ANDERS HOVDEN

FISKAREN

FORTELJING

KRISTIANIA

OLAF NORLIS FORLAG

1904

Forord.

Her som han far min stræva,
og mor mi gret og bad,
eg vil so gjerne liva
og syngje mine kvad . . .
som staren uppaa take
i tidleg morgonstund,
han sit der med sin make
og leikar paa sin lund.

I. DEIL
I

Hyvle no, hamre no, gutar, med grein /
No maa me nøyte oss alle som
ein: Sterk maa han vera og lett til aa ro,
vænt maa han liggje og stødug paa sjo;
hugse me maa for kvar nagle me driv :
Her gjeld det velferd, her gjeld det liv.
Klinke no, klinke no !
Gutar, gjev gaum,
slåa no inn
naglar
og klinke no saum !
Far av garde
skal i vetterfiskja fare,
siste kvelden
flokken hans ved lampeelden
samlar seg um bibelorde
rundt kring borde,
deira tunge hjartetrong
løyser seg i salmesong.
Alle tankar er so saare,
stilt ei taare
dryp or augo, store, klaare:
„Sit me saman siste gong?"
Tidt det hende,
at ein far drog burt og vende
aldri meir
atter heim til flokk og reir.
„ Kunde slikt vel henda far?"
Alle augo søkjer hans,
sit han som istjernekrans
av ein hjartig augneglans,
syng og les med røysti klar.
Daa er trøysti av Guds ord
kjær og stor:
Skal me skiljast aat paa jord,
møtest me i himmelkor.
Klinke no, klinke no!
Gutar, gjev gaum,
slåa no inn naglar
og klinke no saum!
Gode vonir er um bord,
naar han sigler ut av fjord,
rikt paa skattar i sin famn
have ruggar um hans stamn,
segl for lette morgongræle
sigler gjenom blaanar sæle.
Sellar sukka
under sine tronge kaar :
"Gud, lat
lukka fylgje ut med baaten vaar /"
Naar han kverv i himmelrandi,
mange bønir fylgjer med,
mange augo innpaa strandi
ventar han, naar sol gjeng ned.
Mange ljose barnetankar
sviv som fuglar rundt hans stamn,
mange fjaage hjarto bankar,
naar med fengd han kjem i hamn:
Daa kvitrat smaagjenta, daa dansar smaaguten,
dei spretter i fjør o med smil umkring truten,
han Basse flyg med dei, han gøyr paa ei, skjor.
Daa roper han far: „ Gaa med fisk heim til mor!"
— Daa far kjem fil husar, stend fisken paa borde
so kosteleg fersk, hau mest liver kvar mole,
med liver og rogn uppi bollane store
og supa i fat ("Mor, sjaa katten hev stole
fraa Basse. Kisst Mons ! Vil du halda di klo !")
"Teg still!" segjer mor, "og forsyne dykk no, et dykk ulyste og slutt dykkar tôt,
i fiskesupa er helsebot."
Den minste krev sitt, han er
morsk som ein borre, han sit burti vogga so bjart som ein borre,
Klinke no, klinke no!
Gutar, gjev gaum,
slåa no inn naglar
og klinke no saum!
Aa hei! naar ville stormen smell,
og have som eit skridufjell
kjem brukande med døn og skrell,
og reiser ragg som bjørnen vreid,
og burar yvi lengd og leid,
just daa det gjeld,
at kvar ein saum og nagle held,
at han er smøygin, lett og greid
og bringebreid,
so han kan slåa seg gjenom rase
som Ijaaen gjenom høge grase.
Klinke no, klinke no!
Gutar, gjev gaum,
slåa no inn naglar
og klinke no saum!
Fuskar me, me fær det att
skræmeleg vaar siste natt:
Bleike born
rispar oss med augnetorn,
sokne lik
flotnar upp med vaadeskrik.
All den friske brand av blod,
sløkkt daa det i bragje stod,
logar uppatt i vaart mod,
brenn som djupast eld i berg,
tærer oss til sjæl og merg.
Hyvle no, hamre no, gutar, med grein!
No maa me nøyte oss alle som ein.
Sterk maa han vera og lett til aa ro,
vænt maa han liggje og stødug paa sjo,
hugse me maa for kvar nagle me driv :
Her gjeld det velferd, her gjeld det liv.

II.

D'er han Knut Haugen som talar so til sine hjelpesmenn. Han er baatebyggjar um sumaren; um vetteren driv han sjølv fiskje. Han hev gard og; men det er baatebyggjingi som mest eig hans hug.

Han er utanbygds ifraa, ætta av ei kjend baatbyggjarslegt, og hev gift seg til garden Haugen. Det er ein liten, venleg, stillfarande mann, gløgg og tenkt og merkjeleg hag og hendig.

Han kunde vori ein haldin mann, berre han hadde passa sitt. Men han er so godsleg, at han traudt vil krevja folk, og so svaalar han og drikk, naar han kjem fram i det; og skriv paa for andre i banken.

Soleis var det stendug paa hall med hans velferd. Naar han bygde baatar, leita og trivla han og freista jamt firma paa noko nytt.

Det var han den fyrste som vaaga seg til aa gjera umbrigde med Sunnmørs-aattringen. Han lagde av raasegle, som var so ulaglegt aa kryssa med, og elles faarlegt i ujamt ver. Og det var

han som laga skanseklædning og halvdekk. Han byggjer ofte baatar som ikkje er tinga, berre for aa prøva seg fram. Folk er rædde alle desse umbrigdi, og siste baaten hans er alltid til bisn.

Men naar han ligg fager og fullrigga nedmed land og rykkjer i ankertoge, som unghesten i tjore, daa vert det tidast til di, at fiskarane mullar i skjegge: ?Eit yvirlag til baat!"

Til denne tid hev fiskarane um natti legi i opin baat midtvetters, mange midt utpaa have, og ikkje havt anna enn turrmat aa eta. Heretter fær dei skjol yvi hovud og karm koke seg varm mat.

Han Knut er til handlaren med vetterfisken. Det er paa fyrisumaren. Den dagen plar vera som ein festdag for fiskaren. I vissa um han hev havt godt fiskje.

Daa fær han betala gamall gjeld og livberge seg med matraad til huse, til han um hausten karm bera paa kverni av aarsavlingi. Ein plar og kjøpe til huse det ein tarv som ikkje karm tilverkast heime, slikt som knappar, hovudplagg, varp, sole-lér o. s. fr.

Han Knut tek ut i minste lag, men „ mange bekkjer smaa gjer ei stor aa," veit me.

I aar var det berre ei medels fiskje og, millom 3—400 tosk. Derav vart 25 vraka til vare av andre slag.

Han stod og saag paa vrakarane og totte

dei tok det for lett; han laut minnast kor han hadde slava for det.

Svært so lite det munar, kva ein slit. Vinsten i aar gjer ikkje stort meir enn for den reidnad og veidn som gjekk til i siste fiskja.

Handelsmannen er ikkje i godlag, han heller. Ein plar tidast faa noko attpaa handelen. Knut handfer ein krambudkniv, han gjerne vilde koma heimatt til eldste son sin med. Men handelsmannen gjet ikkje noko, og Knut legg kniven attende paa sin plass.

Han fær uppgjersbok. Aaleine komin opnar han henne; men det er utydeleg skrivi, reint ulesande. Siste tale skynar han daa: Kr. 400 stend der. Koss kunde det vera so mykje?

Gjekk det ærleg til? Det var so mange som skreiv og sumla hjaa handlaren, unge spire vippar fraa byen, som visst ikkje var for hardt brydde av samvit.

Der raakar han Paal Nese, som han skal hava kr. 100 med. Dei talar lengi um helsa og um ver og vind. Han Paal vrir paa seg og hev hastverk: w Du maa liva vel daa, Knut."

w Ja, liv vel daa."

Men daa dei hev snutt ryggen til: ?Paal, eg hev mest vore tenkt aa sett innum til deg den siste tid, du."

?Eg tenkjer alt for mykje det. Ja mi sann, det er ikkje anna ventande heller. Eg skal sjaa

hava ei raad snart, men idag hev eg slikt hastverk, at ... far vel daa."

,Far vel."

Men kunde det vera rett med desse kr. 400 til handlaren? Skulde han tala til han um sine tvilsmaal?

Aa nei, den som borgar er bundin, og lyt finne seg i alt han vert bodin, elles kan ein faa sakførar Schnabel paa seg.

No hadde han so nær gløymt salt . . . ja, og so fyrstikkur — eit dumt paafunn med dei fyrstikkune og!

Og so den mætelege tubaken! Han hev fleire vendur pint seg og skulde venja seg av, men freistingi hadde atter vorti honom for sterk.

Han kjøper berre ein sekk med bygg og ei vaag med rug. Dei laut lite seg med det. Smaagutane fekk halda dei med fisk i sumar. Storseien kom kanskje og.

Ein fekk taka seg ein sumartur til havs paa Storeggi, um tidi vart til det.

Naar ein tenkjer paa ein viss mann, so hev ein han. Knut kvekk so ilt i; for sakførar Schnabel stend midt framfyri han.

Schnabel er ei bygdeskræme som dei hissar paa folk. Paa dei magre strendane hev han aaleine vakse seg breid og megtug. Han sit der midt i bygdi og glor daudt som ei blekksprute, med sugearmane inn i kvar stova, der han syg svevn og merg av folk.

Han vil hava Knut til aa skysse seg yvi fjorden. Knut munsar paa det; han vil helst paa heimvegen, han er baade trøytt og svoltin. Schnabel plar mest ingin ting betala heller. Knut stend der faamælt og kruslin framfyri den digre braakande bausen, og vert mest tvinga.

Fjorden er drjug; frisk bør, som aukar til storm lenger utpaa.

Schnabel sit i bakskuten tjukk-klædd og breid som ei velte, tyt og masar og læst vilja rettleida. Knut svarar ikkje, men passar berre sitt. Det kjem drivgard etter drivgard, og baaten er heller litin.

Dermed tek Schnabel til aa bjoda og blanda seg inn i siglasen. Knut ansar honom endaa ikkje. Men daa reiser han seg olm og braakande og meiner paa, at han sjølv vil taka styringi.

Knut sprett upp som ei staalfjør, kyler knyttneven i bringa hans, so han dett nedatt i sæte som eit slagt: ?Sit du ikkje no still og held munn — eg kastar deg ut!! For det gjeld live no."

Schnabel kryp saman bleik og umansleg, trykkjer henderne yver brjoste og smaajamrar for kvar drivgjæra.

No er det Knut, som er herre. Han er ikkje til aa kjenne att. Han sit midt inni rok og fok, so rak og vak og veks paa tofta, jamhøg med faaren. Det glimtar noko sterkt i augo hans som ropar av vegen.

A. Hovden: Fiskaren. 2

Kona aat Knut heiter Magna, ho hadde vori odelsgjente til Haugen, ei manneleg og greivori kvinne av gjæv ætt, der alle karane hev vori framtøke og lite tolt sin like.

Den evna aatte dei og, uppøvd i fleire led: aa vera styremennar og firma leidi i natt og dimme. Bestefar hennar, han Store- Jo, hadde vori ein kjempekar radt upp i alderdomen. Han døydde so braatt: Det hadde vore ulaglegt høyvér ein sumar; so var det ein sundag han skulde bera ei høybyrd inn i løda — og der stupte han fram aa råme paa laaven; det sparka kje meir liv i han. Det var kona hans, ho Jo-Brite, dei hermde etter: ?Det ryk no med meg, naar det ryk paa Store-Dravlaus, og er det kje like feitt, so er det no like heitt."

Knut og Magna hev ein flokk søner. Den eldste heiter Øystein etter morfar sin, som er kaarmann paa Haugen.

Unge Øystein er ved dette leite um lag 17 aar, og svipar mest paa morsfolke i lag og lynde, manneleg og mykje fyri seg, greid og benkesam i kvardagslage, arbeider alt for ein fullvaksin kar, og det er mykin mun i honom.

Han karm alt leggje upp til ein baat. I sigling er han fullfarin.

Paa skulen hev han slukt alt det der var av sogu og landkunna, og fenge laant seg sogubøkar hjaa læraren attaat.

Han hekk tidleg etter drykken; for det skulde vera karslegt aa drikke og banne, og han var ein villstyring. Ute i lag vilde han gjerne slåast og syne seg. Helst naar han hadde noko paa. Vart tidleg nemnd ei uvyrde, og fekk mange uvenir, men var avhaldin av alle, som kjende han i kvardagslage.

Mor si sette han høgt og lydde; det var stor samhug dei i millom.

Han er og augnesteinen aat morfar sin, Gamle-Øystein, som no er innpaa dei aatteti. Det hadde vori ein grøyvlar til kar, reint ein plog til aa sprengje seg fram.

Aldri tolt tilsogn av nokon eller nokon fyri seg. Stirra og vori med hadde han til det siste.

Paa Haugen er mange bønder, soleis som det jamt plar vera ved havkanten. Gardane er smaabytte, og huslydane slær kvar sine teigar fraa fjøru til aasrygg. Dei brukar stuttorv, og kvendi gjeng slær jamsides med karane, dei eldste kvendi rakar, dei større borni passar dei mindste, syng for dei og syvjar dei, eller stikk taata i voggebarne, som er den visse byrdi aat mor heim og attende.

Gamle-Øystein hev i ein mannsalder hævda seg ferarretten. I hans fotefar gjeng heile garden, liksom bølingen etter bjølla. Der han slær, lyt alle slåa. Det er han som bryt upp etter kvileyktine. At han tek til aa bryne ljaaen er signale; daa lyt alle til aa røra paa seg og laga seg til.

Slær nokon annan huslyd teigen sin i jamhøgd med hans, hyfsar han berre toppane ovan-av, ja, ved kanskje berre ned, til han er fremst. Han hev vore som ein storm paa garden og sett bør i alle.

Men no hev han loti lagt aarane inn for ollo; han er krokut og halt, ser mot jordi og tenkjer paa enden. Han er som ein omnskrok som karar etter dei siste glør i oska.

Han hev alltid gjort si gjerning med grein, og han tek det no likso hardt med aa reida seg til si siste ferd.

Han vil slåa verdi fraa seg; les endelause bønir umkapp med borni som puggar leksui. Syng lange salmar, byrjar paa boki og syng etter rokes side paa side, og tægjer og tøgjer ein undarleg einlagd tone utyver det heile.

I løynd freistar han drepa ormar: Det er ei gamall segn, som han knapt trur paa, at eitt ormedraap skal kvitte for 10 syndir.

Alderen skifter haari, men ikkje alltid hugen. Midt under song og bøn rengjer han alt i eitt augo ut gjenom glase, og daa vinn han ikkje sjaa paa greinaløysa: Stabben er velt, øksi ligg med eggi i gruse, rivur ligg nede, borni er i ferd med slipesteinen o. m. sl. Han maa ut og setja det i lag.

D'er so tungt vera sett utanfor, slengd i kråa som gagnlaust skrap, sitja der som ei attergløyme

paa elvebarden, .med' det glymjande live strøymer friskt framum.

Drøymer ofte um natti, at han er i si manndoms kraft og gjeng i brodden i eit eller anna tiltak; han uroar folk um natti, i di at han i svevne braakar og byd.

D'er so gapande tomt, naar han daa vaknar og ser ned i det graa inkjevetta; han fær slik angest, er rædd vera einsam med sine eigne tankar; for freistingi ringar seg som ein orm i han, freistingi til sjølvdraap.

Det er helvite aa vera sett utanfor og ikkje lenger duga. Og botsøvingi hans munar so lite, tykkjer han. For naar han sit midt inni bøn og salm, og borni kjem og tergar han, brasar han upp og bannar salt og innarleg. Gamal vane er vond aa venda.

Dette hender mange vendur kvar dag. Straks han sansar seg, jamrar han lydeleg og kiler paa att med salmeboki, so han sveittar som ein smed.

Men der er plaagune utfor glase att: ?Gamle Farre! Gamle-Farre! Gamle-Farre!" ropar heile horgi, dei krøkjer seg som grytehoddur og gjer seg stutthalte: snart dett dei ned til inkjevetta, snart fer dei paa hin foten høgt i vere.

Mest fraa sans og samling hokrar han seg ut og slær etter dei med eine staven. Dei flyg undan, berre so langt han ikkje naar dei, haltar og hermer etter han og lær seg mest forderva.

Han fliskar og bannar som ein turk, og ser ut i augo som ein galin. Gløymer seg paa seinsten so reint, at han slepper stavane og freistar renna etter dei.

Og der ligg han yviende.

Men just i same augneblinken kjem Øystein unge som eit veldugt ver yvi dei; han tek eitt og dengjer hitt med:

?Eg skal gjere hakkels av dykk, fantety! Heretter lét de bestefar vere!"

„ Velsigna vere du, Øystein, som tek meg i forsvar! Gjev du maa faa sleppe aa prøve kor tungt det er aa vera gamall og ende-paa!"

Um Øystein unge er det at vaar soga mest kjem til aa lue.

III.

Purpurstraumar av ungdoms blod,
danse, danse med lystelegt mod,
danse, danse som moreldbylgja
til fela si voggande tone flod!
Gjev eit stormhav av feleljod
kom fløymande inn
som ei havsalt flod
i alle fjordar av folksens sinn,
skylde og sopte og reinska ut
all sjælemugg og all hjartesutf
Danse, danse til song og spel!
Anten me jublar eller sturer,
djupe gløyper oss likevel.

Ungdomen vert haldin strengt. Det er ein spreng fraa morgen til kveld all viko igjenom. Og um sundagane vil dei vakte meinke dei fraa aa koma saman paa leikarvollen.

Danse er ikkje tale um; ingen torer lata upp hus. Leiv spelemann hadde ei kjeraste. Ho hadde vori den gladaste millom glade, tidig og dansekjær, og reint eit aabin til aa tralle slaattar.

Dei sagde at ho mest hamla upp med fela hans Leiv.

Men no slær ho lag med lesarane og toler ikkje meir høyre fela; for daa tek den gamle Adam straks til aa spretta i føtane paa henne, segjer ho.

Leiv maa brenne fela si, det gjer han graatande, elles neitar ho aa kome paa garden.

Men no veks det upp eit umfar av modig ungdom med Øystein i brodden. Dei vaagar samla ungdomen um seg i skogen um sundagskveldane til song og leik. Men dei vakte deiler sokni millom seg i teigar til aa gjæte ungdomen upp.

Naar soleis par um par dansande til sin eigin song sviv rundt i den ljose sumarlund, karm det braatt kome yvi dei ein lesarprest og hylja yvi dei ei svaavelpreik, so gjentune græt og gutane bannar. Daa dei høyrer, dei er forherda likevel, tottest dei gjerne at dei kan synde so det er meir moro og framslag i.

Dermed er det ein kveld, daa ein preikar dei kallar Himmel-Per kjem mot dei som eit byrseskot, at Øystein og eit par andre gutar tek og dengjer han dugeleg upp, og lovar han same traktering, soframt han oftare vaaga aa skræme gjentune fraa dei.

I joli fær dei upplate dansarstova i Mass- Rysto. Gjentune stel seg til dagane fyriaat aa bera helgaklæde aat sin legustad. Og paa den

fastsette kvelden smett dei seg løynleg av til lage, etterat husens andre folk hev lagt seg.

Vænaste gjenta er Petrina Haugen; nyst framsloppi for presten, og berre barne aa kalle for. Ho er som eit ljos, der ho gjeng, alle augo ser etter henne, gutane med verme, gjentune med ovund.

Hole-Hallvor gjeng jamnan grumeguten i gjentelag og frikar millom gutane; ein røsleg tjugeaaring av godt folk. Han tek straks Petrina for seg, og held det gangande med henne kvar einaste dans.

Øystein, som hev huglagt henne alt f raa skulen av, der dei hadde gjengi saman, byd henne upp, men daa ho vil reise seg, triv han Hallvor henne attende: ?Dans ikkje med smaagutar!"

Øystein daskar til han under øyra: ?Der hev du smaaguten, stornase! Vil du hava fleire?"

?Fyrst betalar eg for meg!"

Dei fyk i hop og klengjer seg til einannan.

Hallvor er fullvaksin og større, men Øystein er stabben og tett, uvanleg herdebreid og høgbrjosta.

Det er stilt under basketake; dei veit det gjeld no, kven av dei tvo som heretter skal vera frikar.

Der deiser dei i golve, men baae paa sida; og der ligg dei tvinnar seg og held kvarandre skorande fast, so sinte at augo glødde.

?No er det nok!" ropar hine, „ ingen vinn, de er like sterke!"

Men fyrst daa Petrina gjeng i millom, slepper dei.

w Til næste aar skal eg hiva deg i bjelkane som ein halmsekk!" kyter han Øystein.

?Kom ann! Vil du ein gong til?" ?Nei, no vil me danse!" ropar alle.

Ein preikar stend paa baksida av huse, kikar gjenom glase, og harmar seg paa kor trutt dei tener sattan. Han trampar (av vanvare?) takti, men trøyster seg med at det kjem av fotfrost. Gjentune er so blankøygde og braablide, reint spralande av livslyst i gutearmane. Ja, Adam er sterk i alle; men lengta han verkeleg attende til kjøtgrytune i Gomora?

Han luskar av og ser paa heimvegen innum til ei aandeleg syster.

Men der tek det til eit sterkt maal utfor deri aa syngje ein salme. Dei ottast det er ein preikar; men det er ingen annan enn Knute Volla, morbror hans Øystein, eit vrak av ein gamall drengjakall, som slang gardemillom i joli, svaala og drakk, song og gret, og hadde eimkrafti uppe. Han hadde ei tid vori gjævaste manns-emne i grendi, raust utreidd baade paa aand og likam. Han aatte og skaldegivnad.

No er han som ein utbrend aare, der det knapt er gneistar att i oska, berre røyk. Men jamvel no er det noko vyrdelegt og agevekkjande

ved honom; han ser mest ut som ein avtakka kaftein. Augo hans kan smile djupare og loga sterkare enn paa andre.

Han aatte slik fager røyst, ho var sterk som ein lur. Naar han i joli ved nattes tider kjem til eit hus, syng han ein salme so husens folk vaknar og lét upp.

Dei tykkjer vænt um det; det er slik djup kjensla, slik magt i det.

Det er mange visestubbar etter han paa folkemunn, slike han hadde laga i augneblinken, og som hadde fest seg i folks minne.

Hallvor vil halde dei fraa aa opne døri; men Øystein ropar: ?Han morbror hev ikkje gjort dykk noko vondt," dermed opnar han. Gamlingen vert møtt av mange venlege augo, vel helst for di han er ein slik fyndil til aa tralle gamle slaattar. Faa spelemennar er hans make til aa danse etter.

Men Hallvor evlar kje halda si tunga:

„ Gamle kjeftause, kvi rek du her!" Gamlen lét ingen koma seg for nær, han

sét i og syng:

Hole-Hallvor trur med seg, at han er den allerbeste; men han er den allerverste, som gjeng paa vaar kyrkjeveg.

Aa so mang ei belmyrh natt hev han rundt i fjøsom fare;

kunde gjerne møda spare — ingi gjente fekk han fatt.

Straks han burt i gjenta tek, og ho geitahalsen kjenner, skuvar ho med baae hender: vite kvi du rek!

Vekk! Ta handi vekk! Gaa vekk!" Hallvor stend med sauestiren, glor nedfor seg, lang og hiren. Det var all den trøyst han fekk.

Gutane lær, og gjentune knisar. Men Hallvor er kje fraa-seg-fallin, han svarar i same duren:

Du kann syngje um deg sjøl, du din rekekjepp og stakar, du som snikjer rundt og snakar etter brennevin og øl!

Svei ned dine skitne ord,

ned i gjenom halsen rek deim! eg er sikker paa han tek deim dit din andre medel for.

Dei synest, Hallvor hev gjort det godt. Knute svarar:

Du kann halda munnen din! Far din tidt eg heve banka, daa til gjentune han vanka — vil du smaka neven min?

Men so slær gamlen braatt um og tøler i dei: ?Godt ord igjen Hallvor! Ungdomar, ver

ikkje vond paa ein gamall, sturin mann! For det gjeng ingenstad so undarleg til som i verdi. Det var eingong — aa, det var eingong, i gamle dagar ... daa var me unge og spræke me gamle og. Eg kjenner dykk paa mørne dykkar, gjentur . . . den gong var dei like blanke og blide, dei med.

. Gama dykk eit lite bil, gleda drikk me av ein sil/ Den som no er sterk og vill — snart so vert han stur og still. Blomekinn vert skrukkeskinn ; gjenta gjeng med sukk og sut kjeringsur og bleik um trut, kallen olme som ein stut. Gama dykk eit lite bil, gleda drikk me av ein sil!

Gama dykk i hug og hold, lukka drikk me av eit saald! Yngd er veen som fjelle blaalt, alder stur som grjote graatt. Morgonglans

vert skoddekrans.

Tidi glid som stride straum, fanden fiskar med sin taum — live er ein vonde draum! Gama dykk i hug og hold, lukka drikk me av eit saald.

Han fær augo paa Petrina: ?Ser eg eit syn? Eller er du Arna Os livs livande? Eg hev graati

*

mang ei taare paa gravi di; dei hev velt ein stor stein yvi mi ungdoms glede.

Den som vil fange fuglen fær ikkje skræma han. Eg gløymde det, eg, og hev ikkje aatt ein glad dag sidan.

Nei, so nauande likt hev eg aldri sett

Meir brennevin, gutar, no vil eg tralle upp til dans!"

Han fær det han bed um, og so løyser han stemma i sin hug, og heile hans liv, med det som hev brunni under, kjem strøymande som ei elv av gamle tonar.

Taarune bautar seg yvi rukkune i det gamle andlite, smilen fær yvitake, augo vert straalande sterke, og han syng seg attende høgt uppaa ungdomstinden, der ein ser all verdsens herlegdom, hev framtidi fyri seg . . . der ein enno inkje hev aa angre.

Dei veit aldri dei hev høyrt han so god, det bublar upp som av ei ustanseleg kjelde alle dei gamle skattar, tonar og visur som hev vori i bygdine fraa gamall tid.

Han er den einaste, den siste, som ber alle desse gamle skattane i hug og minne.

Det er ingin annan no meir som vyrder slikt. Ungdomen hev sine nye bøker, og lesarane sin Sankey.

Til slutt vert han reint full og tek til aa syngja gravsalmar, vinglar so berrhovda ut i svarte natti.

Morgonen etter finn folk like hans nedfor Rystebryggja, der han i sanseløysa hev gjengi seg utfyri.

Hovude ligg i sjøtrømen, og baarune leikar med lokkane kring den høge finkvelvde diktarskallen hans.

IV.

Aa, du er ung og elskhugsfull, hugen leikar i skyir ljose, vev seg sælt inn i glans og gull, dalar ned millotn blom og rose.

I kunnsliaps trée med vænleik stor ein engel lokkar med fagre ord, ein smilande engel, som kviskrar: ?Kom, her finn du all heimsens herlegdom!" — Sjaa deg fyri, gakk ikkje nær,

enn um det berre ormen er?

Faarleg er elskhug aa leike med, hjarto dei fengjer som stråa, lett karm du misse, din hjartefred og skirleiken din attpaa.

Som blømande apalen yviskygd du stend av din reinleiks skatt — leit karm du missa di barneblygd — daa er berre gyrma att.

Petrina er eit foreldrelaust barn, som parfolke, Ola og Brit Haugen, hev teki til seg. Dei er sjølv barnlause, Brit er hennar faster.

Petrina er aaleine att av heile huslyden. Det var ei syrgjesogu, som enno liver paa folkemunn: Mori, vidgjeti for sin vænleik, hadde vori trulova med Knute Volla. Men vonde folk hadde lagt seg i millom med sitt slarv — berre kjærkomi for foreldri hennar. Derved fekk dei lettare tvinge sin vilje i gjenom aa faa henne gift med Alv Lidi, ein rik sveinkall paa femti aar, ein einstøding som etter folks umdøme hadde livt berre til aa skrapa i hop pengar.

Daa den unge vækja hadde fengi denne ufjelden til sengkamerat for live, tok ho snart til aa visne — som ei ormstukki rose, og døydde ung, etter ho hadde sett ein son og ei dotter til verdi. Det var mange aar millom borni.

Alv gjekk for aa vera ein hardhaus, som det ingenting beit paa. Han talar mest aldri; hev alltid gjengi for seg sjølv og stelt med sitt. Og hadde han ikkje sagt noko godt til kona og born, so hadde han heller ikkje sagt noko vondt.

Ein kunde helst segja at han hadde vori snild med dei, so godt han forstod.

Men alderen tok paa honom og, han var yvi dei sjautti vortin, saag daarleg, gjekk framgrytt og studde seg paa tvo stavar, og evla kje meir gjera gagn.

Men det er honom ein hugnad aa sjaa at garden og husens stell var i gode hendar: Sonen tok seg godt til, var manneleg fyri seg og hadde umtanken med seg.

A. Hovden: Fiskaren. 3

Men ingin sagde stort; dei kom ikkje paa aa tale til kvarandre.

So drog sonen seg helsotti til paa ei vaashard fjellferd.

Til likferdi samla det seg mykje folk. Dei hev medynk. Det var eit tungsamt syn paa kyrkjegarden: Den gamle, utslitne faren stod der paa gravsens rand og studde seg krøkjande yvi sine tvo stavar, med' den sterke sonen — hans einaste alderdoms hjelp — vart søkkt i jordi.

Men folk vart reint forstirde paa han; det var mest so ein kunde unne han det: Han hadde ikkje ei taare, graa og hard som flint stod han der og stirde stivt ut i tom-rome med sine halvblinde augo.

Det var som ein stabbestein.

Vesle dotteri ved hans side . . . som ei einsleg, bleikraud rose paa ein utdøyande, turr klunger. Alt var eit bilæte som grov seg inn i folks minne, urikkeleg.

Um kvelden lagde gamlingen seg, tagall som alltid. Morgonen etter fann dei han daain. Hjarta var brosti. Augo hans hadde og vori blodsprengde. Daa kom det paa tale millom bygdefolk, at trolle likevel hadde havt hjarta, at gamlingen under ishåmen hadde bore paa ei geysir, som ikkje hadde fengi avlaup.

Mange veit no aa fortelja, at han ofte i all løynd hadde rett ut ei miskunns hand til naudi, naar kjeldune var uppturka i hjarto aat alle andre.

Det vell som ollur fraa hyttune i avdalar og stig til høgmæle i bygdi, at gamle Alv hadde vori god aa gaa til for fatigmann.

No vert det selt rubb og stubb etter han og gjort i pengar. Petrina kjem i tolvaars alderen til Haugen, der ho hev vori sidan, og der ho skal arve garden.

Folk segjest ikkje minnast noko so fagert, det baade lyser og vermer av henne. Andre gilde gjentur er mot henne som markblomane mot tjørn erosa: Ho er meir storlagt fager en hine og voggar som i blaa straumar.

Under fine rendar av augnebrunir og store frunsar av augnehaar eit par brune augo, opne og solrike. Dei ser vekjømeleg paa deg, helst naar ho smiler. Ho hev ei djup ro i augo og i alt sitt lag.

Den finlagde kinni er kvit og raud som blade paa epleblomen, munnen som ei nysprotti, doggsprengd rose. Dette andlite er innraama av eit svart, krulla håar, som legg seg i rike lokkar ned yvi kinn og okslir, mest ikkje til aa halda styr paa.

Ho er høg og grann, ikkje retteleg rak i ryggen, men elles velvaksi og staut. Ho er mykje tagall av seg, bljugvori og brydd av at alle folk ser so etter henne.

Øystein hadde vorti glad i henne, straks ho kom paa garden. Men dei hadde aldri talast ved

um elskhug. Det hadde heile tidi vori som ho hekk for høgt.

Han er berre so medels aa sjaa til; eit greidt, reinskori andlit; brunt, vanlegt håar. Smaa, siktande augo, meir gløgge enn just væne, men med manneleg, godlynd bragd. Hudi er skjemd av freknur.

Straks Petrina er framsloppi, kryr det av friarar. Fosterforeldri vil hava ein rik ein, sjølvsagt.

Der er ein gut paa 40 aar, Harald Bu, som hev tent seg til velstand i eit langt stræv i statens hamnearbeid, der han no og er ein av formennane. Ein kjæmpekar, korkje ljot eller ufjelg, og ikkje rædd nokon verdsens ting — anna enn væne gjentur. I lag med dei vert han bljug og keiv, sit berre og ser nedfor seg, lær dumt og trivlar etter ord. Det han segjer er ofte so toskut at gjentune tykkjer synd i han.

Saki er, at han likar gjentune altfor godt, men hev aldri fengi tid til aa anse dei.

Aa fange dei væne vækjur, det skal ikkje so litin kunst til det; ein kan læra det av kingelen: Han vev sitt spinn i soli, so flugo synest ho sviv inn i ein straaleheim. Midt i sin lettaste dans vert ho fanga.

Slik kunstveving hev ikkje Store-Harald fengi stunder til aa læra. Men han totte han maatte vaage seg lei; for her var so mykje aa trøyte

seg etter: Gjenta var fin ... og rik ... og garden var god.

Her var tri traadar aa tvinne saman til eit kabeltog som ein kunde feste seg til live med. Og han Harald fann paa raad — kunde ikkje han tale med gjentur so kunde han tale med menn: Han fria til han Ola, og han Ola att til Petrina. Soleis kom saki i laas.

Hjarta hennar hev elles ikkje vakna endaa, ikkje sansane heller; ho veit ikkje rett kva gifting er, veit ikkje sjølv kva ho vil. Men fosterforeldri visste slikt best, og naar dei vilde det, so kunde ikkje ho vel setja seg i mot. Dei hev vori so snilde og meint henne det vel heile tidi.

Han Harald vitjar henne, men kjem seg ikkje til aa taka hendane upp av bukselumma. Han kjenner seg hjelpelaus, liksom den gongen i middagen hjaa hamnefuten han ikkje visste korleis han skulde eta.

Petrina er og ein slik herrerett han ikkje veit korleis han skal gripa fatt.

Ho ber slett ikkje motvilje til han, synest berre det er rart, at han som kjærasten skal vera jamnan sit og talar med Ola um gard, hest, buskap o. s. fr. Ho ynskjer, at han skal gjeva seg meir av med henne, kviskra til henne og gjerne vilje hava henne med aaleine.

Ho fær endaatil stundom hug aa kjæla seg innaat han; for han er so manneleg og hev slike gode augo.

Øystein veit um det og tek seg nær av det, men grunar paa raad. Ein sterk kar trivst best i motburd som laksen i stride fossen.

Ein set seg maal som ikkje er til aa naa, men ein vil naa det lei.

Dermed er det ein sundag at Haugsfolke kjem heim fraa kyrkja, ein litin bror hans Øystein hev endaa vori til daapen. Kyrkja ligg soleis til, at ein kann kome dit baade landevegen og sjøvegen. Sellane hev teke landevegen; men skirslabarne og kvinnfolki fer med baat. Dei hev berre eit par gamle staukar med, dessutan han Veite-Elling, ein innflutt fjellmann, og Øystein. Han Øystein hev i dag vori fadder i lag med Petrina, for fyrste gong baae tvo.

Han sit med hua paa sneid, dreg trøya til sides, i di han stikk handi i bukselumma. Det er klokkekjeda han vil vise.

?Nei, hev du fenge klokke?" spør dei, ?den maa du syne oss!"

Han læst ikkje høyre.

?Kva er klokka paa ditt gullur?" spear andre.

Ei kjering til aa fortelja um Konke- Anders: ?Den tid han gjorde seg til for gjentune, gjekk han med ei diger kjede; men veit de so kva han hadde til klokke? Ei potet, ser de — ei potet!' 1

Alle knisar og sume ser paa han Øystein, liksom det skulde vera like eins med honom.

Det er ei vindgræle, berre so vidt ho ror aat dei; i slikt maksvér er fjellfolk og sjømennar.

Han Veite-Elling held styrevolen og hev bunde drage fast. Han fortel just um ei klokke han aatte den tid han var paa hermoen. Han bar henne i bukselumma, og ho gjekk ikkje andre tidir enn naar han hadde springmars, men daa naadde ho att og gjekk framum alle andre klokkur paa ei liti ykt.

Braatt kjem det ein kastevind. Han Elling misser straks hovude.

?Slepp drage! Gjev ut drage, din tosk!* vert det ropt. Men knuten hev dregi seg so fast saman, han er ikkje til aa greia i eit sneggvende; baaten skjer full og kvelver.

So mange hendar triv etter kvelve, at dei gong paa gong dreg det under. Den eine klengjer seg til den andre og klumpar seg saman. Ei og onnor kvinne græt, Magna freistar lyfte skirslabarne upp av sjøen: „ Jesus, Jesus!" bed ho stilt. Og dei søkk den eine etter den andre.

Elling flyt paa ei aar, han skyt henne roleg burt til Magna, som kavar med barne, og søkk utan ein ljod.

Øystein er godt symd, han dukkar upp med Petrina: ?Kleng deg ikkje soleis til meg, Petrina! Du dreg oss baae under. Slepp, lat meg halde deg!»

Han fær hjelpt mori med barne. Det flaut som ein liten Moses paa den tjukke klædekallen sin. Dei er nær land, og det kjem snart baat ut.

Dei hadde vore 17, no var dei berre 4 att. Øystein hev rivi klokka upp av lumma, og no viser det seg, at det berre er eit traadnysta. Heretter vert det venskap millom Øystein og Petrina. Ho hev sett inn i hans manndoms hug, kor gjæv han var, naar det røynde paa. Ho hev han aa takke for live — for at ho no karm gaa uti dagen, med himmel yvi og soleiur under. Ho hev aldri vori gladare i live enn no, ho hev vori inn aat daudens grensa. Ho tykkjer og at Øystein er so sterk aa stydje seg til og so lett aa samtale med. Ho kjenner for fyrste gong hjarta vakne i seg. Ho fær ein glans av velvilje i augo, naar dei møtest.

Han vaagar seg i fjøse til henne, og der er ikkje nei. Snart klengjer ho seg like fast til han paa land som ho hadde gjort det i sjøen, og no bed han henne heller ikkje sleppe.

Dei fær so mykje aa tale um og kviskra inn i øyro til einannan; ho hev slik lyst aa tru seg til han, sidan ho ingi mor hev.

Men hovudinnhalde av deira samtale er, korleis dei skal verte kvitt Harald og med tidi faa einannan.

Øystein fær slik on i seg etter fortenesta. Tek seg til vetren fiskjerom, og kjem heimatt med ei bankbok paa 100 kr. Um natti smetter han seg burt til Petrina, kveikjer ein ljosstubb, syner henne boki, og legg fyndeleg ut um korleis han skal vera um seg og samle pengar, tena 7

aar for Rakel, og til slutt vise Gamle-Ola ei bankbok, som skulde lyse upp for augo hans . . . Berre ho vilde vente.

Ho kvider mot aa gjera fosterforeldri nokor sorg, og hadde endaa ikkje komi seg til aa sagt noko. Ho hev jamvel lydt dei og skrivi eit par brev um helsa, ver og buskapen til han Harald, som var nord i lande og snart ventandes heim.

Og so er han Harald der. Ein sundags morgon gjeng han i lag med Olafolke i kyrkja. Det er paa den maaten dei vil folk skal vite det.

Øystein gjeng som i her ota heime. Driv so ned i fjorden til aa kjøle sitt blod, sym, dukkar, og skyt uppatt langt burtpaa, ligg paa ryggen og kviler, med' den salte sjøen skvalar herleg um hans friske kropp.

Ein av brørne hans, ein seksaaring, vassar berre i fjørusteinane og torer ikkje uti; so nappar Øystein han: ?Er du rædd?"

Ja!"

Dermed hiver han honom burtpaa; han litin baskar, skrik og svelgjer sjø, men fyrst daa han vil søkka, bergar Øystein han: ?Hald munn, eller eg kastar deg ut ein gong til!"

Han driv uppaa aasen: Ei lett solskodde, ein glans som var lufti full av gull dust. Ei hildring yvi naturen. Fjelli ruvar høgt. Det susar av elvedrag.

Det klaarnar, og grendi ligg i skire fargar yvi fjord og fjell. Inni kyrkjebygdi kvite og

raude hus i skoglundar, og Storelvi i blanke buktir uppetter tettbygde, breide dalen, som opnar seg milevidt austetter.

Men i denne naturen, høgt yvi bjørkeskogen finn han Petrina framfor seg som kruna paa alt: »Du her!"

?Ja, Øystein, eg maatte møta deg," segjer ho tungt.

Det fer just ein brudebaat langsmed land, dei kjem heim fraa kyrkje, felespel som ein yr toneregn yvi lidine.

?Aa, um det spela aat oss, Petrina!"

Daa tek ho til graaten og fortel at det no er fastsett, at ho og han Harald skulde gifte seg til haustes.

Øystein reiser seg med styrke: ?Det skal aldri skje, fyrr tek me til — siste raadi!"

Ho raudnar sterkt.

V.

Smilen og taara er systkin, du, tvillingar gleda og sorgi, laatt og graat og tvil og tru er frendar heile horgi.

Lid lenger ut paa sumaren vert Petrina bleikvori og hyngi; ho Brit tykkjer berre dette er rimelegt, og ho skundar paa med tilreidsla til brudlaupe.

Han Harald sit endaa og talar med han Ola um garden og hesten.

Brit er glad i born, og det hev vori hennar største sorg, at ho er barnlaus. Ein gong Harald er der, og dei alle sit inne, fjasar ho fjaagt um ?smaafolk": „— — — Det ser rett ut til at me slepp vente lenge — "

Petrina uvitar, og med' Brit stend og væter panna hennar, gjeng det eit ljos upp for han Harald, han spilar augo upp, bleik som bast: „ Dette . . . nei, dette er noko, som eg ... som eg ikkje kjenner til!"

Brit forstøkt: w Gud naade oss, kva er det du segjer!"

Petrina vil brenna upp av blygsla og skam og ynskjer seg langt ned i jordi; det stikk som med sylar gjenom merg og bein. Ho hikstar, men karm ikkje faa graate.

Brit hardmælt: „ Korleis hev du bori deg aat, menneskje! Er dette takki for velgjort?"

Harald spakt: ?Ver ikkje hard med henne."

Brit utan aa ansa han: ?Ulukketing, du hev gjort oss til glis og laatt for alt folk. No vil dei faa noko kjærkomi aa søgje um.

Eg toler ikkje sjaa deg for mine augo! Du skal ut av huse paa rennande timen!"

?Ver ikkje for hard," bed Ola med, ?ho hev ingin annan ho vardar til, armetinge."

Men daa ho høyrer at nokon tek henne i forsvar, grip tregen henne endaa heitare, og ho vinglar ut og uppaa lofte med lydeleg graat, og legg seg.

?Eg ser mitt mistak," segjer Harald um ei stund, ?unge gjentur vil leikast med — eg hev vore ein tosk."

Han turkar seg i augo: ?Eg trur mest, eg er vortin glad i henne og."

Ola gret, han med; men Brit snur seg f raa dei og muskar med noko i gruva.

Petrina hikstar såart uppyvi. Ho fær tid til aa prenta seg inn den dyre læra, at det fylgjer graat etter skripelaat, at den høgste fysna ber i seg den djupaste avgrunn av sorg. Ho kjem

ikkje av lofte fyrr alle veit um det, og vesle Alv er kristna.

Kor lausrivi og burtslengd ho kjenner seg! Ottast berre dei ein dag skal jaga henne ut. Ho Brit karm ikkje tilgjeva, at det av hennar slegt skulde vekse ein slik vill-tein.

Øystein er reist; dei veit ikkje kvar han ferdest. Mor hans er den einaste stød Petrina hev i denne tid.

Petrina gjeng ikkje av garden paa eit aar, og fær godt tilhøve aa tenkje seg um; for veslen held henne vaki halve og heile nætane. Saknar ho verdi og ei stund gløymer si klemma, riv han henne uppatt, og ho til aa gjeva brjost og byssa.

Ho er so glad i han og hev tvifald umsut, for di ho hev lagt skam yvi hans liv ... han skal kanskje verte snækt med det.

Ho trykkjer han traust til barmen og ynskjer berre han kunde suge all mergen ut av henne, so han kunde verte sterk til aa staa i mot all livsens motgang. Det er han, engelen, som bind henne til live att; han smiler upp til henne, liksom fyllt av ei himilsk trøyst. Det legg seg ljoske av vonir yvi framtidi.

Dei lange helgedagar, ho sat einsam heime, fann ho fram boki og las um den audmjuke og tolsame, som ikkje skjellte att naar han vart utskjellt. Han som vilde frelse og aldri øydeleggja. Han som varda syndaren og sagde til dei dømesjuke: ?Den saklause kaste den fyrste stein!"

Ho legg sin forfrosne hug fram i solbakken av hans naade, og det byrjar sillra ei kjelde under hjarterøtane som gjev henne livs gror.

Ho vaagar seg ut millom folk att, men kraunar seg under deira stikkande augo. Sellane ser griskt paa henne, kvendi skjeglar soleis paa snei ovan-ifraa og ned med kaldflir. Ho kryp saman under slike augnekast liksom under svipuslag, og ber dei heimatt i sin barm som glør.

Sume kjem og helsar liksom dei skulde nedlate seg, og talar med ynkesamt mæle, som var all von for henne ute her i verdi.

?Aa ja, det er feil og fall for alle," tryter Lesar-Anne og ymtar um at der er naade for arme syndarar paa same vegen som den fortapte son gjekk.

Petrina skundar seg heimatt, og det er lengi fyrr ho torer seg utalt. Men at Gud hev tilgjevi henne, det tykkjest ho sjaa paa det at alle huglegg vesle Alv. Baade i Olagarden og i Knutegarden var det mest som dei drogst um han. Han er allstad velkomin, liksom skillingen. Han reint sprikjer av trivnad og helse og er langt framum sine jamaldringar, so det at han ikkje er komin ?rett til verdi", det syner ikkje dusti paa honom.

Han mannast og veks fort, og vert snild, ligg i morsarmen um natti utan stort aa knyste i seg. Men so hev han no og ei velsigna god matbud, eit berg av manna midt framfor nasa paa seg.

Straks han vaknar so er det: ?Ba tappe mama!" (Barne vil klappe mama).

Naar ho hev dei lubne armane hans um halsen, kjenner ho seg trygg som ho var i varetekt hjaa den velduge som vardar verdi.

Han er tidleg vakin som ein fugl, ofte vekkjer han henne ved sin song: ?Fallilallila!" So vil han at ho skal syngje; men ho er trøytt: w Det er natti og ikkje lagt i omnen, mama frys paa munnen, um ho syng." Han synest dette er ein god grunn.

Daa vil han leika, krøkjer peikefingren og svingar med: ?Dæl æ fulgen, mama!"

Det er mama for annakvart ord. Og naar ho gjev han noko, segjer han alltid: ?Tapp!" som skal tyda: ?Takk!"

Han vert so hækin og ropar jamt paa: ?Gaut og allja." Allja skal segja mjølk det.

?Bettepapa", Gamle-Ola, maa mata han, og han hadde heller lata geitine staa i aakeren enn aa forsøme det.

Han stabbar hjulbeint ikring paa tune millom Olastova og Knutestova, som stend nær einannan, med store, nyfikne augo, forvitin paa alt det nye som kvar dag opnar seg for han.

Farbror hans, han vesle Ola, som er berre eit par aar eldre, er mest i lag med han, og so gjev farmor dei eit morlaust kid til leikebror.

Ola vert svært fegin, fylgjer etter bukken

seint og tidleg, tek han um halsen, plukkar lauv aat han og hev han med inne og ute.

Hunden, som fyrr hev vori grumguten paa garden, slær han reint handi av. Men hunden vil syne kven som likevel er herre, han gøyr og morskar seg.

Bukken ser ei stund paa han, dermed ris han snøgt paa bakføtane og sét horni i sida hans, so hunden fer gnellande undan. Daa lær gutane:

?Der fekk du det, Basse!"

Men Basse stend bak budatroppi og lurer, og so kjem han som eit uvér bakfraa, bit bukken i ragge og fær jage han paa flog. Daa kjem han kaut uppetter tune; men naar bukken snur seg, flyr han burt um troppi att.

Soleis driv dei sitt spel, til Ola slær lag med bukken, daa maa Basse gjeva seg for yvimagti. Han gjeng berre og murrar og mislikar seg, men maa snildt finne seg i at ikkje alt i verdi gjeng etter hans hovud.

Alv er rædd; for hovude aat bukken naar i høgd med hans eigi, so det er eit stort dyr for honom. Daa bukken nasar burt-i han og legg framføtane uppaa brjoste hans, skrik han; men so snart berre Ola held han i handi, torer han seg til aa staa og sjaa paa dyre.

Dei ser at bukken urtar: ?Han et," undrar han Ola seg. Dei ser ikkje nokon mat. Alv ser lengi og tenkt paa denne tyggingi, dermed skjek han paa hovude med yvityding, og segjer: ?Dæ æ gott dæ!"

Men bukken vert snart for nasevis; han er allstad, framme, og vel so det, helst der han ikkje skal vera, sjølvsagt, hoppar paa bord og benkir, skjemmer ut allstad, et av maten, drikk av sule og velter koppar og kjerald, og smaagutane hjelper og synest det stend herleg til.

Men so byggjer dei seg kvernhus i bekken, og daa bukken riv ned der med, vert dei sinte, jagar og slær han. Daa legg han seg til den vanen aa fylgje med framandfolk etter vegane, og han maa hentast att her og der. Difor maatte han avøydast.

Men daa fyrst saknar dei han rett, naar han ikkje lenger er aa finne. Alv ser og leitar og kallar: ?Bokk!" Ola græt, og daa græt Alv med, og Ola held som ein minnetale: Bukken hadde vori ein snild bukk, ein god bukk, ein ærleg bukk. ?Bokk," tek Alv og uppatt. Bukken hadde meint det vel, men no var han ikkje meir; han laag i saltlake uppi budi — no reiv han aldri meir ned kvernhuse for dei.

?Bokk," segjer Alv, og dei græt baae tvo.

Dei riv ned kvernhuse sjølve og bygg det aldri uppatt meir; men fær det annsamt med aa samle lauv og ryskje: ,, Dette skulde bukken havt."

Ein gong gjorde Alv ei prette som folk log aat lengi; det var uvilja verk: Det kjem ein flokk storfolk gjenom tune, og millom dei ei drusteleg fin bydame. Ho hev klokka hangande paa barmen

A. Hovden: Fiskaren. 4.

utanpaa klædi. Daa Alv ser dette, spring han etter henne og ropar:

?Sjaa loppa! Sjaa loppa!"

„ Loppa" skal tyde klokka det paa barnemaal, han karm ikkje segja det betre. Bydrosi hev ikkje meir vit enn at ho vert sint. Det lær folk mest aat.

Kva hjarterom veslen hev fengi i verdi, ser ein best daa han vert faarleg sjuk. Ola og Knut kostar heim doktar kvar sin gong. Magna og Brit kappast um aa vake og stelle han. Um det hadde vori ein liten prins, einaste arving til land og rike, det kunde kje hava vori større sorg og yvistodu.

Petrina er i stor hugverk: Skulde barne verta teki fraa henne no det var vorti henne kjærare enn hennar eigi liv? Vilde Gud soleis straffa syndi hennar? Maatte ho hava denne dasken og, fyrr ho var god nok? Ho karm so traudt segja: ?Ikkje som eg vil, men som du vil."

Ho freistar yvitala seg til det: Tok Gud han no, vart han ein ljosens engel radt, og slapp desse kalde sjøane inn yvi ripa, som alle vaksne laut røyna. Daa vert han heller aldri neist med at han var komin til i vellyst.

Magna talar stundom til henne um Øystein:

„— — — Nei, ingin hadde høyrt noko visst;

men det trur eg fullt og fast at han liver og kjem att. Han er so vyrk for æra, han Øystein. Han kjem ikkje fyrr han karm kome som fagnamann. "

Ja, kom han, og dei vart gifte, so vart Alv rettborin; men um han døydde no, var det i skam. Petrina er reint nedfor av sut og sorg; men det er likevel ikkje den graa, beiske graat som det er naar sorgi hev si rot i skam og skjemsle, men ein graat som det fylgjer ljos og verme med, av di han vekkjer medhug hjaa andre.

Men veslen ser ut til aa staa det yvi. Ho sit der ei natt uppyvi han; andataki minkar, feberrauden sloknar, han tek til aa sova ein naturleg svevn. Den gode vendingi synest vera komi. Vesle andlite er bleikt, men fint og fagert, med noko so blidlyndt og søtt yvi seg.

Takksam gledegraat fyller hennar hug som sumarvarme solskyer, og ho syng med linnt,

indarlegt mæle:

Blidt i ljose draumar blundar barne lite,

graaten sin det gløymer,

englar swiaa og kvite vardande um vogga slær sin gyllne veng.

Englane er kvite, barne det er lite,

mori ho skal vaka trutt ved vesle seng.

Far din fer so vide

yvi land og baare, mor sit att aaleine

græt so mang ei taare,

vesle, vesle barne maa kje vera feig!

Englane er kvite, barne det er lite,

vesle, vesle barne det er alt ho eig.

Petrina gjeng no fritt millom folk, dei hev fengi anna aa slita kjeftemente paa. Gutane tek og til aa snu seg etter henne att. Ho er kje mindre fager, hev berre meir røynde drag, meir viljedypt i augo, er tekkjeleg og smaalaati som fyrr.

Det melder seg friarar, beste gutane i bygdi; jamvel Harald Bu friar gjenom Ola att.

Men den lange lidingi hev mogna henne og lyft henne upp av den barnslege viljeleysa: Det fekk gaa som det kunde, men no vilde ho halde fast og vente paa honom, som alt hadde aatt henne.

Gifte seg med ein annan — det var som aa selja barne sitt, skuva det ut av sitt rom og sin rett for alltid.

VI.

Han rusla so smaatt yvi bergeled, so kom ho, skrido, og reiv han med. So kom ho, skrido, med hut og hot og gav han ei grav av snø og grjot. Men straks han vakna, han tenkte som so: ?Eg er full' for ung for gravi enno!" Og braatt som fossen hans livslyst svall, han kvervla seg rundt som ein kvernekall. So grov han seg ut, og so vart han so glad, han turka blode, alt medan han kvad:

Tri ting trenger mannen bause: Magt i armen,

mod i barmen, vit i hause.

Det eg jamnan heve funni: Hugheilt vaaga halvt er vunni.

Det høyrer med til dansen, sagde guten, han datt i koll. Øystein totte det var likso lett aa læ som aa graate. Han hadde trivi til siste raadi; dei hadde nøytt han til det. Elles hadde Petrina no vori gift med Harald. Live var ikkje til aa liva, so framt ikkje ho lyste som ei vissa framfyri han. No hev han henne trygg.

Dette sét kveik i han: No gjeld det berre samle pengar i eit snøggvende, sope med seg som ein svartedaude i alle krær.

Vil vera som nedsokken for dei der heime, til han kann leggja ei setlebok, som det stod glans av, paa borde framfyri Ola Haugen.

Tanken paa Petrina, og alt ho no maatte gaa igjenom for hans skuld, fyller alle hans evnur med bør paa lag som vinden fyller segli.

Han slær lag med ein flokk sunnmøringar som i statens tenest driv langs skjergarden med aa setja upp eller vøle um sjømerke. Det er eit vaagsamt og vaashardt yrke, ofte paa ville have.

Øystein er den som jamnast hev mineboren, som tidast naar ned under vatsflata. Han treng eige merg i armane, den som skal evle snu han. Fortenesta er viss, men liti.

Det er vyrdsame og umsynlege karar, som sparer og sét aat seg, so godt dei kann: Bur i skøyta si og steller maten sjølve. Det gjeng mest paa graut med sirup-sull, havrebrød med svart kaffi til. Stundom lyt dei taka seg tid til aa draga seg kokefisk.

Dei forfér havgarden fraa Vadsøy til Bodøy.

Det er som ei graa-urd av kvardags-stræv, einsemd og saknad, men dei hev ein skimt av noko til aa glede seg i nokon kvar, anten noko dei eig eller helst berre vonar.

Naar Øystein ser upp av denne graa-urdi, lyfter sol-lidi seg, og der lyser det fram ei væn

gjente med ein ljosengel av eit barn i fang. Naar han tenkjer paa, at ho maa lide for hans skuld — aa, han tykkjest stræve for lite og hava det for godt, kor ilt han lid og slit.

Um sundagane lengta han so; dei laag jamt langt f raa folk uti havskjeri: tf No er folke heime paa kyrkjeveg; no ringjer klokkune; no syng dei salmane."

Formannen deira les stundom teksti; dei sit nedi den vesle kahytta liksom i ei vogge have ruggar. Dei syng ein salme, held ikkje retteleg takti; for det brenn so mykje under hjaa kvar einskild av dei. Det høyrest likevel vekjømeleg for dei som fer framum; for det slær menneskjehjarto under:

Vaar Gud og fader haldt di hand trutt yvi oss paa hav og strand som strider tungt i saknad såar og strcevar fyri flokken vaar,

so hardt at me karm sveitte blod; gjev du oss helse, kraft og mod.'

Som fuglen paa det nakne skjer midt i eit ishav sit eg her, og heimsens sterke magtir tyt og villt som have kring meg bryt, og eg er vesall, veik og skral som baat i storm, det vesle skal.

Men du er Herren, du er Gud, og allmagt er ditt kongeskrud, du seg j er: ?Tig!" til storm og hav,

og straks maa vreiden stilne av; du seg j er: ?Barn!" Hl mannen veik, og straks han vert ei kjempe keik.

Og kvar for seg med anger bed: Sjaa du i naade til meg ned.' Min herre Gud og fader god forlat mi synd for Jesu blod, og send din ande, frels mi sjcel og lat meg evig fara vel!

Men um dei ikkje ser folk, og ura dei saknar lyd og lag, so er det ikkje einsamt lei; for det krytjar og kryr av livande baade i luft og sjø. Kvalen velter seg og sender spruten høgt i lufti. Springaren byks sjolaust og slengjer seg rundt, liksom i dans. Nisur skyt upp alt i eitt.

Det karm vere seievodu so sjøen bublar og kokar som i ei gryte. Der er fiske-innsig og sildestimar.

Teiste, alke, lom, ændar og skarv ovrar seg rundt ikring, flokkar av ærfugl sym fagert like innpaa dei.

Maasen karm samle seg i tusundtal, symje paa blaahave lett som skum, og so bridande kvit. Yvi sildestimane held dei larm og leven verre enn i nokon krig.

I solstrima likjest dei gullfuglar.

Dei sturtedukkar alt i eitt, skrik, slæst og er um seg; kvar maa lite paa seg sjølv i den store tevlingi.

Der er maasar store som ørnir og smaa som duvur: Svartbaken, drivkvit, med eit blaasvart plagg yvi ryggen; sildemaasen, graamaasen eller sæingen; perlemaasen, fiskemaasen, kvitmaasen, og kry tjo. So der er nok av dei.

Alle desse strævar for maten sin sjølve. Men so er det snyltregjestine eller flaaarane, som vil live feitt paa det andre strævar, vil vera med i veitsla og ikkje i reidsla:

Fyrst er det Stor- Jon, so Millom-Jon, og til sist Tjuv-Jon. Det er alle tri myrke fuglar; berre til meins er dei, og hata av alle.

Yvi sildestaali er det eit leven so ein karm misse høyrsla: Kyo, kyo! Gjit, gjit! Ag, ag! Kjav, kjav! Tærrr! Pillu! Jæ, jæ! o. s. fr.

Tjuv-Jon er hæ vaste fljugaren; det er eit syn ein aldri vert leid av: Stundom stend han still i lufti som ein hauk, snart sviv han i krok og krik, i bukt og boge, slær ned som eit ljon, læst vera trøytt; men just daa tek han til for aalvor og kvervlar rundt som ein gneiste.

Maasane maa sleppe si fengd, jamvel spy det uppatt; tjuven naskar det daa visshøvd, fyndet naar sjøtrømen.

Den argaste sakførar Schnabel, tenkjer Øystein, evlar ikkje køyra folk meir rundt og toppleide dei.

I uvérsridir, naar det er lite mat, kjem fuglen like innpaa skøyta; dei karm lokke han burt til seg med aa kaste mat til han.

Ei tid arbeider dei nær eit fugleberg. Det er ein stupbratt knaus beint uppav have, uppimot 800 fot i høgd og breidd, med hyllur, hellerar, hdl, nasar og nabbar. Det er reir i reir nedetter heile bergveggen med millionar kvite fuglar, — helst den vesle kvitmaasen dei kallar kry tjo — heile bergsida er dekt av fugl som ein stoguvegg av tapete.

Karane fyrer av eit mineskot nedved strandi: Braatt stend dei i ein snøstorm av kvitfugl, som ei god stund kvervlar ned fraa himilen og tek flugti ut yvi have, so langt augo kan timja. Det var so mange dei skygde for soli, og skreik gjorde dei so ein knapt kunde høyra mannemaal.

Men endaa totte ein at der sat like mange att.

Teisten vimsar fram og attende i rund ring, tung i kroppen og reint hovudlaus.

Dermed kjem heile heren attende fraa viddi og finn romi sine i fjelle.

Eit skot til, og same spel upp att

Øystein totte han tente for lite. Paa dette vis vart det lengi aa bie. Han skilde difor lag og tek seg rom paa ei fiskarskøyte, der det elles berre er svenskar med; ufysne sellar, reint troll til karar, nedlagde i brennevin som sild i sin lake.

Ein maa ule med dei ulvar ein er ute med. Øystein svaalar og drikk, han med. Det er slagsmaal og yvistodu so lang dagen er. Øystein er som hauken millom kraakune; hev han berre ein fyri seg, fær dei nok røyne han eig baade nebb

og klo; men jamt slær fleire seg saman, daa vert dei honom for drjuge.

Han kjenner seg heime millom dei paa lag som Adam millom dyri; han fann ingin sin like som han kunde hyggja seg til.

Dei hev lova han uferd lengi, so det er ikkje lenger ufaarlegt aa halde lag med dei; men han tenkjer som so: Godt mod er vissaste verjo.

Ein dag paa have sigler dei ned ein baat, men frelser ikkje folke, likevel dei godt kunde gjort det; men dei vil sleppe skadeboti. Dei sigler gjenom skrik, bleike andlit med augo fulle av angest, upprette hendar i senadraatt. ?Er de djevlar og ikkje menneskje!" ropar Øystein harm, «bergar de ikkje folke — mi-sæl eg melder det!"

Straks ser han seg umringa av olme augo.

?Det skal ikkje verte denne gongen det!" segjer det ein bak han og skuvar til han og vil slåa han yvi bord.

Som ein elding snur han seg og slær mannen i svime, men straks er han haldin fast av mange hendar. Han brukar olbogar og kne, spenner, skallar og bit, og vil selja live so dyrt han karm.

Dei held den siste messa yvi han, med banning som dei reint vilde tøme helvite for djevlar; og fyrr han sansar seg, ligg han i sjøen; men er so arg, han skjeller og smeller og knyter neven mot dei, men fær berre ein folin flir etter seg.

Dei sigler verkeleg fraa han . . . snur ikkje um att. Han karm ikkje tru det!

Kvar blodsdropin kokar endaa i han av harm. Han er so midt inni kvardagslive at han kjem ikkje paa dette med dauden. Fær sparka av seg styvlane, rengt sjøtrøya av, og til aa symje i lange, jamne tak til ein holm som ikkje er langt undan.

Der uppyvi holmen stend himilen i skybrand, det opnar seg ein glytt inn til fredfulle heimar. Der tykkjest han skimta gjenta si med barne, dei dreg til seg alt ljos og ser venleg paa han.

Han naar holmen og held varmen i seg ein halv dag med aa springa i kapp med nokre utgangar-vérar, der var; so kjem det folk framum og bergar han.

Svenskeskøyta vart aldri spurt til meir, likevel styresmagti lyste etter dei. Dei hadde vel siglt sin k6s.

Øystein tapte berre pengar paa dette sitt tiltak. No slær han seg i lag med ein nordlending um eit lite trankokarverk. Øystein grislar seint og tidleg, kjøper inn livr og hev tilsyn med trankokingi; lagsmannen sit paa kantore og skal faast-i føre bøkane. Det er ein larv, ein snytar; enden paa visa er, at Øystein misser det vesle han aatte og stend att med tvo tome hendar.

Med desse dengjer han felagen dugeleg og fær betale ei mulkt attpaa.

Daa slær Øystein seg uvyrdin, susar og drikk, og lurer so smaatt paa Amerika.

Men me finn han att paa Ishave, der han er skyttar paa ei skute, og hev lut i vinsten attaat si faste løn.

Dei liver langt nordanfor folkeskikk og utanfor lov og regel, og dei liver godt. Laks et dei med' dei vil, og ferskt kjøt fær dei seg av moskusuksen.

Denne isheimen er alt anna enn daud og livlaus, som ein skulde tru. Kobben karm liggje i endelause flokkar burtetter isane, ein og annan veldug rosmaal skyt upp. Kval og fisk og fugl, og ikkje mindst — kvitbjørnen.

Det er ofte som ein skumeheim av skodde, men naar det klaarnar, skin verdi so mykje meir storslegi. Nattsoli legg ein hildrande, raudleg glans yvi endeløysa, og glitrar i isberg og havblaane. Det er som ein draum, eit aeventyr; som den heimen der freden bur.

Daa hugsar Øystein noko som er endaa vænare: Ei bjørkeli med sol og fuglesong, der det øvst uppe sit ei ung gjenta som kruna paa vaaren.

Komin attende til Nordland, finn han at der er stort sildefiskje, heile Hildrefjorden bublar og kokar som ei ertegryte av stor, feit, dyr sild.

Alt av karfolk som karm krjupa og gaa er i baat. Kvinnfolki kverkar og saltar. Alle ledige

hendar bind not og garn; endaatil folk som ligg paa sotteseng freistar pusle med garnbinding. Dei hev ikkje tid til aa døy nett no.

Fjorden er so full av baat at ein visst karm gaa turrskodd yvi til andre sida, og skutur med uppkjøparar stemner til fraa alle leidir.

Øystein stend uppraadd: Der er ikkje garn eller not aa faa kjøpt, knapt nok traad tilmeirs. Skulde rikdomen soleis fløde inn yvi land, og han berre staa sjaa paa!

Det er som han fær hug aa kaste seg uti sjøen, taka lukka i spurden og brjotast med henne.

Kva han so fann paa?

Han fær seg ein gamall baat, reiser til byen og lastar med sydvestar, oljeklæde, tobak og allslags mat, og ror ut millom fiskarane.

Dei reint slæst um aa faa kjøpe, og betalar gjer dei mest det han krev. Tidi er dei so dyr, dei tenar det innatt mange foll.

Øystein tek inn tri hundrad kronur paa mindre enn fjortan dagar. So lagar det seg raad til fiskjerom og, han fær kjøpt seg lut i eit notelag etter ein avlidin fiskar.

Heretter høyrest maale hans som ein lur yvi folkerope og fuglesollen.

Og no endeleg hev han heppa med seg, det fløder inn rikt og raust. Daa aare er slutt, og han hev avhenda veidn og reidskap og gjort alt i pengar, er han verkeleg mann paa tusund dalar.

Fire drjuge aar hev gjengi til dette, i vaag

og bal, og so var det likevel berre lukka som hjelpte til slutt.

Det er med han som med Harald Haarfagre: No, etter at han hev vunni rike, kjem han fyrst i hug aa fli og fjelge sitt ytre.

Han hev vaksi og mannast mykje, men er berre medels høg, før og sterk, og uvanleg bringehøg og herdebreid. Andlite er hardt og heller grovskori, merkt av hard strid, og kanskje noko av turing og. Men naar han smilte, saag han so god og barnsleg ut, so kjerna var frisk i han endaa.

Han drygjer ikkje ein dag lenger enn høgst turvande, men tek paa heimvegen radt, med alle pengane paa seg. Reiser paa dekksplass, kjøper med seg ei flaske brennevin, og liver elles av turrmat heile dagen.

VII.

Og kingelen set sine kleimande nøtar so lurande løynskt fyri vengir og føtar.

Han spinn sine traadar um hus og um hytte, so det et med faare ein foten karm flytte.

Han sit paa hantore og reknar og lurrar, men fyrr ein det vårest, ein heng der og surrar.

Han gjerer seg blid, og han lær og han liskar men tru honom ikkje — han sit der og fiskar.

Han gjerer seg huglaus, han verdi let laupa, men augo hans skin som paa argaste gaupa.

Han ligg der og blundrar og søv inni roi; men tru honom ikkje! daa krøkjer han kloi.

Han briskar seg breid i sin pels og sin krage. Han er berre klo, og han er berre mage.

Han eig heile byen, ja lande — kanhende — og verdi heng fast i ein traad i hans ende.

Øystein er komin til den byen som ligg næmast hans heimegrend. Han sit røler paa ei ølstogu soleis halvt paa ein hytt. Men daa han

kjem til aa sjaa ned i avisa han hev millom hendane, les han:

„ Tirsdag den 17 de d. m. af holdes tvangsausjon i Knut Haugens dødsbo. Gaarden, 4 mark og 6 skilling skyld, sælges — "

Han kjem ikkje lenger, fyrr det gjeng upp for han kva desse ordi tyder.

Slike lysingar hev han so jamt lesi utan aa hava tenkt noko vidare paa det. Men no er det hans hjarte som er blinken i skjoteskiva.

Karm det verkeleg vera tilfelle? Rusen er strokin av han.

Han ser i blade ein gong til. Jau, der stend namne aat sakførar Schnabel under.

Hate til denne kingelen kokar i han. Kor den helvitbranden hadde gjødt seg med farens sveite: ?Arme far, kor du hev vori seigpint, og utsogin til merg og bein! Eg, som hjelpi skulde vera, hev søkkt meg ned uti verdi og einaste tenkt paa meg sjølv . . . berre av stormod og faafengd.

Ingin ting var so vanskeleg at ikkje du kunde gjera det. Det var berre eitt du aldri lærde: Aa segja nei, naar nokon bad um ei beine."

Naar skulde ausjonen vera?

Imorgen den dag! Her var ikkje lang tid aa tøygje.

Han svintar ned til hamni. Nei, det gjekk ikkje eimbaat fyrr i yvimorgen.

Men der møter han gamle kameratar, som

A. Hovden: Fiskaren. ej

han hadde vori saman med paa merkingsarbeide for tri aar sidan. Her er dei i ferd med aa mura eimbaatsbryggje.

Med dei fær han laant seg baat; og dermed legg han ut til kvelds. Det er fire stive mil, derav tvo i opin sjø. Det stillner av, so han maa ro det meste av natti.

Det er undarlegt soleis vera aaleine i susen paa det store djup; det stig so mange tankar og synir, dei kjem langveges ifraa, og reiser lenger enn langt, kjem fraa djupaste dypt og stig til høgaste høgd. Det er som milevide speglingar paa hav-logn hug.

Paa fyrisumaren er natti kort, ljos og fager, og snart tek soli til aa gylle og brenne i snøbredane i fjelli. Kor syne dreg han, han som ikkje hev sett det paa fire aar.

Ofte hev han sett Lofotfjelli fraa Vestfjorden, med nattsoli kveikte brising i skyvelde i himilsyne; bergi i lange radir liksom Nidaros-domkyrkjur i hundradtal side um side, med sol-baal paa alle spir. Den blaaraude himilen speglande seg av i fjorden, so heimen var som innelukt i ei diger blaaklokke.

Men aldri hev stoltare tindar reist seg enn dei han no ser; aldri bjartare bredar glitra mot himilen: Dei er som Guds tankar; det renn honom i hug eit skriftord: Som himilen er høg yvi jordi, so er Guds tankar høgre enn vaare tankar.

Det er tind, taarn, nabb, nut, niv, horn, nipe i det endelause.

Der inne bak glitrebreden er hans heim; der andar folki hans i denne stund.

Korleis hev dei det, tru?

Mori, ståkaren ... og Petrina ... og han litin? ?Gud han indarleg velsigne dei!"

Han ligg i bakskuten med styrevolen i hand, og sigler for ein frisk bris. Snart reiser Nipa seg som eit horn framfyri han; og so er det ein sving um nese — og dermed opnar heimefjorden seg.

Brekkeheidi med sine tri bylgjedrag, Verahalde som ein storkakse midt i dalen, trygg som ein stabbestein paa odelssæte sitt, og Kvandalstinden som stikk seg upp bak fjelli som ein knivsodd.

Der kvitar kyrkja fram av skoglundane i den veldyrka grendi. Han tenkjer paa far sin, som no ligg der inne: ?Gud glede hans sjæl!"

Daa renn soli upp.

Ho fyller fjorden med varm straaleglans, fuglekoren kvitrar, elvar sillrar og susar, og der ter Haugehusi seg fram uppaa bakken.

Øystein græt. Noko han ikkje hev gjort paa aar og dag. Noko som motgangen aldri hev fengi han til.

Han legg til lands i heimestødi, veit ein gamal snitt til aa faa upp naustdøri utan lykil, og der ber han inn føre sitt.

Der er ingin storebaat, berre eit par færingar som ikkje er stydde med plittar paa sida, men ligg heilt nede i tufti. Reidskap og skinnvødning slengde ikring. Fiskesnøre usylt i floke paa ein stad, sula paa ein annan. Berre greinaløyse. Ein kunde sjaa at den fliande hand var burte.

Han lyt tenkje paa far sin, alt det dei hadde vori saman der nedi nauste, og kva dei hadde samtalt um til dei ymse tidir.

Øystein byter paa seg ringaste klædi sine og finn fram ei gamall skreppe, han tel pengane sine ned i.

Kjenslune fløder som ei skotflod gjenom han: Sorg, glede, byrgskap, fadertankar, elskhug, medynk med mori, og alt det andre.

Han gnid andlite inn med jord for rett aa sjaa ukjenneleg ut, og med skreppa paa rygg ruslar han so smaatt uppetter lidi, alt med' han av-og-til kviler i skogholti her og der; han vil ikkje kome for tidleg.

Paa tune er det mykje folk, ausjonen hev alt vårt ei stund. Dei er i ferd med aa selja allslags gardsreidskap. Han ser paa korleis tenarane med lett hjarta kjem dragande med det fram til hamaren. Han ser ingin av sinom.

Magna, mor hans, sit nede hjaa Petrina og grammar seg: Alle tri vaksne gutane var flogne ut, tvo i Amerika — og Øystein . . . Gud visste um han no livde!

Og so græt ho. Petrina veit ikkje stort aa

segja, ho er tung um hjarta, og hev mest uppgjevi voni um Øystein, ho med. Sume segjer han er daain, andre at han er gift nord i lande.

Med Øystein stend der paa tune, kjem det tvo smaagutar stritande paa ein undarleg krokut kubbe, ein som ser mest ut som eit troll.

?Me vil selja bjørnen vaar paa ausjon!" ropar dei, og lær mykje baae tvo; folke hev gaman av dei.

Øystein ser straks at den eldste er yngste bror hans, han Ola . . . men den andre?

Det gjeng hiteflagur gjenom bringa hans; for han kjenner guten paa — Petrina! han er so hoggande lik mor si. Det vert kveikt ei ny, varm glede i han — han hadde aldri rett tenkt at han aatte ein stor, gild son. Og han hev vondt for aa halde seg attende. Men der høyrer han folk:

?Kva er det for ein litin bjart kar? Kva er det for ein litin orre?"

Det vert samtale som helst endar i kviskring.

Øystein høyrer einkvar segja: „ — —— at den væne vækja vilde leggja seg fram i den raven — eg skynar det ikkje."

?Det er syrjelegt med unggutane no til dags. Det er som hjarta reint var botnfrosi i dei."

?Du karm so segja: Dei gjer likaste gjentune

ulukkelege — — "

?Ja, og so rømer fraa dei."

;; Dei hev aldri ein tanke for sine."

?Eg tenkjer just paa henne arme Magna."

?Aa ja, aa ja — kvar er no alle sønine hennar?"

„ Slike boltebukarar som dei var."

„ Øystein — odelsguten skulde vera! — tru kvar han no vankar, traven?"

?Det er som dei segjer for eit gamalt ord: Naar fantestaven er vortin varm i handi, so er han ikkje god aa sleppe."

Jau, der fekk han Øystein høyra soga si, det kokar i han, men han snur seg fraa slarve, upptekin som han er av son sin:

?Kva heiter du, guten min?" ?Eg heiter Alv, eg."

?Enn mor di daa?"

?Ho mor mi heiter mama." ; ,Men han far din?"

?Han heiter bestepapa. "

?Hev du kje annan far, du daa?" ?Det vil eg ikkje segja."

Veslen ser paa klædi aat spyrjaren ?Er du ein fant du?"

„ Tykkjer du det?"

?Ho mor segjer at naar eg riv hol paa bukseknée mitt, so vert eg ein fant."

?Kvar er ho mor di?" ?Inne, veit eg."

?Kva vil de hava for bjørnen dykkar?"

?Du maa ikkje spyrja, men berre bjode" svarar Ola; ?det er ausjon idag, ser du."

?Eg byd ei krune."

Men daa han tek til pengane, og dei ser det er aalvor, segjer dei baae: ?Nei, det var berre paa fant, det var ikkje meiningi."

?Men eg meiner det! Men so maa de hyre bjørnen aat meg so lengi og stelle vel med han til i morgon."

Gutane hoppar glade inn og skal syne pengane.

Sakførar Schnabel er der sjølv, han gjeng i tune som ein hauk yvi alle hanar.

Garden vert ropt upp. Bygdefolk med ære for seg byd traudt ved slike høve. Dei tenkjer med seg sjølv, at ulukka kunde raake dei med. Og odelen er noko heilagt, som høyrer si eigi ætt til.

Det er soleis helst utanbygds folk som byd — og so Schnabel, som paa dette vis hev lati slåa til seg mykje jordegods for snytekjøp.

Idag er det eit par utanbygdingar som tevlar; men Schnabel er etter dei som tjuvjoen etter maasane og nappar bodi or munnen paa dei.

Det vert lagt paa kr. 50, so 10 og til sist berre 5. Sakføraren eig siste bode, og lensmannen lyfter alt hamaren. Daa legg Øystein braatt paa kr. 200 med ein gong.

Folk snur seg nyfikne, Schnabel arg for denne striken i rekningi. Men daa han ser fanten, slær han i ein laatt og fær alt folke med seg: ?Bare slåa til lensmand, siden vi har været saa heldige at faa denne millionæren iblandt os!"

Lensmannen, som berre med eit halvt auga ser, at dette er rake fanten, vil gjera seg gamansam, han med, og læt hamaren falle berre soleis for moro: ?Nu dit agtede navn, dine forretningsforbindelser, dine solide garantier, ærede herre!"

Alt folke skograr og lær; men Øystein stig byrg og breid fram gjenom mengdi, løyser skreppa av seg: ?Eg betalar kontant!"

Dermed tél han upp i reide, gode setlar, heile summen framyver borde. Folk spilar augo U PP °g gapar seg mest umkjæft.

Schnabel kjem rasande fram til borde, og snusar nærsynt ned i setlane som bukken i ein havresekk: ?Er disse penge egte?"

?Pengane er gode nok," kjem det avgjerande fraa lensmannen. Men Schnabel kann ikkje faa tryne sitt or den aakeren: ?Det er ikke halv pris, lensmand. Tilslaget bør ikke gjælde."

Øystein: ?Eg tek alt folke til vitne — — "

?Handelen staar ved lag," segjer lensmannen, ?gaarden er nu din paa lovlig maade."

Som vind i skog gjeng det ein sus av undrande kviskring gjenom folke.

Schnabel, som hev fylgt eimbaaten paa hitturen, vil no hava skyss yvi fjorden.

?Du kann faa fylgja meg for inkje," segjer Øystein, ?eg skal same vegen likevel."

Til sjøss komne segjer sakføraren: ?Er det ikke for megen vind?"

„ Berre velt deg um bord, vére er greidt nok."

Daa dei kjem burtpaa eit godt stykke, fer Øystein i ferd med aa vinde upp segli, alt med' Schnabel forbyd det med brask og braak.

Øystein gjet ikkje noko, fyrr han er ferdig; daa ser han honom iskaldt inn i augo og segjer rolegt og fast: ?No sigler du din siste siglas."

?Hvem er du, frække menneske! Jeg skal gjøre dig ulykkelig!"

jjDertil skal du ikkje faa livedagar . . . det er fulla meiningi aa velte deg av her midtfjords som eit anna roti rak, og so framt du ikkje flyt paa fleske, skal du faa utyrste deg med saltvatn, fyrr dagen endast. Nei, det er ikkje faarlegt med meg! eg er likesytin, og elles sym eg som ein sel."

?O Gud, manden er jo gal!" skjelv sakføraren.

?Nei, bed til din eigin herre ... til han djupt der nedi kjellaren! Syng no di siste messe av svarteboki, som du hev livt etter; for dette, skynar du, er beinskyss nord og ned. Tak no med deg alle skinni du hev flerra og flaatt av armodsfolk; ellest karm du koma til aa staa altfor nakin, naar du møter din herre. Lat no alle olme stutane ringe seg ura deg og rispe deg med horni i samvite, um du eig noko.

Hev du ikkje kvar dag ein heil mannsalder seti som ein kingel og fanga bøndar i ditt spinn, og sogi blode av enkjur og fårlause?

Du hev aldri gjengi i kyrkje, men no skal

eg preike for deg: Hugs no, i di siste stund, korleis du hev snoga ikring millom kyrkjefolke kvar preikesundag, størt mann mot mann, frende mot frende . . . korleis du hev forført annan manns kone og meinsvori deg fraa din fårskyldnad!"

?Lad mig komme i land! Naade! Naade!"

?Hev du kanskje vist nokon naade mot far? I mange aar hev du legi som ei gaupe og lurt etter han; du hev smaaningom trykt han livande ned i jordi. Du hev eti hjarta hans, liksom hunden gjer med det skotne villt.

Og no mor? Hev du ikkje skrapa saman krav, og likso godt falske, fraa aust og vest, og flaatt henne med?"

Daa sakføraren no veit kven det er, folnar han reint burt av livrædsle, skjelv som glye, blaagul i andlite, augo skjeglar, munnen gapar som paa ein faame.

Dei er mest komne midtfjords, færingen ligg under den store seglføringi med ripi i sjøen, so det av-og-til fossar inn.

?Hvad kræver du af mig?" kvæser det i han.

?At ho mor fær sine pengar att." ?Derpaa giver jeg dig haanden."

?Ingi meinsvori hand. Du hev snytt henne for mange hundrad kronur, kom med dei!"

Schnabel nemner stilt kr. 50 — 60 — 70 — 100, og sukkar såart.

Øystein med ein kaldflir: ?No er det med

deg som med barnegjenta daa bjørnen sette etter henne: Ho fekk lurt seg fraa han paa den maaten at ho kasta etter seg plagg etter plagg av klædi sine, og med' han gapen stogga og snusa paa plaggi, naadde ho heimatt med live. Men spildrande naki.

Du slepp ikkje billigare du heller."

Dei ligg inni drivgardar der sjøen ryk, og austren naar dei alt til knes.

Daa flir Schnabel fram kr. 300; fingrane er so undarleg krøkte yvi pengane, mest som klør, karm liksom ikkje sleppe.

?Din skarv, dette hev du soleis snytt mor for!"

Der kjem ikkje svar. Men daa han trur livsfaaren er yvi, fær han meir mod: ?Du ved at jeg kan gjøre dig ulykkelig . . . røveri — kvalifiserei."

?Hev du ikkje sjølv gjevi meg dei? Hev du ikkje stoli dei fraa mor? Naar rett var, skulde du paa tukthuse attpaa.*

Schnabel vert sett i land langt utpaa strandi, han snerk som ein fynt hund uppetter, med' Øystein sigler attende, so kipen at han maa syngje.

I heimenauste flir han seg med vask og gilde klæde — og so til gards.

Det er ingin paa tune, han gjeng beint inn i stogo.

Der sit mori einsleg, snudd mot dagsljose og bøter sokkar.

?God dag og Guds fred i huse!"

„ Signe deg! er framandfolk ute — — — "

Ho hev teke brillune av seg — og dreg kjensle paa han: ?oys tein.'"

Det kom so braatt yvi henne dette, at ho dreg pusten tungt og mest vil faa vondt for bringa. Ho evlar kje segja noko paa ei lang stund; han flir henne neven: ?Mor, korleis hev du det?"

?Eg kryp her att mest aaleine; far din er burte, og bror din han Nils; dei er baae komne under torva. Sjur og Klas er i Amerika; eg hev berre vesle-Ola og gamle far att. Men me maa fulla burt snart me og." Ho græt: w ldag hev dei selt fraa oss garden.

Men korleis hev du det? Me hev mest syrgt deg av. Aa, Øystein, kvar hev du vori so lengi!" Ho reiser seg: ?Men eg sit her og talar . . . du karm vera svoltin." Ho græt att: ?Det er so lengt sidan eg gav deg mat no, Øystein." Men Gamle-Øystein uti koven ropar nyfiken, han ligg der aaleine: ?Kven er det som er der inne, Magna?"

Dei gjeng baae ut til han: ?Øystein er attkomin."

Gamlen sit samankropin i sengi: „ Skulde eg faa sjaa deg att, Øystein? Det er laakt her heime no; i dag hev dei selt odelsgarden fraa deg . . . teki grunnen burt undan oss; me eig ikkje lenger den flekken sengi mi stend paa." Han sutrar:

?At dei ikkje stakk meg under torva fyrst! Øystein, Øystein, kvi hev du vori so lengi?"

Øystein spør etter Petrina.

Mori svarar fjaagt: ?Ho er eit velsigna menneskje, eit hjarta som gull; um ho var mitt eigi barn, ho kunde kje hava vori meir vyrk for meg. Ja, eg skal fortelja deg: Ho hev vraka mange gode tilbod for di skuld. Og so den vesle orren, barne, det er ein muna-svein. Ho kjem til aa verte glad no, ståkaren. Eg trur mest eg flyg ned etter henne. Nei, det var den maten, du er svoltin."

?Tal ikkje um mat no, mor."

Med' Magna er etter Petrina, kjem skyssen med godse hans. Han finn fram ei lang, fin pipe og ei stor øskje tobak; det er etla han bestefar. Samstundes lét han honom faa vite um gardskjøpe.

Mori kjem innatt med vesle Ola: ?Ho kjem snart, ho vilde visst fli seg ein grand fyrst."

Ola fær sabel, belte og trumme. Gamlen ropar Magna ut; hjarta hans er for fullt, han orkar ikkje tegja: ?Du, kom hit, eg vil finne deg, kom næmare: Det var han Øystein i dag som kjøpte garden! Du, det var han Øystein!" Han ropar so dei høyrer han yvi heile huse.

Alt det som er att av kinn i hans magre andlit dreg seg saman til smil, og han lyfter nasa i vere.

Mori kjem bivrande til Øystein: w Er det sant, Øystein?"

?Det og meir til! Her hev eg og nokre

hundrad kronur til deg; det er dine eigne pengar.

Eg skal sidan fortelja korleis eg fekk tak i dei." ?Er det ikkje det eg alltid hev tenkt og sagt:

Det hev ingin slikt eit hjartelag som han Øystein." Og gjenta hans inn gjenom deri steig, han Øystein totte, at soli skein. Augo deira søkjer kvarandre granskande,

varmt:

?Her hev du meg att, Petrina."

Ho ljosnar all igjenom: ?Du maa vera velkomin heim!"

?Kva er det for ein fagerfugl som spelar der bak deg?"

?Sjaa deg i spegilen, Øystein," segjer Magna, ?so ser du far hans."

?Me er nok gode kjenningar fraa fyrr i dag me tvo: Kvar hev du bjørnen eg kjøpte?"

Alv fær same slags gilde gaavur som Ola, og dessutan ein hund, som karm hoppe, og eit spel som karm laate av seg sjølv. Og gleda stend høgt under take.

?Eg hev noko aat deg med, Petrina, um du ikkje vil forsmaa det."

Dei flokkar seg um kufferten. Øystein dreg fram eit fint kjolety, bordur, sylgjur, ein gullring, og annan stas. Til slutt viklar han noko ut av mange papir, med' han lær fult; det er — ein brurekrans, som høyrde med til den andre stasen.

Mor hans slær hendane i hop: ,Det er dette

eg alltid hev venta av deg, Øystein; det er slikt eg hev meint og tenkt um deg."

Petrina stend bljug og sæl; takk og glede ligg som varme solskyir i hugen; ho tenkjer paa korleis Gud hev vendt alt til det gode, og ho bøygjer hovude i takkebøn, som akse under den signande sumarflod.

Men bestefar sit som ein storkar i sengi, røykjer sterkt av den lange pipa og freistar rette ryggen, byrg liksom daa han sat til rors i gamle dagar dg var hovding, og han tek uppatt alt i eitt:

?Det var han Øystein som kjøpte garden

det var han Øystein, han vesle Øystein som no er vortin so gjæv ein kar."

Han kjenner ikkje ryggverken sin paa mange dagar.

VIII.

Daa er det sol og sæle, daa er vel live søtt, aaar unge, elskande hjarto heve kvarandre møtt!

Daa er det glod og glede, daa er det kveik og smil: Dei tvo fær fly tja isaman og elske so mykje dei vil!

Verdi med all sin graae inn i eit ljos-hav sviv, hugen i mjuke skyir leikar sitt elskhugs-liv.

Øystein og Petrina er gifte.

Det høver paa henne det gamle ord: Soli hev sitt gamle lag, kvar ho kjem so vert det dag.

Etter alle upprivingane og ufysna han hev maatte livt i dei siste aari — aa, kor søtt det smakar han samvære i heimen, i fred og ro, med den hjartefine kvinna!

Han kjem liksom til sans og samling, eller vaknar av ein vond draum, som ein bergtekin som er fridd ut fraa trolli.

Og hennar milde mæle ringjer hans hug og lengt dagleg meir og meir heim fraa trollebotnen.

Den klare kvendesjæl utstraalar mildt ljos, der ho gjeng syslar i huse med sitt stille, djupe drag. Ho eig den sæle evna, at ho i alt sitt lag syner at ho ser upp til mannen og held han i ære.

Kvinnur som eig og elskar fram denne evna skaper alltid ein lukkeleg heim; dei vert lukkelege sjølv, og dei gjer mannen lukkeleg.

Det er i grunnen kvinna som bygg heimen, mannen skaffar berre bygnings-tilfange paa tufti. Han karm berre slite og slæpe og draga til huse; men ho er det som maa faa hans sveite-dropar umgjorde til perlesteinar i heimen. Ho er luftlage i huse.

Petrina var just eit av desse sol-menneskji, der det stod straalar av faktir og ferd, av ord og gjerd.

Ein sterk mann hev mykje av barne i sitt lynde og set pris paa aa verte sedd upp til; det gjer han glad og framtøk.

Øystein gaar dagleg denne vyrdande umhug, i stort som i smaatt. Soleis ved borde skal det alltid vera eitkvart umframt aat far. Han deiler det likeleg; dei andre skal ikkje tru at han vil eta noko godt som ikkje dei skal faa smake. Men likar det gjer han lei. Kjem han av reis,

A. Hovden: Fiskaren. 6

er der alltid fjelga og flitt og heimekoselegt; eitt eller anna av vellaga mat ferdigt. Han ser han eig fyrste rom i hus og hjarta, og han sit so byrg og trygg paa sin stol paa sin eigin grunn; ?den naar radt ned til sjølve jord-midten, " som han stundom segjer fjasande.

Han liver i eit velvære som aukar hans evne, og det er usegjeleg søtt um kvelden aa søkje styrkjande kvild i same lego.

Hans livsmod er kvar morgon nytt som dagsrandi, sterk gjeng han til sitt arbeid, og fær gjort mykje ut av dagen.

Litle Alv — deira ungdoms glede ljos livande — flyg millom dei som ein glad fugl. Helst fylgjer han etter far sin, fjaag som ein klappa hund; han skal faast-i hjelpe til med arbeide . . .

gjeng berre i vegen; men faren tykkjer det er mun i det likevel, og lét smaaen ride paa hesten og halde taumane, plukke stein av nybrote og anna slikt.

Han rengjer store augo burtpaa far sin, kjær

etter ros.

Petrina plar kome ut i døri og rope dei heim aa eta. Som ho stend der blid og ung i raama av den gamle røykstogo, kjem han paa at han vil byggje nytt hus, eit som høvde betre aat henne.

Han tykkjer at inginting er godt nok aat henne, og baae unner dei kvarandre berre det beste.

Det er bør i hans tiltak, so huse stend der vonom fyrr og blenkjer paa bakken med raudmaala veggjer og kvite vindskeidir. Glasi snur mot fjorden, mot storbygdi og snøfjelli paa den andre sida.

Der er uvanleg lettbært og sjaasamt.

Øystein hev lagt seg til mange uvanar og lyte; han hev lært i sitt selskap. Han karm soleis lite døyve sitt sinne, men brusar upp ved mindste herkje, og daa karm han ill-banne paa lag som bestefar hans hadde gjort. Han er brultande av huglag, og det fylgjer han mykin larm. Møter han hindringar, frøyser han upp i fortærande ihuge, paa lag som kvernavatne, naar ein slær stemma i sloke, til han hev rudt vandsken undan; daa er han braatt den logne elv att.

Kona er som ein bylgjedøyvar. Er ho der, freistar han hardt leggje band paa sitt lag og lynde, men det lukkast ikkje alltid.

Han litin gjer store augo, naar far hans bannar; eingong segjer han: ?Det er stygt aa banne; mor græt, naar du bannar."

Han er ikkje van tilsogn, so hiteflaga berre vert verre; men han døyver seg manneleg. Um ei stund fær han magt til aa segja:

?Det er sant du segjer, litle guten min. Du maa aldri banne. Far din skal late det vera, so godt han karm, han og."

Han hekk etter denne stygge drykken. Heime hadde han det sjeldan; men for han av garden,

kom han tidt heimatt paa ein hytt. Daa er han reint utan stemme og stengje, dei vonde magtir slit seg laus i han, han er rangvis og eglande, og hev han det mindste utestandande med nokon, vil han no hava tak i dei og slåast.

Jamvel heime karm han vera hardmælt, so kona heng med hovude, og smaaen vert rædd. Aldri segjer ho eit vondt ord korkje daa eller etterpaa; men han karm leggje seg fyri heile andre dagen i vaade og hjarteverk.

Ho gjeng der vyrk og venleg og stellar vel med han. Dermed kjem smaaen; fyrst stend han burtmed døri, men snart vaagar han seg burtaat sengi, og det endar med at han tek far sin um halsen.

Daa plar Petrina jamnan byrja mulle paa ein song, der ho syslar, og uhyggin er yvi denne gong.

?Du maa bera yvi med meg, Petrina," segjer han ein dag. ?Det er fælt med dette stygge brennevine, at det skal vera allstad framme og freiste ein veik stakar.

Nøyder og trugar gjer dei, liksom det skulde gjelde liv og velferd.

Eg laut vera saman med so mange slags folk ei tid — eg kjenner det stundom som eg skulde vori tatovera paa sjæli . . . slike merke er ikkje raad med aa faa burt."

?Det er slik god botn i deg, Øystein, du er so grunnærleg. Du skal nok sjaa at Gud hjelper deg."

Det hender, naar han hev vori lengi heime, at det med eitt karm verte so audt og daudt, stilt og trongt for han. Stogo synest eit bur; han karm korkje puste eller faa tanke for seg.

Naar Alv hev lagt seg um kveldane, og dei tvo sit att aaleine, karm det vera stilt som i gravi. Ho er so tagal, at han karm verte arg og spyrja kva ho tenkte paa, eller um ho reint hadde mist mæle. Han karm samstundes vera arg paa seg sjølv for si skynløyse.

Ho lid sjølv under si togn. Det vantar henne so visst ikkje paa tankar, men ho er for bljug, og tykkjer dei er for smaa til aa bera fram. Aa skravle laust um inkjevetta, det bar imot.

Naar han kjem i slike møle, er det berre ein lækjedom for han: Reisa til havs, langt ut til havs, sigle gjenom endelause blaanar langt utanum alle land, vaske hugen i ein salt havstorm.

Daa kjem han heimatt som ein godvérsdag, jamnan med raust føring og.

Men han uner best heime lei i lengdi. Difor tek han upp arbeide aat far sin, baatebyggjingi. Derved hev ein liksom havhugnaden heime paa garden med seg og. Han likjest far sin i di at han alltid skal freiste paa noko nytt, brigde og vøle. Han er den fyrste som byggjer heildekksbaatar med bogspryt.

Seinhaustes, etter dei hev fengi velferdi i hus, er det aa stelle seg istand til vetterfiskja. Dei er reipslagarar, skomakarar og garvarar sjølve,

lagar seg sjøstyvlar, skinnstakk og skinnbuksur av hudir dei sjølve hev garva. Sjølv gjer deg seg og smurning.

Kvendfolki spytar hosur, leistur og natttrøyur. Smaagutane bind garn, sildegarn og toskegarn, som jamnast heile vetteren heng upplagde burtpaa garnkroken i veggen.

Det vert spikka kavlar, bundi inn glaskulur og bøtt garn.

Ølbryggjingi og er noko som høyrer til. Øystein for so tidleg heiman at han ikkje er retteleg stød i den kunstin; men gamlen sit uppi sengi .og innprentar han:

?Du tek 20 kilo malt til kvart anker god-øl.

Va kilo humle til kvart anker.

Gjera malt?

Jau, byggen legg du i bløyting 5 jamdøger, hengjer han helst i sekkir ned i clvi.

Tak so og legg det i eit 4 til 5 turnar tjukt lag i kassur, eller paa golve med fjølir paa sidune. Naar brodden eller aalen naar upp yvi midten paa dei komi som er mindst komne, so riv du det.

Der det gror maa det korkje vera sers kaldt eller sers varmt; du legg det helst paa lofte, der det bur folk under.

Du turkar det langsamt paa kylna, og mel det so grovt at dei mindste komi berre er so vidt kløyvde.

Naar du so skal bryggje, maa du meiske malte i 3 til 4 timar, til det so vidt sig av

meiskespaden, og er som ei tjukk supa eller ein tunn graut. I den saaen det skal renne av maa du leggje eit lag med riskvistir til undergjerd ved den sida der tappen er, so at det maa renne lett.

Du maa hava einebrisk i logen. Alle kjeraldi maa bakast med kokande log.

Naar du hev havt det meiska malte paa renne-saaen, so slær du alt i eitt kokande log yvi, det skal berre so vidt staa yvi malte heile tidi. Og du breider eit tett aaklæde yvi, at den søte gdva ikkje skal eima burt.

Naar du hev stelt soleis med det paa rennesaaen ei 2 til 3 timar, løyser du kranen.

Humlen legg du helst ned i vyrterstampen i ein pose, som du av-og-til kræmtar.

Naar vyrtere so til slutt er komi paa gangsaaen, set du paa kveiken eller gjæri med' vyrtere er godt lunka.

Gjer du nett soleis som eg hev sagt, so skal eg vaaga øle, eg."

Daa Øystein skjek upp, kjem han med ein bolle aat bestefar, at han skal smaka:

?Det er so lite, det er berre skammi, " segjer han, som sed er.

Gamlen tek imot: ?Er det godt, so er det nok — og er det ikkje godt, so er det ogso nok."

Dermed krøkjer han seg, liksom han vilde krjupe ned i bollen, sukkar og drikk langsamt og lengi. Han ser upp med blanke augo: ?Du

hev vori heppin med fyrste brygge ditt, det hev du rett."

Kyndelsmøssknut driver joli ut,

heiter det for gamalt. Han driv og sellane fraa alle fjordane og ut til havøyane, der dei ligg til fiskjes til ved paaskeleite.

Petrina og Alv stend utpaa bakken og ser paa korleis Øystein styrer ut fjorden i den nye baaten sin.

Han ligg til fiskjes paa Giske, og naar det er uvérsridir og landlegu, les han i Snorre um den sterke sogubolken som ligg som ei hildring yvi denne flate, fine øyi.

Her grodde Giske-ætti eller Arnungane seg sterke. Ættfaren deira, han gamle Arnmod Giske, fall i slage i Hjørungavaag, der Sunmøre gav sitt beste hjarteblod for fedralande.

Arne-ætti fær helst sin største glans yvi seg i Heilag-Olavs tid. Her paa Giske budde Olavs ven, Torberg Arneson med si gjæve frue, Ragnhild, dotter av Erling Skjalgson til Sole.

Torbergs brørar, Finn og Kalv, hev vaksi upp her. Baae kong Olavs mennar; Finn hans beste ven og studnad; Kalv til sist millom hans banemennar.

Herifraa henta Harald Haardraade dronningi si, Tora Torbergsdotter, ho som vart mor aat

kong Olav Kyrre. Bror hennar, den spræke Øystein Orre, hadde kje fenge sitt tilnamn for inkje. Kong Harald heldt honom so gjæv, at han hadde etla han dotter si.

Øystein var det som var mann for Orre-ridi burt-i England, der han selde live sitt dyrt, til aa hemne kong Haralds fall.

I jordi paa Giske hev mannskrafti slegi sterke røtar og skoti velduge greinir upp gjenom sogo i tusund aar.

Øystein ser liksom etter um det ikkje endaa ligg vikingskip under øy. Naar skodda lettar og soli lyser, synest han der maa vera gyllne drakehovud under stava segl.

Vikingane tarv elles ikkje blygjast for sine yngre brørar, fiskarane. Um fiskarane berre driv fredsverk, so viser dei slik dugleik, slikt framtak og mod, at dei stend ikkje i skuggen av sine fedrar.

Det er segni um Øystein, at han er den beste mann som karm koma i baat. Dekksbaaten hans bisnar dei og paa, alle; baaten er audkjend, der han sigler.

Mange tek etter og fær seg smaatt um senn same slags baatar.

Det gjeng og gjetord av Øysteins store fiskelukke; men han er nok sjølv lukkesmeden sin; for han driv fiske paa live laust.

Uppe er han kl. 2— 3 um natti. Det hender

han ikkje er or klædi heile vikune. Han fiskar og jamt med tvo snøre: Med' han dreg det eine, firer han det andre. Armane er som staalfjørir, og kjenner lite til aa vera trøytte.

Og han brukar fleire slags børnad, etter som det best vil slåa til, likso vel line som garn.

IX.

Gamle-Øystein legst helsotti denne vetteren. Han hev slik trøyst av Petrina, at han karm ikkje vera henne forutan, men maa stendig hava henne um seg, berre ho hev ei avlaus ykt.

Ho læt henta presten. Han kjem farande inn i stogo, ikkje so mykje som nevehelsar paa den sjuke, gjeng straks i ferd med aa fara i presteklædi, dreg fram nytestamente, reiser seg og tek til aa leggja ut eit bibelord, so folk høyrer hans talegaavur utanveggjes. Det er um aa gjera aa verte ferdig snarast raad er, ser det ut til.

Det er ein ung bymann, som lite hev røynt live, men soti lognt i sin gode heim som ei not i sin hams.

Men han karm sine ting.

Ferdig med preika klemmer han paa med aa kryssforhøyre den sjuke i barnelærdomen, men talar so fort, vasput og framandt, at gamlen som ligg der i verk og kvide, lite evlar sky na han; men freistar berre, so godt han karm, aa maate inn nei og ja paa rette plassane. Dette fell ikkje

alltid rett ut, so presten vert harm og læt falle ord um ?uvidenhed og aandelig sløvhed".

?Ved du at du er en stor synder?"

?Hev nokon baktalt meg for presten? Dei lyg paa meg, gjer dei."

?O, hvilken vankundighed! Men ved du da ikke, at du for Gud er jammerlig, ugudelig, blind og nøgen? At du er undf anget i synd og født i misgjerning?"

?Jau, alt for mykje, du."

?Har du da ikke en eller anden synd at bekjende for din prest?"

Skulde han nemne dei ljaarne han hadde teki for 30 aar sidan? Han ser at der er gardsfolk inne . . . dei skal ikkje faa det aa slarve um:

?Nei, ikkje noko serlege, det eg veit."

?Du er snart 90 aar, det er lang naadetid at gjøre regnskab for — har du da intet at angre og bede om tilgivelse for?"

?Eg bed seint og tidleg, freistar so godt eg kann."

?Det er just feilen, at du selv gjør noget. Det er Herren som maa gjøre alt. Du skal faa sandheden at vide, du er übodfærdig og ege aretfærdig; jeg kan ikke give dig det mindste haab om salighed i din nuværende sjælstilstand. Du maa først gjennemgaa den store omvendelse. Jeg kan heller ikke forsvare at meddele dig sakramentet. "

Gamlen klagar seg såart: ?Eg tvilar fyri,

du er for hard med meg no. Eg vonar visst at Storemannen er greiare hava med aa gjera enn dei som kallar seg tenarane hans."

Med sterkare maal, i di han freistar reise paa seg:

, ? Eg hev ofte stadi andlit til andlit med dauden, fyrr du saag dagsens ljos. Eg hev ikkje berre sett gode dagar; Vaarherre gløymer ikkje all min strid."

Det ligg tyngsle yvi han etter presten; men naar flagur av angest kjem kjøvande, sit Petrina hjaa han. For henne lettar han hjarta sitt baade um ljaa-stuldi og anna som tyngjer. Pengane for Ijaarne ligg innhalla i ein klut; dei hev legi der i mange aar. Ho lyt lova greida det straks han er slokna.

Ein dag er det reint ille: ?Aa, alle gamle minne — eg ser ned i eit trolldjup, alle mine avfarne livedagar sankar soll paa meg med olme horn."

Petrina sit mot glase, med hovude mot ljose, som i ei glorie, og leitar fram dei gildaste skriftord ho veit, dei ho hadde trøysta seg sjølv med i vaa og vande:

Jesus segjer sjølv, at han ikkje er komin til aa øydeleggje og tyne, men til aa frelsa menneskja og søkje det fortapte; difor vart han kalla venen aat syndarar. Han elska syndaren, hans hjarta brast av medynk med syndaren, han gav hjarteblode sitt til aa hjelpe dei hjelpelause.

Han sagde aldri nei, naar ståkaren bad.

Her er daa endeleg eingong ein som vyrder og elskar varmast alle dei smaa og lidande . . . som helst tek seg av dei forkomne og verjulause, ja, dreg utskoti næmast inn til sitt hjarta, slike som alle andre støyter burt.

Faren sprang den fortapte son i møte; det maa vera noko sterkt, som driv ein gamall mann til aa springe som ein ungdom — ja, det drivande var innarleg medkjensle.

Der var opin famn, opi hjarta, opne dørir.

Hjaa Gud fader er det hjarterom og husrom aat alle, han hev ingin aa misse.

Um syndi vaar er raud som blod — ho skal verte kvit som snø; det fekk røvaren paa krossen sannkjenne, han som ikkje hadde mange blodsdropar av liv og naadetid att i seg.

Armingane, som leid og streid og synda

som strita seg til blods under byrdir — med eit andlit som solskin møter frelsaren dei ved daudens avgrunnar: ?Kom til meg, alle som er utmødde og nedtyngde, eg vil gjeva dykk kvild!"

Kom alle villfarande og graatande mannsbarn fraa vaadens ville vegar — hjaa meg skal de finne moderbarmen dykkar att.

Og so renner ho denne salma med mild tone som olje i hans sjælesaar:

Til manneheimen skorne er livsens ljose home med boteraad aat oss

som sorg for syndi kjenner og bed, med' taara renner, um naade under Kristi kross.

Han tok vaar treg' og taara, for oss so vart han saara, han bar vaar synd og skam. For oss han maatte møte, for vaare syndir bøte,

med live sitt, Guds reine lam.

No huggar han og trøyster, og alle moder-røyster

kling i hans lokking klaar: ?Kom rcedde, trøytte, tunge, kom gamle folk og unge til lækjedom i mine såar "

Hans yrke er aa heile vaar vonde hjarteveile og gjeva magt og mod. So høg som lufti klaare, so djup som havsens baare er naaden i hans dyre blod.

Her er den himmelmilde den havsens-djupe, stille og store hjartefred

som inn Ul kvile ruggar og hjarteverken huggar og i all æva sjæli gled.

Den gamle, verkjande kroppen kjenner seg som i lunka laug, smaabylgjur som fraa paradis baarar inn yvi strendane i hans huglynde, der

blomane tek til aa gro, dei som heiter tru, von og kjærleik.

Daa ho fær litle Alv til aa lesa fadervaare yvi sengi hans, lossnar graaten og tidnar telen i _det gamle sinn, angesten eimar burt som skodde for soli.

Han triv handi hennar, som han ikkje meir vil sleppe: ?No rakna det eit kaldt grep av bringa mi — Gudskjelov! No er eg so lett um hjarta."

Det siste han sagde var til henne: ?Gud velsigne deg!"

X.

Aa, so gjævt koma heim! Øystein tek lengre stig, berre han øygnar huse. Han gled seg: Der uppe hev han fyrste rom og rett baade i hus og hjarta. Og han er velkomin. Ho kjem ut og tek imot, bed han vera velkomin heim, og spør korleis han hev havt det.

Alv skal faast-i vera bljug; men vaagar seg snart, og hoppar uppetter far sin um kapp med hunden, som gnell og er glad, han og.

Petrina: ?Det hev vori slikt uver, me hev mest syrgt dykk av. Det hev vorti so mange enkjur i vetter."

Ho skjelv i maale: w Det viser so snart paa borni, at dei hev mist farane sine — dei ser so fatige og fingne ut."

Øystein sit innmed borde og fær seg mat. Ho hev laga til noko godt aat han; han veit ikkje korleis ho karm faa laga all denne gode og velflidde maten.

Alv kliv paa fange hans med abc-boki, han

A. Hovden: Fiskaren. y

vinn ikkje bie; far maa straks sjaa at han karm alle bokstavane.

Kor han trivst og gror!

Og sol-sonen fraa paradis kjem, vaaren, og med sitt stille ljos-velde driv han vetteren or lande, såar straalar i jord og hjarto, og lokkar fagert blomeflor fram i dei baae.

Det er flodvér, himilens signing samlar seg i skyhausar, som takom-til regner yvi grendi, med' soli reiser portar av regnbogar fraa aas til aas, stundom tvo paa ein gong.

Brodd og blad sprikjer og tøygjer seg uppetter og drikk seg spirekraft og helsebot til. Dei blanke blomane glinsar av gledetaarur i augo. Fuglane skjek vengir, rister doggperlune av seg og kvitrar i dirrande fysne.

Yrande liv, fraa maur i tuva til hjort paa fjell; fraa my i dal til ørn paa tind. Saft og sevja, liv og lyst gjenom alt livande.

Ein karm rive upp den magraste grastorva — der og kravlar det av elskande og avlande liv.

Og bergi — dei hengjer den prydelege grøne kaapa yvi herdane, snøbredar og fossar er som brjostdukar og glitrande sylgjur.

Uppe paa Haugen er kryteri sleppte ut. Dei gled seg i fridomen, hoppar og braabyks, men er styrde og uveidne etter den lange innestddo. Alv er glad i dyri og til vens med dei alle. Han gjeng paa vollen og ser paa dei og hev moro:

Kven er basen av vaare dyr? Hesten er likaste karen,

han rister maani, og vill og yr kneggar ut yvi garden.

Livros er vel ei vakker ku, veit seg so vel aa skikka,

reikar paa vollen byrg som ei fru, med' kalven rundt henne skrikkar.

Sauen hev gøymt seg so vel i ull, ein berre karm sjaa hans nase; lambe braåbyks, den vesle krull, og hoppar radt som ein hjase.

Geiti skal snuse i alle tine, den nyfikne nasebræda ;

kide tvibyks med sprett og sving og dansar berre av gleda.

Hanen morskar seg upp og gjel, slær med vengen og spøner, trur han verdi i age held, berre han vitskrcemer høner.

Katten ligg burtmed vegg i sol og mæler berre av kjæta. Grisen gryntar tilfreds i sitt bol, berre han nøgdi fær eta.

Skjori skralar, flyg hit og dit, og finn paa so mang ei vele. Staren høgt uppaa møne sit fegin og fjaag som ei fele.

Basse skvakkar, den snaldrekopp, trur visst han raader i garden, torer kje vikje f raa stogu tropp — han er ikkje mcetare karen.

Her paa tun er herren han far, ho mor inni huse raader,

lei so veit eg ein litin kar som byder yver dei baade.

Det er ein hugnad aa hjelpast aat med arbeide, styre, stelle, fli og vøle inne og ute og hava alt i godt lag. Det er si eigi velferd dei bygg, og dei veit baae at naar dei arbeider for seg sjølv, so arbeider dei samstundes for kvarandre.

Øystein driv med plognaden. Groreimen stend av jordi. Erla fylgjer etter i plogfori og ét makk, vippar med vele, flyt seg, rett som det er, og syng kvar gong sitt: ?plirit", set seg att tett attmed føtane deira og nikkar liksom manande til dei.

Steindolpen hev reir i steingarden og stend trutt vakt um kona si, der ho bræder egg i reire.

Han svingar seg stundom i vere, syngjande og flaksande, tverkastar seg i lufti og set seg ned att paa same steinen. Der stend han og duvar som ein baat i nasesjø; kjem nokon nær, so bed han heitt for seg og sine.

Staren flyg annsamt fram og attende millom aakren og stogunovi og matar ungane.

Er Øystein nedlesst med stræv ute, so er ikkje ho det mindre inne. Ho er aldri ledig,

hendane stoggar ikkje; eitkvart er der aa fli og stelle alltid. Og augo og umtanke hev ho og med seg allstad. Kjem ho inn i eit rom, ser ho i same augneblinken kva som er av lage.

Ho er tilsynsam og sparsam, og hev lag med aa faa lite til aa rekka langt. Det er mest som det veks og aukar under hendane hennar.

Ligg det ein brødmole paa golve — ho hev lært han litin taka han upp og kysse han, fyrr han et brøde. Ho fortel han um alle ståkarane som svelt rundt um i den vide verdi, og segjer at han maatte sukke til Gud for dei, kvar gong han fekk mat.

Ho lærer han vera vyrk og vyrdsam for far sin. ?Det er han som vaagar live sitt for oss paa sjøen/' segjer ho.

Dei stend ikkje i beit for samtaleemne lenger; der er so mykje aa samråa seg um, og so er det desse idelege spursmaali hans Alv, som kvar dag hev lyft ein fald av live og undrar seg alltid yvi nye utsynir, og grev og spør seint og tidleg. Det vekkjer ofte baade gaman og ettertanke.

XI.

Scelt aa naa uppaa tinden, soltinden høg og blank, upp yvi djup og dimme, upp yvi sut og ank!

Hevlegt, herlegt aa lyftast upp yvi kvardagskaar høgt yvi smaalegdomen til livstinden blid og klaar!

Der, under helg og ynde, samljoden ljuv og linn tonar fraa allheims harpe fred gjenom sans og sinn,

heilar med sælast glede saari som live slo; evnune alle sprikjer som segl paa den frie sjo.

Hugen paa ljosens Tabor klær seg i solesprett, hjarta jublar og kjenner: ?Eg er av Guds eigi ætt!'

Herlegt, herlegt aa lyftast til høgaste ljosens heir — berre ein einaste time . . . ingin karm vente seg meir!

Ein sundag i haaballen sit Øystein og Petrina paa Aasen, paa sin gamle stad der dei ikkje hev vori sidan hin lagnadsrike dagen, fyrr Øystein fyrste gong drog ut.

Himilen kvelver seg blaa med festlege solskyir yvi blømande jord.

Maaltrasten sit høgt uppi ein tretopp og kvitrar ustanseleg paa si mangslungne vise, og slær sine straalereine trillur.

Ei sysvorte lenger nedi lidi spelar sine lentuge lundar og freistar vist tevla. Raudsterten spelar paa fløyte høgt og langsamt, med glade trillur inn i millom.

Raudhalsen er ikkje ringare, han heller. Alle smaafuglane blandar seg i koren; hjarto er like varme, um so songen ikkje er like væn — kvar fugl syng med sin nebb.

Men maaltrasten er meistarsongaren i allan skog. Det er ei ustanseleg sillrande elv av tonar, der dei glade hjarto bublar upp av naturdjupe jublande mot vaaren . . . undarleg blanda med undersus av sjodande grorsevju, vokster, og livsens ljod og laat.

Legg ein øyra til jordi, tykkjest ein høyre samklangen av ei trollstemd fele.

Smaafuglane smett i tréi og karm aldri sitja

stille; gjer dei ikkje anna, so flir og pussar dei vengen. Dei syng baade til aa glede seg sjølv og andre.

Øystein og Petrina kappast med tiriltunga i bjartleike. Gleda er so still og stor som ein djup fjord, det giddrar ei breid solstrime gjenom dei baae.

Ho er like fager endaa, berre meir fyllig og raudleitt, og med ei roleg og trygg bragd. Dei brune augo eig ein ljos underbotn, som glimtar av godvilje og offerhug.

Han er ein stridskjeggut kraftkar, stabbin og tett, med merke av mykin mandom, i sin beste bragje.

Det er lengi ikkje eit ord millom dei; dei les berre tankane aat kvarandre, og veit at dei er lukkelege og eig framtidi. Det er ei slik stund daa kjenslune veiftar som sumarluft um sinn, hugen kviler som i skinande sky-ull, og tankane stig fritt i lette fuglehåmar, krinsande hugnasamt um heimereire.

Deira samlivs sogu glid dei gjenom minne, sidan dei sist hadde seti her uppe for mange aar sidan . . . daa live hadde snutt rangsida til.

Dei karm so vidt skimte eit blaatt belte av have langt ute. Det gjev slik kjensle av aa kunne puste fritt; det legg som ein stor, glad lengt i all naturen.

Ho bryt stilla: ?Live er rart, du — mest som ein draum."

Han smiler, men finn ikkje svar. Alle flyttfuglane i hans hug er heimatt komne og krinsar i mindre og mindre bogar um heimereire. Augo hans stansar ved det nye huse deira, som ligg midt millom aaker og eng.

?Her er komne mange nybrot i det siste/' segjer ho att.

?Eg likar ikkje storesteinen burtmed lødo; han skal faa skjot og skyss til hausten, den karen, kor stor han so tykkjest vera. — Lødo er aat og vert sålryggja; for liti er ho og."

?Det er med oss som med den rike bonden, me hev ikkje nok rom aat all vaar grøde," segjer ho ettertenksamt; „ lukka hev vore so raust med oss i det siste, at eg mest tek til aa ottast."

Ho dreg fram korgi si, breider duk yvi grase og dekkjer fagnaleg paa med gilde rettir: Spikjekjøt og spikjeflesk, lefsur, vaflar, egg, søst, smør og anna.

„ Dette er reint mat til aa gifte seg paa, Petrina," lær Øystein, han dreg seg nærare og vil fange henne innaat seg.

Ho hev endaa dette eggjande lag, at ho liksom ikkje vil, og skal rive seg laus, men soleis at ho berre otar seg endaa betre inn i armane hans.

Kipin dreg han ei flaske or lumma: ?Du hev gløymt drykken."

?Nei, sjaa her er bærvin."

?Men dette er portvin, du! Det er myki glede nedpaa ei slik liti flaske."

Det kom som ei sky for soli; men ho skundar seg aa klarne uppatt, ho vil ikkje saare han. Men han les andlite hennar og svarar heller stillvdrin: ?Eg hev gøymt henne heilt f raa eg kom or fiskja — eg tenkte me tvo skulde hava oss ei stund."

Laagmælt legg han til, um eit bil: ?Den dag skal aldri meir kome, at du skal sjaa meg drukkin."

Ho skin imot han: ?Eg trur deg!"

Kor alt hev laga seg vel for dei; lukka hev fylgt dei paa sjø og land, have hev opna sine rikdomar, dei hev god helse, og buskapen deira er triveleg. Dei eig hus og gard med bu og bæring, deira heim lyser av velstand høgt i breide bygdi. Øystein gjeng gjæv kar millom folk og ber sitt hovud høgt; han vert nemnd ein fyrigangsmann.

Litle Alv gror under all hjartevarmen, og hans væne andlit gjev atterskin derav. Ein høyrer um dagane maale hans som ei fløyte fraa skog og mark; han er so snøgg til aa springe, at dei for gaman skuld kallar han hjasen.

Øystein og Petrina held daa gjestebod paa den høge aasen ved midsumartid, med' soli stend i middagsskare, og kviler etterpaa millom lyngblomane, og der er ikkje ei sky paa himilen.

Der er ikkje ord eller ank, hugnaden strøymer gjenom deira lynde som glitrande elvar og hev sin utfalls-és i deira hjarto.

Ho bryt stilla, blank i augo: ?Eg er so glad!"

Han dreg henne til seg: ?So tilfreds hev eg aldri kjent meg."

Um ei stund legg han stilt til: ?No er me komne paa høgdedrage av live vaart."

Ho varmt: ?Berre det daa heretter ikkje gjeng nedetter paa andre sida . . . Gud fylgje oss lenger fram!"

Øystein stilt bivrande: ?Han høyre det!"

II. DEIL

I

Me strider paa ein vaade-sjo mot myrker, storm og baare, vaar baat er bert ei liti spo i all den føle faare

med cevelengdi like ved,

oss myrkheims magt vil draga ned, frels oss, vaar herre Jesus!

Aa syndi, syndi, syndi vaar, dei sterke fiend flokkar! Me ligger under, gjer oss klaar, løys oss f raa alt som lokkar! Me balar millom brot og brand, rett ut di sterke frelsarhand, frels oss, vaar herre Jesus!

Som du i havsens ville foss den skræmde Peter varde, rett ut di hand, haldt uppe oss i freistingane harde!

Tak burt vaar tvil, gjev hugheil tru, bygg yvi alle dyptir bru,

frels oss, vaar herre Jesus!

For all vaar hjarteverk og vaa, for all vaar sjælevaadc

hjaa deg er hjelp, Jtjaa deg er raad og sælebot og naade.

So djupt karm ingin dragast ner, at ikkje du ein utveg ser,

frels oss, vaar herre Jesus!

Naar so vaar siste time slær, og angest oss vil røva . . .

naar minni som eit véldugt ver oss i si natt vil kjøva,

renn upp som morgonsol um stamn, di aasyn lyse oss i hamn,

frels oss, vaar herre Jesus!

Ein dag seinhaustes kjem Øystein heim fraa Romsdalen med ein bordfarm som skal vera til ny løda. Alv hev fengi vori med sin fyrste tur.

Daa dei naar uppmot tune, undrast dei paa at ikkje det gode auga vaktar paa dei og tek imot dei. Øystein er so vel vand og set slik pris paa dette, at han saktnar gongen sin — ho kunde kanskje sjaa dei lei.

Men daa han læt upp døri, høyrer han vaksin graat; Magna, mor hans, møter dei, og daa ho ser dei, græt ho endaa meir:

„ Øystein, Øystein, her stend ille til!"

Bringa hans logar upp som eit baal: ?Er ho sjuk!"

Gamla græt berre endaa verre.

Men Alv, som straks var sprungin inn i

kammerse, kjem tumlande utatt med uppspila augo, stiv og bleik i andlite: ?Ho mor! Ho mor!"

Daa ser Øystein gjenom dørope ho Petrina liggje lik innpaa sengi.

Han sig maallaus ned paa briki, ør og svimrin, evlar ikkje samle seg; det stend som ein spikar gjenom hjarta hans; han kjenner blodsmak uppi munnen. Gamla græt, smaaen stend der bleik som ein skimt, liksom han ikkje lenger høyrde huse til; han er so svimeslegin at han fær korkje kjensle eller tanke for seg, hikstar berre av-ogtil: ?Mor."

Daa segjer gamla: ?De skulde havt dykk ei matasaad, ståkarar, svoltne som de vel er."

Men daa kastar Alv seg ned yvi briki og græt, faren stryk han yvi hovude: ?Ja, no er det ille med oss, Alv."

Det kjem mat paa borde, men ingin ansar han; dei sit der utetter kvelden, til svevnen fær magt yvi Alv; han sovnar i sengi med klædi paa.

Magna ruslar der og skyt inn ender og eit ord um korleis det var tilbori:

Det hadde gjengi so braatt; ho hadde sigi ned og ikkje sansa seg meir . . . laag berre ein time og tala i ørska, so var det slutt.

Ho hadde legi kava og tala um Alv, liksom ho skulde berge han or ein stor faare. Men siste orde ho hadde paa lippa var namne hans Øystein.

Doktaren dei hadde henta hadde sagt det

A. Hovden: Fiskaren. 8

var hjarteslag. Det kom ikkje uventa, sagde han; det var ein gamall skade som laag i hennar ætt.

Baade foreldri hennar og fleire av ætti hadde dette valda bane.

Soleis paa lag hadde doktaren talt.

Armeting, sukkar Øystein, her hev vel ho gjengi tolsam, tagt og lidi i løynd, kanskje i mange aar. Det var so likt henne.

Kven kunde koma paa slikt? Ho hadde sett so godt ut, fyllig og raudleitt.

Kor blid ho no ligg der, med ein smil som saag ho inn i ei stor glede.

Dei renn han i hug ordi aat frelsaren: ?Ho er ikkje daud, men ho søv."

Men andlite er kaldt og bleikt i raama av dei sterke haarkrullar, augo djupt attlitne, med store frynsur av augnehaar paa lag som syrgjerendar. Det gjeng upp for han, at desse varme augo aldri meir skal opne seg, aldri meir sjaa paa han. Munnen, som alltid aatte slike milde ord — aldri skal han høyre den kjære røysti meir.

Aa, han som hadde lati henne høyre vondt for di ho var so tagall!

Han sit som i ei rennande elv av minne: Deira samliv renn han i hug heilt fraa fyrste ferd. Ho hadde lidi mykje for hans skuld, maatte bera hans skam aaleine, med' han, fri og frank som fisk i hav, smatt fraa det.

Hadde ho havt det godt hjaa han sidan?

Han hadde vori ein bjørn, braa og braakande;

i fyrste tidi ofte komi drukkin heim og visst skræmt henne. No kjem han paa alle dei milde ord han skulde sagt, og det varme tonefall som skulde vori i maale hans.

Han gjeng paa tærne og segjer hyss! aat seg sjølv, naar han minnest koss han fyrr hadde komi tankelaust trampande.

Allstad ser han spor etter hennar umtanke og flinad, i stort som i smaatt. Hennar siste arbeid ligg paa borde — eit halsplagg aat han, mest ferdigt, spytune stend endaa i.

Han hadde livt i ein solbakke under hennar kjærlege umsorg; det stod grorluft f raa henne.

Kor ho var innvovi i kvar hans taag og tanke; men no er ho rykkt burt.

No hadde hauststormen nækt og snøydt blomane av alle bakkar, blaanen var kvorvin av fjelli, no var det berre graagrjot att. Og so lagde det kvite liklakan seg yvi det alt saman.

Det er ei stormall natt, han ser ut mot den klaare himilen, der stjernune gneistar so store — dei herlege stjernebilæti: Vogni, Fiskekroken, Sjustjerna og andre, alle desse kameratane hans der uppe, fraa ferdine hans paa have. No hev dei mist sin glans.

Mori kjem i graalysingi stiltrande inn: ?Er du alt uppe?"

?Han er tidleg uppe som vakjer heile natti."

„ Korleis trur du det gjeng med baaten din, som ligg nedfor land i dette hushardvére?"

?Du segjer noko, mor ... eg gjeng i herota og ansar inginting."

Som han gjeng ned etter sjøvegen, møter snøkaven han, myrk som ein staalvegg; det var fulla eitkvart vinden skulde rive laust. Det yttarste myrker driv inn yvi heim og hug. Den einaste fugleljod kjem fraa kraaka, som skrik mot uver og krafsar i fjøro.

Den gule beinhausen skodar bleikt og dult fram av uvére; folk tykkjest høyre uling fraa Daudmannsskjere. Det er attergangarar som varslar feigd. Øystein tenkjer: ?Um eg no laag i taresengi — eg skulde ikkje hava so mykje imot det."

Daa han kjem ned aat sjøen, ligg storebaaten hans i spildrur innyvi strandi.

Folk finn Øystein berrhovda og ermeskjorta gaa der nedi fjøra i eit himlande hyljevér og plukke saman brot av baaten sin.

Dette er just ver for han no, men ufysna evlar ikkje døyve branden i bringa.

Han totte alt dette er eit bilæte paa hans lagnad no: Heile hans liv og lukke laag no soleis slengt i brot rundt ikring han.

Men der kjem han Alv krjupande; han stend uppmed nauste og hustrar. Daa sansar han Øystein seg og segjer, innarleg mjuk i maale: ?Nei, er du ute i dette ufysne vere, du, fuglen min!"

II.

Magna maa taka stjorne i huse etter Petrina; det er so vanskeleg um tenarar; Amerika-sotti herjar grendine um lag som ein ny svartedaude.

Den eine spræke guten fyri og hin etter vrakar mor si og fedralande, og riv sine hjarterøtir upp av heimejordi for aa røte seg i framand grunn.

Yngste bror hans Øystein, han Ola, er daain, tvo reiste til Amerika og ein til Sudafrika; 'so gamla er att aaleine.

Og alderdomen melder seg paa mange vis; helst er ho ofte ille plaga av gigt. Men sønine gløymer ikkje mor si, dei skriv til henne, og det raakar ikkje sjeldan at ho finn pengesetlar og i brevi. Daa gløymer ho den stive ryggen sin lengi.

Den gleda dei gamle hev av borni sine, er den beste medisin mot alle sykjur.

Hennar tankar, som fyrr berre hadde krinsa kring litle heimeflekken, sviv no vidt yvi verdi, der borni er.

Øystein er og god og gild med mor si; og Alv er hennar hjartans fagnad.

Det batar ikkje tale hardt til han; daa er han som blind og dauv og korkje håar eller høyrer. Men straks han berre fær blidlæte, byks han av stad kipin som eit kid; og betre ærendsvein karm ho ikkje faa.

Det er heller ikkje naudi med at ho er streng mot han, den vanligaste tiltale er w gildegut". Det var han som hadde gjort henne til bestemor. Og det er vanleg aa sjaa, at dei som hev vori strenge med sine eigne born reint forkjælar borneborni. Og gamla er nok ikkje noko undantak i det stykke.

Fagert barn fær mange blide augo: Alle yndar han og hev medynk av di han er morlaus.

Han saknar mori såart i fystningi; men sant aa segja so gjev det seg vonom snøggare.

Barnesorg er snart sløkkt. Det unge blod er fullt av gror-eim og vaarglans og uner helst i augneblinken.

Men daa besta høyrer han syngje, segjer ho: ?Visste fuglen kor fatig han er, so song han ikkje so fagert."

Utpaa vaaren i haaballen lyt Alv gjæte fisken nedmed fjorden. Det er um lag 600 tosk han maa bere utyvi fjørusteinane og passa for regn, skdtflod, fuglar og dyr. Det er vetterfisken aat far hans.

Han er dernede i sol og stille. Det er skoglidir rundt fjorden, og snøfjell med stolte tinde-

radir paa den andre sida. Bjørkelidine tirande ljosgrøne og bjarte under soli.

Æveleg sus av bekkjer, elvar og fossar. Fugleliv og ljod, som det vøre tonande felestrengir utspende millom bjørkine heile lidine uppetter. Det var som heile skogen spela og song, som kvart sprikjande bjørkeblad var ei fugletunge.

Han karm aldri verte trøytt av aa sjaa paa smaafuglane i tréi, som kved og smett millom gremme, flyt seg alt i eitt og karm ikkje sitja stille. Det silrar ein ustanseleg bekk av linne tonar, helst kveld og morgon; det er berre eit lite upphald midt paa dagen.

Nedmed nausti renn ei elv, og han karm staa lange stundine og berre sjaa paa fossekallen, som sit paa steinane uti clvi og fiskar, og som braatt karm dukke under, so vatne berre skumar um han.

Den vetle fuglen ved fraa stein til stein ut i vatne, sym og hjelper til med vengine, dukkar so snerti under og er burte lengi.

I klaarver syng han so det er ei lyst aa høyre.

Alv lagar seg krædetrode og finn seg makk og freistar fiske umkapp med den vetle fiskaren, og mang ei kræde dreg han i land. Um kveldane ber han stundom heile hanki til gards.

Naar han ser fossekallen dukke seg so godt, kjenner han fyrst rett kor varmt det er i vere;

han kastar sin lette klædnad av, og uti salte sjøen ber det. Han hev ei aar aa fljote paa, men han torer seg ikkje retteleg utpaa, daa han er so undarleg rædd sjøbotnen, det er so mangt rart aa sjaa som kryp um og liver dernede.

Etterpaa steikjer han seg nakin i soli.

Fjorden ligg i djuplynd dorm og draum, med berg og bygdir djupt nedi sin famn.

Undarleg livande, skiftande, kviskrande og trollsk dette æveleg strøymande vatne! Det er som det bublar kjenslur og hugskot upp der nedan or.

Himilen der nede laag som ein breid blaaklokkevang, solskyir som ljuvlege roselundar.

Han kjem i tankar paa himmerike og mor si, han fær slik magt til aa draga seg henne til minnes, korleis ho saag ut.

Men der tek lomane til aa godskrika med mykin larm burti fjorden, dei hev visst fengi metten sin no, dei karane.

Det flyg maase langsmed land og rengjer ideleg paa hals og hovud og ser etter fengd; og tenna, den fine granne fuglen, slengjer med vengen og sturtedukkar alt i eitt.

Ein graa hegre stend diger, lang og svang, lenger uti fjøro, so kurande still, so ein mest kunde tru det var ein krokut gardstaur som hev staka seg fast millom steinane.

Han hev godt bidlund, den karen; karm staa soleis heile timane. Men der køyrer han braatt

den lange halsen, rapp som eit ljon, langt ned i sjøen, og kjem uppatt med ein fisk.

?Din tju!" skrik Alv, og det skal ikkje meir til aa skræme den rædde ståkaren, som ikkje sjølv veit kor stor han er. Han dreg det vetle hovude og den lange stylken av ein hals til seg og lyfter seg paa ørnevengir.

Rett som det er, hoppar det ein sjøaure i vatstrømen; og sjøfuglane karm braatt flokke seg paa ymse stadir, der det er sildevonir, med skrik og tevling um maten.

Daa hugsar Alv og paa nisteskreppa si.

Men der tek Basse til aa gøy so fælt — jau, der er reven, styggefanten, han fer dragande av med ein hjase.

Alv og Basse set etter: ?Styggebeist!"

Men reven byks av stad med hjasen i kjeften og den digre rumpa daskande etter, alt med' han rengjer augo attende. Og han bergar baade seg og si fengd.

Det vert skrik og yvistodu uppi skogen, det er ei skreid med trast, som jagtar etter ei kraaka, men daa Basse blandar seg i striden, flyr dei alle.

Der nede med sjøen er Alv heile dagen, langt fraa folk, men tykkjer slett ikkje det er einsamt lei. Han deiler trutt maten med Basse og talar til han som til ein ven. Han trur at Basse forstend det. Vistnok svarar ikkje Basse noko, men han gnell og dillar ustanseleg paa rumpa, lettar øyro i vere, og slikkar Alv i andlite.

Basse meiner det vel, ståkaren, men han hev ikkje sjæl, hev bestemor sagt; han er berre ein hund, og høgste hugmaale hans er aa springe og gøy paa kraakur.

Alv kortar ofte tidi med aa kaste steinskivur burtetter sjøen og telja etter kor mange hopp dei karm gjere fyrr dei søkk. Og so lærer han Basse upp til aa symja og hente att kjeppar som vert kasta paa sjøen.

Langt uppunder himil-blaanen ror ein ramn med langvegjes læte; Alv prøver kor lengi augo evlar fylgje. Daa ramnen er burte, tottest han sjaa svarte prikkar allstad.

Alt, alt, uppe og nede og rundt um, vekkjer spursmaal, tankar og hugskot. Stundom kjenner han seg so hugsprengd og full av lengt, at taarur brenn i augnekvarmane. Han fær slik lyst til aa spyrja, høyre, vita um alle ting.

Daa karm han faa det so braatt med aa sakne mor si.

Langt inni fjorden sym eit segl og speglar seg av; det er som vod det ei naki kjempe gjenom sjøen. Det hev vori der inne lengi. Men so tek utrøna til aa guste. Straks er det annan farge, fart og liv yvi alt: Draumeheimen nedi fjorden er lukt, skyme tek til aa drive, og baaten bautar seg fagert utetter fjorden, med skum um bog, og er ikkje lengi um aa pile yvi fjorden fram og attende, liksom skutilen, og Alv tenkjer, at fjorden er veven kjempa legg att etter seg.

Alv kliv høgt paa ein stein; han synest at siglande baat er det gjævaste ein karm sjaa.

Baaten sigler so nær under land, at han karm grant sjaa folke; han svingar med huva, dei helsar attende, og hjarta hans vert stort:

Den som berre var vaksin og aatte seg baat og lag, fagert eg skulde fara ut etter fjorden i dag!

Staa under breide seglt, styre beinaste veg

glad mot det opne have, alle lydde dei meg!

III.

Den lange noti

og den lange leid, den lange notti daa somnar eg.

(Folkevise).

Bestemor og Alv er jamnast i lag. Det er eit rart par: Ho veik og bleik, rukkut og skrukkut, med dimsynte augo. Han sprettin og smettin, med andlit som ei tiriltunge.

Naar dei er paa kyrkjeveg er det eit bisn aa sjaa: Ho hokrar og krøkjer og dreg seg fram som ein snigil, han er lett og lentug som ein fossekall, og karm mest ikkje taka eit stig utan aa gjera eit hopp eller sidesleng.

Ho godskjenner so smaatt, og han berre lær; men ser henne vel i augo, um det er rettelegt aalvor. For han er so glad i henne; ho steller han so vårt og klappar han so mjukt, likevel den gamle handi er hard. Og han ser augo hennar gløse etter seg med slik varm blink. Hender det at han ser ho hev taarur, hektar han hendane

sine um halsen og gnid kinni si inn til henne. Daa veit han ho vert glad.

Han byggjer hus og baatar og lagar seg andre leikur, og komanderar og yvistodar, og ho er ein lydug tenar.

Og so maa ho forklara han det han ikkje skynar av det han les, han grev og fregar um alle ting, og ho maa staa paa pinne og svara.

Det er serleg eitt han slett ikkje karm faa i sitt hovud: Korleis mor hans baade karm vera i gravi og i himilen. Naar han um kveldane les bøneverse, som mori hadde lært han, er det som ein skimt av andlite aat mori lyser yvi lego hans.

Preik bryr han seg ikkje um aa høyre; naar bestemor vil truga han til det, so held han akedas med katt og hund eller finn paa andre prettur.

Helst vil han høyre um langfarande skip, og um farbrørane sine paa den andre sida av jordi. Han likar og at ho syng gamle lundar. Um han ikkje skynar alt, so lagar det seg til lysande æventyr lei. Sers fagnad er det aa høyre um mannen som gjekk seg i vedaskog og raaka den store kraaka.

Dei hev ei eldre tenestgjente, heiter Brit; og so ei som kjem der takom-til, naar gamla er sjuk; ho heiter Bjørg.

Brit er gudeleg, syng aandelege visur, og sukkar jamt og samt; er elles eit godt arbeidsmenneskje, trurøki og greid; men lite aa sjaa til.

Bjørg ser ut som folk flest, men er ung,

sterk og glad, med livlege augo og ein frisk, tannkvit munn, som det alltid er lyst og laatt i — ho eig heile ungdomens daam yvi seg.

Gamlemor talar framunder til Øystein: ?Vaarherre stengjer ikkje alle dørir; læser han ei, so opnar han ei onnor. Du treng eit menneskje. Velsignatinge som ligg i gravi, ho kann ikkje syrgjast uppatt likevel. Enn um du kunde tenkje paa aa faa Brit; ho hev rette handelage med arbeid, og so er ho snild med Alv."

Men Øystein gjeng hugbrotin; hans tankar held endaa stemnemøte hjaa den avlidne i gravi. Djupe såar er seine aa grøde; han kjenner seg som ein utbrend aare, der det berre er oske att.

Nei, Brit var ikkje tenkjande paa, ho var han ein ufjelgde soleis; men han kann ikkje dylje for seg sjølv at augo hans gjerne vil hange ved Bjørg.

Alt liv og leven som fylgde henne, det friska upp; det var som aa bu ved ein foss. Han er ein mann i sin beste bragje og van med aa liva naturleg. Hjarta er kaldt, men sansane vakne og gjer sine krav.

Gamlemor ser fulla kvart augo hans helst tek leidi; ho tykkjer ikkje um det, og ein dag dei er aaleine inne, mullar ho yvi rokken:

»Naar du daa ser dei jordar meg lik, med fruir og møy,

gakk so burt og skode deg viv.

Den lange nott og den lange leid, den lange notti daa somnar eg.

Du sjaa ikkje etter hennar gule håar, med fruir og møy,

men meire paa hennar gode raad. Den lange nott og den lange leid, den lange notti daa somnar eg.

Du sjaa ikkje etter hennar rosekinn, med fruir og møy,

men meire etter hennar gode sinn. Den lange nott og den lange leid, den lange notti daa somnar eg. tt

Øystein skynar so vel halvkvædi vise, kva mori sigtar til, men ingin av dei- gjet noko.

Han kjem til aa sjaa meir paa mori, der ho sit trøder rokken, liksom ho verkte i kroppen.

Kor ho krøkjest og hamast i det siste, mognast for gravhaugen. Skal ho snart reise ?den lange leid" og somne inn i ?den lange nott", som ho syng um?

?Mor, du skal ikkje sitja soleis og naukra deg utetter kveldane; du er ringare enn du sjølv trur."

?Eg veit at du ikkje vil eg skal fortaka meg. Gud velsigne deg, for di du alltid hev slik umtanke

for di mor! Men du ser sjølv korleis her er: Ho Brit hev nok aa gjera i fjose — og Bjørg er det lite upplag i."

Det vert ei togn; han svarar ikkje.

Kort tid etter legst gamla ned for 0110. Øystein er sjølv av etter doktaren, kjøper finemat og vin, og vakjer uppyvi henne nott etter nott.

Det hadde liksom aldri rett for aalvor svivi han, at mori kunde missast. Ho høyrde med til livd for hans heimstad likso visst som aasen, som varde mot havvinden. Det vilde verte kaldt i verdi, naar ikkje lenger morshjarta slo. Han kom no snart til aa bu liksom under opin himmel.

Hélsotti tek henne hardt, so ho stundom ligg i hovudveltla og talar yvi seg. Det er alltid um borni sine og um Alv.

Det raakar so heppeleg til, at ho i denne tid fær brev og gode tidendir fraa tvo av sønine. Det er gripande aa høyre korleis ho talar med dei liksom dei var til staes, og velsignar alle saman.

Branden i blode gjer henne so raud, at ho ligg der reint uppatt-yngd og væn aa sjaa til.

Bjørg og er der ved hand og hjelper til baade nott og dag, stundom halvklædd og svevnug, med haare nede.

Øystein er veik og motstandslaus av sorg og nattevakstr — og so undarleg blanda er menneskje-naturen, at han, utan rett aa vite koss til er gjengi, med taarur i augo for mori . . . sit med

Bjørg paa fange og trykkjer skjelvande all hennar ungdom inn aat seg.

Han vert arg og hædar seg sjølv: ?Sorgi di er som du heng upp ei vaat fille: Det sig or henne litt um senn."

Men han er vortin varm av henne og kann ikkje lenger faa henne ut av blode likevel, serleg daa ho og legg seg etter han.

Ho Brit, arme attergløyma, gjer seg og vonir; men tek det paa heilt annan maate: Held kveldsog morgonbønir, og løyner ikkje for forsyne kva det gjeld.

Ho totte, som sant var, at ho lengi nok hev trava og tent og vori huta av framande. Aa faa noko som ho kunde kalle sitt eige — det vilde vera det gildaste i verdi.

Men naar ho skal gjera seg til for karfolk, tek ho det so reint keiveleg; ho veit so lite korleis dei vil hava det. Stundom flirer ho so andlite mest er avskapt, til andre tidir sukkar ho liksom ho vilde hjelpe vinden til aa blaase.

Øystein maa draga paa smilebande, likevel han tykkjer synd i arme-tinge.

Det lid med gamlemor; men ho vil ikkje hava annan prest enn lisle Alv. Honom hev ho sjølv lært lese, og han sit mest kvar dag ei stund ved sengi og les i Nytestamente, det ho bed um.

Det er serleg eitt stykke ho krev uppatt og uppatt, og som han litin les greidt og radt:

?Og han stod upp og gjekk til sin far. Men

A. Hovden: Fiskaren. q

medan han endaa var langt burte, saag hans far honom og ynkadest inderleg og sprang og fall um halsen paa honom og kysste honom. Men sonen sagde til honom: Far, eg hev synda mot himilen og for deg; eg er ikkje verdug lenger til aa kallest sonen din. Men faren sagde til sine tenarar: Faa fram den beste klædnaden og hav paa honom, og gjev honom ring paa handi og sko paa føtine, og hente gjødkalven og slagte honom, og lat oss eta og vera glade!"

Det var dg eit anna ord ho jamt maatte høyre:

„ Deretter saag eg, og sjaa: Ein stor skare, som ingin kunde telje, av alle folk og ættir og landslydar og tungemaal, som stod framfyr stolen og lambe, klædde i lange kvite klæde og med palmegreinir i sine hendar."

Naar Alv les dette med si barnerøyst, og er varm i maale av sorg yvi bestemor som skal døy fraa dei, tykkjer ho det er ein engel fraa himilen som er hjaa henne, og ho fær slik fred.

Det siste ho greider med er, at Alv skal arve bankboki hennar, der ho hev sett inn gaavune ho hadde fengi fraa sønine. Ho meinte det skulde fylgje ei sers signing med desse pengane.

VI.

Og skal ein, fyrr ein bind seg prøva um hjarta karm til hjarta høva ein draum er kort, ein harm er lang.

(Schiller).

Øystein og Bjørg er gifte. Ho kom til husar berre med ein litin klædepanke, det var alt. Men han maatte ut med mange pengar i skifte, fyrr han hadde fenge gift seg. Men slikt tregar han ikkje paa ; han er ikkje smaaskorin.

Bjørg tok i eign alt som paa garden var, bu og bæring, lut og lunnar, bitande og slitande. Der var fullt upp haade i bud og fjos, i uthus og innhus.

Men ho tek seg fyri aa stelle um alt i huse etter sitt eigi hovud. Folk skal bisne paa kor ho hev kome seg upp, og kor grumt ho hev det. No hev ho ein vetter tent i prestegarden, og med mynster derifraa tek ho no ljosaste og største rome til bestestogo, som skal staa paa stas og berre brukast, naar der kjem framandfolk.

Ho bryr seg so mykje um kva folk segjer. Det var med tanken paa dei ho innreidde huse.

Mindst kjem ho i hug sine eigne; dei fær mykje taka det som fyri fell.

No ho er gift, tarv ho heller ikkje lenger leggje paa seg; ho fyller ikkje huse berre med gaman og skrellelaat lenger, men og med staak og braak av eit verre slag. Og den undergjevne mina ser ein ikkje meir til. Ho blandar seg med larm inn i alt, og vel so det, og tek orde fraa Øystein, fyrr han hev fenge tala ut.

Han kjem heim fraa have; men der er ingin som kjem han venleg i møte og tek imot, so som han er van; ingin som hjelper og bed han vera velkomin heim, og spør koss han hev livt.

Han kjem inn i kjøkene; ho sit og fær seg kaffi og hev myki uppdekking framfyri seg, paa lag som aat framandfolk.

Ho reiser seg berre og stend med hendane i kross, med' han tek av seg vødnaden.

?Heng det paa sin plass," bed han.

Ho berre ropar paa gjenta, som er paa lofte. Han knurrar litevetta og gjer det so sjølv. Daa vert ho furti og skyt mule.

?Eg er svoltin," bit han i, heller hardt.

Daa fyrst kjem ho paa, at han skal hava mat. Ein godbit er aldri meir aa sjaa; han veit ikkje lenger, kvar all godmaten deira vert av.

Ei natt kjem han i uver roande ein lang ror. Dei veit at han er ventande; men alle hev lagt seg, og der er ingin mat sett paa borde.

Gjenta stend upp, men kan ikkje finne noko.

Bjørg ropar til gjenta: ?Kven er det som er paa kjøkene?"

?Han Øystein/' vert det svara.

?Aa, er det berre han Øystein," segjer Bjørg attende; men stend ikkje upp og kjem ned.

Daa gjeng han tunglynd til sengs utan mat, og ligg vakin lengi og minnest, korleis det hadde vori fyrr.

Aldri vert det gjort ære paa han; det er mest som han ikkje høyrde huse til. Han vert stundom tykkjelaus og kjem i tankar paa kor mang ein frosin neve han hev havt for aa faa heimen sin raust og koseleg.

Det er heller ikkje bordskikk i huse; ho er sjeldan aa sjaa ved maaltidine; og kjem ho, plar ho vera lite fjelga og flidd.

Men so kunde ho og, naar godmøle var yvi henne, læ og setja liv i han, og vera so forvillande ung og frisk, at han vart yr og heit og gledde seg i henne.

Lengi hev han og berre ein skynsam smil, um ho so snur rangsida ut; han tenkjer: ?For ung er eit lyte, som veks av med aari."

Innst inne trur han, at alle kvinnur er gode og varmhjarta; for han hev berre kjent mor si og Petrina.

Men daa han berre er van med onnuge kvende-h endar, karm han erge seg, naar han ser henne heile stundine staa med sauestiren og armane i kross. Ein gong ho stend soleis, segjer

han berre paa moro: ?Hev du sett ei ku som stend og urtar?"

Ho vert ovleg støytt og brukar seg; men han lær mykje.

Han hev det so med at han vil hava god grein paa allting. Han vert reint i ulag, naar han ser greinaløyse.

Men det fær liggje i ulag kva som vilde for henne, han maa sjølv gaa og stelle og taka upp etter henne. Ho hev for vis aa lesse alt ho kunde paa andre. Segjer han noko til henne, so gjev ho gjenta skuldi. Gjenta fer som eit trældyr heile dagane og fær bod og atterbod i det endelause; og gjente vil ikkje lenger stogga hjaa dei.

Det tek til aa maura i han, at mori hadde havt rett, daa ho meinte at Bjørg aatte lite upplagg i seg til husstell.

Det plar jamt vera yvistodu, naar eit klædeplagg skal hentast; for det er sjeldan paa rette plassen. Øystein skal soleis ein sundag hava helgahatten sin. Bjørg ropar paa gjenta; men ho kjem att utan hatt. So maa ho sjølv av, men finn ingenting. Heile huse lyt upp i budi og leita etter hatten. Paa seinsten dreg dei han fram av mjølbyrda.

Korleis hatten var komin der?

Det visste ingin, sjølvsagt; den eine berre skulda paa den andre. Soleis er det jamt.

Naar ho skal av garden, maa ho og tidast

snu eit par vendur etter eitkvart ho hev gløymt. Umtanke og framtanke ligg ikkje for henne; ho gjeng berre etter innskot i augneblinken.

Han trøyster seg alltid med at det berre kjem av ungdom, og at det vil bestna med meir røynsle.

Men det som fyrst gjev honom vonbrot, er den maaten ho hundsar sine eigne foreldre paa. Aa blaas! er vissaste svare paa alle deira raad. Ingin karm raade hende, ho veit alt betre enn alle andre. Ho vyrder dei inkjevetta.

No ser han samanhengen: Dei hev lati henne vekse seg yvi hovude, lati henne faa sagt og gjort alt ho sjølv vilde. Ho hadde komandera sine eigne foreldre, hadde aldri lært aa døyve sin illtaatt, aldri lært tegja, men berre svara, braake og blande seg i alt.

Han segjer henne det, so roleg som raad er:

?Du maa ikkje tala so til dei; dei gjeng so tykne og tunge herifraa. Um dei er gamle og fatige, so hev dei daa teki so mangt eit tak — dei er daa dine foreldre."

?Aa blaas!" svarar ho hynti.

w Du læt vera aa segja blaas til meg! Her i huse tolest det ikkje."

Ho berre kinkar paa hovude og er risthøg.

So kjem der smaakrav fraa handlarar, krav, som han ikkje kjennest ved. Ho hev borga og teki ut, honom uspurt. Daa han vil hava greida, svarar ho paa tvert eller hittar paa naudlygnir. Ho meinte elles, at det som trengdest til huse

turvte ikkje mannfolki blande seg i. Det stend ein høgrøysta ordflaum av munnen paa henne, og han gjev gaum etter hennar grove maal.

Til hans innkast svarar ho med sitt n blaas" .

Men daa brasar han upp for fyrste gong og brukar skjellsord: ?Kven karm gapa mot ei laavedør? Der ingi skam er inne, kjem ingi ære ut! Men det maa ikkje hende oftare; elles veit eg kva eg skal gjera."

Ho vert so truti og grov i andlite, at ho reint vert ljot, og han gjeng tykkjelaus paa dør. Det legg seg tyngsle paa han, som tærer hans fram tøke. Han lyt meir og meir draga seg til minnes, koss det hadde vori den tid Petrina livde: Aa, han hadde gjengi i ei sumarluft av hugnad! Daa hadde han vori so glad, at planar og paahit hadde dansa i hjernen som my i solskin.

Men no kjøver surskodda yvi hans tiltak; for ho eig ei merkjeleg evne til aa setja han i ulag, mistyda og svara paa tvert. Og so stend ho paa sitt, jamvel um ho maa vita ho hev urett.

V.

Det var ei nall ved det hustrande hav, der stod tri sinaaborn ved moders grav. Det eine gret taarur, dei andre gret blod, dei bed si moder av svartan jord.

(Folkevise).

Det som serleg var Bjørg til meinsemd og gjorde henne rang og tverfør, var lisle Alv.

Øystein er so glad i guten, smaaen eig liksom fyrste retten baade til faren og huse, og gjeng der som ein fagertot og vert kjælt for, skal alltid faa det beste, og trengjer seg imillom stedt og stendig. Er so veslevaksin, ber seg som ein litin herre, og skaar seg som han vil.

Det grev henne, at han aldri fær tugt, og at han ikkje vil lyde henne, utan ho bed vænt. Skjotar ho han hardt, stikk han berre hendane i buksa og læst ikkje ansa det.

Ho er i vande stilt og lite livsrøynd, men ho stæmer ikkje imot sine vonde hugdrag, og ho hev ikkje lært leggja band paa seg.

Fyrst er ho aabryug, men det aukar til motvilje, paa seinsten til hat.

Naar der kjem framande, skjemmest ho og yvi den lange, ulenkjelege hekjelen som kallar henne mor, og sjølvbedin set seg næmast ved matfate, og er upphav til at samtalen jamt snur inn paa hans rette mor.

Der er søt-talande kjeringar, som ankar henne og læt um at det ikkje maa vera so greidt aa koma upp i slik ein vande. Og so „ denne enkjemannen" det alltid skal klunkast fraa.

Bjørg er eintenkt, og gaar ikkje vondskapen og ovundi som ligg under.

Men no kilar ho seg inn millom han litin og far hans, at dei aldri skal faa vera i lag.

Kjem Øystein inn, vert Alv send ut i ei eller onnor ærend. Men ho er ikkje nøgd med aa skilja dei, ho maa endeleg faa faren til aa sjaa, at Alv er eit daarlegt barn.

Ho fløder alltid yvi av klagemaal. Ein gong Alv svarar henne med hennar eigi ordtøke: ?Aa blaas!" kjem ho sturtande som ein sjø: ?Den s tyg£ e > s tygg e ungen! skal han ikkje no hava ris, so gjeng han reint att!"

Øystein er harm og leid og risar veslen for fyrste gong. Men daa han ser den magre kroppen og høyrer kor såart barne hikstar og græt, vert han sjølv so upprivin at han mest fær vondt: ?Dette orkar eg ikkje gjera meir."

?Skal daa ungen veksa upp som eit anna dyr! Hav deg paa dør, og staa ikkje der og belja!"

Øystein heller stillferdeg: Eg kjenner han:

Med raad og lempe karm ein vikje han som ein vil."

Ho, hynti: ?Skal ein daa krysse den skitungen!"

Daa segjer Øystein kaldt: ?Er det ikkje sant som sagt er: Stykkborn kjem aldri so vel i barmen, at feterne ei hanga ute. Men det vil eg berre segja deg so mykje du veit det: Hev ståkaren fengi stykkmor — du fær aldri gjort meg til stykk/ar/"

Men ho er kjella si, som ikkje snur andre kinni til. Ho tek til med mykje skraal aa spyrja kva ho hadde gjort den skitne gutaposen. Skulde kanskje ho lide for det ungen gjorde gale. Skulde baade den store og den litle faa knyte nevane mot henne?

Var det det han vilde hava henne til — aa skjelle og smelle paa aa lata all olmskapen sin gaa ut yvi. Ho berre spurde ho!

Men han tok storleg i miss, um han trudde ho vilde tola det!

Ho tirrar han upp, til han vert mest fraa seg og ropar: ?Reis dunderen i vald, di rappen - skravle, di braakekraake, di stive grove grisebust!"

Skryl og graat. Ho rippar uppatt heile leksa, kva ho hadde sagt, og kva han hadde sagt; kor fæl han var, og kor skuldlaus ho var. Ho eig ei sedeg evne til aa sveipe seg sjølv i martyrglans.

Uvére hev snart rasa fraa seg hjaa han, og

han er like blid, men ho driv der som ei toresky lengi.

Snart læt han det skure som det vil; og den graa tykkjeløysa fyller huse som sur røyk. Alv er lite herd til slikt; han gjeng der skræmd, og trur det er hans skuld, og veit ikkje kvar han skal gjera av seg.

Det verste er, at han svelt. Han fær aldri matbiten imillom maali, og so hev ho truga han til aa segja: ?nei, takk, eg er mett!" so framt far hans ved maaltidine skulde spyrja, um han skal hava meir.

Veslen maa gaa svoltin fraa borde, med ei lygn paa samvite, og faa skjenn av faren attpaa, for di ?han sat plukka som ei høne og ikkje aat." Smetter faren til han eitkvart lite, naar han kjem av reisir, sit smaaen der langhalsa og mager og snur hovude som ein skjerr fugl med rædde augo burtpaa mori, um han torer taka imot.

Men han Øystein forstend inginting. Han karm ikkje koma paa slikt, at nokon som mylskar i matnøgd trøyster svelta eit barn.

Ein gong han og Alv sit ved borde, kjem ho inn, i di han skjer fyri av eit kjøtlaar.

?Kor du skjer!" ropar ho arg, og triv stykke, som han er i ferd med aa fli Alv, ut av handi hans: ?Det er mori som skal gjeva borni mat!"

Øystein vert reint handfallin, han er ikkje just i det møle at han brusar upp heller. Han ser berre paa henne, som han fær ein tanke:

?Du unner da vel barne maten?"

?Du skuldar meg vel for slikt og no!" stikk ho inn, heller skamraud. Alv slær i aa graate. Men Øystein kan endaa ikkje skyna.

Kvi Alv ikkje trur seg til far sin?

Ho vakta paa at dei aldri fær vera aaleine saman; og elles hev ho skræmt han med, at so framt han berre knyste i seg, skulde ho klaga han for mykje og mangt, og daa skulde han verta mykje verre dengd enn sist.

Men so kjem ho Brit paa garden att, ho halvgamle gjenta som hadde tent der fyrr. Der er ingi onnor aa faa.

Ho hev eit horn i sida til Bjørg, for di ho hadde vorti skubba ut av sine siste kjeringe-vonir. Ho hev augo og øyro med seg, og skynar straks tilstodo.

Ho er samvitsfull og framtalande, og segjer straks til matmor si: „ Korleis hev du fari aat med stakkars barne? Han ser ut som ei skrift paa snøen og karm gjerne sendast aat garvaren kva dag det skal vera; han er berre skinne."

Bjørg vert baade skjemd og arg; men ho er rædd tenarane for folks skuld, og svarar berre:

?Det er ein vanskeleg unge, og so er han so matvand."

?Han hev berre godt aa likjast; mor hans er vel umtala av alle."

?Eg, som laut taka rote etter henne, veit betre enn andre kven ho var."

?Aa, ho kom visst ikkje snauklipt til husar heller, det eg veit — eg finn hennar namn paa mest kvar klædetraaden i huse."

Men no kokar gryta yver for Bjørg: ?Kva kjem det deg ved, di vindnase! Veit du ikkje kven eg er? lt

?Jau, det veit eg vel, eg kjenner foreldri dine, husmanns-folke paa Bø! Men det var barne me tala um, og no vil eg berre segja deg kva eg ser: Du svelter guten!"

Bjørg er so fortumla og gripi paa fersk gjerning, at ho fær ikkje mylna i gang. Brit driv paa, fyrst ho er komi paa ræs: ?Hev du høyrt visa um den vonde stykkmori? Rette mori gjekk heimatt og stod ei natt framfyri sengi hennar:

Leivd' eg kje etter meg sul og mat,

mine stnaaborn lid baade hunger og hat!

Leivd' eg kje etter meg bolstri blaa, mine smaaborn søve paa berre stråa /«

Bjørg fær att mæle: ?Um eg toler sneiord av mine eigne, so toler eg det ikkje av mine tenarar. Du skal ikkje verte verande ein dag lenger i. huse."

?Nei, eg skal gjerne gaa min veg; men eg hev fyrst eit ord aa tala med husbond."

Og Brit gjeng beint til Øystein med det, og han kjem sanselaus som ein storm yvi Bjørg:

?Det er mykje vondt i verdi, ei vond kjering er det verste! Her kom du som ein stakkar — no skal du faa høyre det med! — inn i eit raust

hus og fekk raadevald yvi alt det som ho, velsignatinge, lét etter seg, og yvi alt det eg med livs vaagnad grev til husar . . . og so . . . ja, so svelter du mergen av mitt barn — mitt einaste barn!

Der er ikkje ord for slikt!

Nei, nei, no ikkje eit mukk! . . . gjer

ikkje mule no, dit æsel ... eg kunde verte for hardt freista til aa forgripe meg!"

Han er so sterk og stygg i augo, at ho vert rædd og tek til aa skryle og graate, men evlar ikkje halde munnen lei: ?Ho Brit lyg paa meg, trolle."

Han vert f raa seg og lyfter neven: ?Tri ting tek aldrig tugt: høns og svin og galne kvinnfolk, men no skal du . . ."

Han slær til henne, so ho dett nedyvi benken og vér for seg. Det er visst fyrste gong ho hev fengi tugt.

Ho vert mjuk og bed for seg og lovar bot og betring. Alv græt og bed for henne, og snart er sinneridi runni av Øistein; men skam og tyngsle tærer som ein helvit-eld i bringa.

?Stakars Bjørg," tenkjer han,. ?ho hev kanskje mykje godt i seg lei, berre foreldri hadde tugta henne i tidom og ikkje lati henne fljota av paa sine eigne vonde hugdrag. Denne ageløysa heimanfraa driv no tri liv mot ein laak lagnad.

Nokre dagar etter er det joleftan. Alv vil gjerne sjaa inn i ein pakke, som er komin. Ho

gløymer seg og segjer, heller hardt: ?Skal du no endeleg glo paa det no!"

Øystein vert straks vond, meir skal ikkje til; nervane hans hev vorti som skjelvande strengir.

?Ver ikkje nyfikin, du Jar: lat ho faa glo aaleine; du veit at nordanvinden er like kald, det same kvar han kjem ifraa."

Ho hadde slett ikkje meint noko vondt med det, det hadde berre vori tankeløysa. Ho svarar ikkje, men strævar med aa tegja og sjaa blid ut.

Alv og ho ser snart ut til aa vera fine venir; men det hjelper ikkje lei, Øystein er komin i baklaas, og huglage er gjeve for den dagen.

Ho kveikjer joletrée, ho gjeng rundt det med Alv, ho trakterar dei baae paa beste maate; men Øystein sit stur; han tenkjer paa noko som skein fagrare enn alle himilens stjernur: Augo aat Petrina.

Evangelieboki kjem ikkje fram, englesongen um fred aa fagnad lyder ikkje gjenom hus og hjarta.

No tykkjer han at eit hus utan Guds ord og bøn er som forbanna og lite vaagandes aa liva i. Alv er sovna. Dei tvo sit att tagalle. Dermed sløkkjer han ljosi: ?Kvi skal me sitja og keide oss isaman — lat oss heller gaa kvar til seg."

Aa, kor alting er audt og daudt, tungt og graatt! Ho feller still ei taare; men no er det for seint, han er blind for slikt. Der er komin ein ismur imillom dei av harde ord.

I soverome finn ho Alv sovande med taarur paa kinn, ho vert for fyrste gong grepi av medynk, og stryk vårt yvi andlite hans. Dermed bed ho til Gud um kraft til heretter aa verte mor for han — og græt seg i svevn, ho med.

Men utpaa natti vaknar ho forskræmd av bulder og brak i dørine.

Det er Øystein som kjem heimatt, full og galin, og syng i ørska:

Gjenta mi, hei, eg vil sova hjaa deg i brot og i brand!

Her er slikt sjørok, eg ser ikkje veg, eg finn ikkje leid og land!

Gjenta mi, hei, hev di* fengi eit barn i brot og i brand?

Rømde han, gulen, var han eit skarn? Eg finn ikkje leid og land!

Gjenta mi, hei, du mi ungdoms brud i brot og i brand,

eg er so syndig, du er hjaa Gud, eg finn ikkje leid og land !

Gjenta mi, hei, du mi sol og skjold i brot og i brand,

søv du no djupt i den svarte mold? Eg finn ikkje leid og land!

Gjenta mi, hei, eg vil sova hjaa deg i brot og i brand,

so djupt at eg aldri meir vaknar, eg. Eg finn ikkje leid og land!

A. Hovden: Fiskaren.

IO

VI.

Vinn ikkje gaa

skure mitt andlit mot kvardagen graa,

vingle, til eg før hjartemein,

langs stup og stein,

og knapt ein glytt av solt sjaa!

Fortidi bak meg

ligg tungsam og stur,

dagane kringum meg graa som ei ur,

framttdi stengjer bratt som ein mur.

Hei, eg vil av

dit der det berre er himil og hav, der det er store stjernur og maane, der det er solvegar breide og blanke, der det er bylgjande æther og blaane, der det er viddir for kjensle og tanke!

Langt utpaa sjo

der er det stille, der er det ro, kvile og fred,

den evige samljod speglar seg ned. Smaalege ergelse, græme og kjav rister eg av —

hei! so som kvalen ein sildestim i sjørbk-glim.

Eg trivst og eg gror

so blank inni hugen som hav og som fjord. Tankar i flokkar,

mode det veks som paa Samson hans lokkar.

Vert det til dorm,

sjaa, det ryk upp med ein havsalt storm! Aa hei, for fargar og f art og liv:

Baarune rullar og baatane sviv, sjøar tyt,

grunnbrot bryt, skavlane ryk, fuglane fyk,

fiskestimar i fjorden fer,

kvalen velter seg stor og svær! I slikt et ver,

daa heng det paa hekte: Vaart blod kjem i brand,

vaart liv me held i vaar eigi hand. »Pass drage, Ola! Styd stage, Jo!

Gud naade deg, Per, er du blindebukk no! Sterke er have og stormen, men nei: seks mann i baat, dei er sterkare, dei f*.

Daa gløymer eg tyngsla fyri og bak, og augneblinken er all mi sak, og livsens fylle fraa grunnen av brusar i meg som himil og hav, eg er fegin og dansande fjaag,

live spelar i kvar den taag!

Øystein er av dei som i lengste lage trur alle vel; men gaar han so fals og fusk, hev han vandt for aa sjaa noko godt hjaa det menneskje meir.

Han er beinkløyvd, storlagd og einfeld og soleis vand aa vende og stagge, hev han fyrst fengi eimkrafti upp.

Han kjem med tyngd umlag som ein stor eimbaat.

No hev vondemagtine i han sliti seg laus og fengi han i sitt vald. Heile joli utetter berre drikk han; toler ikkje vera ædrug; for daa ligg han som i ein rotte-flokk av gnagande, graa tankar og fær ikkje sova um natti.

Han tykkjer live er ikkje verdt aa liva no, daa det er ingin som held av han. Og Alv vissnar vel i denne snøydande nordanvinden som nækjer skogen og drep alle broddar.

I dette huglag rek Øystein bygdi; han kjem full og syngjande til folks dørir. Dei gamle segjer at han tek til aa minne so um morbror sin, Knute Volla.

Bjørg gjeng i stendig otte og ligg med skjelte um notti og ventar paa han. Det er faarleg for henne, so framt ho ikkje er blid. Han toler ikkje sjaa eit surt andlit lenger. Han bankar upp folk, han møter paa vegane, berre for di dei ser sure ut, og maa ut med bot. Sakførar Schnabel, som ein dag fær skimten av han, tek til rømings.

Bjørg er vorti skræmd for aalvor, men maa mykje gjeva seg sjølv skuldi. Ho hugsar kor gode augo han hadde aatt, mest som eit barn ofte; men no var dei so kvasse, at det stod støkk av dei.

Ho hadde i si tankeløyse tirra for langt den sterke mannen.

Ho tenkte at mennane lét seg bjode alt, so som i hennar barneheim; der gjekk far hennar som ein godsau og torde knapt taka seg ei skråa utan aa spyrja kona.

Men gamall vane er vond aa venda, det syner seg no med Bjørg og. Ho vil gjerne, men gløymer seg so snart.

Og serleg tungt er det for henne aa hava seg upp um morgnane. Kva framgang karm det verte i eit hus, der ikkje husmori hev tilsyn, men tenarane fær staa for stjorne!

Øystein vert so arg, han toler knapt høyre maale hennar meir — han tykkjer det er liksom det sat ei skratande skjor bak i nakken og hakka sund heilen hans.

Men ein dag han kjem full og ufysen heim, slær Alv iaa graate såart: ?Aanei, far/"

Øystein vert ædrug med eitt, han lyfter han litin upp i armane sine: ?Er du glad i far din, du?"

Alv slær hendane um halsen hans: ?Ja, men du maa ikkje drikke brennevin, far!"

?Eg vil gjerne lyde deg, velsignatinge mitt!" Dermed græt han sjølv og: ?Me hev mist so mykje, baade eg og du ... alt hev vorti so undarleg . . . me tvo er liksom komne ut paa eit drivande isflak.

Men dette skal hava ein ende. Have er stort

og fløder um alle land. Me reiser ut, eg og du; me kjem aldri meir heimatt. Me er baae for gode til aa lide skipbrot her paa turre land."

Øystein hev det siste halvaare emna paa ei skøyte, etla til bankfiske paa Storeggi. Henne gjer han no ferdig. Hertil hev dei berre havt dei avskaplege svenskeskøytune til det bruk. Men Øystein fann paa eit nytt skap, som avløyste svenskeskøytune og vart mynstere for dei seinare fiskarskøytur.

No vil han vera berre fiskar, vetter og sumar. Um vetteren paa toskebankane, og um sumaren paa Storeggi etter kveite, lange og brosme.

I lag med Alv flyttar han til byen, men daa drykken er for freistande nær, leiger han seg hus utpaa ein av holmane attmed byen. Der bur han med baatelage sitt.

Alv maa hjelpe til med aa koke og stelle hus; for kvendfolk vil ikkje Øystein meir vite av.

Naar han stundom maa til byen, leider han Alv med seg for aa faa kraft til aa staa imot og vinne gaa framum brennevins budine.

Den største hugnad for ein mann er aa kjenne at ein duger og fær arbeide sitt til. Den hugnad kjenner han i rikt maal. Og han legg seg hardt i selen — det er meir æra enn fortenesta; det gjeld um aa verta beste fiskaren. Skøyta hans er audkjend, og vert snart bjølla, som alle dei andre fylgjer etter. Han brukar seks stubbar um dagen, med' dei andre berre brukar fire.

Tunglynde bles smaaningom av han, hugen frisknar til, livsmode gror atter, og han vert den gamle.

Fyrste sumaren hev han av Storegfiske umlag kr. 1500 i rein vinst.

Storegfiske var fyrr lite drivi; det var ein og annan aatring som tok seg ein sumartur derut med storeline. Men so kom svenskane i fyrstningi av sjuttiaari. I fyrste tidi vart dette fiske lite vyrdt, av di svenskane for det meste livde eit raatt liv, som støytte aalvorlege folk fraa. Men nordmennane tok til noko i hand. I 1863 dreiv 22 svenskeskøytur og 21 norske. Og nordmennane, som laag under i fyrstningi, vart snart basen. I 1881 dreiv 38 nordmenn og berre 25 svenskar; og i nittiaari var svenskane drevne burt, og nordmannen raadde grunnen aaleine.

Mange hundrad huslydar hev fengi sitt gode utkome ved dette fiskje, som hev auka stort i seinare tidir. Mang ein fisk er dregin i land. Men Øystein var ein av dei som gav beste børen i dette tiltake.

Alv er og med i det siste. Han er ikkje tung til arbeid, den karen. Naar han vert purra, er han uppe med eitt. Han er hollvyrkin og uthaldin.

Dei er ofte hardt ute: Ein gong laag dei paa Storeggi i storm i tvo vikur og ikkje kunde sleppe laus. Det laag ei skøyte nær dei um morgonen. Um middagen sjøroke letna, var ho gjengi

under. Ei onnor skøyte kolla like ved dei. Det var ikkje ei sky paa himilen; men sudvesten var so sterk at sjøroke og drivgarden stod som aasar ikring dei. Det var ingi hjelp aa faa eller retta; kvar hev meir enn nok med seg sjølv.

Uvére er kvardagsklædi aat Øysteins hug, dei hev vorti so romslege og vel laga etter hans lynde, at han likar seg best i dei. Han ser at naar noko røyner paa, so er Alv god aa hava, han er raadug og tenkt som ein vaksin.

VII.

Vreiden dansar i villa og kved ein liksalm um gru og grav, og sløkkjer det friske, bankande blod med rcedsle i kolsvarte hav.

Daa morgonen renn yvi hav og land, der kviler so mang ei trurøki hand.

Ein vetter i torskefiske kjem dei ut for storstorm, kave og kov og eit himlande froduhav. Dei fleste baatane snur heim, paa von og vaage, millom dynjande grunnbrot og havbrak, moreld, skavlane i myrkre ikring dei som frøysande logar.

Mange sigler si siste ferd og ligg att paa bodane, med' all deira velferd driv som avrak ikring dei.

Vaaderop av folk i havsnaud er ingin lysteleg song. Hev du høyrt det, du gløymer det aldri. Denne songen syng for øyro hans Øystein i all natt, og det klemmer for bringa, at han ikkje karm hjelpe.

Han set til havs, daa han meiner dette er einaste bergevoni deira:

?Det vert eit hardt tak, ei strid natt, gutar!" trøystar han.

er have og stormen, men nei: seks mann i baat, dei er sterkare, dei!*

Han fyllest av livsens ville mannsmod, som sender knyttneven midt upp i syni aat faaren.

Upp under himilen ber det og ned att til avgrunnen i ideleg vriding og rengjing til alle sidur.

Tvifald våkne i alle evnur passar dei kvar sitt. Det gjeld styre seg gjenom skavlane, vera lynrappe med segli, setja, strika og vinde upp, etter som det trengst.

Daa dagen renn, er dei komne 13 mil til havs; vaate og bleike som bast sit dei der stive paa sessane med brennande augo.

Det hev klaarna, men storm og sjø er like ville, men dei hev vere etter seg. Dei stemner daa leidi attende.

Best som det er, kjem ein morskeleg sturtsjø og riv Øystein fraa styrevolen og med seg yvi bord.

Dei vert so forfjamsa, dei veit ikkje kva dei skal trive til. Det er daa ein, som sansar seg so mykje, at han fær vendt baaten upp mot vinden.

Fraa ein baaretopp ser dei Øystein retter handi i vere. Men so kjem ein ny sturtsjø og kastar han like ned til skøyta att.

?Kast ut eit tog!" ropar han; men toge er fastfrosi. Men so kjem han sterke Eilif og riv det laust.

Øystein fær daa tak i det, men ripi er og

frosi, og han magtar ikkje draga seg um bord. Daa hjelper Eilif han atter.

Umbordkomin ser dei, at eine fingren hans er mest av og berre heng etter nokre slingslur; han triv tolkniven, skjer burt stubben, riv eit stykke av trøyefore og surrar um saare, og set seg dermed, gjenomvaat som han er, straks til styre, og styrer heilt inn til Aalesund.

Stemner beint upp i ei brennevinsbud og drikk seg stagande full, gjeng berserkgang i gatune med ein stor folkestim etter seg, dengjer eit par politimenn, vert til slutt slegin i gata og bakbundin — og søv rusen ut paa fyllearresten.

Han fær ei fagnaleg mulkt; men flirer berre: ?Det kostar aa live. Denne gongen hadde eg godt av det. Det var berre ei husraad eg treiv til for aa faa vermen i meg ... Eg hadde liksom fengi slik kuls."

VIII.

Tome bingar og tome fat. Borni ropar og vil ha mat; tungt ver a far!

D 'er ikkje lenger no som fyrr, ein fiska grust heimmed stogudyrr, med' baaten bar.

Men er ikkje sjøen endaa full av rike skattar, av sylv og gull, djupt nedi kav?

Det er ikkje onnor raad og veg: Vil ikkje fisken koma til meg, eg vitjar han, der som han helder seg, langt uti hav.

Fyrr i tidi hadde det ofte vori rikt sildefiske. Sildi kom inn under land og fyllte fjordane. Naar folk saEfg sildesynir i fjorden, kunde dei renne fraa sjølvaste høyterra, um so flodhausane drog seg saman vest yvi fjelli.

Daa vart det liv, rørsla og gaman, noti skulde ut; notabaaten laag alltid ferdig nedmed land og noti hang paa trodur i aattringsnauste.

Rop og komandomaal fyllte fjorden og glamra fjaagt millom fjelli.

Og paa ei kort stund kunde notelage eiga eit sildesteng, som sløkkte all næringssorg for lange tidir.

Slikt hender sjeldan no meir. Men einkvar staden maa daa sildi halda til! Øystein tenkjer mykje paa dette. Det var sildi som fraa fyrst av hadde lyft han yvi armodi, og sildefiske var det mest morosame og spanande av alt fiske.

No møter han ofte sildestimar med kval og fugl langt utpaa have, rikdomar som ingin freistar faa tak i.

Det grev han jamt og samt, at all denne signingi soleis herrelaust skal faa spela seg midt framfor augo aat fatigfolk.

Denne millionrulling utanfor nakne holmane og fiskarhyttune — han karm ikkje faa det or tankane korkje dag eller natt.

Han hev frett av makrelfiske paa Lista, korleis dei driv med garnlekkjur etter seg i opne have. Let ikkje sildi seg fange paa same vis, tru? Det skulde vera forvitnelegt aa freiste.

Han lager seg ferdig ei garnlekkje paa 25 sildegarn, fest i ein kabel paa nokre hundrad famnar.

Dette fører han med seg paa sjøen dag etter dag, for aa smikke til og freiste, naar han ser seg syn til det.

Folk berre lær aat han, sjølvsagt; og sume meiner jamvel at drykken alt hev gjort han uheil i hovude. Men det er jamt tilfelle m^d slike som

Øystein: Motburden gjer han berre meir uppsett paa det; han skal vera mann til aa syna kaldfliren, at det er noko i det han no fer med. Ja, um han so skal verte fant paa det!

Dermed er det ein dag utpaa have, dei kjem inn i ein sildestim: Kvalen tryter og ryter ikring dei — soleis er no hans bordbøn ved eit rikt bord. Fugl skraalar og dukkar og kjem uppatt med spellivande sild, blanke som nyslegne sylvpengar. Der er storkval som holmar, og smaakval paa storleike berre som baaten deira. Men baade dei store og dei smaa er slike dansemeistarar at dei ikkje uroar korkje baat eller garnlekkje.

Smaakvalen kjem so nær ein mest kunde sputte paa han, stiller seg rett uppned i sjøen, og stend soleis ei stund og ser paa dei. Det er ein løgleg selle.

Øystein fiskar 50 maal sprikjande, spralande storsild, som ligg burtetter dekke og braglar med dei mest globjarte regnbogefargar — den gildaste fargebragd ein karm sjaa.

Heile sjøen blenkjer av sildereist som av tirande augo fraa djupe.

Fretnaden um dette fiske fer som vestanvinden snøgt inn i alle fjordar og upp gjenom alle dalar, so langt ein aare ryk.

Det kjem mykje paa folkemunn; fiskarane fær noko aa tenkje paa og drøyme um.

Det opnar seg liksom ein glytt inn til nye og raustare tidir.

Men dei torer ikkje tru endaa — lyt berre faa vente og vone.

Øystein hev fengi denne inderlege varme viljekveiken i seg som nybrøytarane jamt hev. Han tenkjer "berre paa sildi, det er hans fyrste tanke um morgonen og hans siste tanke um kvelden; ja, um natti, i draumane, sym han gjenom sildevodur og rid paa kvalane og hev store basketak.

Han eig den glupe givnad at han evlar samle alle sine hugdrag og kraftir saman mot eitt fyrimaal. Han borar, liksom ein minebor, i ei einaste leid. Knyter all si evne saman i ein viljeknut, som ingen karm løyse.

Han sluttar med alt anna fiske og driv berre etter sildi; og freistar seg ideleg fram paa ymse maatar: Aukar garnlekkja med fleire garn, gjer kabelen lenger, freistar djupt og høgt i sjøen o. s. fr.

Naar dei andre mot kvelden stemner heim, møter han dei paa utveg. Der ligg han um natti og driv, og læt garnlekkja draga baaten etter seg. Han kjem jamt og samt heimatt med god fengd.

Ei natt ryk det braatt upp med uver og svær sjø, og det er ikkje gjort i eit snøggvende aa faa garnlekkja inn.

Dei strævar tagalle, med lynrappe hendar — det er velferdi det gjeld; men maa til sist — live er kjært! — kappe av um lag halve lekkja og lide eit stort tap.

Men aldri hev dei fiska betre: Det livde og

lyste inn yvi ripi til dei, og dei tok heile famnen full av sild.

Daa der ikkje er ferdige garn aa faa kjøpt, set dei seg til, heile lage, natt og dag, og bind garn paa harde live, og snart hev dei ei ny garnlekkje ferdig. Og so leiger dei ut garn til bindings, so dei skal hava noko i bakhand.

Men midt i beste leiken vert det langvarugt uver, so fiskarane ikkje karm faa kome paa sjøen. Heile vikune karm det vera landlegu, med' dei rike fiskestimane huserar utpaa grunnane.

Øystein hev flutt til byen i det siste, han gjeng der og verkjer, og veit ikkje kva han skal finne paa. Han hev handelen sin med ein kjøpmann Giske, og denne kjøpmannen hev ein litin eimbaat som vert brukt til aa draga skip inn paa hamni med, naar vere var stilt.

No fær Øystein yvitalt han til aa reide ut denne baaten til fiskjebruk, og sjølv vert Øystein føraren.

No tarv han ikkje lenger so mykje ottast vere, korkje storm eller stille, og karm meir rekne tidi, baade fram og attende. Og naar han laag og dreiv etter sildi, og straum eller vind vart for drjuge, kunde han halde att og stydje med eimkrafti.

I ein storm fær han og berge eit heilt baatelag, sju mann, i livsvaade.

Han gjer eit rikt sildefiske, og hev dermed gjeve folk vissa i hendane.

Sunnmøringen er ikkje umakelaus eller sein til aa taka etter det nye, berre han hev fengi trui paa det.

Han tenkjer seg vel um og ser seg godt fyri; men hev han fengi vissa, tvikar han ikkje lengi, men slær til og kjem med tyngd i sine tiltak.

Aare er knapt gjengi, fyrr der er ein heil flote, helst fraa byen, som er midt uppi drivgarnsfiskje etter sildi.

Ein ser ogso smaatt um senn fleire og fleire rjukande skorsteinar, i staen for segl, utetter leidi. Dei dreg augo fraa heile lande til seg; sjølve staten gjev gaum etter den nye fiskedrifti og hjelper til.

Det kjem nokre aar, daa det er vind i alle segl, uppsong og uppsving yvi alle bygdir, arbeidsglede yvi heile lina; med lyfte augnebrunir under modige augo utyvi have.

Havsens rikdomar gjev folke magt og merg, kraft og framtøke.

Ein fiskarflote paa yvi iooo farty: eimbaatar, skøytur, dekksbaatar og opne baatar pløgjer fiskegrunnane ... til eit verde paa mange millionar kronur.

Naar vikingenaturen ovrar seg for sterkt, fer dei ikkje til Amerika lenger, men reider ut farty og sigler til Lofoten, Finmarki, Ishave, Island og søkjer si fengd; ja, fer til Spitsbergen og veider sél, rossmaal og isbjørn.

A. Hovden: Fiskaren.

II

IX.

Saag du noko til kjeringi mi uppe i lidi?

Stutt stakk, svart hatt og noko lite laaghali.

(Folkevise).

Øystein og Alv hev vori heimanfraa yvi eit aar utan aa lydast heim. Bjørg hev faafengt skrivi til Øystein. Han svarar ikkje; men Alv tykkjer synd i henne og skriv og fortel korleis dei hev det. v

Ho hev frett um mannen sin, at han driv sildefiske med eimbaat, at han hev fengi bergingsmedaljen, og at han elles sit godt i det.

Han er mykje paa folkemunn, og mange gjev han ros.

Bjørg hev fengi ein son, som ved dette leite er noko yvi halvaare.

Ståkaren hev fengi tid til aa gaa i seg sjølv, einsleg som ho hev gjengi der heime berre millom tenarar.

Folk gav henne all skuldi for usemja millom henne og Øystein og ser vanvyrdande etter henne.

Ho tek skuldi paa seg, ho med, det er just verste smeiten.

Men kunde det daa aldri verte gjort urnatt det som ungdom og tankeløyse hadde misfari seg i?

Ein dag stend ho i rome deira i byen; men daa Øystein fretter ho er komi, vil han ikkje inn, men gjeng ut i byen paa turing. Han kjem heim noko drukkin og les henne teksti:

?Eg vil ikkje sjaa deg! Kvi forfylgjer du meg som ei vond aand? Eg vil ikkje vite av deg! Hev du kanskje ikkje nok aa live av, der du kjem ifraa?"

Men daa han vil køyre henne ut, lyfter ho ein litin væn gut imot han. Barne smiler og vil til han. Øystein er so glad i born, og han eig slikt eit barnetekke.

?Stakars litin," ynkar han, og vert mild i maal og augo: ?Vil du til papa?"

Han gløymer harmen og rusen og stend der, vaat i augnekrærne, og hyvsar han litin i armane; barne smiler og pjuldrar dei tvo einaste ord som finst i hans ordbok: ?Papa! Mama!"

„ Hadde du ikkje vori døpt fyrr, so skulde eg hava gjevi deg eit namn, som er lenger enn du er sjølv: ?Forligelseskommissær" skulde du heita."

Daa er Øystein blid, og det kjem til forsoning millom dei.

?Ingin i verdi er lytelaus funnin, me lyt tilgjeva og gløyme baae tvo . . .

Det var dette med Alv, skynar du ... det gjorde meg so ulukkeleg. Men ikkje rive i gamle såar!

Eg maa hava fred i huse ... eg evlar ikkje tole nokor upphakking av kjav, eg vert rædd meg sjølv . . . vert galin av det, ottast beintfram at eg kunde kome til aa gjera — ei ulukke paa meg sjølv eller andre."

Ho hev med seg eit skrin fullt av underklæde, sokkar, raggar, halsplagg, vottar og meir slikt. Dette hev ho, alt saman, sjølv verka og gjort ferdigt aat dei.

Øystein ser det er umtanke i dette; kvar mauske og traad var liksom tvinna av umsut.

Alv vart straks fjaag, daa han saag att mori, og gleda syntest vera like stor paa baae sidur.

Dei tvo karane kjenner det, den eine at han hev fengi kone, og den andre at han hev fengi mor; og dei kappast um aa leike med den nye dansemeistaren, lisle Knut; han sprett som eit kid paa fange deira.

Daa ho og barne fer heimatt, er det avtalen, at dei tvo andre skal kome etter, so snart fiskja er slutt til vaaren.

X.

Djupt nedi have der er det ro der er det ro og stille.

Stormen rasar med skavl og sjo, rasar i all si ville —

— djupt nedi have er sjoen logn med fred og togn.

Djupt nedi have er svevnen sæl i sengi av tare og tang,

eg breider bladbylgja um meg vel, ho tek meg so mjukt i fang — — djupt nedi have er sjoen logn med fred og togn.

No er det atter vaar yvi verdi!

Vaar yvi land og hav. Vaar yvi tanke.

sinn

og

Heim og hug frynsa av ljose grorvérs-skyir.

Jordi — festleg og ny — glid inn i det store spireunder ... i den store uppstodo, daa live sigrar yvi heile lina.

Myrkers angest og isheims gru løyser seg upp i fager dimmeletting. Alle attergangarar søkk i sine gravir, og trolli i mannehug sprekk framfor lj osens ævelege sigerfest.

Stor teleløysing i mold og i frendane aat moldi. Vakne sansar høyrer store, blanke tonar yver verdi som solstraalar paa fredlognt hav.

Straalane er som strengir paa ei allheims harpa, som tonar millom himmel og jord.

Øystein er paa heimveg.

Han og Alv sigler yvi have i den ljose natt mot morgonsida.

Øystein hev i den siste tid vori so stillvorin og mild av seg. Ei natt Alv vaknar, ligg faren med kveikt ljos og les i nytestamenta. Det laag tidaste paa nattborde, Alv hev ofte lese namne aat rette mor si i det.

Drukke hev han ikkje gjort, og heller ikkje kjøpt brennevin med seg no.

Han sit tagall med styrevolen i handi, og ser fram yvi leidi, med lyfte augnebrunir og slike godlynde augo.

Alv kjenner kor han held av far sin. Han er so byrg i baat hjaa han.

Dei sit i sine eigne hugsviv baae.

Øystein minnest korleis han kom her siglande, den gongen han fraa langferd skulde heim og gifte seg med si fagre brur.

Aa kor likt det er i dag! Han synest liksom det er berre aa romse seg upp av ein draum — og so er den gongen komi att.

Kor gleda hadde baara som eit morgonhav igjenom han! Men kor mykje som no ligg imillom.

Kor han hadde røtt seg og grott seg fast til live, heim og hugnad, med' ho livde. Han hadde fengi større lut i lukka enn dei fleste andre, so han maatte berre takke. Men kva reiser han no heim til ... kva

gjeng han no i møte? Var det ikkje same naturen i Bjørg no som fyrr? Grunntonen karm kanskje vera greid nok soleis, men det er dette hennar braakande lag

aa vera paa. Ho er meir som ein kar enn som ei kvinne.

Stille og tolsemd er hennar natur imot. Og um ho vilde rette paa seg med' alt gjekk vel — korleis vilde det verta um det kom noko paa, med sjukdom eller anna — aatte ho daa tolmøde og den mjuke grødande kvinnehand? Aa, han mintest eit par augo til aa sjaa seg sæl i: Milde, stille, djupe, barnslege; straalande

av æveleg ung kvinne. Som kunde temje bjørnar berre med ein god smil. Som endaa berre ved minne varma han so i hjarta og lyste fest i han. Under dei augo vilde det ikkje hava vori tungt aa drage sin siste sukk.

Austhimilen tek til aa gløde som vaska gull, soli set brand i morgonskyine, som varslar hennar nærleike.

Av-og-til kjem det ein kvitmaase og helsar paa dei, slær seg ned nær ved dei og lét seg rugge av tungalda.

Fjellheimen lyfter seg framfyri dei i sitt

høgvelde med sine megtuge tinderadir og snøbredar.

Det voggar eit vers i Alvs hug, rullar gjenom han som haara, og vil ikkje sleppe:

n Som gull er den aarle morgonstund, naar dagen stend upp av daude — "

Have breider seg endelaust utan eit einaste segl; men lengst ute under himilrafti stig ein røyk. Kva kjem den røyken dei ved?

Daa segjer Alv: „ Langt der uti have fer ein eimbaat."

Øystein er utifraa gløggsynt: ?Det er reint ein storkar . . . han stemner hit yvi have." Dermed er samtalen i gang: ?Du hev ikkje mist lysti til sjøen, Alv . . . no hev du daa fenge freista deg ..."

?Nei, far, sjøen er det gildaste eg veit. Eg vil drive sjøen all min dag. Eg vil lære av deg baade aa byggje baat og styre baat. Og sildi skal eg leite upp, um so ho løyner seg uti djupaste Nordsjøen."

Øystein lær godt: ?Det er rett, det er rett! Slikt karm eg like deg for. Det er helsebot i have. Sjøen er den beste doktar, han baade lækjer og drep for inkje. Til haustes, Alv, skal du faa taka deg skikkelegt fiskjerom og verte rekna for heil mann."

?Daa vil eg tinge meg rom hjaa deg, far, um eg vert tekin god nok."

?Det er faarlegt med frendar paa same baat.

Eg hev alltid vori imot at far og sønir, brer eller grannar skulde klumpe seg saman paa ein baat. Det hev ofte hendt, at heile hus, ja heile gardar ved denne tankeløyse hev mist alle sine karfolk paa ein dag."

Alv: ?Men eg lyt faa vere med deg likevel; i vissa dei fyrste aari. Folk segjer du er den fremste av alle fiskarane."

Denne ros fraa hans eigin son gjer han so glad; han er ikkje god for aa løyne seg: Gleda straalar i breide strimar yvi andlite:

w Du skal sagte faa vera med, fuglen min. Eg hev alt sett so mykje av deg, at du vert ikkje ringaste karen av dei eg fær um bord."

Det vert ei lang togn; dei hev gjort einannan glade, og sit som i varme gustar. Det er sjeldan det gneistar so mykje upp av det som i hjarto brenn.

Øystein strævar med aa faa sagt noko; endeleg kjem det, bljugt: ?Du er min beste eignalut, etter eg miste mor di. Ho dg gjorde meg berre glede all sin dag. Ho stilte ikkje paa anna. Du likjest so mor di."

Han trivlar etter ordi att: ?Eg veit ikkje korleis eg er laga i det siste ... eg drøymer stødt og stendig um ho mor di ... mest kvar gong eg saknar verdi, anten det er dag eller natt. Det berst meg stundom fyri, at eg heretter ikkje vert — gamall."

Alv såart: ?Seg ikkje slikt, far!"

Øystein: ?Det var berre det eg vilde segja, og som er meg ei glede: Skulde det kome noko paa med meg, so vett eg daa at eg hev den som kann taka styrevolen etter meg."

No stig soli som eit stort baal upp um snefjelli og sét verdi i straalebrand.

Himil og hav, natur og menneskje held liksom pusten att i den augneblinken daa himildronningi tréd fram i sitt ljosens velde, kvar morgon like æveleg ung og tryllande fager.

Skuggar og dimme, og alt det som er skumt og dekkt, vert gløypt av den megtuge straalefoss av dagsljos.

Dei tvo i baaten sit under dei solgyllte segl som under breide englevengir . . . hugvarme og vonfulle som i kyrkja paa ein høgtidsdag, fyrr orga tek til aa bruse.

Men stilla vert avbroti av stempelslag fraa den store eimbaaten, som kjem nærre og nærre, med fossande fart. Skumskavlane i solglansen brigdar seg frøysande til baae sidur um bogen, liksom det var fossar av elektrisk ljos.

Det er ein diger turistbaat, kvitmaala og drusteleg. Luftdrage ber lystig song, spel og laatt upp mot baaten.

?Det folke er tidleg uppe — eller kanskje dei ikkje hev lagt seg endaa," kjem det fraa Øystein.

Alv reiser seg: ?Han stemner beint paa oss, far!"

Øystein grip fast um styrevolen: ?Det er hans skyldnad aa vikje; det er norsk lov . . . naar siglasen er soleis lagd."

Alv såart: ?Far! Far/"

Øystein fast: ?Eg stend paa min rett!" Bogen av eimbaaten kjem snøgg som ein storm og kvass som ei bile mot dei. Men Øystein sit trugande paa tofta, strak og stolt, med handi fastklemd um styrevolen, utan aa røre seg — til han søkk under.

Soleis var det siste syn Alv saag av far sin.

Baaten var skorin tvert av. Alv flyt paa eine holva.

Han hev sitt liv ulivt endaa.

No er det hans tur. Hans sogu er endaa

ikkje ute.


Rechtsinhaber*in
ELTeC conversion

Zitationsvorschlag für dieses Objekt
TextGrid Repository (2023). Norwegian ELTeC Novel Corpus (ELTeC-nor). Fiskaren ELTeC-utgaven. Fiskaren ELTeC-utgaven. . ELTeC conversion. https://hdl.handle.net/21.T11991/0000-001C-EE8B-A