og gjer seg stinn i ryggen, - han let seg ikkje rope attende! Harald staar og ser etter han ei stund og kviknar til. Saa gaar han bort til ein av gutane han har havt paa kveldskolen, bed han faa med seg nokre av kammeratane og springe etter dokteren: folke staar og ventar han, staar og ropar paa han, ungdommen vil ha syttendemai-tale i aar òg! Dei stryk avstad ein firefem stykke, og tek att dokteren nedpaa brua. Der bli han staaande ei god stund og ta seg kring haka og sjaa ned i bekken.

Harald stod og var ikkje med i spele lenger. Folk tok til og rørte seg kring han, det kremta og murra og hørtes eit og anna orde. Full, vart det sagt, idiot, kunde ein òg høre, og meir sterkt. Hans Theodor og dei omkring han lo mildt men lenge; men klokkaren sette hatten tilrettes, sukka og tok vegen heim. Han møtte gamledokteren, som kom attende til folke, og han snudde i lag med han.

Da er det nokon attmed Harald, han ser opp seint og likeglad, og der staar vesle dyrlægen og løfter hatten og svær paa at talen var god, svingod, og frøken Sara er der og helsar og seier det same. Takk for talen! seier ho; - eg forstod han ikkje, men han var baade trøysam og god. Ho helsa saa lett og fritt, saag paa han som paa eit anna menneske og smilte enda urlite. Det staar bra til? spør ho. Enn med Petra? Tenk, det er saa lenge sea eg trefte henne.

[64]

Harald saag eit grand dum ut da dei gjekk; han gav seg i snakk med nokre ungdommar; tendte seg ein sigarstubb og stod lenge og saag paa klokka. Da sette folk i og song Ja vi elsker, og han tok i med. Gamledokteren stod paa burstroppa og saag stort og kløkt utover lyden: Her var mykje og fagert folk samla. Dei vart ferdig med songen, og han slapp til.

Han gjorde ein fin tale. Gamledokteren var halden for ein stortalar, fraa den tida han var paa tinge, han hadde ei sterk og mjuk talerøst, og orda laag han paa tunga som ein Guds gave, dei kunde faa ein klang som av skirt metal. Det var høge ord, ord som folk elles ikkje tok etter, men han bar dem fram med slik eld at jamvel motmennene maatte gi dem rom i hjarte. Inn imillom kunde det bli for sant det han kom med, og han tok det oppatt til det sveid i øyra; men saa siglde han avstad att paa den forgylte baaregangen, til han naadde land og slutta med graat i maale og ein stor hjartevarm sigerssmil. Leve ungdommen, det sa han òg, leve gamle Norig, ungdommen sitt land!

Gamal og ung ropte hurra, det opna seg ei luke for ein innestengd foss og braut paa med slik magt og glede, at det vara lenge før dei fann seg att etterpaa.

Ikkje eit ord hadde dokteren nemnt om den første talen, han hadde tala som han gjorde kvart einaste aar, berre litt bedre fordi her var meir folk, - billeg men godt. Likevel hadde han [65] plukka sundt alt som sagt var, saa no først saag dei det, ein og kvar, kor rangsnudd og dumt det hadde vore. Ungdommen! sa han, aa det var ein herlig ting; ikkje minst naar han fór vill ...

Kaffeen kom, og folk spreiddest utover vollen og godgjorde seg; og Harald slo seg ned imillom dem og var glad. Ikkje lenge etter saag han Sara og dyrlægen gjekk heimover. Arm i arm gjekk dei ikkje, men dei var som eit forlova par aa sjaa til. Harald fann i Ola Engdalen og sette seg bortaat han; han var lett om hjarte og smilte berre til at dei heldt seg saa still omkring han; Ola tina opp etterkvart, og fleire med, og Harald bynte aa fortele skrønor.

Ordføraren sat skrevande over ein benk og drakk kaffe. Dugelig med brød hadde han teke til seg. Det sat tett med bønder omkring han, med kaffe og brød, men ingen mælte eit ord. Da kom kjøpmannen, han Hans Theodor, borttil dem. Han smilte, tok ein sup av kaffekoppen sin, saag venlig paa dem og sette seg med ein glad sukk attmed dem. Komma seg unna han var ikkje aa tenke paa. - Du sit saa still, Ove? sa han. - Er det noko som har bore deg imot? Orføraren togg ei stund; han var ikkje snartenkt; han tømte koppen sin og saag endelig opp. - Eg synes du er saa fornøgd, du? Er det noko serlig? - Ja, ærlig talt, Ove Lund: eg er glad det gjekk hol paa denne blaase saa snart. - Au, har du havt blaase òg? - Denne skolemeisteren, meiner eg. Der fekk du høre sanninga, kar. Baade [66] om gudsfrygta di og heile stelle. Ordføraren murra og fekk seg meir kaffe og brød: Det gjorde ikkje vondt. Gjorde ikkje vondt. - Jasaa, jasaa, du er enig med han. Sjaa der du. Det skulde de skrive opp, karar; til ein annan dag, at ordføraren dykkar er enig i det som er sagt her i kveld. - - Hans Theodor reiste seg og sneidde inn paa dokteren og klokkaren og nokre til, dei stod der og gjorde av eitkvart seg imillom.

Eg synes dokteren staar og smiler. Ja, det er trøysamt aa møte overmannen sin óg, hm. Det gjer godt aa høre eit sanningsord eingong, - ja, eg tenker ikkje paa det dokteren sa, for det var no saa sant som det plar vera, det. Ja. Men klokkaren, han smiler ikkje. Aa nei; det svid etter flaaskjeften òg; naar han raaker saa godt. Samle inn pengar til aa stave norsk med negerungane for, he he he he! Aa, han var grei. Hadde eg faatt slik ein lyring, aldri i evigheita hadde eg kunna staatt still og tilgit han, nei, saa mykje sau er det ikkje i meg. - Han huka seg fast i dokteren før han kom seg til unnrømmings, og dei vart staaande ei god stund. Klokkaren stod og tenkte med dei talte. Han talte sjelden naar dokteren var tilstades; det vart saa lite klang i det da. Han stod heller og tenkte etter. - Strengt taget ... sa han, men dei agta ikkje paa det. Dei stod og vart einige om det, at serlig klokkaren hadde Mørk vore stygg imot, han hadde fornærma han saa kvarmann hørte det. [67] Klokkaren sukka med eit lett hjarte og la paa hovude: Det var inga sak om det var meg han hadde fornærma! Harald hørte orda heilt dit han sat, og han beit seg i leppa og visste det var sant; klokkaren hadde eit godt hjarte. - Strengt taget ... saa er det missionen han har fornærma; og det - -

- har du inga fullmagt til aa tilgi nei! tok Hans Theodor frami.

- uden at tage skade paa sin sjæl, la dokteren til.

- Nei, det er det. Det er nettopp det. Men-e-, ein faar no komma ihug, kva der staar skrive: Farer lempelig med den unge mand!

Dokteren tok orde att, og snakka om det andsvarsfulle arbeide ein lærar har: aa stelle med barnesjæla. Der maa ein ikkje faa sleppe til med ureine hender. Han tala lenge, og folk kom borttil og hørte paa.

Det var over midnatt da Harald fór heim. Han hadde dansa og drukke kaffe til det sveiv rundt for han, og no var han useielig lett om hjarte. Vinteren laag bakom han, det hadde gaatt som ein dansarkveld heile tida; slite og hugnaden var to underlige ting aa eiga. Og i dag hadde han rive utor seg alt som beit han, no kunde dei komma og slaass med han, saa skulde her bli liv!

Mainatta var graa og linn. Skogen og myrane blaana bort, og trasten tagde; og vegen [68] gjekk i halvmørkre over dal og høgd, alle hadde dei glømt han, men han gjekk her no likevel.

Harald lurte seg inn heime, saa stilt at ikkje eingong katten vakna. Men naar det bar til, syntes han han maatte bort og vekke Petra lell. Det var lenge sea han snakka med henne.

Ho spurte korles det hadde gaatt.

- Jau takk, berre skit. Han gjeispa og lutte seg ned til henne. - Uf, eg snakka som ein stor tosk. Gud veit kva eg sa, alt i hop! Aa ja men, dei var morosame aa sjaa paa, mange av dem; det var reine løgna for dem, det eg baud dem aa bite av. Du skulde ha set, Petra!

- Ja men - - - kvifor gjorde du dette, Harald?

- Hm. Eg ankar no ikkje paa det. Eg meinte det verkelig, mesteparten. Og litegrand maa dei no vel ha, skal dei halde seg friske.

- Berre eg visste ... kvifor du gjorde dette! Ho laag ei stund og saag opp i take. Saa la ho handa si over panna paa han. - No faar du dem imot deg, alle ihop, Harald.

- Aa, eg faar no vel alltid ein trefire med meg òg. Og du held no med meg da. - - - Saa trøytt som eg er. Eg er glad, du, at eg har rista storhopen av meg. Godnatt da, Petra!

Somaren vart ein strid sjau for Harald. Petra vart sjuk lenge før guten kom, og da han endelig var der, var ho mest klar. Ingen syntes heller det kunde vera anna aa vente, for det var ein høljar til gutunge; og Harald kom i hug at han òg saa nær hadde teke live av mor si da han kom til. Saa var Petra oppe for tidlig og vart liggande ein tørning til.

Det var det med henne, at det nytta saa lite aa snakke til henne for slikt. Ho var blid men strid, som Ola oppi garen sa, ho smilte og gav ein rett, men kraup i veg og gjorde det ho tykte maatte gjerast, - det var da ikkje anna enn ei gryte ho skulde løfte, eller kyrne som skulde mjølkast, for den vesle gjentungen dei hadde, fekk ikkje mjølka utor dem. Da ho vart liggande andre gongen, gjekk det hardt innpaa henne. Ho laag og saag fram for seg, og svara knapt andre enn Harald.

Hjelp vilde Harald ikkje høre etter om eingong, for da vart Petra reint fortenkt. Han gjorde det sjøl, mesteparten, og resten greidde smaagutane. [70] Han slo og dei breidde, han mjølka og dei stelte maten, og om natta laag han og vakta paa gutfanten, som vilde plage live utor mor si saa sant han var godfor. Petra bad saa vakkert ho kunde, at Harald maatte spara seg, men han bles berre: ho kunde aldri tru kor godt det gjorde aa ha litt aa tjone med!

I skuronna vart det leiare, for baade han og smaagutane fekk saa ilt i ryggen, dei sette seg beint ned og lo og anka seg, dei meinte dei gjekk i stykke. Da tok Harald ljaaen og slo, og gutane samla. Harald hadde klemt i veg med ulaglig mykje havreaaker, og no smilte dei fint borti garane og tykte synd i skolemeisterryggen; heldt han denne gongen, saa heldt han ein tørning til. Smaagutane, som kjørte mjølka til meieri to gonger i veka, hørte mangt som vart sagt, og Harald skjønna at her gjaldt det ikkje stort mindre enn æra. Han hadde rent i veg litt for vigtig med dette garsstelle sitt. Kan hende han hadde brynt dem litt for vel òg, her den 17. mai. - Ola Engdalen var den einaste som gav han ei hands hjelp, og det var ikkje fritt anna enn at han lo, han med: slik er det aa vera graakall; slik smakar bondelefsa, gut!

Det gjekk, det stinta og gjekk, enda dei vart noko etter anna folk. Men saa tok Harald til aa faa vondt i nakken, og fraus gjorde han og syntes det smakte vondt av alt han tenkte paa. Det var influenza, og det nytta verken aa arbeide henne utor seg eller fordrive henne paa annan [71] maate. Dette var noko nytt for han. Før hadde han berre arbeidd og slite fordi det smakte godt, no baud det hjartelig imot, det var umulig, og han seig paa og gjorde det lel; gjorde det saa det saag ut som han vilde synge attaat. Han mulla og song elles kvar gong han kom inn.

Men Petra saag saa paa han. Det arbeidde ei sut i henne. - Rettno trur eg ikkje du gaar lenger, sa ho.

Dagane var mange og vonde, og Harald var saa nærpaa aa stupe somtid, at han reint maatte le; og midt i det verste fekk han kornkjøringa, som vart ein ram sjau, for han stod og sprengte med regne, og kornstauren var saa tør han kunde bli. Heile natta dreiv dei paa, baade han og dei borti grannegarane. - Rettno styp eg! ropte drengen i Engdalen utpaa morgonparten, han kom med siste lasse med det same Harald skulde etter eit nytt. - Prøv aa staa! svara Harald, og gav hesten av taumbukta.

Straks etter bynte skolen, og sjukdommen sat i kroppen enda. Det var aa staa opp klokka halv seks og fara aat fjøse, saa bytta han klæda, reiv i seg ein matbit, tok ein bete med seg og fór. Smaagutane hadde gjerne gaatt paa varmen for han, men sømnen maatte han late dem ha. Den eine hjelpte til inne, og den andre styrte med krøtera. Det vart ikkje anna raad, Harald maatte opp i Engdalen og be om hjelp med poteten. Ola kom med opptakarplogen og heile mannhusingen han hadde brukt, Sofia stelte mat [72] for dem, og poteten maatte opp paa ein ettermiddag.

Midt i dette mase kom Harald til aa minnast ungdomsarbeide. Søtt smakte det ikkje, da var slite heime tre gonger saa godt; men han kjente han skulde greie det med. Ja, han fekk kanskje tenke paa ein framhaldsskole til vinteren. Det var rart aa røyne kor mykje ein taalte; det skulde visst ikkje lite til før ein "gjekk taa føten", som dei sa.

Han sa det med Petra ein kvelden: Det er godt aa ha urlite aa bale med. For den som har gaatt slik som eg da, gaatt og sluntra og ikkje visst kva eg skulde bruke meg paa. Det skulde no vera saa storfenglig. Og saa skulde det vera det rette. He, det rette ... Ein skal aldri tenke paa slikt. Ein skal berre ta til der ein maa. Saa kjem resten av seg sjøl.

Petra saag vekk og sukka. - Kan hende det, sa ho.

Paa første ungdomsmøte han kalla i hop, møtte der ikkje mange. Næste møte var der fullt hus, for da skulde der veljast formann. Harald sa, at no var lage i god gang, og no vilde han gjerne vera fri, osb. Dei var ikkje ueinig med han. Han pekte ut ein evnerik mann, Iver Ramsholmen, men da dei talte opp setlane, hadde Ola Engdalen faatt paalag kvar ein stemme.

Ola kom og gjekk heim i lag med Harald. Han smilte og var brydd, og skulde ha sagt baade eit og anna; til slutt bad han Harald om [73] han vilde hjelpe han. Harald lova det, og at han skulde halde foredrag og lesa opp som før.

Framhaldsskolen fekk han ikkje. Skolestyre meinte det gjekk ikkje an, at han skulde leie vikar for seg i folkeskolen, - det var slik det, sa klokkaren, at "der bliver intet helt, men stykkevis og delt." - Kveldskolen møtte det berre sju til, og der skulde vera otte; saa var det gjort.

Tingen var ikkje trøysam, men han tenkte heller ikkje større over det. Det kunde ikkje vera likeins alle aara. Han var no òg litt sliten, merka han. Det var sant som Petra sa, at han hadde blaa ringar nedunder auga og elles var han gul. Han var ikkje kommen i gang enno.

Han møtte flittig i ungdomslage, heldt foredrag og innleidde emne om baade stort og smaatt. Men det var ingen gneist i ungdommen lenger. Dei smilte saa det snerta og sveid somtid: han kunde finne paa mangt, han ... og saa tagde dei seg ifraa han, langt vekk; dei var stive og urikkelige som steingampar.

Harald syntes han maatte riste paa seg, stundom. For han kjente ikkje folk. Gud veit korles dei hadde det. Ikkje Ola eingong visste han noko om. Og ikkje Petra. Dei smilte, dei tagde, dei gjekk tett attmed ein og snakka, og likevel visste han ingen ting. Han hadde aldri brydd seg med dem før. Folk var folk, det. Storparten av dem var gode, for dei hadde aldri gjort han noko; andre var vonde, og dem kunde [74] ein slaa eller bruke kjeft paa. No visste han ikkje - dei var plagsame aa tenke paa alle saman.

Petra òg, somme tider. Ho smilte saa langframand, tenkte paa noko som var tungt og ikkje til aa seie; saa vakna ho og saag paa han, som ei god mor, paa auga hans og haare, - og saa tenkte ho vel eitkvart att. Men ho var fager som mor. Det var ho skapt for. Ho var stor og før, og hadde eit mildt og kjærlig handlag; ho vermte saa rart i huse.

Ein vakker dag stana Harald opp og strauk seg over panna. Han lo: Dei vilde ikkje ha han lenger! Skoleborna var imot han, dei arbeidde berre fordi dei maatte, og heldt kjeft fordi dei ikkje vaaga anna. I ungdomslage var dei òg imot han, dei fór i vêre baade den eine og den andre og var range: han gjorde aldri tru dei var fødd i gaar! Han hadde gaatt seg mot ein steinvegg i sømne. - Ja ja, framgjenom det skulde han no komma, utan aa svi eit haar av seg. Petra nemnte han ingen ting for.

Han vanta ikkje det han skulde gjera for det første. Petra hadde han forbode aa komma aat fjøse, og saa skulde han ha teke veit og lagt inn vatn før jorda fraus, og no hang alt vinteren og brann over hovude paa ein. Og saa var det denne elendigheita som sat i kroppen paa han enno; det dansa svarte flekker og gule [75] stjernor for augo naar han sprang utor senga om morgonen, og sveitta og fraus gjorde han støtt, - han dingla somtid naar han gjekk; han skjemtes hjartelig av det, og blaa-negta om nokon bar det paa han, baade Petra og dei andre fekk vel tidsnok greie paa kva blautegg han var. Noko famneved skulde han òg ha hogge opp og levert, for kjøpmannen spurte saa brennsk han kunde, om veden trong aa vekse meir enno? skulde han ha han, saa fekk det bli no snart. Det var det, at Petra hadde faatt det for seg, at dei maatte ta paa seg den skylda som stod for hoss kjøpmannen etter far hennar, og Harald var einig med henne i det; det var 600 kronor og han hadde dem ikkje, men dei maatte fram. - Saa her var velsigna mykje aa sjaa i.

Haustskya stod med store, vreide andlet ute i nord og vest, det eine bakom det andre. Det var vinteren som stod og venta, og han vart ikkje grei aa ta tak med. Harald saag etter han og gav paa med sitt. -Du lyt no herde paa med live heng i deg, sa han til seg sjøl; sea faar du sjaa i det litt. Han sa dei orda ofte, og dei styrkte vons meir.

Han sa dem til Ola òg, ein kvelden han kom nedover og vilde ha han til aa spela for dem i ungdomshuse, dei skulde ha seg ein snur ettersom det var laurdagskvelden, og den gamle spelemannen hadde slege feil.

- Men faar de no ikkje vaatt av dykk, før de faar meg til aa spela, saa stakars dykk! sa [76] han. - Dei søv saa dei rotnar levendes opp - og der skal eg sitte og gnu fela mi aat dem. Nei....

- He! Du held deg no vel ikkje for god til aa spela aat oss lel?

- For god.... Harald stod ei stund og tenkte. Det dansa rundt for han; han studde seg paa spadeskafte og kvilte eine foten.

- He?

- Nei, du veit, for god er eg no vel ikkje.

- Nei men du kan vera noko utarbeidd no, det skjønnar vi, du ligg i det som ein rivihel, og det tek paa det; for same kven det er; men vi skal no ikkje halde paa saa lenge utover.

- Aa, ein faar no henge i med ein lever, sea faar ein ta det med ro. Var det klokka 10?

Petra saag paa han med han stelte seg. Ho lo, men der laag eitkvart innunder:

- Vil du endelig ta helsa av deg da, Harald?

- Helsa? Ho faar halde med ho held ho, det er no hennar plikt.

Orda hennar drog etter seg. Han tok dem oppatt for seg fleire gonger med han sat og spela: Vil du endelig ta helsa av deg? Petra stod meir og meir klaart for han, ho saag paa han, lo til han og var angst. Han drakk seg peisa full. Brennevin hadde han ikkje smakt paa over eit aar, han var avhaldsmann den tida han var formann i ungdomslage, for lage si skyld. [77] No drakk han og spela til lyse morgonen, spela til dei knapt snudde seg lenger.

Tunga var eingrand lei, da han stod og skulde fortele Petra om dette. Han skulde ha fortalt, at ho kunde vera urædd, han var ikkje lei av live og vilde ikkje gi det ifraa seg enno; men ho hørte ikkje etter.

I jula bad dei han spela att. Det var det einaste dei bad han om, og ettersom det sveid saa utrivelig, kunde han ikkje seie nei. To nætter spela han seg igjenom, fela maatte lide det, og han med; det var ikkje det slage i nokon av dem, at dei kvinka.

Ein morgonen kom han heim i graalysinga ragande. Han rengde av seg helgaklædane og fekk munderinga paa, fjøsdragta, mól paa kjelen og svinga han over bortpaa omnen saa han kunde laga seg i stand til han kom inn. Men da han kom att, stod kaffekoppane paa borde, og mat var frambore. Petra hadde vore oppe, men hadde gaatt til kammerse att. Han smilte oppraad og tokk seg opp i haare, stod og saag omkring seg i stua, og saa luska han ut i kammerse. Petra sat og stelte litlen.

- Du Petra òg, som har vore oppe og stelt istand frukosten aat meg. Det - - hadde eg ikkje fortent. Eg saag - - du var misfornøgd i gaarkveld, da eg gjekk. Burde vel ha vore heime ja. Han stod og klappa henne paa haare. - Heretter saa skal eg - - vera heime.

[78]

Ho lutte seg unna. - Det treng du ikkje for mi skyld.

Han tok og snudde andlete hennar imot seg, og ho saag saa kaldt paa han, at han slepte henne straks.

- Kva det er, Petra?

- Ingen ting.

Han stod litt og glaamte paa henne, og saa snudde han seg og raga ut til maten sin. Han var full i føtene saa det var armelig han gjekk, men i hovude var han isande, sugande klaar. Det vara ikkje lenge, saa stod han i kammerse hoss henne att.

- Eg har spela og drukke, drukke og spela i all natt eg, Petra, det var ikkje godt, det maa du ikkje tru! Men du saag paa meg, tykte eg, du var med meg, var du, og da gjorde det berre godt, alt det dei fila og sleit paa meg. Ja, det er hesta dumt av meg, at eg staar her og forteler dette, men.

- Gaa og legg deg no. Du er full.

- Ja, i kroppen ja. Ikkje i sjæla, der er eg - hm? Men kva er det du sit og tenker paa, Petra? Det skal du fortele meg. Har eg vore - urimelig imot deg? He? Du kunde no gjerne svara meg. Verre har eg ikkje vore imot deg heller. He? Du skulde ikkje vøre aa - - aa -

Vreiden la seg fort att, og han vart staaande og sjaa stivt paa henne.

- Nei, Harald, sa ho rolig og la guten til [79] bryste; - eg skal ikkje vøre. Du har gjort meir for meg enn nokon annan kunde ha gjort. Meir enn eg kan gjera for deg nokon gang. Du har hjelpt meg. Ho sat ein minut og beit imot, og saa bar det i graaten med henne.

- Nei men Petra - - du?

- Aa nei slepp meg! Du skjønnar det ikkje lel du. Du trur det finns ikkje takk i meg, du.

- - - Men du skulde ikkje ha - - hjelpt meg! Du skulde ikkje - -

Han kom seg endelig saapass at han fekk ord for seg, og da snakka han lenge for henne. Sistpaa gav ho seg over, la hovude innaat han og let att auga; inga kvinne kunde ha tvila paa han i denne stund. Han sat og saag paa henne, saa underlig trøytt og lukkelig; han syntes han var som vintervinden som peip i dørene. No var ho trygg, stakar.

- Men, sa ho best det var, liksom ho hadde sete og tenkt paa denne eine tingen, - det er no ikkje ansles det: Eg er fraa underklassa, eg.

- Det stemmer. Vi er av den sorten baae. Det var da derfor eg var saa strid. Finare kost - - smakar ikkje meg.

Ho lo, og han reiste seg og gjekk ut.

- - - Men heile den dagen, og fleire dagar etter, var han urolig. Ho trudde han ikkje, og det var ei vond bør aa bera.

Han maatte vera paa knea no, for jamvel vêre tok til og plaga han. Han hørte det og saag det støtt, slik og slik var det; han var som [80] eit kvinnfolk aa kalle. Vinden gjekk og tuta millom tennene og hadde det vondt, og fjorden han fraus saa hjartelig. Men innover stod skogen og vogga seg og visste ikkje om nokon ting, gran og furu stod og lea paa hovude, dei sette greinene ut i lufta og sila vinden gjenom bare, susa og susa utan tanke og kjensle; dei taalte alt.

Harald snakka til Petra saa ofte han saag henne, og ho svara og var blid.

Men kva ho tenkte, kunde han aldri vita meir.

Nei, det kan ingen vita kva eit anna menneske tenker, og det er ikkje meininga ein skal vita det heller. Men denne angsten, sa Harald med seg sjøl, den kom berre av den vesle tingen, at han elska henne; han retta seg opp under arbeide og saag det saa klaart for seg. Javel, saa var det som det skulde, da. - Elska henne ja, dei kalla det slik før i tida.

Skolen hadde alt teke til etter jul, og enno hadde ikkje handelsmanns-søkkja faatt siste vedlasse. Harald og smaagutane stod opp klokka fire ein morgon og gjekk paa for alvor, og til skoletid var halvfamna ferdig. Om ettermiddagen lesste han paa, hivde ein av smaagutane oppaa, og i det same hesten fór i veg, slengte han seg sjøl opp med eit bukkesprang attanfraa, saa Petra stod att og tok til seg pusten og bad gubevareseg. Saa kveikte han paa pipa, snudde ryggen til vinden og song. - Snu ryggen til verda, gut, saa taaler du mykje av henne! sa han.

Kjøpmann Hans Theodor Hansen var paa godføre sitt den dagen, han skreiv av hundre [82] kronor i boka og betalte resten av veden med pengane i handa. Folk er folk, sa han, og dei er gode aa møtast med. No kom Mørk og vart med inn, saa sant han var ein hedersmann, her vart ein pjolter aa faa - aa langt ifraa, her fanns ikkje nei her i garen.

Det var første gongen Harald merka at han var glad i brennevin. Sitte i ei skikkelig stue og drikke eit skikkelig glas, noko som var bedre kom han ikkje i hug, og han hadde ærlig fortent det. Han sendte guten og hesten heim og gjekk inn. - Første glase rann i han som vatn. Kjøpmannen skjein.

Ja, her sat vi den kvelden for to aar sea, da De kom ut for dokterfrøkena. Herre min vêrdag kor eg lo, da eg hørte tidna om det etterpaa. Det varpe kan han takke meg for, tenkte eg. - Ja ja san. Det hender saa mangt. Og no er ho Sara forlova med vesle dyrplagaren. Og han skal vera omvendt alt; han har faatt nye brillor aa sjaa gjenom; han skal ho vel komma til aa kjøre fint med.

Hans Theodor putra og prata, og Harald drakk. Saa fekk dei kveldsmat, - store ting i baade mat og drikke -, og saa tok dei til med pjolteren der dei slutta. Gong for gong snakka Hansen seg inn paa Harald og vilde ha greie paa kor han no stod; men Harald var einig i alt som sagt vart, og tok syloddane som krydde til det han drakk.

[83]

- Det er saa hyggelig aa møte eit menneske eingong, sa Hansen.

- Det er gjerne saa det. Eg har aldri vore ute for det nokon gong.

Harald saag snart at her skulde han drikkast full, og han gjekk med paa det. Men han passa vel paa at den andre ikkje stal seg unna. Da det ikkje var aa faa i kjøpmannen meir, bynte Harald aa kjenne etter om han kunde staa. Greit var det ikkje, men det maatte klare seg, han maatte heim i dette uvêre og sova litt, og saa paa skolen; han saag vegen som ein lang og vond ting framfor seg, og smilte. Da hørte han Hansen tett attmed seg, han var grøtut og valen i maale:

- De kjem ikkje heim i natt, Mørk, De skal ligge her i natt, Mørk. Vi har - forsynemeg - drukke i kveld, Mørk; drukke!

Harald tek flaska paa borde og skjenker seg ein støyt berr wisky, og drikk ut. - Sesaa, san, no fór eg. Opad og fremad. Godnatt, Hans Theodor. De ser saa slakk ut i kjakane, er det kaldt? He? Er det kula?

Det snødde ute, men det var ikkje mørkt, og Harald tok vegen opp Brekka med lange steg. - Slik er det aa vera full! sa han fleire gonger; - dette her skal du klare, forstaar du. Ho Petra ho - - trur no vel -

Pøh! han var opp Brekka lenge før han hadde trudd det, og saa bar det bortetter jordene, og myra innover. Snøen var djup alt, og djupare [84] vart han des lenger han gjekk; som rimelig var, naar det gav paa og moka ned snø ovanfraa! Rett som det var, snaava han i eitkvart, - skaal! sa han og kilte i veg att. - - No ja, dette her - var ikkje vegen, men det kunde bli slikt slag, det var bra jord aa gaa paa, og fram bar det saa det susa i smaabjørka, han fór liksom han hadde stole baade kropp og klæda. - Der laag du! sa han og reiste seg; - du est ein kalv. Dit er det du skal, der! "Beint fram, okse," som skrive staar.

Langt om lenge, det var visst lenge til gagns, stoppa han opp og gjekk ikkje lenger. Nehei, ikkje eit steg. Han rota fram klokka, tomma i fyrstikkone og lyste paa henne: Ho var 3, og han var paa gælen veg. Hadde gaatt austom fjelle, stod midt i svarte marka og lyste paa klokka og var full. - Jaja, ban, du faar skjera deg ein god kjepp, saa finn du vel fram, skal du sjaa. Han leita lommane ut og inn. Fanns ikkje kniv. Da sette han seg i snøen, - for han stod paa kne korsom var, og saa song han:

- Harald aatte ikkje staal!

Da han kom til aa tenke seg om, hadde han visst sete ei god stund, og han merka han var sjuk. Allting sveivde rundt omkring han, og han sat midt inni ringen og kaldsveitta saa det silrann nedetter panna og kjakane. Javel, javel. Han tvistirde paa ei diger bjørk, nikka til henne: Ser deg mest, Hans Theodor, ser deg mest. Du skjenkte som ein hedersmann. Takk, eg har det [85] berre godt. Og der stod han Ove, ordføraren for dei andre, og der klokkaren, den Zions vægter. Har de vore fu-ull nokon gang, karar? Full saa de maatte krype - krype - og enda klaar, klaar saa det skar all sjæla inngjenom? Ikkje det nei. Har de aldri vore paa knea, de da? Har de aldri spytta paa dykk sjøl? Nei; de taalte det ikkje heller. Det skal ein vaksenmann til det. Eg, ser de, eg smiler eg. - - De er hederskarar, alle saman. Men eg synes det veks mose paa dykk, never og kraakestry - - ler de aat meg? for det om eg kryp paa fireføtene? Staa ikkje der og flir til ein sjukling! Sjaa her, no reiser eg meg og gaar - morn da! Beint fram okse i -

Han reiste seg og gjekk, saag etter at det ikkje bar attende, og slong i veg med full fart. Han flirte. For andre, dei hadde vorte liggande her dei og fryse i hel. Men dette her, det var han. Men sjuk, det var han, sjuk... han syntes døden skulde ha vore ein søt sømn. Magen laag som ein heit stein i han - korles var det dei song paa skolen: at en konge uden mage - -! Konge var han god nok, men uden mage var han ikkje nei.

Der saag han lys. Sandbakken. Hoss ho Mattea borti plassen. Der han sat saa ædru og godt om dagane, i middagstida, og drakk kaffe attaat maten sin. Lys ja. Ho Berta var heimkommi fraa byen; hadde fengta i ein unge att og laag i stua. Han vart varm i hugen. Live [86] var ein god ting; og Berta Sandbakken var ei sol til gjente, - men det hadde han ikkje visst før.

Han gjekk med lange steg og krøkt rygg, litt etter eine sida, tvert over skigar og veit, over vegar og jorder, aa ja da, han gjekk over mangtslag i natt, og fram kom han som ein mann. Der var Lovatne, tre stig framfor han! Han vikte til høger, - for det var eit stygt vatn aa drukne i, saa djupt og kaldt -, svingen var dryg omkring, men det gjekk for det same. Rettno var han oppi plassen og fekk kaffe av ho Berta. Fleire gonger fór han paa hovude i snøen, vart reint borte, og kunde ikkje puste og kunde ikkje sjaa, men saa kom han seg ut or det att, og da song det i han: - No ser eg atter slike fjell og dalar!

Han dundra paa dør og vindauga i Plassen, til dei let opp. Berta kom ut i natt-trøya og underskjørte og spurte kva det var. Han gjorde seg bergsterk og fekk opp munnen, fekk sagt henne at det var kaffe om aa gjera, og klemte seg inn. Ho kosta av han snøen, fekk av han støvlane som var fulle av snø, og bynte aa gjera opp varme. Ho maatte bort til senga og stelle med ungen sin, for han vart arg av dette levene, saa kom ho og stelte med Harald att. Ho strauk sveitten av panna hans, og kva kom ho ikkje med? Ein stubb spekepølse! Ho var ein gudsengel. Berta Trufast kalla dei henne. Ho var det. Ikkje berre imot ein, som dei andre gjentone, ho var trufast imot mange paa same tida. - Han [87] fekk kaffeen, og saag som i ei skodd at Mattea kom inn utor kammerse; saa sansa han ikkje meir.

Da han vakna var det lyse dagen, trudde han, og han spratt opp og fram utor senga, men tumla beint imot veggen. Han hadde lege i senga hennar Berta, og no skulde han ha vore heime og stelt fjøse. Han fekk paa seg i ein fart, klokka var berre sju, og la paa dør, tok beinvegen over skare og rente heim. Vegalaust var det, og foksnøen var baade djup og stinn, men han traava som ein elg, traava illska utor seg og var heime paa 3 kvarter. - Da var Petra i fjøse.

Han sat i fjøse ei stund, men det vart ingen prat imillom dem. Han vilde ta omkring henne, da ho kom og tømte mjølka, men ho bad han vera rolig. - Gaa og legg deg, sa ho. - Ja, no gaar eg. - Saa sender eg han Kristian avstad og seier skoleborna at du kjem ikkje. - Kjem ikkje? - Ja, at du er sjuk, eller --. Aa tøv! Eg er ikkje det grand!

Han stod og saag paa henne der ho gjekk og stelte. - Du kunde no vel sjaa paa meg, Petra; om det var aldri saa lite. Nei nei. Han gjekk, var innom og skulde faa seg ein matbete, men vann ikkje paa mat, og saa la han i veg til skolen.

Han sleit med skolen til middag, og det gjekk bedre enn ventande. Da slong han opp i Plassen som vanlig og skulde ha kaffeen sin. Han drakk for to, og la seg bortpaa benken ved [88] omnen etterpaa. Han sov med det same, og enda Berta vekte saa trufast ho var godfor, var det ikkje liv aa faa i han.

Berta forstod seg paa slikt, og ho breidde over han sjale sitt, det hadde vore hendtlig aa ha mang ein gong det, og sprang ned til skolen og sa ifraa at læraren var sjuk.

Da han vakna, vilde han opp, men Berta la han bakover att og sa han skulde sova. Han lydde henne. Det var saa for godt. Og ho sat attmed han og smaatt strauk han over panna, og kvar gong han vakna, var ho ferdig med vatn; - det var synd i den som var sjuk, særlig naar ein sjøl var skyld i det.

----- Med ho sit der, kjem Petra inn. Auga finn fram til benken straks, men ho spør likevel om dei har set noko til mannen hennar her.

Harald slær opp auga og ser paa henne. Han er kvit som ein krita mur, men han reiser seg opp, smiler og gnikar seg over auga. Petra er ikkje rolig som elles, andlete hennar er framandt aa sjaa til, og ho sukkar stutt og fort.

- Du er da vel ikkje verre daarlig - enn at du kan bli med heim?

- Nei da. No kjem eg.

- Ja, han har snakka i at han vilde heim, tek Berta frami, - men saa sa vi det vi, at det var det inga meining i, og ikkje var det trengsmaal til det heller, han kunde meir hell gjerne faa ligge her ei natt til, sa vi. Saa var det stuttare veg i morgo, meinte vi.

[89]

- Eg tok med snøsokkane dine, seier Petra rolig; - det er ikkje saa lite snø i vegen.

Ho hjelper han aa faa dem paa, faar frakken paa han, og saa gaar dei, med baae dei to kvinnfolka i plassen staar og pratar og pratar, fulle av gode raad.

Harald gaar føre, stort og stødig, Petra kjem stilt etter. Slik gjekk dei og tagde. Han skulde ha sagt henne saa mykje, men han let det heller vera. Det høvde saa kleint aa seie det no.

Best dei gaar, set Petra i og ler.

- Nei gaa! seier ho og ler enda, - eg vil sjaa paa deg! Forlate meg, om eg har set noko saa likt klokkaren.

Ho gjekk etter han lenge og lo, og han skreid føre og gjorde seg ikkje bedre enn han var. Gleda voks jamt og sterkt opp i han. Han snudde seg om til henne og stod og saag ned og var hjartans oppraad.

- At du verkelig er godtil aa le no da, Petra!

- Aa, du maa no aldri tru eg er blid paa deg for det.

- Nei blid nei, det - - -

Han tok til aa gaa att.

Nei, ho kunde gjerne vera rykande sint paa han. Han var no det han var for henne likevel. Det var sant som dagen omkring han, at han hadde take sitt i henne enno; og dermed saa [90] hadde han tak i heile live. Ho var forunderlig, ho Petra. Ho hørte han til.

Han stana paanytt, tok handa hennar da ho kom etter, og stod og vêra omkring seg ut i lufta; lukka tyngde saa rart paa han.

- Eg skal seie deg ein ting eg, Petra: Det kjennes liksom naar eg har vore for lenge under vatne og endelig kjem opp att og ser sola og heile dagen og kjenner kor lufta gaar ut og inn i bringa, kjenner eg tek paa og lever att - slik er det no.

- Gaa no, bad ho.

Ja, han skulde gaa. Her gjekk han! Stor og lukkelig, med live omkring seg og i seg. Eit menneske, tykte han. Vinden sukka oppi lia, og fjella og skogen blaana imot regne - det fyllte han berre med mod og magt.

Petra skjente dugelig paa han, og han tagde og tok med; kvart orde ho sa, var sant, og godt gjorde det, - og visst ho hadde piska han, hadde det gjort enda bedre. Natta levna opp i han, han maatte igjenom det att, og det bar langt langt vekk ifraa Petra, ut i sjølve kalde bitande heimløysa; og no hadde han funne heim att, og no saag han Petra var mykje meir enn han hadde visst om. Det var ho som bar han, slik var det. Ho kunde skjenne paa han, og tilgi han. Ho kunde allting for denne galningen sin.

Midt i kvitaste snøen og grønnaste barskogen stod telefonstolpane og merkte seg ut: dei var [91] trekvite, litt graa i leten av vêr og vind, dei stod i ei lang traadbein rad skogen bortgjenom og var gode nok for seg sjøl; dei song tonen sin, ein graa og lukkelig ein, og gav verda ein god dag.

Drikk, Harald! sa Ola og skuva glase bort til han. - Brennevine mitt er vel liksaa godt som - - han tok resten i seg, men han saag stivt paa Harald.

Det var i kjøkene nedi Vika. Ola Engdalen hadde vore i byen og hadde komme over ei flaske brennevin, og no sat han paa kjøkenbenken her og baade trua og tagg at Harald skulde ta ein dram med han. Harald føyde han i det, men Ola var like ufornøgd: det maatte vera ein til.

- Du skulde ikkje negte meg det, Harald; enten eg kan ha fortent det hell ikkje. Sjaa her no, drikk! Ikkje sant, Petra, han kan liksaa godt ta seg ein mort her som andre stader?

- Ja, ikkje som det skal vera meg i mot. Petra saag ikkje opp.

Ola Engdalen fór elles saa vakkert fram, i det stykke var han høgt ovanom dei andre ungdommane; men det var visst òg det einaste han hadde att etter far sin, at han kunde te seg som eit vaksemenneske der han kom. Men i kveld [93] var han ikkje attkjennande, kom ranglande midt i økta, tok ikkje huva av seg ein gong, sette seg paa kjøkenbenken og spytta paa golve. Og enda var han ikkje full. - Petra gjekk ut, og han saag tomt etter henne.

Ute lyste aprilkvelden over snøen og fjorden, det bevra ein lang sølvtone av vaarlys i lufta.

Ola sette auga i Harald.

- Jau, Harald, det er som eg seier deg: dei er imot deg, heile bygda. Baade for det du har sagt og for meir til. Ungdomslage med, for den saks skyld. Det høres rart, at eg sit her og forteler det, men. Vi drikk paa det, Harald! For, ser du, eg skal seie deg ein ting eg.

Petra kom inn, og Ola tok oppatt orda sine. Harald sat og gapte og vilde helst ha komme seg ut til arbeide sitt, men Petra vart heit og ivrig med det same, ho vilde ha full greie. Ola fortalte, at det var det dei hadde havt for seg paa krinsmøte her om kvelden; det hadde vore fullt hus, og gu og kvarmann hadde vore oppe og tala. Det var kanskje ikkje stort aa gjera ved det, men dei vilde seie fraa at dei vilde ikkje ha ein lærar som drakk saa han vart liggande ute om natta, sa krinsformannen. At han laag ute var no ikkje saa farlig, meinte Hans Theodor, ein kunde ligge andre stader, der det verre var, slik kom det for han. Og det gav dei han kraftig rett i, dei andre.

- Du veit, sa Ola og saag ulukkelig paa Harald, - du har sove middagssømn oppi Plassen.

[94]

Harald nikka.

- Dokteren var paa møte han òg, men det var ikkje nokon som hørte større paa han, han tok liksom ein tone for høgt, han. Dei syntes mest dei skulde greie dette sjøl seg. Dei var hatske.

- Eg har lenge venta det der, sa Petra. - Dei er som hunden paa fattigmannen.

Harald saag opp, og smilte da han saag kor forsagt ho stod.

- Dei er ikkje farlige, Petra.

- Aa det - - - kan no komma an paa, det. Dei er ikkje folk, naar dei faar tak paa ein. No faar du takk for arbeide!

Harald hadde levna til, han reiste seg og tømte glase sitt, retta paa seg og støytte hardt med armane ut i lufta.

- Ta det taalig, Petra. Eg skal koste dem av meg saa det gyv etter, eg har ikkje gjort noko gale. Eg seier som mannen eg: Eg har ikkje noko gale ugjort!

Han tok hardhendt etter henne, snudde henne til seg og klemte andlete hennar millom nevane.

- Du har no ein paa di side lel, Ola ser med smaa auga fram for seg. - Han der litle - kudokteren. Dyrlæge Rise.

- Han?

- Ja det forstaar seg. Først fór han og fortalte om baade laust og liggandes: folk var sauer, som taalte slikt. No stod han opp paa møte, saa høgt han rakk, og tok deg i forsvar [95] saa det dundra. Men-e - han saag no ikkje fælt glad ut, der han stod.

Ola lo, ein liten innful laatt, og stirde ivrig paa ein kopp mjølk paa kjøkenborde.

- Det er saa det, sa han. - Du veit han er under kommando. Som han sa han Andreas Paalsnese, da vi gjekk heim: Det er ikkje greit aa vera Rise heller, naar ein er under rise sjøl. Ja, ho temmer han fint, frøkena, sa eg. Du veit, sa han Andreas, ho held ikkje hund ho, som dei gjer, dei andre storkars-kvinnfolka no for tida. - - - Jau da, han forsvara deg som ein maur, han Rise. Som han skulde ha betaling for det.

- Tvi for ein rennande! sette Harald i og tok seg kvast oppi haare.

Petra hadde staatt og tvistird paa han. No løyste ho take og smilte:

- Det gjer ingen ting. Du lyt taale det, Blessommen. Det kjem vel med, er eg rædd.

Det ramlar inni stua, og Petra spring med det same. Guten har velta eitkvart utover seg, og skrik.

Ola reiste seg, han stod framfor Harald og saag brydd ut.

- Du maa ikkje - fortryte paa, at eg kjem slik og røler, Harald. Hadde eg vore noko til kar - saa veit du eg hadde søvd ned dette i ungdomslage; og andre stader med.

- Ja eg veit ikkje kvifor du - - - kvifor du kjem -

- Nei, det har du rett i. Men du skal agte [96] deg for folkekjeften urlite, det var berre det. For han er som hundkjeften, han er farlig. - - Ho Petra - - han viste med hovude aat stua - - du veit det var noko imillom oss eingong. He? Jau, bi no - eg seier det som det er til: Eg er like blid for det. Ho vart tankefattig første gongen ho saag deg, det var ikkje hennar skyld, og ikkje di heller. Og eg, ser du, eg finn meg vel eit brot, naar tida kjem. Nei, eg vilde berre varsku deg for dem. Eg - e - meinte ikkje noko -

Harald saag Ola inn i andlete, friskt og sterkt. Andlete til Ola var stort og vakkert, auga var brune som i hund og sa ikkje stort, men dei kunde opne seg imot ein og syne heile sjæla, han var eit godt menneske, og Harald hadde ikkje ansa paa han før.

- Takk, Ola! sa han, og han syntes han hadde halde ein heil tale da det var sagt.

Ola vart raud og slo auga ned. Saa berga han seg med at han kom i hug flaska paa borde, han skjenkte i kvarsitt glas og sa skaal.

Da det var drukke og Ola hadde gaatt, gjekk Harald inn til Petra og ungen. Han gjorde seg ein sving over golve først, tendte paa pipa og sette seg, var oppe i same blinken, gjorde ein snur til over golve, kom bortaat dem og stod og smilte:

- Du ser saa umota ut, Petra?

- Det kan no vel ikkje vera større aa bli mota av heller. Naar det ber til, saa kanskje du [97] bli jaga utor posten din som ein lauparhund, til takk for slite ditt.

Han saag enda lysare paa henne, han likna ein glad unge.

- Jamenn trur eg du er reint sinna paa dem, paa min part. Du Petra òg. Eg har aldri kjent meg saa sterk som i kveld, Petra. Og saa han Ola da, som kjem og forteler meg det. Han er - - ikkje verst, gut. - - - Du: Var du glad i han Ola eingong?

Ho tenkte seg om, og saag opp paa han med tanken i dei opne auga enno, rolig og ærlig:

- Ja, - eg var no vel det. Paa ein maate. Det var no før du kom nordover att, det.

Harald snudde seg rundt, strauk seg hastig gjenom haare fleire gonger og var heit; han saag ut liksom han skulde til aa gjera eit hallingkast. Saa tok han opp vesleguten og gælntes med han ei stund, til Petra la seg imillom og fekk barne aat vogga. Ho var ikkje aa rikke naar det var barne det gjaldt; Harald stod med hendene framfor seg og saag paa kor stor og myndig ho var der ho la det ned.

Ei lita stund etter var Harald paaklædd, han skulde baade paa posthuse og til smeden. Han tok kjelken, for da gjekk det i eitt kjør gjenom Langfall-bakkane. Petra fekk ei lita rukke i panna. Det kom saa for henne at han skulde ha vore heime i kveld, sa ho. Harald bles aat det og kyste henne uvørent, - trudde ho dei rente [98] i han og reiv han? Eller at han hamna oppi Plassen enda ein gong hoss henne Berta Trufast?

Saa bar det ikkje betre til, enn at han møtte dyrlægen nedi Langfall-dalen; han kom vegen vestantil, og vilde sjaa aa komma seg framom saa pinefritt som raad var. Det gjekk ikkje.

- Jassaa, du er ute og raklar du òg, sa Harald.

- Eg veit ikkje av at vi er dus, men la gaa.

- Ja De da. Kva er det De fér og bles med no da?

- De skal ikkje vera saa fiendsk. Visste De kva eg for med, saa var De eitgrand spakare. Han saag paa Harald og venta seg litt nyfikne; men Harald stod og drog paa smilen og var forargelig. Dyrlægen minka og kom nærmare innaat han, smilte lurt og godslig og tok seg aat innrelomma: - Eg fér med ei liste, far, - ei som kunde bli god aa ha - for Dykk. Hm? De veit vel ikkje kva folk, seier om Dykk, - kva som er i gjerde om dagen?

Harald drog opp eine munnvika og nikka, han visste om heile trøyheita.

- Ja? De veit det? Og da var det vel ikkje av vegen om einkvar tok i med Dykk og letta oppunder, om einkvar slo i hel røle deira? Sjaa her - han kom fram med eit papir og heldt framfor Harald: no maatte han da vel bite paa! Harald saag over han og smaatt flirte og smaatt blistra. - Det er ei liste med underskrifter for Dykk, eg fér hund ta meg som ei bikkje!

[99]

- Ja, det har De rett i!

- Ja, ikkje sant?

- Jau, billete var brenngodt!

- Her har eg alt over 20 namn, gode namn, vil De ikkje sjaa?

Harald tok lista, men saag paa dyrlægen:

- Kva faar De for den der rensla Dykkar?

- Faar?

- Ja, kva betaler ho med? For det undrast dei sterkt paa, folk borti garane.

- Eg har i det minste ikkje venta meg noko betaling av Dykk.

- Nei eg, ser De, eg gjer slik eg, - han reiv papire i smaa betar og strødde paa snøen.

Dyrlæge Rise smilte forunderlig, ein hatefull og tomsut, men glad smil; naseborene tok til aa gaa paa han.

- Hels henne med det fraa meg, at De kan faa fri til saa lenge. Med slike barnestrek gjer ho meg ingen ting, ikkje dusta; enten ho saa meiner det vondt eller godt.

Harald angra seg før det var sagt. Denne vesle mannen hadde ikkje gjort noko vondt, og den kvinna som plaga han i veg, hadde ikkje Harald det minste grand med. Han hadde jamvel bore seg gale aat imot henne.

- Jasaa, sa dyrlægen. - De har svartsjuka da. Saa-aa. Hmhm, san!

- Idiot!

Harald tok kjelken og gjekk. Den andre kom etter.

[100]

- Ja, forresten, heldt han fram, - det held eg med Dykk i. For ho er herlig. Ja, det er sant, det veit no De saa lite om, De fekk saa lite godt av henne, - De var henne for grov kost; De veit ikkje -

Det small, og dyrlægen gjekk paa hovude i vegveita. Harald var ferdig til aa ta han att og rundjule han, det skulde ha vore gjort, syntes han; men før han fekk tenkt seg om, hadde han dyrlægen i bringa og fekk ein under øyra som ikkje var klein. Han rista han av seg, men den andre skalla under bringa, saa Harald raga, tok seg dregt og gjekk paa hendene saa støvlehælane hogg i sida paa Harald, var oppe i same augeblinken og støytte etter haka. Harald tok etter sinne, - det var ikkje anna aa gjera, og no gjekk han til det med liv og lyst. Gong for gong fekk han daskar av den vesle sinte mannen, som spratt og spentes liksom ei fjør, han var ikkje kleinslig aa leike med, denne her! Endelig hadde han klo i han, slengte han rundt til det susa for øyra, og slepte han; han fór som ei skinnfille bortetter vegen; Harald bia ikkje til han kom paa føtene att, han var over han og stelte med han alt han kunde. Han drog han etter vegen eit stykke, sprang med han og syntes det var trøysamt, sinne arbeide tungt i han, og da han fekk eit spenn for bringa som mest tok pusten fraa han, gav han seg til aa hive litt med han att. - No laag han still, vesle morven, iaag paa magen og blaaheldt seg i ein stubbe, [101] javisst, der hadde han faatt tak i fedrelande, og det slepte han ikkje! Harald snudde seg alt ifraa han, men saa var han ikkje godtil det ansles: han tok han att ein tørning, la han over knea, knepte ned buksa og dengte, - ja, og saa tok han og hivde han siste gongen, slik at han slipa bortetter vegen.

Harald var stiv og kald i andlete, men lett om hjarte. Han skulde ha set til han før han gjekk, men han hørte der kom ein dumbjell-kjørar, og fann ut at det var godt nok.

Petra var oppe enda, da Harald kom heim.

- Eg synes du er saa bleik? sa ho. - Er du daarlig, Harald?

- Langt ifraa.

Han gav seg i kast med maten og saag ikkje opp. Ned vilde ikkje maten, tvert imot; men han maatte, for Petra sat og saag etter heile tida. Han reiste seg fraa borde, tok etter pipa men let henne vera, og gjekk beint bort til Petra. Han tok hardt omkring henne, saag henne vel inn i auga, der angsten voks og voks.

- Petra! Eg er saa glad i deg. I deg og i heimen min og alt i hop! Søv han, hurrabasen vaar?

Petra svara ikkje. Andlete hennar var rolig som elles, stort og fint og bleikt; men han saag det paa hendene hennar kor rædd ho var, han saag det i auga, som han ikkje fekk tak i meir, dei gode, brungraa auga, - det brente han som ei ishand.

[102]

- Ja det var gale gjort! sukka han med seg sjøl. - Ja for - - eg kom til aa skambanke dyrlægen, han kom med ei liste for meg, - ja, eg maatte, skjønnar du, fanns ikkje anna raad skapt, men.

- Gav du han - - mykje òg?

- Til gagns ja, og litt til, Det er det som er det leie. Men du maa ikkje bli umota for det, Petra, det gaar vel over att, du skal ikkje ta deg nær av om eg faar aldri saa mykje for det; ja, det bli verst for deg, men.

Ho stod ei god stund og tenkte før ho svara.

- Det er for mi skyld det her kjem. Eg har lenge venta det.

Han tok henne inn til seg att, og prøvde aa snakke med henne til ho forstod; orda kom som ein varme innanfraa, all hans elsk laag i dem; han kom paa saa mangt aa seie, og sistpaa saag det ut som ho slo dei tunge tankane ifraa seg. Ho sa beint ut, at det som var gjort burde ikkje vera ugjort, og det som kom etter, fekk ein vel ta som det fall. Harald kjente alt denne djupe, rare gleda ira gjenom seg, som han støtt kjente naar han hadde Petra med seg. - Men best det er, seier ho laagt, med auga festa langt ut einstad:

- Naar eg berre visste kvifor du gjorde dette...

- Nei men Petra!

[103]

- Men det faar eg aldri vita. Du veit det vel ikkje sjøl heller; enno.

Harald sukka. Han visste ikkje meir aa seie som det kunde vera mon i. Ho var ikkje saa nær han at ho hørte han likevel. -Men: slikt skal no òg ein mann ha kjent.

Det gjekk fort og stilt for seg i bygda, langt ansles enn det pla gjera. Snakka vart det, men det gjekk kvikt for seg det med. Først maatte lærar Mørk paa forhør. Han hadde skamslege dyrlæge Rise, saa han laag og kraup innpaa vegen og var ikkje i stand til aa seie ku eingong da dei fann han; ei guds lukke var det det kom ein kjørar og tok han opp, han strauk til doktergaren med han, og der vart han liggande sjukling i fleire dagar.

Dyrlægen var ein folkelig mann, og grei kar i arbeide sitt, han vart bedre des meir dei tenkte etter, og skulde straffa bli tilmaalt etter det, maatte ho bli stor. Ho vart ikkje det. Han maatte ut med nokre kronor, læraren, det var heile stasen. Loven var vel slik. Han er oftast slik tilmaata, loven, at skal du gjera gale, saa er det best du legg i til gagns, det gaar for det same. Ein kan faa tugthus i vekevis for lite og ingenting. Men det skulde vera det: Dyrlægen hadde komme fram og sagt at det var likesaa mykje hans skyld som det var Mørk si, at det [105] bar i hop; det var noko kvinnfolk-greie, og han hadde brukt ord som skulde ha vore usagt. - Der saag ein: Dyrlægen var ein gasta kar.

Mørk sa godtsom ingenting. Ueinige vart dei, og sinne fór i han, og resten visste dei. Om han angra paa det? Jau, han kunde ikkje anna seie. Det skulde visst ha vore ugjort, for kona si skyld.

Alt i alt tykte folk det saag mest ut for at han ikkje angra det grand. Og kor som var, her var ikkje meir hell eitt aa gjera: han maatte settast av. Ola Engdalen tagde og saag ned paa krinsmøte, men best det var gjorde han seg grov: Dei var toskar og sladderkjerringar alle hop! Han stod ei stund og togg og hakka, rød som ein ur, og saa fekk han endelig fram, at det som lærar Mørk hadde gjort, det var just nettopp det kvar einaste vaksen kar maatte gjera, aa slaa ifraa seg naar han vart terga. Dei kjente vel lærar Mørk nokon kvar, og visste han var ein fredens mann. Paalsnes-karane, Peter og Andreas, som dei vart kalla, sa seg einig med Ola; det var denne litle julingshistoria og ikkje noko anna ein kunde laste Mørk for, dei drakk ikkje alt som draup unna tekkja; for dei lyg no meir enn dei snakkar, folk, la Andreas til. Det var ingen som hadde hjartelag til aa høre paa slikt, og dei bynte aa snakke om sitt. - Ola hogg frami ein gong til, og spurte om ikkje lærar Mørk hadde vore ein snild mann, imot borna? Hans Theodor tok paa seg aa svara. [106] Han saag opp under lofte, og smilte lognt: Jau, sei det; ein snild mann. Men eit vondt hjarte. Dei andre klipte med augelokka: det stemte ikkje kleint. Og eit leibeist i brennvine, la kjøpmannen til.

Saa vart det skrive klage fraa krinsen til skolestyre, og der vart det umfram-møte straks. Klokkaren var formann der, men han klaga seg klein, og næstformannen maatte styre møte. Det var Ivar Ramsholmen, ein garmann utanfraa Nesse, og han hadde halde med Mørk heile tida, baade i ungdomslage og elles. Han vilde gjera det han kunde for Mørk, sat ei god stund og saag utgjenom vindauge, og fann endelig paa det verste han kunde gjera: han foreslo dei skulde sette ut saka til nytt møte, og stemnsette læraren dit, saa dei kunde faa snakke med han. Mange mælte imot, men da Iver spurte om dei var rædd læraren, slo dei om og gjekk med. Han var gjerne eit leibeist aa krangle med, men for det saa - -

Det nye møte gjekk godt for lærar Mørk lenge utetter. Klokkaren var bleik og høgtidsam. Han heldt ein lang tale først, til Mørk og til dei andre om einannan, gjorde rede for det som var hendt, og tykte det var saa ille det vera kunde, men vona likevel at alt maatte bli til det beste. Kjære medkollega! sa han. Ærede forsamling! Mørk sat rolig og hørte paa han, saag somtid paa han og somtid paa hendene sine, og da klokkaren tok til aa spøre han, svara han stutt og greit og beintfram som eit skolebarn. Dei [107] andre la seg frami gong etter gong, men dem ansa han ikkje paa; des meir tok han oppunder det klokkaren sa, og forklara seg for han personlig. - De - skjønnar visst dette, sa han. - At det er leit nok for skolen, er saa si sak; men, tida gaar, og ho jamnar gjerne paa alt; ungane er forresten ikkje saa rædde for slikt, ein dask har dei age for, og for han med som gir dasken. Klokkaren hørte taalmodig paa han og rista paa hovude. - Ja ja, sukka han, - mitt syn paa dette er diametralt motsatt. Men paa den andre sida saa-e: Visst De ope og ærlig bed skolestyre her, og krinsen, om tilgiving, og lovar at De aldri meir - e -. Javel, det kunde det no alltid bli ein utveg med, meinte Mørk; - eg har kone og barn og meir slikt, veit De.

No var stua som eit humlebol. Dei var komne her for aa sette av ein lærar, og mindre gjekk dei ikkje heim med. Bede om tilgiving, nei det let dei seg ikkje snyte med, dei var ikkje tilkomne i gaar heller!

- Ja, ja, sa Mørk, han hadde reist seg, og han heldt seg til klokkaren som før; - noko gale har eg no ikkje gjort, beintfram, men lel saa - -

- Unge mand! sa klokkaren og døyvde dei andre. - Seier De at De ikkje har gjort noko gale? Kan De vera saa forblinda?

Det vart stilt i stua.

- Ja det seier eg beint og reint. Det kjenner eg paa den flekken der samvite skulde sitte; eg [108] synes, sant aa seie eg er bedre enn storparten her. Han gjekk dem over med auga, ein for ein, litt nærsynt: - Ja, eg tek unna nokre faa, han nikka til Iver Ramsholmen og klokkaren; - jamenn synes eg det, naar eg skal seie det som det er. Klokkaren miste take i forsamlinga, og det eine maale søvde det andre ned. No var det Plassen og Berta dei kom fram med, syttendemaitalen vart oppvermt, og fylla og felespele og heile stasen, nærsøkne spørsmaal og giftige slengord hagla ned over Mørk, og han stod og snudde seg saa til den eine saa til den andre og blunka lognt: De skal no ikkje tru for kleint om folk heller. Ho Berta oppi Plassen? ho er snild ho - dit skulde De ta Dykk ein tur! Full ja? det var eg da vel. Det gjorde ikkje det grand. Men huser De den gongen, Hans Theodor, da vi kom fraa Valvære? Da var vi fulle da, læskelig fulle, aa, det var vemodig kor vi drakk! Slikt gjer aldri det minste. - - Klokkaren banka i borde, no var han vreid:

- De maa ikkje ta dette lettsindig, unge mann!

- Nei, eg gjer det eg kann, eg, for aa halde meg alvorsam, eg tør knapt sjaa opp!

Eg maa seie Dykk eit sanningsord: De høver ikkje for skolegjerninga! De har ikkje det rette alvore, det rette sind.

- Nei, De kan ha rett i det, kan hende, sa Mørk stilt. Han drog opp eine augebruna.

[109]

Klokkaren talte lenge og godt, og bad han slutte godvillig. Folk murra.

- Ja, men, dei lærde no ikkje saa kleint hoss meg, borna, likevel. Og det var trøysamt paa skolen mang ei stund. Eg har òg tenkt paa aa slutte, men eg synes ikkje eg skal det heller. Nei, sannelig, eg vil halde paa, eg. Til saa lenge de faar braaka til og sett meg av.

Dei song imot han, høgt og lukkelig, med eitt maal: Det kjem ikkje ein unge paa skolen til Dykk heretter, ikkje ein einaste!

Mørk vart bleik. Han kvitna i leppone. Saa retta han paa seg, smilte med smale auga til dem, saag paa klokka, sette paa seg hatten og gjekk; - snudde bortved døra, kom tilbake og gav klokkaren handa og baud farvel.

Det var ingen rettelig smak i aa sette han av etter dette; men tingen maatte ha sin gang.

Sjøl tok han seg ikkje nær av dette, saavidt dei hørte og forstod. Han gav paa med vaaronna, og fikta saa godt han kunde med aa klare renta. Det var verre for kona, ho Petra, ho tok allting saa tungt, ho, som alle av den slegta. Det vart fortalt at ho var reint ulik seg etter dette. Ja, men: det var vel helst det som maatte til for aa opne auga paa han. Det er ikkje ansles med den tingen, her i verda: Ein faar fara fram som folk.

Ei stund etter vart det fortalt, at dokterfrøkena hadde slege opp med kjæresten. Grunnen kunde ingen seie for visst, men at det var sant [110] fekk dei snart full greie paa. Dokteren rista paa hovude, han vilde ingen prat ha om dette; han gjorde andlete langt og utpint, saa dei kunde sjaa det hadde raakt han i hjarte. Dette var saa tung ein støyt for dyrlægen, attaat det meir, at jamvel ordføraren slo seg med dei andre. Rise var ein hedersmann, og lærar Mørk kunde visst bygda unnvera. Orda hans gjekk fraa gar til gar, og det vart meir og meir sanning i dem des lenger dei gjekk.

Harald syntes han hadde ikkje levd før no i den siste tida. Live fylte han med undring; det var ei merkelig kjensle. Vinden han bles utpaa fjorden, og folk gjekk der og kjørte der etter vegane, Petra og gutungen dei heldt til heime, inni stua, og her stod han, midt oppi arbeide sitt, ein vêrsliten og trassig bonde - slik hadde det vore lenge, visst, men no først gjekk det han til hjarte korles det var. Stundom kom han slik paa det, at han gav seg stunder og tenkte etter, melta opp att det som hadde hendt. Aa angre paa noko var ein ting han var uvant med, og skulde han ha angra eitkvart, maatte det vera at han hadde gjort eit sprett for lite, den tida hugen var til det. Han lo, somtid, naar han kom i hug galskapen. Skolen og borna sakna han ikkje saa lite, det kom visst til aa sitte i lenge, kjentes det for. Men den saknaden, som alt anna, maatte ein vel kunne gjera om til eitkvart [111] bedre, ein fekk no kjenne og sjaa. Dei hadde fila grovt paa han, dei hadde fingra paa han saa det var utrulig, men nokon skade hadde dei ikkje faatt gjort han lel. Aa nei; hittil hadde han vakse det av seg; eit menneske var ein snodig maskin. - Han kom kjørande til meierie med mjølka om dagane og møtte dem, nokon kvar; dei var rundt omkring han, auga deira fomla og leita over han, og han stod open og verjelaus imot dem og blunka ikkje. Dei beit ikkje paa han meir. Dei kunde aldri meir faa han til aa renne i veg og gjera ein galenskap, same kva develsdom dei brente han med. Han hadde vakse fraa dem. - - Berta Trufast kom paa meierie som snarast ein dagen han stod og venta paa mjølka. Det vart ei glede paa dei andre. Det stod ei garmanns-kone der, ei ung og vakker ei; ho saag etter Berta ho som dei andre, og sukka: Stakars Berta òg, ho har no rett stelt seg kleint. - Ja men, sa han og snudde seg til henne, - at det gjekk slik med henne, skal De ikkje seie større om. Ho er vakker ho, ser De, og ein veit ikkje kva det vil seie naar ein ikkje har prøvd det. Den andre beit seg i leppa, og folk stod omkring og var med, men Harald hadde inga moro av det. Han trong det liksom ikkje lenger.

Petra var det synd i. Han sette ifraa seg øksa eller spaden, naar han kom i hug det. Det var no renta, som ho ikkje visste korles dei skulde klare, - og ikkje visste han det heller for [112] den saks skyld -, og saa var det folkesnakke, og saa var det mangt anna. All motbøren som kom, raakte henne. Det var hennar skyld.

No hadde ho faatt noko nytt aa pinast med. Dei fortalte at han Ola oppi Engdalen heldt paa og forlova seg med frøken Vibe. Det hadde vore saa lite aa sjaa til han i det siste, og naar han var nedover ein sving, var det aldri noko om han. Dei snakka gjerne sant. Og Petra la det paa seg om ei ulukke: Dette hadde Sara ikkje gjort, visst ho ikkje hadde vore ødelagt av sorg. Ho tenkte paa det tidlig og seint, og snakke henne ifraa det nytta ikkje. For kvifor skulde ho elles ta han? Ung og vakker som ho var, og ei dokterfrøken - hadde han børt noko slikt før? Og ettersom skylda var hennar, kom her vel meir som ikkje var godt.

Harald maatte gaa beint heim utor arbeide somtid, og sjaa etter kor det stod til. Om ho vart glad naar han kom, kunde han ikkje seie; men det hendte seg ho heldt han att naar han vilde gaa. Ho kunde ta saa underlig i handa hans.

- Det er rart, Petra, at du er den einaste som ikkje er rædd at eg har havt noko med ho Berta? Det kjem seg vel taa det, at du bryd deg minst om kor eg fer.

Ho lo, denne dulde laatten sin, som han aldri vart klok paa; der var baade skalk og sorg.

- Aa, det var no ikkje Sara lel, tenkte eg, og da saa - -

[113]

- Men eg syntes du sa eingong, at du unte henne allting?

- Nei. Ikkje no lenger. Eg hatar henne. Men - det er eg som har ødelagt henne.

- He! Er du no der igjen.

Stund og anna, naar han hadde snakka seg tom og trøytt for henne, syntes han det var ei bør han ikkje kunde bera, dette, det var saa meiningslaust at ein ikkje var i stand til aa roa den ein gladelig gav live sitt for. Han snudde seg rundt og leita etter luft, krevde himmelen til vitne. Men saa var magta der, magta til aa bera alt. Ho kom innanfraa, fraa ei kjelde han ikkje hadde visst om, og ho vermte han all igjenom, gjorde han til eit nytt menneske.

Ein kvelden Harald var austover ein vending, møtte han frøken Vibe og Ola Engdalen. Det var paa lag der han hadde gjort opp med dyrlægen; og dei to heldt seg paa same vegkanten. Han sagtna litt i farten, helsa og saag paa dem, og rann framom. Da han kom tilbake, tok han att Ola inni vegen, han var ikkje kommen lenger. Harald hoppa av sykkelen og slo lag med han.

Det var ei vakker somarnatt. Lufta var full av bjørkedaam og my-song, og nattskodda blaana innover myrane, og fjorden laag blank fraa strand til strand.

Dei gjekk side om side, dei to karane, og sa eit eller anna, eller tagde. Harald saag bortpaa [114] Ola rett som det var; men han gjekk der og sveitta og bar saa tungt at det var ei nød, lange sterke karen greidde visst ikkje dette lenger. Han trødde elles saa lett og kvikt, Ola, og munnskjegge rørte seg saa lystig paa han. I kveld var det armelig han sleit føtene med seg.

Harald sette i og lo, best det var:

- Du Ola, du Ola!

Ola snudde seg imot han, drog opp smilen først, og kom saa med auga. Dei saag ei god stund paa einannan og smaatt lo.

- Du sukkar, liksom du skulde gaa og bera paa ein devel i mørkre, synes eg.

- Ja herregud. Det er det, ser du: Eg kan inga raad for det; det har komme av seg sjøl. Naar det kjem saa kjem det, slikt noko.

- Ja-a, den vanen har no ulukka havt all sin dag. Lagnaden har berre eitt auge han, veit du, og det er blindt - han kunde ha raakt deg i hjarte for den saks skyld.

- Ja, eg faar seie som gjenta eg, som fekk barn: eg hadde no ikkje villa det hell, men - -

Dei bynte aa gaa. Men Harald saag ut over skogtoppane og hadde ein flir i skjegge.

- Eg skal vaage meg paa, - - eg skal henge opp meg paa, at ho har fria sjøl.

- Du! Eg skal fortele deg ein ting eg, Harald! Ola stana og beit seg i hop. - Du skal ikkje vøre aa snakke ilt om ho Sara. Det har no i det minste ikkje du nokon rett til.

- Nei, det forstaar seg. Eg har no fare aat [115] som ein - som ein lusbukk, eg san. Det har du rett i.

Dei gjekk og tagde ei stund. Myra anda med ein kald, frisk gust imot dem. Ei hestbjølle song djupt og einslig i natta.

- Men det er sant du seier, sa Ola; - eg er no fødd ungkar eg; hadde vel aldri komme paa aa forandre noko ved den tingen. - - Men kan du forstaa slikt? At ho vil ha meg, meiner eg?

- M-ja, kvifor ikkje det? Du er no den du er, og ikkje er garen for katten heller; her i bygda er ingen likare aa faa, og no har ho komme paa det der, at ho skal ha ein slark ifraa lande. Saa det skal du ikkje - - puste saa tungt for.

- Ja, eg har spurt henne - - Ola svelgde og svelgde - - eg har spurt henne beint i auga - e - om det er for di skyld, for han Mørk si skyld, har eg sagt, at ho vil flytte hitover? - for ho vil flytte hit.

- Ja det vil ho da vel?

- Hit? Ut i graae kattnegl-bygda! He?

Harald beit seg i leppa og fekk ein skugge over andlete. Saa knippa han med fingrane og blistra ein stubb, lea iitt paa seg og tok til seg luft, og saa las han - for seg sjøl - utor Njaalssoga:

"Ikkje skal ho spilla venskapen imillom oss."

- Hm?

- Eg seier det - - Harald stana og saag [116] alvorsamt paa Ola -- eg seier, at det skal ikkje gjera oss to til uvenner.

Ola vart baade rød og glad.

- Nei, naar du - -

Harald retta fram handa, og Ola tok henne. Paanytt saag dei einannan inn i auga, fast og kaldt og utan aa blunke. Dei var nærpaa jamhøge, og denne gongen var det like mykje magt i Ola som i Harald.

- Nei, vi skulde vel vera vaksne da, paa ein maate, sa han.

Harald nikka, og dei gjekk att. Ute i garen i Engdalen vart dei staaande ei stund og prate hit og dit, men tankane var ikkje med orda. Harald saag etter Ola, da han gjekk inn, - slik hadde han ikkje set han før. Han var saa stinn i nakken og saa traust i fotelage, aa, han kunde ha dansa halling i staden for aa gaa, han sprang gjerne skigaren i kveld: han var glad!

Og Harald stod midt paa kammersgolve og smilte, da Petra vakna. Ho trudde han hadde faatt skjenk.

- Du Petra: han Ola er forlova ja, seier han. - Eg møtte dem austi vegen, og saa vart eg i følge med han heim, han fortalte meg heile stasen. Ho skal flytte hit no til hausten. Han Ola er reint fortura han, det har vore som ein skrell i hovude for han. Det emnar seg til smør.

Petra laag ei lita stund og sa ingenting. Saa la ho seg til aa sova att, med Harald snakka og [117] snakka, - slike som han Ola, dem gjekk det ikkje mange av i tylvta. - Men lenge etter merka han at ho sov ikkje.

Det var sant, det tyngde vel paa henne, dette. Det var sørgelig med folk, dei levde saa langt ifraa kvarandre. Nytta ikkje aa rope eingong. Andre enn han... kunde visst ha greidd dette her saa nokonlunde. Han var fødd trehest.

Det var skinsomar, blankvêr og tørk heile høyonna og lenge etter. Det hørte mykje ljaaslaatt til Engdalsvika, og Harald vanvørde ikkje kosten, han slo rubb og stubb. Klokka 4 om morgonen song ljaabryne borti engane, det hørtes som ein arbeidshuga kar som kremta seg opp og tok til, og ikkje lenge etter var smaagutane der og kom kilande i skaaren saa hatsk at det rauk av dem. Sistpaa slo dei heile natta aa kalle, for dogga si skyld, og sov litt om dagen. Da dei oppi Engdalen var ferdig, snøydde dei nedi Vika av siste snippen òg.

Da stod Harald og saag utover garen sin. No var han her, og kom aldri her ifraa; og angsten var ikkje aa kjenne meir, denne angsten som kjølte gjenom han da han heldt paa og grodde fast. Bonde var gjerne ikkje det han helst skulde ha vore, men det gjorde ikkje det grand. Her hadde han det han heldt av, og her [118] hadde han det han skulde bitast med, - ja, og saa var han her no!

Oppe hoss Ola bar det til aa maale og stelle baade ute og inne. Han kom og tagg Harald med oppover rett som det var, han maatte sjaa paa det litt, som han sa; sjøl var han ein smed til aa blande i hop det som skulde til, det som beit paa veden, men desse letene var vrange aa greie, den eine var like vakker som den andre, tykte han; det maatte Harald komme og seie eit vislig ord om. - Ja, sa Harald, slik og slik skal det vera, og det slik; men beskerot om du maa nemne eit ord til henne, gut, om at eg har sagt det; for da skraper ho maalinga av veggen att, med neglene.

- Aa, du er no visst vel dryg no da. Men det er rart, du, at kjerringane skal vera saa stride av seg, enten dei er gifte eller ugifte.

Oftast kunde Harald ingenting merke paa seg. Han gjekk ut og inn i sengkammerse deira og tenkte ut farger og bordar, liksom det skulde vera eit villframandt rom. Men best han stod, kunde det ta han slik kring hjarte - eller kor det no var - at han syntes han maatte sette seg. Da smilte han og song; - for det gjorde ikkje det grand likevel. Han gjekk til arbeide sitt som eit friskt og sterkt menneske, dukka under i slite og kom opp att som ein ufisk, sømte dit han lysta. Og aldri hadde tanken paa Petra git han slik varme som no.

[119]

Straks etter onna vart Petra liggande i barnseng. Ho fekk ei lita gjente, slik som ho hadde ønskt seg det, og smilte. Harald hadde sørga for at ho fekk meir hjelp denne gongen, saa ho klara seg lettvint over det.

Da skuronna var fraaseg-gjort, gifta Sara og Ola seg. Dei vart vigde heime i doktergaren, berre nokre faa slegtningar var tilstades, og straks etter middagen gjekk brurfolke ombord i ein motorbaat og reiste sjøvegen austomkring heim til Engdalen.

Det var i 6-tida om kvelden dei kom til Engdalsvika. Harald hadde halde paa nedpaa sjøvollen om dagen og renska opp ei gamal veit. Han hørte kakkinga av ein motor bortpaa fjorden, og rusla heim; han skjønna kva som var i vage, og saa tykte han ikkje han brydde seg om aa staa der beint i vegen for brurfolke.

- Kva det er for slags kakking det der? sa Petra og saag ut gjenom kjøkenvindauge.

- Veit ikkje eg. Kjem an paa om det ikkje er brylloppsfolke som kjem den vegen; nei, eg veit ikkje, men; det var no ikkje umulig.

- Gaar du paa lofte, du?

- Ja, det var noko eg skulde sjaa etter.

Han klødde seg i nakken og gjekk. Jau, det var sant: han skulde ha i stand det der [121] hekkels steingreve, som laag og fór av skafte i einingen. Han hadde høvlbenken sin paa loftsvala over vedskotte, og skruvsted og litt av kvart. Han maata skafte innpaa, og leitte etter eit og anna som han trong. Med det same kika han ut og saag etter kor det vart av denne grautestapparen som kom.

Dei la just til brygga. Det var stilt og blygraatt i vêre, baaten seig fram med svarte render etter seg i vassflata. Sara stod midt paa baatsdekke, ho hadde ei blank regnkaape paa seg, for det fuk-regnte saa smaatt; ho stod der høg og rak, med hendene djupt i lomma. Ola stod forut med baatshaken og tok støyt. Motoren kakka ein totre slag og tagde, kakka litt og heldt anda. No sprang Ola opp, og Sara straks etter; ei gjente kom kravlande opp utor baaten, ho bar tungt paa eitkvart, og prøvde seg varsamt fram etter dekke. No var Sofia, søstra til Ola, kommi nedover, og broren, han Anton; dei hadde vel kjørt heim dei, eller korles det no var.

Med Harald stod der og saag paa, hadde Petra komme opp paa lofte til han, og han ansa ikkje paa henne før ho stod attmed han bortved vindauge.

- Staar du her du?

- Ja, eg skulde gjera i stand hakka mi, og saa skulde eg no sjaa litt paa - herligheita med det same.

- Eg meiner du er bleik, Harald?

- Eg?

[122]

- Ja det er du. Kor det kjem til det?

Han saag forundra paa henne:

- Eg er no vel ikkje bleik. Men du - - herregud, du er da kvit som eit laken? Kva det er som feiler deg, Petra?

Han skulde ha teke omkring henne og sagt mykje meir, men den smilen ho saag paa han med, tok magta ifraa han. Han var vond.

Han saag paa henne med tomt andlet, beit seg i leppa og kjente ho var kald. Han saag ned, og saa opp paa henne att; han svelgde. Og ho stod og smilte og saag han djupt inn i andlete.

- Og eg, sa han, - eg som har gaatt og gledd meg paa denne tida, paa denne stunda - - at eg skulde faa syne deg - -

Meir orka han ikkje aa seie. Det var saa altfor nyttelaust aa seie noko her. Naar ingen hørte paa han. Men her hadde han gaatt og gledd seg paa at han skulde faa syne Petra - ja, kva var det i grunnen han skulde ha synt henne? Det vart saa lite no. Det var berre dette, at det var henne og ingen annan han brydde seg om.

Han sette seg paa høvlbenken, tok til og plistra paa ein salmetone.

Pryl kunde han ha taalt, og tunge dagar og alt slikt, men ikkje dette. Store hoggsaar hadde han sydd i hop sjøl, uten aa grøsse; men ei lita flis under neglen kunde faa han til aa skifte [123] letene og kaldsveitte. Og dette var ei flis under neglen. Dette var helvete og vel saa det.

- Kva er det du staar og flirer etter? seier han tørt.

- Aa ... ingen ting, større. Det er berre saa artig aa faa vita det ein - det ein veit før. Tykte eg.

Dermed snur ho seg og gaar.

Det strøyper til kring hjarte paa han, det kjennes som han ser henne siste gongen, men foten løfter seg og spenner ei gamal kasse som ligg midt framfor han, saa ho fyk bortetter; det logar rødt etter henne der ho fér.

Petra lo, høgt og bitande, og han stod still liksom i skogen naar ein bjørkekvist har slege han i andlete; tankane rente hit og dit for han, dei leita etter eitkvart aa tyne, og samstundes skjemdest han av det saa det sveid. - Han retta seg i vêre og sputta: Tvi, du salte! Det var ein vond smak paa verda somtid.

Kvelden blaana seg stilt inn i natta, og tida gjekk saa rolig, saa rolig. Maanen kom ikkje fram, han lyste berre opp langt bakom skyene, i ein annan heim. Allting dorma, men ingenting sov. Haugar og hus sømte borti kveldskodda, som store tussefiskar i ein trollsjø.

Saa still ei natt hadde Harald ikkje opplevd. Han laag og saag ut. Han saag greinene paa trea, han saag skya, som vaka over jorda langt ute. Og inne i han var det like stilt. Han kjente eit stort taalmod i seg, ein still og rugande natthimmel [124] over alt som baara eller brann. Petra, sa han med seg sjøl. Dagane som kjem, dei skal syna deg det. Kor stilt ho pusta der ho laag.

Ja, det var stilt. Han laag og hørte paa klokka. Det gurgla i halsen paa henne, gnog inni gognverke ein stad; det hørtes som ho skulde døy. Nei, det likna meir ein ufugl som sat nokonstads og let, ei devel-ugle med bust paa, ho bles ut halsen og murra, klipte vondt med auga, lokka ut i natta og venta. Einkvar hørte henne vel.

For det er mest tyngre aa faa sova naar det er for stilt enn naar det tutar og bles. Det er reint som verda er botnlaus, sukka det ein skapning bortved verdsens ende, saa maatte ein høre det heilt hit.

Harald strauk sveitten av panna.

Midnatt. Midnatt og graatt og stilt. Ingen vind var ute og gjekk, og sjøen var borte. Og no var dei toeina deroppe, Sara og Ola. Natta gjorde fest for dem. No fann dei einannan, to unge glade menneske. Det vart han Ola Engdalen som fekk henne, og ingen annan.

Best det var stod Petra opp, famla seg fram paa nattborde og fann seg vatn, pusla litt med vogga.

- Har du ligge vaken, Petra?

- Enn du? Har du sove du da?

Ein minutt laag Harald still og syntes det ramla ned for han, alt han hadde bygd opp, det rausa i grus, og kvar tingen sleit i han og tok [125] stykke med. Ja, for no visste han det sjøl, og no visste Petra det òg, at han ikkje hadde faatt Sara utor hjarte enno.

- Petra? sa han stilt.

- Hm?

Han reiste seg opp i senga.

- Kom hit litt aat meg. Du skal det, Petra!

Ho kom og sette seg paa senggavlen hoss han. Han kasta hovude inn til barmen hennar, med nokre tunge, tørre hikstingar.

- Eg svær for deg - - eg veit du trur meg ikkje, men eg seier deg det: det er deg eg elskar! Ikkje ei sjæl forutan deg. Men eg har ført deg borti pina, - du vinn deg aldri framgjenom dette her du. Men du maa, Petra, det er ikkje anna raad!

- Ja ja, hysjt! Eg skal vel alltid - -. Naar det berre ikkje - bli for tungt for deg saa. Ho kyste han paa panna, for første gongen paa lang lang tid. - Saa, no maa du sova da. Ho strauk sveitten av panna hans. - Faar du ikkje sova da?

- Jau, visst du søv saa.

Ho vart hoss han om natta. Ho laag med handa over panna hans, og fekk han i søvn.

Sundags føremiddagen nokre dagar etter kom dei nygifte nedover til Vika. Petra fekk først sjaa dem, ho var bortmed øvre vindauge i stua og stelte med blommane sine. Ho stogga midt i andedrage og beit seg i leppa:

[126]

- Kan du fortele meg - -

- Kva det er som staar paa no da?

Harald hadde saavidt komme seg i helgaklædane, han stod framfor spegelen og pynta til skjegge sitt med saksa; - han let det vekse og gro til der det vilde no og hadde eit lite, fint fullskjegg, men han maatte halde det i age saa det ikkje vart for vidt, det laag for mykje vêr i det som han sa.

- Dem kjem hit, Harald!

- Jasaa.

Han skjønna kven ho meinte, og saag ut. Dei kom hand i hand, i "toskillings-leistand", gjekk og slengde med armane som to ungar. Og vollane laag i solskin kring dem, haaa lyste djupt og mørkgrønt i dogg-glansen.

Han saag bortpaa Petra. Ho stod og beit seg i leppa enno. Det sveid gjenom han, at no var det tussig aa vera Petra, kor i herrens namn skulde han berga henne fram over dette her? No tok ho seg til hjarte.

Ola banka paa ytterdøra og gjorde maale gamalt og grovt:

- Dreyer, Dreyer, du var visere end jeg!

Saa lo dei der utanfor døra og kjeklast, og Ola tok hardt i:

- Nei saa gu faar eg no gaa først lel, eg som er kjent i skogen. Eg som er mann. Hald deg tett bakom meg, du, klyp og hald fast, saa gaar det! - Langt ifraa, inga banking paa døra her, opp med a! - Goddag,.og fred i bua!

[127]

Han stana midt i døra og viste attover med nakken:

- Kjerringa mi vilde saa endelig nedover og syne taa seg, - ja, sjaa her, no skuvar ho meg fram!

Sara sette hendene i ryggen paa han og skuva han inn, og gjekk fram og helsa. Ola stod att og sukka:

- Ja, er det ikkje som eg har sagt all min dag: kjerringane er umulige dei, enten dei er gifte eller ugifte.

Saa la han av seg narremaska og kom fram paa golve, takka da dei gratulerte han, og tok stolen Petra baud han. Sara sette seg ikkje. Ho gjekk borttil Petra att, liksom ho skulde ha snakka med henne i gaar, saag paa henne og smilte.

- Tenk, Petra, at vi skulde bli grannar. Saa vakkert her er, baade her nede og oppe hoss oss.

Ho saag seg omkring i stua, gjekk hit og dit, saag utgjenom glase, saag paa dem inne, med glade auga. Saa gjekk ho bort til mannen sin, strauk han over handa og smilte til han.

- Ja det var det - men det er no heller ikkje mi skyld -, sa Ola, - det var, om de vilde gjera saa vel aa sjaa oppover til oss i kveld? Paalsnes-karane kjem slengande dei òg, Petter og Andreas.

- Ja, de maa sjaa oppover, korles vi har det, la Sara til. - Ikkje sant, Petra?

[128]

Petra snudde andlete imot henne; det var stort og ope, eit fint og barnslig andlet, som ikkje visste aa verje seg. Auga klipte raadlaust.

- De veit eg vilde, men. Det er no barne da; det er ikkje saa greit.

Sara kom bort til henne, tok hendene hennar:

- De skal komma!

Petra saag paa Harald, om her ikkje var raad aa sleppe; og det var det ikkje.

Sara hadde ein lys blaagraa kjole paa, som sat mjukt men tett omkring henne, armane synte seg saa teinrunde dei var, halsen bøyde seg paa ein eigen maate og smatt rund og kvit oppunder den lysgule haarflaumen, heile den granne fine kroppen spela fram saa ven han kunde bli, lea seg i ungdom og livshug. Petra saag lenge paa henne, opp og ned, stod og smilte blidt og saart, det var visst nærpaa ho strauk henne over klædane eller haare.

Det arbeidde sterkt i Harald. Han saag bortpaa Ola fleire gonger, og han stakk hendene djupt i lomma, liksom han var rædd dei skulde slaa. - Ja, det var ei glo aa bera paa, at ein annan skulde ha faatt Sara, ho var da hans, og noko i han var det som trong henne saa det verkte for bringa, slik eit fattigmanns-sug hadde han aldri kjent før. Og Ola smilte hitover som eit lamm, smilte saa han kunde ha slege han i hel med snaue neven: han hadde aatt henne, aatte henne kanskje for alvor, for live?

Auga til Petra var det ikkje aa faa tak i.

[129]

Var det slik som ho trudde, at Sara hadde vore med inni alt han hadde sagt eller gjort dei siste par aara? Spørsmaale beit han, liksom nokon hadde spurt om han stal, om han fuska i kortspel. Det kom for han at einkvar hadde lagt til han med flathanda midt i syna. Han spurte seg om det var han dette her. Det skulde vel vera det.

Han studde seg rolig til borde, la armane i kross og slengte eine foten over den andre. Haare stod mørkt og digert over panna, som ein manke. Fullskjegge krulla seg brunt og mjukt nedetter kjakane og haka. Han snakka med Ola om haustarbeide og med Sara om eitkvart anna, og saag fraa den eine til den andre, rolig, med smale, kalde auga.

No gjekk Petra til kammerse, for litlegjenta gnarra og var ufornøgd. Gudskjelov, ho saag ikkje knekt ut, ho var rak i ryggen der ho gjekk, tagg ikkje nokon om aa faa vera til, velsigne henne for det!

Og dette var han ja, og no kom magta sigande etter som han trong henne. He! om han hadde forsynda seg urlite imot eit kvinnfolk eller to, om han hadde vore eit grand glad i baade den og den - -

- Staar vel for den kula òg, eg, sa han best det var.

Sara saag paa han, og i same blinken hadde ho visst forstaatt orda hans, auga spela imot han ein sekund i undring og spott, dei var blaa og fiendske som himmelen ein frostkveld, ho [130] saag paa fingrane hans, som skalv saa smaatt, og ho smilte:

Kva var det han sa?

Harald kom etter seg før ho sa det, og lo ein liten devel-laatt:

- for det om veit-rørene mine frys sund for meg i vinter, eg har berre 6-kvart veit. Trur De verkelig eg styp for det da? Ja, gu gi eg var saa blauthjarta!

Gutungen, han Kaare, kom stabbande inn i det same. Han gjekk ein dugelig krok omkring framandfolke, hjulbeint men urædd, med trassige auga paa dem. Andlete til Harald la seg i ein stor brei smil, han tok guten og løfta han høgt i vêre, saag lenge paa han, gjorde kunster i lufta med han, saag paa han att, og tok han inntil seg. Saa ser han paa Sara.

- Sjaa her, ser De den, De? Det er gut, det. Guten til far sin. Eller har De set slik ein rugg til eittaaring før, kan hende? Nei, og ikkje faar De sjaa det heller.

Sara vart rød, men berre som snarast; ho saag bort etter Ola, men han stod og snudde ryggen til og studerte ei tavle paa veggen; saa vendte ho seg lognt til Harald att, møtte dei stridslystne auga hans paa nytt.

Harald snakka til guten no:

- Det var deg eg maatte ha, ser du. Om eg saa skulde ha fare til Amerika etter deg. Du stod og ropa og ropa til meg ein stad, rettelig [131] ein stor skarvnakke var du, let ikkje far din ha fred same kor han var. Ja du og eg ja, vi - -

Sara snudde seg og gjekk mot døra, og bad Ola komma; ho vendte seg til Harald att og smilte ein liten sukkersøt smil, - ho var ikkje den som var saara -, og da kammersdøra gaar opp i det same, smiler ho ein gong til, lengre og fastare, nikkar saa til Petra og bed henne vera velkommen oppover. Saa gjekk dei.

Petra stod liksom ho saag etter dem. Harald gjekk bortaat henne, snudde henne til seg og saag henne inn i andlete.

- Du er no vel ikkje saa dumm, Petra? Hm?

Ho saag opp paa han med dei tunge auga, tok seg paa tak og smilte til han, ho brukte visst all si magt til det, og saa gjekk ho aat kammerse att.

- - - - Harald gjekk og plistra, da dei skulde oppover, og rett som det var stana han og saag paa Petra. No kjente han dette han hadde merka før stundom: at han var mann for aa bera dem alle saman. Petra, som han kunde gjera alt for, og taale alt av, Sara, som hadde komme hit for aa pine han, og Ola som hadde faatt henne og ikkje visste kva godt han skulde gjera ein for det ... han bar dem i hugen og smilte tungt til børa, enno skulde det mykje til før det vart for tungt.

Sara hadde teke paa seg ein gul kjole no, som gjorde henne enda yngre og vakrare, kven [132] veit om det ikkje var silke i han, ho skjenkte kaffe og smilte til ein og kvar, ho var som ei sol i huse. Andreas Paalsnese saag etter henne da ho smatt ut, og sukka og rista paa hovude: - Haare gult, og kjolen gul - gud veit korles hjarte i henne ser ut. Det der er vel den gule fare det, kan eg tenke. Ola saag rundt paa dem, i stor lukke, og da ho kom inn med toddibrette etterpaa, var han som eit barn aa sjaa til. - Ja, sa Andreas, som var søskenbarne hans, den som kunde bli slik gift, utan værmor og alt slikt!

Paalsnes-karane var nærmaste grannar til Engdalen, og det var to lystige ungkarar. Det vart drukke jamt utover kvelden, og spela kort attaat. Sara prøvde aa halde att med brennvine, men det tykte Harald var ein uskikk og tok flaska i forvaring for henne. Javel, ho vart litt stinn kring munnen, men han smilte henne forderva, baade henne og Ola, og rista paa hovude til dei to andre: Frihed er det bedste ord!

Harald saag opp, da Petra sa takk for seg og vilde gaa heim. Ho hadde denne stakars skrikarungen, ho, - ja, og han hadde fjøse, men der klarte gutungane det fint for i kveld.

- Ja, du kjem vel oppover att, Petra? sa Sara etter henne, men saag paa Harald. Ho hadde sagt du til Petra i heile dag. - Mannen din er ikkje ferdig paa lenge enno han, kan du vita.

[133]

- Nei, Petra rista paa hovude, saag ikkje paa nokon, og gjekk.

- - - - Det var morgonen, lyse skinande maandagsmorgonen, da Harald fann seg att vesti Paalsnese. Det laag rimfrost bortetter alle vollane, det straala kvitt og skyldlaust kor ein saag, - det hadde vore ei kald natt og ei dugelig drikking. Harald stod opp og vilde klæ paa seg, men klædane var paa, dei; javel, saa var han ferdig med det, han fekk ned og sjaa om dei hadde mat i huse.

Korles han hadde komme hit? Jau, det mintes han godt: han hadde funne paa han vilde hit. Skulde snakke med 'n Andreas om eitkvart, det var enda om denne plassen, Risnese, som han hadde gaatt og lurt paa i langsamelig tid, han vilde kjøpe han av Andreas, for han laag midt imot Engdalsvika, berre paa andre sida vaagen, med laksestø og lut og lunnar og andre ting. For det synte seg, at Engdalsvika var for lite aa leva av.

Ho Petra? Ja stakar, ho tok vel saa midt paa tree. No kom han i hug det: Han var nedom hoss henne før han strauk vestover i natt, og snakka med henne, snakka ædru og vislig og vilde fortele henne det.

Harald saag opp og bynte aa banne, grovt og meiningslaust, han bad same bønna fleire gonger, med gleda rann som kaldt vatn gjenom han: Der var da berginga! Det var hennar skyld at han vart her i natt, ho kunde ha svara han [134] naar han kom og vilde snakke med henne. Saa det kunde ikkje vera noko i det han laag og halvdrømte her i dag, at ho hadde gaatt sin veg, at stua stod tom heime.

Det sangla i koppar utom døra; det var Andreas som kom med morgokaffeen.

- Du staar som du har mist baade skjorta og sjæla du, sa Andreas. - Har du vondt i hupina, kanskje?

- Du Andreas? Sei meg eit ord. Trur du det, at kvinnfolka er det sterkaste i verda, at det aldri skal nytte for ein kar aa hamle opp med dem?

- Neida, neida neida! Det sterkaste i verda, det er synda det, ban, synda og saa nordavinden!

Det var ikkje alvors ord i Andreas, naar han var paa det føre, og i dag snakka han Harald slik inn i gælenskapen at det bar ikkje til aa gaa heim før over middagen. Handelen vart det ikkje stort tala om, Andreas sa berre da Harald gjekk, at det skulde dei vel bli einige om, saka var paa god veg.

Harald var litt trong kring hjarte da han kom heim. Han maatte stane utfor døra og høre etter. Blode dulpa tungt oppi skolten, det hørtes som steg i djup snø. - Petra var i kjøkene, dette var gonglage hennar, saa rolig og trufast. Ja, der var ho.

Han tok henne inn til seg, tok og snudde andlete hennar imot seg som han var vant til, og saag henne inn i auga. Der var ingen ting [135] aa sjaa. Ho var berre god all i gjenom. Men da han slepte henne og ho gjekk til sitt, stod han att og sakna, at ho ikkje hadde skjent paa han fordi han sette av slik; det vart til ein angst som bora og bora i han. Ho var blidare enn vanlig, ho hadde aldri vore slik før.

Det vart tala mykje om Harald Mørk i bygda, enda han aldri hadde lagt seg etter det. Folk kløvde seg i to parti, naar praten kom paa den kanten. Somme snakka seg heite og meinte som saa, at naar dei hadde sett av ein mann for fyll og slaasting og verre ting enn det, saa var han ferdig, det var ikkje bøtingsvon i han meir, og skulde ikkje vera det heller. Kvifor skulde det det? Dei hadde ikkje fare i veg og sett han av for ingen ting, ein fekk hugse paa her var noko som heitte rettferd. Han var ein skarv til kar. -- Dei andre gjekk og lurte paa det. Dei hadde ikkje sett han av; og forresten gav dei seg ikkje om aa vera domarar over nokon. Han var kanskje ikkje svartare han enn andre ramnar?

Han hadde gjort narr av dokterfrøkena, det var eit anna maal, same kva ho sjøl sa. Men der òg hadde dei kvar si meining. Nokre tykte det var det grovaste av alt. Han hadde ødelagt henne aa kalle, og faren gjekk og stikla og kraup, var berre blaae skuggen, han sukka saa det var ei nød aa høre paa. - Andre lo og meinte det [137] gjorde ingen ting. Det var saa mang ei gjente det vart gjort narr av, og som maatte taale det. Dei hadde gjort ei vise om henne, nokre gælningar, og der stod det først: "Sara, gu bevar'a, saa ikkj gutan tar'a"; men det slutta med at "no tek ho gutan, to og to".

Men naar ho gifta seg til Engdalen, saa var det knapt for det gode si skyld, enda saa grom ein kar han Ola var, og velstand over ein laag sko og langt oppaa leggen; det var dei einige om, nokon kvar. Ein fekk no sjaa, den som levde, ein kunde glede seg paa det.

Nei, for det gode si skyld hadde ho knapt komme, det kjente Harald paa seg. Millom anna saa vilde ho sjaa han som fattigmann. Og det teikna bra til at ho skulde faa lukka med seg. Det gjekk skjeis for han snart i det eine og snart i det andre, og renta hang over han til ei kvar tid, som ei bile i ein brent traad.

Javel, ho hadde flytta hit for aa sjaa han nede i molda, og den hugnaden skulde ho ha. Han grasserte i fjøse og fraukjellaren, i veita og skogen, saa fillone lavde og lorten gauv, flidde seg til folk ein gong i millom, og let det vera naar han ikkje hadde stunda til det. Ola derimot gjekk paa stas. Han var berre med slik litt paslig i arbeide, han trong ikkje anna, for han hadde raadd seg dreng og hadde broren til hjelp attaat, og tre tauser.

[138]

Harald maatte oppover og hjelpe til med treskinga, for dei brukte gjera byttarbeid.

Ho saag paa han, naar han kom inn og skulde ha mat; ho drog litt paa eine munnvika. Han var utklint over alt andlete med sveitte og laavedomt, haar og skjegg var fullt av rusk, det lugta fattigmann og arbeide. Han smilte med seg sjøl, og aat. Han mintes det òg, at det var ei dame eingong som skrytte av at han var fornem: han aat saa lite. No la han i seg saa det var ufyselig, og bad Ola gjera det same: "Eta no og ta dæ buk for, i morraa ska skinne taa dæ!" Kor hjartelig han baud henne imot!

Straks etter treskinga miste Harald ei ku, i kalvinga. Det var beste kua deira, som rimelig var, og det sveid saa mykje argare nett no, fordi smørprisen var paa toppen og rentepengane skulde ha komme.

Ola kom nedover ein kvelden, gav seg i snakk med Harald ute, og baud han ei god ku. Nybær var ho ikkje, men ho mjølka godt, og betalinga hasta det ikkje med.

Harald fann seg ei flis til aa stikka tennene med.

- Eg seier takk, sa han. - Takk og ære, Ola. Men du veit: ein gaar no ikkje avstad og kjøper ei mjølkeku av grannen slik da, utan pengar og no i denne her tida; det vart no som aa faa henne til givings det; eg synes ikkje folk skulde ha det aa seie. Du forstaar meg vel, Ola?

[139]

Ola vart langlet og brydd, saag ned og kremta grundig:

- Nei nei, sa han. - Det kan saa vera det, men. Det var forresten ho Sara som - - ja, ho syntes synd i Petra og borna, at dei skulde bli mjølkelause no.

Harald skaut augebrunene høgt opp.

- Hels henne takk for det. Ho har eit mjukt hjarte. Men vi har alt kjøpt ei ku vi, aa kalle.

- Har de det? Kor henn' da?

- Ja, vi faar no sjaa om det gaar i laas.

Ola rakla heimover att, og Harald gjekk inn og fortalte Petra det som hadde hendt. Ho fekk ein rød flekk paa kvar kinn, men sa ikkje noko større.

Dei fekk kjøpt seg ei ku i Paalsnese, saa mykje Harald hadde berga orda sine.

I jula var Harald ute og spela i dansane, fleire tørningar, drakk og dansa og tykte det stod til lands. Han kom heim fyllsjuk og utvaka, og laag i arbeide med det same; han var som vargen.

Det var inga anna raad, han maatte piske ned bjørkeskogen til famneved, saa gale som det var for den vêrharde lia. Saa kjørte han forderva hesten sin ein dagen, og dermed var det slutt med den tingen. Han kjørte lenger oppi ulenda enn raadelig var, hadde saa gjort alle vintrane, og no var hesten i veg og rispa sund eine framfoten paa ei kvass steinhylle. Beinhinda var skadd, og beine med, sa [140] dyrlægen, det var ikkje snakk om han kunde bli meir. Dyrlægen var dyrlæge, han, utan blunk eller baktanke, han bar ikkje agg til nokon for eit nevedrag. Harald skaut gampen, og takka han med seg sjøl for lang og tru tenest.

Ola kom nedover att, og ein kunde sjaa det var eitkvart som plaga han. Der har vi ho Sara paa nytt, med hjartelage, tenkte Harald.

Ja, det var det, om han tenkte aa kjøpe hest att i vinter?

Vart vel nøydd til det, kan hende; naar han fekk omraa seg litt.

Ja, for saa hadde Ola tenkt, at - - ja at like snart som han laante pengar av andre, kunde han laane nokre skillingar av han; - for det var ikkje sagt han hadde dem liggande ferdig nett no - - slik som det had de gaatt med kua, og - - ja, kva sa han? For dette her trong ingen vita noko om. Hm?

Harald venta til harmen la seg. Han kjente Ola; det var ein staut og godslig kar - men godhjarta var han ikkje; han gjekk ikkje og baud til pengar eller slikt, kom ikkje paa det. Han saag stilt paa Ola.

- Ja ja, sa han. - Du skal ha takk, Ola. Men du veit, eg har alt laant saa mykje av deg, at det halve kunde vera nok, og sjøl veit naar eg skal faa betalt det. Det smakar ikkje godt. -- Men visst du vilde skrive paa for meg? la han til, da han saag kor orda hans hadde gaatt inn paa Ola.

[141]

- Det veit du eg gjer.

Ja ja. Harald fekk no sjaa i det litt.

- Du kan da berre prøve! sa Petra, da han fortalte henne det. - Før seler vi heile stasen og reiser vaar veg. At ho kan vera saa vond! - - - Ja ja, eg har no fortent det, men.

Harald vakna om natta og hørte Petra laag og gret. Det vart eit tungarbeid aa faa henne til ro att. Det beit liksom ikkje paa henne, same kva han sa.

Kunde ho berre faa hate for seg, tenkte han. Saa skreid det vel over. Men ho heldt av Sara, trass i alt; han hørte kor det skar henne innunder alt ho sa.

Ein kvelden, da Harald hadde lagt seg og Petra heldt paa og klædde av seg, sukka ho med seg sjøl:

- Berre ikkje den næste ulukka bli den tyngste!

Ho vart det. Veslegjenta deira vart sjuk og døde. Kikhosten gjekk i bygda, og han var streng. Dei henta dokteren i god tid, men barne vart kleinare og kleinare, og da dei vilde hente dokteren att, var han vekkreist. Saa vaknar Harald midt paa natta og ser Petra gaar og gaar paa golve med barne innaat barmen. Ho stirer tomt framfor seg, og han spring opp med det same og veit korles det staar til.

Den vesle gjentungen hadde Harald knapt [142] set eller komme i hug, og han gjorde det for den saks skyld heller ikkje no. Han saag berre Petra, men det gjorde han saa klaart, saa djupt, at det svimra for han, og han vart stiv i andlete liksom henne. I ein augeblink, eit manna-liv saa lang, var han eitt med henne, leita etter luft for sorga som strøypte i bringa hennar, saag live som ein veg over lange, lange moar, der den maa vandre som har mist alt ein ikkje taaler aa miste. Og naar ho saag paa han med kalde, tørre auga, saa var det han sjøl som gjorde det, han saag paa seg som paa ein framand som gjerne kunde ha vore vekk. Han saag skuggen av seg, ein kald graa skugge. Han saag barne, utan aa sjaa paa det, eit lite andlet - eit lite utpint andlet - som grov og grov djupt inni hjarte, to smaa hender, som hadde blaana bort, men som aldri, aldri, slepte take sitt.

Han sette seg paa senggavlen og sa med seg sjøl, at slikt noko er det folk skal over. Kor mange er det ikkje som har kjent dette her, og enda har dei levd live sitt millom dei andre. Folk er ei strid rase. Dei kan bera alt. Vaarherre han veit kor dei tek magta si ifraa, mange av dem!

Ute glødde maanen seg gjenom skylage og synte heile andlete. Fjorden laag sølvvatrut nedunder og blikra og skalv. Strendene vakna or halvsøvn, levna opp med tre og steinar, saa uventande nær ved.

Harald ottast det vilde gaa gale med Petra [143] da like skulde i jorda. Men ho var rolig, merkelig klaar og rolig, ho svara jamvel paa alt dei snakka til henne. Dagane etter var Harald mykje inne hos henne; men ho bad han gaa til arbeide sitt, det stod ikkje paa henne. - Etterkvart vart det mindre om aa faa svar av henne, og stundom merka han ho snudde seg fraa han naar han kom inn.

Det var ein lang vinter det aare, mykje kulde og snø. Maanen skjein i dei lange nættene, og lia laag gulkvit og glømt oppetter; isen blømte paa ruta, og reven drog seg langsmed skogjaren og gjøydde einslig og ilt. Og Petra ho sov ikkje.

Harald var i byen og kjøpte seg ein skotgamp hoss slagtaren, eit parti levande pølse, som han sa, og fekk krikla fram veden paa føre.

Ein dagen gjekk han paa Andreas Paalsnes om denne plassen han skulde faa kjøpe.

Andreas kneip att eine auge, saag paa han og smaablistra:

- For seint, for seint. Han Ola har kjøpt 'n. For ei god stund sea. Han gav meg ikkje fred, han aat meg som god mat, kom med pengane i handa, far, og kor skulde eg henn? Sjøl veit kva det var som kitla han. Han plar no ikkje vera den, han Ola; at han finn paa noko av seg sjøl. Tja - vi er no søskenborn -, og deg hørte eg ikkje orde meir ifraa. Du faar [144] trøste deg liksom mannen, som sa: Dette har ein fiende gjort.

Harald tenkte ivrig, da han gjekk heim. Han hadde rekna med denne plassen som med ei god oppkomme: eit kufôr var der no, minst, ikkje saa lite bjørkeskog, og det vigtigaste av alt, der var ei god laksestø. Ja ja ja, der fór'n, sa presten; no vart det litt krunglig aa berge seg for det første. Og Ola som hadde slege frampaa om dette mange gonger: Du burde kjøpe Risnese, det ligg saa hendtlig til for deg. Det skulde bli moro aa treffe han no, aa sjaa litt paa han.

Først ein trefire dagar etter fortalte han Petra det; ho spurte korles det vart. Ho bleikna, munnen opna seg, slik som ein ser det hoss sjuklingar, og auga slepte take i det som var framfor henne.

- Ta det rolig! sa han. - Vent no berre, til eg byner aa bygge baatar. Han Ola bli ikkje feit paa ryggen av det der streke, og ikkje kjerringa heller. Det er ikkje saa lett aa bruke overtake. Men eg er fødd til baatbyggar, og det skal eg ikkje snyte verda for; rettno ber det til. Vera snild gjente no, Petra!

Men Petra var fortenkt lenge etter. Ikkje nytta det aa spøre kvifor ho tok det saa tungt, og ikkje aa snakke vel for henne heller. Han var ikkje til for henne, no ei tid.

Det varte ikkje lenge før det gjekk det orde i bygda, at Petra var litt rar av seg. Ja, det var [145] dei som let saa, at hengte ikkje ho opp seg snart, saa var det eit under; ettersom det teikna til med henne. Kven som vilde, kunde sjaa det. Einast han Harald, mannen hennar, merka ingenting. Men han hadde no òg saa mykje aa staa i, stakars mann, at det var reint ille om han. Som ein faane hadde han fare aat, og som ein faane gjekk det han, i eitt og alt. Det var ikkje tidt det gjekk ein saa etter fortenesta. - Nei, Vaarherre hadde vore flittig til aa minne han paa, sa klokkaren; han hadde git han det eine fingerpeke etter det andre; merkelig. Da murra han Ove Lund, ordføraren: Var det Vaarherre som pekte slik for ein, da pekte han som ein skarv. - Ja, det var synd i Harald, sa dei, rettelig òg. - Nei, meinte Lund, synd i han var det knapt. Han hørte ikkje til den sorten. Dei burde sjaa paa han.

Det var ein kveld sist i mars. Vinden fila og bles ute, pintes og peip kring veggene, og blaagraa vindskyer seglde ute i nord og vest, dei glødde i kantane og skjein hitover, og drog bort. Det var ein einslig og sorgsam kveld.

Harald gjekk oppover til Ola. Han la hendene paa ryggen og gjeispa alt i eitt. Han var trøytt. I fleire kveldar no hadde han kjent det. Denne idelige blaasinga sleit ein ut; og heime der gjekk Petra og tagde og saag han ikkje. Det verste var, at ho knapt saag litl-guten deira, han Kaare; han gjekk etter henne ofte og venta ho skulde bli vâr han, og leppa vart meir og meir sid. Det var tungt aa puste inne.

Harald stana ute i garen og prøvde aa tenke seg om. Kva var det han vilde her i kveld? Han fór visst og rakla her rett som det var, hadde vore heroppe fleire kveldar no. Ola var gjernast som ei trøst aa finne, støtt saa hadde han eit trøysamt ord, og vondt fanns det ikkje i han. - I kveld var det saa mykje som ein kalv det stod om; han skulde slagtast, og Ola kjente [147] seg ikkje helse for aa knive han ned aaleine, og drengen var paa fiskja.

Sara stod i kjøkene. Ho saag lenge paa Harald, fleire vendingar, med ho skjenkte i kaffe og bad han inn i stua. Harald tok seg paa tak og var frisk kar, preintes med tausene og spurte etter Ola, takka likesæl og gjekk inn.

Nei, Ola var ikkje heime, han var vesti Skarsvaagen hoss handlaren ein tur. Slagte kalv i kveld? Sara saag forundra paa han, og saa smilte ho liksom til eit barn ein maa bera over med: Det var vel i morgokveld det?

Harald tok seg opp att, og sa at det stemte ja, han hadde komme av dagtale, denne evighetsvinden bles safta utor hausen paa ein. Men, sa han og tok kaffekoppen ho baud han, det kjem vel ein torsdag etter fredagen òg; kalven kan vera glad han slepp til saa lenge, han, det er ikkje noko aa staa etter verken for folk eller fe.

Sara saag stort og stilt paa han.

- Eg meiner du er trøytt, Harald. Du ser saa - utsliten ut.

Han saag undersam paa henne, og fekk eit veikt drag over auga; han saag ned att, og flytte paa seg.

- Du slit helsa av deg, er eg rædd, sa ho stilt.

Paanytt saag han opp, blunka som eit barn, kunde liksom ikkje faa det til aa rime at nokon snakka slik til han; han sat og lydde etter maale hennar lenge.

[148]

Ho sette seg midt imot han. Da vart han rød, vart sittande og sjaa paa det kvite forklæe hennar. Kaffeen livde han opp, og han spurte etter Ola att, saag henne sterkt inn i andlete og tømte koppen i lange drag. Han drakk ein kopp til, og vart sittande. Gong for gong rykte han til og vilde reise seg, men det vart ikkje med han. Sara tok handarbeide sitt, bøyde seg over det og sat og stakk og stakk i det fine tye. Ho saag opp stund og anna, mildt og eit grand urolig; men da hadde han auga sine paa hendene hennar, dei var saa smale og kvite.

Ikkje lenge etter kom Ola heim. Dei vart forlikte om, at i morgokveld skulde kalven ha det, og Harald sluntra av heimover.

Petra var ansles en vanlig. Ho saag paa han, saag han inn i andlete og spurte kor han hadde vore. Han fortalte at han hadde vore oppover og skulde slaa i hel ein kalv, men han Ola var borte og saa vart det kaffe i staden. Ho smilte og saag paa Kaare:

- Han Ola var innom her han, da han kom fraa handlaren. Han nemnte at du skulde hjelpe han med kalven i morgokveld.

Den kvelden stelte ho med Kaare, vaska og kjemte han og bytta paa han ny skjorte, fann fram litt godmat til han og snakka med han heile tida.

Da ho gjekk framom Harald, strauk ho han over haare, med den store gode handa si.

- - - Morgonen etter, da Harald stod opp og skulde til fjøse, var det tomt borti senga [149] hennar. I kjøkene var ho ikkje, og saa meinte Harald ho var oppaa lofte og vekte smaagutane, enda det brukte ho aldri gjera Jakob, den eldste av dem, kom bort i fjøse og hjelpte til, og han hadde ikkje set noko til henne. Da dei kom inn, sat Kristian i kjøkene og drakk kaffe, og kammerse var tomt som før. Berre Kaare laag der og gnudde nasen og vilde vakne.

Harald gjorde seg ein sving opp paa kammerslofte, og sea borti uthusa, og da han kom inn, bynte han aa klæ paa Kaare. Han tok han paa fange, klemte han fast inntil seg, og plukka paa han plagg for plagg.

- Far klemmer hardt, sukka guten. - Men Kaare gret ikkj lel han. Mor henn ho?

Kor ulikt det var av Kaare aa sitte her og sukke meg seg sjøl og finne seg i det han ikkje likte. Harald tok han paa armen og gjekk aat kjøkene. Han stod litt og saag paa gutane.

- Du Jakob. Spring opp til Storgrana og ta heim støttingen, eg trur han staar der enno.

støtting dvs. stutting (stutt slede)

- Storgrana? Ho er da nedhoggi ho, for lenge sea.

- Ja visst, det er sant. Nei, da treng du ikkje - - -

Harald var alt paa vegen ut. Han gjekk nedover til sjøen, med guten paa armen.

Det lokka ein fugl oppi skogen, kalla med lyst, varsamt maal ut i vaarmorgonen. - Det dreiv eit lite isflak uti fjorden, og paa det sat [150] det to maasar. Dei snudde bringa imot sola og lyste kvitt mot vatne, som var svartblaatt og blankt. - Smaa, fjørlette skyer laag høgt, høgt oppe under himmelen, til minne om stormen som bles i gaar.

Ute paa Engdalsbrygga, der motorbaaten hadde lagt til land, stod skone hennar. Dei stod tett inntil kvarandre, slik som dei gjerne stod heime om morgonen; - slik som dei bli staaande, naar ein har teke dem i same handa og sett dem bort.

Harald gjekk rolig ut paa ytste kanten av kaia og saag utover, gjekk ned i ein smaabaat og la ifraa land litt. Der var djupt og mørkt. Ingenting aa sjaa. Aa nei, ho tenkte seg gjerne om, før ho gjorde ein ting.

- Koffer har mor glømt taa skon' sin'? sa Kaare, da Harald kom att og tok dem med seg.

Da knekte han i hop, men berre ein augeblink eller to.

- Nei, nei, Petra! - - - Nei, nei, Petra!

Han gjekk oppover, med guten paa armen og skone i handa. Gong for gong støytte han til som i vreide:

- He! Nei men Petra!

Saa jamra han seg laagt og magtlaust:

- Du skulde ikkje ha gjort dette, Petra. Du skulde ikkje - -

Smaagutane gjekk som to rædde hundar omkring han, og det pinte han at dei ikkje spurte. Han heldt skone slik at dei ikkje saag [151] dem, og gjekk med faste steg inn i kammerse og gjømte dem der. Saa kom han ut att. Kristian hadde spent for og skulde paa meierie med mjølka, og Jakob var ferdig aa gaa paa skolen. Harald saag stilt paa dem, til han fekk dem til aa høre etter, - han stod der vêrbaren og skrinn i andlete, enda høgare og sterkare enn vanlig aa sjaa til.

- Ja, smaagutar, no har ho Petra reist ifraa oss. Vi finn henne ikkje meir. Ser henne ikkje meir. Og han her - - han stod med Kaare paa armen - - han er morlaus. Ja. Vi faar - gjera det vi skal, lel, vi da. Og saa treng de ikkje - seie noko, enno. De veit: ho var ikkje frisk i det siste. Ho mor har reist bort og skal sjaa til litl-søster, sa han til Kaare. Vi kan ikkje seie større om det, vi som er friske.

Han saag ein gong til paa kvar av dem, og dei vermdest og kvikna til ved det, tok seg paa tak og drog sin veg.

Harald sette Kaare ifraa seg, da han sansa paa kor lenge han hadde gaatt med han. Guten var reint som bortgit, han fann seg i allting, og spurte ikkje etter mora meir. Han tok han til seg att og klemte andlete inn i klæda hans: Slik var det aa vera far til eit morlaust barn!

Noko sorg fann han ikkje. Ikkje den som ein mann skal kjenne i slike stunder. Nei, den hadde Petra teke med seg; den unte ho han ikkje; han leita i hjarte - og han leita huse rundt, der var berre tomleiken etter henne, berre [152] fattigdommen. Det hadde ho etla til han, aa fortele folk kva som hadde hendt, melde det til lensmannen, og sokne etter henne, og mange andre ting som fór og larma gjenom hugen og minte seg.

Utpaa dagen, med han sat og gav Kaare mat, kom han til aa sjaa for seg dagen før:

Han kom opp fraa sjøen da som i dag, - men da kom han med ei honk med kokefisk, han hadde vore ute og pilka fraa morgonen. Petra stod og mata fuglane: det krydde med høns og sporv omkring henne, og ho kasta deigbitar hit og dit og skifta imillom dem saa godt ho kunde, og attaat stod ho og smaasnakka med dem, lokka og skjennte og tok seg av dem ein for ein. Han stod og undrast og saag paa; han venta saa halvveges ho skulde sjaa opp paa han. Ho gav paa med sitt. - Har du bynt aa legge deg etter fuglane no? sa han. - Jaha, sa ho og smilte, - men det var ikkje til han. - Den som da hadde vore fugl! sa han. Ho svara ikkje. Da lo han og la til: - Slik var ho Lavina òg, ho skulde vera saa glad i dyra. Da saag Petra opp litt kvast: - Kven? - Ho Lavina, faster di, ho som hengte opp seg. - Ja, sa ho og saag haanlig paa han, ho gjorde det ja. Ho hengte seg, ho. Petra gav seg til med fuglane att; og Kaare stod attmed og prøvde aa slaa dem med ein pisk naar det høvde godt.

Dette var i gaar. Kva tenkte ho da? Det var ei pine at han ikkje visste det og aldri fekk [153] vita det. Stod ho alt da og sa farvel med det ho elska? Eller var det i gaarkveld da han kom att ovanfraa garen, at ho kom paa det?

Borti stallporten gjekk han seg paa smaagutane. Dei stod der og gret. Han ønskte han var usynlig, men dei snudde alt dei smale ryggene til og bynte aa pusle med eitkvart.

- Ja, vi skulde vel avstad og sokne vi da, guta? sa han. - Ein av dykk faar bli med, og den andre er heime hoss 'n Kaare. Det vi maa, det maa vi.

Dei rodde med sokn lenge utover kvelden, men fann ikkje noko. Sunde var for tverdjupt utfor sjøhusa, og elvestraumen strauk tett innaat mælen. - Nei nei, sa Harald. - Det var no òg det beste.

Da dei kom opp fraa sjøen, stod Sara og Ola ute i garen og venta.

Harald beit i hop munnen, og auga vart kalde i han, det saag ut som han ønskte seg eitkvart aa slaa med. Men da han vart vâr kor bleike og ordlause dei stod der, slakna han fort av. Han gav seg over til dem utan strid, saag dem inn i auga og tok handa utor lomma, hadde saa nær retta ho fram til dem. Sara kom fram imot han og tok han i handa, og Ola gjorde det same; dei hadde taarane i auga baae to, og hendene deira var varme og trufaste.

- Ja. Slik gjekk no det, sa han og saag ned. Slik gjekk no det.

[154]

Han snudde seg ifraa dem og gjekk inn. Han lutte som under ei ovtung skamm.

Dei kom etter.

Kaare kom stubbande imot faren, og han tok han og gjekk og dreiv med han paa golve.

Ola vart staaande midt paa golve. Sara sette seg stilt ned, og best det var, bar det i graaten med henne. Ho gret stilt, og dei to karane lest ikkje som dei ansa paa det.

Ei stund etter spurte Sara, om Harald hadde faatt noko mat i dag? Ho vilde i det minste ut og koke kaffe.

- Nei, lat det vera, bad Harald.

Ho vilde i veg likevel, men da sette han i og var streng i maale:

- Nei, har eg sagt, eg vil ikkje vita av det. Smaagutane greier med den tingen.

Han gjekk og dreiv ei stund til. Saa snudde han seg imot dem. Det bevra litt over andletsdraga, men han var mjuk og rolig; han saag fraa den eine til den andre:

- De skal ha takk for de saag nedover. Det var - - eg er glad for det. Men - - gaa no, saa er de snild, - han smilte skakt og brydd og saag ned.

Da dei hadde gaatt, sette han seg paa senggavlen sin uti kammerse og gret. Han gret for at Petra var borte for han.

Det var ein underlig ting aa graate. Magtløysa baara gjenom all hans kropp, han sokk [155] djupare og djupare; sorga flømte over han som eit svalande mørker: Petra var borte for han.

- - - Utpaa kvelden kom Sara springande nedover att. Det var eitkvart ho baud seg til aa gjera.

Harald saag paa henne ut fraa ein audmjuk fred. Han smilte trøytt og glømte aa svara. Ho kom tett inntil han, bleik og ærlig, - han hadde aldri set henne slik før -, ho strauk han over panna, og handa hennar skalv som eit lauvblad, fingrane kraup mjukt og kjærlig over panna og inn i haare.

- At det skulde bli saa synd i deg, Harald!

Han bøyde seg unna.

- Nei, lat vera. Eg vil be deg om ein ting, Sara. Bland deg ikkje borti dette her. Lat meg ha det for meg sjøl.

Ho tok handa til seg og saag fast paa han:

- Kor du tek feil, Harald! Dette er - - det vondaste du har gjort meg. Eg synes berre synd i deg.

- Ja ja. Men gaa no. Ødelegg ikkje dette for meg. - - Du skal ha takk for at du saag nedover her i dag. Det var første gongen det har gjort godt, at det finns nokon som -. Men da du var inni stua her, daførst saag eg det som det er, at Petra er borte for meg. Ho er tapt for meg, og eg kjem aldri til aa sjaa henne her meir. Og du - - veit ikkje noko om kva det vil seie. Skjønnar du det? Nei. Nei! seier eg.

[156]

Han tok seg over auga, stod litt og glømte seg; saa saag han opp og smilte:

- Det skjønnar du kan hende, denne skamma, at det skulde gaa slik. Eg bøyer meg under den. Eg slær auga ned for kvarmann; det er ei skamm som ein ikkje slenger ifraa seg. Men det er inga sak aa bera den, og meir til. Naar berre ikkje hjarte er tomt. No naar eg har funne Petra, saa. Ja, for det har eg, eg har funne att henne, men - - han strauk seg hastig over andlete - - dette skulde eg ikkje ha snakka med deg om. Helst med ingen.

Sara hadde staatt og set han inn i andlete liksom ho var nagla fast. Ho var saa bleik at det brann lik kvite rosor paa kinna hennar. No reiv ho seg laus, snudde seg og gjekk mot døra.

- Vør ikkje aa gaa og synast synd i meg! bad han. - For det er det ikkje. Gaa heim til han Ola du. Han Ola ja. - Kvifor ser du slik paa meg? Nei, Sara, eg staar ikkje her i dag og meiner noko vondt med det.

Sara gjekk. Harald stod som før, da ho kika inn nokre minutter etter. Ho gleid stilt inngjenom døra og sette seg paa ein stol bortved omnen. Harald fekk ei djup rukke millom auga, og saag stivt men tomt paa henne.

- Gaa no, Sara. Saa slepp eg hive deg ut. Du treng ikkje minne meg om kva eg har gjort, baade imot deg og henne. Eg gjorde det knapt bedre, om eg skulde gjera det om att. Nei, ikkje haare bedre heller.

[157]

Han sat og saag opp, langt, langt bortanfor Sara, og det voks fram ein smil i andlete paa han.

- Det er rart at Petra kunde gaa ifraa meg, likevel. Men det var det, at eg gjekk ifraa henne først. Og saa - visste ho vel om dette med saknaden. At ho skulde faa meg til slutt. Til gagns.

Han glømte Sara, og ho reiste seg stilt og kom seg ut.

Det var utpaa hausten halvtanna aar etter. Harald stod nedi nauste og bygde baat. Han hadde drive paa med det arbeide heile vinteren som gjekk, og no la han i veg for fullt alvor. Det var kvelden, skodda laag tett utom veggene, og løgta brann oppunder loftsaasen. Han stod i skjorteermane og høvla, og sponane rann unna høvlen med lange tynne kvin. Det stod alt ein baatskapnad attmed han, ein lang og laag ein, og Harald saag bortpaa han rett som det var, med kjærlige auga, og sette ny kraft paa høvlinga; sponane kvein enda tynnare, og sveitten skjein i panna paa han.

Da hørtes der stig utom veggen, døra vart fomla opp, og Ola oppi garen kom inn. Han stod litt i døra først, det saag ut som han angra seg han hadde komme. Men Harald retta seg opp og var glad.

- He! skal ein verkelig faa sjaa deg òg?

Finns du enno da? Merkelig. Du faar leite fram i sofaen, eller - visst du kostar av buksebaken [159] din, kan du gjerne faa sitte her paa denne kaggen.

Ola var halvt i helgaklædane, men han saag litt kvardagsgraa og vêrsliten ut i andlete. Han sat og kaldblistra, og auga gjekk veggene rundt.

- Her arbeider vi, her, som du ser. Harald sette seg paa borddungen og tørka sveitten. - Eg kunde eta brød i sveitte visst eg vilde. Aa ja ja san. Verda er varm som ei glo. Men kva er det du held paa med om dagen, du som aldri er aa sjaa?

- Ja, det er bra det er nokon som arbeider, og balar med verda. Eg tek henne meir paa skraa, eg. Da skal ho vera drygare. - - Drikk du ein dramm?

- M-ja, det huser eg knapt. Jau, naar eg har, saa.

Ola kom fram med ei stor flat lommeflaske og eit glas.

- Brennvine er ein truverdig kar. Det er glede i det. Ikkje sant? Drikk - her gaar!

- Nei, brennvin er sorg det. Det har slik vond smak for sjæla. Men med deg, veit du eg drikk gjerne ein støyt; ein fredsdram. Skaal, granne! - - - Jaha, slik var det det smakte ja, i munnen. Takk og ære! - Nei, ikkje fleire no. Ja ja, lat meg faa ein under andre foten da. Saa takk.

Ola skjenkte seg ein dramm, og vart sittande og sjaa tvert i veggen, og spytta av og til. Han skjenkte seg enda ein, og saa tok han sisten av [160] flaska. Munnskjegge hang søvnig ned, og auga blunka seigt og tankefattig.

- Ja du - - arbeider, du. Det er ingen konst aa vera deg, som har arbeide.

- Nei, det gaar som det er smurt, det. Men hør meg no her, Ola: no slær vi oss i lag. Eg har sagt det før òg, vi er som skapt til aa drive dette her i lag. Du er ein hagsynt fant, og skogsdrifta har du sett bort, og baatsbord har du nøgda av, ja, hør no paa meg! og saa har du vett paa motorar og slik styggedom, det har ikkje eg, ser du, og no skal eg i kast med det, - det var motorbaaten Vaarherre hadde in mente da han planta meg her, det vil seie den rette baaten. Eg har han i hovude, det kryr i hovude mitt - av baat, meiner eg, baaten som folk ventar paa, baaten som motoren ventar paa, rettare sagt - -

- Hysjt! ikkje føre slik skraal da. Du lék som ei oppgisna tønne. Enkemanns-snakk. He! det er no vel ingen konst aa gaa her og vera enkemann, det staar eg rett ikkje paa hovude for. Nei, san... det er inga sak aa vera enkemann.

- Har du prøvd det da?

- Aa vera enkemann? - - Ja, Harald, eg har det ja.

Han saag langt paa Harald, eller tett framom han, halvsløkt og underlig vaken i same stunda.

- No gaar eg.

[161]

- Kvifor skal du gaa alt no? Ikkje vør det, det blaahastar no vel ikkje.

- Eg fór no. Eg slong min veg, sa vi. Like lystig som eg kom. Godnatt, Noa!

- Det er no vel aldri det som bit deg, at pengane til værfar har sprunge sin veg? Nei veit eg?

Ola snudde seg seint og festa auga paa Harald, meir og meir vaken, og saa lo han:

- Trudde du det, du, at det var for dem eg tok - - at eg tok ho Sara? He?

- Langt ifraa! Men det var skit dei fór. Og tok fleire med seg.

Ola sette seg att, tok til aa snu paa ein taugkveil, og sat og gotta seg liksom han kom i hug eitkvart trøysamt.

- Eg synes, forlate meg synda, det var laglig aat dem, eg. At dei fekk røyk. Og no har eg seld skog saa eg greier meg ei stund att. Saa seler eg ein teig til. Og saa siste beten. Det gaar lystig det. Kvifor skulde eg ikkje skrive paa for slike folk? Eg har da i det minste gjort min plikt - det seier Sara óg. Aa jau, det vart storkarar og stas i Engdalen, ha ha ha! Jagu maa eg flire.

Han saag opp paa Harald, best det var, litt kvast; saa gjorde han auga smaa og fule, sat litt og myste, og dermed reiste han seg, og strauk paa dør.

- Du - - er ein bra kar, sa han i døra. [162] - At du ikkje kunde ha vore - - litt mindre bra!

Harald gjekk ut etter han, men Ola var alt vekk i skodda. Han gjekk inn att og fann høvlen sin, men det tok tid før han kom seg i høvlinga; han stod og sigta etter baatsborde, sigta og maalte omatt og omatt og glømte det han heldt paa med. Han snakka med seg sjøl:

- Folk er heftesame. Det er noko med dem alle i hop. Saa nær som desse gælningane utpaa Paalsnese da. Kanskje dei er like brysame dei óg. - - Ja, den der dokteren! Der fauk pengane hans, som hestelort om hausten. He! kausjonere for bror sin! Kjenne folk saa kleint, at ein trur bror sin, naar ein er ein skarvnakke sjøl. Og at ho fekk han Ola borti det. Ris, ris; kjerringris. Eg skulde ha hydd henne over slik att! Nei, Ola, kvinnfolk er kvinnfolk det. Det meinte eg vi var einige om; du og eg.

Han kvakk til med det same han sette høvlen fraa seg paa bordkanten: det stod nokon i døra.

Det var Sara som stod der. Ho helsa godkveld, og leita nauste rundt med auga:

- Er ikkje 'n Ola her? Eg trudde mannen min var her eg? Han gjekk da visst hit?

- Jau, i kveld var han her verkelig. Han gjekk for ei lita stund sea; maa vel ha gaatt seg ein tur til Paalsnese da. Kor han var den kvelden før her, da du fór og spurte etter han?

- Pyh! han var austi Finnvika hoss 'n Johan-Arn. [163] Kallen hadde lært han ei vise om at kona maa ha to slags stryk.

- Sjaa der. Men: lære og liv - - -

Harald drog høvlen i veg eit par gonger, og saag opp att.

Sara var bleik men ikkje skrinn. Ho hadde sveipt eit sjal kring hovude og akslene, saa ho gjømte andlete naar ho vilde. Han baud henne ikkje sess, men ho kom fram sjølmint og sette seg paa kaggen, der Ola hadde sete.

- Var han full i kveld òg?

- Han Ola? Nei, ikkje det eg kunde forstaa.

Harald høvla. Høvlen beit saa det sukka i veden, og sponane fossa i vêre oppgjenom høvlstokken med saa livsglad ein laatt, - ingenting i verda kom opp mot det lel, aa tøye seg ut saa lang ein var og krulle seg saman att, aa vera spon! - Han smaasnakka med høvlen, utan han visste om det: Trefte du kvist no? Ja-a, det maa til. Bit ifraa deg, far, - saa ja! Han saag opp, liksom det forarga han at Sara gav seg til aa sitte der; han retta paa seg.

- Men kvifor gaar han Ola slik no for tida? Veit ikkje du noko om det?

Ho smilte framfor seg:

- Det er vel mi skyld det. Eller saa er det pengane hans far som har gjort det.

Harald høvla kvassare og kvassare. Kvisten gnall hjartelig under tanna. Sara passa paa da han skulde sigte.

[164]

- Sei meg det, Harald: hatar du meg no? Etter det eg fortalte deg her den førre kvelden?

- Kva det var, det da?

- At eg sa dette til Petra. At eg lest som det var noko oss imillom enda.

- Aa, det... Han maata borde attaat baaten, og smilte da han saag det fall. - Nei. Eg hatar ingen. Ikkje ei sjæl meir. Eg har anna aa pusle med.

Ho saag snart paa han og snart bort i veggen. Det rykte saa smaatt over augelokka.

- Trur du det var det som - - som plaga henne bort?

- Veit ikkje, eg. Men: det bør no du tru da.

Ho kvakk for dei orda. Ho vart sittande og sjaa paa sponane unna høvlen, og auga stivna meir og meir.

- Men du var glad i meg eingong, Harald, ikkje sant?

- Ja, kan hende. -- Ja, hadde ikke Petra og eg - - men forresten, det der staar eg ikkje og pratar om. Det skil meg ikkje. Skil meg ikkje, hører du!

- Veit du kva folk seier om deg? Dei seier du er godt fornøgd med at Petra - -

- Det stemmer vel ja.

- At du - -?

- Esj! At dei seier det, meiner eg. Ja, forresten er eg vel mann for aa vera det òg. Eg er fornøgd med det. - - Du snakkar om aa [165] vera glad i eitkvart, - veit du kva det vil seie aa elske ein ting? Du lærte det visst aldri, du. Men andre kan det. Og no held eg paa og lærer det, eg med. Du seer paa meg. Ja visst, henne òg ja; henne først og fremst. Eg var nok glad i henne før òg, men. - Men ser du denne her, denne baatskapnaden? Det skal bli baat det, ser du. Ser du kor hjartans fin han er? Slik ein velskapt ting, som staar her og smiler til ein og ventar paa enda meir omtanke og kjæling, enda litt meir oppfinning - den som har eit hjarte, han maa bli varm! Det er berre ein liten konst med det: det er aa ta han inn i hugen, det, gjera han til eit stykke av seg sjøl, saa gror det og vermer fraa tid til tid. Ja, og saa har eg no han Kaare da, og henne, som sagt, nei du kan helse dem med det, at dei har rett, evig og innerlig rett, utan dei veit om det, - dei gaula ikkje saa gale alle kalvekjeftane heller, somtid. Uff, no staar eg her og røler og seier baade det og det; ein er dumm naar ein er glad, det er ei gamal lekse. Men no kunde du gjerne gaa. Eg vilde ikkje vita større av at 'n Ola kom no og fann deg her. Han har det ikkje saa godt. - - - Kvifor flytta du forresten hit til Engdalen? Kva vilde du her?

Ho hadde reist seg og stod ei stund og beit seg i leppa. Andlete var vent og stolt.

- Aa, eg har no elska deg, Harald. Enten du vil tru det eller ei. - - Eg vilde berre sjaa deg.

[166]

- Sjaa meg nedi fattigdommen og søla ja. Jaja, du fekk no det. - Men no faar du heller tenke paa 'n Ola. Visst det er folk i deg. Naar du har teke han, saa.

- Du trur vel gjerne eg fér her og legg meg etter deg du? Ho saag paa han og lo haanlig, ein liten kaldmælt laatt. - At eg vil ha deg til elskar og slikt? Du gaar og gjer deg stinn om dagen, ventelig, saa du skal staa fast, - saa du ikkje skal gjera den store vondskapen? - - Bonderygg!

Ho gjekk nedover mot døra, snudde seg og smilte og sa godnatt.

Og han stod att og smilte for seg sjøl. - Han arbeidde ei stund enno, men rett som det var, la han høvlen i fraa seg, tok av seg fangskinne og kosta av seg sponen.

Det hadde teke til aa gnaga oppaa naustlofte, som det pla gjera kvar kveld ved dette leite, det gnog trutt og kvasstennt, heldt opp smaa stunder og tok til att. Men det var ikkje derfor han slutta i kveld; han var saa sterk no i det siste at det beit ikkje paa han, han kunde staa og høre paa det saa lenge han vilde, enda det var ei lei tann aa lye paa, det likna sterkt paa at einkvar vilde gnaga hol i veggen til han og kike inn.

Han stod og saag paa nybaaten enno ei stund. Saa tok han løgta og gjekk, stengte døra rolig etter seg. Nei, det var Kaare han gjekk for. Han kom til aa sakne han saa sterkt. Slik [167] kunde det komma over han stundom, han maatte heim til gutungen same kor umulig det var. I fjorvinter, da han dreiv paa her som hardast, da var det ei vond tid. Heime var det som reine pinebenken, og først han kom hit ned, hadde han lengten etter Kaare som ei igle paa seg, det saug og saug for bringa; saa let han guten sitte her i nauste, i trekken, til han fekk bronkitt; og om kvelden naar han var trøytt og svimren, gav det seg til aa tasle og gnaga paa naustlemmen og plaga han vekk. Han orka mest ikkje tenke paa det no. I aar var det saa godt aa vera til.

Harald sat med Kaare paa knea heilt til kveldsmaten kom paa borde. Slik kunde han sitte lange æva og sjaa paa guten og smaatt snakke med han. Det var saa rart med Kaare, han saag som eit vaksemenneske paa ein. Og meir og meir fekk han auga til mora; ikkje var dei brune og ikkje var dei graa, og rettno synte det seg, det gule innslætte i dem; og saa seint som han flytta dem fraa den eine tingen til den andre, nett som mora; tenkte saa lenge og tungt paa kvar tingen, men var lettliva paa ein maate likevel.

Etter kveldsmaten sa Harald at han kom til aa gaa seg ein tur, han tenkte seg ut i Paalsnese. Kaare kunde ligge paa lofte hoss Jakob til saa lenge. Kristian var paa høgskolen i vinter, han fekk det ikkje ifraa seg at han maatte dit og saa hadde Harald vore saa heppen han fekk [168] ei dygtig gjente, Nanna heitte ho og var fraa ein gar i nærheita.

Han gjekk og tenkte paa henne med han slong vestover. Det var saa merkelig: Petra hadde spurt, ikkje lenge før ho døde, om han ikkje tykte Nanna Myran var ei staut lita gjente? Skulde dei komma til aa trenge ei gjente i huse eingong, saa fekk dei spøre henne. Ho var saa vakker og saa snild.... Det kom for han ofte dette, no. Han syntes Petra var ikkje langt unna naar han tenkte paa Nanna, og ho saag paa han med gode auga: Nanna kunde han faa. Det var henne ho hadde tenkt han, - ho var da saa vakker og saa snild. - Da ho gjekk ifraa han, da tenkte ho vel paa Sara. At ho skulde ikkje staa i vegen, om dei to vilde ha einannan. Men han gjorde henne ei glede no, kom det for han, om han tok Nanna. Og eit friskt menneske i hans alder maatte vel den vegen. Likevel sette han ut i det lengste. For saa nær han som no vart ikkje Petra da lenger.

Nei visst, dei døde saag ikkje hitover til dem som levde, det hadde han aldri trudd. Det var berre noko han syntes for sin eigen part, noko han hadde bygd opp millom Petra og seg. Han hadde henne med seg kor han stod og gjekk, og han skjemdest ikkje ved at han var slik blauthjarta. Berre denne vesle tingen - som ikkje kosta noko -, aa gaa og vera henne tru, det gav slik djup ei lukke.

No vilde han finne Ola. Det var han som [169] kunde til at Ola gjekk her som ein tusseladd, det var ikkje ansles det, og han vilde prøve aa faa han over det. Det maatte vel laga seg med tida, han kunde ikkje anna tru. Berre han kunde bryne han saapass at han beit paa, saa gav vel Sara seg. Slipast skulde han. To slags stryk vilde der til, det hadde 'n Johan-Arn rett i.

Som snarast saag han Sara framfor seg: live hennar opna seg for han saa det isa i blode, andlete hennar stod der kvitbleikt og utpint, - slik var det aa vera henne!

Han bles det ifraa seg, og let seg att.

Dei sat borti garen hoss Petter i Paalsnese, det var Petter og Andreas og Ola. Petter hadde nylig gifta seg med søstra til Andreas, og stua var full av skøy og gælenskap. Andreas var ein langskjeggut liten kropp, han var stinn av paafunn og skrønor, og i kveld stakk han dem ikkje under stolen.

- Der kom du! ropte han da Harald kom inn, og Petter reiste seg beint opp og stod og smaalo; men Ola lest ikkje som han ansa nokon ting. - Dei drakk heimbrygga øl, av det gamle truhjarta slage; det var Petter som kunde konsten, og denne gongen hadde han vore tjuvheldig med det. Dei drakk flittig av det, og syntes det gjorde godt baade for munn og hjarte.

Ola sat og stirde paa Harald lange stundene. Best det var, sette han i og tørbanna.

- Kva er det du sit og glaamer paa meg etter? He? Vil du meg noko? Han saag paa [170] dei andre og flirte: - Han sit forlate meg og blaastirrer paa meg som han vil eta meg.

- Hysjt da! aatvara Andreas. - Det er berre noko som sit i han av skolemeisteren. Han vil ha ro i klassen. Takk-gu han ikkje kakkar i borde aat oss.

Dei fekk snakka Ola over att, og han drakk tett og lognt. Og endelig var dei to Engdalsmennene paa heimveg.

Dei gjekk og tagde. Skodda hadde git seg litt, og stjerne etter stjerne glødde seg igjenom over dem og blunka ned. Da gav Ola seg til aa røle og snakke. - Stjernone, kva var ikkje dei for ein merkelig ting. Kor skulde dei hen? Kva stod dei der og vitna for? Han vaasa lenge om dette, og blande sjæla og døden inni. Var ikkje live ein forunderlig ting?

- Aa tvi! sa Harald. - Kva er dette for slags snakk? To grove karar som har vore i veg og drukke seg full, gaar dei og kliner seg til med døden og live og det der! Nei stopp no, Ola! Vi er to greie karar, vi; to ærlige menneske aa kalle. Har vi ei kjensle som er vaar, saa gjømmer vi henne. Gu gjer vi saa!

- Ja du ja. Du er ein - du er ein - hardnakke du. Eit steinstykke. Eg er - ansles eg. Du, ser du, du har no hamra deg til som ei slags livslukke, du; sjøl.

- Skal vi ikkje heller kalle det baatar, det eg har hamra til? Det liknar baatar, ikkje sant? Men det gjer same nytta for det; og namne du [171] fór med var gjerne ikkje saa kleint. Hør meg no her og sjaa meg no der, Ola - skal vi ikkje hamre i lag, vi to? Gjera baatar saa det syng i heile vinter. Du skal da vel ikkje late folk sette det orde paa deg, at du vart blaut da pengane fór? Du er da vel eit klo-dyr, du liksom eg, av utgangar-slage, hm?

Ola stana, og Harald gjorde det same.

- Har du ikkje lagt merke til kor like vi er, Ola? Ei sak bit ikkje stort paa oss. Vaarherre skapte oss ikkje slik. Vi er glade i ungdomsarbeide, i maalsak og avhaldssak og mange slags sak, - ja, og saa skyttarsaka, det er no toppen da. Men dei tek oss ikkje, som dei tek anna folk. Vi har ikkje noko sakhjarte, ser du. Og det er leit nok, for oss da, - verda ho klarar seg vel forutan. Vi maa ha ein ting, vi, noko som vi ser for oss, - baatar eller jorder eller slikt. Seier eg ikkje sant?

- Jau, det er saa det, san. Eg kjenner vel det, men.

- Enn om vi fann paa aa skape den rette baaten, Ola, den einaste som vil til? Lett under børenskapen, og bergelig i sjøen, og enda snar som den vonde. Skulde det ikkje vera verdt aa prøve? Eg trur eg har han, ja eg er viss paa det, han staar utfor naustveggen, - har du set paa den karen? Men maskin er han snau for, og det skal du hjelpe meg med, elles bli det aldri. Finn meg ein motor som er billigare aa fôre enn dei andre og som dreg heller litt meir, og sett han [172] inn aat meg. Det skarvstykke ventar eg meg av deg, Ola. Aa han skal komma til aa gaa, gut! Aa, det er lystelig naar ein ting gaar fram. Saa kan det bli det same om det ikkje gaar saa rennande fram for oss. - - Ja kva seier du?

- Eg slær meg med deg. Jau, det faar bli slik lel. Eg er ikkje saa blaut - - som eg ser ut for.

Dei gjekk att, og Harald arbeidde paa Ola som ein smed, og Ola var einig. Men sistpaa gjekk han og tagde, og da dei skulde gaa kvar til seg, ser han Harald inn i andlete saa det rykker i han, - saa uhuglig og forvilla ein smil hadde han ikkje set før.

- Vil du ha kjerringa mi? Saa skal du faa henne. Eg - treng henne ikkje.

- Tosk! Hører du kva eg kallar deg? Eg burde elles smøre til deg.

Ola kjem nærmare inntil han, andlete lyser faableikt og elendig, og auga er stive og glasne i han.

- Korles var det, Ola, kjem du ikkje i hug den kvelden inni marka her før du gifta deg? Vart vi ikkje forlikte om det den gongen, at vi var vaksne karar? Og at vi skulde prøve aa vera det.

- Det har runne mykje vatn i sjøen - sea den gongen.

- Ja, eg var tilfreds eg. Vatn gjer deg no vel ikkje til - til tomsing? Harald treiv han i armen og rista han: - Hør no paa meg! Hør [173] paa meg, Ola Erikson Engdalen: Er du verkelig ikkje saapass til kar, at du gjer som eg, - at du let kvinnfolk vera kvinnfolk! Da kan du sannelig - ligge der du ligg. Godnatt!

Harald hørte kor bekken susa i nattstilla, han hørte sjøen vaska frammed strendene, natta drog lik ein kald sukk gjenom han, og han kjente han var einslig og at han heldt av Ola meir enn han hadde visst om.

Ola kom etter han.

- Ikkje gaa enno, Harald. Bli med meg eit lite stykke oppover. Eit urlite stykke berre.

Harald vart med han.

- Du Ola, sa han, - no tenker eg paa aa gifte meg. Med ho Nanna. - Eg seier, eg tenker paa aa gifte meg, med ho Nanna. Kva seier du om det?

Ola snudde seg endelig imot han, beit seg i leppa og drog paa smilen:

- Javel. Det gjer vel gjerne du. Men - det kunde du no elles spara deg da. Trengs ikkje for mi skyld. Trengs ikkje her i garen! Hører du det? Best det er busar han ut og bannar vilt imot Harald, truar med knytneven ut i lufta: Aa, eg er - eg er ei løve, det er ingen som kjenner meg, men dette, dette her, det er eg, eg! - - He! trur du meg ikkje? la han til, litt spakare.

- Jau, sei det. Det er just det, eg har trudd heile tida. Men ikkje skraal saa høgt, du vekker [174] kjerringa. Er ho snild, ser du, saa er det synd paa henne, og er ho rangstelt, saa er det farlig, hugs paa det. Ja, godnatt da Ola, og takk for lage!

--- Det meldte seg ein ir i Harald, da han stod i gangdøra heime. Huse sov, all verda sov, og her, oppaa kjøkkenlofte, laag Nanna. Ja ja, stakars lita, han skulde ikkje uroe henne enno.

Da han kom inn i stua, reiste det seg nokon fraa ein stol borti mørkre, og han hørte ein søvnig og forundra liten lyd. Han spurte kven det var.

- Det er berre eg, sa Nanna. - Han Kaare vilde ikkje ligge paa lofte, han vilde ligge i si eiga seng, lét han, og saa skulde eg sitte og halde han i handa. Saa sette eg meg her, da han hadde sovna; saa mykje eg var i nærheita om han skulde vakne.

Ho hadde tendt lys med ho snakka, og stod no med handa paa klinka og vilde komma seg vekk. Harald strauk henne over panna, og han saag kor ho bleikna og tok etter pusten, han kjente det paa seg kor kald ho vart oppi haarrota.

- Kaare er saa glad i deg han.

- Eg i han òg.

- Er du glad i born?

- I born ja? Det kunde hende san!

Han staar og ser paa henne, han blunkar meir og meir lystig:

[175]

- Skulde vi, kanskje - - -? Ja, bli no ikkje rød for det, eg meinte berre, om vi skulde gifte oss? Herregud, vi har da vore kjente saapass lenge lel?

Ho var mørkerød no, men ho saag paa han med ein glad liten glans i auga; ho saag ned og tenkte paa eitkvart, saa opp paa han att.

-Kaare er glad i deg, og eg er glad i deg, og Petra med, -ho var saa glad i deg heile tida. Du faar tenke paa det til i morgo. Du, forresten saa - - han kom litt nærmare - - forresten saa kunde du gjerne bli her hoss meg i natt? Hm?

Ho drog paa brunene litt og saag paa han att, utan aa blunke eller skifte leter, og saa slepte ho klinka. Noko vakrare syntes han ikkje han hadde set, enn da ho slepte klinka og stod der og smilte, at det fekk bli som han vilde med det.

Harald angra likevel det han hadde sagt. Det var saa underlig saart, dette. Men han kunde ikkje late seg merke med noko, for hennar skyld. - Ho pusla om Kaare enno ein gong, stod litt og saag paa han, og smilte til foten hans, som stakk fram unna dyna att.

Harald laag vaken lenge etter at Nanna hadde sovna. Han tenkte baade paa henne og Petra. Ho var inga Petra, og kunde aldri bli det for han. Ikkje hadde han tenkt det heller. Men Petra hadde han likevel, han hadde aldri kjent det sterkare enn no; og aldri hadde han set det saa klaart før, at ho gjorde det einaste [176] som gjerast maatte, da ho gjekk bort. Aa ja, ho visste det vel, at da hadde Sara tapt for all tida.

Nanna ho sov. Ho kviskra litt om det før ho sovna, at ho maatte sjaa til aa vakne før Kaare....

Han saag henne for seg. Ho var rødkinna og barnslig i andlete, haare var mørkt og brunene mørke, litt oppdregne, men auga var egte blaa; - dei festa seg rolig paa ein, likesom Petra sine. Ho var berre 17 aar, fastbygd og rundvaksi, men lett i gonglage. Slik som ho dansa! Paa skyttarfesten i vaar dansa han med henne, - dei dansa med henne alle -; ho dansa liksom i ein draum, fjørlett og fint, og saa hjartans glad; heile natta dansa ho, og liksaa gjerne med den eine som med den andre, berre dei kunde snu seg litt svint, berre det var dans! Men her i haust, da han bad henne gaa paa dansen, vart ho berre snar; ho kom att før han hadde lagt seg.

Ho hadde sete paa skolebenken hoss han. Kor ho saag paa han, ein dagen han skjente paa henne.

Javisst minte ho eit grand om Sara. Kanskje det var det som stengte Sara saa heilt ut or hugen hans?

Det var rart aa ligge her aa tenke paa, kor liten ein mann i grunnen er; kor tidt han maa aa dit han ikkje tenkte.

[177]

Tankane hans fór til nauste og baatane før han sovna. Straks han skulde ta etter søvnen, saag han dem paa vatne, heile flaaten, i rok og sjø; dei gjekk saa dei andre vart liggande som skjer bakom.

Det vart ikkje meir aa sjaa til Ola, og Harald gjekk og undra seg og venta og visste ikkje kva han skulde finne paa. Han snakka med Nanna om dette, og ho saag opp paa han med slikt alvor, at han maatte le. Ho lo med, og sa at det der fekk han greie sjøl; det var no vel best aa la mannen gaa paa gras til han vart god att, og god vart han aldri. - Det var lett aa vera til, naar Nanna lo, men dette skulde han ikkje ha snakka med henne om. Aa nei, ein og annan smaatingen slik maatte ein vel ha for seg sjøl.

Harald var oppover og spurte etter Ola ein dagen, men da var han i byen, og ingen visste aa seie naar han var ventande att. Harald kilte paa med arbeide til over nónstid, og da syntes han ikkje han iddest meir; det vart saa lite av det, naar ein var aaleine. Han vart med Jakob aat fjøse om kvelden. Det gjorde han rett som det var, for det var støtt eitkvart aa sjaa etter, same kor dygtig guten var. Det kom verkelig pengar utor fjøse no om dagen. - Men det var Ola ja. Han snakka med Nanna att.

[179]

- Eg veit ikkje, eg, sa ho. - Men det kjem saa for meg - eg er rædd han Ola. At han finn paa aa gjera deg eitkvart vondt. Det er sant det, Harald! Godslig ja? det er han vel; men gud veit kva han kjem paa, han som gaar der og sleng ut og inn i dørene og ikkje har anna aa tenke paa. Det bers saa for meg, at bli han full, saa - -

Ho snakka seg reint opp, og han klappa henne paa haare og spurte om ho var kjerring alt? Og saa spurte han henne med det same, om ho ikkje tykte ho burde reise heim ei stund før dei gifta seg. Det gjorde anna folk.

- Ja dei ja. Dei finn paa saa mangt, dei. Jau, eg maa vel det, forresten. Men eg veit ikkje, eg, - eg vil bli her nokre dagar enno. Nei, eg veit ikkje kvifor, men.

Ein par dags tid etter kjem Nanna ovanfraa Engdalen, ho hadde vore etter mjølkespanne, og forteler at Sara hadde reist heim til foreldra sine, Ola hadde jagd etter henne da han kom fraa byen, og no laag han og var full. Tausa paastod han hadde banka Sara, og saa hadde han rasa rundt i garen og svore paa at han skulde ned og helse paa baatbyggaren, det var ei lukke han alt var saa tungt lasta at han gjekk overende.

- Jagd henne vekk! sa Harald og smilte.

- Det var no for mykje av ein god ting.

Han var alt paa veg og vilde oppover, men Nanna heldt han att. Det skulde han late vera; [180] han maatte komme i hug 'n Kaare litt òg! Ho sette i slik, at Harald baade vakna og tenkte seg om. Han fekk vente.

Natta etter kjem Nanna springande ned fraa lofte og ropar at det brenn nedi nauste. Harald ser logen, riv paa seg klædane og spring; Nanna etter.

Det er den store motorbaaten utom naustveggen som brenn. Det er tendt opp eld av næver under han, paa fremre sida, og no logar det alt lystig av han. Baaten er faren, men Harald ryk inn i nauste og faar tak i eit segl, dei breier det utover naustveggen og gir seg til aa pøse sjø paa, for aa berge nauste. Det ser bra ut i førstninga, men saa kjem vinden, det brenn hol i segle for dem trass alt dei rasar og auser paa, og enden bli at nauste gaar med.

Da det brenn paa det gildaste og dei driv paa og hiver ut det dei kan, set det i og kaldflirer oppi bakken. Harald kjører ut baaten han held paa med, tek seg ein staurende og renner oppetter, men han kjem ikkje langt før han stuper framover og bli liggande. Han har faatt ei flaske i syna. Blode flør utor eit stort saar i panna, og det tek tid før han kjem til seg att; men Nanna bitt for saare og faar han endelig med seg heim. - Saa gaar ho ned og ser til varmen.

Harald trudde han skulde snart vera god kar att, men saa sette det seg ilt i saare, det [181] trutna opp og saag fælt ut, og han vart saa kleinslig han maatte til sengs.

- Skolemeisteren! sa Nanna. - Hugser du ein gong paa skolen, eg hadde faatt ein blekkflekk i skriveboka mi? Du steig eins erend opp paa katetre og formana oss til aa agte paa smaating. No fer du saa du stryk med berre for smaating.

Ho smaaskjennte og stelte med han, ho var baade harm og angst. Han trøsta henne med at han skulde svara henne naar han vart god att. No var det berre om aa halde nakkeskinne stint, saa han ikkje trong dokterhjelp, for det vilde han ikkje ha, og heller ikkje kreperte, for det var saa alt for tidlig.

Det vart ein strid tørning. Han var sjuk som ein hund, og han skjemdest aa syne det; det sat i han som ein dyrenatur, at kvinnfolk i minsto ikkje skulde sjaa ein mann nedfor slik. Han brukte lysol og bórvatn, blyvatn og alt det som godt var, og heldt verkelig blodforgiftninga unna og kom seg over det.

Med han laag sjuk, maatte han komma i hug Sara og Ola tak for tak. Tanken drogs den vegen, og det gjorde vondt; det var sørgelig korles han i grunnen hadde fare med dem. Han kom til aa oppleva det som ei sanning, det han hadde lese og lenge visst om, at samvite veks naar magta minkar. Det kjem ikkje før ein er verjelaus imot det; kjem ikkje før det er for seint. Der var noko som kom av og til og sa [182] han førut; kva han skulde gjera og ikkje, for sin eigen part. Dette her kom etterpaa, det, og snakka for andre; han snudde seg ifraa det.

- Trur du han Ola er rett no om dagen, Nanna?

- M-nei, knapt nok - -. Men han kjem seg vel igjen.

Nauste var ikkje brandtrygda, saa han slapp baade forhør og anna staak. Det var gamalt og skralt, saa han anka ikkje større paa det, og mesteparten av skrape sitt hadde han faatt ruska ut og berga unna; det verste var at baatsborda hans brann opp. Og saa motorbaaten. Den guten var som han skulde vera, og om han fekk til enda ein slik, det vart mykje paa vona. At det skulde vera brennt til oske, det han skapte dei dagane i fjor! Der hadde han Ola rekna rett. Og kva sa dei no, dei som hadde tinga baaten til vinterfiske? Nytta vel ikkje aa trøste dem med at han hadde slengt ifraa seg ei fyrstikke litt uforsvarlig. Her maatte byggast ein ny. Maatte ja, og saa var det umulig; det tok alt til og krisla i Harald, han stunda etter aa faa komma i kast med det umulige, aa faa klaa det paa ryggen, tvinge det til aa snu andlete imot han; han plistra laagt og rolig, som han hadde for vane naar han var urolig til gagns. - Javel, baatsborda maatte han faa oppi garen, Ola hadde ein tre-fire fine stokkar liggande. Men aa gaa dit og be om dem nytta ikkje. Aa vente stort lenger nytta heller ikkje.

[183]

- Kva meiner du, Nanna, kjem han ikkje snart?

- Han Ola? - Jau, eg trur det. Eg lurer paa vi har han her snart.

Harald var trygg naar Nanna hadde sagt det. Ho voks seg meir og meir inn i hugen hans, og Petra gleid unna stilt og med ein liten sukk. Henne hadde han snakka saa lite med, saa alt for lite, og no hadde han gaatt her i halvtanna aar og trega paa det; det hadde vore som eit sugande tomrom i han. No gleid Nanna inn i det, ung og sterk i hugen, still og blyg og glad, med oppdregne bruner og runde barnekinn.

Kvelden etter kom Ola. Han kom slengande om nova, med det same Harald skulde ut ein vending.

Harald gjorde pina stutt, han sette opp eit fortærande andlet, for her var det ikkje kjæling som vilde til.

- Det var ikkje fortidlig du kom no, saa eg fekk rive kjeften paa deg. Kva i fanken tenker du eg skal ha til baatsbord, og korles skal eg faa ferdig fiskebaat aat 'n Edvin Leinland? - Eg har no òg fare med og vore full, etter fattig raad, og folk har eg jula lystig, men renne i veg og ødelegge baatar! - Nei, du faar no vita hut!

Ola smilte og saag opp i under rett fram, [184] han forstod heller ikkje dette, naar ein tok seg for og saag det fraa den kanten.

- Og saa hive flaskor i mørkre - sjaa her, skal du sjaa - du skulde pinade ha stokkepryl! He?

- Ja, du veit, - Ola lo tomsutt -, du veit no det, men. Nei eg skulde visst - skyte meg, her eg staar.

- Ja ja, kom inn no, saa faar vi snakkast ved.

Og dei kom fort til einings. Harald skulde faa flytte over i Engdals-nauste med bygginga si, og Ola skulde skaffe bord og vera med og arbeide paa baaten.

Han bad tynnt for seg, at han maatte faa betale skaden, men Harald sa, at han vilde heller ta han paa ein beiskare maate: han skulde skaffe bord og bord og atter bord, og Risnese skulde han sele for det han gav. Det var det Ola heist vilde, for slik som han sat der i pengevegen, hang han ikkje med plassen likevel. Allting ordna seg saa merkverdig lett, og da dei røykte fredspipa etter kveldsmaten, snakka dei om det som hadde hendt, liksom det var noko nytt fraa utlande.

- Eg skal seie deg det er eit stasplagg, denne tausa di, sa Ola og stakk pipa i lomma.

- Kjerringa mi, sa Harald.

- Javel. Nei, tausa mi, ho er saa stygg ho, eg ser meg inga kløning for henne; det kan ikkje bli kjerring av slikt.

- Var det likt. Nei, ho er for usynlig, som 'n Johannes daling seier. Til kjerring da. Til [185] budeie maa ho no vel klare seg. Det var no aldri derfor purka di kasta daudgrisene, veit eg?

- Nei, men han Andreas Paalsnese paastaar ho er saa stygg at ho held musreint i husa. Eg skal høre meg om etter eit likare emne.

Sara vart ikkje nemnt med eit ord.

Da Ola stod utom døra og skulde gaa, sukka han:

- Eg burde no vel stoppe meg i ein sekk og hive meg lukt paa sjøen eg, som ein annan hund.

- Ja, det forstaar seg no. Men: kven skal saa hjelpe meg med baatbygginga? Du lyt vente til vaaren.

Og Harald slong med han eit stykke oppover. Det var stjerneklaart og kaldt, og dei gjekk i kveldsvinden og let det kjøle med det vilde omkring dem, utan aa hustre. Vangstjerna skreiv teikne sitt over fjella i nordaust, stjernor rispa og skar nedetter himmelen, og fjorden og natta susa.

Nanna stod og smilte innfult, da Harald kom inn.

- Ja ja, sa han. - Det er saa det. Men det er ikkje det, det har eg sagt deg før, at eg er saa galen etter han Ola. Du har no ikkje svartsjuka, veit eg? Nei, rettelig venner kunde vi aldri bli. Eg kjenner han ikkje. Treng det ikkje heller. Men eg vil ha ordna det omkring meg. Og til uvenner duger vi no heller ikkje.

Men han glømte seg og tok og svinga henne [186] rundt i lufta, sette henne ned og dansa polskdans med henne til veggene sveiv som ein røyk kring dem.

Det vart baatbygging i Engdalsnauste. Fraa klokka 5 om morgonen til seine kvelden høvla det og klinka det saa det var i ein song over vaagen, og det var ikkje lang tida før det voks opp ein baat som ingen der omkring hadde set maken til; han var baade brei og kvassbygd. Det kom ein og det kom fleire og stod og lura paa han, og dei sa det dei meinte, at dette var ein underlig kropp. Gjekk gjorde han visst, naar han fekk maskin i seg, takke 'n for det; men dei undra seg paa om det ikkje vart ein vaskar, ein som smaug.

Ola saag paa Harald og tvilte, og Harald saag ut i vere og var likeglad. Naar dei var toeina, gjekk han baaten over med eit langt og forelska augekast, halvt som i draum: Gruv ikkje, Ola, han her skal nok halde hovude oppe. Eg har lese om baatar og set paa teikningar og studert, og resten kjenner eg paa meg. Han har sete som ei klo i meg i langsamelig tid. Skit i han som strauk med. Denne her er den rette.

Ola vart litt dumm aa sjaa tii, naar den førre baaten vart nemnt. Han stod og saag ned og heldt i hammaren.

Det var fem-manns linebaat med motor det skulde bli. Garnbaatar hadde dei nøgda av, det [187] gjaldt aa finne ut ein som var lettare aa legge til vinden under draginga og som enda baade gjekk og stod i lag med dei andre. - Ola var ram med høvlen, han kunde gjera alt med den, naar han berre saag det for seg. Han hadde gjort seg ein baat sjøl eingong, og det var saa fin ein færing du kunde sjaa, men tung som grisen aa flytte paa, dei kalla han enda Steinkua.

- Rettno saa styp eg, sa Ola i førstninga, naar det leid til kvelds.

Harald hørte ikkje. Han tvinga og sigta, han klinka og trala, saa Ola svor i munnskjegge og smaatt flirte rett som det var.

- - - Om kveldane etter arbeidstid, og om søndagene, kom Ola nedover og sat og røykte pipa si. Men kvar søndag hadde han vore borti brennvine. Og da baaten var ferdig og verste sjauen over, kom han halvfull om kvelden òg.

Nanna hadde reist heim, og dei hadde berre ein gjentunge i huse, ho kunde saavidt koke graut.

- Her sit vi som to enkemenner, sa Harald ein kvelden. - Jaja, stort bedre kan ein ikkje fare.

Ola saag lenge paa han, auga leita som hendene paa ein blind mann.

- Aa ja, sukka Harald, - dei kjem vel tidsnok att, kjerringane vaare. Mi kjem i mai, ho.

- Og mi kjem aldri. Ola lo, litt tynnt og kvast, og saa la han til: - Eg trur mest eg skal vera fri henne ja.

[188]

- Ho kjem, ho kjem, Ola, gruv ikkje for det.

- Snakk ikkje synda. - - - Ikkje har eg noko bruk for henne heller.

Dei røykte ei god stund, og saag inn i røyken. Ola sat med eit hardt andlet; han glytta bort paa Harald eit par gonger. Endelig sa Harald, ut i røykskodda:

- Var du - - mykje hard med henne òg?

- Aa. Ho fekk no det ho hadde godt av. Saa small han i og lo: - Gubevaremeg, som koppane dansa paa borde da eg slo i det, ho ho, gut! - - Nei, eg sette berre foten paa nakken til henne. Burde ha latt det vera ja; men eg var ikkje godtil. Der, precis der, paa nakken av denne storkarsungen, skulde hælen min settast! Slik kom det for meg. Ha ha ha! eg maa flire. Eg var vill! - - - Aa nei, san! Ho kjem sagt ikkje att.

- Jøss, ho kjem. Men du lyt myke deg urlite, gaa til henne og vera fin hund. Hysjt, ta det rolig! Spør henne om du ikkje faar sjaa litle-veikja di?

- Aldri! - - Forresten: var det ikkje du som sa eg skulde myke henne? He? Ola reiste seg, han vilde gaa.

- Nei, sett deg igjen. I kveld, Ola, skal vi ha oss ein liten toddi, etter velgjort arbeid, ein skikkelig brennar. Har? - ja det var saa, san. For i kveld var du ædru aa kalle, da du kom. Eg har sagt deg det før: drikk du heime, saa er det slutt her; for da gaar du i grismat-koppen, [189] og det skal du ikkje ha mi hjelp til. Nei, sett deg - saa ja! Her staar vatne; og her nord har eg gamla, - han reiste seg og tok inni skape, og langa flaska fram. - Saa var det sukker ja, og glas og greie, herregud, her staar det og ventar, har staatt og venta mange, mange kveldar, men sjaa, du var alt paaverka, du. - He! myke henne, sa du? Det har du da jamenn gjort, ikkje sant? No er det din bør. Nei, ser du, før kjem ho aldri, og det er synd. Og gjorde ho det, saa var ho ikkje verd aa ha.

Ola gjorde seg ein toddi som ikkje var linn, og smakte paa han med det same, han smilte til smaken, men var ikkje glad.

- Du skal ikkje seie eit ord om at du elskar henne og slikt. Ikkje denne gongen, for da trur ho deg ikkje.

- Hm. Men korles veit du alt det der?

Orda kom stikkande som knivoddar attanfraa; og Ola saag ned i glase sitt med smaa auga.

- Veit det? Eg veit det no vel ikkje heller, eg - - kjenner det berre paa meg, at slik er det.

- Saa. Korles kan du det da?

- Herregud, eg er da vel frisk, Ola, - ja, det er no ikkje du, ser du -, eg veit da vel - -

Han tagde braatt og vart heit, for det gjekk opp for han kva Ola tenkte paa. Han tok seg paa tak att.

- Ja, sett no det kjem ein trampande og forteler deg, at her er saa vakkert, - at [190] det reint svid i bringa paa han kor vakkert her er. Da har du det i deg, at fyren lyg. Han ser og kjenner aldri det grand. Og sitt du attmed ei gjente og held i handa hennar og ikkje seier noko større, saa veit ho det snart, visst du synes om henne. Men seier du: eg elskar deg, og alt det der, saa skal du agte deg, ho tykkjer gjerne det er trøysamt aa høre, men ho trur deg ikkje; ikkje paa lang tid enda; det kjem kanskje for henne det er noko anna du vil, og det faar du aldri. Skaal, Ola!

Det snødde ute. Snøen stod som ein vegg imot glase, det var eit hundevêr, og toddien smakte urimelig godt. Harald slo frampaa om, at det var ikkje vêr aa gaa heim til budeia i, Ola kunde ligge der nede. Ola lyste opp, og tenkte seg om; han tykte det skulde ha vore moro.

Men ei lita stund etter kvakk det i Harald: Ola sat og stirde paa han over borde. Saa bleik og rar hadde han aldri set han, og auga sat paa ein som sugeskaaler, dei vilde suge blod.

-Skaal, Ola!

Ola tok ikkje auga til seg, blunka ikkje, han flytta berre paa glase sitt.

Harald sa med seg sjøl, at her fekk han ta etter magta, dette vart ikkje lett. Han smilte Ola inn i andlete, lenge og sterkt, han la aalbogane framover borde og saag enda litt bedre paa han, med lystige, nærsøkne auga:

[191]

- Korles er det med deg, Ola? Er det noko som gneg deg?

Saa slakna han i auga, rista paa hovude og sukka som ein gjer til eit sjuklig og bortskjemt barn:

- Jasaa ja, Ola; ligg du der enno! Det er vel inga raad da. Naar du ikkje lit det minste paa deg sjøl saa. Er du ikkje saa mykje til kar da, at du prøver aa ta det du vil ha, baade det du kan faa og det du ikkje kan faa? Nei, nei, san. Du faar sukke til hjarte brest, og tru det verste du vil om meg.

- Nei, Harald, om deg trur eg ikkje noko som er gale.

- Nei nei. Men veit du kva vi gjer, du? Det er laurdagskvelden i kveld, og fest i skyttarlage ute i Nesse, -vi klemmer i veg! Er du med, eller skal eg gaa aaleine?

- I det her vêre?

- Ja, just i det her vêre ja, for elles var det da vel ingen konst? og just saa utslitne vi er; saa faar vi sjaa om det finns livs-von i oss enno. Faa sjaa, Ola, om du kan gaa i takt med meg! - Der fór vi, Ola - aa, vi er ikkje for katten, det er oss det staar om i visa: Dette er gutan' som - bomkila kila bom!

Han song og knepte att trøya, og dei fann huva si og la paa dør.

Dei saag ikkje handa framfor seg, og vegen var baade lang og lur, attaat tok det til aa blaase, saa snøklistre beka seg fast i auga, og dei var [192] utarbeidde og trøytte saa føtene slo klikk rett som det var; men dei sprang og datt og heldt takt med einannan reint utrulig, etter vegen og utom vegen, til dei var framme straks føre midnatt, ei god stund før dansen var slutt.

- No gjeld det, Ola! kviskra Harald. - Pass paa takten. No dansar vi som karmenner, sprenger gjentone og skumpar gutane av golve, er du med meg? Og drikk, om her finns noko. Faa sjaa om du taaler litt.

- Javel.

Dei gjorde det dei kunde, og det var ikkje lite. Gong for gong heldt det paa og skulde bli staak, der hadde vorte dansa baade eitt og to par utor ringen, den og den hadde vorte skumpa, og no baud dei krig! men saa stod Harald der og var god og blid - og sterk -, og bad om aarsaking. Noko sterkt var der ikkje paa denne festen, men Harald hadde snart lugta seg fram til eit par som hadde flaska med, og baade han og Ola fekk meir enn dei vilde ha; dei skjønna straks at her skulde dei drikkast i golve. Ola tok alt til og vart bleik og slø. Dans! kvæste Harald, og det hjelpte ei stund. Saa var det ikkje anna raad enn aa faa han ut og tømme han, og saa inn att og vera like god. Og han var seig, dei fekk inga glede av han.

Harald visste ikkje meir enn dei andre korles det bar til, men saa stod han paa talarstolen i enden av salen og kremta og skulde snakke. Det var vel det, at han skulde ha prøvd det [193] med, det var jamgodt med aa danse eller slaa. Han la i veg med mange store ord. Dei var tomme, og derfor hadde dei slik høg og sterk klang. Millom mangt anna sa han, og alt fraa første stunda meinte han lite grand med det:

- Det er saa mang ei sak eg har mist, gud veit kor det har vorte av dem alle i hop, - eg er sakeslaus person aa kalle. Skyttarsaka er den einaste som sit fast i meg. Og det kjem seg vel av det, at det er ikkje berre ei sak, det er ting: det er børsa, det er kule og krut, sigting og smell og meir sterkt. Slikt talar til hjarte paa oss, kvar ungdom som er etla til mann, kjenner det paa seg, ein treng ikkje seie det, treng ikkje aa tenke etter, det er slik, ein vil skyte, ein vil treffe, ein vil slaass om det knip, slik er vi ja, og vi spør ingen om det er rett!

Han merka, der han stod, kor han ladde seg med sak, til det reint brann i han, meir og meir tok han inn fraa dem som sat eller stod omkring han, tok deira eigne kjenslor og slo dem i hovude med; dei saag paa han med eld i auga, og han kjente kor det kjølte igjenom dem av ei stor og uventa stund. Han var glad, forunderlig kvikk og lett for bringa, - det var ventelig slik dei hadde det, dei som fann lukka si i aa gjera folk glad. Og han drog fram med straumen, og snart hadde han visst ikkje slutta, hadde han ikkje vorte vâr andlete til Ola millom dei andre. Det var utslite og fyllbleikt, og auga lyste i skodde, han var ferdig. Harald samla tankane [194] fort, gjorde ein flott sving i talen, nemnte gamle Norig, og stod der og tagde. Saa gjekk han stilt ned.

Dei klappa og styra og var halvgælne, og han smatt inn i fjølden og bort til Ola, for det gjaldt aa komma seg ut med han litt fort; han lest som han vilde skjenke han. Da dei kom inn att, huka han i eit par koppar kaffe, og dei kvikka opp saapass, at Ola dansa ein stubb enda, drakk jamvel ein dramm til, og bar hovude noksaa høgt da dei gjekk. - Heile lage gav seg paa heimvegen no, for det var lyse søndagsmorgonen.

Vinden stod imot dem, gamal og strid, eit forherda hjarte, - denne vegen var det ikkje meininga dei skulde faa gaa!

Dei var i følge med Paalsnes-karane, og var innom der og styrkte seg med eit og anna, og saa tok dei ut att, ut i vinden og snøen. Ola saag paa Harald, da dei vilde ha dem til aa gi seg for der, men da Harald snerta han aldri saa lite, med eit halvt ord og ein blunk, snudde han busta ut og kom.

Vinden fall i tankar og gav seg, best dei gjekk, lufta lettna, og sundagen laag kvit og fin omkring dem. Og kirkeklokkone song hitover skogen, ein festlig, sterk tone, som talte for gudsrike.

Harald tok Ola i neven, da dei skulde gaa kvar til seg:

- Aa nei, Ola, vi er no ikkje haustkjuklingar. [195] Hadde aldri trudd det var slikt ty i deg. Du hadde ikkje - trudd det sjøl heller, kan hende.

Ola lo over alt andlete, bleik og stivna av slit og rangel, men glad likevel, og frisk kring hjarte.

- Og du trudde ikkje du var kar for aa hente heim kjerringa di og lære henne den rette skikken. Du var jamisæl rædd ho skulde laupe nedover til meg ... Ja ja, slike rider kan ein faa. Men det var det eg vilde seie: Du skal no vel ikkje danse enkemann i brylloppe mitt? Traave gjelding, hm? For der skal vi ha oss ein dans som høver for friskt folk. Folk skulde danse litt meir; saa var dei friskare paa levra. - Ja?

- Ja, du veit...

Og vaaren kom, songfuglane og sola og grase i bakken.

Baatbyggarane klemte paa mest dei vann, og da vaaronna maatte i gang, sette dei takten opp enda litt og fekk hamra ifraa seg det meste. Det var ein seglbaat til nydokteren, han skulde vera ferdig først i juni, og no kom baade onna og brylloppe imillom. Det var dei dagane dei stod i nauste fra klokka 4 til 6 om morgonen, saa var dei paa utearbeid til kvelds, og var enda nede hoss baaten ei stund.

Dei var ikkje saa lite heite for denne baaten: Seglbaat hadde ikkje Harald bygd før, utom ein litenvoren ein til seg sjøl, og denne her skulde paa kappsegling i Trondheim. Ola var likesaa oppi det som Harald. - Undrast rett paa, eg, sa han ofte og saag frametter, han maa no vel komma til aa bli flytbar, han her lel? Harald svarte ikkje. - Eg seier, han maa no vel komma til aa gaa? - Kvem? Aa, baaten. Han gaar vel. Men eg undrast, eg, om du er mann for aa gaa. [197] Gaa etter kjerringa di, meiner eg. Ola lest ikkje som han hørte, eller han lo berre.

Etterkvart som det leid, vart Ola meir og meir still av seg, og paa Harald saag han godtsom ikkje. Han var ikkje tungsint, det var meir likt til han var brydd for eitkvart. Ein totre gonger tok han seg paa tak og saag paa Harald, men lenger kom han ikkje.

Midt i denne sjauen valde dei Harald til formann i skyttarlage og Ola fortalte om fleire som snakka i, at no tok dei og valde Harald inn i herredsstyre òg; dei hadde vorte saa huga paa det. Harald trøsta seg med, at naar han bad rettelig tynnt for seg, saa slapp han. Dei skulde ikkje faa ta han ifraa baatane sine saa lett. Før gjorde han seg til høgremann; det var ikkje stor kroken dit.

- Ja ja, sleit Ola utor seg ein vakker dag. - Du bad meg be ho Sara til brylloppe ditt. Eg var sørover her ein kvelden. Det - e - det bli visst saa ho kjem ja. Og saa har vi tenkt det, at visst du ikkje hadde noko imot det, saa kunde vi danse oppi garen hoss oss, kva seier du om det? For det er litt større svingrom der, ikkje sant? Det er no berre noko vi fann paa.

Harald kunde berre takke for tilbude. Han hadde tenkt paa aa høre etter om stua deroppe fleire vendingar, men han hadde ikkje faatt seg til det. - Det var ikkje kleint paafunne det, murra han.

Sara vart det ikkje raad-rom til aa spørre [198] etter, og ikkje trudde han Ola vilde ha større praten om henne heller. Glad var han, det kunde ein sjaa, men han skjemdest attaat. Saa enno hadde han knapt lagt grim paa henne.

Det vart dansa i dette brylloppe saa dei mintes det, og det vart ikkje snakka lite om det i bygda.

Sara møtte opp liksom ho berre hadde vore borte ein snartur, og ho synte fram gjentungen sin til alle som vilde sjaa han, det var ein søt unge, og ho spurte Harald om han hadde set maken. Nei, maken hadde han ikkje set, enno da, men han kom vel med tida, - men no var han brudgom og no vilde han danse med henne.

Folk saag dit, liksom dei meinte at no kom her til aa hende eitkvart merkelig, dei tykte saa halvt dei maatte ha rett til aa vente seg det. Men der hendte seg ikkje noko anna, enn at dei to dansa rundt golve nokre gonger, stilt og fint, og saa leide han henne bort til Ola, som stod og snakka med ein eller annan; takka for dansen og gjekk. Nei, der hendte ingen ting paa den kanten, og dei skjønna snart at det nytta det ikkje aa vente, heretter, - og forresten hadde dei ikkje venta det heller.

Dagen etter brylloppe var slutt, var baae karane nedi nauste att. Dei skulde ha i stand baaten og segle han heim. Næste dagen kom dokteren sjøl og tok imot baaten, og da tok dei [199] den andre nybaaten til Harald paa slæp og la i veg.

Det gjekk fint bortover i spakvêre. Paa heimturen var dei om Nesse og tok inn ei tønne olje til Ola, og med dei var der, kom stormen.

Saa var det vel slik laga da, sa Harald, at dei skulde faa prøve nybaaten. Han var ikkje fri han var litt rædd den herdsla, men derfor skulde det òg gjerast til gagns.

Vinden var rom i førstninga, men da dei kom ut for Paalsnese og skulde sørover, vart det høgste beiting og full vask. Harald hadde somla og segla alt fraa han var smaagut, men berre i godvêre, og han visste han kunde lite med dette. Ola vilde ikkje ta i styre; han var heller ingen sjøulk. Baaten gjekk, det merka dei snart, og ikkje taalte han saa lite heller. Tott for tott la vinden i, men farten auka berre, og drivse, anna vart det ikkje av det. Dei hadde teke klyveren, og meir saag ikkje Harald seg syn for aa ta, skulde det bera heimover. Fjorden var brei og straumfull, og sjøen var graadig, men dei smeit seg fram saa utrulig.

Harald sat og smaasnakka med baaten, som ein gamal kall: - Agt deg no, urlite. Aa, vør ikkje aa hoppe aat meg! - - Nei, du faar gjera som fattigmannen og ikkje som hunden: du faar bite smaatt og tygge lenge. - - Eh! du vil da vel ikkje dukke med oss! - - Ingen ting aa sukke for, ban. Det er slik vi skal ha det, du [200] og eg. Du og eg, ser du. - Nei, vil du vera fin hund!

Men stormen spela i med full tyngd, og dei maatte inn med reve i storsegle.

- Skvett det paa deg, Ola?

- Aa ja, det er no havklima da. Men, han tørkar vel, han som bløyter.

Dei vart gaaande og tverkrysse uti fjorden til seine kvelden, og det saag smaatt ut med aa komma heim. Dei la seg fast bortunder ein odd og bia ei stund. Ola vilde lempe i land tønna, men Harald meinte dei flaut vel med den, skulde dei flyte, olje var no lettare enn vatn, og heim skulde ho! Kom dei ikkje i kveld, saa kom dei morgo.

- Det er verst for meg som er nygift aa kalle, sa han.

- Ja, eg finn vel reire tomt eg, naar eg kjem saa langt. -- Ja, trur du eg myker meg til aa be for meg da? Ja, herregud, du har rett, du har rett. Men eg kan ikkje. Nei før saa - -

- No klemmer vi til att. Her er gutane som er ute og vaskar seg, det. Og han song: - Nei, vi er no gutan som - bomkila kila bom bom bom. Da vi utpaa fjorden kom, kantrede baaten om, bomkila kila bom!

- Aa ja, det der - kan du no synge sea ein dag, murra Ola.

- Han har rett, tenkte Harald. - Vi er no ikkje heime enda.

[201]

Han sat og skalv innvortes, men kjørte like tungt for det.

Midt utpaa fjorden ut for heimlande tek dei inn ein sjø. Fokkeskjøte og pikfalle hadde gaatt same blinken, berre litt for seint, og no glid baaten unna med baara, og baae karane sit og ventar paa at no søkk dei. For kvar einaste baara held dei paa og skal gaa i veg, men dei lurer seg ifraa den eine etter den andre og stel seg nedover fjorden vons lenger. Kan dei berre flyte nedover mot oddane paa andre sida, saa er det ikkje umulig dei kan berge liv. Det er ei ævelengd i spaning, Ola auser og auser, kringt men stødig, og Harald sit med ein kaldflir kring munnen og held auga med sjøane, - visste han saasant kor lett han kunde ta dem no, sjøen, saa drygde han knapt.

Han drygde ikkje lenge. Dei fekk tre tunge supar innover seg, og baaten sokk unna dem før dei fekk sparka av seg støvlane.

Harald hadde halde beint nedover mot Støtta, eit lite blindskjer med ei jarnstøtte paa, eit stykke ut for oddane paa andre sida av fjorden. Det var ikkje lenger borttil henne no, enn at dei maatte kunne naa dit. Han hivde seg til sides ut i vatne, fekk av seg ein støvl om senn og la seg attover og kvilte. Da han tok til aa sjaa etter Ola, saag han i busta paa han bortpaa ein baaretopp, og straks etter heile hovude. Han laag elles svært lett paa vatne - aa den busthunden, gut, han hadde faatt i oljetønna si og [202] flaut paa den! Ja, da var han berga, for litt bar ho alltid opp. He! han skulde vel ha sitt paa det tørre han.

Dei fór jamsides nedover. Sjøen vaska over dem alt i eitt, men han skuva paa som ein kar attaat, saa det fekk dei ikkje seie større om. Harald ser paa Ola gong og annan. Andlete hans er som vanlig, berre noko meir rødt og stridt, - nei, han ser ikkje feig ut; dei stryk visst ikkje med denne gongen. Nei saa - - -! han hadde saa nær banna, men det tykte han kunde høve bedre ein annan dag; paa tørt land.

- Støtta, Ola! ropte han.

- Javel!

Men da han skaut opp og hogg i henne, saag han att tønna kom til aa segle framom med Ola. At det kunde ha vore det beste for dem, kom han ikkje i hug, og heller ikkje at det var livsfarlig aa sleppe take. Han ranga av seg trøya i same blinken, Ola hadde alt slept tønna og kom stintande, og Harald vassa føtt for føtt bortetter bergskolten, i vatn til opp paa live, fekk slengt trøye-erma til Ola og drege han innaat. I det same glatt fotfeste under han, og no tok baara han i staden for Ola. Det vart eit sprengtak aa slaa seg oppunder att, han sømte og sømte til det svortna for auga, og attaat var han livande rædd Ola skulde sleppe seg uti og komma han til hjelp, for det vilde vera dauden for dem baae. Omsider hadde han tak i trøya til Ola og grov seg opp. Da var støtta ein ven [203] aa ta ikring, enda saa lite ho kunde gjera for dem.

Henne hadde knapt nokon halde seg i før, ho var rustut og glømt, ho hadde ikkje noko med dem.

Sjøen gjekk heilt op til foten av henne, der det var ein liten knaus aa staa paa, og baara slo høgt oppetter dem. Det var lukka at sjølve sjøborden ikkje gjekk paa her, for da hadde han sopa reint.

sjøbórden dvs. tungalda, havbaara

- Kor lenge skal vi sitte her tru? sa Harald.

- Ja... Det var no eit kaldt og fugtig lossement. Og folk er det vel ikkje aa sjaa.

Aa nei; dei plar ikkje ha det med det; i slike stunder.

Dei sat lenge, lenge. Dei fraus saa dei kunde døy av det, og dei vart saa trøytte dei orka knapt aa halde seg fast. Sjøen flødde, og stormen vart heller friskare, saa det var altfor berrsynt at her berga dei ikkje natta over. Den eine glufsingen grovare enn den andre slo over dem.

- Eg maa seie eg likar meg kleint, sa Harald, han var saa valen om munnen, han kunde knapt faa sagt orde.

Ola svara ikkje før om ei lang stund; det kom som ein flir:

[204]

- Du har vel ikkje - - prøvd aa krepere, du heller?

Harald sputta salte utor munnen, heldt seg fast med føtene og slo hendene.

- Nei, tvi vøre! Eg har vore merkelig saa - - fri det. Hittil.

Og dei plagdes lenge utan aa mæle eit ord. Den eine heldt i den andre med han fekk lea litt paa seg eller slaa hendene. Saa prøvde dei aa rope. Dei sette i samstundes, og song ut alt dei vann. Det gav i minsto varme.

Lenger utpaa kvelden sa Ola:

- Det skulde ikkje smake saa verst - - aa sleppe seg no.

Harald hadde staatt og kjent paa det same, men han svara ikkje. Han tenkte paa det eine etter det andre som han var glad i, paa Kaare og paa Nanna og paa alle baatane han skulde ha bygd. Det hadde mist farga, det gav ingen livshug eller varme meir; han kunde saa gladelig ha slept seg. Han visste berre det var ulovlig.

- Ulovlig, Ola, for ein vaksen kar! ropte han. - Stygt!

Det gjekk lange stunder. Kvelden vart meir og meir graa og ødslig, og fjorden søya vilt som ein foss omkring dem. Ola kremta opp maale og snudde seg til Harald:

- Om ein av oss - skulde komma ifraa det her - - - saa faar du helse Sara ifraa meg. - - Du maa seie henne det - - at det gjorde aldri det grand - - at ho brydde seg meir om [205] deg enn om meg. Han saag Harald inn i andlete, han gjorde det lognt og alvorsamt: - Sei henne det. I fraa meg. - - Ja nei, eg tenker ikkje paa aa sleppe meg, men - -

Harald nikka. Han hadde aldri halde av Ola som ein ven. Had de aldri faatt tak i han slik. Men no kunde han ha gjort mykje for aa berge han levande i land,

Døden kom nærmare og nærmare. Det var ein kald mann aa møtast med. Han kunde gjerne ha drygd litt.

Livshugen kom opp i Harald ein gong til, loga til vêrs i ein brennande saknad og synte fram live som eit skinande paradis: der var Nanna, som sat og venta han, der var Kaare, som gjekk og kalla henne mor, der var stua deira, der var baatane og han Ola og heile framtida; og der saag han ho Sara, som han ikkje hadde fare fram mildt med, og som han skulde ha gjort eitkvart godt om han fekk leva. Han maalte lengda innover til nærmaste odden enda ein gong, vilde ta etter magta si og hive seg i veg; men saa var han tom for magt, tom saa han kunde ha graate. Han tok bedre tak i støtta, og beit i hop tennene.

- Ho skulde no vel - - gaa, denne natta òg, sa han til Ola.

Ola smilte, som eit barn ein er snild med.

- - - Sara og Nanna stod ute paa bakken i Engdalsvika og saag etter dem, da baaten gjekk full. Baaten hadde dei elles ikkje set noko [206] større til, berre segla, men no vart dei òg saa rare, saa slakke og vanskapte, og saa fór han unna vinden.

- Kva er det der for noko? sa Sara og saag paa Nanna, som stod og beit sig i leppa.

- Dei maatte vel gi seg lel, og halde unna. Dei fekk ein sjø, sa ho og gjekk inn, da dei ikkje var aa sjaa for Nausthaugen lenger.

Sara kom etter inn. Ho saag ivrig paa Nanna, som ikkje var saa lite bleik. Nanna gjorde seg ein sving inni stua, saag som snarast paa Sara med oppspilte auga og ihopbiten munn, ho tok tungt etter pusten, vart rød og gjekk ut att, med Sara tett i hælane.

- Kor skal du no, Nanna?

- Eg vil sjaa bortpaa Nausthaugen. Om eg ser noko meir til dem.

Dei gjekk side om side, fort og utan aa seie eit ord.

Det var grov storm. Husa stod og krøkte seg og stridde imot. Skogen vart strigla saa han sukka.

Der var ikkje noko aa sjaa. Berre fjorden, som frøste kvitt og naadelaust, og strendene, der baara braut oppetter graae berge.

- Nei nei, sa Nanna. - Det kan no hende dei har vunne seg over fjorden alt.

Sara vart bleik og storøygd da Nanna sa det. Dei stod litt enno, og saa bynte dei aa gaa ned att. Der vegen var brattast, heldt dei einannan [207] i hendene. Saa persa dei seg fram imot stormen og sleit seg heim; og Sara vart med inn.

- Du er saa bleik, Nanna, er du rædd?

Nanna svarte ikkje.

- Det skal du ikkje bry deg om aa vera. Du skal sjaa, i morgo har vi dem her igjen.

Sara sette seg opp paa kjøkenbenken, sat og dingla med føtene og var likeglad.

- Men er du verkelig rædd da, Nanna? Uff, du maa ikkje vera det, eg faar saa vondt, - ho tok seg for bringa. - Men.... Ho sat og saag paa Nanna, som gjekk til og fraa, og auga vart meir og meir blanke. - Men det er det, at du er nygift du. Og har Harald aa vente paa. Aa, men eg snakkar saa mykje vas!

Ho hoppa ned av benken, stod litt og saag utgjenom vindauge, og saa gjekk ho.

Ein times tid etter var ho dernede att.

- Har du graate, Nanna? seier ho. - Aa, du skal ikkje negte, eg ser det. Aa ja, eg er saa rædd, Anton har telefonert baade til Nesland og til Kjølset, og dei har ikkje set noko til dem, - eg kan ikkje skjønna slikt?

Enno var ikkje Nanna rettelig bleik. Ho stelte i stand kveldsmaten, og saa fekk ho Kaare til sengs. Sara saag ho ikkje etter. - Ho pusla lenge med eit og anna inni stua, og saa gjekk ho bort til vindauge imot sjøen og vart staaande der. Det var seine kvelden alt. Klokka ho pikka, men tida stod still.

Best Nanna stod, hadde ho hendene til Sara [208] paa seg, dei kom attanfraa og klemte henne over auga og kinn. Dei var mjuke, men kalde, og det kjentes som dei skalv. Blode i andlete fór unna dem, det straala iskaldt baade hit og dit. Dei snudde henne rundt med magt, og Sara saag henne inn i auga:

- No har du mist 'n Harald, Nanna. Skjønnar du ikkje det?

Nanna sleit seg laus og snudde seg bort att. Enno ei stund heldt ho seg, men saa tok graaten magta ifraa henne, ryggen krøktes og krøktes, armane vart slakke som paa vengskoten fugl; men ho gret stilt og lognt, for seg sjøl.

Sara stod bak henne og saag paa.

- Nei, det smakar ikkje godt. Det riv saa ulukkelig, saa meiningslaust, ikkje sant? Men du skulde ikkje graate - eg lo berre eg. For eg har òg mist 'n Harald eingong. Eg har mist han kvar dag i mange aar. - - Og saa han Ola, herregud, at eg skulde miste han òg, - kvifor skulde det ikkje vera nok enno? Kan du fortele meg det, Nanna?

Ho tok omkring Nanna, la hovude hennar inntil seg og tørka taarane:

- Vi to, Nanna! Vi to, vi... Lat oss ikkje graate. Kjem dei heim meir - - saa skal eg gi deg han Harald, eg skal unne deg han av alt mitt hjarte, eg skal rive - -

Det tok i døra. Det var Jakob som stakk hovude inn:

- No maa de sjaa ut! Dermed fór han.

[209]

Sara var den første til aa sjaa utgjenom glase. Ho klemte Nanna over fingrane, saa dei reint døde bort:

- Kan du ikkje sjaa ut da, Nanna!

- Nei men - det er da tre mann? Og ikkje er det baaten deira heller.

Sara gir ein kvink ifraa seg og er paa veg til aa sige i hop; men Nanna tek henne i armen.

- Gudskjelov, der ser eg 'n Harald lel! seier ho og ler høgt. - Der er 'n Ola òg. Bevare- meg, kor dei ror! Dei er visst blaute som kraakungar!

Ho svintar til kjøkene, flekker av litt never og gjer opp varme, og saa svingar ho kjelen over.

- Saa, no gaar vi, seier ho og ser etter Sara.

Ho kjem stiv som ei støtte, med auga paa Nanna.

- Du fekk han att, du. Stakars lita òg. Ja, du skal ha han du, ser du. Du og ikkje eg. No har eg da far til barne mitt - det er eg glad for.

Dei skyndte seg nedover til sjøen; dei heldt einannan i hendene og smaasprang.

--- Harald saag paa Ola, da dei kom, og blunka sylfint til han. Ola greidde ivrig med kallen som hadde skyssa dem, og hadde ikkje tanke for anna.

- Kjem de verkelig da, i dette vêre? Det var Nanna som førte orde.

- Ser i alle fall slik ut, sa Ola.

[210]

- Vi trudde de hadde gaatt reint i bare, vi, - vi tok til og vart rædde.

- Aa nei, det er som han Andreas Paalsnese seier: det er inga sak aa vera heldig naar ein har lukka med seg.

Det fall av seg sjøl, at Sara og Ola vart med inn nedi Vika.

Harald gjekk og dreiv paa golve og saag snart paa dem og snart ut i vêre; han smilte over heile det brune skrinne andlete og strauk ivrig haare opp or panna.

- Eg er jamenn glad eg er heime, murra han, halvt forundra, hørtes det for. - For rettno kan eg ta til. Rettno kan eg gaa i gang, san!

Dei saag paa han alle tre, og Nanna bynte aa le saa smaatt:

- Kva er det for noko du vil ta til med no att?

- Du skal ikkje flire aat meg, Nanna; det er ikkje høvelig at kona ler aat mannen sin, - hugs paa kva presten sa til deg her om dagen!

Han gjekk bort til henne, tok omkring hovude hennar og vilde kysse henne midt framfor dei andre.

Ho spurte om han var forstyrra, vreid seg unna og kom seg laus. Ho rømte til kjøkene. Harald saag etter henne og snudde seg til dei andre:

- Er ho ikkje trivelig, trolle?

Ho tok til aa bera inn mat, og Sara bad [211] om aa faa hjelpe til; ho gav Ola ein klask over handa i det same ho strauk framom han.

Harald stod litt og lo til Ola, som saag paa snei bort over golve etter henne:

- Ferdig med det, Ola! - - Det er som eg seier, det, at rettno kan eg ta til. Det har vore saa mykje hefte, eg har aldri vore fri aa kalle, - og eg kan saa lite gjera, naar det ikkje er som det skal omkring meg. No er vi liksom ferdig. No byner vi paa. Han stod ei stund og saag ned, kjente etter inne i seg; saa retta han seg opp: - Nei, det er sant det; eg har ikkje vore fri mann. Traassig ja, men ikkje fri. He! her gjekk eg forlatemeg og var rædd! Det kom saa for meg, at eg alt var ferdig. Naar det var i ordning med allting, naar eg hadde ho Nanna, og du ho Sara, og baatbygginga og garsbruke gjekk som det skulde, saa vart det dauvatne og lange dagar; eg syntes alt eg var midt oppi det og la meg for og sov. Aa nei, san, det staar ikkje paa. Du verden, kor vi skal bygge, Ola, store beist til baatar, baatar saa lange som evigheita! Vi skal leige folk og drive som karar, ikkje sant? Jøss, du er einig først du faar snudd deg. - Du baat som seiler de norske fjeld! - - - Kjem du i hug den talen eg gjorde i skyttarlage i vinter, den natta paa dansen?

- Ja men, den meinte du da visst ingenting med?

- Meinte? Nei, det har du rett i. Men no meiner eg det. Aa, eg meiner alt mange ting, [212] vent berre, Ola! Kvifor skulde ikkje eg kunne lære meg til aa styre bygda - tru om eg ikkje skulde bli rettelig ram til det? Det kjennes slik. Styre baat duger eg ikkje til, nei det er alvors snakk det; men paa lande, paa tørt land, ser du, der er eg ikkje for katten. - Kor brennande rædd eg var, da vi slarka over fjorden med baaten halvfull! Sea gjekk det over; men sjøen og eg, vi høver ikkje i hop.

Nanna og Sara kom inn. Maten var ferdig. Men med dei fekk seg mat, vilde kvinnfolka ha greie paa korles det hadde gaatt for seg paa sjøen; dei vilde ikkje vente lenger no.

- Ja, sa Harald og saag skamfull ut. - Vi segla full baaten. Eg bar meg aat som ein hest, - men eg skal aldri gjera det meir. Saa heldt vi nedover fjorden til andre lande, - og stua her ho stod og saag etter oss; lita og rødmaala og venlig. Eg trudde knapt eg kom att til henne meir. Saa sat vi og heldt i Støtta ei stund, og saa kom det ein tømmerstokk rekande, og han vart vi med. Vi kom til Neslandsaune, og mannen der vart med og skyssa oss heim. Stormen hadde alt git seg noko, og vi hadde livda av lande for det meste.

Det var stilt i stua, da dei to skulde til aa gaa. Det laag som ei høgtid over dem.

Da dei hadde gaatt, tok Harald fela og spelte litt, nokre gamle smaa visestubbar.

- Du Nanna, sa han og saag paa henne. [213] - Veit du kven eg tenker paa i kveld? Paa Petra.

Det gode vakre andlete hennar smilte lukkelig til han:

- Det gjer eg òg.

- Eg visste det. For ho er liksom her i stua i kveld. Ho er her støtt naar vi er glade, synes eg. - Og han Kaare, han søv?

- Ja, han sovna paa vedkassa i kjøkene. Han har vore saa snild i heile dag; - ja, han maatte no ha litt ris paa føremiddagen, men.

- Og det maatte du greie med?

- Det var vel ikkje anna raad.

Dei reiste seg og gjekk ut i kammerse og saag til han. Dei stod og heldt einannan i hendene og saag paa han, der han laag og sov med armane utslegne og eine foten fram unna teppene.

- - - Det hadde gaatt saa uventande godt utpaa Støtta. Best dei stod og blaaheldt seg, vart Ola vâr noko bortpaa baara, han vart staaande og gapa saa rart. Det kom ein stor tømmerstok drivande ned imot dem. Han velta seg lystig i baara, synte gule render etter øksedraga langsmed sida; han var saa tør, ein kunde høre kor det song i han om han fekk ein av øksehammaren. Ola ser paa Harald med eit nytt andlet:

- Naar nøda er størst - -

- saa bli ho ikkje større, høgg Harald frami.

[214]

Dermed kjem han kilande tett framom dem, dei hiver seg uti og hukar seg fast, og saa ber det i dansinga innetter. Naar dei styrte litt med han, saa fann han vegen sjøl, sa Ola, og han smatt inn i ei vik ikkje langt fraa folk.

Dei fekk seg noko varmt i kroppen, sa nei takk til alt anna, og plaga mannen til aa vera med og skysse dem heim.

Gleda grodde i Harald, og magta voks i han og vart til ein sterk, trygg vilje! Alt han hadde levd hittil var som stroke av han; eller han stod paa det, slik kom det for han ofte, og no skulde dei staa godt, dei som vilde staa han imot. Han hadde vore høgare oppe - og djupare nede - enn dei andre, og enda var han saa ung, yngre enn dei alle til saman, og han kunde vekse dit han vilde. Han merka kor det grodde i han, alt han festa tanken paa.

Ja ha, sa han og saag framfor seg. Der er no den tingen, og der er den; dei er til for mi skyld, og rettno kjem eg.

Og rundt omkring han var lande. Det var der paa ein annan maate enn før. Han hørte det meir enn han saag det. Han hørte dem, fjella, kor dei stod der omkring han, stod ende opp i soldagen og levde, det eine graablaatt i leten, det andre graabrunt eller graatt: skugge i rindane, sol over rabbane, nuten høgt og allvitande opp i den solblaa æva. Og der laag myrane innetter, [215] som ein djup og levande tone, og der gjekk fjorden og pusla, gjekk og kviskra ved stranda, gjekk og glittra i solskine og glømte seg bort. - Det maatte det vera dei kalla fedrelande. Her var det ein sleit og svalt og vona det beste, her dansa ein og drakk ein og vart eit anna menneske aar for aar. Og da var det sanning i dei orda dei fór med, at dei elska dette lande. Jamvel han, saa kunde han vera med og seie det.

Nanna gjekk og saag paa han og smilte ein ørliten smil. Tale til han var ikkje verdt, naar han tagde paa denne maaten. Han var rolig som berge. Kom han til aa stane framfor henne eingong, lo han gjerne litt og tok etter henne: - Det er det, ser du, eg gaar og tenker paa eit eller anna. - Du! sa han ein dagen han vart vâr henne, - korles trur du det tek seg ut aa vera gift med ein ordførar? Eller med ein stortingsmann? Nei, gjenta mi, du skulde ikkje blaase til det. Du skal bli mor til mange stortingsmannsborn du, ser du. Ein eller annan søndagen frampaa somaren skal eg halde ein stor tale. Kva om, seier du. Ja; eg faar no sjaa og kjenne. Eg har baade eitt og anna eg skulde ha sagt. Før, ser du, da var det berre ungdommen som grasserte i meg da; eg var glad fordi eg var ung og sterk, og saa var eg rasande for det eg ikkje hadde noko aa seie som var sant; eg trudde dei hadde snakka forderva all ting for meg. Men, eg var no sterkare enn som saa.

[216]

Nanna lo ikkje til han lenger.

Stund og anna vart han sittande inne og tok seg ikkje til med noko. - Undrast paa eg, sa han.

- Klem berre paa med det du, sa Nanna.

Han beit seg gjerne i leppa, fann huva si og gjekk ut.

- Det var berre han Ola, sa han ein dagen.

- Tru om han ikkje kjem snart? Kjem og vil vera med meg i dette eg tenker paa, aa laane pengar og drive baatbygginga som vaksefolk? Han gaar og dreg seg, det er armelig nok han tør sjaa paa meg. Han er velberga mann no att, ser du; dokteren redda ikkje unna saa faa skillingane, og han sjøl med. Aa ja, san; han kjem vel.

- Knapt nok, meinte Nanna.

- Kvifor det?

- Nei, eg veit ikkje eg. Det er ikkje sagt Sara bryd seg om det. Det kjem for meg at ho vil flytte herifraa, sele garen og fara sin veg. - - Den kvelden her, da de var ute og gjorde denne sjøreisa, - da de kom att: eg glømmer aldri auga hennar. Eg trur det var saavidt live hang i henne.

Nanna saag fast paa han, og han maatte slaa auga ned ein sekund.

- Synes du det er aa vente ho vil vera her, naar det er slik?

- Nei, det er saa det men. Men eg trur no han vinn lel, eg. Eg synes dei ser ut som forlova [217] folk no om dagen; det er visst som det skal imillom dem. Ja ja, lat dem flytte, - det er saa yndig at følges ad -; berre dei ikkje flytter kvar sin veg saa. - - Nei, men det er det, ser du, vesle gjenta mi - - han reiste seg og kom bortaat borde til henne, han lo med eit underlig lyst alvor, og ruska haare opp utor andlete - - det er berre det som er, at han kan gjera plent som han vil for meg! Eg - skal vel alltid komma meg paa flott sjøl eg. Og da saa - - var det rart om eg ikkje hadde han her snart.

Dermed slo han i borde, saa rutone skrallra og Nanna hoppa og vart kritande bleik; merke etter knokane hans sat djupt i veden.

- Nei, men Harald!

- Ja ja ja. Men herregud, det er saa lenge no sea eg var saa ung og galen - det var trøysamt aa kjenne att seg fraa gamle dagar. Kom saa tek vi oss ein snur!

Ho dansa nokre sving med han; men ho tok snart til og bad for seg, - ho taalte det ikkje.

- Nei, guvelsign-deg! det er sant, det er slik med deg. Det er statsraaden som grasserer i deg.

Han kyste henne varsamt og gjekk ut til arbeide sitt.

Sola skjein og fjorden blikka, og nedi Engdalsnauste hamra det lukkelig og song inn imillom; det var ein varm og vakker dag, og slike hadde det alt vore mange av.

Harald og Ola tørka sveitten og trøsta seg med at det var heitare under Ækvator, og at naar det var paa det verste saa vart det ikkje verre. Det lugta sterkt av tjæra og sjø, og av og til kom ei baare av skogluft inn til dem, av barnaal og ungt lauv.

- Du hadde garkjøpar i gaar? seier Harald.

- Ja, eg hadde da det, - Ola saag paa Harald, men han dreiv paa og bora og sigta og var ikkje aa faa tak i. - Eg faar no vel gi meg, eg. Sjøl veit om eg ikkje - gjer rett i det, denne gongen. Han sukka og tok verktye att.

Harald saag ikkje opp, men han mumla noko om, at det trudde han òg.

Kaare gjekk nedi fjæra eit stykke utfor nauste og saag etter flyndreungar. Han var berrføtt og hadde bretta buksa godt opp, saa han kunde ro fiske langt utover grunnvatne. Sjøen [219] kjælte kring leggene, og sandbotnen kitla han under føtene liksom det var noko levande han trødde paa.

Sara sat i ospeholte nedpaa reina og smaatt sauma og smaatt leika med gjentungen sin. Nanna var oppover til henne ein liten tur; men det vart ingen prat millom dem, og saa syntes Nanna ho fekk heller sjaa ned til husstelle sitt; - ho var heit av varmen, men sprang heller enn ho gjekk.

Og sola ho skjein, og dagen straala. Det var sist i juni, og blommane farga vollen, og lauvskogen klædde lia, og smaabjørka stod ute i myra og lo, løfte litt paa det grønne og synte ein liten kvit og krokut legg. Og alle fuglane song enno. Heile lia var overgrodd med fuglekvitter no mod kvelden, fine tonetraadar vov seg tett i tett bortgjenom lufta; men maaltrosten song over det alt saman, han heldt seg høgt ovanpaa dei andre, lokka med sterke glade tonar, heile skogen og sommaren aatte han, for han var sjøl saa sterk og glad.

To kvite fivreld leikte i lufta, jaga kvarandre i ring og sving, hoppa og flagra opp og opp. Dei lyste blaalig mot den mørkgrønne skogen; dei skjein kvitt i sola mot himmelblaanaden. Sara var med dem lenge med auga, heilt til ho mista dem. Da vart ho sittande og stirre ut i blaae lufta, langt, langt bortom alle fjella. Etterpaa saag ho ned og vart vâr blommevollen, han hadde faatt ein ny og djupare let, han laag der [220] tett framfor henne og saag opp med soløy og blaabjølle og mjukt grønt gras.

Best det var skvatt ho opp: det ropte saa kvast og sterkt fraa nauste. Det var Harald.

- Kaare! ropte han. - Kaare!

- Ja?

Gutungen hadde vadd saa langt ut over leira som han kunde for buksa, han svara, men hogg ivrig ned i vatne etter ein flyndreunge.

- Kom paa land straks!

Det svara han ikkje paa. Han tok eit varsamt steg fram og kjørte handa nedi paa nytt, men hadde ikkje lukka med seg. Faren ropte saa det ljoma i berghammaren paa andre sida vaagen:

- Kom paa land, hører du, hell saa faar du juling!

Da ser vesle gutpaaken hitover, legg litt paa hovude og ler:

"Kom paa land, Harald, saa faar æ bank dæ! Kjem du ikkj straks saa har æ ikkj tia!"

Det var eit herm dei hadde etter klokkaren, far til Harald. Harald var smaagut og fór og rodde i ein baat han stal, og gamlingen var streng i munnen. Ventelig hadde Harald fortalt det sjøl til Kaare, og no fekk han det att saa godt vesle treaars nabben var godfor aa greie det. Ola lo høgt nedi nauste, og Sara maatte le med; Harald lo visst han òg, men han gjekk bort og fann seg eit ris. Saa stod han still og venta. Guten tok til med sitt. Da spendte Harald [221] av seg skone og bynte aa dra av seg sokkane. Guten glytta attover, saag kva som laga seg til, og la enda eit brett paa buksa. Han vilde lenger ut, saa han kunde vera kvitt faren ei stund.

Da glett han, misser fotfeste og gaar under, kjem opp straks etter og rek med elvestraumen.

Harald riv av seg klædane i ein fart og spring utover, men guten er alt langt uti straumen. Han baskar og fegtar med armar og bein, det er som ei slags symjing, og han held seg oppe reint utrulig, men det ber ut i vaagen med han.

Sara tek gjentungen sin og spring ned til Nanna, som staar ute paa bakken.

Harald skyt i veg som ein stor gulkvit fisk gjenom vatne, men før han naar fram vil det vera for seint. - Jorda er vond aa staa paa for den som skal sjaa til.

Men før dei veit korles det har gaatt til, krabbar guten seg opp og staar, midt ute i vatne.

- Skjere, seier Nanna. - Jamenn har han faatt klønt seg fast der.

Der laag ein bergrygg midt i elvefare, saavidt at fjæra sjø gjekk over det, og der hadde han raakt paa grunn og bite seg fast. - Ja ja, sa dei sea, Kaare var no òg saa stor og sterk som ein femaaring.

No var Harald der òg. Han stod og heldt guten. Men kva var det han tok seg til med? Han la guten over knea, dei trudde det var for aa faa vatne utor han, men saa knepte han ned [222] buksa paa han og gav seg til aa denge han med bjørkerise han hadde teke med seg. Ikkje eit par smaa snertar, nei, det vart eit stridregn med pisk som kunde ha mykt ein vaksen ein. To gonger linna han paa litt og spurte seg for. Ikkje eit ord var det aa faa av Kaare. Siste salva var langvarig og tung, og da endelig gav han seg og lova bedring. Han knepte paa seg buksa sjøl og puska vekk ein taare som lurte seg fram, saa slengte faren han paa ryggen og la paa vatne att.

Han kom paa tvert over straumen, med lange tak, lemmene spente seg ut og drog seg saman i ein stø og trassig takt; dei trøytna ikkje i vatne, dei slo seg fram og fram i eit ovmaal av magt og glede. Elvestraumen gjekk med svulne rygger og smaa kvervlar, ein vond vilje, og fekk han Harald og guten utfor øyra før dei tok land, var det umulig sea, der stranda skraadde tvert sørover.

Ola hogg i færingen innved nauste og kjørte han ut aaleine. Nanna og Sara stod side om side og tagde.

Men Harald heldt takten sin og la meir og meir magt i for kvart take, det saag ut som heile den lange velskapte kroppen lo i vatne. Han tok land beint nedfor der dei stod, og vart borte for dem under bakken; og Ola gjekk bortover med klædane hans.

Da snudde Sara seg til Nanna, tok henne over armen og var eldande rød i andlete. Etterpaa [223] vart ho naableik. Nanna saag skræmt paa henne. Saa livlaust eit andlet og saa stive auga var det første gongen ho saag hoss eit levande menneske; og take i armen hennar klemte saa det gjorde vondt. Men saa smilte Sara og tok omkring hovude hennar og kviskra:

- Nanna! Nanna! Eg maa reise, Nanna! Du fekk han att denne gongen òg du. Eg reiser straks!

Karane kom opp bakken og sette seg i grase attmed dei to som stod og venta. Sara var heilt ut rolig no. Det sila utor buksebaken til Kaare enno, og haare laag klistra nedetter andlete i vaate tavser; han styrte stinn framom dei to kvinnfolka og vilde inn, han smilte frimodig til dem, ei for ei:

- Eg berga meg no sjøl!

Nanna skulde til aa bli med han inn for aa skifte klæda paa han. Da sa Sara:

- Eg har sagt med Nanna eg, med vi stod her, at det bli ikkje saa vi flyttar herifraa. Eg har mista hugen til det.

Nanna vart staaande med halvopen munnen og sjaa paa henne. Ho skulde ha sagt noko, men det vart berre eit lite kvævt:

- Nei, men - - -?

- Ja, ikkje sant, Nanna? og saa tykte vi det, at de kan slaa dykk i hop da, de to baatbyggarane, og legge i veg med det der som skal bli saa storveges. Nanna og eg, vi skal i det minste ikkje vera paa tvert for dykk. Klem [224] til, de. Hm? De ser saa ulukkelige ut? Er no dette òg saa ille aa høre?

Harald hadde lege paa ryggen i grase med andlete beint imot sola. No snudde han seg til Ola og reiste seg opp paa aalbogen. Ikkje var der forundring og ikkje var der glede aa sjaa i andlete hans, det var beinbert og brunt, ope og vakkert som vanlig, men ei gaate likevel.

Ola hadde set som i angst paa Sara først, men etterkvart tina han opp til ein brei og uviss smil, slo auga ned for baade Harald og dei andre, og mumla med seg sjøl:

- Ja ja. Det hørtes ikkje stygt, det der.

Nanna og Sara gjekk inn, og dei to karane laag og retta seg i sola. Ola kremta seg opp att. Han saag paa Harald, men var heilt alvorsam:

- Der ser du. Det er inga sak aa vera heldig nei, naar ein har lukka med seg.


Holder of rights
ELTeC conversion

Citation Suggestion for this Object
TextGrid Repository (2023). Norwegian ELTeC Novel Corpus (ELTeC-nor). Harald ELTeC-utgaven. Harald ELTeC-utgaven. . ELTeC conversion. https://hdl.handle.net/21.T11991/0000-001C-EE52-A